Institutt for lingvistiske og nordiske studium Det humanistiske fakultet Universitetet i Oslo Til: Frå: Instituttstyret Instituttleiar Sakstype: V-sak Møtesaksnr.: V-4 Møtenr.: 3/2014 Møtedato: 10.06.14 Notatdato: 03.06.14 Arkivsaksnr.: Sakshandsamar: Jan Halvor Undlien Vidare forvaltning og drift av samlingane knytte til leksikografi og namnegransking Bakgrunn Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Universitetet i Oslo har i dag ei rekke ulike samlingar knytte til leksikografi og namnegransking. Desse samlingane består av både eldre fysiske arkiv og elektronisk materiale (både digitalisert og digitalt utvikla). I nær tilknyting til den nynorske delen av ILNs samlingar har instituttet også vore prosjekteigar for ordboksprosjektet Norsk Ordbok 2014, som etter planen blir avslutta eit par månader inn i 2015. Dei ressursane som har vore utvikla innanfor dette prosjektet vil etter prosjektslutt også bli ein del av ILNs samlingar. I tillegg er det tett samband og overlapping mellom samlingane slik dei er avgrensa her og ressursane som er knytte til Tekstlaboratoriet og Eining for digital dokumentasjon (EDD). Det nåverande instituttstyret ved ILN har diskutert samlingane ved fleire høve gjennom det siste året, første gong på styreseminaret 4. - 6. september 2013. På dette seminaret blei også utvikling av stillingsplan 2014-2016 (som ILN-styret vedtok 9. desember) drøfta for første gong, og i denne diskusjonen var samlingane eit tema. I november 2013 sette instituttleiar ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere den forskings- og undervisningsmessige verdien av samlingane, og i kva grad dei faktisk er i bruk blant dei vitskapleg tilsette på instituttet. Rapporten blei lagt fram i mars 2014, og var oppe som diskusjonssak på ILNs styremøte 31. mars 2014. Spørsmålet om vidare drift og forvaltning av ILNs samlingar har også vore diskutert med organisasjonane på to møte, 4. desember 2013 (i samband med stillingsplan 2014-2016), og 29. januar 2014 (om moglege løysingar for drift og forvaltning utanfor ILN). Instituttleiar har også hatt to drøftingsmøte om saka med dei fast tilsette i dei to fagmiljøa (15. november 2013 og 11. februar 2014). Økonomi UiO, HF og ILN bruker i dag relativt store ressursar på forvaltning og drift av samlingane ved ILN. Anslaget for 2014 er omlag 19 millionar. Utgiftspostane fordeler seg som følgjer:
2 Bidrag frå UiO/HF/ILN 2014 Midlar til NO2014 frå HF/UiO: 3 938 000 Lønnsmidlar stillingar ILN: Leksikografi og namnegransking 7,5 årsverk 6 213 000 EDD, 1 årsverk pr. år 727 000 Husleige/overhead/indirekte kostnader av 8,5 årsverk årleg 1 700 000 Indirekte kostnader på prosjektet NO2014: Om lag 28 årsverk * 200 000,- pr. år 5 600 000 Driftspostar (småforsk) 200 000 Namnegransking og leksikografi: Drift EDD 200 000 Husleige samlingane (magasiner) 450m2 255 000 Ordbanken: Møter og komitear 50 000 Sum totalt 18 883 000 Fagmiljøa i leksikografi og namnegransking spelte inn at det i inneverande stillingsplanperiode ville vere behov for til saman seks stillingar. Det er rimeleg å tru at dette talet representerer dei to miljøas minimumsanslag for kva som må til for å drifte og forvalte samlingane framover. Dette representerer ei betydeleg binding av ressursar over ein lang tidsperiode (sannsynlegvis 25-35 år, dersom ein reknar ein alder på 35 45 år for dei som blir tilsette) og utgjer slik ein vesentleg faktor for eit styre som «har ansvar for å fastlegge overordnede mål, prioriteringer og strategier for virksomheten» 1. Primær og sekundær bruk av samlingane Sjølv om samlingane representerer eit mangslunge materiale (sjå arbeidsgruppas rapport for eit oversyn), er det liten tvil om at primærbruken av dei innanfor leksikografi har vore å lage ordbøker. Dette syner også det historiske opphavet til samlingane, arbeidet gjennom store delar av 1900-talet med Gammelnorsk ordbok, Det norske litterære ordboksverk og Norsk ordbok. Innanfor namnegransking har studiet av bustadnamn hatt ein stor plass, og samlingane her har vore grunnlag for fleirbandsserien Bustadnamn i Østfold. Også diskusjonar og prosjekt rundt framtidig bruk av samlingane har i stor grad vore knytte til eventuell framtidig produksjon av ordbøker, på nett og/eller papir, t.d. det påtenkte BRO-prosjektet 1 (http://www.hf.uio.no/iln/om/organisasjon/styret/)
3 (Bokmålets og riksmålets ordbase) og moglege prosjekt på nynorsksida etter at prosjektet NO2104 vert avslutta med utgjevinga av det tolvte og siste bandet i Norsk ordbok februar 2015. I tillegg til dette primære bruksområdet, har samlingane òg vore nytta som grunnlag for andre vitskaplege publikasjonar, først og fremst innanfor desse to fagområda. Nytteverdi og faktisk bruk Rapporten frå arbeidsgruppa som vurderte den forskings- og undervisningsmessige verdien av samlingane konkluderte med at dei har ein nytteverdi innanfor dei to områda. Samtidig kom det fram at samlingane i liten grad er i faktisk bruk innanfor desse to hovudoppgåvene for universitetsverksemd. Eit spørsmål som rapporten ikkje tar opp, men som også har relevans i denne samanhengen, er kor mange av ILNs fagområde samlingsressursane er relevante for. ILN har følgjande fagområde: lingvistikk, nordisk språk (herunder leksikografi og namnegransking), nordisk litteratur, Ibsen-studiar, mellomalderstudium, og retorikk og språkleg kommunikasjon. I tillegg har instituttet eit senter for framifrå forsking, MultiLing, som har fleirspråklegheit som sitt hovudfokus. Av desse fagområda er det først og fremst innanfor nordisk språk samlingane er relevante. I tillegg kan dei vere relevante for tilsette på mellomalderstudium og lingvistikk som arbeider med problemstillingar som kan undersøkast ved hjelp av dette materialet. MultiLing har eit forskingsfokus som gjør samlingane mindre relevante som forskingsmateriale. Alt i alt er altså samlingsressursane potensielt nyttige for somme, men langt frå alle, av instituttets fagområder. Og faktisk bruk reflekterer at det også innanfor desse fagområda er avgrensa kor mykje nytte samlingane har for dei vitskapleg tilsette ved ILN. Instituttleiars vurdering Innan utgangen av 2020 har 7 av dei 7,5 tilsette ved samlingsmiljøa gått av for aldersgrensa. Seks av desse går av innan utgangen av 2018. I instituttets stillingsplan for 2014-2016 blir det slått fast at det ikkje vil bli nye tilsettingar på dei to fagområda leksikografi og namnegransking i denne perioden. Vidare vil ressursane som har vore utvikla innanfor prosjektet NO2014 etter prosjektslutt i 2015 inngå som ein del av ILNs samlingar. Det er derfor eit riktig tidspunkt å ta ei avgjerd om ILN fortsatt skal drifte og forvalte samlingane. Mot denne bakgrunnen er det eit sentralt spørsmål om ILN skal prioritere som ei av sine hovudoppgåver å forvalte og drifte samlingar som primært tener som grunnlagsmateriale for å dokumentere ord og namn gjennom ordbøker og namnefaglege oppslagsverk. Eit argument for at ILN skulle prioritere dette ville vere at dei var ein ressurs innanfor ILNs forsking og undervisning. Rapporten som blei lagt fram i mars 2014 har vist at dei har eit potensial for dette. Samtidig kom det fram at samlingane i liten grad er i bruk til desse to hovudoppgåvene. Dette reiser eit nytt spørsmål - om ILN i åra som kjem skal leggje ressursar ned i å halde ved like samlingar som det er mogleg at nokon kan bruke til forsking og undervisning, heilt uavhengig av utdannings- og forskingsmessige prioriteringar. Til hausten legg regjeringa fram ein langtidsplan for høgare utdanning. Alt i januar i år kunngjorde forskingsminister Thorbjørn Røe Isaksen at ressursinnsatsen dei komande åra vil bli retta inn mot seks område. Eit av desse er utvikling av fleire verdsleiande forskingsmiljø. Universitetet i Oslo har på si side tatt mål av seg å bli eit internasjonalt toppuniversitet (Strategi 2020, s. 4). Strategi 2020 slår også fast at lektorutdanninga ved UiO skal hevast til eit internasjonalt nivå. Mot denne bakgrunnen blir det viktig for
4 instituttet å prioritere på ein slik måte at eksisterande spissmiljø ved instituttet blir styrka og at nye miljø kan utviklast på grunnlag av desse, samtidig som dei utdanningane instituttet tilbyr gir eit tilstrekkeleg stort og tilstrekkeleg stabilt økonomisk grunnlag for å gjøre strategiske satsingar for dei neste tiåra. ILN bidrar på utdanningssida tungt til UiOs lektorutdanning. Instituttet har vidare to spissmiljø innan forsking. Det eine er MultiLing, som er eitt av to senter for framifrå forsking ved det Humanistiske fakultet. Det andre miljøetmiljøet er knytt til fleire av dei vitskapleg tilsette i nordisk litteratur og Ibsen-studiar. DetIbsenstudiar. Dei sistnemnde er involvert i to store prosjekt, det tverrfaglege Scandinavian Narratives of Guilt and Privilege in an Age of Globalization (finansiert av HF), og søsterprosjektet Scandinavian Post-1989 Narratives of Guilt and Privilege: Men at War, Global Women, and Sacrificed Children (finansiert av NFR). Det siste prosjektet nådde svært høgt opp i ein ERC-søknad, utan å få tilslag. Det er viktig at instituttet tar signala frå universitetsleiinga (UiO skal bli eit internasjonalt toppuniversitet) og frå regjeringa (Noreg skal utvikle fleire verdsleiande forskingsmiljø) på alvor. Den einaste måten å gjøre dette på er gjennom ei målretta satsing på gode forskingsmiljø innanfor instituttets fagområde. Samtidig er ILN ein vesentleg bidragsytar inn mot UiOs lektorutdanning, og både ut frå strategiske føringar ( lektorutdanninga ved UiO skal hevast til eit internasjonalt nivå ) og det faktum at utdanningsdelen av verksemda vår er svært viktig for instituttets langsiktige økonomi, er det viktig at instituttet også satsar her. Dette vil også vere i tråd med Lov om universitet og høgskular, 1-1, som slår fast at våre hovudoppgåver skal vere forsking, undervisning og formidling. Det er viktig at ressursane blir brukte på ein måte som støttar opp under desse hovudoppgåvene. Sett mot denne bakgrunnen blir spørsmålet om vidare drift og forvaltning av ILNs leksikografiske og onomastiske samlingar strategisk svært viktig. Instituttstyret må i denne samanhengen ta stilling til følgjande spørsmål: Skal ILN for dei neste 20-30 åra prioritere å forvalte og drifte samlingar som primært tener som grunnlagsmateriale for å dokumentere ord og namn gjennom ordbøker og leksika? Svaret på dette spørsmålet er avgjørande for handlingsrommet når styret skal ta strategiske val som stakar opp retninga for den faglege verksemda til instituttet dei neste tiåra. Om svaret blir ja, er det viktig å ha på det reine at dette inneber at vesentlege ressursar blir tatt bort frå område som både er viktig for ILNs økonomi (utdanning) og som er strategisk viktige ut frå overordna føringar (å utvikle fleire spissmiljø og slik bidra til at UiO blir eit internasjonalt toppuniversitet). Dersom styret vel å prioritere samlingane, vil ILN måtte tilsette tilsterekkeleg vitskapleg personale med hovudvekta av arbeidet sitt innanfor forsking og samlingsarbeid (slik som dei stillingane vi har i dag på dei to fagområda). Dette vil då vere stillingar som ikkje bidrar med undervisning, som er den viktigaste faktoren i ILNs finansieringsgrunnlag (om lag 58 % av finansieringa i 2014, når strategiske satsingar som MultiLing, EDD, Tekstlaboratoriet og Senter for Ibsenstudium blir haldne utanfor). Ei vidare satsing på samlingane inneber også at instituttet må leggje betydelege ressursar inn i teknisk personale, sidan moderne samlingsforvaltning krev høg teknisk ekspertise. ILN har til ein viss grad slik
5 ekspertise i dag, men ikkje tilstrekkeleg til å sikre ei forsvarleg drift og forvaltning for dei neste 20-30 åra. Til sist vil det vere nødvendig å ruste opp leiing og administrasjon på ein måte som gjør instituttet rusta til å handsame lovmessige problemstillingar knytte til mellom anna immaterielt eigarskap og lisensiering av tilgangar til innhaldet i samlingane, samt sal av desse tilgangane. Avslutningsvis er det viktig å få fram at det overordna fagområdet som er representert ved samlingane, nordisk språkvitskap, ikkje vil bli borte sjølv om instituttet ikkje lenger kjem til å drifte og forvalte samlingane. Det er fult mogleg at instituttet i framtida vil kunne ha vitskapleg tilsette i nordisk språkvitskap med ei spesialisering innanfor t.d. namnegransking, jf. den siste utlysninga på feltet, som nemner namnegransking som eit av fagets kjerneområder. På den andre sida vil det vere lite aktuelt for instituttet å ta ansvar for å lage ordbøker i ei framtid der det ikkje har ansvar for drift og forvaltning av samlingane. FRAMLEGG TIL VEDTAK: Instituttstyret vedtar at ILN ikkje skal ta ansvaret for vidare forvaltning og drift av samlingane knytte til leksikografi og namnegransking etter at det pågåande prosjektet Norsk Ordbok 2014 blir avslutta. Instituttstyret gir instituttleiar fullmakt til å kontakte aktuelle eksterne institusjonar for å informere om at ILN ikkje lenger tar på seg ansvaret for forvaltning og drift av samlingane i leksikografi og namnegransking, og oppmode til at det blir funne ei hensiktsmessig løysing for desse samlingane. Dersom dette ikkje skulle føre fram vil instituttet sørgje for at samlingane blir deponerte på ein forsvarleg måte i samsvar med statlege retningsliner og forskrifter.