MÅLBRUKSPLAN FOR BØMLO KOMMUNE

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "MÅLBRUKSPLAN FOR BØMLO KOMMUNE"

Transkript

1 MÅLBRUKSPLAN FOR BØMLO KOMMUNE

2 INNHALDSLISTE: Føreord.. side 2 Målbruksplan. side 3 Utfyllande retningslinjer for språkbruken side 5 Tilleggsinformasjon: Praktiske hjelpemiddel for nynorskbrukarar i off. verksemd.. side 7 2

3 FØREORD Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (der Bømlo kommune er medlem) har oppmoda alle kommunar om å utarbeida eigne målbruksplanar. Bømlo kommunestyre har vedteke ein slik målbruksplan i møte Målbruksplanen byggjer på ein normalplan som landssamanslutninga har fått utarbeidd. Planen er likevel ein god del omarbeidd og tilpassa. Før kommunestyret gjorde sitt vedtak var planutkastet til høyring internt i den kommunale organisasjonen, hjå tillitsvalde og Bømlo mållag. Vesentlege merknader kom ikkje inn, men ein del nyttige innspel vart innarbeidde i det endelege planutkastet. Føremålet med ein slik målbruksplan er i første rekke ikkje at kommunale medarbeidarar skal verta gode i nynorsk, men at me alle skal skriva godt norsk i nynorsk språkdrakt. Målet er eit ledug, klårt og variert språk, som samstundes er eintydig og lett å lesa! Målbruksplanen tar utgangspunkt i at læreboknormalen skal leggjast til grunn for språkbruken i kommunen, likevel med ei vesentleg presisering: Læreboknormalen skal tilpassast talemålet i kommunen! Der det finst valfrie former, skal me alltid velja dei som ligg nærast opp til talemålet på Bømlo. Dette medfører i praksis at me skal nytta a-infinitiv, og at det m.a. skal skrivast me, skule og då. Innhaldet i planen skulle elles tala for seg sjølv, og treng ikkje vesentlege kommentarar. Målbruksplanen gjeld for alle tilsette i Bømlo kommune. LUKKE TIL I ARBEIDET MED Å OPPRETTHALDA EIN GOD NYNORSK SPRÅKKULTUR I BØMLO KOMMUNE! 3

4 MÅLBRUKSPLAN for BØMLO kommune Vedteken av Bømlo kommunestyre i møte , sak 006/ MÅLFORM Bømlo kommunestyre vedtok under sak K. 114/70 i møte at det offisielle styrings- og tenestemålet i kommunen skal vera nynorsk. Alle tilsette og alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Vedtaket er innarbeidd i kommunen sitt personalreglement. Kommunestyret gjorde i møte vedtak om å krevja nynorsk i alle skriv frå statsorgan til kommunen (jfr. 5 i lov om målbruk i off. teneste). 2. SPRÅKPOLITISKE MÅL Skriftspråket som vert nytta i kommunen, skal vera så godt og variert som mogeleg, og liggja nær opp til talemålet i kommunen. Kommunen ønskjer eit enkelt, presist og brukarvennleg språk. Dialekten (målføret) er ein særs viktig del av den lokale kulturarven. Å ha eit godt feste i ein dialekt gjev identitet og sjølvkjensle. Kommunen ser det derfor som ei sentral oppgåve å verna om dialekten vår gjennom levande bruk og medviten utvikling. Mykje av grunnlaget for talemålet til borna vert i dag lagt i barnehagane og skulane. Det er difor viktig at me har språkmedvitne medarbeidarar på desse stadene. Særleg er åra i barnehagen og dei første skuleåra grunnleggjande. Nynorsk og dialekt må nyttast i størst mogeleg utstrekning i songar, opplesing, leikar o.a. Skuleadministrasjonen og rektorane har eit særleg ansvar for å sjå til at lærarane i ordtilfang og uttrykksmåte skal ta omsyn til talemålet til elevane. På liknande vis må dei tilsette i barnehagane ta dei same omsyna. Biblioteket har ei svært viktig oppgåve med å kjøpa inn og leggja til rette nynorske bøker, blad og anna materiell tilpassa born og unge, og gjennom andre tiltak vera med å skapa interesse for nynorsk språk og kultur. 3. RETNINGSLINJER FOR SKRIFTSPRÅKET I KOMMUNEADMINISTRASJONEN Ordleggingsmåten er kanskje den viktigaste reiskapen for å få eit flytande, lett og godt språk. Særleg viktig er det at me nyttar aktiv og ikkje passiv setningsbygnad, og at me har ei ordrekkefølgje som i vanleg talemål. Unngå for mykje substantivbruk. På nynorsk er det ofte betre å bruka verb og adjektiv der det på bokmål vert nytta substantiv. Språket vert ledigare om me brukar ei personleg form. Såleis bør me unngå det upersonlege ein. Bruk eg eller me i staden! 4

5 Me bør bruka norske ord i staden for framandord, så sant det let seg gjera. Ei ordliste og ei synonymordbok er gode hjelparar her. Lokale ord og uttrykk som er i vanleg bruk i kommunen, bør nyttast. 4. TILTAK Opplæring Kommunen tek sikte på å gje alle kommunetilsette tilbod om kurs og rettleiing i nynorsk språkbruk. For saksbehandlarar bør slike kurs vera obligatoriske. Tilsette i skulen og barnehagane skal gjerast kjende med dei lokale tilhøva når det gjeld språkformer, dialektar og lokal kultur. I utlysingar av ledige stillingar skal det stå at administrasjonsmålet er nynorsk. Det må vera eit klårt siktemål å få etablert ei rettleiingsteneste i god nynorsk språkbruk. Dette bør skje ved at ein eller fleire medarbeidarar får i oppdrag å stå til teneste med råd og rettleiing for andre. Hjelpemiddel På alle kontor i kommunen skal det vera nynorsk ordliste og fornorskingsordbok av nyare dato. Dei tilsette må søkja sakkunnig hjelp i målspørsmål. I kommuneadministrasjonen bør det vera ein person som kan stå til rådvelde som rådgjevar i slike spørsmål. Dei einskilde fagetatane skal gjera seg kjende med den nynorske terminologien på sine fagfelt. Nynorskmateriell Kommunen skal syta for at alle skjema, blankettar, kvitteringshefte og liknande som vert brukte i kommunen, er på nynorsk. Alt skriftleg tilfang som vert nytta i skulen og i barnehagar, skal vera på nynorsk så langt råd er. Alle tilsette skal sjå til at departement og andre statsorgan (både lokale, regionale og sentrale) tek omsyn til dei språklege rettane kommunen har, og følgjer reglane i mållova om bruk av nynorsk. Saker der dette ikkje vert gjort, skal takast opp. Me skal også vera pådrivarar for å få meir nynorskmateriell frå Kommunenes Sentralforbund og private samarbeidspartar/leverandørar. Landssamanslutninga av nynorskkommunar er ein naturleg samarbeidspart i dette arbeidet. Stadnamn Byggjefelt, vegar og andre stadnamn skal få lokale namn som byggjer på lokal namnetradisjon. Alle slike namn må skrivast rett, og uttalen må vera i samsvar med målføret. Sjå også lov om stadnamn frå 18. mai 1990 som gjev reglar for fastsetjing av skrivemåten for stadnamn. Samarbeid med næringsdrivande Kommunen vil arbeida for å få til eit samarbeid med næringsdrivande i kommunen om å driva god språkrøkt i lysingar, skilting og anna marknadsføring. Landssamanslutninga av nynorskkommunar Kommunen er medlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har til føremål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. 5

6 UTFYLLANDE RETNINGSLINJER FOR SPRÅKBRUKEN Ordleggingsmåten er kanskje den viktigaste reiskapen for å få eit flytande, lett og godt språk. Her er nokre døme på aktiv og ikkje passiv setningsbygnad: ikkje ikkje Kommunen vil søkja om lån i den lokale banken. Finansieringa vert forsøkt dekt av lån i den lokale banken. Ordføraren tok saka opp til røysting. Saka vart teken opp til avrøysting av ordføraren. Ordrekkjefylgja bør vere mest mogeleg som i vanleg talemål. Eigedomsformene min, din, sin, vår bør til vanleg koma etter substantivet. Døme: Rådmannen er på kontoret sitt ikkje Rådmannen er på sitt kontor Me bør også bruka dobbel bunden form. Døme: det vedtekne budsjettet, ikkje det vedtekne budsjett. det opphavlege framlegget, ikkje det opphavlege framlegg. Unngå for mykje substantivbruk. På nynorsk er det ofte betre å bruka verb og adjektiv der det på bokmål er substantiv. Døme: Kommunestyret vil drøfta dette spørsmålet i februarmøtet ikkje Kommunestyret vil ta spørsmålet opp til drøfting i februarmøtet Substantiv som byrjar på an- og be- eller sluttar på -heit og -else, bør me vurdera kritisk. Finn gjerne eit anna ord eller skriv om. Me skriv såleis: avgjerd - ikkje bestemmelse sanning - ikkje sannheit motmæle - ikkje innsigelse tryggleik - ikkje sikkerhet røyndom - ikkje verkelegheit osv Kommunen skal i hovudsak nytta ei konsekvent språklinje, og me bør i utgangspunktet halda oss innafor læreboknormalen. Læreboknormalen skal likevel tillempast talemålet i kommunen, og der det finst valfrie former skal me alltid velja dei som ligg nærast talemålet på Bømlo. Dette inneber i praksis at me skal nytta a-infinitiv (gjera, høyra, laga, skriva m.v.), og m.a. skriva me, skule og då (ikkje da). Når det gjeld m.a. først/fyrst og ønskja/ynskja, så bør dette vera valfritt ut frå kva talemålgrunnlag den enkelte medarbeidar har (dette kan m.a. vera ulikt nord og sør på øya). Ved bruk av valfrie former må me likevel vera konsekvente. 6

7 Ved val av ord skal det i tillegg til kravet om norske ord (målbruksplanen kap. 4, siste avsnitt), også leggjast stor vekt på presise ord og formuleringar. Særleg i avtalar, anbodsdokument, tekniske spesifikasjonar og liknande, kan kravet til presisjon og eintydige formuleringar føra til at framandord og spesielle faguttrykk må nyttast i eit omfang som elles ikkje er tilrådeleg. 7

8 Tilleggsinformasjon: PRAKTISKE HJELPEMIDDEL FOR NYNORSKBRUKARAR I OFF. VERKSEMD Bøker/oppslagsverk Med andre ord På godt norsk Nynorskordboka Magne Rommetveit. Den store synonymordboka gjev eit rikt utval av avløysingsord og alternative uttrykksmåtar for den som vil utvikla ordforrådet og uttrykksforma si. Nyare engelske lånord er drøfta særskilt. (NKS-Forlaget 1993) 616 s Magne Rommetveit. Ei forkorta og omarbeidd utgåve av Med andre ord, særleg meint for vidaregåande skule. (NKS-Forlaget 1995) 320 s Definisjons- og rettskrivingsordbok (Samlaget 1993). 776 s Nynorsk ordliste Alf Hellevik. Større utgåve (Samlaget 1996) Oppslagsord, brukarrettleiing, bokmål/nynorsk-liste o.a. 334 s Nynorsk ordliste med A- infinitiv Ivar Eskeland. Ordliste med fornorskings- og synonymordliste. Noregs Boklag 1978 (er diverre truleg ikkje lenger å få kjøpt). Nynorsk ordliste for alle Jon Bjones - Halvor Dalene (Universitetsforlaget 1996) Oppslagsord, grammatikk og teiknsetjing, ordval o.a. 423 s Råd for uråd Handbok i referat- og notatskriving Skrivereglar. Nynorsk Praktisk nynorsk På saklista - Nynorsk språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga Statsspråk Datahjelpemiddel Ordrettingsprogram Nynorsk på data Ola Breivega. Vegvisar gjennom nynorske minefelt. Ei bruksbok for m.a tilsette i offentleg og privat verksemd. (Samlaget 1993) 120 s Ola Breivega. Praktisk innføring på begge målformer. (Samlaget 1991) 95 s Finn-Erik Vinje. (Aschehoug Ny utg. kjem våren 97) 115 s Olaf Almenningen og Aud Søyland: Øvingar med grammatikk. Høver også for sjølvstudium. (Samlaget 1995) 96 s Jan Olav Fretland. Ei praktisk lærebok i god, offentleg språkbruk, til kurs eller til sjølvstudium. (Landssamanslutninga av nynorskkommunar 1994) Bladet for godt språk i staten. - Er også nyttig for kommunal sektor. Fire nummer i året. Gratis. Utgjevar: Norsk språkråd I tekstbehandlaren Microsoft Word 7.0 er det lagt inn nynorsk ordliste. Denne må likevel nyttast med vit og kritisk sans, ordlista godtar m.a. ikkje a-infinitiv. Ingeborg Donali. Øvingsoppgåver i nynorsk formverk på data for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule, og andre som 8

9 ønskjer ein gjennomgang av formverk-reglane. (Eksamensforlaget 1992) NYNO for Windows Eit profesjonelt spesialprogram for å setje om bokmålstekstar til nynorsk. (Leverandør: Dag og Tid 1995) 9

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande

Detaljer

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen. Målbruksplan for Sogndal kommune Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen. 1 Språkpolitiske mål Føremålet

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Kommunikasjons- og mediestrategi for Ørsta kommune

Kommunikasjons- og mediestrategi for Ørsta kommune Ørsta hjartet av Sunnmørsalpane Kommunikasjons- og mediestrategi for Ørsta kommune Gjeld frå 29. oktober 2015! 1 Føreord, innleiing og mandat 1. Visjon, verdiar og mål 2. Kommunikasjonsprinsipp 3. Informasjonsprinsipp

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Ordførarens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 27.06.2017 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 10:50. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Nynorsk i staten. Reglar og råd

Nynorsk i staten. Reglar og råd Nynorsk i staten Reglar og råd Kjære statstilsett! Ei av dei faste oppgåvene til Språkrådet er å gje statstilsette informasjon om lov om målbruk i offentleg teneste (mållova). Lova skal sikre ei rimeleg

Detaljer

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE Kultur og oppvekst PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE KAP. 1. SØKNADSRUTINER FOR SPESIALUNDERVISNING FOR SKULEN OG SPESIALPEDAGOGISK HJELP BARNEHAGEN. 1.0 INNLEIING Det er viktig å utvikle

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa. Klarspråk NYNORSK Kva er klarspråk? Med klarspråk meiner vi her korrekt, klart og mottakartilpassa språk i tekstar frå det offentlege. Ein tekst er skriven i klarspråk dersom mottakarane raskt finn det

Detaljer

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane Heimel: Fastsett av Bremanger kommunestyre 12.03.15, KST-sak 007/15, med heimel i lov 17. juni 2005 nr.

Detaljer

10/1363-46/K2-L32//AEM 27.05.2015

10/1363-46/K2-L32//AEM 27.05.2015 STRYN KOMMUNE Avdeling for kart og oppmåling NOTAT Dok. ref. Dato: 10/1363-46/K2-L32//AEM 27.05.2015 Adresseforskrift for Stryn kommune 1. Føremål og omfang Føremålet med forskrifta er å legge til rette

Detaljer

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning Førde kommune Heimel: Fastsett av Førde Bystyre dd. månad 20xx med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova)

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Målbruksdokument. Vedtatt av fellesnemnda xx.xxxx.xxxx

Målbruksdokument. Vedtatt av fellesnemnda xx.xxxx.xxxx Målbruksdokument Vedtatt av fellesnemnda.. Del l - Målbruksplan Bakgrunn Midt-Telemark kommune er resultatet av samanslåinga av kommunane Bø og Sauherad. I intensjonsavtala mellom kommunane står det følgjande

Detaljer

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT Vedteke i k-sak 24/05 den 14.6.05 Ref: ARH 04/01451-004 Løpenr: 002499/05 Arkivnr: 410 JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT I N N H A L D 1. OMFANG...1 1.1. Definisjon... 1 1.2. Tilhøve til lov, tariffavtale

Detaljer

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet SPRÅKRÅDET Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006 Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Detaljer

Plan for overgangar. for barn og unge

Plan for overgangar. for barn og unge Plan for overgangar for barn og unge Os 2011 Frå Kvalitetsplan oppvekst og kultur Mål Alle born og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga.

Detaljer

Adresseføresegner, Sund kommune

Adresseføresegner, Sund kommune Adresseføresegner, Sund kommune 1. Adressemynde 2. Namnemynde 3. Offisiell adresse 4. Nærare om arbeidet til adressemynde og namnemynde 5. Retningsliner for val og skrivemåte av adressenamn 6. Retningsliner

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet 24.11.2015 Kommunestyret 17.12.2015 BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet 24.11.2015 Kommunestyret 17.12.2015 BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016 VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Per Ivar Kongsvik Arkivsak nr.: 2015/2329 Arkivkode: 231 Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet 24.11.2015 Kommunestyret 17.12.2015 BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS) Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER Revidert av kommunestyret 22.06.09 Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 08/1437 9554/09 000 FSK/PER/STDA 1 OM RETNINGSLINENE...3 1.0 KVA ER ETIKK 3 1.1

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK Møtedato: 12.11.2014 Møtetid: Kl. 09:00 11:30 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 033/14-037/14 Desse medlemmene møtte: Arnfinn Brekke Liss Bergum Leidulf Gloppestad

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Administrasjonsutval Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 02.09.2009 Møtestad: Formannskapssalen, kommunehuset Møtetid: Kl. 12:00 (merk tida)!! Utvalsmedlemene blir med dette kalla

Detaljer

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune 204 Utval : FORMANNSKAPET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 24.08.10 Tid : 09.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 75/10 10/685 TOMTANE 3 OG 4 I ONARHEIM I PS 76/10 10/406 U Ofl 23

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 04.11.2008 037/08 MO Kommunestyret 13.11.2008 072/08 MO Saksansvarleg: Eirik Natvik

Detaljer

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013 Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013 til prosjektgruppene dagsett 20.mars Delprosjekt 1 Administrativ organisering Administrative arbeidsprosessar 1. Delprosjektet skal ta utgangspunkt i den administrative

Detaljer

Språksjekken. Ei hjelp til betre språk i staten. Norsk språkråd Statens informasjonsteneste

Språksjekken. Ei hjelp til betre språk i staten. Norsk språkråd Statens informasjonsteneste Språksjekken Ei hjelp til betre språk i staten Språksjekken har vorte til ved eit samarbeid mellom og Norsk språkråd. Forskingsprogram for humanistisk informasjonsteknologi og Nordisk institutt ved Universitetet

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset : 21.03.2013 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE

Detaljer

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform Godt Lokaldemokrati ei plattform Godt lokaldemokrati ei plattform Norsk lokaldemokrati er godt men kan og bør bli betre. KS meiner ei plattform vil vere til nytte i utviklingsarbeidet for eit betre lokaldemokrati.

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Målbruksplan for Ål kommune

Målbruksplan for Ål kommune Målbruksplan for Ål kommune Postkort frå Ål mållag 1 1 Bakgrunn og mandat... 3 2 Målform... 4 2.1 Tenestemål... 4 2.2 Administrasjonsmål... 4 2.3 Skulemål... 4 3 Tiltak for Ål... 5 3.1 Kommunal administrasjon...

Detaljer

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016 www.stavanger-kulturhus.no Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016 Eksempel på eksamenssvar 2 1 LES NYNORSK I 30 MINUTT KVAR DAG DEN NESTE VEKA 2 SKRIV PÅ

Detaljer

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING DRIFTSTILPASSINGI ØYGARDEN PROSESSAR VEDK ENDRINGAR I AREIDSTILHØVE Dok.ref. 13/430-2/K1-031//JOM Dato: 06.05.2013 SKISSE TIL: AVTALE MELLOM ØYGARDEN KOMMUNE OG ARBEIDSTAKARORGANISASJONANE: SPELEREGLAR

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Samarbeidsavtalefor NAV fkmli

Samarbeidsavtalefor NAV fkmli NAV Åmli, Samarbeidsavtale mellom NAV Aust-Agder og Åmli kommune lb (Lf - IS" N(415 - occittl, Åmli Kommune Samarbeidsavtalefor NAV fkmli Åmli kommune 1 Samarbeidspartar Samarbeidsavtala er inngått mellom

Detaljer

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Vedteken i Kommunestyret, sak 14/82, 11.12.2014 Planen er eit overordna politisk vedteke dokument for barnehagane i Vinje kommune. Planen inneheld felles satsingsområde

Detaljer

Plan for Liabygda SFO

Plan for Liabygda SFO Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.

Detaljer

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021. Sund kommune

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021. Sund kommune Planprogram Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021 Sund kommune Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Rammer... 4 1.2.1 Nasjonale føringar... 4 1.2.2 Regional plan... 5 2. Formål...

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag

Detaljer

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste Sogndal kommune Møteinnkalling Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 03.03.2010 Tid: 09:00 Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med: Tid 34-37 Kompetansemål Elevane skal kunne: Innhald/Lære Elevane skal arbeide med: Kap.1. LB På biblioteket Lære å bruke biblioteket Lære skilnaden på skjønnlitteratur og faglitteratur Lære om ein forfattar

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret 29.10.2009, sak K 09/128

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret 29.10.2009, sak K 09/128 Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune Vedteke i kommunestyret 29.10.2009, sak K 09/128 Med heimel i lov av 23.juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

Fyresdal kommune. Kontrollutvalet. Møteprotokoll frå Fyresdal kommune - kontrollutvalet. Møtedato: 16.10.2013. Fyresdal kommunehus, møterom 2.

Fyresdal kommune. Kontrollutvalet. Møteprotokoll frå Fyresdal kommune - kontrollutvalet. Møtedato: 16.10.2013. Fyresdal kommunehus, møterom 2. Fyresdal kommune Kontrollutvalet Møteprotokoll frå Fyresdal kommune - kontrollutvalet Møtedato: 16.10.2013 Møtestad: Møteleiar: Fyresdal kommunehus, møterom 2.høgda Kjell Sverre Thoresen Til stades: Leiar

Detaljer

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben Planseksjonen her For kunngjering av planvedtak Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2007/865 2907/2007 L12 SAM/ PH 11.04.2007 _ E39 VOLDA

Detaljer

18. RETNINGSLINJER FOR AKAN

18. RETNINGSLINJER FOR AKAN Interkontrollhandbok Side: 1 av 10 18. RETNINGSLINJER FOR AKAN For å få klare reglar på området rusmiddelbruk og arbeid har arbeidsmiljøutvalet (AMU) i Samnanger kommune 24.04.01 vedteke ein AKAN-avtale

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

Kviteseid kommune. Møteinnkalling Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 28.01.2015 Tidspunkt: 12:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Arne Gotteberg Arkivsak nr.: 2012/2026 Arkivkode: G00 Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE

Detaljer

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: E-post, Fjordsenteret Aurland Dato: 09.11.2015 Tidspunkt: 12:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Møtestad: Rådhuset Tid: Tysdag 26.11.2013 kl. 19.30-22.00 Desse møtte: Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Karl Mæland, Elin

Detaljer

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva: Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med

Detaljer

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 10.04.2014 Tidspunkt: 09:30

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 10.04.2014 Tidspunkt: 09:30 Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 10.04.2014 Tidspunkt: 09:30 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del

Detaljer

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Ottar Bjørkedal Eid vgs Prosjekt "betre formidlingsprosess til opplæring i bedrift" av Ottar Bjørkedal Eid vgs Loen 05.11.08 Kven har delteke i prosjektet? Alle elevane som skal ut i lære, frå vg2 sal, service og tryggleik våren

Detaljer

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Dato: 29.02.2012 Ansvarlig: TSH Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Unge funksjonshemmede takkar for høvet til å kommentera departementet sitt framlegg

Detaljer

Målbruksplan for Kvinnherad kommune

Målbruksplan for Kvinnherad kommune Målbruksplan for Kvinnherad kommune Framlegg frå ei arbeidsgruppe Bakgrunnen I Kommunestyremøte 26.11.2015 vart administrasjonen oppmoda om å laga sak om Målbruksplan i Kvinnherad kommune. Arbeidet skal

Detaljer

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post Kvinnheerrad kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 11.09.12 Kl.: 09.30 14.00 Stad: Møterom Samfunnskroken Saknr.: 28/12 35/12 MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H) DESSE MØTTE Frøydis Fjellhaugen (Ap) Sigmund

Detaljer

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte Kontrollutvalet i Møtebok Møtedato: 2.12.2015 Møtetid: 13.00 16.00 Møtestad: Rådhuset møterom 2. etasje Saksnr.: 18/15-22/15 Følgjande medlemer møtte Jarle Offerdal Guri Olsen Astrid Grøndal Trulssen Vidar

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14

Detaljer

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Meløy kommune ordførar rådmann 8150 Ørnes 03.12.2014 BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) arbeider med denne saka på oppdrag frå Foreldrerådet (FAU) ved Neverdal skule

Detaljer

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 07.12.2015 Tid: 13:00 14.

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 07.12.2015 Tid: 13:00 14. Fyresdal kommune Møteprotokoll Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 07.12.2015 Tid: 13:00 14.30 Fylgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 10.03.2009 012/09 HIAN

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 10.03.2009 012/09 HIAN Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 10.03.2009 012/09 HIAN Avgjerd av: Kvam heradsstyre Saksh.: Sigrid Laupsa Arkiv: N-210 Objekt: Arkivsaknr

Detaljer

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Vedteke i kommunestyret 12.12.2013, sak K 13/169 Endra i kommunestyret 27.8.2015, sak K 15/96 Gjeldande frå ny kommunestyreperiode 2015-2019 INNHALD:

Detaljer

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar. Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar. Den 4.01.2011 vart det gjennomført forhandlingar om lokal særavtale for tilsette i kap 4C mellom Hjelmeland kommune og Utdanningsforbundet Hjelmeland

Detaljer

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE 2016-2019 INNLEIING Organisatorisk plattform er vedteken av Unge Venstres landsmøte 2015 og gjeld for perioden 2016-2019. Det er berre landsmøte som i perioden

Detaljer

ROS-analyse i kommuneplan

ROS-analyse i kommuneplan ROS-analyse i kommuneplan Interkommunalt skredsamarbeid Møte måndag 6. desember 2010 Inge Edvardsen Fylkesmannen i Hordaland 1 Risikoanalyse kva og kvifor? Ein systematisk tilnærming til arbeidet med samfunnstryggleik

Detaljer

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jortveit, Halvor Fehn

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jortveit, Halvor Fehn MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 22.01.13 kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jortveit, Halvor Fehn Andre til stades på møte: Sveinung

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.03.2014 14659/2014 Henny Margrethe Haug Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 25.03.2014 Fylkestinget 07.04.2014 Ny pensjonsordning for folkevalde frå

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt: Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Tenesteutvalet 26.10.2009 022/09 MGAK Kvam formannskap 27.10.2009 051/09 MGAK Kvam heradsstyre 10.11.2009 096/09 MGAK

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke ELDRERÅDET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 17.10.2012 Møtetid: Kl. 10:00 15:15 Møtestad: Heradshuset/bufellesskapet på Byrkjelo Saksnr.: 019/12-022/12 Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans

Detaljer

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Venstre gjer Bjerkreim grønare. Bjerkreim Venstre Venstre gjer Bjerkreim grønare. Venstre er miljøpartiet. Me kjempar for fleire grøne lunger, reinare luft, og strakstiltak for å senka klimautsleppa. Det bør alltid vera enklast og billegast

Detaljer

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS 27.04.2015. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS 27.04.2015. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610 Austevoll kommune Innkalling Eldrerådet Møtestad: Kommunestyersal Møtedato: 27.04.2015 Møtetid: 10:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer