Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Like dokumenter
Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

TIL DEG SOM SKAL REISE UT OG FAMILIEN DIN

Til deg som bur i fosterheim år

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Om å høyre meir enn dei fleste

mmm...med SMAK på timeplanen

Om vestibularisnevritt

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

Team Hareid Trygg Heime

KVINNEKLINIKKEN TIL deg som skal TIL operasjon av skjede/livmor

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Med god informasjon i bagasjen

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Oppsporing og oppfølging av kontakter til pasient med mistenkt eller bekreftet ebolavirussykdom

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI

Informasjon til pasientar og pårørande

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

KVINNEKLINIKKEN OPERASJON I NARKOSE

Informasjon til elevane

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for Rosa september 2014

Med tre spesialitetar i kofferten

Plassebakken Barnehage

IKT-kompetanse for øvingsskular

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

6. trinn. Veke 24 Navn:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Brukarrettleiing. epolitiker


Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune


Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Kva er økologisk matproduksjon?

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Søking til skuleåret

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Gjennomføringsplan for fagprøve MOTORSYKKELFAGET

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

Metodiske verktøy ved kursleiing

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

BPPV/krystallsykje. Behandling med Epleys manøver:

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående?

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Plassebakken Barnehage

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Samhandling i praksis

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Rutiner for kartlegging og oppfølging av asylsøkere som kommer fra land med utbrudd av ebolasykdom

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Transkript:

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien din. Sjølv om ikkje alt som står her vil vere aktuelt for deg, er det viktig å vite om tips og tilbod som er tilgjengelege for deg og dine. Du kan til ei kvar tid kontakte oss dersom du har spørsmål. Etter opphald i Sierra Leone blir helsepersonell samla til ei oppsummering for heile teamet. Overgangen frå livet i leiren, til å komme heim er ofte stor. Det er derfor viktig med eit slikt mellomopphald slik at du får mogelegheita til å senke skuldrene litt før du kjem heim. Kontakt 24 timar i døgnet: TLF. 482 41 744 Tema for samlinga blir: Oppsummering for heile teamet Medisinsk sjekk ved behov Drøfting av mogelege kvalitetsforbetringar i prosjektet Gjennomgang av rutinar i forhold til mogeleg ebola-smitte og risikovurdering Gjennomgang av rutinar i forhold til media Individuell samtale med psykolog eller sjukehusprest Vidare oppfølging hos psykolog ved behov Foto: Colourbox

KORLEIS KAN HELSEPERSONELL BLI SMITTA AV EBOLA? Ebola kan smitte dersom ein får infiserte kroppsvæsker på slimhinner, til dømes nase, auge eller munn. Ebola smittar ikkje gjennom luft. Norsk helsepersonell som er på oppdrag i Vest-Afrika, har fått grundig opplæring i forholdsreglar mot smitte. I utgangspunktet er det lite sannsynleg at helsepersonell blir smitta av ebola dersom dei arbeider med nødvendig verneutstyr, og har gode rutinar for smittevern. I dei tilfella der helsepersonell er blitt smitta under opphald i Vest-Afrika, har tiltaka for smittevern ikkje vore gode nok. symptom som har arbeidd med, eller på annan måte vore i kontakt med pasientar, som er sjuke av ebola-viruset. Alle som har vore i område ramma av ebola og/eller har vore i kontakt med pasientar sjuke av ebola eller deira kroppsvæsker, og utviklar symptom som samsvarar med ebola, skal vurderast telefonisk for innlegging på isolatavdeling i sjukehus. Dei skal ikkje oppsøke legekontor eller legevakt, men ringe lege eller AMK 113 og avtale vidare handtering. Ebola smittar ikkje før pasienten blir sjuk. Teikn på ebola-sjukdom er feber og eventuelt andre symptom som slapphet, hovudpine, smerter i musklar og ledd, vondt i magen, diaré og oppkast. Det er derfor ikkje nødvendig å isolere personar utan Foto: Magnus Endal

Foto: Colourbox DEI TRE FØRSTE VEKENE HEIME Helsepersonell som kjem heim frå Vest-Afrika skal følgje med på eiga helse i 21 dagar etter heimkomst, ved mellom anna måling av temperatur morgon og kveld. Dersom du ikkje føler deg vel, om du føler at du er i ferd med å utvikle feber, eller eventuelt andre symptom som slapphet, hovudpine, smerter i musklar og ledd, vondt i magen, oppkast og diaré, gå heim dersom du ikkje allereie er der, og sjekk temperaturen din. Er temperaturen over 37,5 C, ring vår vakttelefon 482 41 744. Her vil du bli set i kontakt med infeksjonsmedisinsk ansvarleg. Det vil då bli vurdert behov for vidare undersøkingar, og nødvendige testar vil eventuelt bli utført på sjukehus. Dersom ein slik situasjon skulle oppstå, er det viktig å behalde roen; det er framleis lav risiko for at du har utvikla ebola, og større sjanse for noko anna som er årsaka. Det er likevel sjølvsagt viktig å gjere testar for å utelukke ebola, og finne ut årsaka til kvifor du er sjuk. Helsepersonell som ikkje har feber eller føler seg sjuke er ikkje smittefarlege, og kan leve som normalt. Ingen blir isolerte eller sett i karantene med mindre dei har symptom. Vi rådar helsepersonellet til å ikkje møte andre som er sjuke, ettersom han/ho kan bli smitta av andre sin sjukdom. Ein må i dei første 21 dagane etter at ein forlate Sierra Leone vurdere sjansane for at eventuell sjukdom kan vere ebola, og det er derfor ein fordel å halde seg frisk. Sentralisert behandling Høgsikkerheitsisolat ved Oslo universitetssykehus, Ullevål, er førsteval for innlegging av ein pasient med ebola. FOR DEG SOM ER HEIME Når helsepersonell kjem heim kan det vere mange kjensler i sving, både hos ein sjølv og hos venner og familie. Vedkommande kan vere sliten, og trenge ro og kvile. Det er naturleg å vere engsteleg for å få symptom på sjukdom. Redsla for å vere smitta av ebola er for mange langt større enn det er grunn til, og den skuldast i stor grad redsla for å smitte dei som står nærast. Både dei som er komne heim, og dei som står nærast, bør snakke om slik uro og redsle, slik at kjenslene kan bli behandla så godt som råd. Overdriven handvask, avstand frå nærleik, og ikkje minst tendensar til hypokondri vil vere ein del av tilværet for mange dei første tre vekene etter heimkomst. Forsøk å forstå og bidra til rasjonell tenking og handling. Ha låg terskel for å kontakte oppfølgingstenesta ved uro og spørsmål. Det er ikkje farleg å vere saman med hjelpearbeidaren dersom han/ho ikkje er sjuk, og det er heller ikkje farleg å klemme, kysse, dele seng og så vidare - sjølv ikkje dei første tre vekene.

TIPS VED HEIMKOMST Til ektefelle/partnar Ofte er begge slitne, etter fleire veker med utfordringar på kvar sin kant. Snakk saman i forkant, og planlegg kor mykje aktivitet de vil prioritere den første tida. Du som er heime har fått god erfaring i å administrere heimen aleine. Det er viktig å kommunisere endringane som er gjort, og ikkje ta for gitt at den som kjem heim er einig i alt. Til deg med barn Barn har behov for å bli sett og høyrt. Dei treng ofte merksemd frå deg når du kjem heim. Det kan vere lurt å tenkje igjennom kva for opplevingar du har lyst til å dele med ungane frå perioden i Sierra Leone. Barn har små føresetnader for å kunne forstå alvorleg sjukdom, og kan derfor bli skremde når dei får høyre om det. Til foreldre Helsepersonellet kjem heim med mange opplevingar og erfaringar, og er som regel veldig stolte over det dei har vore med på. Det er derfor fint om du tar deg tid til å lytte til dei erfaringane som sonen din eller dottera di har hatt. Hugs at du som forelder alltid kan ta kontakt med oss på tlf. 482 41 744.

VIL DU TREKKE DEG? Dersom du som helsepersonell finn ut at du ikkje ønskjer å vere ein del av oppdraget lenger må du ta kontakt med rekrutteringsansvarleg Wibeke Krokås. Ho vil hjelpe deg vidare. Mobil: 95 87 55 71 E-post: wibeke.krokaas@helse-bergen.no MEIR INFORMASJON OM EBOLA Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har utarbeidd informasjon som kan være nyttig å kjenne til: Generell informasjon på www.helsenorge.no //helsenorge.no/sykdom/infeksjon-og-betennelse/ebola Nasjonal handlingsplan mot ebola på Helsedirektoratet.no //helsedirektoratet.no/om/hoyringar/sider/nasjonal-handlingsplan-mot-ebola Ikkje nøl med å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål. Vi lyttar og ønskjer å hjelpe deg.

Takk for innsatsen og ha ein god kvileperiode! Nr. 202 4298. Kommunikasjonsavdelinga HUS 2015