SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Sirikit Bakke Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 13/688 Utvida grense for eigedomsskatt Val av takseringsprinsipp Vedlegg: Bakgrunn: Eigedomsskattelova av 06.06.1975 nr 29 Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Kommunestyret vedtok i møte 5. desember 2013 at det skal innførast eigedomsskatt i heile kommunen frå og med skatteåret 2016. Kommunen utsette avgjersla om å ta stilling til kva takseringsalternativ ein skal nytta, ordinær taksering eller taksering etter formuegrunnlag til ein får betre kjennskap til konsekvensane av dette alternativet. Generelt om taksering: I fylgje eigedomsskattelova er det kommunestyret som fastset kva satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatt. Vedtak om eigedomsskatt er ein del av budsjetthandsaminga til kommunen og skal normalt gjerast før skatteåret. Kommunestyret tek kvart år stilling til bruk av botnfrådrag ved berekning av eigedomsskatt. Botnfrådrag påverkar ikkje takseringsarbeidet. Skattegrunnlag Utgangspunktet for den enkelte eigedomsskatt er ei taksering av eigedommen, der både tomt, bygningar og faste anlegg og installasjonar inngår i takstgrunnlaget. Dette skal gjerast i nært samarbeid med eigar, som kan være tilstades under synfaringa og som vert invitert til å komme med korrigeringar av evt. feil og manglar knytt til faktaopplysningar om eigedommen. Med heimel i lova skal den nye taksten leggjast til grunn i minst 10 år. Skattetakstnemnd Det er skattetakstnemnda som er ansvarleg for takseringa. Klager på eigedomsskatt vert handsama av skattetakstnemnda og blir avgjort av anketakstnemnd. Nemnda har tre medlemmer og er oppnemnt av kommunestyret. Sjablongverdiar
På grunnlag av faktainformasjon og vurderingar som er henta inn (omsetningstal, husleigenivå og gjenanskaffelessum), fastset skattetakstnemnda og såkalla sjablongverdiar for dei ulike eigedommane (prisar pr. kvm). Desse verdiane kan for eksempel inkludere etasjefaktorar for hovudetasje(r), underetasje, kjellar og loft, samt sonefaktorar innan kommunen etter ei analyse av verdiutviklinga på tomter og bygningar. For at loftsarealet skal tas med i berekninga, må det være minst 190 cm høgde i ei breidd på min. 60 cm. Same takhøgd gjelde og for kjellar. Andre faktorar Eigedomsskatten skal spegla eigedommen sin verdi. For å sikre mest mogeleg lik handsaming i berekning av eigedomsskatten, skal det leggast vekt på tilhøva rundt eigedommen (støy/forureining, utsikt, tilkomst m.m.), dei såkalla ytre faktorar, og tilhøve på sjølve eigedommen (plassering, tilkomst, alder, vedlikehald), dei såkalla indre faktorar. Skattesats Etter lova skal eigedomsskatten være minst kr. 2 og ikkje meir enn kr. 7 for kvar 1.000 av takstverdien, altså mellom 2 og 7 av taksten. Skattebeløpet Endeleg skattebeløp kjem fram ved å ta samla takseringsverdi (summen av utrekna tomteverdi + verdi av bygningane sitt bruksareal, multiplisert med dei ulike faktorane på plassen, fråtrekk frå evt. botnfrådrag og denne sluttsummen multiplisert med aktuell skattesats. Skattesetel Før eigedomsskatten blir fakturert, blir det sendt ut ein skattesedel med opplysningar om skattegrunnlag og utlikna eigedomsskatt, samt reglar for klagehandsaming. Fritak Fritak for eigedomsskatt er heimla i eigedomsskattelova 5 og etter 7 kan kommunestyret frita visse typar eigedomar i samband med budsjettet. Formannskapet kan i særskilte tilfelle, etter søknad gi fritak, jamfør 28. Alternativ til eigen taksering av bustadeigedomar Stortinget har opna for at kommunar som ynskjer det frå 2014 kan nytta formuegrunnlaget for bustadeigendomar som utgangspunkt for utskriving av eigedomsskatt på denne eigedomstypen. Dette som eit alternativ til kommunal taksering. Grunngjevinga for dette er at denne alternative metoden vil innebera ein meir effektiv utnytting av tilgjengeleg offentleg informasjon som er samla inn for formueskatteformål og bidreg til å redusera kostnadane knytt til taksering av bustad. Den alternative metoden for fastsetjing av takst gjeld berre for bustadar. Andre skattepliktige eigedomar må takserast og synfarast på vanleg måte. Omgrep:
Marknadsverdi er dei verdiane som bustader har i marknaden. Formuegrunnlaget tek sikte på å gje uttrykk for eigedommen sin antatte marknadsverdi på verdsettingstidspunktet. Likningsverdi og formueverdi er nemning for det same. Likningsverdi/formueverdi er ein kalkulert verdi med utgangspunkt i formuegrunnlaget (marknadsverdien). Likningsverdi/formueverdi skal som utgangspunkt ikkje nyttast for eigedomsskatteformål, den skal berre nyttast ved berekning av formue overfor skattemyndigheitene ved likning. Lovgrunnlag for verdifastsetjing. Eigedomsskattelova seier at eigedomsskattetakstar skal spegla antatt omsetningsverdi ved fritt sal og skal være hovudregelen for fastsetting av skattegrunnlaget; 8 A 2. Med verknad frå 2014 kan kommunen nytte ein alternativ metode for fastsetjing av takst på bustadeigendom; 8 C 1. Det er kommunestyret som avgjer om eigedomsskatten for bustader skal byggja på verdi/takst som blir satt på eigedommen ved likning året før skatteåret. Kommunale takseringskostnader. Å taksera eigedomar for eigedomskatteformål er ressurskrevjande og kostnadskrevjande. I samband med lovendringa har departementet vist til at det fins statistikkmateriale som indikerer at takeringskostnader kan utgjera om lag 30% av eigedomsskatteinntektene det første året, men at dette kan variere. Skatteetaten sitt formuegrunnlag. Grunnlaget baserer seg på dei årlege berekna kvadratmetersatsane frå Statistisk Sentralbyrå (SSB), der det blir teke omsyn til bustadtype, opprinneleg byggjeår, bustadareal p- rom, bustaden si geografiske plassering og marknadsprisar i det enkelte område. Garasjeareal, uinnreia loft- og kjellarrom, bod og andre oppbevaringsrom tek ein ikkje med i berekninga av bustaden sitt areal etter denne metoden (kun P-rom). Eigenskapar ved bustadeigendomen som utsikt, tomtestorleik, etasjar, innvendig standard mv. tek ein ikkje med i vurderinga. Ein del av dei individuelle variasjonane i bustaden sin marknadsverdi vil følgjeleg ikkje fangast opp av det nye verdisettingsystemet. Der kommunal taksering av bustader for eigedomsskatteføremål blir gjennomført ved bruk av detaljerte grunnlag frå matrikkelen, og taksering skjer ved bruk av ulike sjablongar utarbeida på grunnlag av kunnskap om prisar for omsett eigedom og synfaring, er det rimeleg å anta at takstane generelt vil kunne være meir treffsikre enn takstar fastsette av likningsstyremaktene. Formuegrunnlaget skal likevel gjennomgåande gi eit godt anslag på verdien av bustadeigendomar. Departementet har presisert i lovarbeidet at det ikkje er høve for kommunane å justere formuegrunnlaget på bustader på grunn av lokale forhold. Berekningsmodel for fastsetjing av eigedomsskattetakst på bustader. Verdien tek utgangspunkt i formuegrunnlaget. Formuegrunnlaget er likningsverdi/formueverdi multiplisert med 4 for primærbustad og 2,5 for sekundærbustad (2,0 frå 2015). Kommunen må nyttegjera formuegrunnlaget når eigedomsskatten skal skrivast ut på bustader etter det nye takseringsalternativet. I og med at formuegrunnlaget gjev uttrykk for bustaden sin berekna marknadsverdi, vil kommunen i all hovudsak sleppa å skilje mellom kva bustader som er primærbustad og sekundærbustad. Obligatorisk reduksjonsfaktor. For at eigedomsskatt ikkje skal kunna skrivast ut på verdiar som overstig marknadsverdi, har departementet fastsett at kommunane skal bruka ein obligatorisk reduksjonsfaktor for
bustader som får verdisetjing etter den nye metoden. Formuegrunnlaget, som tilsvarer antatt marknadsverdi, skal nedjusterast for alle bustader. Reduksjonen blir lik for alle bustader: frå og med skatteåret 2015 er denne sett til 0,80. Klage. Klage når skatten skal skrivast ut på bustader etter det nye alternativet med bruk av formuegrunnlaget. Kommunen er ikkje part ved likninga. Kommunen ved formannskapet har dermed ikkje klagerett slik bustadeigar har. Dette i motsetning til når takstane er fastsett av kommunen si takstnemnd. Bustader kan få sett ned formueverdien dersom dei kan dokumentera at formueverdien utgjer meir enn 30 % av marknadsverdien for primærbustader og 72% for sekundærbustader. Slike saker skal rettast til og avgjerast av skatteetaten. Takstnemnda eller klagenemnda i kommunen har ikkje lov til å endra formuegrunnlaget som eigedomsskatten blir skriven ut på. Andre klager knytt til utskriving av eigedomsskatt, som for eksempel bruk av differensierte skattesatsar, tilordning av botnfrådrag mv. må skatteytar fortsatt retta til kommunen. Bustadeigar må også fortsatt rette søknader om nedsetjing og ettergjeving av eigedomsskatt til kommunen. Klagefristane blir ikkje påverka av kva for takseringsmetode som er brukt. Frå og med 2013 gjeld forvaltningslova sine sakshandsamingsreglar også for eigedomsskatteområdet. Endring av takseringsmetode og avvikande takstnivå mellom bustader og andre eigendomar. Formuegrunnlaget som kan nyttast til utskriving av eigedomsskatt på bustader, blir justert årleg ; i motsetnad til dei takstane som kommunen sjølv fastset. Kommunen sine eigedomsskattetakstar basert på ordinær taksering skal som hovudregel stå fast i ti år. Årleg justering for bustader vil dermed kunne gi variasjon i eigedomsskattetakstane frå år til år. Med ordinær prisutvikling vil bustader over tid kunne få høvesvis høgare takstar enn anna eigedom. I lovproposisjonen skriv Finansdepartementet om dette: «dersom det oppstår store forskjeller mellom formuesgrunnlaget for boliger og annen eigedom i takseringsperioden, som følgje av generell prisstigning eller prisnedgang, kan kommunen gjennomføre ny alminneleg taksering som følgje av «særegne forhold».» Takstnivået for eigedom står fast normalt i ti år, men ikkje for bustader ved bruk av formuegrunnlag basert på likningsverdi. Når avvik i takstnivå mot andre eigedomar blir stor, kan kommunestyret vedta ny alminneleg taksering. Dette vil kunne sikre at likskapsprinsippet i eigedomsskattelova vert tilfredsstilt. Omsynet til skatteytar tilseier at kommunen bør unngå stadige endringar i metoden for fastsetjing av takst på bustader, bruk av takst og bruk av formuegrunnlag. VURDERING Det vil være ei rekkje utfordringar kommunen må handtera for å få sett rett verdi på alle skattepliktige eigedomar, m.a. matrikkelregistrering, praktiske takseringmessige og datamessige utfordringar. Dette må administrasjonen og takstnemnda løyse. Bruk av formuegrunnlag som alternativ til takst for bustadeigendommar representerer og nokre nye utfordringar, og det fins spørsmål som endå ikkje er svara på. I valet mellom å bruka vanleg taksering eller formuegrunnlag med data frå skatteeininga, kan det nemnast nokre utfordringar: Våningshus og fritidsbustader må synfarast og takserast på vanleg måte Nokre bustader og fritidsbustader har forskjellig registrering i kommunen og i skatteetaten Endring på bustadeigendomar må rapporterast både til skatteetaten og til kommunen Det finnes kombinasjonsbygningar med både næringsdel og bustaddel
Matrikkelen nyttar bruksareal, medan skatteetaten nyttar primærareal Kommunestyret har valt å utvide eigedomsskatten til å gjelde heile kommunen på bakgrunn av dårleg kommuneøkonomi. Når ein likevel skal føreta taksering av ein del nye eigedommar, i tillegg til at ein skal ivareta prinsippet om lik handsaming, vil det vere naturleg å føreta ny allmenn taksering i heile kommunen. For bustader er det frå og med 2014 høve til å bruka skatteetaten sine opplysningar om bustader som grunnlag for fastsetting. Erfaringstal tilseier at ei innsparing vil være ca 150.000 for om lag 380 bustader i vår kommune. Det er ein klar fordel å kunna nytta skatteetaten sitt formuegrunnlag; dette bidreg til å skaffe grunnlag for eigedomsskatt på bustader på ein rasjonell måte. Kommunen sparer kostnader ved å sleppe å synfare og fastsette takst. Då formuegrunnlaget er skatteetaten sitt ansvar og produkt, vil arbeidet med klagehandsaming kunne bli noko mindre i kommunen, då skatteytar må rette klage (på likninga) til skatteetaten. Ulempe ved denne metoden vil kunne være at takst på eigendomen ikkje i stor nok grad tek omsyn til lokale forhold ved den enkelte eigedom. Skatteetaten si formuesverdsetting byggjer på relativt grove sjablongar som i liten grad tek omsyn til individuelle forhold ved den enkelte eigedom. Ved kommunal taksering brukar ein og sjablongar, men slike sjablongane vil - om nødvendig bli korrigert ved den obligatoriske synfaringa av eigedomen. Ved sjekk på nokre få eigedomar som vi i dag har eigedomsskatt på, ser ein at taksten er vesentleg høgare ved bruk av formuegrunnlag enn ved ordinær taksering: Ordinær taksering 2011 Formuegrunnlag med reduksjonsfaktor 0,80 (tal frå 2012 likninga) Kr. 940.620 Kr. 1.581.807 Kr. 827.020 kr. 1.524.349 Kr. 465.380 kr. 1.065.321 Rådmannen si tilråding Ved utlikning av eigedomsskatt vel Balestrand kommune å bruke skatteetaten sitt formuegrunnlag som grunnlag for eigedomsskatt på bustader. I samband med innføring av eigedomsskatt i heile kommune skal det gjennomførast ny allmenn taksering på alle eigedommar.