Marihøno Oktober har vore ein fantastisk månad. Været har absolutt vore på vår side, og hausten har verkeleg fått vist seg i all sin prakt. Haustdronninga har nok hatt eit godt år får me tru Me har halde fram med relasjonsgruppene våre, og me har hatt ekstra fokus på konstruksjonsleiken denne månaden. Barna har bygd, rive ned og nytta mange og ulike material både ute og inne. Me har vore mykje på tur, både i relasjonsgruppene, men også heile gruppa, me nyttar dei mogleikane me kan til å komme oss ut på tur. Barna elskar å få vera med på tur, det vert ofte nokre skuffa andlet når det ikkje er «min tur» til å vera med, men for ein FRYD dei gongane det er «min tur»!!!! I tillegg har me arbeidd for å komma i mål med Haustfesten. Me valde å la barna få utfalda seg i relasjonsgrupper i år, og alle produkta som skulle seljast til haustfesten vart laga av barna sjølve. Dei likar godt å prøve ut ulike material og teknikkar sjølv om nokon framleis treng litt lenger tid enn andre nokre gongar på å verta trygg i møte med nye material. Me har og gjennomført foreldresamtalar denne månaden, og har fått to nye barn på gruppa vår; VELKOMEN TIL LARS OG MUSTAFA!! I november vil me ha ekstra fokus på språkleiken. Minnar om at det no er tid for å sikre at barna har gode og varme klede og sko til kalde dagar! Helsing Kjersti, Veronica, Bjørg, Elin, Taan, Sigbjørn og Else Jorunn
Til haustfesten ville me plukke bjørnebær, men jammen var dei komen lenger enn me hadde tenkt Men dei var så gode å ete!! Matlaging på bål er spanande, og som oftast smakar det godt. Det tar på å vera ute i frisk luft ein heil dag. Ein god kvil gjer susen!!
Me har funne ei korg med naturmaterial og haustfargar! Naturleikeplassen er gøy! Her er det laga mange spanande leikeapparat som utfordrar motorikken og skjerpar sansane våre. Her får me bruke heile oss!! Når du har vore i mykje aktivitet og hatt ein liten kvil så gjer det seg med litt god mat.
Leika gøymsle i skogen er kjempekjekt!!! Samle naturmaterial ATV Pause bak Geitramsen Ei hjelpande hand Traktor!!
Heildagstur til Parken (Museums-parken) Meir gjøymsleleik Fin utsiktspost mot sjøen
Me elskar tur! Her er me på tur for å samle inn pinnar som me skal leika med. Då fekk me høve til å prøve oss litt med saga og. Det var morosamt og litt vanskeleg. SKOGSARBEID Greitt med god hjelp og rettleiing. Velfortent pause etter godt skogsarbeid
Konstruksjonsleiken i fokus!! Konstruksjonleik = eksperimentering med gjenstandar og bygging med ulike material. Leiken er typisk for barn i alderen 2-6 år Når barna bygger forheld dei seg til ulike erfaringar og opplevingar av omverda si samstundes som dei gjer seg mange nye. Konstruksjonsleiken handlar blant anna om skapande aktivitet, estetikk, geometri, matematikk, språk, empati og om korleis ein skal forholda seg til kvarandre. Det handlar om deltaking, samarbeid og relasjonsbygging. Barna lærer gjennom å prøve ut, undersøke, oppleve og trekke sine eigne konklusjonar.
Teste ut Bygge Rive Rund Trekant Stor og liten Firkanta
Fot- og handtrykk av alle barna på gardiner = venskapsgardiner To jenter som har funne seg ei vogn dei kunne leika med Me øvar oss på sykkel! Me gjer nye oppdagingar
Me arbeidar mot haustfesten: Medan nokon pyntar ute er andre inne og bakar Ei gruppe mala med oppvaskekost og laga flotte haust-tre Ei gruppe laga troll av naturmaterial. Det skal seiast at Bukkene Bruse har vore sterkt framme i samlingsstundene den siste tida.
Det var ein gong tre bukkar som skulle til seters og gjera seg feite, og alle tre så heitte dei Bukken Bruse. På veien var det ei bru over en foss, som dei skulle over, og under den brua budde eit stort, fælt troll, med augo som tinntallerkenar, og nase så lang som eit riveskaft I fredagssamlingane våre har Bukkene Bruse vorte fortalt og dramatisert på mange og varierte måtar. Det har blitt fortalt utan ord men med lyd og kroppsspråk. Det har blitt fortalt ved hjelp av konkretar Det har blitt fortalt gjennom dramatisering av dei vaksne. Utanom dette vert det også attfortalt av barna sjølv i leik, og gjerne framføre bildeveggen vår der bukkane og trollet er. Det er like spanande kvar gong, og det er ekstra kjekt når ein kjenner det att
NOKRE AV SONGANE ME HAR SUNGE MYKJE DENNE MÅNADEN En pinnsvinfamilie på fem En pinnsvinfamilie på fem, skulle ut og finne seg et hjem. Det var pinnsvinfar, og det var pinnsvinmor, og det var Pia, og Putt og Pelle. Til middag spiste de en mark, to snegler og en kakkerlakk KRAFS, KRAFS Det var pinnsvinfar, og det var pinnsvinmor, og det var Pia, og Putt og Pelle. Høst (mel: Fader Jakob) Høsten kommer, adjø da sommer. Takk for sol, takk for lys. Hør nå tuter vinden, stryker deg om kinnen. Det er høst, det er høst. Med krøllet hale Med krøllet hale og nesevis, i bingen springer en gris. I søla den ruller seg rundt, og tramper med alle de fire små bena i maten sin. Du store min, å fysj fysj a meg for en gris du er. Lille kattepus Lille kattepus, hvor har du vært? Jeg har vært hos mammaen min. Lille kattepus, hva gjorde du der? Jeg stjal melk fra mammaen min. Lille kattepus, hva fikk du da? Jeg fikk ris på halen min. Lille kattepus, hva sa du da? Mjau, mjau, halen min. Når klokka i skogen slår tolv da kommer de renslige troll med bøtter og koster og spann og synger så rent som de kan; Tørke støv, tørke støv, tørke støv av busker og blomster og løv Tørke støv, tørke støv, tørke støv av busker og blomster og løv En blomst kan jo også bli pen hvis den er gjort ordentlig ren En humle med støvete ben fikk vi fanget og så tørket ren Tørke støv, tørke støv, tørke støv av blomster og knopper og løv tørke støv, tørke støv, tørke støv av blomster og knopper og løv