Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for alle. Då er det særleg viktig at språket er klårt og tilpassa brukarane.

Like dokumenter
Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

Med klarspråk mener vi korrekt, klart og brukertilpasset språk i tekster fra det offentlige.

Fem gode grunnar til å arbeida for klårspråk i det offentlege: Kva er klårspråk? Kvifor klårspråk? Klårspråk løner seg. Korrekt + klårt = godt

Informasjon fra det offentlige skal være forståelig for mottakerne, og språket må derfor være klart og tilpasset målgruppa.

Fem gode grunner til å arbeide for klarspråk i det offentlige: Hva er klarspråk? Hvorfor klarspråk? Klarspråk lønner seg. Korrekt + klart = godt

Nynorsk i staten. Reglar og råd

Klart språk i Lunner kommune

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Klart plan- og byggespråk

Språksjekken. Ei hjelp til betre språk i staten. Norsk språkråd Statens informasjonsteneste

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Laget for. Språkrådet

Klart språk i staten. Hvordan lage gode offentlige nettsider? Anniken Willumsen, Direktoratet for forvaltning og IKT. Trondheim, 12.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

UiO, Margrethe Kvarenes og Torunn Reksten

MÅLBRUKSPLAN FOR BØMLO KOMMUNE

Oi, på nynorsk! når virksomheten trenger å styrke nynorskopplæringen. Aksel Torsnes Mehlum fra Språkrådet og Åste R. Ruud fra Domstoladministrasjonen

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Vurderingsrettleiing 2011

Til deg som bur i fosterheim år

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Laget for. Språkrådet

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Globalisering ei drivkraft til fornying

Last ned Juridisk og administrativ ordliste - Karl Arne Utgård. Last ned

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Klarspråk og faguttrykk Anna Senje seniorrådgiver, Språkrådet 12. juni 2013

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

I mål? Innleiing på frukostseminar 3. desember 2014 Kjetil Aasen

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2016

UiO, Margrethe Kvarenes

Riktig nok? Anna Senje. Frokostseminar 3. desember 2014

Målbruksplan for Ål kommune

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Språksjekken. En hjelp til bedre språk i staten. Norsk språkråd Statens informasjonstjeneste

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Du må tru det for å sjå det

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2011

Språkprosjektet hos Finans Norge. Bjørg Nesje Nybø, Forsikringsforeningen 19. september 2016

Kva rolle skal språkinfrastrukturen ha i gjennomføringa av norsk språkpolitikk? Åse Wetås, språkdirektør Bergen,

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Til deg som bur i fosterheim år

Farnes Skule. Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret:

Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 2008/ Elin Nicolausson

Arbeidet med veileder i godt regelspråk. Anna Senje seniorrådgiver, Språkrådet 4. juni 2019

Kommunikasjonsstrategi

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Vel nynorsk for barnet ditt!

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Språkreglar for Vestlandsregionen Kommentert utgåve

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

Slik skriver vi i Oslo kommune

8.trinn. Formål med faget:

Kvalitetssikring sjekkliste for arkivarar

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Treng me norsk? Åse Wetås direktør, Språkrådet Språkkonferanse i Førde,

bruk av nettsider Gaular kommune

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Rettleiing Spørjeundersøking om heimetenester

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Kan og bør - man måle effekter av klarspråksarbeid? Anniken Willumsen Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

6-åringar på skuleveg

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Endeleg utgåve Så klart! Språkprofil for HELFO

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Alderspensjonistar som bur i utlandet

Eksamen Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9

B SPRÅKPROFIL H L F L H U F F

SLIK SKRIV VI I NVE NYNORSK

Regional Satsting Psykisk Helse

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

KOMMUNIKASJONSSTRATEGI FOR

Eksamen NOR1405-NOR1410 Norsk for språklige minoriteter / Norsk for språklege minoritetar NOR1049 Norsk som andrespråk, overgangsordning

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Brukarhandbok for Lingdys 3.8

Årstal 2018/2019. Bøker Zeppelin 6 Språkbok, Zeppelin arbeidsbok til Språkbok 6. Lesebok 6, Lesebok 6 pluss.

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

NASJONALE PRØVER. Matematikk 10. trinn delprøve 2. Skolenr. Elevnr. Oppgåver som kan løysast ved hjelp av lommereknar. Tid: 90 minutt.

Leksjon 3: Skriftleg tekst

Kommunikasjonsplan Februar 2016

Nynorsk Grammatikk Oppgaver

Transkript:

Klårspråk NYNORSK

Kva er klårspråk? Med klårspråk meiner vi korrekt, klårt og brukartilpassa språk i tekstar frå det offentlege. Kvifor klårspråk? Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for alle. Då er det særleg viktig at språket er klårt og tilpassa brukarane. Det er ikkje alltid mogleg å uttrykkja seg krystallklårt. Styresmaktene må ofte handtera komplekse saker, og det kan vera mange grunnar til at dei må ta atterhald og bruka runde talemåtar. Men i dei aller fleste tilfelle har styresmaktene alt å vinna på å uttrykkja seg klårt og forståeleg. Klårspråk hjelper bodskapen fram. Ikkje forenkling same kva det kostar Å uttrykkja seg klårt tyder ikkje å forenkla språket same kva det kostar. Forenkling skal ikkje føra til fattig og unyansert språk. Ikkje alle tekstar kan vera enkle, og ikkje alle tekstar kan vera frie for fagspråk. Det viktige er at teksten er tilpassa mottakaren. Korrekt + klårt = godt

Fem gode grunnar til å arbeida for klårspråk i det offentlege: 1 Klårspråk fremjar demokratiet og rettstryggleiken Styresmaktene gjev informasjon om mellom anna rettar og plikter. Difor bør forvaltningsspråket vera klårt og lettfatteleg. Tungt og uklårt språk i tekstar frå det offentlege kan gjera at mange ikkje får høve til å delta i saker som vedkjem dei. 2 Klårspråk skaper tillit Tungt og uklårt språk kan skapa avstand mellom sendaren og mottakaren. Ein mottakar som får eit uforståeleg brev, kan lett koma til å tru at sendaren skjuler noko. Klårspråk gjer avstanden mindre og skaper tillit til styresmaktene. 3 Klårspråk sparar tid og pengar Klårt og brukartilpassa språk minskar faren for mistyding. Færre spørsmål frå mottakarane gjev kortare sakshandsamingstid. Styresmaktene sparar med andre ord tid og pengar dersom dei skriv klårt og forståeleg. 4 Klårspråk fremjar kommunikasjonen Tungt og uklårt språk skaper ugreie i kommunikasjonen. Klårspråk gjer at mottakaren lettare oppfattar bodskapen frå avsendaren. 5 Det offentlege skal vera eit føredøme Styresmaktene skal gå føre med eit godt eksempel, også språkleg. Skrivefeil skjemmer teksten og gjev eit dårleg inntrykk av den som har skrive han. Oppstylta og ullent språk kan få folk til å tru at skribenten har noko å skjula. Klårspråk bør difor vera eit ideal for språkbruk i det offentlege. Klårspråk løner seg

Korleis skriva klårt? Sjekkliste for skribentar Tenk på mottakaren Målgruppe og føremål Kven skriv du for? Fagfolk, kollegaer eller «alle andre»? Kva slags bodskap skal du formidla? Er det eit pålegg, eit avslag eller ei hyggjeleg nyheit? Kva vil du at mottakaren skal vita eller gjera etter å ha lese teksten din? Innhald Ta med det som er relevant, og stryk det som mottakaren ikkje treng å vita. Kom raskt til saka. Skriv det viktigaste først. Skriv kort. Då sparar du plass, og mottakaren sparar tid. Avsnitt Lag ein tydeleg struktur og del teksten inn i avsnitt. Lag overskrifter som er i samsvar med innhaldet i avsnitta. Pass på at setningane i kvart avsnitt heng saman, slik at avsnittet utgjer ein meiningsheilskap.

Setningar Ver varsam med bruken av passiv. Fortel kven som gjer kva! Unngå substantivtunge formuleringar. Skriv heller «endra» enn «gjennomføra endringar». Unngå kompliserte setningar med mange innskot. Del opp lange setningar. Dersom du har fleire ting på hjarta, bør du seia éin ting om gongen. Pass på at setningsledd som høyrer saman, står nær kvarandre. Dersom du brukar tilvisingsord som den, denne, det, dette, dei, desse, må du gjera det klårt for mottakaren kva eller kven du viser til. Ordval Bruk heller korte ord enn lange. Forklar ord som du ikkje kan rekna med at mottakaren kjenner, eller lag ei ordliste som er lett å finna fram til. Unngå vage og upresise ord. Teiknsetjing og rettskriving Pass på teiknsetjinga. Eit teikn frå eller til kan endra meininga. Ikkje stol på stavekontrollen. Les korrektur eller be ein kollega om å gjera det. Bruk ordbøker! I nettversjonen av sjekklista finn du døme og utfyllande informasjon. www.sprakradet.no www.språkrådet.no

Klårspråksarbeid i Noreg Tanken om klårspråk er ikkje ny i Noreg. Sidan 1950 har det vore iverksett fleire einskildtiltak for å få til eit enklare og meir forståeleg forvaltningsspråk, men noko systematisk arbeid har det ikkje vore. Språktenesta for statsorgan, som er ein del av Språkrådet, har fått eit særleg ansvar for å driva klårspråksarbeid i staten. Dersom du er statstilsett og treng hjelp til språkleg oppklåring, kan du ta kontakt med språktenesta for statsorgan. Kontaktinformasjon finn du på siste side. Gode råd og språkverktøy finn du på nettsidene til Språkrådet. Klårspråksarbeid i andre land I andre nordiske land, særleg i Sverige, har dei drive aktivt klårspråksarbeid lenge. Også EU arbeider systematisk med å forbetra og forenkla språket i mellom anna rettsakter. Blant dei andre landa som driv med klårspråksarbeid, kan vi nemna Australia, Belgia, Canada, Frankrike, Italia, New Zealand, Spania, Storbritannia, Sør-Afrika, Tyskland og USA. På nettsidene til Språkrådet finn du lenkjer til informasjon om klårspråksarbeid i Sverige og andre land.

Hjelpemiddel Generelle skrivereglar Finn-Erik Vinje: Skrivereglar. Aschehoug 2009 Ordbøker og ordlister Tanums store rettskrivningsordbok. Kunnskapsforlaget 2005 Nynorskordboka. Det Norske Samlaget 2006 Bokmålsordboka. Kunnskapsforlaget 2005 Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nettet: www.sprakradet.no. Klikk på «Søk i ordbøker». Nynorskhjelp Magne Rommetveit: Med andre ord. Den store synonymordboka med omsetjingar til nynorsk. Det Norske Samlaget 2007 Karl Arne Utgård: Juridisk og administrativ ordliste. Bokmål nynorsk. Det Norske Samlaget 2002 På www.sprakradet.no finn du både ei kort bokmål nynorsk-ordliste og informasjon om nynorsk ordlegging under Språkbruk i staten > Administrativ nynorsk. Publikasjonar frå Språkrådet Statsspråk bladet for godt språk i staten Språknytt Kort administrativ ordliste bokmål nynorsk (brosjyre) Kansellisten (ordliste i brosjyreform)

Språktenesta for statsorgan Språktenesta for statsorgan er ein del av Språkrådet. Tenesta består av fem rådgjevarar i full stilling. Dei to hovudoppgåvene våre er å arbeida for klårare og betre språk i staten (både bokmål og nynorsk) arbeida for jamnare fordeling mellom nynorsk og bokmål i statlege tekstar Statstilsette kan ta kontakt med oss på stat@sprakradet.no. Språkrådet Postboks 8107 Dep 0032 OSLO Telefon: 22 54 19 50 E-post: post@sprakradet.no www.sprakradet.no www.språkrådet.no www.klarsprak.no www.klarspråk.no Framsidebilete: Peter Frank / Veer / Scanpix Utforming: tank.no Trykk: RK Grafisk Opplag: 2000 (2009)