Rapport Treningshall / utbetring av gymnastikksalar Kunstgrasbane Vassenden

Like dokumenter
Presentasjon av anlegg og tiltak i i kommunane i Sogn og Fjordane kva har vi lukkast med og kva er utfordrande?

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Fleirbrukshall på Husnes. Kartlegging av brukarbehovet. Resultat av spørjeundersøkinga. Spørjeundersøkinga >

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Klepp kommune ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE

FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Barnehagebruksplan for Klepp kommune

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Kommunal planlegging behovsvurdering og medverknad gjev betre planar

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Spelemidlar til idrettsanlegg fordeling av restmidlar og inndregne midlar

Kulturdepartementet har stilt følgjande krav til anlegg som skal styrast tildeling styrt av fylkeskommunen etter regional plan;

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Delrapport 2 Modell 2

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Øystre Slidre kommune Sektor for kultur utvikling og næring 2940 Heggenes

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

Kva finanskostnader har ein i LTP ved ei investering på kr. 11,5 mill. (full strukturendring) ved bygging av klasserom på Rimbareid?

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Rehabilitering / nybygg Jondal skule. Presentasjon av plannemnda sine forslag Kommunestyret

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 41/2019 Kommunestyret PS

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

TJELDSTØ BARNESKULE NESMYRA ROMPROGRAM

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Forslag til nytt handlingsprogram for anleggsinvesteringar

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Modulskule Stanghelle

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Ad Hoc utval - Skuleutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 13:00

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Framlegg til: Kvinnherad Kommune. Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Søkje om spelemidlar. Spelemiddelkurs Florø, Dale, Skei, Stryn og Lærdal

Søknad idrettsanlegg Kopervik Idrettslag

Kommunedelplan for skule Framlegg til planprogram

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Kommunedelplan for oppvekst

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet /11 Kommunestyret /11. Arkiv FE-143, FA-C22

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Velkommen til. årsmøte!

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Anleggssituasjonen i Kvinnherad Anleggskonferanse 15.03

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Leikanger kommune Søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av planar

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Anleggs- og tildelingspolitikk for Vestland fylkeskommune Anleggskonferansen, Bergen

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Øystre Slidre kommune Saksframlegg

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Ivar-Otto Kristiansen Arkivsak: 2017/2285 Løpenr.: 15798/2018

Idrett og fysisk aktivitet

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Hafstad Idrettspark. Eigedomsselskap. Samarbeidsprosjektet i Førde. Hafstad Idrettspark AS Aksjonærar Førde kommune 50 % Førde Idrettslag 50 %

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Skulebruksplan

SKULESTRUKTUR: Rapport frå arbeidsgruppa ved

Regional transportplan Sogn og Fjordane

Årsmøte. Ørsta idrettslag Kl i klubbhuset

Kommunedelplan for oppvekst i Vågsøy kommune Strukturdel

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /55 Kommunestyret /45

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

BJORØY SKULE NYBYGG OG OMBYGGING PROSJEKTINFORMASJON

SÆRUTSKRIFT AV MØTEBOK

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Jølster kommune Saksutgreiing

Kvam herad. Arkiv: N-245 Objekt:

Transkript:

Rapport Treningshall / utbetring av gymnastikksalar Kunstgrasbane Vassenden April 2013 1

INNLEIING 3 ARBEIDSPROSESS 4 SPELEMIDDELFINANSIERING IDRETTSBYGG 4 FOLKETALSUTVIKLING 6 Folketalsutvikling fordelt på kretsar 6 Elevtalsutvikling 6 Kommuneplan 7 RAPPORT. ROMSITUASJON BEHOV FOR UTBYGGING VED SKULANE 8 Vassenden skule 8 Skei skule 10 Jølster idrettslag 11 TRENINGSHALL / UTBETRING AV GYMNASTIKKSALAR 11 Dagens behov treningshall 11 Framtidige behov treningshall 13 Plasseringsalternativ 15 Plassering ved Vassenden skule 17 KUNSTGRASBANE VASSENDEN 18 Dagens situasjon 18 Framtidige behov 18 Plasseringsalternativ 19 Vurdering av plassering 19 Driftsmodellar 20 Endringar i vidaregåande skulestruktur i Sogn og Fjordane 20 TILRÅDING 20 VEDLEGG Kart Skei skule 22 Kart Vassenden skule 23 2

INNLEIING I arbeid med budsjett 2012 blei det vedteke i økonomiplan og 10 på topp liste at ein skulle sette saman ei arbeidsgruppe som skulle sjå på treningshall / utbetring av gymnastikksalar og kunstgrasbane Vassenden. 10 på topp: Treningshall / utbetring av gymnastikksalane: «Vi skal seinast i januar leggje fram forslag til korleis arbeidet med utgreiing av treningshall / utbetring av gymnastikksalane ved skulane kan organiserast. Deretter skal vi bidra i og ha sekretærfunksjonen for ei utgreiingsgruppe som m.a. skal vurdere behov, tekniske løysingar, lokalisering, finansiering og drift. Dette arbeidet skal sjåast i samanheng med påbyrja arbeid med å vurdere behov for utbygging av skulane og Skei barnehage.» Det blei i utval for oppvekst kultur og helse sak nr. 005/12 vedteke fylgjande: Vedtak OKH 005/12: 1. Det blir sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe med treningshall / utbetring av gymnastikksalar og kunstgrasbane Vassenden. Arbeidsgruppa er sett saman av: 1 representant frå idrettslaget ved leiar. 3 representantar frå politisk leiing: Leiar utval oppvekst kultur og helse, leiar utval plan og utvikling (UPU) og ein frå opposisjonen. 1 representant frå administrasjonen ved kommunalsjef oppvekst og kultur. Leiar for utval for oppvekst, kultur og helse er leiar for gruppa, og administrasjonen stiller med sekretær. Medlem for opposisjonen blir valt på førstkomande møte i utval for oppvekst, kultur og helse. 2. Arbeidsgruppe skal vurdere fylgjande: Treningshall / utbetring gymnastikksalar Dagens behov og framtidig behov for treningshall / utbetring gymnastikksalar. Ulike alternativ og plassering. Kostnader og finansiering. Ulike driftsmodellar. Kunstgrasbane Vassenden Behov, kapasitet, plassering og drift av kunstgrasbane Vassenden 3. Arbeidet fylgjer tidsplan Utgreiing mars juni 2012 Høyring august september 2012 Presentasjon av arbeidet på politikardag 2. oktober 2012 Sak utval for oppvekst, kultur og helse oktober 2012 og kommunestyre 13, november 2012 3

4. I arbeidsgruppe som skal jobbe med treningshall / utbetring av gymnastikksalar og kunstgrasbane Vassenden sit fylgjande medlem frå utval for oppvekst, kultur og helse: Leiar Arve Dvergsdal. ARBEIDSPROSESS Arbeidsgruppa starta arbeidet i juni 2012 og var sett saman av: Arve Dvergsdal Leiar for utval for oppvekst, kultur og hele og leiar i arbeidsgruppa Kjell Navelsaker Leiar idrettslaget Jan Ove Flaten Politisk representant Atle Hamar Politisk representant Monica Farsund Nilsen representant administrasjonen og sekretær for arbeidsgruppa Arbeidet har vore ein parallel prosess med utgreiing av romsituasjon ved skulane der arbeidsgruppa har vore orientert om prosess, fått utgreiing undervegs og gjennomgang rapport med utgreiing romsituasjon ved skulane. Arbeidsgruppa har vore på synfaring ved ulike anlegg i fylket og fått informasjon om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet av Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Synfaring ulike idrettshus i Sogn og Fjordane Arbeidsgruppa var hausten 2012 på synfaring ved 3 ulike idrettshus i Sogn og Fjordane. Det blei sett på anlegg med ulik storleik, ulike driftsmodellar og tekniske løysingar. Hauge skule i Bremanger. Handballhall 60 x 22 meter som er integrert i skule, med scene og tilhøyrande utstyrsrom. Hallen er på dagtid i bruk av skule og på ettermiddag og kveld av frivillige lag og organisasjonar. Hallen blei bygd i 2006 og er drifta av eige driftsselskap. Nordfjordhallen i Vågsøy. Fotballhall 60 x 40 meter, handballhall 40 x 20 meter, løpebane, klatrevegg, konsertsal, skytebane og styrketreningsrom. Bygg er drifta av eit aksjeselskap. På dagtid er hallane leigd ut til skule og på ettermiddag og kveld til frivillige lag og organisasjonar. Anlegget har dagleg leiar og eigne tilsette. Naustdalshallen. Handballhall 24 x 44 meter som er integrert i skule, styrketreningsrom, lager, garderobar, buldrevegg og scene som kan fellast ned. Skulen nyttar hallen på dagtid og frivillige lag og organisasjonar på kveldstid. Skule og idrettslag har sambruk på utstyr. Hallen har eige driftsstyre. SPELEMIDDELFINANSIERING IDRETTSBYGG Arbeidsgruppa og administrasjon i Jølster kommune var i desember 2012 på informasjonsmøte med Sogn og Fjordane Fylkeskommune med Atle Skrede og Guro Høyvik. Skal ein få spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet må aktuelle anlegg vere politisk forankra i kommunen sin kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. Planen er for 4 år og har eit handlingsprogram som skal rullerast og handsamast politisk kvart år. 4

Større idrettsanlegg skal spelast inn til fylkeskommunen, for å kome med i fylket sin plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv som er utgangspunkt for deling av spelemidlar i Sogn og Fjordane. Fylkesplanen skal reviderast i 2013 og eventuelle nye anlegg må spelast inn til handlingsprogram i 2014. Spelemidlar Definisjonar: Alle tilskot reknast ut i frå godkjent kostnad. Aktivitetsflate er speleflate pluss tryggleikssone. Garderobesett er to garderobar med dusjrom. Idrettshus: Med idrettshus meinast bygg med einingar for ei eller fleire av fylgjande tre funksjonar: Klubbhus inkludert rom for møte og arrangement Garderobehus Hus for vedlikehald, drift- og idrettsmateriell Tilskot:1/3 av godkjent kostnad inntil kr 700 000 pr. enhet. Kostnad for dei tre einingane vurderast separat. Ekstra garderobesett Det kan søkast om eit tillegg på kr 500 000 i tilskot til garderobesett utover to, dersom behov kan dokumenterast. Idrettshall: Aktivitetsflate 16 x 24 m Volleyball Tilskot: 1/3 av godkjent kostnad inntil kr 4 000 000. Beløpet inkluderer to sett garderobar, styrketreningsrom og minimum 40 m² lager for idrettsmateriell. Aktivitetsflate 23 x 44 m Handball Tilskot: 1/3 av godkjent kostnad inntil kr 7 000 000. Beløpet inkluderer to sett garderobar, styrketreningsrom og minimum 70 m² lager for idrettsmateriell. Aktivitetsflate 25 x 45 m 5 Innebandy Tilskot: 1/3 av godkjent kostnad inntil kr 9 000 000. Beløpet inkluderer to sett garderobar, styrketreningsrom og minimum 100 m² lager for idrettsmateriell. Andre typar anlegg i idrettshall: For andre anleggstypar som byggast i forbindelse med hall, som for eksempel skytebane (minimum fire skiver) og styrketreningsrom over 150 m², kan det søkast om tilskot for 1/3 av godkjent kostnad inntil kr 700 000, der ikkje anna er bestemt. Sosiale rom i idrettshall: Det kan ytast tilskot til rom for open sosial aktivitet/treffstad i tilknyttning til idrettshall. Kafé og vrimleareal reknast ikkje som sosiale rom. Tilskot: 1/3 inntil kr 400 000. Minste størrelse er 100 m², men for dei mindre hallane kan det etter særskilt vurdering av departementet aksepterast mindre enn 100 m2. Eksisterande gymnastikksalar Det blir ikkje gitt spelemidlar til nybygg eller rehabilitering av gymnastikksalar. 5

Desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg Det er mogleg å søke midlar frå desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg. Tilskotet kan utgjere 1/3 av godkjende prosjektkostnader for kulturhuset. Ved samlokalisering med andre føremål skal det gjerast ei kostnadsdeling av fellesareal og sambruksareal. Minste stønads sum er kr. 60.000 FOLKETALSUTVIKLING JØLSTER KOMMUNE Jølster kommune har dei siste åra hatt ei positiv folketalsutvikling, og ved siste teljing var det 3078 innbyggjarar i kommunen. Går ein inn og ser på statestikk for folketalsutvikling i Jølster kommune for dei siste åra syner det ein vekst i vestre del av kommunen og nedgang i folketalet i aust. Veksten er størst i Vassenden området, men det er og vekst på Skei, men nedgang i grendene rundt. Folketalsutvikling fordelt på kretsar 2001 2011 2001 2011 Eikås 162 139-23 Helgheim 95 67-28 Langhaugane 258 251-7 Fugle 99 102 3 Hjellbrekke 371 526 155 Skei 387 414 27 Vassenden Nord 270 309 39 Kjøsnesfjorden 51 40-11 Vassenden 150 159 9 Førde 34 32-2 Sør Sanddal 66 67 1 Klakegg 115 122 7 Svidal 124 112-12 Veiteberg 132 116-16 Ålhus 205 200-5 Åmodt 53 49-4 Myklebost 155 124-31 Uoppgitt grunnkrets Årdal 219 191-28 Kjelde SSB 22 1-21 Prognosar for framtidig folketalsutvikling i frå SSB syner at ein vil ha ein vekst i åra som kjem. Jølster kommune 2012 2025 Middels nasjonal vekst 3078 3394 Sterk nasjonal vekst 3078 3563 Kjelde SSB Elevtalsutvikling I mandatet til arbeidsgruppa skal ein sjå på treningshall / utbetring av gymnastikksalar. I arbeidet er det viktig å sjå på folketalet generelt i kommunen, men og elevtalsutvikling ved skulane. Skei skule vil frå hausten 2013 ha 134 elevar og Vassenden skule 310 elevar. Tabell under syner utvikling dei siste 10. åra. 6

År Skei skule Vassenden skule 2003 203 241 2008 178 264 2011 157 282 2012 141 289 2013 134 310 (Fødselstal hausten 2011) Tala synet ein nedgang i tal elevar på Skei skule og ein auke i tal elevar på Vassenden skule. Skriv ein fram fødselstal for dei som går i barnehage vil ein i 2017 ha gått ned i tal elevar på Vassenden skule og ligge stabilt på Skei skule. Det har dei siste åra vore auke med ca 1 5 elevar per fødselskull på Vassenden. Dette er grunna tilflytting og elevar i frå mottaket. SSB har laga prognosar for elevtalsutvikling fram til 2030. Tabell under syner at ein ved middels nasjonal vekst vil ligge stabilt i tal elevar og ved sterk nasjonal vekst vil ha ein auke med ca 70 elevar. Prognosar elevtalsutvikling i frå SSB Vekst 2012 2020 2025 2030 Sterk nasjonal vekst 433 elevar 428 elevar -5 455 elevar +22 504 elevar +71 Middels nasjonal vekst 433 elevar 420 elevar -13 422 elevar -11 439 elevar +6 Kjelde: SSB Kommuneplan Jølster kommune jobbar med ny kommuneplan som skal vedtakast i 2013. I Kommunestyre, KST 015/13, blei det vedteke hovudmål for Jølster kommune. Mål 1 I 2025 skal Jølster vere ein attraktiv arbeids og bukommune med eit folketal på 3500. Mål i kommuneplan seier at ein dei komande åra skal ha ei positiv folketalsutvikling i heile kommunen. Det har vore ein nedgang i folketal og elevtal i Skei området og ein auke i folketal og elevtal i Vassenden området. Usikre variablar i den vidare utviklinga i kommunen er om ein får auka næringsutvikling, og utvikling av nye arbeidsplassar i Skei området som gjer at ein får tilflytting og stoppar nedgang i elevtal og folketal. I Vassenden området er usikre variablar nærleik til Førde og nok bustadar til dei som ynskjer det. 7

RAPPORT. ROMSITUASJON BEHOV FOR UTBYGGING VED SKULANE Arbeidsgruppa har fått informasjon og rapport romsituasjon- behov for utbygging ved skulane. Arbeid med utgreiing av behov ved skulane har vore viktig for å få oversikt over dagens utfordringar og behov, og kva behov ein vil ha i framtida. Arbeidsgruppa sitt mandat er å sjå på treningshall / utbetring av gymnastikksalar og kunstgrasbane, men dette arbeidet skal sjåast i samanheng med behov for utbygging ved skulane. Idrettslaget har hatt gjennomgang av behov i sine grupper. Det er i rapport romsituasjon behov for utbygging ved skulane i Jølster gjort ei vurdering av dagens situasjon og framtidige behov ved skulane ut i frå elevtalsutvikling og prognosar for elevtalsutvikling. Faktagrunnlag som er skissert under seier noko om romsituasjon ut i frå behov i forhold til klasserom, grupperom, spesialrom, skulefritidsordning, uteområde og gymnastikksalar m.m Vassenden skule Dagens situasjo n 300 elevar 350 elevar 8 Behov Prognose 350 elevar Klasserom 16 16 20 4 x 60m2 2 m2 pr elev i ordinær undervisning 2 store klasserom som kan delast i 2 (20 / 30 elevar pr rom) Ein bør ha 60 m2 pr klasserom. Store klasserom med skyvedør i eksisterande bygg er 60 / 120 m2 pr i dag Grupperom 7 15 20 13 x 20m2 10 elevar x 2 m2 Har elevar med behov for baserom som treng nokon av romma. Mediatek 1,5 3 3 2 x 60m2 Kunst og 2 2 2 handverk Mat og helse 1 1 1 Naturfag 1 1 1 Renovasjon av eksisterande rom. Lydisolering og

Musikkrom 1 1 pluss grupperom 1 pluss grupperom endring i inventar til dagens læreplanar. 37,5 m2 2,5m2 Grupperom 15x 2,5m2 Gymnastikksal 1 2 2/3 2 2 nye salar i tillegg til eksisterande areal med garderobeanlegg. Ombygging av eksisterande, eller nytt. Handball storleik. SFO 1 2 2 70m2 opphaldsrom med tillegg gangareal / garderobe. Arbeidsplassar tilsette Godkjent for ca 30 brukerar. Behov fellesrom, garderobe. 36+8 Ved 350 elevar må det vere fleire arbeidsplassar for tilsette. Møterom kan gjerast om til arbeidsplassar. Må då ha nytt møterom Møterom 3 3 4 (sjå arbeidspla ssar tilsette) 25 m2 Sjå over Skulehelseteneste 0 1 1 20m2 Behov for eige rom Uteområde, leik Meir areal Tilrettelegga st for leik og aktivitet. Ingen normtal. 50m2 frå helsedirektorartet. Parkering 15 plassar Lager 2+loft 30m2 Behov for lager. Har ikkje lagerplass for kontorutstyr, pultar og bord. Gangareal???? Har ikkje tal for dette. 9

Skei skule Dagens situasjo n 100 200 elevar Behov Byggesteg 2 Klasserom 9 10 1 x 60m2 2 x60m2 2 m2 pr elev i ordinær undervisning 2 store klasserom (20 elevar pr rom) Grupperom 5 7 2 x 20m2 2x30m2 10 elevar x 2 m2 Mediatek 1 2 1 x 60m2 30 elevar x 2 Kunst og 2 2 handverk Mat og helse 1 1 Naturfag 1 1 Renovasjon av eksisterande rom. Musikkrom 1 1 Gymnastikksal 1 1 Ynskje om utbetring av gymnastikksal. Heving av tak. SFO 1 1 Arbeidsplassar tilsette Møterom Skulehelseteneste 0 1 20m2 20m2 Uteområde / leik Tilrettele ggast for leik og aktivitet. Lager?? 2 x 30 m2 55m2 Gangareal???? Skei skule: Byggesteg 2 løyser utfordringar med klasserom, mediatek og grupperom. Ein får samla mellomsteget og ein har klasserom til Vassenden skule når dei er på symjing. 10

Jølster Idrettslag Idrettslaget har kome med innspel på behov ut i frå dagens brukargruppe og framtidige ynskjer og behov. Idrettslaget Skei Vassenden Volleyball sal Samle styrketrening og spinning tilbodet på Skei Utviding miniatyr skytebane Skei skule (Jølster skyttarlag) Handball hall 24 m x 44 m Styrketreningsrom Innandørs løpebane 60 meter Klatrevegg Garderobe Miniatyrskytebane Squash hall Spinning TRENINGSHALL / UTBETRING AV GYMNASTIKKSALAR Dagens behov for treningshall I Jølster kommune er gymnastikksal på Skei skule og Vassenden skule nytta på dag og kveldstid. Skulane nyttar gymnastikksal til kroppsøving, fysisk aktivitet og andre arrangement der dei skal samle større grupper av elevar. På ettermiddag, kveld og i helgar nyttar idrettslaget sine grupper gymnastikksalane til trening og aktivitet. Ved ledig kapasitet får andre som ynskjer det leige lokale. Dagens behov for treningshall - skule. Gymnastikksalane på skulane kan i skuletid nyttast 30 timar i veka til undervisning i kroppsøving og fysisk aktivitet. Forskrift om fag og timefordeling seier kor mange timar elevane skal ha i kroppsøving og fysisk aktivitet. Undervisning i faga skal vere inne og ute og symjing er ein del av kroppsøvingsfaget. Kor mykje av timane som blir nytta til undervisning og trening ute er avhengig av kva kompetansemål klassane jobbar med, type aktivitet, ver og årstid. Forskrift om fag og timefordeling i skule Tabell syner oversikt over timar til kroppsøving og fysisk aktivitet fordelt på klassar etter forskrift om fag og timefordeling i grunnskulen. 1.kl 2.kl 3.kl 4.kl 5.kl 6.kl 7.kl 8.kl 9.kl 10.kl Samla tal timar Kroppsøving 2,5 2 3 3 3 2 2 3 3 2 25,5 Fysisk aktivitet 1 1 1 3 Samla 2,5 2 3 3 4 3 3 3 3 2 28,5 Lokalt vedtekne retningslinjer for deling av elevar i klassar eller basisgrupper. I Jølster kommune er gymnastikksalane 170 m2 på Vassenden skule og 200 m2 på Skei skule. Det er vedteke kommunale retningslinjer for deling av elevar i klasser eller basisgrupper der det er lagt føringar for deling av klassar og grupper i kroppsøving ut i frå dagens gymnastikksal situasjon. 11

Kroppsøving, dagens gymnastikksal situasjon: «Deling ved 20 elevar i gymsal i inntil 2 timar pr. veke. Ved meir enn 20 elevar i klassen skal lærar ha opplegg med aktivitet der det blir tatt omsyn til type aktivitet i høve tal elevar». Dagens behov - Skei skule. Tabell under syner tal elevar i dei ulike klassane, tal klassar, timar som klassane har i kroppsøving og fysisk aktivitet, tal grupper ut i frå lokale retningslinjer og samla tal timar i kroppsøving og fysisk aktivitet pr. klasse. Skei skule. Skuleåret 2013-2014 Klassetrinn Elevtal Tal klassar Timar kroppsøving og fysisk aktivitet Tal grupper kroppsøving ut i frå lokale retningslinjer 1 12 1 2,5 1 2,5 2 8 1 2 1 2 3 13 1 3 1 3 4 17 1 3 1 3 5 11 1 3+1 1 3+1 6 16 1 2+1 1 2+1 7 15 1 2+1 1 2+1 8 16 1 3 1 3 9 15 1 3 1 3 10 11 1 2 1 2 Sum: 134 10 25,5+3 10 25,5+3 Samla tal timar kroppsøving og fysisk aktivitet Hausten 2013 er det 30 timar kapasitet i gymnastikksal på Skei skule og eit samla behov for 28,5 timar kroppsøving og fysisk aktivitet. Frå oktober til april skal 4-5 klassar ha 1 time symjing i veka. I kroppsøving og fysisk aktivitet skal noko aktivitet vere ute, men det er avhengig av årstider og type aktivitet. Frå Skei skule er det signalisert at det er ynskjeleg med opprusting og utbygging av gymnastikksal. Dagens behov Vassenden skule Tabell under syner tal elevar i dei ulike klassane, tal klassar, timar som klassane har i kroppsøving og fysisk aktivitet, tal grupper ut i frå lokale retningslinjer og samla tal timar i kroppsøving og fysisk aktivitet pr. klasse. Vassenden skule. Skuleåret 2013 2014 Klassar Elevtal Tal klassar Timar kroppsøving og fysisk 12 Tal grupper kroppsøving ut i frå retningslinjer aktivitet 1 39 2 2,5 2 5 2 32 2 2 2 4 3 39 2 3 2 6 4 25 1 3 2 5 5 26 1 3+1 2 5+1 6 22 1 2+1 2 4+1 7 26 1 2+1 2 4+1 8 34 2 3 2 6 9 37 2 3 2 6 Samla tal timar kroppsøving og fysisk aktivitet

10 30 1 2 2 4 SUM: 310 15 25,5+3 20 49+3 Hausten 2013 er det 30 timar kapasitet i gymnastikksal på Vassenden skule og eit samla behov for 52 timar kroppsøving og fysisk aktivitet. Frå oktober til april skal 4-5 klassar ha 1 time symjing i veka. I kroppsøving og fysisk aktivitet skal noko aktivitet vere ute, men det er avhengig av årstider og type aktivitet. Vassenden skule har behov for meir kapasitet i gymnastikksal og ynskjer gymnastikksal / hall som stettar skulen sine behov. Dagens behov - idrettslaget Idrettslaget har i 2013 916 medlemmar og 10 grupper. Idrettslaget har for lite kapasitet i gymnastikksal på Skei skule og Vassenden skule til å tilfredsstille behovet for innadørs treningsareal. Det er så lav takhøgd ved begge gymnastikksalane at det ikkje er mogleg å trene volleyball, som er ein av idrettane i Jølster IL. Idrettslaget signaliserer at det er ynskjeleg med ein idrettshall på størrelse med handballbane. I tilknyting til handballhallen er det ynskjeleg med styrketreningsrom, squash- rom, klatrevegg, spinningrom, 60 meter løpebane og miniatyrskytebane. I tilknyting til hall må det byggast funksjonelle garderobar som tilfredsstiller krava til universell utforming. Dagens behov andre brukarar Andre lag og organisasjonar har ikkje meldt inn behov for bygging av treningshall eller fleirbrukshall. Skyttarlaget har meldt inn at det er ynskje om utviding av miniatyrskytebane på Skei skule. Framtidige behov treningshall Jølster kommune har ei positiv folketalsutvikling og målsetjingane i ny kommuneplan er ein auke til 3500 innbyggjarar i kommunen. Dette er over 400 personar meir enn det er i dag. Veksten i kommunen syner at det er størst vekst i vestre del av kommunen og nedgang i folketalet i aust. Veksten er størst i Vassenden området, men det er og vekst på Skei, men nedgang i grendene rundt. Framtidige behov skule Utvikling i skule dei siste 10 åra syner at det har vore nedgang i tal elevar ved Skei skule og ei auke i tal elevar ved Vassenden skule. Hausten 2013 er det 134 elevar på Skei skule og 310 elevar på Vassenden skule. Ut i frå prognosar, utviklingstrekk og mål i kommuneplan er det ikkje noko som tydar på at elevtalet i Vassenden området vil gå ned. I Skei området blir det jobba for vekst og utvikling og det er eit mål å stoppe nedgang i elevtal og auke folketalet. Tar ein utgangspunkt i tal elevar for hausten 2013 og ser på utvikling dei siste åra er det ikkje noko som tyder på at det vil bli behov for deling av klassar på Skei skule. Elevtalet må auke frå eit snitt på mellom 12 17 elevar i klassane til 20 til 30 elevar i klassane. Tar ein utgangspunkt i tal elevar for hausten 2013 for Vassenden skule er det 15 klassar. Nokon klassar vil ved tilflytting / auke i tal elevar bli vurdert delt. Ut i frå prognosar folketalsutvikling og mål i kommuneplan vil ein i åra som kjem ha 15 20 klassar på Vassenden skule og 10 klassar på Skei skule. Forskrift om fag og timefordeling i grunnskule har pr i dag 25,5 timar kroppsøving og 3 timar til fysisk aktivitet. Ut i frå skuledagen og skuleveka er det kapasitet med 30 timar i veka i gymnastikksal på skulane. Nasjonale tilrådingar er ein time fysisk aktivitet pr dag, men det kan leggast til andre fag enn kroppsøving og fysisk aktivitet. På ungdomsskulen er det innføring av valfag over ein treårs periode der eit av faga ein kan velje er fysisk aktivitet. 13

I kroppsøving og fysisk aktivitet skal aktivitet vere inne og ute og symjing er ein del av kroppsøvingsfaget. Frå hausten 2013 vil 4 klassar fast ha ein time symjing i veka frå oktober til april. Det er ingen nasjonale normer for kor mykje areal ein skal ha pr elev i gymnastikksal. Det vil vere ei skjønnsmessig vurdering ut i frå tal elevar, type aktivitet m.m Framtidige behov Skei skule Skei skule har 200m2 gymnastikksal. Ut i frå lokale retningslinjer skal gruppene delast i kroppsøving når det er meir enn 20 elevar i gymnastikksal 2 timar i veka. Ut i frå dagens og framtidige behov er det ikkje behov for meir areal. Gymnastikksal er ca 40 år gamal og det er ynskje om opprusting av sal og høgare under taket. Framtidige behov Vassenden skule Vassenden skule har 170 m2 gymnastikksal. Ut i frå lokale retningslinjer skal grupper delast i kroppsøving når det er meir enn 20 elevar i gymnastikksal 2 timar i veka. Ut i frå tabell som syner dagens situasjon er det allereie behov for auka kapasitet i gymnastikksal og 2 salar. 2 gymnastikksalar vil ha ein kapasitet på 60 timar i veka. Det er pr. i dag samla 52 timar kroppsøving og fysisk aktivitet. Alle klassane er delte i kroppsøving, men det må over 40 elevar pr. klasse for å utløyse fleire timar. I fysisk aktivitet vil det utløyse meir timar når det er over 30 elevar i klassane. Ser ein på vekst i tal elevar dei siste 10 åra og gjer ei framskriving vil ein vere opp i mot 400 elevar på Vassenden skule om 10 år. Ut i frå tal barn i barnehage og tilflytting er det sannsynleg at det vil vere ca 350 elevar og klassedeling i dei fleste klassar. Vassenden skule vil ha mellom 15 og 20 klassar. Behovet vil vere 2 gymnastikksalar om ein ikkje får fleire klassar der det er over 40 elevar i klassane. Behovet kan då bli opp til 3 gymnastikksalar. Dagens gymnastikksal er ca 40 år gamal. Det er behov for auka kapasitet med 2 gymnastikksalar og garderobar. Ut i frå oppsett kan ein konkludere med at med dagens storleik på gymnastikksalar vil vere behov for ein gymnastikksal på Skei skule og tre gymnastikksalar på Vassenden skule. Dette med utgangspunkt i dagens fag og timefordeling og lokale retningslinjer. Auke i timar kroppsøving kan få særleg utslag på Vassenden skule der dei fleste timane i klassane er delt i gymnastikksal. Framtidige behov idrettslaget. Idrettslaget har for lite kapasitet i gymnastikksalane på Skei skule og Vassenden skule til å tilfredsstille behovet for innadørs treningsareal. Idretten sine behov for hall er relativt stort og det vil vere ei kostnadsvurdering korleis det skal dekkast. I framtidas behov for treningshallar må det leggast til grunn at ein ved sidan av gymnastikksalane på skulane har gymnastikksal ved Mo og Jølster vidaregåande skule som er eigd av Fylkeskommunen. Den er funksjonell for trening inne og kan nyttast meir effektivt på ettermiddag og kveld enn den er i dag. Borgja på Ålhus kan nyttast som treningsareal og kan dekke ein del av behovet. På Skei vil spinningstudio og treningssenter som idrettslaget har bli vidareført. Det er ynskje om å samlokalisere tilboda med ein treningshall. På Vassenden er det under planlegging treningsstudio med styrketrening og spinning i dei gamle lokala til Lefi bakst. Det er eit ynskje å samle treningsaktivitetane, men treningsstudioet kan dekke behov til andre grupper som mosjonistar. 14

Idrettslaget sitt primære ynskje er å etablere ein hall i handballhall storleik, men ein auke i innandørs kapasitet vil betre situasjonen for idrettslaget. Det er i tillegg viktig for idrettslaget sin framtidige aktivitetsplan at det blir mogleg å trene volleyball i full hallstørrelse på Skei Idrettslaget ynskjer vidare at det blir etablert moglegheiter for styrketrening, der det er plass for tredemøller ved begge skulane. Idrettslaget ynskjer ein hall på Skei eller Vassenden på størrelse med handballhall med klatrevegg, squashhall, 60 meter løpebane, styrketrening og plass for spinning og tredemølle. Skyttarlaget har kome med innspel om utviding av miniatyrskytebane på Skei skule, men det er ikkje andre lag og organisasjonar som har kome med innspel om ny hall. Av kulturbygg er det eiga spelemiddelordning der ungdomslag og andre kan søke om midlar. I Jølster er det aktive grendelag og ungdomslag som har aktivitetar i blant anna Eikås ungdomshus, Gjesthalla, Borgja på Ålhus og Skei samfunnshus. Arbeidsgruppa si vurdering av framtidige behov treningshall. Arbeidsgruppa si vurdering er at det er kommunen sine behov for areal til kroppsøving og fysisk aktivitet og idrettslaget sine behov for treningsmoglegheiter for sine medlemmar som må ligge til grunn for vurderingar av behov for treningshall. Når ein er inne og vurderer behov vil gruppa og legge til grunn kva ein ser som framtidsretta val. Arbeidsgruppa si vurdering er at det er behov for opprusting og utviding av gymnastikksal på Skei skule så ein kan spele volleyball. Skal ein vurdere finansieringsmoglegheiter får ein ikkje spelemidlar til opprusting av gymnastikksalar, men ein kan få spelemidlar til volleyball hall. På Vassenden skule er det behov for ein hall som kan delast i minimum to volleyball baner. Det er i tillegg behov for meir garderobeplass som har universell utforming. Skal ein bygge treningshall på Skei og Vassenden er det ynskjeleg med styrketreningsrom og rom til spinning i tilknytning til hallane. Plasseringsalternativ Arbeidsgruppa si vurdering er at det er kommunen sitt behov i skule og idrettslaget sine behov for treningsmoglegheiter som er styrande faktorar for behov og plassering. Det er behov for ombygging og opprusting av gymnastikksalar på begge skulane og Vassenden skule har behov for meir areal til kroppsøving og fysisk aktivitet. Idrettslaget ynskjer ein hall med størrelse handballhall i kommunen. Arbeidsgruppa si vurdering er at ein hall i kommunen må byggjast ved ein av skulane. Styrande faktorar for plasseringsalternativ er: a) Innverknad på framtidig busetjing b) Bruksfrekvens c) Økonomi Plassering av idrettshall på Skei eller Vassenden Skal ein bygge ein hall i Jølster kommune er det viktig at den har ei plassering der den er tilgjengelig for innbyggjarane i kommunen. Ein del kommunar har lagt vekt på at ein idrettshall i kommunen har positiv verknad på busetjing. Vassenden området har ein positiv folketalsutvikling, men Skei området har hatt ein negativ folketalsutvikling. Skei har hatt oppgang, men grendene rundt har hatt ein nedgang i folketalet. Det er flest eldre i austre del av kommunen og mest barnefamiliar i vest. Etablering av fritidstilbod som hall vil ha positiv verknad for innbyggjarane rundt hallen. Arbeidsgruppa har vurdert plassering av hall på Skei og Vassenden i lys av dette. 15

Det er mogleg å leige hall på ettermiddag i nabokommunane og Førde jobbar med utbygging av Hafstad idrettspark. Det er kort veg frå Vassenden til Førde, men ved leige av hall i andre kommunar vil ein ikkje kunne velje tider, men ta resterande tider som er igjen etter at kommunen har dekka sine innbyggjarar sine behov. I dag er det grupper i idrettslaget som trenar i Gloppen og Førde. Bruksfrekvens på dagtid: Ein hall ved skule på Skei eller Vassenden ville vere i bruk på dagtid i undervisning i kroppsøving, fysisk aktivitet og skulefritidsordning. Bruk av hall i skuletid vil ha størst bruk på Vassenden som har høgast tal elevar og flest delte klassar i kroppsøving. Heile klassar kan ha kroppsøving ved at ein delar ein hall i fleire salar. Tabell under dagens behov i skule syner at Vassenden skule har behov for meir kapasitet i gymnastikksal. Ein hall kan nyttast av skulefritidsordningane i kommunen før og etter skuletid og på dagar når småskulen har fri, eller halve dag. Skulefritidsordning på Vassenden manglar areal og ein hall kan nyttast av skulefritidsordning. Jølster kommune har symjebasseng på Skei skule og ein transporterar elevar i frå Vassenden skule til Skei skule i frå oktober til april. Klassane har ei gruppe i basseng og ein til to grupper har undervisning i klasserom. Ved å ha ein hall på Skei kunne nokon grupper hatt kroppsøving når andre har symjing. Dette kan vere aktuelt for nokon klassar, men det er ein fordel å dele timar til kroppsøving utover ei skuleveke. Bruksfrekvens på ettermiddag: Skei og Vassenden har for lite kapasitet i dagens gymnastikksalar til aktivitetar på ettermiddag og kveld. Grupper innan fotball og alpint reiser mellom Skei og Vassenden for å trene, handballgruppa reiser til Førde og Naustdal for å trene og friidretten reiser til Breim for å trene. I Jølster kommune er det ikkje lange avstandar og det tar ca 20 minutt å reise mellom Skei og Vassenden. Vassenden har flest innbyggjarar, og det er nærliggande å tru at ei plassering på Vassenden vil ha størst bruksfrekvens. Ut i frå idrettslaget sine behov ville ein hall i kommunen ha fullt belegg uansett plassering i kommunen. Økonomi: Kostnad ved bygging av ein hall vil vere lik på Vassenden og Skei. Ut i frå behov i skule må det byggast gymnastikksal med minimum 2/3 storleik av handballhall på Vassenden skule og ein må oppgradere gymnastikksal på Skei skule. Bygging av hall i tillegg til utbetringar ved skule vil medføre større investeringskostnader. Å bygge ein hall ved Vassenden skule og utviding av gymnastikksal ved Skei skule vil gje lågare kostnad til utbygging og ein vil dekke behova som ein har på dagtid og kveldstid. Rehabilitering av gymnastikksalar gjev ikkje spelemidlar, men ved bygging av volleyball og handballhall kan ein søke om spelemidlar. Det må vurderast om bygging av idrettshall i storleik av handballhall er rett bruk av disponible midlar til investering i idrettsanlegg. Idrettslaget ynskjer løpebane med fast dekke i kommunen og 11 ar kunstgrasbane på Vassenden i same tidsrom som idrettshall. Må det gjerast ei prioritering vil den det beste alternativet for idretten vere tilpassa treningshall/gymnastikksal ved begge skulane og opprusting av idrettsbane på Skei og Vassenden. 16

Arbeidsgruppa si vurdering: Arbeidsgruppa si vurdering er at om det er økonomisk grunnlag for det, så bør det byggast idrettshall i størrelse av handballhall i kommunen. Ut i frå samla behov er det mest økonomiske alternativet å bygge handballhall ved Vassenden skule. Plassering ved Vassenden skule Skal det byggast ein idrettshall ved Vassenden skule tilsvarande to volleyballbaner meiner arbeidsgruppa at den må byggast der dagens gymnastikksal ligg. Skal det byggast ein idrettshall av størrelse handballhall, meiner arbeidsgruppa at det er fire alternativ for plassering. a)rive den gamle fløyen på Vassenden skule som er gymnastikksal, musikkrom, naturfagrom og kjøkken og bygge hall. b) Frittståande hal på areal på vestsida av skulen. c) Tilbygg til skulen på vestsida og bakover i terrenget. d) Frittståande hall på areal aust for Gjestdalselva. Det er fleire faktorar som vil vere styrande for valet av plassering. Arbeidsgruppa har vurdert fylgjande faktorar. 1. Tilgjengelig areal 2. Byggetid 3. Tilgjengeligheit for skule 4. Tilkomst og parkeringsareal 5. Investeringskostnader 6. Driftskostnader Vurdering av plasseringsalternativa ved Vassenden skule Tilgjengelig areal: Jølster kommune har ikkje mykje tilgjengelig areal ved Vassende skule. Skulen nyttar det arealet som ein har i dag til uteområde for leik og aktivitet og resterande areal er tilkomst og parkering. Den einaste moglege plasseringa på areal som kommunen disponerar er plassering der gymnastikksal ligg i dag. For å kunne realisere dei andre alternativa må kommunen overta areal frå eigedomar som ligg inn til skulen. Arbeidsgruppa ser det som viktig at kommunen sikrar nok areal til å møte vekst i elevtal ved Vassenden skule, både i høve til undervisningsreal, bygging av idrettshall og tilkomst/parkering. Byggetid: Vassenden skule har liten plass og det er ved sidan av meir kapasitet i gymnastikksal behov for klasserom, mediatek og grupperom. Bygging der som gymnastikksal ligg kan settast i verk umiddelbart, medan dei andre alternativa vil krevje planprosess og overtaking av areal. Byggetid for ein idrettshall vil vere kortast for ein frittståande hall, og skuledel må byggast om paralellt. Tilgjengelighet for skule: Det er vanskelig å seie kva som er maksimal akseptabel avstand mellom skulebygg og framtidig rom for kroppsøving. Det vil vere ulikt for elevar i 1. klasse og elevar i 10. klasse kor lang avstand ein kan ha mellom rom til undervisning og kroppsøving. Det bør ikkje vere lenger avstand enn ein klarar å forflytte seg i eit friminutt. Ei løysing med hall integrert i skule, eller på skulen sitt område vil vere den beste løysinga. 17

Tilkomst og parkeringsareal: Vassenden Skule har pr. i dag utfordringar med tilkomst og for lite plass til parkering. Gitt dei ulike plasseringsalternativa for hall, kan areal for tilkomst og parkering løysast både aust og vest for skulen. Areal aust for skulen kan løysast ut til på/avstiging og oppstilling for buss, samt parkeringsplassar. Vidare tilkomst til skulen ved gangbru over elva. Areal vest for skulen til dette føremål betingar ei vegutløysing via Mo og Jølster VGS, og at arealet som fylkeskommunen disponerer og Vassenden skule sitt areal blir sett i samanheng. For å få eit totalbilete av dette må det lagast ein detaljert utbyggingsplan for heile skuleområdet som omfattar areal til undervisningsbehov, treningshall/idrettshall og tilkomst/parkering. Investeringskostnad: Det er vanskelig å kalkulere totale investeringskostnader for ein hall, spesielt om den skal byggast integrert i skule. Ein vil få kostnader med riving i tillegg til byggekostnader. Må den gamle delen av skulen rivast, vil truleg eit integrert bygg gje lavast totalkostnad. For å få klarlagt investeringskostnader må det produserast utkast til skisse med kalkyle av minst to alternativ. Driftskostnader: Ein hall vil ha kostnader til ventilasjon, straum og oppvarming og det vil vere behov for daglig reinhald og tilsyn av anlegget. Ei løysing der hall er integrert i skule vil ventilasjon, inntak for straum, vatn og avløp, oppvarming og dagleg reinhald og tilsyn vere ein del av bygg og drift av skule. Det må drøftast ulike modellar for drift og deling av utgifter mellom kommune og idrettslag. Arbeidsgruppa si vurdering: Arbeidsgruppa si vurdering er at ein treningshall som er integrert i skule er den beste løysinga, både som bygging av ein tilpassa gymnastikksal og ved bygging av handballhall. Skulen har utfordringar med tilkomst og parkering og det er behov for meir plass til leik og aktivitet ute. KUNSTGRASBANE VASSENDEN Dagens situasjon På Vassenden er det i dag ei kunstgrasbane for 7-ar fotball ved Vassenden skule og ei grusbane som har størrelse for 11-ar fotball i Bjørkelia. Kapasiteten på kunstgrasbana er sprengt og etter krava som fotballspelarane stiller til banekvalitet, er ikkje grusbana nytta verken til trening eller kampar. Toppdekke på grusbana blir nytta som parkeringsareal om vinteren og må renoverast for å stette krava til grusbane. På grunn av manglande kapasitet på tilfredsstillande baner får dei aldersbestemte klassane på Vassenden mindre treningstid enn ynskjeleg. All trening på 11-ar bane blir gjennomført på Skei stadion. Framtidig behov Fotball er ein av dei idrettane i idrettslaget som er i stor vekst. Det er ein sterk auke i tal born i dei yngste klassene som ynskjer å vere med på trening. Når prognosane tilseier at det vil bli folketalsauke på Vassenden, vil truleg også behovet for kunstgrasbane til organisert trening auke framover. Fotballbanene er også ein samlingsplass for leik med ball for born og ungdom utanom organisert trening. På grunn av manglande kapasitet blir den organiserte aktiviteten prioritert og er den som får mest tid på bana. Det er derfor behov for å bygge ut areal og for å gje tilbod til born og unge som ikkje deltek i organiserte aktivitetar. Både i dag og framover er 18

det behov for å få realisert utbygging av kunstgrasbane for 11 ar fotball og det bør også planleggast med friidrettsareal i same anlegget. Plasseringsalternativ Arbeidsgruppa ser to alternativ for plassering av idrettsbane på Vassenden. Sluttføring av grusbana i Bjørkelia Ny bane ved Vassenden skule Styrande faktorar Følgjande faktorar vil vere styrande for val av plassering a) Tilgjengeleg areal b) Investeringskostnadar c) Samlokalisering med andre uteaktivitetar d) Avstand til bustadfelt e) Garderobetilgang Vurdering av plassering Tilgjengelig areal: I Bjørkelia ligg det grusbane som er bygd med spelemidlar til fotball aktivitet. Grusbana har størrelse 11 ar bane. Bana er lite i bruk til trening og aktivitet på vår, sommar og haust noko som kan kome av at bana ikkje har kunstgras dekke og stettar dagens krav til standard. Ved Vassenden skule har ein tilgjengelig areal på Øyaflata som har kunstgrasdekke og er ei 7 ar bane. Det er ikkje meir tilgjengelig areal rundt bana til ei utviding til 11-ar bane. Ei 11 ar bane ved Vassenden skule vil krevje areal som ein ikkje har i dag. Bane ved Vassenden skule har i dag stor bruk på dag, ettermiddag og kveld. Investeringskostnader: Kostnader til ei kunstgrasbane vil vere avhengig av grunnarbeid og type toppdekke. Det er mogleg å søke om spelemidlar til kunstgrasbane, men det har vore eit stort etterslep på utbetaling av spelemidlar til kunstgrasbaner i fylket. Skal ein vurdere 11-ar bane ved Vassenden skule er det behov for areal og ein vil få kostnader til grunnarbeid, tilkomst, parkering og toppdekke. Dett vil medføre høgare investeringskostnader enn plassering i Bjørkelia der investeringar vil vere til toppdekke og kunstgras. Samlokalisering med andre uteaktivitetar: Bjørkelia er blitt ein samlingsplass for utandørs skiaktivitet på vinter. Om vår, sommar og haust blir området nytta til mosjons aktivitet som tur, jogging og sykling. Ved Vassenden skule er det stor aktivitet på bane vår, sommar og haust og når bana er fri for snø på vinteren. Skulen har ulike aktivitetar på ettermiddag og kveld som kulturskule, korps og trening i gymnastikksal. Området rundt skulen blir i tillegg nytta til leik, trening og mosjonsaktivitetar som tur, jogging og sykling. Samlokalisering med andre aktivitetar for born og unge vil truleg ha mest effekt på Vassenden skule. Foreldre køyrer og er med på ulike aktivitetar og vil vere med born og unge på trening om det blir i Bjørkelia, eller ved Vassenden skule. Bruk av bane vil bli høgast ved Vassenden skule der ei bane vil bli nytta på dagtid til kroppsøving, fysisk aktivitet og friminutt i tillegg til aktivitetar på ettermiddag og kveld. 19

Avstand til bustadfelt: Dei store bustadfelta i Vassenden området er Langhaugane, Hjelmbrekkefeltet, Bøafeltet og Årsetbakkane. Hjelmbrekkefeltet og Langhaugane vil ha kortast veg til Bjørkelia og Bøafeltet og Årsetbakkane har kortast veg til Vassenden skule. Hjelmbrekkefeltet er det største feltet pr i dag, men det er planar for nye bueiningar i Årsetbakkane. Garderobetilgang: Kunstgrasbane vil bli nytta til trening og kampar og det er behov for tilgang til garderobar. I Bjørkelia er det ikkje garderobar i dag og det må byggast garderobeanlegg i tilknytning til kunstgrasbane om det skal vere trening og spelast kampar. Ved Vassenden skule vil det vere garderobar på skulen sitt område ved gymnastikksal / hall som kan nyttast ved trening og speling av kampar. Arbeidsgruppa si vurdering: Arbeidsgruppa si vurdering er at det er stor aktivitet på kunstgrasbane ved Vassenden skule og at ein må vurdere ei 11-ar kunstgrasbane på Vassenden. Dagens bane er ei 7-ar bane og har sprengt kapasitet. Ut i frå bruk av bane på dag, ettermiddag og kveld er det ynskjeleg å ha ei plassering ved Vassenden skule der det er tilgang på gymnastikksal og garderobar. Skal ein ha ei kunstgrasbane som i hovudsak skal nyttast til kampar og trening kan ein vurdere Bjørkelia. Driftsmodellar I ulike kommunar er det ulike driftsmodellar for kunstgrasbaner og idrettsparkar. I Jølster kommune har idrettslaget og fotballgruppa ansvar for vedlikehald av banene og Jølster kommune betalar for brøyting. Skal ein ha ny kunstgrasbane på Vassenden ved skule må ein vurdere ulike driftsmodellar på lik linje som ved drift av treningshall. Ei kunstgrasbane ved skule vil føre til meir aktivitet på dagtid, noko som er positivt, men det vil gje auka slitasje på kunstgras. Endringar i vidaregåande skulestruktur i Sogn og Fjordane. Arbeidsgruppa har ikkje gjort inngåande vurderingar angåande skulestruktur i Sogn og Fjordane og Mo og Jølster Vidaregåande skule. Tilråding Arbeidsgruppa si tilråding: 1. Bygge ut undervisningsareal ved skulane jamfør tabell. Vassenden skule inntil 20 klassar og 350 elevar Skei skule inntil 10 klassar og 200 elevar, jamfør byggesteg 2. 2. Gjennom pågåande og framtidige planprosessar sikre areal til undervisning, uteleik og trafikkareal ved Vassenden skule. 20

3. Utbygging av idrettshall ved Vassenden skule. Størrelse handballhall med tilleggs funksjonar skildra i rapport. 4. Utbetring av gymnastikksal ved Skei skule til volleyball storleik, med tilleggs funksjonar skildra i rapport. 5. Bygge kunstgrasbane, 11-ar bane, i Vassenden området jamfør vurderingar i rapport. 21