Møtereferat Vår ref: 15/01591-5 Dato: 28.10.2015 1 av 7 Håvard Ulstein, tlf. Havard.Ulstein@hib.no Referat avdelingsråd AL 27.10.2015 Til stades: Morten Rønning, leiar Maria Brosvik, nestleiar Eva Mila Lindhardt Liv Torunn Grindheim Oddrun Hallås Jeanette Haukeland Bakke Knut Steinar Engelsen Monica Håkansson Hilde Kvalheim Fråfall: Njål Vindenes Anne Skaansar Margareth Eilifsen, Sak 10 15/16 Jan Helge Kallestad, Sak 12 15/16 Håvard Ulstein, referent Sak 08 15/16 Sak 09 15/16 Sak 10 15/16 Godkjenning av møteinnkalling. Godkjenning av saksliste. Møtereferat 15.09.2015 Orienteringssaker. Ny rapport frå følgjegruppa for BLU. Konsekvensar for AL. Sak 11 15/16 Studietilbodet 2016/17. Sak 12 15/16 Heiltidsstudenten. Korleis evaluere? Sak 13 15/16 Studie- og oppstartsundersøking 2015. Sak 14 15/16 Eventuelt.
2 av 7 Sak 08 15/16 Godkjenning av møteinnkalling og saksliste. Møteinnkallinga kom for seint til studentrepresentantane, elles godkjent. To saker til eventuelt. Sak 09 15/16 Orienteringssaker Følgjande orienteringar vart gitt til rådet: Nudging i lærarutdanningane. SAKS-prosessen på Vestlandet. Språkstrategi ved HiB. Klyngesamarbeid HiB og UiB. Orientering om statsbudsjettet. Sak 10 15/16 Ny rapport frå følgjegruppa for BLU. Konsekvensar for AL. Rapport nr. 2: Barnehagelærarutdanninga. Meir samanheng, betre heilskap, klarare profesjonsretting? Sak 10 14/15 Barnehagelærarutdanning. Følgjegruppas arbeid. Presentasjon av følgjegruppa. Margareth Eilifsen, programansvarleg for barnehagelærarutdanninga, kom til møtet for å ta rådet gjennom nokre utfordringar ein har på AL knytt til barnehagelærarutdanninga i lys av den andre rapporten til følgjegruppa for BLU. Eilifsen hadde i sakspapira gått gjennom dei fem kapitla i rapporten som tar opp ulike utfordringar og tilrådingar for institusjonane. Eilifsen starta med tittelen på rapporten. Meir samanheng, betre heilskap, klarare profesjonsretting? viser direkte kva rapporten fokuserer på. Deretter gjekk ho inn på nokre av utfordringane og moglegheitene. Dei viktigaste utfordringane HiB står overfor i dag handlar om praksis, pedagogikkfaget, tid, ressursar og møteplassar. Det fins samtidig mange positive sider ved barnehagelærarutdanninga på HiB og det er ein del moglegheiter både i dagens UHnett Vest og i ein potensiell fusjon med høgskulane i Sogndal og Stord/Haugesund. Diskusjonen som følgde heldt seg nokolunde til disposisjonen til rapporten og sakspapiret, der ein var opptatt av:
3 av 7 Tid, ressursar og møteplassar. Det er ei opplevd knappheit, noko som også har vist seg ved at ein har utarbeidd emneplanar utan ekstra ressursar. Vil knappheita dei tilsette opplever kunne betrast ved å forenkle BLU-modellen. Generelt vil dette også gjelde fleire utdanningar. Det er viktig å ikkje drukne i detaljar og heller tenke større. Praksisfeltet. I sakspapira står det at berre 17% av praksislærarane har rettleiingskompetanse. Dette vart av fleire sett som underleg lavt sidan ein har halde på med vidareutdanning i rettleiing over fleire år. Det vart også poengtert av fleire at ei ordning der praksislærarane i periodar kan vere på høgskulen, enten i form av hospitering, toarstillingar eller liknande, kan vere med på å styrke utdanninga og motivasjonen blant studentane. Bergen kommune undersøker i dag om det er mogleg å få til dette. Styrking av utdanninga og stipendiatar. Ein av dei beste måtane å få ein god forskingsbasert barnehagelærarutdanning er gjennom stipendiatstillingar. Diskusjonen om dette viste at det ikkje er rett fram kven som kan kjempe om dei ulike stipendiatstillingane, då t.d. Kunnskapsdepartementet kan kome med føringar for kva utdanningar som skal få slike stillingar. På spørsmål om HiB kan påverke departementet, vart det vist til at det er vanskeleg. Samtidig er der ei opning i dei såkalla næringslivsretta og offentlege stipendiatstillingane som er utlyst av forskningsrådet. Dette er stillingar AL bør søke på. Pedagogikkfaget. Pedagogikk på HiB er delt i GLU og BLU. På GLU har ein oppretta ein pedagogikklab. Er det vegen å gå for pedagogikk-blu? Ein vil i så tilfelle få eit forum som kan løfte opp forskingstema og dermed kunne stimulere forskingsgrupper til å søke meir tematisk på FoU-midlar. Danning og refleksjon. Ei utfordring for barnehagelærarutdanninga er vektlegginga av at pedagogikk skal vere ansvarleg for danning og refleksjon i kunnskapsområda. Danning og refleksjon både er og må vere sentralt i alle kunnskapsområde og pedagogikkfagets rolle må dermed avklarast. Pedagogikkfaget og UH-nett Vest. Dersom nye drøftingar skal til, så må det kome fram kvifor ein skal gjere det og kva målet eller formålet er. Kvar skal ein i så tilfelle gå vidare? Fagstruktur vs. kunnskapsområdestruktur. Det er ei klassisk konflikt innan barnehagelærarutdanning. Det er viktig å bestemme seg om ein vil ta konsekvensane av den nye strukturen. Det vanskeleg er å ta vekk det gamle som i seg sjølv fungerer. Det er ikkje faga som må styrkast, det er kunnskapsområda. Kunnskapsområda må vere einingar som er overordna faga, medan sakspapiret tenderer til det motsette.
4 av 7 Sak 11 15/16 Studietilbodet 2016/17 Vedlegg 6: Forslag til studietilbod 2016/17 Vedlegg 7: Søkartal for studieåret 2015/16 Vedlegg 8: Studentrekruttering og studiegjennomføring ved Høgskolen i Bergen, utkast til rapport. (Vedlegget blir ettersendt) Vedlegg 9: Rekrutteringstiltak på HiB Vedlegg 10: Utlysning av oppdrag om å tilby videreutdanningstilbud i strategien «Kompetanse for kvalitet. Strategi for videreutdanning av lærere og skoleledere frem mot 2025» Vedlegg 11: Harmonisering av innhold i matematikktilbudene i ny strategi for videreutdanning av lærer Dekanen orienterte litt først. Studietilbodet er lite endra frå tidlegare år som følgje av at avdelinga skal gjennom store endringar. I og med at deltidstilbodet på Master i undervisningsvitskap går ut, var han opptatt av kva tilbod avdelinga skal gi til dei som er i arbeid i skulen i dag. Han poengterte vidare at god rekruttering er viktig for gjennomføringa. Over fleire år har mange av dei same studietilboda vore på restetorget. I diskusjonen som følgde, var rådet opptatt av: Rekruttering. Det er viktig å vise fram kva styrken til lærarutdanninga er praksisretta og yrkesretta. Studentar, både dagens og tidlegare, kan nyttast til rekrutteringstiltak. Det er viktig å skape eit godt renommé som gjer at studentar ønskjer seg til HiB. Fråfall. Fleire studentar har venta med å bestemme seg for å slutte først i andre og tredje studieår. Det er viktig å ha ei tettare oppfølging i praksis det første året. Opptakskrav og opptaksgrunnlag. Karakteren fire i matematikk som opptakskrav blir ei utfordring for høgskulen. På spørsmål om det vil vere mogleg å ha alternative opptaksgrunnlag, som t.d. intervju, viste dekanen til at det ikkje er høve til det i dag. KD opnar derimot opp for det, men utfordringa vil bli korleis ein skal kunne gjennomføre det og korleis det skal telle. Framsnakking. Lærarar og lærarutdanning blir ofte framstilt i eit negativt lys i media. HiB kan gjere mykje for å endre det ved å vere ei utdanning i front av utviklinga. Det er viktig at ei lærarutdanning ikkje er ei utdanning til det som var, men ei utdanning til det som skal bli. I dag opplever studentane at lærarane i skulen nyttar seg av teknologiske løysingar som ein ikkje får opplæring i på høgskulen. Det vart også sagt om fagmiljøa at dei er for lite synlege i media og at ein av grunnane kan vere at det ikkje er meritering slik som fagartiklar. Samtidig vart det peika på at utan studentar, ingen jobb. Allmennretta publisering og rekrutteringstiltak er med på å støtte opp under arbeidsplassane på HiB.
5 av 7 Sak 12 15/16 Heiltidsstudenten. Korleis evaluere? Vedlegg 12: Prosjekt «Heltidsstudenten» Til denne saka kom programansvarleg Jan Helge Kallestad for å presentere prosjektet gjennom erfaringar og tilbakemeldingar så langt. Det handla om oppstartsdagar i regi av fagmiljøa, om informasjon, om studentlogg og om studentdrivne seminar. Han avslutta med å stille spørsmålet om grepet ein har tatt med heiltidsstudenten bli godt før ein går vidare eller bør ein tenke større. Diskusjonen handla hovudsakleg om: Prosjektets formål. Prosjektet har større arbeidsinnsats blant studentane som mål. Kallestad peikte på at loggen skal vere eit middel for å få innsatsen til å vare. Det er viktig at studentane og dei tilsette opplever at det er eit formål med prosjektet, at det som blir skrive og reflektert rundt har ei meining. For studentane handlar det om å få ei tilbakemelding på loggskrivinga. «Dårleg informasjon». Det er alltid nokon som ikkje får med seg kva som skal skje, korleis det skal skje og kvifor det skal skje. For nytilsette vil det vere vanskeleg å få med seg alt, men resten av personalet har ikkje mange gode grunnar til å få med seg informasjonen om prosjektet. Oppstartsdagane. Forventningsavklaring, som var ein del av opplegget, vart opplevd som «smør på flesk». Det er noko som mange fag allereie har inne i dei første øktene av studieåret. Ambisjonar på andre sine vegne. Eit vanskeleg område. Kan t.d. studentar oppleve å bli oppfatta som late? Og, kva kan det føre til? Det er viktig at lærarane viser interesse i kva studentane har å seie i loggskrivinga. Anonymisering? Det vart åtvara mot anonymisering, sjølv om ein også ser at ein del studentar vil vegre seg mot å skrive negativt om undervisninga. Det vart sett som viktigare at ein som lærarstudent fekk ei trening i å kritisere på ein konstruktiv måte i kombinasjon med at dei må kunne gå ut frå at faglærarar er profesjonelle i si utøving. Involvering av eldre studentar. Eit grep fleire i rådet kom inn på er å involvere eldre studentar. Det vart peika på at studentar på GLU i 2. og 3. året har rettleiing på pensum. Det kan vere ein innfallsvinkel. Andre peika på at suksessfaktoren ligg i om prosjektet blir kopla til fagopplegget elles. At eldre studentar bør ha rettleiing av yngre studentar i dei studentdrivne seminara som obligatorisk arbeidskrav. Logg. Denne vart av fleire kopla til bruken av fagutval. Kan ein finne gode løysingar på å få nytte loggføringa til studentane i fagutvalsarbeidet? Evaluering av prosjektet. Eit viktig kriterium for evaluering av prosjektet er tidspunktet. Den må kome på eit tidspunkt som gjer at resultatet kan vere med på å gjere nødvendige endringar i påfølgjande studieår. Poenget med ei evaluering må vere
6 av 7 å finne ut om studentane faktisk brukar meir tid på studiet. Det vart også lagt vekt på at ei evaluering må formast likt for alle, gjerne laga av avdelingsleiinga, slik at det ikkje blir mange ulike variantar ut frå den enkelte faglærars perspektiv. All evaluering må peike på formålet. Kvifor har ein innført verktøyet og er det rett verktøy for å få studentane til å arbeide fleire timar med studiet? I ei evaluering må ein sørgje for å ha både kvantitet og kvalitet slik at ein har eit godt fundert grunnlag for å gjere endringar. Frå studenthald vart det vist til at prosjektet heiltidsstudenten blir opplevd som noko betent/negativt. Rådsleiaren oppsummerte diskusjonen i fem punkt: Fagevaluering og evaluering av heiltidsstudenten bør skje i den same evalueringa. Bør nytte seg av både spørreundersøking og fokusgrupper. Formålet med prosjektet og evalueringa må vere tydeleg. Rettleiing frå eldre studentar kan vere eit godt middel å nytte seg av. Viktig å følgje opp oppstartsdagane. Sak 13 15/16 Studie- og oppstartsundersøking 2015 Innleiingsvis vart undersøkinga presentert, der nokre hovudtilbakemeldingar vart tatt opp. Dekanen poengterte at det essensielle er korleis undersøkinga blir følgd opp. Viser det seg å fungere, både som undersøking og som oppfølging, er det eit ønskje å nytte seg av metodikken vidare, men då som meir temabaserte undersøkingar. Tilsettrepresentantane i rådet var mest opptatt av at planar, nytilsettingar, etc. er klare så tidleg som mogleg. Studentane peika mest på at mykje av det som kom fram i undersøkinga er gjentakande frå år til år. Nye studentar møter ein lite gjennomsiktig organisasjon, der informasjonen ikkje fungerer godt nok. Det vart også vist til nettsidene som ikkje er enkle å finne fram i. Sak 14 15/16 Eventuelt 1) Overhalding av fristar (vedlegg 13). Det har vore ein del tilfelle på HiB der fristane for sensur blir brotne. Studentane ønskjer at omfanget av forseinka på HiB skal kartleggast og at økonomiske sanksjonar skal nyttast for å betre situasjonen. 2) Resolusjon frå studentparlamentet: Flere, bedre praksisplasser! (vedlegg 14) Studentane ønskjer eit betre samarbeid med Bergen kommune om praksisplassar, der studentane blir sett som ein ressurs. I diskusjonen kom det fram at HiB allereie har starta diskusjonar med Bergen kommune i lys av partnerskapsskular, slik ein t.d. har ved Universitetet i Tromsø. Målet er å gjere barnehagar og skular betre gjennom
7 av 7 samarbeid. Det vart også poengtert at Bergen kommune er den største, men ikkje den einaste samarbeidskommunen i praksis. Viktig i samtalane med samarbeidskommunane er at den nye femårige grunnskulelærarutdanninga stiller andre og nye krav til skuleeigarane. Å pålegge kommunane krav om fag- og rettleiingskompetanse er kanskje ikkje den rette vegen å gå. Det vil kanskje vere betre å finne ut kva som er attraktivt for praksislærarane og ha det som utgangspunkt for kursing.