BARNEOMBODET. Høyring råd for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjingar i kommunar og fylkeskommunar

Like dokumenter
Foto: Carl-Erik Eriksson

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Råd i kommunar og fylkeskommunar for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høring. Foto: Geir Hageskal

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Ø sosialdeparteme ntet

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED FUNKSJONSNEDSETTELSE

HØYRINGSNOTAT OM RÅD I KOMMUNAR OG FYLKESKOMMUNAR FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONAR MED FUNKSJONSNEDSETJING

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Høringssvar om råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse

5 Bestemmelse i lov og sentral forskrift bør åpne for, men ikkje påby, at kommunen kan gje påvirkningsorgana sjølvstendig avgjerds- og løyvingsmynde.

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Lovfesting av medverknadsordning for ungdom - høyringssvar

Barnerettane i SKULEN

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Høyring - Lovfesting av medverknadsordning for ungdom. Høyringssvar frå Utdanningsforbundet

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Til Kunnskapsdepartementet

Kommunedelplan for oppvekst

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Refleksjon og skriving

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Til deg som bur i fosterheim år

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Rettleiar. Innbyggjarforslag

Nye kommunar i Møre og Romsdal

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13.

MØTEINNKALLING. Utvalg: Eldrerådet Møtested: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 09:00

Kartlegging av rammevilkår

Elev- og lærlingombod i HFK

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 14/468-7/14/

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Korleis best representere ungdomane si stemme og sikre representativitet?

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Du må tru det for å sjå det

2014 Studiebarometeret-sept2014 (låst)

Spørjeskjema Nynorsk

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse

Vår ref Dykkar ref: Saksbehandlar Dato

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret!

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd om Kyrkjerådet si sammensetting

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

3. APRIL 2018 ÅRSRAPPORT 2017 TIL KUNNSKAPS-OG INTEGRERINGSDEPARTEMENTET BARNEOMBODET

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

DELPROGRAM A. Regional planstrategi prosess og medverknad

Skuleåret 2017/2018.

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Info til barn og unge

Kommunale eldreråd i Møre og Romsdal

Lærarrettleiing Snasen

Elevundersøkinga 2016

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

BARNEOMBUDET. Høringssvar - Høring av rapport fra Tvibit ungdomshus - Nasjonalt kompetansesenter

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Å løyse kvadratiske likningar

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Transkript:

BARNEOMBODET Kommunal- og moderniseringsdepartementet Postboks 8112 Dep 0032 OSLO Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 16/00288-2 Thomas Wrigglesworth 6. mai 2016 Høyring råd for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjingar i kommunar og fylkeskommunar Vi takkar for høvet til å skrive eit høyringsvar til høyringsnotatet om råd for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjingar i kommunar og fylkeskommunar. Fyrst lyt vi seie at Barneombodet er skuffa over avgjerda frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å ikkje lovfeste medverknadsorgan for ungdom. Likevel er vi nøgd med at departementet no tar grep for å løfte og synliggjere medverknadsorgan for ungdom gjennom ei ny lov og ei framtidig føresegn. Vi fryktar nemleg at fleire kommunar gjer eit alt for dårleg arbeid med medverknadsorgan. Likeeins er vi bekymra for ungdommane i dei kommunane som ikkje har oppretta slike organ. Det er alvorleg at det finst så mange ungdommar som ikkje har moglegheit til å påverke heimstaden sin. Dette er ein form for forskjellsbehandling som det er særs viktig å få rydda opp i. Her har staten eit spesielt ansvar etter barnekonvensjonen. Om du skal få høve til å påverke lokalsamfunnet ditt, må ikkje vere avhengig av om du tilfeldigvis bur i ein kommune som tykkjer dette er viktig. Det skal vere ein rett som alle norske born og ungdommar har. Derfor er det viktig at dette arbeidet lukkast, og vi ønskjer derfor å komme med nokre innspel og kommentarar til høyringsnotatet. Vi kommenterer på kvart punkt, og har i tillegg nokre kommentarar heilt til slutt. 1. Forslaget Barneombodet tok i høyringsinnspelet frå 2013 ikkje stilling til om dei tre råda skulle samlast i ei eiga lov. Vi tykkjer likevel at departementet har funne ei god løysing ved å samle dei. Mest av alt er vi nøgd med at medverknadsorgan for ungdom no fell under Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). No hamnar ungdomsråd i departementet som jobbar for betre demokrati, og dette håpar vi miljøa rundt ungdomsråd vil få nyte godt av. Barneombodet støttar også departementet sitt forslag om ei ny generell føresegn i kommunelova om råd i kommunane og fylkeskommunane for ungdom, eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Postadresse: Besøksadresse: E-post: Postboks 8889 Youngstorget Karl Johansgate 7 post@barneombudet.no 0028 OSLO 0154 OSLO www.barneombudet.no Tlf 22 99 39 50 Inngang frå Dronningens gate Org.nr.: 971 527 765

Til slutt i dette dokumentet gir vi innspel til denne føresegna. 2. Bakgrunn Barneombodet støttar framleis at det skal komme formaliserte nasjonale retningslinjer for lokale ungdomsråd. Utvalet bak NOU 2011: 20 hadde også gode grunnar til å foreslå statlege tilskot til kommunar med ungdomsråd som følgjer dei nasjonale retningslinjene. Vi registrerer at KMD ikkje meiner at det bør følgje med midlar. Likevel vil vi be departementet om å sjå på dette på nytt. Både kommunane, fylkeskommunane og staten vil nyte godt av gode medverknadsorgan for ungdom i form av betre tenester, og unge som faktisk får føle på kroppen at dei blir tatt på alvor. Å stimulere til at flest mogeleg tar i bruk dei nasjonale retningslinjene, vil utan tvil betale seg på sikt. Vi kan ikkje sjå at departementet har vurdert barnekonvensjonens artikkel 3 om det beste for barnet før dei har konkludert med at medverknadsorgan for unge ikkje skal lovfestast på lik linje med råda for eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Vi skulle også gjerne ha sett at departementet vurderte barnekonvensjonens artikkel 2 om diskriminering før dei konkluderte. 2.1 Generelt om status for medverknadsordningar og organ og plassen deira i det lokale folkestyret Departementet har her gjort greie for ei rekke ulike metodar for medverknad i kommunale avgjerdsprosessar. Det er positivt at kommunane nyttar desse formene for medverknad, og dei bør stimulerast til å bruke innbyggjarmedverknad enda meir. Men det er også viktig å understreke at kommunane også bør nytte desse formene for medverknad saman med born og unge. Det at departementet opprettar retningslinjer for medverknadsorgan for unge, fritar ikkje kommunane frå å involvere born og unge når dei skal høyre befolkninga som heilheit. Alle metodane som er nemnde i høringsnotatet fungerer også med born og unge, og kommunane bør jobbe for å engasjere unge også når det gjeld til dømes folkemøter, idédugnader eller ordførarmøter. Dette gjeld også for alle metodane som er nemnde i publikasjonen «Medvirkning med virkning? Innbyggermedvirkning i den kommunale beslutningsprosessen» 1 som vi oppmodar departementet til å spreie. 2.2 Innhenting av kunnskapsgrunnlag 2.2.1 Eldreråd og representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne Barneombodet har også merka seg den sterke underrepresentasjonen av unge i råda for menneske med nedsett funksjonsevne. Her vil vi oppmode departementet om å legge til rette 1 http://www.hioa.no/extension/hioa/design/hioa/images/nibr/files/samarbeidsrapport-nibr- UniRokkansenteret-2013-web.pdf 2

for at unge med funksjonshemmingar i større grad skal bli høyrde også her. 2.2.2 Medverknadstiltak for barn og unge Det er stor skilnad på korleis kommunar organiserer medverknadsorgan for unge. Det betyr at nokre kommunar brukar godt med tid og ressursar på unge, medan andre ikkje prioriterer dette i det heile. Det at nokre kommunar berre nyttar seg av eit årleg barne- og kommunestyre, gjer også at det er vanskelig å få auge på at dette er ein vedvarande strategi for dei kommunane det gjeld. For at medverknaden frå barn og unge skal være reell og gi meining, må det vere ein kontinuerlig prosess ikkje berre ein årleg «event». Det er vanskeleg å sjå korleis kommunane skal leggje frem forskjellige sakar for unge når ein berre har eit årleg «event». Vi anbefaler at det i tillegg til eit kommunestyre for ungdommen i det minste bør opprettast eit arbeidsutval eller ungdomsråd som skal møtast jamleg, og som er meir formelt tilknytt dei kommunale avgjerdene. Elles er Barneombodet bekymra for det som kjem frem i Knudtzon og Tjerbo (2009), som viser at medverknadsorgan ofte får seie meininga si om kulturtiltak og fritidsklubbar, men ikkje om andre særs viktige saksområder som helsetiltak, skule og stadutvikling. Det hastar å snu denne utviklinga. Her går kommunane og fylkeskommunane glipp av kunnskap og viktige byggesteinar i det framtidige lokalsamfunnet. 2.3 Høyringsnotatet i 2013 om ei medverknadsordning for ungdom Vi er glade for at departementet går vidare med arbeid med medverknadsorgan for ungdom. Men, vi er som nemnt over, skuffa over at departementet støttar mindretalet av dei som svara på høyringa. Dette er ein skuffelse vi vi deler med 80% av dei som svarte på høyringa. Temaet har stor merksemd blant eksisterande medverknadsorgan for ungdom, og vi skulle gjerne sett at ein utnytta dette engasjementet i ei lovfesting med tilhøyrande retningslinjer. 3.5 Internasjonal rett 3.5.1 Det europeiske charteret om lokalt sjølvstyre og tilleggsprotokollen om innbyggjardeltaking I punkt 3.5.1 i høyringsnotatet trekkjer departementet fram Det europeiske charteret om lokalt sjølvstyre og tilleggsprotokollen om innbyggjardeltaking. Den er viktig. Vi vil likevel nytte høvet til å trekkje frem eit anna charter som bør sjåast i samanheng, og som vi meiner er minst like viktig. The Revised European Charter of the Participation of Young People in Local and Regional Life 2 inneheld fleire gode prinsipp og råd som også burde legge føringar på dette arbeidet. Barneombodet har mange gonger tatt til orde for at norske myndigheiter bør omsetje og promotere dette charteret meir aktivt. Vi trur det kan være nyttig for arbeidet med 2 https://www.coe.int/t/dg4/youth/coe_youth/youth_participation_charter_en.asp 3

medverknad for fleire kommunar. 3.5.3 FN-konvensjonen om barnerettane Artikkel 12 i FN-konvensjonen om barnerettane er ein av dei fire generelle prinsippa i konvensjonen. Det betyr at artikkel 12 skal være førande også i tolkinga av alle dei andre artiklane nedsett i konvensjonen. Det er viktig å ha med seg også når ein jobbar med medverknadsorgan. Artikkel 4 i konvensjonen stadfestar også at dei landa som har ekstra resursar skal gjere meir for å implementere innhaldet i konvensjonen. Å leggje til rette for gode medverknadsorgan for ungdom må kunne seiast å falle inn her, og er ei direkte oppmoding om å bruke fleire ressursar på feltet. 9. Om innhaldet i ny forskrift om ungdomsråd eller anna form for medverknadsordning for ungdom Det er særs viktig å understreke at dette arbeidet med medverknadsorgan for ungdom ikkje må gå ut over anna medverknad frå barn og unge i kommunane. Det må ikkje bli ei kvilepute. Kommunane må oppfordrast til å danne ekspertgrupper og ha ei kontinuerleg dialog med barne- og ungdomsbefolkinga. Dette er eit arbeid som ikkje har nokon slutt eller noka avgrensing men som skal gjennomsyre alt kommunane jobbar med. Å hugse på medverknad frå born og unge skal sitje i ryggmargen. 11. Lovforslag 11.1 Merknader til lovforslaget Om rekruttering Barneombodet meiner at myndigheitene må finne gode løysingar for å rekruttere ungdom til medverknadsorgana. Vi har i lang tid fått tilbakemeldingar frå unge som er involvert i ungdomsråd, og det er vår oppfatning at ein må rekruttere bredt. Kommunane og fylkeskommunane bør gjere ein innsats for å rekruttere frå skule, fritidsklubb/kulturhus og lokale organisasjonar. Når det kjem til det vidare arbeidet med ei føresegn, blir det viktig å peike på konkrete løysingar, og vi vil oppmode departementet om å finne fram til løysningane saman med ungdomsråda. Vi er kritiske til at kommunestyre og fylkesting skal kunne velje eigne representantar. Det er nettopp denne forma for rekruttering som har møtt kritikk i fleire av kommunane Barneombodet har hatt kontakt med. Om valperiode Vi er einige med departementet i at valperioden for ungdomsråd bør vere på inntil 2 år. Om alder Barneombodet er einig med departementet si vurdering av ei øvre aldersgrense på 18 år medan ein ungdom som fyller 19 eller 20 år i valperioden kan sitje perioden ut. 4

Vi ser ikkje nokon grunn til å setje ei nedre aldersgrense. Dersom kommunane ser høve til å inkludere dei under 13 år, bør dei få mogelegheit til det. Vi er også kjend med at nokre kommunar nyttar seg av reine barneråd, med medlemmar under 13 år. Vi veit at nokre ynskjer at ein ikkje skal ha ei øvre aldersgrense. Omgrepet ungdom har fleire tydingar, avhengig av kor ein brukar det. For Barneombodet er det viktig å passe på å gi unge utan mogelegheit til å delta i demokratiet ved val, ei stemme inn i lokalpolitikken. Eit argument for å ha ei anna aldersgrense, finn vi i at unge er underrepresentert i politikken. Men unge som vi har snakka med, med erfaring frå ungdomsråd, seier ofte sjølv at 18-20 år bør vere øvste aldersgrense. Det er viktig at dei som er til dømes 14 år har ei stemme som ikkje går via andre. Ein 14-åring har med andre perspektiv på lokalsamfunnet sitt enn ein 24- åring. Vi veit at fleire av dei fylkesvise ungdomsråda har tradisjon for å ha ei høgare aldersgrense. Desse råda bygger ofte på erfaringar frå kommunane, og denne viktige kontinuiteten kan være eit argument for å tåle ei høgare aldersgrense der. I så fall vil vi anbefale at ein ser til at hovudvekta av rådet er under 18 år. Her vil vi be departementet om å lytte spesielt til dei erfaringane dei fylkesvise råda sjølv sit på. Andre råd frå Barneombodet om framtidig føresegn Formell forslagsrett Vi oppmodar departementet sterkt til å legge til rette for at råda skal få formell forlagsrett. Det er viktig at råda blir sett på som reelle politiske organ, og ikkje berre eit alibi for politikarar og administrasjon. Tidleg involvering Det er heilt avgjerande at råda får komme tidleg inn i prosessar som er viktige for kommunane og fylkeskommunane. Det er også særs viktig å jobbe aktivt for å få alle råda tidleg inn i sakbehandlingsprosessane i kommunen og i fylkeskommunane. Altfor mange ungdomsråd rapporterer til oss at dei kjem for seint inn med meiningane sine. Dette er spesielt demotiverande, og har potensiale til å skade medlemmane sitt forhold til medverknad generelt og det er alvorleg. Opplæring Det er avgjerande at både ungdom og dei som arbeider med råda får tilstrekkeleg opplæring i korleis ein skal få til gode prosessar. Difor bør det leggjast til rette for at kommunane skal være pliktige i å gi eit godt skoleringssystem som er mest mogeleg likt for alle. Her kan Barneombodet og andre stille med rettleiing. Kompetansesenter i medverknad Vår erfaring er at kommunar treng å få diskutert og snakka med andre som har erfaring med ungdomsmedverknad. Difor har vi i lang tid jobba for å få til eit kompetansesenter i ungdomsmedverknad som kan være ein stad der ein enkelt kan hente idear, metodar og få hjelp til å sortere eige arbeid rundt medverknad i kommunane. Tvibit i Tromsø har utarbeidd eit forprosjekt 3 til eit slikt kompetansesenter som vi oppmodar 3 http://www.tvibit.net/prosjekthuset/nasjonalt-kompetansesenter-for-ungdomsarbeid-og-medvirkning/ 5

departementet til å studere nøye. Dei har utarbeidd eit opplegg som også trekker fram kompetansen til fleire viktige organisasjonar med kompetanse på feltet, som for eksempel Barneombodet, LNU og Ungdom og Fritid. Eit slikt senter kan spele ei avgjerande rolle i å heve kompetansen i kommunane om medverknad for barn og unge men vil heilt sikkert også kunne ha noko å tilby for dei andre råda som er omtalt i høyringsnotatet. Avslutning Lokalsamfunna i framtida krev engasjerte og lojale innbyggarar. Innbyggarane må få gode erfaringar med å seie meininga si, med å sjå at det dei har synspunkt på får noko å seie. Dei framtidige innbyggarane er unge nå, og det er erfaringa desse gjer med innbyggarinvolvering som enten avgrensar eller utvidar demokratiet. Av den grunn aleine er det viktig å løfte medverknadsorgan for unge meir fram i lyset. Og det er viktig at endringane når fram til unge sjølv. Om dei unge som skal være målet for forandringa ikkje veit at det skjer så skjer det sannsynlegvis ikkje. I eit demokrati er den viktigaste perioden mellom vala, og det er desse mogeligheitene som gir innbyggarane viktige svar om lokalsamfunnet sitt. Når vi gjer unge delaktige og gir dei ansvar og mogeligheiter, gjer vi demokratiet betre, tyngre og breiare. Barneombodet bidrar meir enn gjerne inn i arbeidet og ser fram til ei prosess om ei god og tilgjengeleg føresegn. Venleg helsing Camilla Kayed fagsjef Thomas Wrigglesworth seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ingen signatur. 6