KONKURRANSEBESTEMMINGAR 1 GENERELLE FØRESETNADER 1.1 Orientering om oppdraget Sogndal kommune treng eit nytt nytekøyretøy av typen lastebil og lyser difor ut konkurranse for dette. Sjå vedlegg teknisk beskriving for detaljar kring køyretøyet. 1.2 Atterhald Følgjande atterhald gjeld: - Sogndal kommune har atterhald om finansiering av oppdraget. Endeleg avgjersle vert teken når prisane på oppdraget ligg føre. 1.3 Framdrift Sogndal kommune ynskjer å få levert lastebilen så snart råd er. Kontrakt vert inngått så fort tilboda er vurdert og eventuelle forhandlingar er gjennomførd. 1.4 Opsjonar Følgjande deloppdrag skal vere opsjonar i tilbodet: - Serviceavtale for 3 år - Levering av tekniske detaljar beskrive i vedlegg teknisk beskriving del 2.2 1.5 Tilbodsregler Som tilbodsregler gjeld Lov 16. juli 1999 nr 69 om offentlige anskaffingar med tilhørande Forskrift om offentlige anskaffingar, fastsett ved kgl res. 15.juni 2001, revidert 24. november 2006. Som spesielle tilbodsreglar for denne konkurransen gjeld dette dokument. Disse konkurransevilkåra supplerer forskrifta, og skal i tilfeller av motstrid, der kor forskrifta har fråvikelige krav, gjelde framfør forskrifta sine bestemmingar. 1.6 Anskaffingsprosedyre Konkurransen gjennomføres som ein open anbodskonkurranse etter forskrift om offentlige anskaffingar del II, Anskaffingar under EØS/WTO-terskelverdiane. 1.7 Kunngjøring av kunngjøringa Konkurransen er kunngjort i DOFFIN. 1.8 Vilkår for kontrakten Leveringsvilkår bør være DDP Sogndal. Kontraksvilkåra er generelle kjøpsvilkår for denne typen leveransar. Konkurransebestemmingar Side 1 av 5
2 KVALIFIKASJONSKRAV 2.1 Generelt I dette kapittelet er det lista opp kva for krav som stilles til leverandørane og produktet for å kunne delta i konkurransen. Manglande dokumentasjon eller mangelfull oppfylling av krav kan medføre at leverandøren blir avvist. Oppdragsgjevar tek atterhald om å innhente supplerande opplysningar og dokumentasjon, både direkte frå den einskilde leverandør eller frå eksterne kjelde om det av dokumentasjon framlagd med tilbodet kan være tvil om leverandøren tilfredsstillar kvalifikasjonskrava. 2.2 Krav til faglige og tekniske kvalifikasjonar for leverandøren Leverandøren må inneha tilstrekkelige tekniske og økonomiske kvalifikasjonar til å kunne oppfylle kontraktskrava. Til dømes er det eit krav at leverandøren har levert tilsvarande køyretøy tidligare, har verkstad(er) med kvalifisert personell og reservedelar tilgjengelig. Leverandøren skal og ha solid økonomi slik at ein kan forvente at leverandøren ikkje går konkurs i næraste framtid. 2.3 Tekniske krav for køyretøyet Det er ein føresetnad at produktet skal inneha dei tekniske eigenskapane som er beskrive i vedlegg teknisk beskriving del 2.1 3 KONKURRANSEGRUNNLAGET 3.1 Generelt Som grunnlag for konkurransen gjeld dette anbodsdokumentet inkludert vedlegg. I tillegg vil eventuelle tilleggsopplysningar gitt skriftlig før tilbodsfristens utløp, inngå. Eventuelle endringar av konkurransegrunnlaget, til døme spesifikasjonar, konkurranseregler e.l., vil bli meddelt alle deltakarar og vil ha gyldigheit føre tidligare mottatt konkurransegrunnlag. 3.2 Tilleggsopplysningar Spørsmål til mottatte tilbodsdokument skal rettes skriftlig via e-post til følgjande adresse: Kristian.karlsen@sogndal.kommune.no. E-posten skal merkast med: Kjøp lastebil. Svar på spørsmål vil berre verte gitt skriftlig via Doffin, og spørsmål og svar vil bli meddelt alle påmeldte leverandørar. 4 TILBODET 4.1 Innhald og organisering Leverandøren skal organisere tilbodet i høve til følgjande innhaldselement: - 1 Tilbodsbrev - 2 Vederlagsskjema - 3 Beskriving av produktet - 4 Annen naudsynt informasjon Konkurransebestemmingar Side 2 av 5
1. Tilbodsbrev Signert tilbodsbrev med angjeving av eventuelle avvik, alternative tilbod og atterhald. 2. Vedlegg B: Vederlagsskjema - Komplett utfylt vederlagsskjema (excel-fil). 3. Beskriving av produktet Her skal det beskrivast følgjande: - eigenskapane til produktet - serviceinformasjon alt eigar treng å vite om service på køyretøyet dei første 5 åra 4. Annen naudsynt informasjon Tilbodar skal her gje opp den informasjon som han meiner er naudsynt for kjøpar å vite eller som kan påverke konkurransesituasjonen. 4.2 Deltilbod Det er ikkje tillate å gje tilbod berre på deler av leveransen 4.3 Alternative tilbod Det er tillate å gi alternative tilbod i tillegg til det som går frem av konkurransegrunnlaget. Alternative tilbod skal presenterast og beskrivast på ein slik måte at oppdragsgjevar kan vurdere dei utan kontakt med leverandøren. Alternative tilbod som ikkje tilfredsstillar dei same funksjons- og kvalitetskrav som oppdragsgjevaren set, vil ikkje bli vurdert. 4.4 Avvik og atterhald Dersom tilbodet er meint å avvike frå konkurransegrunnlaget, skal dette klart gå fram av tilbodet. Avvika skal spesifiserast i tilbodsbrevet. Dei skal vere presise og eintydige, og skal vere beskrive slik at oppdragsgjevar kan vurdere avvika utan kontakt med leverandøren. Atterhald som ikkje er prissett, vil kunne verte prissett av oppdragsgjevar for at oppdragsgjevar skal kunne samanlikna tilboda. Atterhald som ikkje lett lar seg kostnadsbereikna, kan føre til at tilbodet verte og avvist. Eventuelle atterhald skal gjes opp særskild i leverandørens tilbodsbrev sjølv om dei og er skreve i andre dokument i tilbodet. 4.5 Språk Tilbodsbrevet og all dokumentasjon i tilbodet skal vere på norsk. Produktdatablad, katalogar o.l. kan vere på engelsk. 4.6 Valuta Tilbodet skal gis i norske kroner. 4.7 Vedståingsfrist Tilbodet skal være bindande i 90 dagar etter tilbodsfristens utløp. Konkurransebestemmingar Side 3 av 5
4.8 Retur av tilbod Tilboda vil ikkje bli returnert. 5 INNLEVERING AV TILBOD 5.1 Leveringsadresse Tilbodet leverast til: Postmottak Sogndal kommune, Kommunehuset i Sogndal kommune. Alternativt kan tilbodet oversendes med post: Sogndal kommune, Gravensteinsgata 17, Postboks 153, 6851 SOGNDAL. I båe tilfella skal tilbodet merkast med Tilbod lastebil. ATT: Kristian L. Karlsen. Oversending med post føreset at tilbodet sendes i god tid. For å unngå at tilbodet kommer for seint, anbefalast det at tilbodet leverast med bod. Tilbod sendt pr. telefaks, e-post eller annen form for elektronisk dokumentoverførsel aksepterast ikkje. 5.2 Merking Tilbodet skal leverast i lukka konvolutt og merkes som beskrive i 5.1. Innpakking, lukking og merking av tilbodet skal gjerast på en slik måte at tilbodets konfidensialitet kan bevarast fram til tilbodsopninga. 5.3 Tilbodsfrist Tilbodsfristen er: Sjå dato på Doffin Innan tilbodsfristen må tilbodet vere overlevert til adresse nemnt i punkt 5.1. 5.4 Opning av tilbod To representantar frå oppdragsgjevar vil gjennomføre tilbodsopninga. Det vil bli ført protokoll. Konkurransedeltakarane vil ikkje ha tilgang til denne. Tilboda og anskaffingsprotokollen vil bli unntatt offentligheit i samsvar med forskrift av 14. februar 1986 nr. 351 gitt i medhald av offentlegheitslova, punkt V nr. 12. Leverandørar som har levert rettidig tilbod vil få kopi av referat frå tilbodsopninga, seinast saman med orienteringa om innstilling av leverandør. 6 OPPDRAGSGJEVARS BEHANDLING AV TILBOD 6.1 Formelle førehald ved tilbodet Det første oppdragsgjevar vil ta stilling til er om tilbodet har formelle manglar som skal føre til avvisning etter anskaffingsforskrifta 20-13(1) a og b). Tilbod som er kome inn etter tilbodsfristen vil bli returnert uopna til avsendar med mindre det ikkje må opnast for å identifisere avsendar. Vidare vil oppdragsgjevar vurdera om tilbodet skal avvisast på grunn av andre forhold ved tilbodet, jf anskaffingsforskrifta 20-12 og 20-13 Konkurransebestemmingar Side 4 av 5
6.2 Kvalifisering Deretter vil oppdragsgjevar vurdere om tilbodet inneheld den dokumentasjon det er stilt krav om i kunngjøringa og i konkurransebestemminga. Manglande dokumentasjon skal eller kan føre til at leverandøren verte avvist. Det same gjelder om leverandøren ved tilbodsfristens utløp ikkje tilfredsstillar dei minimumskrava oppdragsgjevar har satt for deltaking i anbodskonkurransen. 6.3 Tildeling Ei faggruppe hjå oppdragsgjevar vil vurdera tilboda. Oppdragsgjevar vil tildele kontrakten til den leverandøren som etter ei samla vurdering har gitt det økonomisk mest fordelaktige tilbodet. Følgjande tildelingskriteria vil verte lagt til grunn for rangering av tilbod: 6.3.1 For nye køyretøy Vekt Tildelingskriterium Poenggjeving 80% Pris for minimumsleveranse Ved vekting vil lågaste pris gi 80 poeng. Lågaste pris + 100% vil gje 0 poeng. Poeng for tilbodspris mellom høgste pris og lågaste pris + 100% vil bereknast lineært. 5% Pris opsjonar Lågaste pris gjer 5 poeng, lågaste pris +100% gjer 0 poeng, lineær skala imellom. 15% Kvalitativ vurdering av leverandør og produktet (omdømme, referansar, historikk, verkstad, leveringstid, levetidskostnader, etc) Skala 0-15. 6.3.2 For brukte køyretøy For brukte køyretøy er det vanskeleg å sette opp vurderingskriteria som tar omsyn til alle faktorar. Kvart tilbod vil difor samanliknast kvalitativt med den/de beste tilboda på nye køyretøy. Kriteria som vil vektleggast i samanlikninga er: - kostnader (innkjøp og levetid) - kvalitet - nytte i bruk 6.4 Forhandlingar Oppdragsgjevar vil, om han finn det teneleg, innkalla eit mindre tal leverandørar til forhandlingar. Dette vil skje i god tid før kontrakt verte tildelt. Konkurransebestemmingar Side 5 av 5