Vedlegg 1 TILBODSDOKUMENT Modulbygg Kvam herad, teknisk drift 2016 Sak 16/978 Tilbodsfrist: 19.04.2016 kl. 15:00
1.0 ORIENTERING OM PROSJEKTET Kvam herad teknisk drift er i gang med utvikling av infrastruktur og bygg for sine aktivitetar. Lokalisering er nær sentrum av Norheimsund på heradet si tomt bak Kvam Auto. Del av utviklinga er å etablera eit nytt modulbygg for å ivareta funksjonar som kantine, garderobar og våtrom for driftsmannskapet på minst 25 personar. Det er ønskjeleg å ha modulbygget på plass innan første halvdel av juli 2016. Ei løysings-skisse er vist i denne invitasjonen, men tilbydar kan også ha andre løysingsforslag som kan vera interessante for å dekka oppdragsgjevar sitt behov. Ein forutset at modulbygget vert knytt saman med verkstadsbygget med eit mellombygg. Mellombygget er ikkje med i denne leveransen. Tilkomst til tomta er god, og det er tilstrekkeleg med navigasjonsrom for store køyretøy der modulbygget er tenkt oppført. Tilbydar må forhalda seg til at det vil vera normal drift på området i byggjefasen. På kartskissa er vist to moglege plasseringsalternativ der endeleg val er avhengig av kva løysing som vert tilboden.
2.0 PLANLEGGING OG GJENNOMFØRING Tilbydar er ansvarleg for at ferdig utført bygg tilfredsstiller gjeldande krav og forskrifter. P.g.a. kort gjennomføringstid kan det vera aktuelt å nytta eksisterande/brukte modulhus. Desse må tilpassast funksjonskrava i tilbodskonkurransen, og skal vera prega av heilskaplege kvalitetesmessige løysingar og solid handverk. Kvam herad som oppdragsgjevar er ansvarleg for å leggja fram vatn og avløpsleidning til tomta samt etablera ringmur ut frå tilbydar sine målsette skisser. Tilbydar kan forutsetja at oppdragsgjevar masseutskiftar areal under modulhus før montering viss dette er nødvendig. 2.1 FRAMDRIFT Framdrift i prosjektet er tenkt slik: Tilbodsgrunnlag ferdig: 18.3. 2016 Tilbodsrunde: 18.3.2016-19.04.2016 Tilbodsvurdering og kontrahering: 26.04.2016 Søknad om byggjemelding send: 03.05.2016 Tomt klargjort for start montasje av modulhus: ca. 14.06.2016 Modulhus klart til innflytting: ca 06.07.2016 2.2 FUNKSJONSKRAV Funksjon/areal: - kantine med kjøkkenbenk m underskap og oppvask-kum, og kjøleskap, areal ca 55-60 m2.
- Reinhaldsrom med utslagsvask og uttak for vaskemaskin, ca 4-5 m2-2 toalett, av desse minst eit HWC med dusj - Garderobeplass for minst 25 personar, 2-3 handvaskar/vaskerenne i stål - 2 mindre garderobe m tørk og handvaskar Utstyr: - Kantine: kjøkkenbenk m underskap og oppvask-kum, kjøleskap og ønskjeleg med plass for oppvaskmaskin - Data: 2-3 data-uttak i kantine (tilkopling i loft i nabobygg). Luftbehandling, belysning og brannsikring: skal tilfredsstilla gjeldande krav. Lysstyring: rørsle-sensorar er ønskjeleg. Andre løysingar må opplysast om i tilbodet Varmepumper: varmepumper for oppvarming er ønskjeleg. Tilbydar må opplysa om kva varmeanlegg som vert tilbode. Brannvarsling: Tilbydar må opplysa om kva brannvarslingsopplegg som vert tilbode. Universell utforming: Gjeld generelt. Evt utvendig rampe for tilkomst vert utført av oppdragsgjevar etter at bygget er montert. 2.3 TRYGGLEIK, HELSE OG ARBEIDSMILJØ (SHA) Reint og tørt bygg er vesentlege mål i byggjefasen. Byggjeprosess skal sikra mot fuktinntrenging og innebygging av fukt og støv i byggjeperioden. Reint bygg: byggreinhald i byggjeperioden (rydding og reinhald). Rutinar skal utarbeidast, godkjennast av oppdragsgjevar, og følgjast Avsluttande byggreingjering før overlevering: bygget skal vera ferdig utvaska klart til bruk ved overlevering Avfallshandtering: tilbodet skal inkludera etablering og drifting av avfallsstasjon på byggjeplass. Totalentreprenør kan om ønskjeleg nytta heradet sine avfallcontainarar på byggjeplassen. Handtering av evt spesialavfall er entreprenøren sitt ansvar, og kan ikkje leggjast i heradet sine avfallscontainarar. Sikring av arbeidsplass: Byggherreforskrifta gjeld for gjennomføring av prosjektet.. Alle kostnader for sikringstiltak skal vera inkluderte i tilbodet. 2.4 FORSIKRING Tilbodet skal inkludera forsikring av arbeid og ansvarsforsikring i samsvar med NS 8407, og forsikringsbevis skal framsendast til oppdragsgjevar innan oppstart av kontraktsarbeidet. Byggherren teiknar ikkje forsikring.
2.5 FAKTURERING Fakturering skal skje etter kontraktsfesta betalingsplan. Forfall: netto pr 30 dagar. Bank-garanti eller annan tilfredsstillande garanti i samsvar med NS 8407 skal føreliggja før utbetaling av første faktura. 2.6 ENDRINGSHANDTERING Totalentreprenør skal varsla skriftleg (epost ikkje tilstrekkeleg) dersom det oppstår forhold som ikkje er i samsvar med kontraktsføresetnadene. Rutinar for varsling følgjer kontraktsvilkåra i NS 8407. 2.7 MØTE Oppstartsmøte: ved oppstart av kontraktsarbeid kallar Totalentreprenør inn til oppstartsmøte. Oppstartsmøte går gjennom SHA-plan/rutinar, prosjekt-organisasjon, framdriftsplan etc. Byggjemøte: haldne etter behov, frekvens vert avtala ved oppstart 3.0 TILBODET Tilbodet skal omfatta ein komplett leveranse av ferdig oppsett modulbygg klar til bruk. Evt. atterhald skal vera prisa slik at oppdragsgjevar kan samanlikna tilboda. Tilbodet skal inkludera alt av stillas og hjelpemateriell, reise- og kostgordtgjerdsle, brakker, containarar, naudsynt verktøy og maskiner, transport. Straum og vatn kan hentast ut etter avtale i tilstøytande bygg utan kostnad for Totalenreprenør i byggjeperioden. Eiga brakke og evt avfallscontainarar kan etter avtale plasserast på tomta. Totalentreprenør skal stå som ansvarleg søkjar for tiltaket, men byggjesaksgebyr skal ikkje vera inkludert i tilbodet. Evt prosjektering av leveransen skal vera inkludert i tilbodssum. Kontrakt vil verta inngått basert på NS 8407 om ikkje anna vert avtala. Viser elles til konkurransegrunnlaget som spesifiserer generelle krav til tilbydar. Tilbydar står fritt til å levera tilbod på: Nye modular og/eller fint brukte modular, men dette må gå klart fram av tilbodsdokumenta. Viss tilbodet gjeld brukte modular, må desse dokumenterast ved fotos eller liknande tilstrekkeleg til at oppdragsgjevar kan evaluera kvaliteten (produksjonsår, tidlegare bruk etc). Oppdragsgjevar skal ha rett til å synfara brukte modular etter behov.
Tal på veker frå kontrakt til oppstart: Nye modular veker Brukte modular:. veker Tal på veker frå oppstart til ferdigstilling: Nye modular veker Brukte modular:. veker Samla tilbodssum eks mva: Alternativ 1 nye modular: Alternativ 2 brukte modular: + 25% mva: Alternativ 1 nye modular: Alternativ 2 brukte modular: Tilbodssum inkl mva: Alternativ 1: nye modular: Alternativ 2: brukte modular: Underskrift og stad: Firmastempel