Sognefjord Swim Festival 2006. Evalueringsrapport for 2006



Like dokumenter
Sognefjord Swim Festival 2006 (tittel) RUP ID: 694

SAMANDRAG AV. Tiltak Sognefjord Swim Festival 2007 (akronym)

Sognefjord Swim Festival 2007 sluttrapport

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Rapport Camp Svalbard vinter 2015

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

PRESSEMAPPE AUGUST 2006 VIK LEIKANGER BALESTRAND

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Kultur- og næringskonferansen, Kristiansund 4. mai 2011

PRESSEMAPPE AUGUST 2006 VIK LEIKANGER BALESTRAND

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Stemnehandboka for NKSF

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

INTERNASJONAL STRATEGI

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

ÅRSMELDING 2007 Sogn fjordsymjeklubb

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

SAK 07/13 SØKNAD OM TILSKOT TIL FÅREFESTIVALEN 2013

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

No sprett knuppane og sevja stig

Velkommen til songarstemne i Florø!

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

SØKNAD OM STØTTE TIL MUSIKALEN OLIVER

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Invitasjon til samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap Rosendal august 2008

Nemninga ASK innbefattar heile innsatsen som trengst for å erstatte eller støtte ein mangelfull tale i kommunikasjon mellom menneske.

4 x Friluftsskular i Ytre Sogn

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Lærande nettverk. Motivasjon, leiing og arbeidsmåtar. Ungdomstrinn i utvikling - UDIR. Claus Røynesdal. Sogn regionråd

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Aktivitetskalendar 2015

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Velkomen til Dialogkonferansen september 2010

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

SOGN driftig raus ekte

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som bur i fosterheim år

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

HELSE - TRIVSEL - IDRETT

Reiselivsorganisering i Sogn. Folkevalddag, Quality Hotel Sogndal,

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

MEDLEMSINFO. august 2009

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Brukarrettleiing E-post lesar

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

1. Hvordan forbedre omdømmet?

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Transkript:

Sognefjord Swim Festival 2006 Evalueringsrapport for 2006 Tenk deg at du sym i ein dal som er halvvegs fylt med vatn. Det er 1000 m ned til dalbotnen under deg og 1300 m til fjelltoppane over deg. Liene fargar vatnet grønt. Du er i Sognefjorden King of the Fjords. Bli med på verdas flottaste fjordsymjefestival! Kom aleine eller ta med familie eller vener på ei annleis oppleving. Delta som publikum eller bli våt sjølv, i Sognefjord Swim Festival. info@fjordswim.no www.fjordswim.no Se også: www.rup.no ID 694

ANSVAR Følgende hadde spesifikk ansvar i organisering av Sognefjord Swim Festival 2006. Ansvarlege Festival koordinator (Sogn Fjordsymjeklubb) Sarah Jane Hails Økonomi (Sognefjord Reiseliv) Anne Randi Farnes Marknadsføring (Sogn Fjordsymjeklubb) Simone Stibbe Webmaster (Leikanger) Knut Moen Kajakkansvarleg (Moreld AS) Katja Gesch Fjordkonsulent (Høgskulen i S & Fj) Torbjørn Dale Feios arenaansvarleg (Feios bygdalag) Ole Johnny Feidje Feios underholdningsansvarleg (Feios bygdalag) Gjertrud Samland Badtastebading og foredrag konferansier (Feios bygdalag) Bjarnhild Samland Sognefjord Challenge - startarenaansvarleg (Grunneigar Leif Eikeland - Feios) Leikanger arenaansvarleg (Sogn Fjordsymjeklubb) Torbjørn Hasund Sognefjord Challenge tryggleiksansvarleg (Røde Kors Hjelpekorps Leikanger) Roger Gåserud Sognefjord Challenge båtansvarleg (Småbåtlaget Leikanger) Jan Erik Bøyum Sognefjord Challenge innkomstansvarleg Leikanger (Sogn Fjordsymjeklubb) Svein Røysum Sognefjord Challenge medhjelperansvarleg (Sogn Fjordsymjeklubb) Christian Kleiven Sognefjord Challenge transportansvarleg (Norway Fjord Cruise) Stig Johnny Buvik Leikanger leikansvarlege (Sogn fjordsymjeklubb/sogndal Siri Storevik Moe, Siv svømmegruppe) Laila Eriksen Leikanger serveringsansvarlege (Sognefjord Hotell) Jack Eggum, Stein Vangsnes Leikanger konferansier (0pplev Sognefjord) Roar Werner Vangsnes Leikanger tidsregistrering (Sogn Fjordsymjeklubb) Svein Bennæs Balestrand arenaansvarleg (Balestrand) Einar Målsnes Mini Challenge ansvarleg (Balestrand) Nils Magne Feten Sognefjord Stafett (Balestrand kommune) Kari Maria Fjærestad Balestrand sekreteriat Tove B. Tjugum BAKGRUNN I 2006 yter "Program opplevingsnæringar" eit tilskot på kr 60.000 til Sognefjord Swim Festival. Støtta har medført at Sognefjord Swim Festival i 2006 ble ei regional, nasjonal og internasjonal oppleving. Sognefjord Swim Festival handlar om å gjera det umulege muleg. Det heile tok til sommeren 2004. Den 15. august 2004 sumde den britiske advokaten Lewis Gordon Pugh til land i kystbygda Eivindvik i Sogn. Då hadde han sumt heile den 204 km lange Sognefjorden på 74 timar og 47 minuttar. Lewis Gordon Pugh sin prestasjon fekk stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom symjeprestasjonen blei han støtta og oppmuntra av dei fastbuende langs

fjorden. Han utløyste straks eit engasjement for fjordsymjing, ledsaga av ei heilt konkret oppfordring: Bli glad i fjorden, ta fjorden i bruk, sym fjorden på tvers! Ei veke seinare, den 17. august 2004, kryssa fem tøffe symjarar, tre nordmenn, ein tyskar og ei britisk kvinne, for første gongen den 3,7 kilometer breie Sognefjorden mellom Borlaug og Leikanger. Etter å ha møtt dei entusiastiske symjarane frå Leikanger, kasta Lewis fram ideen om å skipa til ein årleg symjefestival. Det skulle bli eit fint høve til å samla folket langs fjorden og medverka til å auka folks interesse for symjing og andre fjordaktivitetar. Ei lokal gruppe frå Midtre Sogn har arbeidd hardt for å setja ideen ut i livet. I 2005 blei den første Sognefjord Swim Festival avvikla i Leikanger og Balestrand, med meir enn 100 deltakarar. I august 2006 var det på ny klart for Sognefjord Swim Festival, og i 2006 ble innbyggjarar frå Feios, Vik kommune, med i samarbeidet. MÅL Hovedmål: Å arrangere ein symjefestival i Sognefjorden. Delmål 1: Festivalen skal fremja idrett og reiseliv i regionen. Delmål 2: Festivalen skal trekka publisitet til regionen, og fremja Sognefjorden som merkevare. Delmål 3: Festivalen skal ha fokus på symjing, tryggleik i vatn og moro. Delmål 4: Festivalen skal auka samarbeidet på tvers av kommunegrenser, og visa at fjorden ikke skil, men er til felles glede. HOVUDAKTIVITETAR 2006 I Feios: - Koordinering av faglege og "bli-kjent" -aktivitetar på fredagskvelden. - Opningsseremoni for Sognefjord Challenge, Borlaug - Samarbeid om båtskyss over fjorden for tilskodarar I Leikanger: - Samarbeid om båtskyss over fjorden - Koordinering av Sognefjord Challenge, 3,7 km kryssing for erfarne symjarar og kajakkpadlarar. I 2005 klarte 10 fjordsymjarar kryssa fjorden. I 2006 skulle det planleggast for 30 fjordsymjarar - Underhaldning og servering ved ilandstigingsområdet på Nokkaneset, Sognefjord Hotell - Festivaldans med laiv musikk I Balestrand: - Koordinering av Mini Challenge: 400 m kryssing for symjarar i alle aldrar. I 2005 hadde ca. 60 symjarar kryssa fjorden. Målet var å matcha dette deltakartalet. Underhaldning med konsert i hagen til Kvikne's Hotell. - Koordinering av symjestafett framfor Kvikne's Hotell

KOORDINERING & ARBEIDSFORDELING: For å arrangere ein festival må kompetente folk samlast med tru på og lyst til å samarbeida mot eit felles mål. Når samarbeid involverer bygdefolk frå tre kommunar, som til dagleg har ein brei fjord mellom seg, må folk med kompetanse settast tiil å leia arbeidet. Ikkje må dei ha berre gode planleggingsevner, men også kompetanse på koordinering, samt fagleg dugleik. Det er svært viktig at målsetting, oppgavedefinisjon, arbeidsfordeling, oppfølgjing og kommunikasjon er tydelig uttrykt på alle nivå. Dersom dette ikkje er på plass, då stogger arbeidet. Økonomi: Anne Randi Farnes - budsjett - sponsoravtale - forsikring Festival koordinator Sarah Jane Hails - Strategisk planlegging - koordinering mellom arenaene -vertskap utlandet - påmelding IT drift/ Webmaster Knut Moen Markedsføring Simone Stibbe design annonsering pressemeldinger Arenaansvarlig Feios i Vik: Ole Johnny Feidje koordinerer arenaaktiviteter: planlegging og gjennomføring Arenaansvarlig Leikanger: Torbjørn Hasund koordinerer arenaaktiviteter: planlegging og gjennomføring Arenaansvarlig Balestrand: Einar Målsnes koordinerer arenaaktiviteter: planlegging og gjennomføring Foredrags ansvarlig: Gjertrud Samland Koordiner Badtastebading fjordskyssbåter over ansvarlig: fjorden mellom Bjarnhild Samland Leikanger-Vik arenaer, Påmelding, og lag til og Vik-Balestrand løpet Startområde for hjelpere konkurransen, ansvarlig: Leif hjelpere dommere Eikeland og premieutdeling Bygging Andre og aktivitets rydding hjelpere avansvarlige startarena for fagfolk publikum som planlegger og og hjelperedeltakere koordinere sine aktivitet med arenaansvarlige og med hjelp av sine med hjelpere Svømmeansvarlig: Christian Kleiven Sørg for at Kajakkansvarlig: svømmernes behov Katja Gesch er itvaretatt rekruttering og Båtansvarlig: Jan trening av hjelpere Erik Bøyum kajakkpadlere, anskaff sjåfør og anskaffelse Sikkerhetsansvarlig: av båter for kajakk, Roger logistikk Gåserud for hjelpere fjordkryssingen: kajakk Sørg under for helhetlig koordiner med festivalen sikkerhet Underholdning og & sikkerhetsansvarlig hjelpere bergingsrutiner, serveringsansvarlig: og hjelpere følgebåter, radiokommunikasjon Jack Eggum, sikkerhetsbåter og mellom Lag båtene til ankomstarena og land hjelpere hjelpere tilskuerbåt. under for fjordkryssingen. Ilandstigningsansvarl svømmere og tilskuere ig: Svein på land. Røysum, hjelpere hjelpere Scene Lag for til ankomstarena musikk, Grill & Underholdning. for svømmere og Dans på kvelden tilskuere på land. Mini Challenge ansvarlig: Nils Magne Feten Koordinere logistikk for kryssing Underholdningsansvarlig? av Esefjorden Koordiner hjelpere Serveringsansvarlig:? opprigging av scene ig tilrettelegging for Salg av grillmat og hjelperekonsert Stafettansvarlig? drikke Koordinering av stafett Sekreteriat: Tone B. Tjugum Registrering av deltakere, resultater og utdeling av premier, assisterende for arenaansvarlig, VURDERING AV RESULTAT I 2004 sumde fem personar Sognefjorden på tvers fra Borlaug, Vik Kommune, til Nokkaneset, Leikanger Kommune. Denne kryssingen blei døypt av Lewis Gordon Pugh til "Sognefjord Challenge". I 2005 blei Sognefjord Swim Festival skipa til for første gongen. 15 personar freista symja over fjorden under dette årets "Sognefjord Challenge", 10 personer klarte det. Under festivalen blei det også arrangert for første gongen ei fjordkryssing i Esefjorden, "Mini Challenge", vel 400 m frå Tjugum til Balholm i Balestrand kommune. Ca. 60

personar sumde over fjorden. Det blei også arrangert ein symjestafett for alle framfor Kvikne's Hotell. I 2006 blei målet å doble deltakinga i alle aktivitetene, samt integrera Feios meir inn i festivalen. Festivalen aukar interessa for symjng, kajakkpadling og andre fjordaktivitetar. Festivalen skapar interesse for, og gje markedsføringsutsikter for regionale næringer knytte til fjorden, til dømes næringer knytte til reiselivet i regionen. Det er venta at nye nettverk og ytterlegare kontakt vert etablert for vidare utvikling av Sognefjord Swim Festival. Vurdering av suksess i forhold til mål 1: Å fremja idrett og reiseliv i regionen. Resultat: - Rekord i talet på symjarar i fjorden i løpet av festivalen. Dobling av deltaking i alle aktivitetar. - Symjeprestasjonar i alle aldrar fra 8 år til 80+ år. - Skiping av verdas først meisterskap i fjordsymjing. - Sterke kort- og langdistanse prestasjoner med lokal, nasjonal og internasjonal deltaking. - Styrking av fjordsymjing som ny grein innanfor internasjonal symjing. Fjordsymjing tek til å festa seg som nemning. - Rekordmange kajakkpadlarar og kajakkar i fjorden i løpet av ei helg - Dekning på Riks-TV "NRK Sportsrevyen", NRK Radio, - ca. 75 utanlandske tilreisende, ca. 150 gjestedøgn på lokale overnattingsplassar - mottakar av reiselivets Fjord Norge Explore Pris for produktutvikling Nøkkel til suksess: - Festivalen er basert på unike ideer presenterte på ein konkret og enkel måte - Arbeidet var utført innanfor trygge råmer med kompetente folk - Fokus blei halde på samarbeid med inkluderande og positive haldningar. - Festivalen hadde god design brukt konsekvent i profileringsarbeidet. - Dynamisk marknadsføring og pressekontakt. Utfordringar vidare: - Tilrettelegging for endå fleire deltakarar (det har allereie kome interesse frå inn- og utland for deltaking i Sognefjord Challenge 2007.) - Tilrettelegging for tilreisande: utvikling av ein vertskapspakke i samarbeid med reiselivets aktører. - Betring av informasjon til deltakarar og tilreisande. Vidareutvikling av www.fjordswim.no med eige publiseringsverktøy - Innhenting av fleire kompetente kajakkpadlarar. - Konstruktiv støtte frå annan idrett og symjeorganisasjonar Vurdering av suksess i forhold til Mål 2: Å trekka publisitet til regionen og fremja Sognefjorden som merkevare. Resultat: - Mediedekning i aviser, radio og TV - lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt: Sogn Avis, Bergens Tidende, Aftenposten, PVest, NRK Sogn og Fjordane, NRK Sportsrevyen, Reuters feed til BBC, CNN, RAIUNO, mfl.

- Mottakar av Fjord Norges Explore Prisen for å integrera Fjord Norges merkevarestrategi i produktutviklinga. Prisen blei tildelt under Norges Reiselivskonferanse i Bergen med representantar frå National Geographic Traveler til stades. - Nemninga "fjordsymjing" og "Fjord Swimming" har spreidd seg til andre deler av Noreg og Storbritannia. - Sognefjord blei promotert under meisterskap i London, UK, og Oulu, Finland og Russland. Umiddelbar interesse etter festivalen for påmelding til festivalen 2007. Nøkkel til suksess: - Aktiv nettverksbygging i utlandet gjennom deltaking og representasjonsarbeid ved meisterskap, messer og konferanse, også i Noreg - Dynamisk oppfølgjing av pressekontaktar, samt utsending av pressemeldingar (e-post lister) - Konsekvent bruk av namnet "Sognefjord Swim Festival" og profileringssaker - Administrasjonen hadde aktiv "marknadsføring antenna" - Vakre naturomgjevnader ei gåve som tilbys tilreisende "estetiske opplevelse", og media får flotte bilete! Utfordringar vidare: - Finansiering av tiltaka knytt til marknadsføring og nettverksbyggjing. - Integrering av lokale produkt frå Sogn innover festivalen: mat, kunst, musikk osv. Vurdering av suksess i forhold til Mål 3: Festivalen skal ha fokus på fjordsymjing, tryggleik i vatn og moro. Resultat som gjeld symjing: - Heile verda blei invitert til å symja i det vakraste symjebassenget i verda. Representanter frå Russland (Russian Club of Winter and Open Pool Swimming), Storbritannia (South London Swimming Club) Tyskland, Norge: Bergen, Oslo og Sogn, kom og gjorde nett det! Nøkkel til suksess - Trendane viser at folk har behov og lyst til å utfalda seg. Festivalen baud fram aktivitetar der folk kunne oppleva noko nytt og gjera noko som dei vil ha gode minne knytte til. - Vakre omgivelser og rent fjordvann Utfordringar vidare - Sikring av fjordsymjekompetanse blant arrangørene og folk lokalt for at festivalen skal halda fokus på fjordsymjing og utviklast i tråd med symjarane og kajakkpadlarane sine interesser. Det må væra ei genuin interesse for fjordsymjing i det lokale miljøet. Kvar bygd bør ha ei aktiv symje- og kajakkgruppe, til dømes som del av Sogn Fjordsymjeklubb, som er involvert i planlegginga og gjennomføringa av festivalen. - Offentlig satsing på fjorden som fritidsarena. Resultat som gjeld tryggleik i vatn - Ingen personskader eller ulukker Nøkkel til suksess: - God detaljplanlegging og samarbeid med fagfolk: Røde Kors Hjelpekorps, Moreld AS, lokale småbåtlag og reiselivsaktørar - Gode værforhold Utfordringar vidare: - Oppmode myndigheitar til å leggja til rette for fjordaktivitetar - Innhenting av erfarne og kompetente kajakkpadlarar

Resultat som gjelder moro: - Folkefest med ca. 200 menneske samla i Feios på fredagen, ca. 400 menneske samla i Leikanger på laurdagen og ca. 300 menneske samla i Balestrand på søndagen. - Internasjonal samling: russarar, engelskmenn, finnar, tyskarar, nederlendarar, skottar, bergenserar, austlendingar, feioser, systrendingar og balestrendingar. - fjordforedrag med akvakulturekspert Torbjørn Dale - lysbildevising ved fjordsymjefotograf Terje Eggum - lokal musikk og dans: sangar frå Jakob Sande med Vik musikklag, konsert og dans med Tor Talle og Marianne Hagen, konsert med Tone Damli Aaberge, opningsseremoni til Verdsmeisterskap i fjordsymjing med Feios musikkorps, fanfare og trekkspel ombord i transportbåt. Framføring av Leikanger dansegruppe - Noregs første "bad taste bading" -konkurranse; fargerike og kreative bidrag - matopplevelingar frå gamalostprodusent Tine, iskrem fra Feios, røykelaks fra Inge Menes, fjordlaks fra Fjord Seafood, saft fra Lerum AS og eit sosialt rekebord i kveldssola på Nokkaneset - fjordutsikt frå land og båt - vakker naturoppleving, den uforgløymelege regnbogen var gratis - ekte lokalt vertskap - talar fra ordførarar og fylkesvaraordførar - utstilling av lokalt handverk: treverk, kunst, symjesveis frå lokale frisørar Nøkkel til suksess: - Lokal dugnadsinnsats og samarbeid - Mangfaldig kompetanse og kreativitet - Vakre omgjevnader Utfordringar vidare: - Definering av mål og retningsliner for aktivitetar/opplevingar som ikkje gjeld symjing og kajakkpadling. Det er viktig at festivalen held fokus på symjing og fjordaktivitetar. Dette gjeld også ressursbruk. Satsing på andre opplevingar knytte til festivalen må avklarast og definerast. Vurdering av suksess i forhold til Mål 4: Å auka samarbeidet på tvers av kommunegrensene og visa at fjorden ikke skil, men er til felles glede. Resultat: - Innbyggjarar frå tre kommunar jobba og involverte seg i prosjektet. For enkelte var det første gongen dei viktja nabokommunen sin! - Festivalen samla ikkje lokale innbyggjarar berre i dugnadsarbeidet, men innbyggjarane deltok også i konkurransane eller var tilskodarar. - Festivalen samla tilreisande frå andre deler av Noreg og utlandet. - I etterkant av festivalen (seinare) blei alle involverte inviterte på eit fjordcruise og ei sosial samling som takk for innsatsen og for å demonstrere at fjorden er ein arena ein kan samlast på. Nøkkel til suksess: - Tydelig målsetting, definering av oppgåver, fordeling av ansvar, optimisme og trua på festivalen - Høg grad av autonomi innanfor felles målsetting. - Dugnadsinnsats og ynskje om å vise si bygd fram for andre - Attraktivt reisemål. Sognefjorden er marknadsført som verdas beste reisemål. Utlendingar vil besøka Fjord Norge. Festivalen er ein ekstra bonus. Utfordringar vidare: - Sikra økonomiske ressursar for at festivalen kan utviklast og koma i møte marknaden

sine krav, utan å tæra på lokale ressursar og dugnadsinnsats. - Involvere og koordinere endre flere medarbeidere for å sikre kvalitet og trygghet i alle aktiviteter knyttet til festivalen. - Vedlikehalda fellesskapen og interessa for samarbeidet og festivalen gjennom ein felles visjon og gjennom felles verdiar. - Prioriter styrking av gode arbeidsrutiner og effektiv organisasjonsstruktur. ØKONOMI: BUDSJETT: Budsjett pr. mars 2006 Min Maks Administrasjon 15 000 40 000 Markedsføring 30 000 65 000 Arrangement 60 000 100 000 Uforutsett 5000 10 000 Vidare satsing 20 000 Totalt 110 000 235 000 FINANSIERING: Finansiering 2006 forventa inntekter faktiske inntekter Balestrand kommune 25 000 25000 Leikanger kommune 25 000 15000 Vik kommune tilskudd 25 000 15000 S & FJ Fylkeskommune prosjektmidlar 80 000 60 000 sponsor midler 50 000 45 000 Arrangement, netto 30 000 67 000 Totalt 235 000 227 000

REKNESKAP: Admin 45 838 (timar pr. 150 kroner) Markedsføring 32 754 35000 629t Arrangement 96 730 63200 1592t Uforutsett Vidare satsing 35 000 Totalt 210 321 98200 333150 640 567 finansiering plan pr. mars 2006 samla post faktiske inntekter tilskudd 55000 estimerte sponsa verdier estimert dugnads investering total verdi prosjekt-midlar 60000 sponsor midlar 45000 Sponsa produkt 98200 Arrangement, netto 67000 Dugnad 333150 Renter 107 totalt 227107 98200 333 150 658 457 BALANSE 16 786 ANDRE AKTIVITETAR KNYTT TIL SOGNEFJORD SWIM FESTIVAL 2006 UK Cold Water Swimming Championships Sogn Fjordsymjeklubb og koordinator av Sognefjord Swim Festival deltok i meisterskapen UK Cold Water Swimming Championships arrangert av South London Swimming Club i januar 2006. Deltakinga blei brukt for å hente inn kunnskap om organisering av symjemeisterskap og for å marknadsføra Sognefjord Swim Festival. Deltakinga var innleiinga til nettverksbygginga mellom symjemiljøet og arrangørane av symjemeisterskapen i Storbritannia og fjordsymjemiljøet i Sogn. Under meisterskapen blei det også etablert kontakt med arrangørane av vintersymjingsmeisterskapen i Finland. Verdsmeisterskapen i vintersymjing, Oulu, Finland, mars 2006. Sogn Fjordsymjeklubb og festivalkoordinator av Sognefjord Swim Festival deltok i verdsmeisterskapen i vintersymjing i Finland. Sogn Fjordsymjeklubb blei inviterte til å halda foredrag om fjordsymjing og å promotera Sognefjord Swim Festival under verdsmeisterskapen i Oulu, Finland.

Deltaking og representasjon i både Finland og Storbritannia viste seg å være svært nyttig. Erfaring og kunnskap henta frå meisterskapane i utlandet blei brukte i planlegginga av Sognefjord Swim Festival 2006. Marknadsføringsverdien av oppholda var stor då internasjonale mediefolk og presse var til stades. Kontakteten med media under meisterskapane i London og Oulu førte til at Reuters bestemte seg for å reisa til Sognefjord Swim Festival i august 2006 og dekka festivalen. Nettverksbygging sikra ikkje berre god mediekontakt, men også rekruttering av symjarar til Sognefjord Swim Festival 2006. Under oppholdet i Oulu blei kontakt også med russiske symjarar og fagfolk oppretta. Nokon av russarane og finnane reiste til Noreg og deltok i Sognefjord Swim Festival 2006. NYE AKTIVITETER I 2007. 8-12. februar 2007 Finnish National Winter Swimming Championships Medlemer av Sogn Fjordsymjeklubb deltok i meisterskapen i vintersymjing i Finland, februar 2007. Medlemer var også nøkkelpersoner knytte til Sognefjord Swim Festival. Intensjonen bak å reise ut har vore å få innsikt i vintersymjing og andre arrangement som vil tilføra kunnskap og vera nyttig for planlegginga av Sognefjord Swim Festival 2007, men også med sideblikk til ei anna relevant oppgåve, å utvikla vintersymjing i Noreg. Meisterskapen i Finland i 2007 vart arrangert ved Ellivuori Skisenter (Vammala) i nærheten av Tampere. Det er ein nasjonal meisterskap, men ope også for utanlandske deltakarar og tilskodarar. Alle kan bli med, også dei som ikkje vil symja. 2007-2010: Vintersymjing i Noreg?

Vinterbading er ein etablert aktivitet i Finland, Sverige, Russland, Kina, Latvia og Nord- Amerika, men vinterbading er ikkje etablert på noko formelt vis i Noreg. Sogn Fjordsymjeklubb er ei av fleire grupper i Noreg som hoppar ut i kaldt vatn. Kanskje det er på tide å samla dei ulike regionale gruppene av issymjarar og stifta ein norsk meisterskap i vintersymjing? Da Mariia Yrjö-Koskinen, arrangøren av verdsmeisterskapen i vintersymjing vitja Sognefjord Swim Festival i august 2006, blei ho imponert over rammene til festivalen. Ho såg for seg utsiktene til å arrangera ein meisterskap i vintersymjing også i Sognefjorden. I september 2006 blei Sarah Jane Hails, festivalkoordinator og medlem av Sogn Fjordsymjeklubb kontakta og beden om å gå inn som medlem av eit nyetablert forum for tilskiping av internasjonale vintersymjingsmeisterskap. Hails takka ja og hadde eit møte med Yrjö-Koskinen i Finland i februar 2007. Vinterbading er helsefremjande, både fysisk og psykisk. Disiplinen knytt til meisterskap krev at ein stig ut i ferskt isvatn og sym ein distanse på ca. 25 meter. I Finland er det vanleg at over 1000 symjarar deltek i slike meisterskap. Sognefjord har rikeleg med kaldt vann og rom for overnatting. Den største utfordringa for etablering av vintersymjing i Sognefjorden er å snu haldninga hjå nordmenn: at vintersymjing er ein attraktiv syssel. Praktisk sett vil det krevja tilrettelegging av fjordområdet for kaldtvatnsymjarar, med til dømes badstu og garderobefasilitetar. Utvikling av vinterbading i Norge bør setjast opp som eige prosjekt. SOGNEFJORD SWIM FESTIVAL 2007 OG SOGN FJORDSYMJEKLUBB På statusmøtet for 2006, den 31. januar 2007, vart formaliteter og mål for tilskiping av Sognefjord Swim Festival 2007 drøfta. 22. februar 2007 vart Sogn fjordsymjeklubb stifta på Sognefjord Hotell i Leikanger. Sogn Fjordsymjeklubb er ein sjølvstendig interesseorganisasjon med mål om å etablere, utvikle og promotere friluftsymjing og fjordsymjing, kajakkpadling og andre fjordbaserte aktivitetar i Sogn. Klubben vil arrangere og vidareutvikle Sognefjord Swim Festival og liknande arrangement framover. Vi har også som mål å auke kunnskap om fjorden og jobbe for at fjorden takast aktivt i bruk på ein positiv, sosial og miljøvenleg måte. Vi ser fram til ei opplevingsrik framtid ved fjorden!