Norrønt språk Stort valemne: 10 studieponeg (NOSP120-F, svarar til NOFI 111) Fjernord vårsemesteret 2004 (26.11.03, OEH; 2.1.06 IU)
Norrønt språk NOFI111/NOSP120-F, Fjernord våren 2004 Norrønt språk Innhald Dette kurset skal gje grunnleggjande kunnskapar om norrøn fonologi, morfologi og syntaks. Fonologien har eit språkhistorisk perspektiv, slik at det blir mogleg å forstå korleis vokalsystemet har utvikla seg, og korleis omlydane har medverka til det. Morfologien kan i høgare grad studerast på synkront, norrønt grunnlag. I syntaksen er hovudvekta lagd på fem sentrale emne: (1) kasusbruk, (2) verbets refleksivform, (3) akkusativ med infinitiv, (4) subjektlause setningar og (5) konjunktiv. Dei grammatiske kunnskapane gjev det nødvendige grunnlaget for å studiet av norrøn tekst i original språkform. Tekststudiet omfattar relativt lette prosatekster i normalisert ortografi. Studieråd Kurset byggjer på forprøva i fonetikk og språkvitskap. Dei viktigaste emna frå denne forprøva er likevel tatt med i to generelle kapittel i Grunnbok i norrønt språk. Kapittel 2 presenterer dei viktigaste fonologiske omgrepa og kapittel 5 dei viktigaste morfologiske omgrepa. Kapittel 1 er ikkje ført opp som pensum, men det bør likevel lesast som bakgrunnsstoff. Den norrøne morfologien kan til å byrje med verke overveldande. Det er ikkje tale om å lære alle paradigma utanboks, men det er ikkje til å kome utanom at delar av formverket må studerast inngåande. Sjølv med hjelp av ordbok og bøyingsskjema vil ein bli ståande fast, om ein ikkje har eit visst oversyn over formverket. I tekststudiet blir dei grammatiske kunnskapane aktualiserte. Her er det viktig å gjere seg kjent med Norrøn ordbok. Dette er eit uunnverleg hjelpemiddel, og det er også høve til å bruke denne ordboka under skriftleg eksamen. Legg særleg merke til korleis verba er oppførte og forklarte i ordboka. Ofte gir verbet nykelen til å forstå heile setninga. Mål Når du er ferdig med dette kurset, skal du kunne gjere greie for systematiske drag i norrøn fonologi og morfologi (Det siste punktet inneber at du skal kunne bestemme norrøne ordformer morfologisk, dvs. grammatisk form, ordklasse og oppslagsform.) ha kjennskap til sentrale syntaktiske eigenskapar ved norrønt språk kunne lese og skjøne eit utval på om lag 30 sider med norrøn tekst i original Teoripensum Odd Einar Haugen: Grunnbok i norrønt språk. 4. utg. Oslo 2001. Kapitla 3 til og med 12; kapittel 13, underpunkta 13.4 og 13.5; kapitla 14 og 15; kapittel 17, underpunkta 17.2, 17.6 og 17.8. Alle avsnitt i petit går ut av pensum. [Dersom de har eldre utgåver, bør de ta kontakt med faglæraren eller fjernord@uib.no får å få råd.] 2
Tekstpensum Snorri Sturluson: Óláfs saga ins helga. Kapitla 112 113, 175 176 og 188 190. Utg. Norrøne tekster i utval ved Odd Einar Haugen (Oslo 1994), s. 101 119. Snorri Sturluson: Edda ( Gylfaginning ). Kapitla 44 til og med 50. I kap. 44 byrjar pensum med avsnittet fiat er upphaf flessa máls. Utg. Norrøne tekster i utval ved Odd Einar Haugen (Oslo 1994), s. 55 77. Tveggja elskanda ljó i Strengleikar. Utg. Norrøne tekster i utval ved Odd Einar Haugen (Oslo 1994), s. 283 287. Merk at alle skaldestrofene kan lesast i omsetjing. Læremiddel Odd Einar Haugen: Grunnbok i norrønt språk. 4. utg. Oslo 2001. Også 2. og 3. utgåve av denne boka kan brukast. Norrøne tekster i utval. Ved Odd Einar Haugen. Oslo 1994. Odd Einar Haugen: Merknader til tekstpensum i norrønt. Bergen 1994. Leiv Heggstad, Finn Hødnebø og Erik Simensen: Norrøn ordbok. 4. utg. Oslo 1990. Også 3. utgåve av denne ordboka kan brukast. Video 8: Norrøn tekstlesing Audio 22: Norrøn grammatikk Dataprogram: Norrøne dataoppgåver. Desse kan lastast ned gratis frå denne nettsida: http://www.hf.uib.no/i/nordisk/grunnbok/dataprogram/nedlast.html Videoførelesing Video 8: Norrøn tekstlesing Førelesar: professor Odd Einar Haugen, Universitetet i Bergen Denne videoførelesinga skal gje nokre råd om korleis ein kan arbeide med norrøn tekst. Dei ulike læremidla blir presenterte: grammatikken, tekstsamlinga, ordboka, merknadsheftet og dataprogrammet. Deretter blir eit lite stykke tekst frå Tveggja elskanda ljó gjennomgått (Norrøne tekster i utval, s. 287, linje 24 28). I denne videoførelesinga er hovudvekta lagt på å vise korleis ein skal resonnere når ein skal lese og omsetje ei norrøn tekst. Utgangspunktet er at kvart ord i teksta må kunne analyserast morfologisk kva for bøyingsform er det, og kva er oppslagsforma i ordboka? Videoførelesinga viser korleis ein kan gå fram når ein møter ulike typar av ord substantiv i bestemt og ubestemt form, adjektiv, sterke og linne verb, j- og v- innskot osv. Førelesinga illustrerer at norrønt er eit dødt språk, og at vi må gå meir analytisk til verks enn vi kunne ha gjort med eit levande språk. Men nettopp jakta på den underliggjande logikken byr på spennande utfordringar. Og gjennom arbeidet med å omsetje teksta vil ein også sjå at det grammatiske studiet er ei opning mot den litterære tolkinga av tekstene. 3
Norrønt språk NOFI111/NOSP120-F, Fjernord våren 2004 Audioførelesing Audio 22: Norrøn grammatikk Førelesar: professor Odd Einar Haugen, Universitetet i Bergen Emnet for denne førelesinga er å gje eit fugleperspektiv på heile den norrøne grammatikken. Etter ein kort gjennomgang av termen norrønt blir dei tre hovuddisiplinane i grammatikken presenterte: fonologi (lydlære), morfologi (formlære) og syntaks (setningslære) Gjennomgangen av fonologien fokuserer på vokal- og konsonantsystemet frå ein synkron synsvinkel, dvs. slik systema var på 1200-talet, i det vi kan kalle klassisk norrønt. Vokalsystemet var då delt i eit rikt trykksterkt system med i alt 16 fonem og eit tilsvarande lite trykklett system med berre tre fonem. For å forstå utviklinga av vokalsystemet blir også dei tre omlydane forklarte: a-, i- og u-omlyden. Dette er eit diakront perspektiv (ein kunne også kalle det språkhistorisk), og det illustrerer at diakroni og synkroni ofte utfyller kvarandre. Endeleg blir det lagt vekt på å vise at norrønt hadde ein rikare stavingsstruktur enn dei fleste dialektar av moderne norsk; norrønt har både korte, normallange og overlange stavingar. Morfologien dannar den største delen av den norrøne grammatikken, rett og slett fordi orda har fleire bøyingsformer enn moderne norsk. I audiogrammet blir hovudvekta lagt på å vise kvifor det er nødvendig å operere med fonologiske reglar i bøyinga. Dette blir illustrert med to eksempel, som også er å finne i læreboka, substantiva hestr og aptann. Bøyinga av hestr skjer utan bruk av fonologiske reglar, men for å kunne setje opp bøyinga av aptann, må vi anten rekne med ei rekkje avvik eller vi må innføre fonologiske reglar. Det siste gir den mest økonomiske framstillinga, og er derfor valt i læreboka. Vidare blir ordklasseinndelinga kommentert, ettersom ei inndeling av morfologien etter ordklasser ikkje fell saman med ei inndeling etter bøyingstypar såleis førekjem den adjektiviske bøyinga ikkje berre i adjektiva, men også i verbpartisippa og dei fleste determinativa. Syntaksen blir presentert frå ein kontrastiv synsstad. Utgangspunktet er at norrønt og moderne norsk ikkje er ulike språk, men ulike steg av same språket. Kanskje den viktigaste skilnaden ligg i kasussystemet. Kasus blir forklart gjennom semantiske roller, og eit utval av slike roller blir presenterte; jf. kap. 13.5 i læreboka. Dernest blir tre ulike bruksmåtar av kasus forklarte: den nominale bruken, eksemplifisert med fordelinga av kasus på setningsledda subjekt, direkte og indirekte objekt; den attributive bruken, som er typisk for genitiv, ein kasus som primært uttrykkjer underordning mellom nominale ledd; og endeleg den adverbiale bruken, typisk for dativ, som m.a. uttrykkjer måte, eigenskap og reiskap. 4
Dataoppgåver Forfattar: professor Odd Einar Haugen, Universitetet i Bergen Dataprogrammet i norrønt inneheld fem typar av oppgåver: 1. Kasusstyring i desse oppgåvene skal du svare på kva for kasus ulike preposisjonar og verb styrer. 2. Klassifisering her skal du bestemme grammatisk form, oppslagsform og bøyingsklasse til eit utval verb, substantiv og adjektiv. 3. Fonologiske reglar desse oppgåvene inneber at du skal bestemme kva for reglar som har produsert eit utval av overflateformer, t.d. *stól+r > stóll. 4. Bøyingsoppgåver her skal du skrive inn utvalde bøyingsformer av substantiv, verb og adjektiv. 5. Utfyllingsoppgåver her får du sjå ei fullstendig setning men eitt ord manglar, og du får berre vite oppslagsforma til dette ordet. Du skal sjølv skrive inn den rette bøyingsforma Felles for alle oppgåvene er at dei byggjer på konkrete eksempel frå tekstpensumet, og det blir alltid gitt side- og linjereferanse til Norrøne tekster i utval. På denne måten får du også gjort deg kjent med delar av tekstpensumet. I kvar oppgåve kan du velja mellom to typar av respons: Sjekk og Vis fasit. Når du klikkar på Sjekk, får du berre vite om svaret er rett eller feil. Vis fasit gir eit fullstendig svar, som oftast med tilvising til læreboka, og kan også kommentere særlege problem i oppgåva. Frå alle desse oppgåvene kan du gå vidare til ein minigrammatikk, som viser alle dei større bøyingsklassene av substantiv, adjektiv og verb. I tillegg inneheld programmet ein fullstendig tekstkommentar til Tveggja elskanda ljó, der kvart enkelt ord er analysert morfologisk, dvs. at du får vite grammatisk form, oppslagsform og ordklasse. Denne analysen kjem opp i ei eiga ruta når du klikkar på eit fritt valt ord i teksta. Også her kan du gå vidare til minigrammatikken, som nemnt ovanfor. Nedlasting: http://www.hf.uib.no/i/nordisk/grunnbok/dataprogram/nedlast.html 5