LEIKANGER KOMMUNE KOMMUNEPLAN 2008 2016 - KOMMUNEDELPLAN LEIKANGER - VEDLEGG 2 KJERNEOMRÅDE LANDBRUK Jordbrukssjef Jens Øyrehagen, 2008
Innhald Innhald... 1 Kjerneområde landbruk... 2 Kriterium for utveljing av område... 2 Generelt for kommunen... 2 Dei viktigaste matproduksjonsområda i eit langsiktig perspektiv... 3 Njøs Vest/Nedre Njøs... 3 Gjerde... 4 Gjertrudbakken... 5 Røysum... 5 Dalen... 6 Hamre... 6 Husabø... 6 Dei viktigaste kulturlandskapsområda... 6 Henjum - Halland... 6 Monken... 8 Skahaug Dalene... 8 Hjedlene (Njøs)... 9 1
Kjerneområde landbruk Matjord er ein svært avgrensa ressurs i landet vårt, som det tek svært lang tid å byggja opp. Dyrka jorda må difor sjåast på som ein ikkje fornybar ressurs som ein skal ta vare på for framtida og difor må økonomisera med. Bruk av dyrka jord til andre føremål enn matproduksjon bør difor skje etter ein langsiktig medviten strategi. Til grunn for utveljinga er det lagt vekt på geologi, lokalklimatiske tilhøve, arrondering, store samanhengande jordbruksområde som kan drivast maskinelt og helningsgraden på arealet. Dette er avgjerande for den produksjonsmessige verdien av områda. Til grunn for utveljing av kulturlandskapa er lokalt, regionalt og nasjonalt verdifulle område i overordna samanheng, eksempelvis som reisemål for reiselivsnæringa. Kriterium for utveljing av område Matproduksjon: Marin grense Klima og jordsmonn, produksjonspotensiale; minst som gjennomsnittet for området Samanhangande jordbruksområde på minimum 30 daa, område eigna for frukt og bærproduksjon minimum 20 daa. Maksimal helningsgrad 1:5, brattare areal kan vurderast når produksjonspotensiale tilseier det. Kulturlandskap: Nasjonalt og regionalt viktige kulturlandskapsomrråde. Lokalt viktige kulturlandskapsområde som syner kulturminner og lang kontinuitet. Kulturlandskapsområde som er viktige i friluftssamanheng Kulturlandskapsområde som er viktige for utvikling av andre næringar, for eksempel reiseliv. Kjerneområde landbruk er såleis ei avgrensing av dei viktigaste jordbruksareala basert på dei kriteria ein legg til grunn for utveljinga. Generelt for kommunen Geologi, jordsmonn: Marin grense (tidlegare havnivå) er om lag 125 meter over havet. Denne grensa er og om lag øvre grense for dyrking av frukt. Klima: Kommunen har eit gunstig klima for plantevekst. Middeltemperaturen gjennom året er 6,6 grader C med middeltemperatur i månadene april september på 11,5 grader C. Årsnedbøren er 980 mm. Relativt milde vintrar og varm sumrar. Oppsummering: Dei områda som får definisjonen Kjerneområde har eit høgare produksjonspotensiale, er meir rasjonelle eller er dei viktigaste kulturlandskapsområda i kommunen. 2
Dei viktigaste matproduksjonsområda i eit langsiktig perspektiv Njøs Aust/Øvre Njøs Området ligg nord og aust for Njøsavegen, avgrensa av Njøsaelvi i nordvest, bratt fjell i nord og bustadområde i aust. Til saman om lag 200 daa samanhangande jordbruksareal. Området har god arrondering, ein del av arealet er noko bratt. Området er godt eigna for rasjonell jordbruksdrift. Området har eit svært høgt produksjonspotensiale og er veleigna for krevjande produksjonar som frukt, bær og grønsaker. Bustad og næring Området har ei naturleg avgrensing mot RV 55, Njøsavegen, Njøsaelvi og fjellfoten/utmarka. Dersom ein vel å endra arealbruken i deler av området opphevar ein dei naturlege byggjegrensene og gjer det lettare å endra arealbruken for heile området. Njøs Vest/Nedre Njøs 3
Område er avgrensa av Njøsavegen i nord, areal avsett til barnehage i aust og bratt jordbruksareal ned mot Njøsaelvi i sør og vest. Området er om lag 30 daa og veleigna for rasjonell jordbruksdrift og har eit svært høgt produksjonspotensiale for allsidig jordbruksdrift. I området ligg tre gardstun (driftssenter) på Nedre Njøs. Bustadbygging På grunn av plassering av gardstuna vert området vurdert som sårbart ved eventuell utbygging. Gjerde Område Gjerde er avgrensa av Njøsavegen i sør og vest, industri- og bustadområde i nord og Njøsaelvi i aust. I sør ligg eit lite bustadområde, Turken. 4
Området er om lag 55 da flatt jordbruksareal og veleigna for rasjonell jordbruksdrift og har eit svært høgt produksjonspotensiale for allsidig jordbruksdrift. Ingen kjende. Gjertrudbakken Område ligg på det flate område mellom Njøsavegen, vegen Gjertrudbakken og skråninga ned mot Njøsaelvi. Området er om lag 20 daa og har ei naturleg avgrensing. Arealet er veleigna for rasjonell jordbruksdrift og har eit svært høgt produksjonspotensiale. Bustadbygging. Røysum Området er avgrensa av Kleppavegen, Njøsavegen, Holevegen og friområde ved idrettsanlegget. Arealet er om lag 50 daa og svakt hallande mot sør. Veleigna for rasjonell landbruksdrift og har eit høgt produksjonspotensiale.. 5
Ingen kjende. Dalen Området er avgrensa av Dalsvegen i nord og aust, eit bratt og kupert jordbruksområde i vest og eit område med masseuttak i sør. Arealet er om lag 20 daa og veleigna for rasjonell jordbruksdrift. Området har eit høgt produksjonspotensiale. Ingen kjende. Hamre Område er avgrensa av riksveg 55 og Hamrevegen samt eit område nord for Hamrevegen. Arealet er om lag 120 daa, har svært høgt produksjonspotensiale og er veleigna for rasjonell landbruksdrift. Tidlegare næring, no ingen kjende. Husabø Område ligg sør for riksveg 55 avgrensa av bustader på Hanahaug og langs Strandavegen og gartneri i aust. : Arealet er 20 daa, har svært høgt produksjonspotensiale og er veleigna for rasjonell landbruksdrift. Tidlegare bustad, no ingen kjende. Dei viktigaste kulturlandskapsområda Henjum - Halland 6
Området ligg nord for riksveg 55 og er avgrensa av bustadområdet Leite i vest, vegen frå Seberg via Monken til Leite i nord og bustadområde ved ungdomshuset i aust. Henjatunet, eit klyngetun med ein variasjon av eldre og nyare bygningar er sentral i dette kulturlandskapet. Landskapet er eit mosaikkprega landskap som vekslar mellom frukthagar, slåttemark, beitelandskap og skog. Det opne landskapet er prega av lang kontinuitet i jordbruksdrifta. Verdivurdering Området er svært godt synleg frå sentrum, frå fjorden og for dei som reiser gjennom bygda frå aust. Ein stor del av dei fastbuande i kommunen bur i nærleiken av området og har såleis eit nært tilhøve til dette landskapet. Området har stor lokal og regional verdi som kulturlandskapsområde Del av området er omtala i Høgskulen i Sogn og Fjordane sin rapport nr. 11 om Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Leikanger kommune. Del av området er, i samband med kartlegging av biologisk mangfald registrert som svært viktig leveområde (biotop). Aktuelle tiltak Deler av området er prega av attgroing og forfall som kulturlandskapsområde. Akuelle tiltak for å hindre vidare attgroing og tilbakeføring kan vera å prioritere bruken av SMIL-midlane til dette området. 7
Monken Området er avgrensa av vegen over Monken i sør, mot bustadfelt i aust og mot utmark i nord og vest. Området er eit slåtte og beitelandskap prega av lang kontinuitet og er ei naturleg fortsetjing av området Henjum/Halland. Verdivurdering Området er ei naturleg fortsetjing av kulturlandskapsområdet Henjum/Halland. Aktuelle tiltak Området bør oppretthaldast som eit ope beite og slåttelandskap. Bruk av SMIL-midlane bør prioriterast i dette området. Skahaug Dalene Området er avgrensa av eigedommen Skahaug i aust, og strekkjer seg nordvestover Dalene på begge sider av Kleppavegen og vert avgrensa mot skog og utmark. 8
Landskapet er eit slåtte- og beitelandskap prega av lang kontinuitet. Verdivurdering Området vert mykje nytta som utgangspunkt for friluftsaktivitetar og rekreasjonsområde av innbyggjarane i kommunen. Området er lokalt viktig. Del av området er kartlagt som lokalt viktig naturtype hagemark i Biologisk mangfald. Aktuelle tiltak Området bør oppretthaldast som eit ope beite og slåttelandskap. Bruk av SMIL-midlane bør prioriterast i dette området. Hjedlene (Njøs) Området ligg på ei hylle over Njøs og er naturleg avgrensa med bratte skrentar. Området er eit kupert jordbrukslandskap, prega av fruktproduksjon, beite og slått. Ein ferdselsveg går gjennom området og vidare til utmarka. Verdivurdering Området er mykje nytta som utfartsområde. Området er lokalt viktig. 9