EMNEORD. I haust handlar det om strategiarbeid. Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nytte og hygge (Ref #1075)

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Poesislam i UKM (Ref # )

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Brukarrettleiing E-post lesar

Nytt HFK Intranett

Årgang: 40 Nr mars 2011 ISSN: EMNEORD

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Frå novelle til teikneserie

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Sterk, spenstig og klar (Ref #aac8cee3)

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #9c6d0318)

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Prosjekt Leselunden (Ref #1074)

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Årsmelding 2010 Hordaland fylkesbibliotek

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.


Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Fear in a librarian s heart

( ) * +,,, Torsdag 19. januar 2006, Radisson SAS Hotel Norge i Bergen

utvikling av bibliotek i vidaregåande Bibliotekmøte Ellen Kristin Molvær

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Breiband til. alle i Hordaland

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Biblioteklandskap i endring (Ref # )

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Brukarrettleiing. epolitiker

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

MØTEBOK Rådsmøte i Hardanger Ungdomsråd Stad: Brakanes hotell Ulvik Den Kl

Bibliofil til vgs i Møre og Romsdal

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Fordeling av støtte til biblioteksprosjekt. Modellbibliotek i Hordaland i 2016

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Kurstilbod Hausten 2009

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Månadsbrev for Rosa september 2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

IKT-kompetanse for øvingsskular

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Jon Fosse. For seint. Libretto

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek.

Fordeling av midlar til modellbibliotek i Hordaland 2019

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Informasjon til elevane

Plan for utvikling av bibliotektilbodet for barn og unge i Hordaland Hordaland fylkeskommune 1997 ISBN

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

6. trinn. Veke 24 Navn:

Les for livet - del 2 (Ref # )

Folkebibliotek i Hordaland. Bibliotekstatistikken 2013 Folkebiblioteka i Hordaland

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Transkript:

Årgang: 39 Nr. 1 16. september 2010 ISSN: 1502-3273 www.hordaland.no/fylkesbibl EMNEORD Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek Frå Leseåret 2010, ABM-utvikling, Massive Rhino AS, Hege Landrø Johnsen I haust handlar det om strategiarbeid

No handlar det om strategiarbeid Hovudformålet i den nasjonale bibliotekpolitikken er å utvikle robuste og omstillingsdyktige bibliotek som kan tilby alle innbyggarar betre bibliotektenester. Det er over eit år sidan Bibliotekmeldinga kom og bibliotekoppgåvene i ABM-utvikling blei flytta til Nasjonalbiblioteket 1. juli i år. På bibliotekmøtet på Hamar blei nasjonalt biblioteksøk demonstrert og vi fekk lovnad frå Nasjonalbiblioteket om at dette skulle prioriterast høgt. Nasjonalbiblioteket har lyst ut midlar til samarbeidsog utviklingsprosjekt i biblioteksektoren for 2011 innan områda Samarbeid og partnarskap, Sosial arena og Tenesteutvikling. Vi inviterer alle folkebibliotek til idédugnad om samarbeids- og utviklingsprosjekt 5. oktober i Bergen, og håper at mange vil delta. I Hordaland er kultur valt som eit av fem områder der det er behov for å starte planarbeid i den regionale planstrategien. Det skal vurderast om dagens sektorplanar, skal inngå i den regionale kulturplanen.vi ønskjer at bibliotek skal vere ein del av denne tenkinga, og har difor starta et strategiarbeid. Oppstarten var under bibliotekdagane i juni med caféborddiskusjonar. På spørsmål om kva fylkesbiblioteket skal være i framtida var dette svara: 1. Drivkraft for utvikling 2. Fylkesbiblioteket overtar statlege oppgåver no kjem Hordalandsbiblioteket! 3. Frå bibliotek til regionalt innovasjonssenter Vi tolkar det som signal på at fylkesbiblioteket trengs som utviklingsaktør. Då vi spurte om kva som var det viktigaste vi burde ta tak i, fekk vi desse svara: 1. Felles front for profilering 2. Vere offensiv i forhold til aktuelle aktørar, nasjonalt, regionalt og lokalt 3. Regionale stillingar 4. Kompetanseheving 5. Forhandlingspart overfor store aktørar 6. Nye samarbeidspartar og faggrupper Dette er ei stadfesting på at kommunane ønskjer at vi skal ta tak i det dei sjølve ikkje har kapasitet til. Strategiarbeidet held fram med interne møter utover hausten og eit nytt møte med biblioteka på kulturkonferansen i november. Eg håper mange vil engasjere seg i dette arbeidet! Ruth Ørnholt

Kurs og samlingar hausten 2010 Program og meir informasjon: www.hordaland.no/fylkesbibl/kurs 16. - 19. september Ulvik poesifestival Kurs, kulturvandringar, poesitreff, konsertar osb. om tema; det gjeng an å leva i kvardagen óg. 28. september Fagdag for skolebibliotekarar på Nordahl Grieg vgs. kl. 10.00-15.00 Tema: Revidering av skolebibliotekplanen og bibliotekplan på eigen skole 29. september Kva vil vi med biblioteknettstaden? Påmeld.frist 17.09 Innleiingar og gruppearbeid. Hovudinnleiing ved Anne Liv Tønnessen, programsjef ved Sølvberget kulturhus. 4. oktober Barnebokseminar Forfattarar frå Vestlandet viser smakebitar på korleis dei formidlar litteratur for aldersgruppa 1. - 7. klasse. Gratis. Arr.: Norsk forfattersentrum og Bergen komm. 4. - 13. oktober Forfattersleppet i Bergen 5. oktober Idédugnad om samarbeids- og utviklingsprosjekt Fram mot søknadsfrist 1. nov. 13. - 17.oktober Litteratursymposiet i Odda 13. okt: Må lese, bare må lese! Seminar om fantasy- og serielitteratur for barn og unge. Arr.: Odda bibliotek. 5. november Årets bøker for barn og unge Få med deg: 10. november Nytt løft for folkebiblioteka - strategiar for framtida Fleire frå Nasjonalbiblioteket deltek for å diskutere strategiar for framtidas bibliotek, digitale tenester og formidling. Del av Kultur- og idrettskonferansen 2010, Desember To samlingar for å arbeide med nettstadene, ein dag i Leirvik og ein dag i Bergen. Innleiing og diskusjon om innhaldsproduksjon etter ønskje, t.d. om bildehands. Nytt om namn Sjå også baksida for oversikt over tilsette på fylkesbiblioteket med På fylkesbiblioteket er Laila Rene og Lena J. Glesnes attende arbeidsområde. etter foreldrepermisjonar. Kjersti Eide Hatland har slutta. Ragni S. Zlotos er tilsett på Kultur- og idrettsavdelinga i prosjekt fram til juni 2011. Inger Dyrnesli er tilsett som ny bibliotekleiar på Voss Kari Kyte er tilsett i eitt års vikariat som biblioteksjef i Ullensvang Eli Torsnes og Elin Huse er tilsett i 40% stilling til saman ved Jondal folkeboksamling. I tillegg kjøper Jondal bibliotektenester frå Kvam, verdt 10 % stilling. Bernt Lage Breivoll er tilsett i vikariat som skolebibliotekar på Bergen Maritime og Tangs vgs. Sigrid Kvarekvål er tilsett som skolebibliotekar ved den nye Nordahl Grieg vgs. Ragni Rustad er tilsett som skolebibliotekar ved Bjørgvin vgs. Lars Bendik Klev Furnes er tilsett som skolebibliotekar ved Kvinnherad vgs. Marit Kolås Larsen er tilsett som skolebibliotekar ved Knarvik vgs. Nordahl Grieg vgs. har vore heldig og fått tilsett Sigrid Kvarekvål som skolebibliotekar.

Folkebibliotek i fokus 7. 10. august vart det arrangert IFLA-prekonferanse i Malmö. Frå Hordaland deltok tre biblioteksjefar med stipend frå fylkesbiblioteket, i tillegg til to deltakarar frå fylkesbiblioteket. Konferansen baud på interessante innlegg rundt tema: Bygging av sterke samfunn: sleppe laus folkebiblioteka sitt potensiale til å bygge kapasitet, engasjement og identitet i samfunnet. I tillegg var det bibliotekbesøk, mellom anna til eit mindre folkebibliotek som hadde innført sjølvbetjent bibliotek på kvelden etter vanleg opningstid. Hovudinnlegg frå konferansen kan de sjå på film her: www.satellitemalmo.org Tilgjenge til kunnskap IFLA 2010 Årets IFLA-konferanse fant stad i Gøteborg 10. 15. august, og hadde om lag 3800 deltakarar. Arrangørane gjennomførte ein flott konferanse, på tross av at dei berre hadde hatt eitt år på seg til planlegging, etter at den opprinnelege vertsbyen måtte trekke seg i fjor. Tema for årets konferanse var Open access to knowledge, promoting sustainable progress, eit tema som blir sett på som viktig, fordi tilgjenge til kunnskap opnar opp for ei verd av fantasi og kreativitet, der utvikling for eit individ blir til utvikling av samfunnet. Tema var sentrert rundt følgjande punkt: Fri tilgjenge til kunnskap er like viktig som fridom til å uttrykkje eigne meiningar Tilgjenge for alle, inkludert dei med synshemmingar og andre med lesevanskar Open og inkluderande, uansett kven du er og kor du kjem frå Offentleg domene, ein stad på nett eller ein fysisk stad, der folk kan bidra med og sosialt dele innhald produsert og eigd som eit offentleg gode Opne opp for idear med brukerdreven innovasjon, der brukaren like godt kan vere produsenten Open tilgjenge til publisering for vidare kunnskapsbygging og ein betre balanse mellom opphavsrettslovgjevnad og informasjonsfridom Les meir om IFLA på: www.ifla.org Elin Golten, Libuse Nivická Brno frå Tjekkia og Ruth Ørnholt Hordalandsprosjekt Saman med deltakarar frå alle verdshjørner, tok fylkesbiblioteket del i Poster Session på IFLAkonferansen. Posteren som vart presentert, hadde tittelen Multicultural library services in rural areas og handla om resultat frå Prosjekt Vidsyn som fylkesbiblioteket gjennomførte i samarbeid med Fjell folkeboksamling og Lindås bibliotek i 2008 og 2009. IFLA-delegatar frå dei andre nordiske landa var særskilt interessert i korleis ein i Hordaland hadde lagt til rette for betre fleirkulturelle bibliotektenester i mindre befolka område. Tilhøvet i delar av Finland og Sverige kan lett samanliknast med situasjonen hjå oss, og enkelte av biblioteka var også i gang med liknande prosjekt. Også representantar frå større verdsbyar viste interesse for korleis utfordringar med eit aukande multikulturelt samfunn vart møtt av mindre folkebibliotek. Det er interessant å sjå at biblioteka i større byar grip fatt i utfordringane på liknande måtar som oss, berre at deira arbeid foregår i storskala. Posteren vart presentert av Elin Golten og Ruth Ørnholt. Elin Golten

Veien frem Biblioteket i den nye vidaregåande skolen Nordahl Grieg, heiter Veien frem. Nordahl Grieg videregående skole på Sørås i Fana opna med eit flott arrangement 24. august. Skolen hadde brukt dei fyrste dagane til å førebu presentasjon av eit spennande og inspirerande bygg, kunstnarlege innslag med elevar som aktørar og guidar for omvising. På fire dagar vart eit skolekor etablert. Dei song sjølvsagt Til ungdommen. Eit jenteband og eit guteband spelte og song med fengjande rytmer. Ingen av desse elevane hadde møtt kvarandre før! Nordahl Grieg har ikkje berre sett namn på skolen. Til opninga dukka han opp i full soldatuniform, gestalta av Bjørn Willberg Andersen, der han gjorde greie for sitt engasjement på fleire frontar, illustrert med eigne dikt. Sitat frå fleire av hans mest kjende dikt er brukt som nemning på ulike rom i skolen, og som inspirasjon og rettesnor for skolen sin pedagogikk. Også Isac Newton er synleg gjennom kunstverket Shake the tree og utforminga av eit nydeleg auditorium med namnet Dristige hjerner! Skolen har eit senter for kreativitet, forsking og teknologi, Ubygde kraftverk. Kantina heiter Til ungdommen og biblioteket Veien frem. Skolen har også knutepunktfunksjon for hørselshemma elevar. Biblioteket ligg nydeleg til med langsida i glas mot ei vakker leselund og den grønkledde Søråshøgda. Det ligg i 2. etasje med stor opning inn frå vrimlearealet, er på ca 300 kvadratmeter og framstår røft og elegant i svart, kvitt og oransje. Her er rikeleg med elevarbeidsplassar og sosiale soner, kontor og skranke har kvar plass til to. Sigrid Kvarekvål er tilsett som skolebibliotekar, og starta 1. juni med hovudet fullt av aktuelle boktitlar til å fylle i mange tome hyller. Kristin Rynning er tilsett i halv stilling, knytta til knutepunktfunksjonen. Anna aktuelt i vgs. I dag har 21 skoler bibliotekarressurs, 12 av desse har bibliotekar i 100%. I år er det tilsett bibliotekar på Bjørgvin, Knarvik, Kvinnherad og Nordahl Grieg vgs. I tillegg har to skolar kjøpt tenester frå folkebiblioteket i ein mindre prosent. Etne vgs arbeider med prosjekt kombinasjonsbibliotek saman med Etne folkebibliotek. Felles bibliotek kan bli realisert når det nye kulturhuset i Etne, Skakke, står ferdig. Fleire skolar har opna nybygg i vår. Fylkesbiblioteket har vore med i prosjekteringsarbeidet. Resultatet er flotte og trivelege bibliotek som kan bidra til å løfte læringsmiljøet. Ny revidert plan for skolebibliotek i vgs blir tema på fagdag den 28. september. Planen skal til politisk handsaming i november. Arbeidet med eit større, meir funksjonelt bibliotek på Årstad er nett starta. Siri Sjursen

Felles front for profilering Denne strategien samla mange av deltakarane seg bak under bibliotekleiarmøtet i Bergen i vår. Vi har same mål om å profilere bibliotektenesta, styrke omdømet og markere oss i landskapet med ulike tilbod. Korleis skal vi arbeide vidare for å nå måla? Fjell, Sund og Øygarden styrer etter roret sitt og Hardangersamarbeidet har si rose. Snart lanserer Sunnhordlandssamarbeidet sin felles grafiske profil. Frå fylkesbiblioteket sin ståstad er dette ei utvikling som gir biblioteka sterke profilar. Det er sannsynleg at brukarane vil kjenne tilhøyre til ein logo som står for noko i deira nærområde. Dei som arbeider i biblioteka vil dessutan identifisere seg med ein profil dei har vore engasjert og involvert i å utforme. Profileringsstrategi for Hordaland I haust arbeider vi med ein strategi for profileringsarbeidet i Hordaland. Vi må samle kva som skal inngå i den felles fronten av tiltak som kurs, felles kampanjar osb. Kva meiner du skal inngå i Felles front for profilering? Kom med dine innspel! Profilering på nett Biblioteknettstaden er ein av kanalane vi kan profilere oss på. 29. september arrangerer vi inspirasjonsdag i Bergen spesielt om nettstadene i høve til kommunikasjonsstrategi og del av biblioteksamarbeid. Sjå kursoversikten for program. I haust kan vi også glede oss til lanseringane av dei nye felles nettstadene til biblioteksamarbeida i Sunnhordland og Hardanger. Biblioteklogo for Fjell, Sund og Øygarden Sjølvsagd skulle vi også hatt eit biblioteksymbol som alle brukte og kjende, som denne til høgre frå Nederland. Kunne ein Biblioteklogo for Noreg fungert saman med lokale profilar? I mangel av eit posthorn i front for biblioteka i landet - ein heilskapleg grafisk profil og sjølvaste Biblioteklogoen som alle kjenner att - har det gjennom åra vekse fram mange ulike profilar. Folkebiblioteket i Trondheim og kulturhuset Sølvberget er døme på omfattande satsingar på gjennomgåande design i alle trykte og digitale bibliotekrom. Dei kan vise til overbevisande positive resultat over fleire år. I det siste ser vi prosjekt som Biblioteket som merkevare og Lukter det framtid gjere strategiske grep kring profilering i stort format. Mange andre bibliotek har med mindre budsjett fått eigne grafiske profilar og farge palettar som brukarane har fått eit forhold til. I nr 6-2010 av Bibliotekaren mimrer Erling Bergan om Inger Høj sin ambisjon om å revolusjonere biblioteka. Ingen var ueinige når ho presenterte stoda eller alle dei gode tankane om strategisk bruk av design; DAGENS MERKEPERSONLIGHET i folkebiblioteka er utdatert, passiv, uattraktiv, usynlig og naiv. Det visuelle materialet kommuniserer ikke kvaliteten, allsidigheten og aktualiteten. ALTERNATIVET er å styrke folkebibliotekets posisjon, både overfor brukere og politikere, ved blant annet å utvikle en felles visuell profil for alle norske folkebibliotek, synliggjøre særpreget, tørre å fremstå visuelt som selvsikre og verdifulle, ikke som «tøffelinstitusjoner». Inger Høj, 2005. Samstundes makta ikkje hennar oransje boks og vesle kvite f, å stille hungeren etter eit godt biblioteksymbol som alle kunne stille seg bak. Logoen gjekk ikkje sin sigersgang kring i landet, men enda si reis i Kvam herad og lever vidare her. Kvam herad har satsa sterkt og beundringsverdig på å prioritere folkebibliotekverksemda dei siste åra også i høve til profilering og omdømebygging. Bergan råder Nasjonalbiblioteket til å dele ut prosjektmidlar til å spreie den omvendte B `en frå prosjektet Biblioteket som merkevare i Østfold - ut til alle bibliotek i landet. Vi lurer på om det ikkje er meir tenleg å bruke midlane på tiltak som styrker merkevaren bibliotek uansett visuell framstilling? Lena J. Glesnes

Leseåret og Leseløftet Leseåret 2010 har bakgrunn i forslag frå Norsk bibliotekforening og LO, og i Stortingsmelding nr. 23 (2008-2009) om bibliotek, står det at 2010 vert eit nasjonalt leseår som ein start på ei brei og omfattande satsing for eit nasjonalt leseløft fram mot 2014. Vaksne lesarar er i fokus, og særleg vaksne som les dårleg er ei viktig målgruppe for Leseåret 2010 og Leseløftet 2011-2014. Biblioteka er naturlege samarbeidspartnarar, sjølv om ein mindre del av dei 14 millionane som Kulturdepartementet har løyvd til no, har blitt kanalisert til bibliotek. ABM har delt ut nokre av sine tildelte midlar til bibliotek etter søknad, og Leser søker bok, Foreningen!les og Norsk forfattersentrum samarbeider med ein del bibliotek i prosjekt, som å dele ut bokpakker på bibliotek, forfattar- og bibliotekarbesøk på arbeidsplassar og lesekurs på NAV-kontor. LO vil bruke tildelte midlar til større eigne prosjekt. Fylkesbibioteket planlegg eit seminar med tema lesing i løpet av hausten, meir informasjon vil bli sendt ut når programmet er klart. Lenkjer: http://leseåret.no/ og www.abm-utvikling.no/bibliotek/lesearet-2010 Bilder frå Leseåret 2010, ABM-utvikling, Massive Rhino AS, Hege Landrø Johnsen: Helge Skurtveit Kartlegging av kompetanse og kompetansebehov blant bibliotektilsette i Hordaland I mai gjennomførte fylkesbiblioteket ei kartlegging av kompetansen blant alle bibliotektilsette ved folkebibliotek, fylkesbibliotek, skulebibliotek i den vidaregåande skulen, universitets- og høskulebibliotek i fylket. Fylkesbiblioteket sette i gang med kartleggingsarbeidet for å danne grunnlag for eit målretta, prioritert og langsiktig kompetanseutviklingsprogram for biblioteka i Hordaland. Resultata frå undersøkinga skal sikre at kompetansestrategien blir både nyttig og aktuell Totalt svara 207 respondentar på spørjeskjema som vart sendt ut. Svarprosent for dei som fekk spørjeskjema per e-post var på 55 %, med 98 av 178 svar. Talet på svar frå dei som brukte spørjeskjema via link var 109. Av dei som har svart på undersøkinga er 47 % tilsett i folkebibliotek, 20 % i skulebibliotek i den vidaregåande skulen, og 25 % er tilsett i universitets- og høgskolebibliotek. Resultata frå kartlegginga er samla i to rapporter, ein rapport for alle biblioteka samla, og ein berre for folkebiblioteka. Rapportane er å finne på fylkesbiblioteket sin nettstad under prosjekt: www.hordaland.no/fylkesbibl/prosjekt Elin Golten

Sjølvbetent utlån i små og store bibliotek, og anna nytt frå biblioteka i Hordaland Odin på Askøy Askøy folkebibliotek begynte med RFID basert selvbetjening 12. mai. Da hadde vi bak oss en intens periode med kassering, 2 uker med brikking med brikkemaskinen Knut, og en del arbeid med å få Odin til å virke. Det var først plunder med skanneren, deretter en del arbeid med diverse bugs, og først i midten av juli var Odin i stabil drift. Hittil i august har Odin tatt 46 % av utlånet og 63 % av innleveringene. Vi bruker en del tid på brukeropplæring, men andelen som er vant med å bruke automaten stiger daglig. Mange har ikke med lånekortet, men ellers er det både gammel og ung som bruker automaten, den eldste en dame på 97! Vi vil nok etter hvert merke mindre press på skranken. I tillegg til utlån og levering kan lånere fornye og sjekke status for reserveringer. Kjetil Monsen Odin samme med kollega Håkon Nicolaisen (Håkon til høyre). Gammalt utstyr blir nytt tilbod Litt gammalt datautstyr, ein gammal strekkodelesar, ein ny flatskjerm og vips så har ein eit fått eit nytt tilbod på biblioteket i Samnanger: Lånarane kan levera inn og låna ut media sjølve. Samnanger bibliotek skal også ha ope fire laurdager før jul som ei ny ordning. Fornya skulebibliotek Elevane ved Lægreid skule i Eidfjord gler seg over eit fornya skulebibliotek! Dette er det fyrste synlege resultatet av eit samarbeid mellom skulen, barnehage og bibliotek for å setja fokus på lesing. Midlar frå Fritt ord Bømlo folkebibliotek har fått kr. 50 000,- i støtte til prosjektet Bokobaluba! Nye norske barnebøker. Vaksdal folkebibliotek har også fått støtte på kr. 50 000,- frå Fritt ord - som dei bruker på litteraturkveldar til vaksne ein gong i månaden. Kanskje fleire kan søke støtte her?: www.fritt-ord.no/

Nytt på nett: www.biblioteka.ivest.no/ Fjell, Sund og Øygarden lanserte sin nye felles nettstad i mai, på eit arrangement i Luftskipet - eit mobilt galleri for samtidskunst. Nettstaden er utvikla gjennom eit samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek og verktyet bak er Drupal. På bildet ser du glade bibliotekleiarar under lanseringa. Frå venstre: Bente Fosse frå Sund folkebibliotek, Trude Bendiksen frå Fjell folkeboksamling og Ritha Helland frå Øygarden bibliotek. Andre nye biblioteknettstader sidan sist: Lindås bibliotek: www.lindasbibliotek.no/ og Bergen Offentlige Bibliotek: http://bergenbibliotek.no/ www.difi.no/sosiale-medier/veileder-i-sosiale-medier Bruk sosiale medier med kløkt! Dette er oppmodinga i veilederen i sosiale medier for offentlig forvaltning, utvikla av Difi - direktoratet for offentlig forvaltning. Endeleg versjon av vegvisaren blir lansert 1. oktober. www.notearkivet.no Søk etter songen eller favorittkomponisten? På notearkivet.no er det lagt ut over 7000 noter ein kan søke i. I Norges Korforbund Vest sine lokaler i Bergen har dei noter til gjennomlesing og kan hjelpe til med bestilling av noter frå forlaga. Denne flotte artikkelen av Cecilie Bundegaard Torgersen, Asko reklame, pryda augustutgåva av Amfimagasinet på Os

Bli spådd eit dikt! Stemningsfullt akkompagnert av enkelte regndropar over Lyngheisenteret, kunne eg få spådd eit dikt i teltet ved bokbussen til Lindås under poesifestivalen 21-22.august. Lygra sto i poesiens teikn heile helga, og bibliotekaren i teltet handterte spåen for å finne ut kva for eit dikt som passa for meg. På førehand hadde Bente Dammen frå Osterøy, som ein del av nynorskprosjektet Nye tider nynorsk, laga små kort med dikt på og ordna dei i ei eske. Barna på festivalen synest det var stor stas å få sitt eige dikt gjennom å bli spådd. Vaksne kunne på førehand velje mellom dikt av Olav H Hauge og blanding. Eg valde Hauge, og spåbibliotekar ved det høvet, Kari Utkilen frå Austrheim, las det utvalde diktet høgt og gav meg ein kopi som eit minne: Biblioteka i Nordhordland hadde slått seg saman om dikt-spå og diktprogram i bokbussen, der ein i tillegg kunne sjå utstilling om Aslaug Låstad Lygre. Diktinga og livet hennar var i fokus under festivalen. Elles var det eit rikhaldig program, på søndag mellom anna med Mette Arnstad si fine forestilling om Halldis Moren Vesaas og flott konsert med Odd Børretzen. Fylg tanken Fylg tanken - men ikkje til ytste egg, og plukk ikkje kvar ein blom på nysprotten hegg. Lat tankane koma og blåna or augneleite, og blomar på draumtreet hanga, kva dei so heiter. Helge Skurtveit På flukt fra krig - Tv-aksjonen 24. oktober 2010 Alle bibliotek i Hordaland har fått tilsendt ei pakke med materiell som kan brukast i samband med utstilling i biblioteka, plakatar, brosjyrar, vervekort og buttons. De kan bruke materialet som de sjølv ønskjer, men fokuser gjerne på litteratur som kan relaterast til temaet På flukt fra krig. Skuleopplegget som kan brukast for eksempel i samband med klassebesøk, lesestund i biblioteket osv. Målsetjinga med TV-aksjonen sitt undervisningsopplegg er å setje barn inn i ein situasjon der dei får kunnskap om kva det vil seie å vere på flukt. Undervisningsmateriellet rettar seg mot 1.-7. trinn og er variert for å tilpassast dei ulike aldersgruppene. For dei aller minste (1.-4. trinn) vert det brukt eit kjent eventyr, Askeladden og dei gode hjelparane. Eventyret er omskriven og tilpassa en fluktsituasjon. For dei eldre (5. -7. trinn) er det laga ein film om barn på flukt. Elevane kan løyse ulike oppgåver knytt til eventyret og filmen. Heile skuleopplegget kan lastast ned på nettsida www.blimed.no under fana Skole.

Bokbåten på hausttur Frå 9. til 30. november er Bokbåten Epos på haustturneen i Hordaland. På sørturen kan dei som kjem om bord oppleve Morosame minne og skumle skrømt med forteljar Per Jostein Aarsand. Han har opplevd mykje gøy og nokre heilt skrekkelege ting. Nokon gongar snakkar han sant, andre gongar lyg han. Gode historier blir det uansett! Per Jostein Aarsand er medlem av Fortellerhuset i Oslo, og han har turnert for Den kulturelle skolesekken ved fleire høve. Han har i 10 år reist landet rundt med forskjellige forteljingar, både for barn, ungdom og vaksne. I Oslo har han vore kunstnarisk leiar for Fortellerfestivalen og fast forteljar på fleire skular. Nord i fylket kan gjestane oppleve Den store sjøreisen - Ei forestilling om å lengte, drømme, leke og tro på det umulige, med skodespelar Inger Bakke. Ra er i ferd med å pakke saman alt ho treng til den store sjøreisa. Reisa har vore planlagt lenge, og no er det like før Ra skal kaste loss. I skipskista skal ho ha med det ho trur ho treng av tau, kart og minne, historier, songar og draumar... Inger Bakke trakterer både fiolin og scenekamp, og har erfaring frå oppsetjingar mellom anna for Den kulturelle skolesekken, Rikskonsertene, Figurteateret i Nordland og Teater nor. Begge kulturprogramma er for born i småskulealder, men kan tilpassast mindre eller større born ved behov. Ruta og meir informasjon kjem på www.bokbaten.no Velkomen om bord! Bilde oppe: Per Jostein Aarsand. Foto: Helga Samset Til venstre: Inger Bakke Såg du bokbåten i Sogn og Fjordane på barne-tv, NRK Super 16. september? I skrivande stund veit vi ikkje om ein kan sjå programmet på NRK Nett-TV, men det er lov å håpe... :-)

Kontakt fylkesbiblioteket Helga Bjørg Hanssen, Siri Sjursen, Astrid Takvam Færås, Ruth Ørnholt, Helge Skurtveit, Berit Bjørge, Lena J. Glesnes, Ragni Serina Zlotos og Elin Golten. Laila Rene var diverre ikkje til stades når bildet blei teken. Foto: Kristin Myren, HFK. Ruth Ørnholt Fylkesbiblioteksjef Administrasjon og planlegging, bibliotekpolitikk, bibliotekplanar, generell rådgjeving og rettleiing, mobil bibliotekteneste, igangsetting og gjennomføring av prosjekt. 55239370 / ruth.ornholt@post.hfk.no Berit Bjørge Konsulent Ansvarleg for rekneskapsføring. 55239385 / berit.bjorge@post.hfk.no Astrid Takvam Færås Konsulent Sentralbord. Utstilling og formidling av politiske dokument og fylkeskommunale planer. Istandgjering av bøker til bokbåten og klassesett-samlinga. 55239376 / astrid.takvam-faeras@post.hfk.no Lena Jensen Glesnes Spesialrådgjevar Vidareutvikling av bibliotektenester på Internett og profilering av tilboda. Redaktør for fylkesbiblioteket sin nettstad og meldingsbladet Emneord. Bokbåtansvarleg i Hordaland hausten 2010. 55239381 / lena.glesnes@post.hfk.no Elin Golten Spesialrådgjevar Biblioteksamarbeid, distribuert mediekjøp og fleirkulturelle bibliotektenester. Ansvarleg for utforming av kompetansestrategi for biblioteka i Hordaland. 55239373 / elin.golten@post.hfk.no Helga Bjørg Hanssen Spesialrådgjevar Katalogisering i Mikromarc. Tilvekst av bøker til vidaregåande skolebibliotek og bokbåten. 55239984 / helga.bjorg.hanssen@post.hfk.no Åshild Knarvik Konsulent for fjernlånstenesta. 55568030 / fjernlan@bergen.folkebibl.no Laila Rene Spesialrådgjevar /skulebibliotekkoordinator Vidareutvikle den felles bibliotekkatalogen for vidaregåande skolar, utvikle andre felles tenester og følgje opp skolebibliotekarane i vidaregåande skolar. Ansvarleg for drift av Mikromarc, inkludert oppdatering av websøk, og for samsøk mellom biblioteka i Hordaland. 55239387 / laila.rene@post.hfk.no Siri Sjursen Seniorrådgjevar Stedfortreder for fylkesbiblioteksjefen. Prosjektleiar for Strategisk handlingsplan for utvikling av biblioteka i vidaregåande skolar i Hordaland. Rådgjevar innan biblioteklokale og samarbeid skole- og folkebibliotek. 55239374 / siri.sjursen@post.hfk.no Helge Skurtveit Spesialrådgjevar Litteraturformidling til barn og unge, mellom anna i samband med Gi rom for lesing og Den kulturelle skolesekken. Kompetanseheving av formidlarar, klassesettsamlinga. 55239372 / helge.skurtveit@post.hfk.no Ragni Serina Zlotos Prosjektleiar for Evaluering og implementering av strategi for nettenester på kulturområdet, Kultur- og idrettsavdelinga, fram til juni 2011. 55239469 / ragni-serina.zlotos@post.hfk.no Hordaland fylkesbibliotek Pb. 7900, 5020 Bergen Tlf.: 55 23 93 76 Fax.: 55 23 93 79 fylkesbiblioteket@post.hfk.no Fjernlånet Bergen Offentlige Bibliotek Strømgt. 6, 5015 Bergen Tlf.: 55 56 80 30 Fax.: 55 31 72 77 fjernlan@bergen.folkebibl.no Redaktør: Lena J. Glesnes