Interesselaget for farga spælsau Referat frå årsmøtet 2014 Årsmøtet med fagdag blei halde på Solstad Hotell på Gol, 25. og 26. januar 2014. Laurdag 25. januar Stein Terje Moen frå Norilia, ullstasjonen på Gol, heldt eit foredrag om situasjonen for den farga spælulla. Vi fikk ein god diskusjon om ullkvalitet og alternativ bruk for å auke verdiskapinga av den farga ulla. Nyvald leiar i avlsrådet, Ivar G. Slettemoen, innleidde til diskusjon om avlsarbeid generelt og tilhøvet mellom kvit og farga spælsau. Det kom klårt fram at viss farga spæl skal oppnå så høg O-indeks at dei kan få granskingstilskot etter krava som blir stilte, må ein bruke mykje kvit semin med høg indeks og krysse tilbake med farga dyr. Det var ei nyttig avklaring for oss alle at dette var premissane frå NSG i spørsmålet om granskingstilskot og felles kåringsreglar. Sundag 26. januar Arne Horge, hovslagar, sauebonde og forfattar, helsa forsamlinga med eit morosamt stykke frå saueleitinga i Hallingdal under tittelen: Himmel og helvete. Årsmøtet 1. Val av møteleiar og sekretær Møteleiar: Arne Vinje, sekretær: Kari Tellefsen. 2. Godkjenning av innkalling, fullmakter og saksliste Det var ingen merknader til innkalling og sakliste. Ingen fullmakter blei lagde fram. Det var i alt 13 medlemmer med røysterett på møtet. 3. Val av to personar som, saman med leiaren, skal skrive under protokollen Nils Audun Eide og Asbjørn Tautra. 4. Årsmeldinga for 2013 Nestleiaren, Ørjan Jacobsen, gjekk gjennom årsmeldinga. Årsmeldinga blei samrøystes godkjent. 5. Revidert rekneskap for 2013 Kasseraren, Kari Tellefsen, gjekk gjennom rekneskapen. Samrøystes godkjent.
6. Arbeidsplan og budsjett for 2013 Vedtatt arbeidsplan og budsjett er lagt ved. 7. Val Medlem i valnemnda, Arne Horge, la fram innstillinga ei frå samrøystes valnemnd. Leiar: Steinar Staaland, Buskerud ny for 1 år Styremedlem: Nils Per Igland, Aust-Agder ikkje på val Kari Tellefsen, Telemark ikkje på val Svein Magne Olsen, Hordaland ny for 2 år Olga Espevoll, Rogaland ny for 2 år Varamedlem: Eirin Rauø, Aust-Agder attval for 1 år Vinni Foss, Buskerud ny for 1 år Ørjan Jacobsen, Hordaland ny for 1 år Revisor: Alf Torstein Pettersen, Rogaland attval for 1 år Ken Lunn, Oppland attval for 1 år Revisor, vara Else Horge Asplin, Buskerud attval for 1 år Sigmund Åsgard, Hordaland attval for 1 år Valnemnd: Øyvind Utne, Hordaland, leiar, 1 år Arne Horge, Buskerud 2 år Erik Gustavsen, Hordaland 3 å 8. Fastsetjing av medlemskontingenten Kontingenten blir den same som tidlegare, 200 kroner. 9. Fastsetjing av eventuell godtgjersle for tillitsvalde Leiaren skal ha 1000 kroner, kasserar skal ha 2000 kroner i årleg godtgjersle. 10. Innkomne saker og saker som er nemnde i innkallinga Granskingstilskot eller tilskot til Interesselaget. Felles avlsmål og kåringsreglar. Interesselaget vil halde fast ved samarbeidsavtala som laget har med NSG som inneber tilskot til laget. Årsmøtet ser ingen hensikt i å takke ja til granskingstilskot for farga spælsau når krava til O-indeks ved kåring er så strenge at nesten ingen lam vil bli kåra, og nesten ingen vêrar vil få tilskot. Viss farga spæl skal oppnå så høg O-indeks at dei kan få granskingstilskot etter dagens krav, må ein bruke mykje kvit semin med høg indeks og krysse tilbake med farga dyr. Årsmøtet vonar at Norsk Sau og Geit og Interesselaget for farga spælsau på sikt kan bli samde om kriteria for granskingstilskot som er mogeleg å oppfylle utan at den farga spælsauen mister særpreget.
Avlsmål Framlegg til avlsmål blei samrøystes vedtekne, fylgjer vedlagt. Vinje 4. februar 2014 Kari Tellefsen, referent Steinar Staaland Nils Audun Eide Asbjørn Tautra
Stein Terje Moen frå Norilia, Gol, blir takka av Ørjan Jacobsen for inspirerande foredrag. ARBEIDSPLAN 2014 1. Fagmøte 2. Opprette arbeidsgruppe for inntak av seminvêrar. 3. Arbeide for å betre rammevilkåra for den farga spælsauen. 4. Medlemsverving 5. Kontakt med medlemmene: - heimeside - informasjonsskriv til medlemmene +diverse 6. Holde kontakt med viktige fagmiljø t.d. innan ull. 7. Kontakt med heile spælmiljøet med sikte på opprydding i fargekoding og kåringsreglar. 8. Arbeide for at fleire ringer granskar farga spæl 9. Jobbe for medlemsfordelar. t.d. skinn.
BUDSJETT 2014 Inntekter: Inntekter medlemskap kr 200,- x 110 kr 22 000,- Inntekter fra NSG kr 100,- x 80 kr 8 000,- Sum inntekter kr 30 000,- Kostnader: Medlemsmøter inkl. årsmøte kr 5 000,- Styremøter kr 10 000,- Porto kr 2 000,- Kopiering kr 2 000,- Drift av hjemmeside kr 5 000,- Godtgjørelse styreleder kr 1 000,- Kontorgodtgjørelse kr 1 000,- Diverse utgifter kr 4 000,- Sum kr 30 000,- AVLSMÅL Hovudmål: Ein robust og lønsam spælsau med dei fargane som naturleg høyrer til rasen. Funksjon:. Ha lette lammingar og livskraftige lam, Vera god lammemor, Ha tenelege beitevanar og eit sterkt flokkinstinkt,
Ha eit triveleg og vaktsamt lynne. Produksjon: To lam av vaksen søye, Ha god mjølkeevne, særleg om våren og utover forsommaren, Ha god kjøtsetnad og moderat feittmengde, Ha slaktemogne lam rett frå utmarksbeite, Ha stor yteevne i høve til morsvekt. Idealvekt for vaksen søye om hausten, ca 70kg. Eksteriør: Ha teneleg jurform med høveleg store og velplassera spenar, Ha smekker beinbygnad og god beinstilling, Ha fint spælpreg med kort, ullfri hale, små øyre og pannedusk, Ha lang og glansfull dekkull og finfibra botnull. Fellen kan ha alle fargekombinasjonar.