Rapport studiereise,usa sommaren 2008



Like dokumenter
mmm...med SMAK på timeplanen

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Los Angeles og Hawaii

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

California State University Northridge Av Silje Vågen

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Samansette tekster og Sjanger og stil

Stadbasert entreprenørskap og læring

Los Angeles og Hawaii

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

TEMA. Stryn

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Med god informasjon i bagasjen

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Til deg som bur i fosterheim år

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

SULA KOMMUNE Formannskapet

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Sommartur til Sverige,

M/S NYBAKK SI HISTORIE

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

kulturmix CUBA!!!!!!!!! 27. sept okt 2014

BENNS Kirkegata Oslo Norge Tlf

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Psykologisk førstehjelp i skulen

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Gutar 16. Informasjonshefte. Dags- og kampprogram, reiseruter til dei ulike banene

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

6. trinn. Veke 24 Navn:

Dato og stad. Stord Petanqueklubb er arrangør av Norgesmesterskapet i Petanque 2018.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Rapport frå La Zenia,

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Klepp kommune Tu skule

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Informasjon til elevane

«Ny Giv» med gjetarhund

New York og Oahu - Storby og paradis

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Brannsår, rus eller friheit?


LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Kulturmix. 24. mars - 7. april 2010

Rektorforum 15. april

Stavkirken fra Strandheim «Heimatt» til Orkanger

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Bitraf Resultatregnskap0per

Med tre spesialitetar i kofferten

Middle East Girl s Football Festival I Jordan Dei 9 dagane som gjekk så alt for fort

Transkript:

Odd Erling Hunnes Sunnfjord fhs Solvang 6800 Førde Folkehøgskolerådet Postboks 420 Sentrum 0103 Oslo Rapport studiereise,usa sommaren 2008 Reisemål: California Reisedagar: 20 Reisefølge: Odd Erling Hunnes (lærar på Sunnfjord fhs, stipendiat) og Hans Jakob Hunnes (sjølvfinansiert bror av stipendiat). Føremålet med reisa: Førebu studietur med Sport & Adventurelinja på Sunnfjord fhs. Sport & Adventure er eit nytt idretts- og friluftslivstilbod på Sunnfjord fhs. Linja har oppstart første gang skuleåret 2008-2009. Det vert lagt opp til ein studietur til USA i februar 2009, og førebuing av denne turen var hovedføremålet med studieturen sommaren 2008. Reiserute/logg: Dag 1, Tysdag 10. Juni: Fly frå Oslo til Frankfurt og vidare frå Frankfurt til Los Angeles. Ankomst på Los Angeles International Airport om ettermiddagen 10. Juni. Plukka opp leigebilen på flyplassen og kjørte til hotellet (Beverly Garland's Holiday Inn) der vi installerte oss og la oss tideleg. Dag 2, Onsdag 11. Juni: Starta dagen med ei treningsøkt i treningsstudioet på hotellet. Besøk på AAA (American Automobile Assosiation) for å få kart og annan nyttig sjåførinformasjon. Lokaliserte ulike studio (NBC, Universal, Walt Disney, Warner bros). Sightsseeing nord for byen. Reisefølget var framleis rimeleg døgnville og gjekk tideleg til sengs. Dag 3, torsdag 12. Juni: Starta dagen med ei tennisøkt på ei av dei to tennisbanene ved hotellet. Bilsafari i rikmannsstrøka Bel Air og Beverly Hills. Vidare gjekk dagen med til sightsseeing og strandliv i Santa Monica / Venice området av Los Angeles. Dag 4, fredag 13. Juni: Sightsseeing i Hollywood. Dei to obligatoriske turistattraksjonane Hollywood walk of fame og fotoshoot ved Hollywoodskiltet. Etter dette forlot vi Los Angeles med kurs for Nevadaørkenen og Las Vegas. Etter ein lang køyretur på ein meir eller mindre snorrett veg kom vi seint på kvelden fram til Las Vegas. Sjekka inn på The Las Vegas Plaza Hotel and Casino. Trass i at turdeltakarane var trøtte etter den lange køyreturen måtte den berømte hovedgata Las Vegas Blvd. (også kalla The strip) utforskast.

Dag 5, laurdag 14. Juni: Styrketrening på hotellet sitt styrkerom. Sightsseeing og handledag i Las Vegas. Dag 6, søndag 15. Juni: Kviledag. Soling og bassengliv på hotellet. Dag 7, mandag 16. Juni: To (!) økter med tennis og ei økt styrketrening, supplert med bassengliv og shopping. Dag 8, tysdag 17. Juni: Kondisjonstrening og bassengliv på føremiddagen. På ettermiddag / Kveld var vi på ein golfklubb og fekk utforska familiedugleiken i golf. Dag 9, onsdag 18. Juni: Avreise frå Las Vegas tideleg om morgonen. Stoppa ved The Hoover dam. Ny transportetappe til Joshua Tree National Park. Stoppa og sjekka ut overnattingsmoglegheiter og korleis forholda var for overnatting og friluftsliv i parken. Siste etappe inn til San Diego. Dag 10, torsdag 19. Juni: Surfekurs ved the Surfari surfeskule på Mission Beach i San Diego. Sightsseeing I Mission Beach området av San Diego. Dag 11, fredag 20. Juni: Fotballspeling og parkliv ved parken i Mission Beach. Sightsseeing i La Jolla området av San Diego. Dag 12, laurdag 21. Juni: Dagstur til Tijuana, Mexico. Dag 13, søndag 22. Juni: Tennis ved Pacific Beach Tennis Club. Tur i parken på ettermiddagen, med planar om frisbeegolf, men det viste seg at det var mykje folk i parken på søndag, så det vart litt fotball i staden. På ettermiddagen såg vi softball kamp i Mission Beach little leauge. Dag 14, mandag 23. Juni: Dette var siste dagen i solfyllte california, så innimellom dei siste ærend i San Diego, vart det litt tid til å jobbe med feriefargen. Dag 15, tysdag 24. Juni: Transportetappe frå San Diego til Los Angeles, innlevering av leigebil på Los Angeles International Airport og nattfly til New York. Dag 16, onsdag 25. Juni: Landa på John F. Kennedy international Airport i New York tideleg om morgonen. Sjekka inn på hotellet, og tok ein pust i bakken. Ingen av turdeltakarane hadde sove nemneverdig mykje på flyet om natta og var temmeleg slitne. Sightsseeing ved Times Square, besøk i Times Square Church, og gjorde eit hederleg men misslykka forsøk på å verte plukka ut til å vere publikum i David Letterman show. Spaserte på broadway og fifth avenue, besøkte the Empire State Building.

Dag 17, torsdag 26. Juni: Meir sightsseeing på Manhattan. Wall street, meir av Broadway og fifth avenue, besøkte Ground Zero, Citi Hall Park og the Statue of Liberty. Dag 18, fredag 27. Juni: Føremiddagsframsyning av kinofilm på Broadway, slaraffenliv i Central Park. Dag 19, laurdag 28. Juni: Utsjekking av hotellet, føremiddags framsyning og last minute shopping på Manhattan. Avreise frå Newark International Airport via München til Oslo. Dag 20, søndag 29. Juni: Ankomst Oslo lufthavn Gardermoen søndag føremiddag.

Erfaringar: Føremålet med turen var å skulle førebu studieturen til vinteren med Sport and Adventureklassa. Eg ser at eg vanskeleg kunne ha arrangert studieturen med elevane utan å ha vore ein tur til USA på eiga hand først. Mange ting var annleis enn eg hadde sett føre meg, og planane for turen i februar ser svært annleis ut no enn dei gjorde før eg reiste bort. Før eg seier meir om erfaringane eg gjorde meg på turen i sommar, vil eg seie litt om tanken bak turen til USA med elevane. På Sport and Adventurelinja legg vi vekt på breidde og mangfald i fagtilbodet. Det er meininga at eleven gjennom året skal få ein smakebit av mange ulike idrettsgreiner og friluftlivsaktivitetar. Dette skal studieturen også gjenspegle, og faginnhaldet på turen er tenkt å vere ein miks av naturopplevingar, idrett (eit ekstra fokus på dei store amerikanske ballspela basketball, amerikansk fotball og baseball) og typiske turistopplevingar. Før min studietur i sommar var tanken å vere turistar i Los Angeles, reise til Las Vegas for å drive med ballspelsaktivitet, friluftsliv i Joshua Tree National Park og så mot slutten få nokre dagar med sol og strand i San Diego. Ut i frå erfaringane i sommar har eg gjort ein del endringar. Den største endringa er nok at eg har valt å droppe Las Vegas. Her kjem ei kort oversikt over erfaringane frå dei ulike stadane. Los Angeles: Los Angeles var første stoppestad for oss i sommar, og kjem mest truleg til å bli første stoppestad i februar også. Den viktigaste erfaringa vi gjorde er at Los Angeles er ein by med svært store avstandar og mykje trafikk, noko som resulterte i at vi brukte store delar av tida der i bilkø. Når ein brukar så lang tid på forflytting, vert logistikken til vinteren vert ei utfordring. Matt Morginsky, ein amerikansk kamerat av meg som har budd store delar av livet sitt i Los Angeles, var veldig klar i sitt råd: Ikkje bruk meir enn eit par tre dagar i Los Angeles: You ll be stuck in traffic most of the time... Trass i store avstandar og mykje trafikk ser eg likvel på Los Angeles som ein viktig stoppestad. Eg ser vanskeleg føre meg korleis vi skal kunne reise til Sør California utan å bruke tid i Los Angeles. Det er noko spesielt ved å besøke desse stadane og landemerka som er vel kjent frå tv og film. Los Angeles vert første stoppestad, og eg kjem til å følge Morginsky sitt råd og avgrense opphaldet og aksjonsradiusen. Las Vegas: Grunna bra klima på vinteren og svært billeg overnatting var tanken at ein stor del av ballspelsaktiviteten på studieturen til vinteren skulle leggast til Las Vegas. Hovedgrunnen til den billege overnattinga der ligg i at det ikkje er hotell- men casinodrifta som er den viktigaste inntektskjelda til hotella. Før eg kom dit hadde eg sett føre meg at det likevel ville vere mogleg å halde kontroll på ei elvgruppe i desse omgjevnadane. Det tok ikkje lang tid etter innsjekk på hotellet før eg forstod at det ikkje ville vere nokon god ide å reise hit med elevar. Freistingane er for mange og svært tilgjengelege. Sjølv om vårt reisefølgje i sommar forlot Las Vegas utan å ha brukt ei einaste krone på pengespel, innser eg at det sannsynligvis ikkje ville vere tilfelle dersom eg hadde tatt med meg ei gruppe elevar. At eg så fort bestemte meg for å kutte Las Vegas frå turen med elevane, gjorde at dagane i Las Vegas vart annleis enn planlagt. Plutseleg var det ikkje behov for å bruke tid på å finne aktivitetar og samarbeidspartnerar til vinteren. Så i staden for møteverksemd vart det meir bassengliv og avslapping enn planlagt.

San Diego: Vi hadde store forventningar til San Diego. Eg hadde rådført meg med ein kamerat på førehand. Han kunne fortelle at logistikken er mykje enklare i San Diego enn mellom anna i Los Angeles. Dette viste seg å stemme. Mission Beach alt på ein plass: Bydelen Mission Beach viste seg å ha det meste av det vi treng for å gjennomføre både strandliv delen (surf&sun), ballspel (samarbeid med Mission Beach High school, Mission Beach little leauge og Pacific Beach Tennis Club). Då vi også fann ein bustad som passar oss godt både økonomisk og geografisk (The Beach Cottages, Mission Beach) vil dette vere ein ypperleg plass for oss å ha base camp til vinteren. At San Diego ligg heilt sør i California gjer også at vi her finn ein jamn og god temperatur året rundt. Dette passar bra med tanke på dei aktivitetane som er tenkt inn i studieturen. Dagstur til Mexico: Frå Mission Beach er det ca. 30 minutt med bil til Mexicogrensa. Det går buss til grensa, og den Mexicanske byentijuana er berre ein liten spasertur frå grensa. På førehand var eg usikker på kor vanskeleg det ville vere å ta ein dagstur til Mexico. Det viste seg å vere enkelt og spennande. Sjølv om vi geografisk sett ikkje forflytta oss lange biten, kom vi til ei heilt anna verd, med skilnaden i materiell standard som den mest opplagte skilnaden. Det var ikkje spesielt mykje å gjere i Tijuana, og etter å ha vandrar rundt eit par timar var vi metta og klare for å returnere til USA. Ei viktig påminning om at vår levestandard (som vi oftast tek for gitt) er noko den største del av verdas folk berre drøymer om. Joshua Tree National Park Joshua Tree National Park ligg i Mojave ørkenen sør i California. Den har fått namnet sitt etter dei karakteristiske trea som er å finne i parken. Parken er godt tilrettelagt for camping også for grupper (nokre campsites (Cottonwood, Indian Cove og Sheep Pass)kan ta imot grupper på inntil 60 personar. I parken er det gode moglegheiter for friluftsliv, mellom anna ligg det ti fjelltoppar på over 5000 ft innanfor parkgrensene, og der er mange vegar og stiar som er godt egna for terrengsykling. Det er ikkje berre trea som er karakteristiske for nasjonalparken. Store steinformasjonar er også med og pregar landskapet. Desse steinformasjonane gir gode moglegheiter for buldring (klatring utan tau). Etter å ha vore i nasjonalparken og sett kva moglegheiter denne byr på er eg ikkje i tvil om at vi kjem til å legge turen hit med Sport & Adventure klassa til vinteren. Konklusjon: Då eg søkte om reisestipend til USA sommaren 2008, låg det i korta at dette skulle vere ei førebuing til studietur med elevar vinteren 2009. Etter å ha vore nesten tre veker på reise i USA har eg gjort meg mange erfaringar som vert nyttige når eg no går i gang med planlegginga av studieturen med elevar. Som tidlegare nemnt, har eg på grunnlag av sommarturen fått eit mykje betre grunnlag å planlegge studieturen ut i frå. Eg har sett med eigne auge kva moglegheiter som finns, eg har kjent på frustrasjonen ved uendeleg lange køer på vegane, gleda over å meistre ei bølge og facsinasjonen over smaken av iskaldt vatn etter ei hard treningsøkt ein varm sommardag. Eg er viss på at dette kjem til å kome elevane på Sport & Adventure linja til gode i åra som kjem, og ynskjer å takke Folkehøgskolerådet for at de var med å legge til rette for dette. Odd Erling Hunnes Linjelærar, Sport&Adventure Sunnfjord fhs