Ei orientering frå Utanriksdepartementet. 1 1 Distrikts - politikken. Dei Europeiske Fellesskapa



Like dokumenter
SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

KOMMISJONSDIREKTIV 95/17/EF. av 19. juni 1995

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

Nr. 20/152 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 27. juli 1999

En orientering fra Utenriksdepartementet. 10 Skips farten. De Europeiske Fellesskap

Til deg som bur i fosterheim år

Vestlandet ein stor matprodusent

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Forslag frå fylkesrådmannen

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

KOMMISJONSVEDTAK. av 3. februar 1997

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

En orientering fra Utenriksdepartementet

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

HORDALANDD. Utarbeidd av

Aurland kommune Rådmannen

Styresak. Bakgrunn: Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Saka gjeld: Retningsliner for selskapsetablering

Nr. 57/182 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 27. mars 2000

Lønnsundersøkinga for 2014

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Internasjonal vidaregåande skule

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

NOR/310R T OJ L 113/10, p. 6-10

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

KOMMISJONSVEDTAK. av 24. oktober om gjennomføring av artikkel 20 nr. 2 i rådsdirektiv 89/106/EØF om byggjevarer(*) (95/467/EF)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

Brukarrettleiing E-post lesar

Kontrollutvalet i Suldal kommune

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Engasjements- og eigarskapskontroll i Møre og Romsdal fylkeskommune

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Nr. 8/180 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 384/2010. av 5. mai 2010

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

En orientering fra Utenriksdepartementet. 14 Etablerings. retten. De Europeiske Fellesskap

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Strategiplan for Apoteka Vest HF

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

REGULERINGSPLAN FOR ÅMOT PlanID FØRESEGNER

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

NOR/311R0432.ggr OJ L 115/11, p. 1-4 COMMISSION REGULATION (EU) No 432/2011 of 4 May 2011 refusing to authorise certain health claims made on foods,

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 81/08 08/440 PORTEFØLJESTATUS JUNI

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Transkript:

Ei orientering frå Utanriksdepartementet 1 1 Distrikts - politikken Dei Europeiske Fellesskapa

Utanriksdepartementet har fastsett følgjande nemningar og forkortingar (den engelske forkortinga står i parentes): EF Dei Europeiske Fellesskapa (EC) EØF Det Europeiske Økonomiske Fellesskapet (EEC) EKSF Det Europeiske Kol- og Stålfellesskapet (ECSC) EURATOM Det Europeiske Atomenergifellesskapet (EURATOM) 2

Distriktspolitikken Dei europeiske fellesskapa (EF) fører ingen sjølstendig distriktspolitikk. EF har heller inga overnasjonal makt til å fastsetje distriktspolitikken for dei seks medlemslanda. Kvart land har hatt distriktspolitikken som sitt eige ansvarsområde. Trass i at sentralorgana i EF i dei seinare år har vist stor interesse for distriktspolitiske problem, er medlemslanda likevel innstilte på at distriktspolitikk også i framtida i første hand skal vere ei nasjonal oppgåve. Den sams politikken som blir utarbeidd, er berre eit tillegg til det som vert gjort av kvart medlemsland. Då Roma-traktaten vart skriven, var ein klar over at det trongst distriktspolitiske tiltak dersom ein skulle nå eit av måla med EF, nemleg «å fremje ein harmonisk vokster av den økonomiske verksemda i Fellesskapa sett under eitt». Eit vilkår for ein slik framvokster er at ein tek omsyn til dei einskilde distrikta og problema der. Skal utviklinga i EF bli harmonisk, må den økonomiske skilnaden mellom ymse distrikt jamnast ut, og stoda i dårleg stelte område må betrast. Jamvel om det berre er ein liten del av distriktspolitikken som blir avgjord på fellesskapsplan, har Roma-traktaten fleire artiklar som handlar om dette spørsmålet. Somme artiklar strekar under at distriktspolitiske tiltak er viktige. Andre tillet at unntak blir gjorde frå hovudreglane i traktaten når distriktspolitiske omsyn krev det, medan atter andre peikar på distriktspolitiske boteråder. Kommisjonen kan i dag gjere framlegg om tiltak ute i distrikta og tilrå stønad til gjennomføringa. På denne måten både hjelper, inspirerer, samordnar og delvis kontrollerer EF distriktspolitikken til medlemslanda, men det er opp til kvart einskilt land å gjennomføre dei distriktspolitiske tiltaka som Kommisjonen gjer tilråding om. Kva slags problem? Dei områda i EF-landa som har spesielle økonomiske problem, kan ein dele i fire kategoriar: jordbruksstrok distrikt der dei gamle hovudnæringane er i nedgang område langs landegrensene område med arbeidsløyse. Alle EF-landa har distrikt som er blitt liggjande etter økonomisk, på grunn av at landbruket er einaste næringsgrein. For å auke lønsemda i 3

jordbruket har det i EF-landa som i Noreg vori naudsynt med rasjonalisering. Denne utviklinga ser ut til å halde fram. Ein stendig mindre del av folket arbeider i landbruket, og i typiske landbruksområde finst det som regel lite anna sysselsetjing. Desse problema er størst i Sør-Italia og Vest-Frankrike. Somme område, særleg i Belgia og Vest-Tyskland, har vori ille plaga av problem i samband med strukturendringar i gamle hovudnæringar, t.d. i kol- og stålindustrien. Av historiske grunnar har ymse grenseområde mellom EF-landa hatt heller tynn busetnad. I dag er problemet med fråflytting av grensestrok berre aktuelt langs austgrensa i Vest-Tyskland. Arbeidsløyse i vanleg meining har særleg vori eit problem i Sør-Italia, og i byane. Nasjonale boteråder For å møte problema har regjeringane i EF-landa innført ymse distriktspolitiske boteråder. Dei vanlegaste er investeringstilskott, skattelette og garantiar. Bruk av ulike boteråder i EF-landa Nederland Belgia Luxembourg Vest- Tyskland Frankrike Italia Investeringstilskott x x x x x x Tilskott til sysselsetjingstiltak x x Rentesubsidiering x x x Opplæringstilskott Flyttetilskott Frakttilskott x x Tilskott til industrivekstanlegg \ x Skattelette \ x \ x x Lån med låg rentefot... x x x Garanti \ \ x Etableringskontroll Offentleg teikning av aksjar. Reduserte prisar på energi x x x 4

Nederland er det EF-land som har hatt minst distriktsproblem. Regjeringa har likevel peikt ut visse område i nord og søraust som vekstsentra og har med investeringstilskott prøvd å få ny industri dit. Folk frå utkantane er blitt oppmoda til å flytte til desse sentra, m.a. gjennom bygging av moderne bustader. Distriktsproblema i Belgia kjem mykje av at dei gamle hovudnæringane i søraust, kolgruvene, ikkje er lønsame og blir lagde ned. Det økonomiske sentrum i landet har flytta seg frå kolområda aust om Brussel til ein akse Brussel-Antwerpen, der flamsk mål rår grunnen. Dei etniske motsetnadene i Belgia forverrar såleis distriktsproblema. Den flamsktalande delen av landet, som også har sine distriktsproblem i kyststroka mot den engelske kanalen, utviklar seg i dag snøggare økonomisk enn den fransktalande i søraust, og 70% av dei nye arbeidsplassane i landet blir skapte her. Vest-Tysklands største distriktsproblem finn vi i nord og aust. Her dominerer jordbruket, medan ny industri med arbeidskraft som i stor mon kom frå Aust-Europa, hadde vanskeleg for å slå seg ned nær grensene til dei kommunistiske grannestatane. Omkring ein tredel av Forbundsrepublikken er i dag «utbyggingsområde», dvs. kan nyte godt av distriktspolitiske boteråder frå sentralregjeringa. Frankrike har distriktsproblem av alle dei slag som er nemnde ovanfor. Område med kol- og tekstilindustri har stridd med strukturproblem, medan typiske jordbruksstrok har hatt stor fråflytting. Nokre jordbruksområde har også vori underutvikla. Frankrike er kanskje det land i Vest-Europa som har tatt distriktsproblema mest alvorleg og som har sett inn dei kraftigaste boterådene. Såkalla negative boteråder som etableringskontroll er innførde i Paris-området. Fire større område er tatt ut til vekstsentra, her får nyskipnader ekstra laglege vilkår. Med ein viss rett kan det seiast at dei i Frankrike prøver å konsentrere sine distriktspolitiske boteråder om visse sentra og område framfor å gi hjelp til alle område i stagnasjon eller nedgang. Distriktsproblema i Italia er konsentrerte i den sørlege helvta av landet, som etter europeisk målestokk helst måtte reknast som underutvikla. Ein særskilt utviklingsbank for Sør-Italia vart skipa i 1950. Banken skal m.a. hjelpe til med grunnlagsinvesteringar. Han har også ytt stønad til modernisering av jordbruket og til marknadsføring av produkta ved å skipe samyrkelag. Seinare har banken også støtta industri og service-næringar. Den italienske regjeringa har gjort sitt for utviklinga i landsdelen med eit prinsippvedtak om at 40% av offentleg investering skal gjerast i Sør-Italia. Det er bygd opp eit nettverk av hjelpetiltak for privat industri i sør. Men det økonomiske gapet mellom nord- og sørprovinsane vart likevel ikkje redusert, og ein har i det siste prøvd å konsentrere boterådene om vise område. Dette ser ut til å ha hjelpt noko. 5

Sams tiltak Fleire fellesskapsinstitusjonar har gitt stønad til utbygging av næringslivet i distrikt som strir med dei største problema. Den europeiske investeringsbanken har til oppgåve å fremje ei balansert utvikling i EF ved å gi og garantere lån til m.a. prosjekt for utbygging av mindre utvikla område. Meir enn halvparten av banken sine lån i 1970 er gått til distriktsutbyggingstiltak. I dei seinare åra har det vori ein klar tendens til sterkare engasjement frå Investeringsbanken si side i tiltak som er av distriktspolitisk karakter. Banken stør også tiltak i land som er assosierte med EF. Frå banken vart skipa til 1969 har han gitt lovnad om lån på ikring 10 milliardar kroner, og årleg ligg løyvingane på ca. 2,45 milliardar kroner. Halvparten av løyvingane har gått til utbygging av næringslivet, særleg industri og jordbruk, og andre helvta til grunnlagsinvesteringar, særleg i samferdsle og kraftforsyning. Italia åleine har fått om lag det halve av løyvingane, og brorparten av dette har gått til Sør-Italia. Frå Det europeiske sosialfondet får medlemslanda dekt halvparten av utgiftene dei har med å skaffe arbeidslause ny og lønsam sysselsetjing. Av dei 819 mill. kroner som fondet ytte i dei ti første åra (fram til 1969), gjekk 763 mill. kroner til yrkesopplæring. Fondet har no eit årsbudsjett på 385 mill. kroner som skal aukast etter behov, og ein reknar med at om tre-fire år vil det vere på 1,44 milliardar kroner. Det europeiske landbruksfondet sine middel går til prisstøtte på landbruksprodukt. Kvart år tar ein ut om lag to milliardar kroner for å betre landbruksproduksjonen (marknadsføring, vatningsanlegg, siloar, meieri, lagerhus, pakkeri m.v.). I regi av Kol- og stålfellesskapet vart det reist store beløp for å få i gang nye tiltak i kol- og stålområde der verksemda etter kvart hadde vorti skoren ned. I slutten av 1969 hadde Kommisjonen gitt lån på til saman 6 335 mill. kroner til modernisering og nyreising i slike distrikt. Det årlege tilskottet er no på 700 mill. kroner. 6

Kommisjonen må godkjenne Kommisjonen skal føre tilsyn med dei distriktspolitiske boterådene i medlemslanda og få melding om planlagde nye tiltak. Støttetiltak som skiplar konkurransevilkåra og som har innverknad på handelen medlemsstatane imellom, er forbodne, såfremt dei ikkje har distriktspolitiske mål. Etter kvart som tiltaka har tatt til å verke, er det vorti stendig klårare for Kommisjonen i dette har han stønad frå Europa-parlamentet at ein treng ei nyvurdering av distriktspolitikken i EF-området. Dei midla ein har nytta seg av, har ikkje synt seg å strekkje til når det gjeld å minske skilnaden mellom rike og fattige regionar. På den andre sida har denne skilnaden heller ikkje auka i monaleg grad. Kommisjonen har dessutan hatt vanskar med å avgjere kva for stønadsordningar som har vori mest naudsynlege sett ut ifrå dei lokale tilhøva. Dei positive boterådene har etter Kommisjonen si meining vorti nytta i kan hende for stor mon, og ein har sett døme på at landa har bodi over kvarandre. Granskingar EF har freista å finne ei løysing på problema gjennom fleire granskingar og møte. Ein har drøfta generelle problemstillingar, særskilte problem i visse område og effektiviteten av ymse boteråder. Ein vil t.d. finne ut kva utbygging av regionalsentra har å seie for økonomien i distriktet, eller kor viktig betre transporttilhøve og hamner er for næringsliv og distriktsutbygging. Ei utgreiing frå Kommisjonen om industrivekstanlegg er eit døme på granskingar som gjeld særskilde boteråder. Etterrøkingane i bestemte distrikt vert alltid gjorde i samråd med styresmaktene i det landet det gjeld, og dei vert utførte noko av uavhengige konsulentar, noko av tenestemenn frå Kommisjonen og landet sjøl. Fellesskapa dekkjer ein del av utgiftene. Rapport vert gitt til regjeringa i landet, som heilt får overlati til seg gjennomføringa av dei tiltaka det har komi framlegg om. EF stør ikkje desse tiltaka økonomisk, men i regelen legg Investeringsbanken eller eit av fonda sitt til. 7

Samordning Det ser ut til å råde semje mellom Europa-parlamentet, som og har drøfta distriktspolitikken, og Kommisjonen om at skal distriktspolitikken vera effektiv, må det til ein samla innsats frå regionale og nasjonale organ på den eine sida og fellesskapsorgana på den andre. For å gjennomføre ein effektiv distriktspolitikk er det turvande å arbeide ut regionale program. Desse må gå så djupt at dei analyserer den økonomiske strukturen i regionane og gir ein peikepinn om dei politiske linene dei nasjonale og regionale styresmaktene ønskjer å følgje. Utbygginga av distrikta krev ein sameint aksjon som dg gjeld kulturelle og sosiale aspekt i vid meining. Dei regionale programma bør ein samordne og innordne i den allmenne økonomiske politikken i kvart land og i EF sett under eitt. For ikkje lenge sidan vart det gjort vedtak om at EF skal få eit eige utval til å ta seg av denne samordninga. Meir effektiv stønad Kommisjonen meiner at effektiviteten av dei ulike støttetiltaka vert større om ein legg følgjande retningsliner til grunn: stønad bør fremje etablering i særskilte vekstkjerner eller sentra ein bør kombinere stønaden med grunnlagsinvesteringar ein bør gi støtte berre til sjølve igangsetjinga. Varande stønad kan føre til at ein hindrar tilpassingsprosessen og stør verksemder som ikkje er livsterke. Slike verksemder vil i stor mon vere årsak til nye distriktsproblem unntak frå desse grunnreglane kan ein gjere i omframme høve, t.d. i jordbruket. 8

Betre distriktspolitikk Kommisjonen har på det grunnlaget som her er grovteikna, gjort utkast til vedtak om distriktspolitikken i EF. Til utbygging av distrikta skal ein skipe: eit rente-subsidieringsfond; Kommisjonen skal ha rådevelde over dette fondet og det skal verte finansiert over budsjettet til Fellesskapa, ei garantifullmakt som Kommisjonen skal disponere, eit fast utval med eit medlem frå Kommisjonen som formann og med eit av kontora til Kommisjonen som sekretariat. (Eit slikt sekretariat er alt skipa.) Ein skal kunne gi stønad til planar for utbygging i distrikta i form av rentesubsidiar eller garanti for lån som vert gitt av Den europeiske investeringsbanken eller andre finansieringsinstitusjonar, dersom desse planane er vortne lagde fram for det faste utvalet og godkjende av Kommisjonen. Etter dette framlegget skal Kommisjonen kunne gi tilråding til medlemslanda i følgjande høve: når det er naudsynt med ei betre samordning av tiltak i ulike land, særskilt i grenseområda når det gjeld grunnlagsinvesteringar når det gjeld strukturen i landbruket når det er nødvendig med ein sams industripolitikk for å unngå produksjon som ikkje løner seg når det gjeld yrkesopplæring og yrkesrettleiing. Tilpassing for Noreg Regjeringa seier i stortingsmelding nr. 90 (1970-71) at målsetjinga for distriktspolitikken slik ho vert ordlagd i langtidsprogrammet for 1970/73, samstavar med målsetjinga for EF og dei allmenne retningslinene Fellesskapa har sett opp. Det same gjeld 6g etter alt å døme dei boterådene som vert nytta. Roma-traktaten set eit generelt forbod mot statsstøtte til næringane, men godtek det likevel dersom dei distriktspolitiske siktemåla er dei viktigaste. Distriktenes Utbyggingsfond her til lands har i dag høve til å gi beinveges tilskott til verksemder for gransking og planlegging og til dekking av utgifter til flytting, opplæring og igangsetjing av industritiltak. Ein har 6g 9

gjort vedtak om ei ordning med tilskott til investeringar. Ser ein på den praksisen som Kommisjonen har, verkar det som dei norske føresegnene også når det gjeld ordninga med investeringstilskott og skattelette kan haldast ved lag om landet vårt går med i EF. I stortingsmeldinga heiter det mellom anna : «Ser ein på den praksis som vert følgd i kvart einskilt medlemsland, verkar det som det vore råd å få godkjent enda sterkare boteråder enn dei som til no er blitt tekne i bruk. Vidare ville ein opne vegen for nye finansieringsordningar av utbyggingstiltak i distrikta om ein vart med i EF, særskilt i samband med Investeringsbanken. Jamvel om folk bur tettare i EF og dette såleis skaper eit anna mønster for busetnaden enn i Noreg, slik at ein i fellesskapslanda kan ha andre oppfatningar og definisjonar når det gjeld omgrep som pressområde og utkantstrok, fører ikkje dette med seg at dei norske normane ville måtte endrast. Det norske tingingsopplegget for fiskeria, dei løysingane som ein tenkjer seg i jordbruket og innanlandske tiltak i samband med industripolitikken, siktar i stor mon mot å halde ved lag det mønstret for busetnad som vi har no. Til dette kjem at vi som nemnt ovanfor, ville kunne halde fast på både målsetjinga og boterådene i norsk distriktspolitikk. Det ville framleis vere høve til bruk av «negative» middel som etableringskontroll, og bruk av aktive støttetiltak. Etter det opplegget som regjeringa har for tingingane, skulle eit medlemskap i EF såleis knappast få beinveges innverknad på mønstret for busetnaden her til lands.» 10

IEF Dei Europeiske Fellesskapa byggjer på: Traktaten om Det europeiske kol- og stålfellesskapet EKSF Traktaten om Det europeiske økonomiske fellesskapet (Fellesmarknaden) EØF Traktaten om Det europeiske atomenergifellesskapet EURATOM Medlemmer i EF: Belgia Tyskland Frankrike Italia Luxembourg Nederland. EF's ORGAN: Ministerrådet er det organet som tek avgjerdene. 6 medlemmer, ein representant for regjeringa frå kvart medlemsland. Kommisjonen Initiativtakande, administrerande og utøvande organ. Vert oppnemnd av regjeringane etter felles avtale. 9 medlemmer: 2 frå Tyskland, Frankrike og Italia, 1 frå Belgia, Luxembourg og Nederland. Domstolen Kontrollerande organ. Vert oppnemnd av regjeringane etter felles avtale. 7 medlemmer. Europa-parlamentet Parlamentarisk organ. Vert oppnemnt av parlamenta i dei einskilde landa. Tyskland, Frankrike og Italia har 36 representantar kvar, Belgia og Nederland 14 representantar kvar, Luxembourg 6 representantar.

Utanriksdepartementet har etter oppdrag frå Regjeringa gitt ut ein serie brosjyrar om aktuelle spørsmål i samband med søknaden om norsk medlemsskap i EF. Utgitt til no: 1. Roma-traktaten blir til 2. Arbeidsmarkedet og fagbevegelsen 3. Politisk samarbeid 4. Fiskeriene 5. EF's organisasjon 6. Sosialpolitikken 7. EF og utviklingslandene 8. Landbruket 9. Økonomisk og pengepolitisk samarbeid 10. Skipsfarten 11. Distriktspolitikken Brosjyrane får ein frå Statens informasjonsteneste, Youngstorget 3 - Oslo-Dep., Oslo 1. Utgitt september 1971 Konsulentar: Statens informasjonsteneste, Statens trykkingskontor Lay-out: Ingolf Holme Trykk: Grøndahl & Søn