Sunn Møring. Kampen om tida. Pulsen bedriftsidrettslag. Psykiatri heime og ute. Nr. 5-2005



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Med god informasjon i bagasjen

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.


Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Ledelse over fjord og fjell

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Jon Fosse. For seint. Libretto

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

«Ny Giv» med gjetarhund

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Med tre spesialitetar i kofferten

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Dobbelt så mange moglegheiter

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Den nye seksjon for applikasjonar

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Månadsplan for Hare November

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Lønnsundersøkinga for 2014

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Stordal kommune Servicekontoret

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Psykologisk førstehjelp i skulen

Månadsbrev for Rosa september 2014

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

IKT-kompetanse for øvingsskular

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Informasjonshefte Tuv barnehage

mmm...med SMAK på timeplanen

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Team Hareid Trygg Heime

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Plassebakken Barnehage

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Transkript:

Nr. 5-2005 B Sunn Møring Kampen om tida Det har vore ein stille revolusjon i lufta. Aldri har fleire pasientar blitt frakta med luftambulanse frå sjukehus til sjukehus, og aldri har tenesta blitt meir nytta i akuttmedisin. Mye tyder på at dette berre er ei byrjing... side 4-7 Psykiatri heime og ute side 6-7 Pulsen bedriftsidrettslag side 18-19

reportasje Noko må fungere veldig godt når ventetida innan Helse Sunnmøre går så kraftig ned, meiner leiar av Mørebenken på Stortinget, Asmund Kristoffersen (Ap). Friskare helsevesen - Vi har sjølvsagt framleis mykje å hente, men som helsepolitikar på Stortinget gjennom mange år kan eg nøgd konstatere at vi i Noreg no ikkje treng å skamme oss. Det seier Asmund Kristoffersen (Ap) tre år etter sjukehuseforma. Rune Johnsen tekst og foto Inga reform er laga slik at den kan gi svar på alle utfordringane den var meint å løyse. Det gjeld også sjukehusreforma. Spesialisthelsetenesta er kompleks, og det finst ingen land som har funnet eit endeleg svar. - Eg har sjølv hatt høve til å observere helsetenesta i mange land og verdsdelar. Utfordringane er ofte dei same. Det er vanskeleg å få til kostnadskontroll, lik tilgang på helsetenester og god kvalitet i alle ledd, seier nordlendingen busett i Tingvoll på Nordmøre. Asmund Kristoffersen er medlem av Sosialkomiteen og leiar for Mørebenken på Stortinget. Sjølv om det enno er langt fram til alt helsepersonale er oppdatert på den nyaste kunnskapen, meiner Arbeidarpartiet sin helsepolitiske talsperson at vi er på god veg med større satsing på opplæring, kompetanseheving og forsking. Som saksordførar for helsereforma i Stortinget hadde han begge hendene på rattet då saka skulle gjennom politisk handsaming. Difor gler han seg no ekstra over eit norsk helsevesen i rask betring. Pluss og minus - Sterkare fokus på å behandle pasientar innafor eit tidsrom som er medisinsk forsvarleg, klare målsettingar om kvalitetsforbetring, god forvaltning av ressursane, tydelegare krav til kompetent leiing og effektiv organisering, meir bevisst haldning til kompetanseheving. Dette er ting som har vore positivt i utviklinga av spesialhelsetenesta, seier Kristoffersen. Han har også sett ei gryande satsing på forsking for å betre tilbodet til pasientane. Minusfaktorar med sjukehusreforma er bekymringsmeldingar om personale som føler seg utrygge på framtida med stadig pågåande omstillingsprosessar. Det skapast også eit inntrykk av at sterk fokus på økonomi gir oppleving av at det økonomiske kan kome framføre dei mellommenneskelege tilhøva på ein arbeidsplass. - Det tok også diverre alt for lang tid før fleire styre oppfatta at dei var satt til å styre landet si desidert viktigaste velferdsteneste. Det skuffa meg enormt. Heldigvis har dette betra seg mykje stort sett landet over, seier stortingspolitikaren. Kvalitetsfaktor Mange vil hevde at avgjerslene blir tekne andre stadar enn i det lokale sjukehuset. Med det langt større ansvaret det einskilde føretak har fått, er grunnlaget lagt for nærleik til avgjerslene. For at dette skal skje, er det svært viktig at dei med leiaransvar spelar på lag med tilsette og deira representantar. Det er den einaste siviliserte måten å få til ro, effektivitet og trivsel på ein arbeidsplass, ikkje minst på sjukehusa våre. Kristoffersen har inntrykk av at Helse Midt-Norge har gjort mykje for at alle helseføretaka skal få stor mynde og moglegheit til utvikling. - Noko må openbart fungere veldig godt. Den gjennomsnittlege ventetida ved Helse Sunnmøre har gått formidabelt ned, frå kring 250 dagar ved inngangen til 2002 til 62 dagar i februar 2005. Dette er ein svært viktig kvalitetsfaktor for hele befolkninga på Sunnmøre og fylket elles, seier leiaren for Mørebenken, som gir stor ære til leiing og personale i helseføretaket. Stort tempo Sjukehusreforma representerar ei av dei største reformene i norsk samfunnsliv nokosinne. 100.000 tilsette fekk nye arbeidsgjevarar, og milliardverdiar blei flytta mellom fylkeskommunar og stat. Omorganiseringa skjedde i stort tempo. Det gjekk vel 13 månadar frå Arbeidarpartiet på sitt landsmøte i november 2000 gjorde vedtak om at staten skulle overta sjukehusa, til reforma trådde i kraft fyrste januar 2002. - Med så store omleggingar både med skifte av eigar og eit helt nytt styringssystem, var det naudsynt at skiftet gjekk raskt. Vi såg diverre tendensar det siste halvåret før reforma vart satt ut i livet, at fylkeskommunane byrja å gjere tilpassingar og økonomiske disposisjonar som var på grensa av det akseptable. Ei så rask gjennomføring skapte rom for kritikk om mangel på innhald, sjølv om både eg som saksordførar for reforma i Stortinget, og ikkje minst helseministeren, framheva at dette arbeidet måtte intensiverast straks reforma var på plass. Det har i stor grad også skjedd. Til dømes har Helse Midt-Norge initiert svært mange utviklingsprosjekt, som mellom anna går på kvalitetsutvikling og opplæring, seier Kristoffersen. Sjølv om det mellom nokre personalgrupper vil vere ulike oppfatningar, er det mange reaksjonar på at ein er på rett veg, og vi skal definitivt ikkje attende til det gamle regimet. Det viktigaste er likevel korleis pasientane opplever situasjonen. - Brukarundersøkingar av ny dato viser at pasientane er svært tilfredse. Dette er ein god og viktig indikator på ei riktig utvikling, meiner stortingspolitikaren. Gyllen mellomveg Ein veikskap ved innføringa av reforma var ei kraftig underfinansiering i forhold til oppgåvene. Det betydde at det raskt kom forholdsvis harde idear om omstilling og effektivisering, ikkje så mykje i vårt område som andre stadar i landet. - For mykje pengar kan hindre naudsynt omstilling, men det er ofte ein gyllen mellomveg som er løysinga. Det manglar enno pengar. No må vi få på plass opningsbalansen slik at det kan løyvast korrekte beløp til vedlikehald og investering i bygningar og utstyr, seier Kristoffersen. Når det gjeld folkevald innverknad og styring, er det ingen som har gitt meg fasitsvaret på ein enkel modell for styresamansetning. Sjukehuseigaren må vere den som oppnemnar styret. Det gjeld å gå fram med klokskap. - Eg har teke til ordet for, og Arbeidarpartiet sitt landsmøte har no også vedteke, at kommunar og fylkeskommunar skal ha rett til å kome med forslag på styrekandidatar. Eg trur det vil vere klokt om det også er aktive sentrale politikarar frå lokalt og regionalt nivå i styret. Helse er velferdsteneste, og politikarane skal være ombod for befolkninga. Dei skal også setje helsetilbodet inn i ei politisk ramme, seier Ap sin helsepolitiske talsperson. Behov for handling Stortingspolitikaren peikar på tre hovudgrunnar til at reforma kunne gjennomførast så raskt som den blei. Det eine er at presset mot det nasjonale politiske nivå frå pasientorganisasjonane og media med fleire, begynte å bli enormt. Særlig gjaldt dette forhold knytt til heilt ekstreme ventetider. - Eit anna forhold var at Jens Stoltenberg danna regjering og overtok makta etter det som må seiast å vere ei overraskande populær regjering, Bondevik I. Det var behov for handling og raske og konkrete resultat, meiner Kristoffersen. For det tredje bygger sosialdemokratiet mellom anna på at offentlege verdiar skal forvaltast godt og det offentlige tenestetilbodet må vere så bra at det ikkje inviterar til omfattande private og konkurrerande verksemder. - Difor var det trong for stadig fornying av offentleg sektor, som blei eit slags varemerke for Stoltenberg-regjeringa. Samstundes var det også ein veikskap, fordi nokre reformer, som mellom anna sjukehusreforma, var for dårleg forankra i partiorganisasjonen og i arbeidstakarorganisasjonane, seier stortingspolitikaren. Spisse oppgåver Om Kristoffersen skal seie noko om framtida, ser han framfor alt moglegheitene. Noreg er eit av dei landa som brukar mest på helsetenester, men vi har høve til forbetringar. - Vi har framleis klare forbetringspotensiale på kvalitet. Den er for ujamn. Vi må difor tole, ja vi bør også støtte, at nokre oppgåver spissast, slik det leggast opp til i til dømes kreftbehandlinga. Mange andre område kunne vore nemnd, seier Kristoffersen Samstundes meiner han vi har ein sjukehusstruktur vi skal ta vare på. Vi må strekke oss langt for å bevare eit godt desentralisert sjukehustilbod innafor område som indremedisinen og føde. Vi må heller ikkje stelle oss slik at private sjukehus og helsetilbod får for stor plass. Det vil fort kunne røre ved helt naudsynte offentlege tilbod og fjerne frå før forholdsvis spinkle tilbod ved lokalsjukehus, også i vårt fylke. Likevel, alt i alt meiner han det er ei styrke at Møre og Romsdal har fire oppegåande sjukehuseiningar samla i to helseføretak. - Eg ser på vårt fylke som ei stor eining, også helsepolitisk. Det ser faktisk ut til at reforma har gjort sitt til at det er mindre skittkasting mellom sjukehusa, og det var på tide, seier leiaren for Mørebenken. Når vi i 2030 venteleg trur det vil vere 60 % fleire 80-åringar, vil dette føre til auka behov for sjukehustenester. Den store utfordringa framover vil vere ei langt betre samhandling mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i kommunane, og det er allereie spennande utviklingsprosjekt på gang i vår helseregion. leiar Psykisk helse Styringsdokumentet frå eigar legg i 2005 vekt på desse tre hovudpunkta: Tilbod innan psykisk helsevern og behandling av rusmid delmisbrukarar skal reelt styrkast Føretaka skal gå i balanse Etterleving av lover og forskrifter Tilbod innan psykisk helsevern har siste åra stått særleg i fokus. Har Helse Sunnmøre klart å etterleve den styrkinga som er forventa vi skal ha? Vi kan konstatere at vi har fått ein vekst i tilbodet for psykisk helsevern med den oppbygginga som faktisk har skjedd. I tillegg behandlar vi langt fleire pasientar enn tidlegare. Dette gjeld så vel for døgn- som for dag- tilbodet. Vi har klart å omstille drifta ved dei psykiatriske sentra til aktive behandlingsinstitusjonar og tal polikliniske konsultasjonar pr. behandlar har auka kraftig både innan vaksenpsykiatrien og barne og ungdomspsykiatrien. Dette betyr at det psykisk helsevernet i føretaket vårt har vore gjennom store endringsprosessar siste åra til det beste for pasientane. Dessverre er det slik at behovet for tenester innan psykisk helsevern aukar. Vi har dermed siste tida sett ein auke i tal pasientar på ventelistene våre. Til trass for høg aktivitet har likevel ventelistene og ventetidene auka. Vi vil gjere vårt beste for at vi ikkje skal få uverdige ventetider for pasientane våre. Flaskehalsen er rekruttering av spesialpersonell til psykiatrien. Det er vanskeleg å rekruttere til utkantane. Sjølv om vi ønskjer å vere eit midtpunkt her på Sunnmøre, er vi nok likevel ein utkant og må leggje tilhøva til rette for å utdanne spesialistane våre sjølve. I nært samarbeid med avdelingane og dei tillitsvalde håper vi at vi kan lukkast med dette. Utan å rekruttere personell i nyoppretta stillingar, er det vanskeleg å nå målet med å få til ei reell styrking av det psykiske helsevernet på Sunnmøre. Føretaket skal også gå i balanse i 2005. Vi arbeider hardt for å nå dette målet. Avdelingane er så langt på god veg til å lukkast i å nå dette målet. På føretaksnivå har vi førebels ein del utfordringar for å kome i hamn. Utgangspunktet er at vi skal i balanse utan at vi gjer store strukturelle endringar som rammer pasienttilbodet på Sunnmøre. Klarer vi å nå målet med å ha høg kvalitet på tenestene våre samstundes som vi når balansekravet, er vi langt på veg til å skaffe oss eit handlingsrom for m.a. nyinvesteringar i areal og nødvendig utstyr, noko vi har eit stort behov for. Siste punktet som er spesielt framheva i styringsdokumentet er etterleving av lover og forskrifter. Det skulle berre mangle at vi ikkje skal følgje dei lover og forskrifter som er gitt frå eigarane våre. Eigne internrevisjonar vil følgje med at vi i alle fall forsøker å få dette til. I 2005 må vi derfor vere førebudd på at vi vil bli etterprøvd på kor dyktige vi er på desse områda. Astrid J. Eidsvik, Adm. dir. Helse Sunnmøre 2 SunnMøring 27. mai 2005 SunnMøring 27. mai 2005 3

SunnMøring Magasin for Helse Sunnmøre www.helse-sunnmore.no reportasje Utgivar: Helse Sunnmøre Idè/lay-out/innhald: Nye Regionavisa AS Redaktør Solveig Moe Frøland 70 10 68 10/92 20 80 89 solveig.moe.froland @helse-sunnmore.no Ein ikkje uvanlig arbeidsdag for luftambulansen, der bilambulansen er på plass - men tida er knapp. Prosjektleiar Hugo Antonsen 70 00 96 62 hugo@regionavisa.no Alltid beredt for luftambulansetenesta ved Ålesund sjukehus. Frå venstre Frode Lindseth (avdelingssjukepleier for ambulansehelikpter), Willy Strande kleiv (avdelingssjukepleier for ambulansefly), Per Christian Juvkam (seksjonsoverlege) og Kristen Rasmussen (seksjonsoverlege). Journalist Fredrik Steen fredrik@regionavisa.no Lufta sin stille revolusjon Journalist Rune Johnsen redaksjon@regionavisa.no Grafisk formgjevar Lisa Liavåg lisa@regionavisa.no Salgssjef Line Urke line@regionavisa.no Annonsesalg Ann Iren Myklebust anniren@regionavisa.no Aldri har fleire pasientar blitt frakta med luftambulanse frå sjukehus til sjukehus, og aldri har tenesta blitt meir nytta i akuttmedisin. Hugo Antonsen tekst og foto Medan sjukehustilbodet har blitt stadig meir spesialisert, har luftambulansen lenge vore ein sjølvfølgje med auka trafikk og auka krav til aktivitet. Tilgang til ei god luftambulanseteneste er avgjerande for at utvalde pasientar kan få diagnostikk og behandling i tide. Endringar av tenestene sjukehusa i mellom aukar krava til denne tenesta, seier seksjonsoverlege Per Christian Juvkam. Juvkam er også regional medisinsk representant i helseføretaka si nasjonale luftambulanseteneste, og har vore tett på utviklinga sidan dåverande statsråd Tove Strand Gerhardsen etablerte den nasjonale luftambulanseplanen i 1988. - Reforma som Strand Gerhardsen stod bak var mykje ein økonomireform, som måtte på plass for å regulere ein marknad der ein eksplosiv auke i bruken av luftfartøy til pasienttransport fekk kostnadane til å laupe løpsk. Det har sjølvsagt vore ei gradvis utvikling sidan reforma kom i 1988, men eg har eit klart inntrykk av at tilbodet blir oppfatta som ei sjølvfølgje ikkje minst med omsyn til regionaliseringa av tenestetilboda, seier Juvkam. Sett krav Tenesta sett særskilte krav til helsepersonellet, som i tillegg til å vere erfarne medisinske fagfolk også må ha transportfagleg kompetanse. - Vi har vore heldige og hatt særs stabile forhold i det medisinske personellet. Det er mange som har vore med sidan tidenes morgon. 10-15 år med erfaring er det vanlege, - nokre har meir, nokre få har mindre, fortel avdelingssjukepleier for ambulanseflyet, Willy Strandkleiv. - Vi er godt forsynt med fagfolk i Ålesund, og årsaka til det trur vi er variasjonen i arbeidsoppgåver. Løysinga har vore ein kombinasjon av vaktteneste på sjukehus i kombinasjon med beredskap for luftambulansetenesta. Difor har det heller aldri vore noko problem for oss å bemanne tenesta, seier Strandkleiv. Ei styrke Anestesiavdelinga ved sjukehuset i Ålesund har i lang tid vore direkte knytt til denne beredskapen. Når stillingar ved avdelinga vert lyst ledig, er beredskapen ved luftambulansen ein del av arbeidsområdet, og trenden er at stadig fleire sjukehus organiserer seg på same måte. - Erfaringa er at det er ei styrke for tenesta å vere knytt til anestesiavdelinga ved sjukehuset, meiner kvartetten Per Christian Juvkam (seksjonsoverlege), Frode Lindseth (avdelingssjukepleier for ambulansehelikopter), Kristen Rasmussen (seksjonsoverlege) og Willy Strandkleiv (avdelingssjukepleier for ambulansefly). - Luftambulansen verkar som eit glidemiddel som lettar pasienten sin tilgang til rett sjukehustilbod uansett kvar ein bur trass vanskelige geografiske tilhøve. Tenesta er og ei støtte for dei lokale akuttmedisinske team (lokal lege og ambulanse) som er grunnlaget for eit trygt akutt-helsetilbod i lokalsamfunna, seier Juvkam. Må vente Ambulanseflya dekker landet utan omsyn til regionale grenser, og det er ei sterk auke i bruken av fly over heile landet. Utviklinga innan Helse Midt-Norge dei siste 5 åra viser at det har vore ei eksplosiv auke både i tal rekvirerte oppdrag og tal transporterte oppdrag. St. Olavs Hospital i Trondheim har til dømes fire gonger fleire rekvirerte ambulanseflyoppdrag i same periode (frå 115 i år 2000 til 468 i fjor), medan Molde har ei tredobling og Volda ei dobling. Og no fryktar dei å ha nådd taket. Kollisjonane mellom akutthjelp og planlagt dagtransport, gjer at mange pasientar må vente på transport, og at det vert vanskelig å drive effektivt. Det er stort avvik mellom rekvirert hjelp og det som vert utført, fortel Juvkam og held fram: - Slik situasjonen er i dag, er det stort behov for eit ambulansefly nummer to på Vigra, slik at vi har ressursar til å handtere behovet. I fjor vart ambulansefly rekvirert 1094 gonger berre av sjukehusa innanfor helse Midt-Norge. Det er tre oppdrag per dag, seier Juvkam. Eitt fly til Det er dette behovet som gjer at dei ansvarlege for luftambulansetenesta ønskjer seg eit fly til, som kan handtere transport på dagtid, og som vil gjere det lettare å handtere omgåande hjelp. 4 SunnMøring 27. mai 2005 SunnMøring 27. mai 2005 5

Per Christian Juvkam under transport med eit lite barn i ei ny spesiallaga kuvøse for lufttransport. Seksjonsoverlege Per Christian Juvkam. Med berre eitt fly disponibelt går ofte dagtransporten på bekostning av øyeblikkeleg hjelp. - Vi har eit ansvar for omgåande hjelp, og det gjer at vi ikkje kan drive planlagte turar utan å stadig avvike frå det programmet. Det oppleves ofte slitsamt for pasienten, seier Kristen Rasmussen. - Eit fly er ikkje operativt heile tida, og er heller ikkje tilgjengeleg heile tida. Tidlegare hadde vi to ambulansefly i teneste på Vigra, men vi mista det eine i 2001. Tenesta for flyteknisk service er nyleg lagt om, og auker behovet for tilgang på eit fly nummer to. - Det sjukehuset i Sør-Norge om har lengst avstand til sitt regionsjukehus, er Volda. Nummer to på den same lista er Ålesund sjukehus. Aukande spesialisering ved sjukehusa i ein takt som også inneheld sentralisering av tenestetilbodet, gjer også sitt til at transport vert meir og meir etterspurt. behovet for transport og logistikk generelt auke. -I hjarte- og nevrokirurgi er ein på regionsjukehusnivå heilt avhengig av å flytte pasientane tidlig ut frå avdelingane, for å få plass til nye pasientar. For å utnytte denne type kirurgi best mogleg, er luftambulansetenesta difor heilt naudsynt. For pasientar med akutt hjartesjukdom, er PCI-behandling (utblokking av blodårar) meir og meir aktuelt i den akutte fasen. I mange tilfeller er dette gullstandard. Kvar time tapt, aukar risikoen for helseskade eller tapt liv, seier Juvkam. Det næraste behandlingstilbod før møringane er pr. i dag i Trondheim, og vi ser derfor nå ein eksplosjon i transportbehovet for denne typen pasientar. av dette i vår helseregion, vil få enorme konsekvensar for oss i luftambulansetenesta, seier Kristen Rasmussen. -Vi meiner luftambulansetenesta er eit heilt naudsynt verkemiddel for å ta noko av behandlingstilbodet i sjukehusa ut til pasienten tidleg ved akuttsjukedom og skade, og for å knytte sjukehusa saman i behandlingskjeda. Ressursane i luftambulansetenesta bør og brukast betre for å styrke den akuttmedisinske kompetansen i distrikta. Det er ikkje klok helsepolitikk å byggje ned dei lokale akutt-tilboda, og tru at luftambulansetenesta kan gje same tryggleik, seier Per Christian Juvkam. Utvikling flyambulansetenesta i Helse Midt-Norge Luftambulanse-fakta Helseforetakenes Nasjonale Luftambulansetjeneste ANS er eid med 20 prosent kvar i dei fem regionale helseføretaka i landet, der administrasjonen ligg i Bodø. Selskapet forvaltar kontraktane med Lufttransport AS og Norsk Luftambulanse AS, som er operatørar. Lufttransport AS er åleine om å operere fly, medan operatøransvaret for helikopter er delt mellom dei to selskapa. Utvalde helseføretak har ansvar for den medisinske beredskapen. Innan HNL er det 11 helikopterbasar, sju flybasar og fire basar for redningshelikopter. I Helse Sunnmøre er det stasjonert eitt helikopter og eitt fly. Ambulanseflyet er stasjonert på Vigra, og er operativt 24 timer i døgnet. Helikopteret er stasjonert på Sjukehuset i Ålesund, og er operativt 24 timer i døgnet. Heilt naudsynt Med stadig høgare kvalitet på spesialmedisin ved sjukehusa, vil også 6 SunnMøring 27. mai 2005 PCI-behandling - Til dømes får alle i Rogaland (300.000 pasientar) tilbod om PCIbehandling. Ei auke i nærleiken

Ein sjarmoffensiv for Nordvestlandet kan vere på sin plass. Vi treng å auke omdømet, spreie det gode namn og ryktet. Det treng vi overalt, ikkje minst med tanke på rekrutteringa, seier avdelingssjefen for distriktspsykiatrisk avdeling i Helse Sunnmøre. - Det er viktig å løfte blikket og ikkje berre vere oppteken av vår eigen andedam her i Noreg. Det seier psykiater Victor Grønstad. Psykiatri heime og ute Rune Johnsen tekst og foto Sjefen for Distriktspsykiatrisk avdeling (DPA) i Helse Sunnmøre er oppteken av kompetanseheving i psykiatrien og er involvert i fleire utdanningsprosjekt, både heime og ute. Psykiatri i den tredje verda var mellom tema som stod på timeplanen då Victor Grønstad nyleg samla komande psykiatrar til kurs i Ålesund - Vi lever i ei verd der avstandane blir stadig mindre. Samstundes blir vi meir avhengige av kvarandre. Ein ting er at vi her i landet gir eit tilskot til psykiatrien - Vi kan ikkje berre behandle på kort sikt, men må og sjå samanhengen og finne den beste vegen for pasienten vidare, seier psykiater Victor Grønstad. i den tredje verden, men det kan også vere nyttig for oss, seier Grønstad. Psykiateren har ved fleire høve undervist assistentlegar i Kambodsja. I ei periode frå 2000-2001 var han 15 månader i Asia gjennom eit utdanningsprogram sponsa av NORAD. - På same tid som vi i den vestlege verda hjelper folk i Kambodsja i utdanninga, får vi eit anna perspektiv på det vi sjølv driv på med. Regima kan ta frå folk ein datamaskin eller andre ting, men kunnskapen og kompetansen har folk så lenge dei lever. Byrgskapen for desse menneska er veldig viktig, og det som skjer der ute har også innverknad på oss. Vi må utvikle faget i fellesskap, meiner Grønstad. Psykiateren si rolle Gro Harlem Brundtland skreiv i verdas helserapport i 2001 at dei er sjeldne dei familiar som ikkje vert råka av psykiske lidingar. Det er mykje slike lidingar i samfunnet, på langt nær alt er avdekka. - Mykje kan vi gjere noko med, andre ting bør vi halde oss unna. Problema i dagleglivet kan ikkje vi løyse. Når dei psykiske problema blir så store at du ikkje greier deg sosialt heime eller i arbeidslivet, og som fyrstelinetenesta ikkje greier å handtere, då er det vi må på bana, seier Grønstad. Han meiner det er viktig å setje fokus på psykiateren si rolle. Fortelje kva vi forventar av framtidige psykiatrar. - Vi må finne våre nye kollegaer og påverke dei til å bli den type psykiatrar vi treng og ynskjer. Vi vil påverke assistentlegar til å bli psykiatrar, og gi dei mykje fagkunnskap og forståing av vår rolle og verdi i samfunnet, seier Grønstad. Vi kan ikkje berre behandle på kort sikt, men må og sjå samanhengen og finne den beste vegen for pasienten vidare. Ein psykiater må ikkje berre vise pasienten respekt, han må meine det også. Pasienten må ha moglegheit til å velje kor vegen skal gå vidare. Samspelet er viktig. Ein psykiater skal ha mest mogleg oversikt over terapiformer som er tilgjengeleg, og finne ein terapiform som er bra for den einskilde pasienten. - Vi kan ikkje forvente at nokon skal kunne alt, men det er viktig at vi kan vise vidare til andre om vi ikkje beherskar ein terapiform sjølv. Målet er rett pasient til rett behandling på rett nivå til rett tid, seier avdelingssjefen for DPA. Sjarmoffensiv Victor Grønstad er kursleiar for 40 assistentlegar, som nyleg var samla til kurs nummer fire (av fem) i Det obligatoriske psykiatrikurset. - Gruppa eg har representert, trur eg, er eit gjennomsnitt av assistentlegar i Noreg i dag. Det er stor spreiing både i bakgrunn og personlegdom. Alt frå humoristen til den veldig seriøse. Mange har jobba som kommunelegar, medan andre har liten erfaring som lege. Vi har også ein tidlegare fylkeslege og tre barnepsykiatrar som omskolerar seg, fortel Grønstad. Heile ni nasjonalitetar er representert på kurset Grønstad har ansvaret for. Deltakarane kjem frå Noreg, Danmark, Frankrike, Tyskland, Vietnam, Tyrkia, Irak, Iran og Romania. Felles for alle er at dei har jobba som assistentlegar ulike stader her i landet. Grønstad har ingen lokale deltakarar, assistentlegar frå Helse Sunnmøre er med i andre kursseriar. - Kursdeltakarane var nysgjerrige på Nordvestlandet og ville legge dette delkurset til Ålesund. Samstundes kan dette vere med på å rekruttere psykiatrar hit. Det er jo greitt å vise at du kan trivast her sjølv om verken eg eller kona er frå distriktet, seier Grønstad, som opphavleg kjem frå Sandefjord. Han har budd dei siste 25 åra i Sula, der han også har vore kommunelege i mange år. - Mange sa også etterpå at her på Sunnmøre må det være både kjekt å bo og jobbe. Ein sjarmoffensiv for Nordvestlandet kan jo vere på sin plass. Vi treng å auke omdømet, spreie det gode namn og rykte. Det treng vi overalt, ikkje minst med tanke på rekrutteringa. I Helse Sunnmøre må vi stort sett rekruttere eigne folk til psykiatrien, slik eg sjølv er gjennom kurs og praksis på Åse og Hjelset, fortel Grønstad. Utdanninga tek minimum fem år. Det stillast særskilde krav til teneste og kurs, med mykje rettleiing undervegs. Som valium i lomma Under delkurs fire av Det obligatoriske psykiatrikurset var kognitiv terapi hovudtema. - Kognitiv terapi er ein terapiform som går på å gi folk eit verkty som dei har tilgjengeleg og med seg heile tida, slik at dei kan løyse dagleglivet sine små og store problem på ein god måte, fortel Grønstad. Pasientane skal lære seg å sjå samanheng mellom hending og kjensla den same hendinga utløysar, og at det faktisk går ein tanke mellom dei to situasjonane. Ofte er vi ikkje klar over tankane som bind hending og kjensla saman. På eit plan får vi angst og blir engstelege. Mange utviklar til dømes angst. - Å få tak i den tanken er noko av det viktigaste vi kan gjere. Og det fine med tankane, er at når vi fyrst blir bevisste på dei, så kan vi påverke dei. Då kan vi også gjere noko med kjenslene, endre dei slik at det ikkje blir så vondt, at vi ikkje blir så redd, fortel psykiateren. Det er ein sjukleg redsel, ein unødvendig overreaksjon på ei hendig som kan vere så enkelt som at sjefen overser meg ein morgon. Er det fordi han ikkje likar meg? Er det nå så sikkert? Har sjefen krangla med kona, eller er han veldig oppteken med å førebu eit møte, eller er han berre ein dårleg sjef. Det treng ikkje ha noko med deg å gjere i det heile. Gjentek det seg, kan du jo ta opp problemet med sjefen. Sjekke ut kjensla. - Det er som å gå med valium i lomma. Det skapar tryggleik. Du veit at du har den med deg, sjølv om du ikkje treng å bruke den. Slik er det også med kognitiv terapi. Du veit at du kan finne den fram i alle livets situasjonar, seier Victor Grønstad. Lokal utdanning Professor Tore Stiles frå Trondheim er ein av foredragshaldarane under Det obligatoriske psykiatrikurset. Grønstad har også engasjert Stiles i samband med eit stort utdanningskurs i kognitiv terapi for alle i distriktspsykiatrisk avdeling i Helse Sunnmøre. Avdelinga omfattar både poliklinikken i Volda, Volda psykiatriske senter, psykiatrisk poliklinikk i Ålesund, Vegsund psykiatriske senter og Sjøholt psykiatriske senter, til saman fem ulike seksjonar. - Vi utdannar 30 av våre medarbeidarar, i løpet av ti samlingar over eitt års tid. I staden for at vi reiser til Trondheim kjem Tore Stiles hit. På denne måten får fleire vere med, samstundes som dei får godkjend utdanning ved NTNU, fortel Grønstad. SEPREP, eller psykoseutdanning for helsepersonell som jobbar med psykosepasientar, er eit anna prosjekt avdelingssjefen for psykiatrien ved Ålesund sjukehus har ansvaret for. Utdanninga, som er eit samarbeid med høgskulen på Hamar, gir 60 studiepoeng etter avsluttande eksamen. - Vi er oppteken av kompetanseheving og jobbar aktivt med etterutdanning. Alle som har pasientansvar skal kunne mest mogleg om det dei jobbar med, seier Victor Grønstad. Det obligatoriske psykiatrikurset Til liks med andre spesialforeiningar i Den norske lægeforening, har Norsk Psykiatrisk Forening har fått i oppdrag å utdanne sine eigne spesialistar gjennom obligatoriske kurs i psykiatri og andre fag. Kurset er på 150 timar, og er obligatorisk for assistentlegar som skal bli spesialistar i psykiatri. Utdanninga går over to år, fordelt på fem samlingar. Det blir teke opp 40 deltakarar til kvar nye kursserie, som startar opp kvar haust og vår. Victor Grønstad er leiar for ein av seriane, som nyleg var samla til delkurs fire i Ålesund. Kurset skal gi ein fagleg gjennomgang av psykiatrien sine hovudoppgåver og smakebitar av spesialområde. Ein har også fokus på modning og prosesslæring. Vidare skal kurset gi inspirasjon til fordjuping, kritisk tenking og forsking, og vise breidde og takhøgd i norsk psykiatri. Ein skal også medverke til sjølvinnsikt i høve arbeid og rolle som psykiater, og medverke til utvikling av kollegial nettverk og tilhøyring. Victor Grønstad er involvert i fleire utdanningsprosjekt, både heime og ute. Her står Grønstad (t.h.) framføre inngangen til psykiatrisk poliklinikk på sjukehuset i Phnom Penh i Kambodsja, saman med psykiater Sar Sothearith (t.v.), psykiater Ellen Hagemo frå Sosial- og helsedirektoratet og assistentlege Savoun. (Foto: Privat) 8 SunnMøring 27. mai 2005 SunnMøring 27. mai 2005 9

Ventetider i Helse Sunnmøre Utviklinga i ventelister og ventetid er relativt stabilt i Helse Sunnmøre. Vi ser likevel ein liten auke i gjennomsnittleg ventetid frå 62 til 66 i løpet av mars. Vi er likevel det føretaket saman med Nord- Trøndelag som har den kortaste ventetida i Helse Midt- Norge. Særleg hyggeleg er det å registrere nedgang i ventetidene til mage/ tarmundersøkingar. ØNH-avdelinga har i periodar hatt kapasitetsproblem, for å få ned ventetidene vert det no leigt inn legespesialistar. Nevrologisk avdeling har og hatt auke i talet på ventande siste månadane. Dette gjeld i hovudsak pasientar som skal til nevrofysiologiske undersøkingar (EEG og nevrografi). Årsaka til dette er ein redusert kapasitet i avdelinga. I følgje avdelingssjef Karl Arne Remvik er det sett i gang tiltak for å korte ned ventetida for pasientane. Avdelinga prioriterer born ved tildeling av undersøkingstime. Vidare er det inngått avtale med nevrologisk avdeling i Molde om å få sende nokre pasientar dit. I tillegg er det også sett i gang kveldspoliklinikk. Nevrologisk avdeling har i dag avtale med 6 nevrologar frå St.Olavs Hospital som rullerer på å arbeide i avdelinga i tillegg til Hans Henrik Daae-Qvale. Dei har også knytt til seg ein svensk nevrolog for ei tid. Vi arbeider for å rekruttere nevrologar for å bygge opp eit meir permanent nevrologisk tilbod i Helse Sunnmøre, seier avdelingssjef Remvik. GJENNOMSNITTLEG VENTETID 31. des - 03 31. des - 04 31. jan - 05 28. febr - 05 31. mars - 05 Helse Sunnmøre Volda Sjukehus Ålesund sjukehus HelseNordmøre - Romsdal Helse Nord-Trøndelag St. Olavs Hospital Helse Midt-Norge 78 dagar 66 dagar 59 dagar 67 dagar 78 dagar 66 dagar 97 dagar 83 dagar 64 dagar 60 dagar 67 dagar 76 dagar 65 dagar 93 dagar 80 dagar 62 dagar 55 dagar 64 dagar 73 dagar 62 dagar 90 dagar 77 dagar 66 dagar 56 dagar 68 dagar 71 dagar 66 dagar 87 dagar 77 dagar Kommunikasjonsprodukt Energiprodukt IT-produkt Personalnytt Elektronisk lønnsslipp Merete Follestad: Assistent i 100% fast stilling ved Serviceavd. - Intern transport, frå 01.04.05.(Volda sjukehus) Laboratoriehandboka Til alle våre rekvirentar i føretaket og i primærhelsetenesta No er den endeleg her: Ny, revidert utgåve av laboratoriehandboka - elektronisk utgåve og papir utgåve (som er under trykking). Boka er felles for begge sjukehusa i føretaket. Våre interne brukarar finn den elektronisk utgåva på intranettet til Helse Sunnmøre. På botnlinja i heimesidebildet finn de linken LAB. Klikk på LAB og de er inne i alfabetisk liste av handboka. Våre eksterne brukarar finn den elektroniske utgåva ved å gå inn på www.helse-sunnmore.no - Primærlegar. Meir informasjon om den elektroniske handboka finn de i innleiingskapitla i boka. Vi oppfordrar brukarane våre til å nytte den elektroniske versjonen som vil bli oppdatert med jamne mellomrom. Av Svanhild Tranvåg Frå juni får alle tilsette lønnsslippen sin elektronisk via Min arbeidsplan. Lønnsslipp i Min arbeidsplan gir mange fordeler: Lønnsslippen vil vere tilgjengelig kvelden før utbetaling av lønn, dvs. gjerne 2 dagar tidlegare enn ved papirslipp. Alle gamle lønnslipper vil vere tilgjengeleg i arkivet, og tilsette trenger kunn intranett for å få tilgang. Tilsette har også tilgang til Min arbeidsplan heiman i frå, via internett, med adressa www.minarbeidsplan.no Min arbeidsplan har tilsette og tilgang til sin arbeidsplan, permisjonssøknad, saldoar, avvik, ledige vakter, samt legge inn rette opplysningar som adresse, telefonnummer. Dei ansvarlege for PRS har over tids arbeidd systematisk for å redusere bruk av papir og ta i bruk papirlaus informasjon. Mykje av dette er mogeleg gjennom verktøyet Min arbeidsplan som alle tilsette har tilgang til gjennom intranett men også via internett. Elektronisk tilgang til timelister, elektronisk over føring av lønnsdata til lønnskontor og lønnsslipp via Min arbeidsplan reduserer papirbruken i Helse Sunnmøre med ca 15000 papirsider pr månad eller nærare 200 000 sider pr år. I tillegg redusert arbeid og kostnad med opptrykking distribusjon. Gratis prøvetime Ring og bestill i dag tlf. 70 07 60 09 Industrigata 12, 6100 Volda Prøvetime? Alle kvinner vet at de kan gå inn i en frisørsalong for å få fasong på håret. Nå vet stadig flere kvinner at de kan gå til Bailine for å oppnå en finere figur eller for å opprettholde den fine figuren de allerede har. Nytt toalettsete som setter Ny standard for personlig hygiene! WASH N CLEAN setet har varme i setet, avdempet lokk og sete, har vasking med temperert vann og kan tørke deg med herlig oppvarmet luft. Kontakt oss for tilbud på Deres forsikringer. Våre dyktige rådgivere vil sammen med dem komme frem til de forskringsdekninger som passer for Dem. www.gjensidigenor.no Tlf. 03100 I Bailine er målet at kunden skal bli en god modell av seg selv og ikke en kopi av et annet skjønnhetsideal. Tidligere var nesten alle våre kunder, kunder som ikke var fornøyd med sitt utseende. I dag har vi også kunder som allerede er fornøyde, men som likevel velger Bailine som sin treningsmetode. Trening hos Bailine passer også perfekt for kvinner som har belastningsskader, revmatisme eller lignende lidelser, fordi styrketreningen blir utført uten å belaste kroppen overhode. Kundene i Bailine kan be om få en skriftlig garanti på forhånd: Blir ikke resultatene oppnådd får klientene pengene refundert, eventuelt kan en salong tilby ekstra behandlinger gratis dersom kunden ønsker dette. Wash'n Clean setet kjøpes hos forhandler eller direkte fra oss. Se forhandlerliste på vår web side www.saniternorge.no eller ta kontakt. Du blir Renere uten papir! Prøv nå. Stien 3, 6440 Elnesvågen Tel: 71 26 29 73 - Fax: 71 26 04 60 - E-post: post@saniternorge.no

Ho som nøstar trådar - Du får ikkje meg til å sy eller strikke etter eit mønster. Det er mykje kjekkare å lappe i hop noko når eg ikkje veit korleis resultatet blir, seier Anne Velle Rishaug. Slik er det óg med menneska ho jobbar med ho veit aldri korleis det ender, men éin plass må ein begynne å nøste. Fredrik Steen tekst og foto - Dess meir eg lærer om mennesket, dess meir fascinert blir eg, seier Anne til SunnMøring. Som psykiatrisk sjukepleiar for Helse Sunnmøre sluttar ho aldri å imponerast over kor mykje mennesket er i stand til å tåle, og kor mykje som bur i oss, seier ho: - Men akkurat som pasientane mine, er eg sjølv alltid på veg. Det er ein prosess som eg aldri får heilt oversikt over, og eg blir heldigvis aldri utlært, seier 47-åringen frå Ørsta. Det ordlause Det handlar ofte om det ordlause i jobbkvardagen til Anne Velle Rishaug. Å lokke ut løyndomar frå til dømes eit menneske som har vore utsett for seksuelle overgrep gjerast ikkje i ei handvending. I tillegg til å vere psykiatrisk sjukepleiar, har Anne óg ei utdanning som kunst- og uttrykksterapeut, ei terapiform ho til dagleg har stort utbytte av: - Alle menneske har noko kreativt i seg, alle har ein eller annan kunstnar i seg som må få sleppe ut. Og det er nettopp det kunst- og uttrykksterapi handlar om. For folk med traumatiske lidingar og opplevingar er det spesielt viktig å prøve seg på andre uttrykksformer enn reine ord. Då Akkurat som pasientane mine, er eg sjølv alltid på veg. Prosessen med pasientane er minst like viktig som målet med behandlinga. er musikk, poesi og til dømes maling gode hjelpemidlar. Ord strekk ikkje alltid til. Kunst derimot, er ekte liv, seier Anne. Ho deler eit dikt med oss, av poeten Bente Bratlund Mæland, eit dikt ho sjølv ofte les til pasientane sine. - Men kor mykje fagperson er du eigentleg i ein slik jobb? - Det enklaste er sjølvsagt å vere profesjonell og fagleg i ein slik jobb. Det enklaste er å diagnostisere etter standardprosedyrar, men alt i alt står vi oss best på å vere menneske. - Men er det ikkje vanskeleg å verne seg mot alle dei vonde kjenslene og traumatiske opplevingane som du får ta del i? - Jau, sjølvsagt, men for å kunne hjelpe andre må ein ha rydda i eige hus først. Då eg tok utdanninga mi i kunst- og uttrykksterapi, var eigenterapi ein stor del av opplegget. Det var ganske tøft til tider, å møte mindre prisverdige og ærverdige sider ved seg sjølv, men du, så lærerikt og viktig det var. Tårer Anne fortel om den første tida som psykiatrisk sjukepleiar. Ho meiner at ho nok var meir teknisk i jobben den gongen. No er ho ikkje lenger så redd for å vise seg sjølv og vere tydeleg som menneske i møte med pasientane sine: - Ein får høyre og oppleve ting som gjer inntrykk, og det hender sjølvsagt at eg må tørke nokre tårer, noko eg trur er ein stor fordel i møtet med pasientane. Dei får sjå at eg óg er eit sårbart menneske. Det finns sjølvsagt ein balansegang, og ein må vere trygg på at ein ikkje druknar seg i pasientane sine kjensler. Heldigvis er eg god på å ikkje ta med meg jobben heim, seier Anne. Det er mange måtar å reinse seg sjølv på å gå turar med hunden fungerer veldig bra for meg, seier ho. Utbrende pasientar Ei veksande pasientgruppe dei siste åra, er utvtilsamt dei som møter veggen av ulike årsaker. Og Anne har klare meiningar om kvifor det er blitt slik. - Det finns ikkje grenser for kor mange roller vi skal fylle i dag, og mange kjenner ikkje sine ja eller nei. Vi er tilgjengelege heile tida. Sjå på ungdommen. Mobiltelefonen gjer at dei ikkje treng å planlegge lenger. Dei har alltid moglegheit til å hoppe på eit anna og meir spanande tog. Ein pasient sa til meg eingong: Du veit, eg har gjort så enormt mykje i livet mitt, at eg har gått glipp av så mykje. Og eg tenker med meg sjølv at den dagen eg ikkje har tid til å steike vaflar lenger, er det noko gale. Det er viktig med dynamikk i tilværet. Vi må ta pausar, og det må ikkje skje noko spanande eller meiningsfylt heile tida. Det får meg til å tenke på ei Hårek-stripe eg såg eingong. Hårek sit på ein stein når sonen hans kjem forbi. Sonen spør: Tenkjer du, far? Nei, eg sit! svarar Hårek. Fargar og Frankrike Anne er glad i fargerike kreasjonar, jazz og musikalar. Ho er gift, har tre vaksne barn, samt hund og katt. Sistnemnde heiter Napoléon, ein fjorten år gamal pus som flytta inn då familien vende nasen heimover etter ni år i Frankrike. I 1982 fekk Anne sin ektemann, Steinar, jobb som prest ved det som seinare skulle bli Dronning Sonjas Kirke- og Kultursenter i Paris. - Det var ei fantastisk tid, og vi har vore på ferie der mange gonger i ettertid. Vi fekk møte masse spanande menneske, både kongelege og kunstnarar. Men utan omsyn til kva titlar folk har, oppdagar ein at folk er folk. - Er du god i fransk, då? - Eg klarer meg relativt bra, men er langtifrå så god som ungane mine. To av dei snakkar framleis heilt flytande fransk. - Det er viktig å ta seg pauser i kvardagen, der det ikkje nødvendigvis må skje noko festleg og spanande heile tida. Eg har stor tru på av-knappen i tilværet, seier Anne. Fru Svendsen Tida i Frankrike pregar framleis livet til Anne og familien. Inspirert av kunstnariske møter ved kirkeog kultursenteret, har ho og ektemannen ved to høve reinska veggane i sitt eige hus i Ørsta og gjort plass til kunstutstilling. Anne var óg med å starte opp kunstkaféen Fru Svendsen i Ørsta sentrum for nokre år sidan. - Eg har alltid likt å ha mange ballar i lufta på ein gong, men etterkvart som tida går, minkar det litt på energien og overskotet. Då eg var ung, tenkte eg alltid eg hadde natta dersom ikkje dagen strekte til. Men slikt går ikkje lenger. No er vi midt i oppussing av huset vårt, og det er eit einaste stort kaos der, men det skal bli bra, altså! Korleis ser du på deg sjølv, eigentleg? - Eg har alltid trudd at eg er ein relativt satt og roleg person. Eg veit at eg ikkje er vittig, men eg har masse humør og ler mykje av meg sjølv. Då dei hadde avskjedsfest for oss i Paris, var det ein svensk prest og ven av oss som skulle halde tale, og avslutta med orda: Jag kommer att sakna prästfrugans temperament! Alle lo, men eg må innrømme at eg blei litt paff, for eg opplevde ikkje meg sjølv som spesielt temperamentsfull. Men kanskje han hadde plukka opp noko slikt i meg likevel. - Er du kome over kultursjokket av å flytte frå Paris til Ørsta, då? - Ja, men det er berre fordi eg er frå Ørsta! ler Anne. Og ho som meinte ho ikkje var vittig Eg sluttar aldri å imponerast over kor mykje mennesket er i stand til å tåle, og kor mykje som bur i oss, seier Anne Velle Rishaug (47) Som psykiatrisk sjukepleiar meiner ho det viktigaste er å vise sjølv at ein er eit menneske. Dans, dotter mi Ta på dei raude danseskorne, dotter mi og dans La ingen få knebla din song eller hemma din draum Dans, dotter mi Dans Grip dagen og fyll han med din styrke Vakker er du Slå vakt om grensene dine Vent ikkje på å bli vald av livet Velg sjølv Bente Bratlund Mæland 12 SunnMøring 27. mai 2005 SunnMøring 27. mai 2005 13

Helse i kvar Therese Måseidvåg nytar utsikten under turen til Berdalsnibba. sveitteperle Ein tur til fjells er ei flott naturoppleving, samstundes som det har stor helsebringane effekt. Å vere med i Pulsen Bedriftsidrettslag er både sosialt og har helsebringande effekt. Kvifor ikkje bli med du også? Bedriftsidrettslaget ved Ålesund sjukehus kan by på mange aktivitetar, frå fotball og volleyball til sykkelgruppe, styrkerom og eige turlag. - Alle tilsette ved sjukehuset har høve til å vere med. Det er berre å møte opp, seier leiar Roland Ruiken i bedriftsidrettslaget. Han har ikkje den fulle oversikt over kor mange som er med i laget, men meiner tal aktive må vere kring hundre. Glede av naturen - Du blir meir uthalden og meistrar kvardagen betre. Det er det dette går ut på. Vi i turlaget meiner det har stor helsebringane effekt å røre seg ute i naturen, og gleda av å vere ute i naturen får vi på kjøpet. Det seier Therese Måseidvåg i Pulsen Turlag, ein av bedriftsidrettslaget sine eigne fjellvandrarar. Pulsen arrangerer turar for ein kvar smak. Det kan vere både fisketurar, toppturar, familieturar og helgeturar, vinter som sommar. Oppmøtet har ikkje vore det beste dei siste åra. Alt frå 1 til 30 har meld seg på annonserte turar, og sidan starten i 1993 med 8-10 deltakarar på kvar tur, er gjennomsnittet i dag halvert. - Interessa har vore dalande. Den siste tida er det stort sett styret i turlaget som har vore med. Kan hende har vi promotert oss for lite, seier Måseidvåg. Tursamarbeid Det er alltid kjekt å gå fleire saman, og Pulsen Turlag har også ved einskilde høve hengt seg på andre lag. I april gjekk turen til Berdalsnibba saman med Stranda Turlag, som hadde hyra inn lokal guide frå Valldal. Med blå himmel og utan ei einaste sky i sikte la dei av garde mot målet 1343 meter over havet. Ei flott utsikt og eit perfekt føre under nedfarten gav meirsmak for fleire toppturar med ski. Styret i turlaget oppfordrar alle turelskarar om å bli med på neste Pulsen-tur. Dei har mange planar om fine turar framover, og satsar på ein tur kvar månad av forskjellig slag og vanskeleggrad. Kom med turønske og ta gjerne med familie og vener! - Kva med kollegane i Volda? Hadde det vore ein ide å invitere med dei med på tur? - Det har ikkje vore tema, men det kunne jo vore kjekt å gå i kvarandre sine fjell. Sjølv har eg vore på mange flotte fjellturar på søre. Kan hende kunne folk som bur der lage til ein felles tur? seier nestleiar i turlaget, Annbjørg Knutsen. Sjølv om variasjon kan vere greitt, er det også dei som likar å gå den same turruta opp att og opp att. Andre juledag har det blitt tradisjon for tur til Frostadtinden, med veldig godt oppmøte. - Vi kan også ha kombinerte turar for ein kvar smak. I eit rolig dalføre kan nokre fiske og grille pølser, medan andre held fram turen til dei er på toppen, fortel Annbjørg Knutsen. Fotball Inge Ødven i bedriftsidrettslaget si fotballgruppe fortel at aktiviteten avgrensar seg til kampar. Trening er det fint lite av. Sesongen er delt i to med påmelde lag i bedriftsserie både vinter og sommar. I løpet av ein sesong blir det kring 50 kampar, fordelt på tre lag. I den pågåande utandørssesongen har fotballgruppa både oldboyslag og lag i 2.divisjon. I tillegg har kreftavdelinga eige lag. - Vi slit litt akkurat no av ulike årsaker. Eg har registrert 24 spelarar som har vore innom, men no er vi ikkje meir enn 16-17 spelarar. Ein del av mannskapet er med på begge lag, fortel Ødven. Sykling Medlemskap i Pulsen CK krev god mosjonsform. Talet på aktive har ligge på mellom tre og åtte, alt etter ambisjonsnivået. - Vi satsar på landevegsritt og offroadsykling, Trondheim-Oslo, Birkebeinarrittet og Jotunheimen-rundt er våre store mål, seier Geir Grimstad i sykkelgruppa. Då gruppa blei starta opp for fem år sidan, var utgangspunktet å ha ei turgruppe med eit ikkje altfor voldsamt ambisjonsnivå. Interessa for å samlast i ei gruppe på eit slikt nivå viste seg likevel å vere liten. - Vi møtast til felles trening til avtalte tider. Vi har også ein del fellestreningar med andre sykkelgrupper. Hyppigheita varierar alt etter kva for ritt vi satsar på å delta i frå år til år. Dette året er det med minst deltaking. I år er det berre ein av oss som skal vere med på Trondheim-Oslo, fortel Geir Grimstad, leiar i Pulsen CK. Leiarar for dei andre gruppene i bedriftsidrettslaget er Liv Walderhaug (turlaget), Inge Ødven (fotball), Anna Vilbergsdottir (volleyball) og Bjørn Johansen (styrkerommet). 14 SunnMøring 27.mai 2005 SunnMøring 27.mai 2005 15

www.telenor.no