MØTEBOK SAMNANGER SOKNERÅD /KYRKJESTYRE Onsdag 31. aug. 2016 Desse møtte: Frå soknerådet: Varamedlem u. stemmerett: Kommunal representant: Skrivar: Forfall: Tilsette: Leiar Hilde Aarvik, nestleiar Anlaug Røen Hauge, Anne- Kjersti Steinsvoll, Inger Odland, Jostein Loe, Åshild Aa. Haga og sokneprest David Vogel Ingen Ingen Kyrkjeverje Britt Haukanes Alfred Bruvik Kristi Mjelstad og Anne Tandstad Møtestad/tid: Haga kyrkje kl.18.00 21.40 Samtale med utgangspunkt i handboka, kap. 6: Soknet som arbeidsgiver s. 87 til 103 Trusopplæringsarbeidet Orientering, samtale og spørsmål Sakliste Sak 36/16 KS Sak 37/16 KS Sak 38/16 SR Sak 39/16 SR GODKJENNING AV INNKALLING OG MØTEBOK MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER NY UNGDOMSARBEIDAR STILLINGSSTORLEIK OG STILLINGSOMTALE GRATIS FØLGJE FOR FUNKSJONSHEMMA TIL ARR. I KYRKJENE Sak 40/16 SR KYRKJELYDSPLANLEGGING HAUSTEN 2016 Sak 41/16 SR KYRKJELYDSPLANLEGGING VÅREN 2017 Utsett
Trusopplæringsarbeidet Dei tilsette trusopplærings-medarbeidarane var inviterte til møte. Orientering om trusopplæringsarbeidet samtale og spørsmål. I år har for første gong alle konfirmantane gått på Kompis tidlegare. Spanande å sjå kva verknad det vil ha for konfirmantarbeidet. På kompis er det til no 14 påmelde, ein stor del av dei gjekk også i fjor. Nye kjem sikkert til når det nærmar seg oppstart. I fjor var det 20, og 42 året før. Trufaste frivillige medarbeidarar, tiltaket fungerer fint. (Ved oppstart over 45 frammøtte) Det er vanskeleg med frammøte på 6-årsboka: berre 8 av 22 møtte. Nytt i haust er hausttakkefest den 25. sept. der 9-åringane er særskild inviterte. Det vert også utdeling av Manga Messias til 10-åringane denne dagen. Vennefesten i oktober hadde me første gong i fjor. Den var godt besøkt, og svært vellukka. Kjekt for både deltakarar og leiarar. Lys Våken i november, har me i år ikkje lenger på 1. søndag i advent. Denne helga er full av tradisjonar for mange, og i fjor vart det avlyst grunna for få påmelde. I år vert det ei helg i november, med gudsteneste kl. 11 dagen etter. Reunion kjem til å verta sett i verk for første gong i haust. Tor Vilhelm Tysseland har arbeidd med dette tiltaket. Saknar: fleire vaksne medhjelparar, særleg til tiltak med overnatting. Framlegg til forbetringar: Leggja ut liste med datoar for tiltak, der folk kan melda seg på som medhjelparar. T.d. etter gudstenester. Unge medhjelparar treng nokon med seg med fokus på dei, - organisering og oppfølging. Noko for evt. ny ungdomsarbeidar. Kan konfirmantane ha ei praktisk oppgåve kvar i løpet av året? I opplegget for neste år? Kan me kutta fredagsklubben og heller ha ungdomsarbeidar med på tysdagane og vera miljøskapar? I tillegg laga nokre større arrangement i året, der også andre ungdomar enn konfirmantane er inviterte. Kan me av og til ha fellesarrangement for ungdomar, saman med Fusa? Sak 36/16 KS GODKJENNING AV INNKALLING OG MØTEBOK Etter innkallinga var sendt ut, fekk me beskjed om at søkjaren vår til ungdomsarbeidaren trakte seg. Sak 38 må difor endrast. Me treng bestemma kva stillingsstorleik me skal søkja etter, og om innhaldet i stillingsomtalen (instruksen) skal endrast. Vedlegg: Møtebok for 2. juni og administrasjonsutvalet 2. juli. Vedtak: Møtebok for 2. juni og administrasjonsutvalet 2. juli, er endeleg godkjende. Innkalling til møtet 31. aug er godkjend med endring av sak 38 om ungdomsarbeidar frå «tilsetjing av ungdomsarbeidar» til «ny ungdomsarbeidar stillingsstorleik og stillingsomtale».
Sak 37/16 KS MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER Det er no eit år sidan David Vogel tok til i jobben i Samnanger. Han har funne seg til rette her, og har søkt om å få kjøpa prestebustaden. Alle prestane i Bjørgvin reiser på studietur til Wittenberg i høve Lutherjubileet. David Vogel reiser i veke 36. Han er attende til fredag og vil ta del på gudsteneste og konfirmantleir, men i veke 37 vil han ha studiepermisjon. (Det sjelesorg-studiet han tok til med då han var i Rissa, og fekk lov å halda fram med her.) Det vil også vera kursveke i veke 41 og permisjon i veke 11 i 2017, som siste del av dette studiet. Det er kjøpt inn prøvesett av «Biblio», Lego med Bibeltema, til trusopplæringa. Handlingsliste Vedlegg 37 A Handlingsliste Postjournal Utsett til neste møte. Sjå under Det er vanskar med å få ting til å gå opp på kontoret, når sekretæren no berre jobbar to dagar i veka. Starten om hausten er travel for sekretæren, og ho kunne tidlegare ta timar frå reinhald grunna få arrangement, og gjera det omvendt seinare på hausten. Både prest og kyrkjeverje må no gjera meir sekretærarbeid for at ting skal koma på plass i tide. Kva med Samnanger sokn når Fusa sokn går saman med Os? Fusa vert truleg flytta til Fana prosti, når dei går saman i kommune med Os. Om ikkje Samnanger også skal gå til Fana, vil det gjera at vår prest må samarbeida med andre nabokommunar. Sidan kommunesamanslåings-løpet ikkje er endeleg lagd enno, er det viktig at me ber bispedømet om ikkje å leggja nye prostistrukturar før me veit korleis det endelege kommunekartet ser ut. Det vil verta svært vanskeleg for oss om me må byta samarbeidspartnarar fleire gonger på kort tid. Særleg vil det vera dårleg personalpolitikk for presten som skal få nye kyrkjestabar og nye liturgiar å forhalda seg til, når me nett har kome i gang med samarbeid med Fusa. Men også for kyrkjeverjesamarbeid, og samarbeid i trusopplæringa vil det verta eit problem. Det vert eit møte den 13. sept. med bispedømekontoret, kyrkjeverjene og rådsleiarane i Hardanger/ Voss prosti. Vedlikehald på Ådland kyrkje. Det er sett opp nytt mønebeslag på kyrkja, fjerna mose på taket og vaska veggane. Tetningsmassen som er nytta der taka møter einannan på tårnet og sideskipa, er tetta med mørtel som er laus og til dels dotte ut. Det er fare for skader når store steinklumpar kjem ramlande frå høge tak. Dette må gjerast straks, og firmaet «Klyvar» som hadde jobben, kjem att og legg mørtel med stålspon, i september. Når ein då skal reparera taket på bårehuset, kjem det ikkje til å vera vedlikehaldsmidlar til andre store vedlikehaldsprosjekt ved kyrkjene i 2016. Godleiksentral møte med Eva Hellevang. Soknerådsleiaren og kyrkjeverja hadde møte med Eva Hellevang om å starta godleiksentral. Det vert sendt invitasjonar ut til frivillige lag og organisasjonar om å vera med å tilby hjelp. Det skal lysast i Samningen og haldast eit oppstarts- møte 26. september i kyrkja på Haga. Sak 38/16 SR NY UNGDOMSARBEIDAR STILLINGSSTORLEIK OG STILLINGSOMTALE 19. juli sa Niels Petur Fagraberg opp stillinga si som ungdomsarbeidar, eit halvt år etter at han var tilsett. Han har fått tilbod om jobb og utvida ansvar på Veien Bibelskole, der han har vore tilknytt, og tykte det var vanskeleg å kombinera dette med jobben i Samnanger. Dette var etter det siste soknerådsmøtet før ferien. Arbeidsutvalet vurderte det til å vera ei hastesak, og lyste ut stillinga som for eit halvt år sidan, men med formuleringa «frå 20 til 30% stilling». (Sist 20%) Dette med bakgrunn i at det kunne vera ynskjeleg å ha ei 30% stilling, men at soknerådet ikkje hadde uttalt seg i saka og at utgiftene varier med lønsansiennitet. Sjølv om det er tre månads oppseiing, er det ynskjeleg å ha med seg ein ny medarbeidar frå hausten av. (1. sept.) og ein fordel for Niels Petur om han kan slutta då.
Me fekk to søkjarar til stillinga, men fann berre den eine relevant for oss. Søkjaren vart kalla inn til intervju måndag 29.8 og takka ja til dette. Ho trekte seg likevel då ho hadde fått ein annan jobb. No er spørsmåla: Korleis skal me søkja på nytt? Me har lagt ut mange tusen kroner på lysingar i Samningen, Os-og Fusaposten, Bygdanytt og Hardanger folkeblad. Skal me no ut med lysingar på nytt i avisene, eller skal me prøva andre kanalar? Kor stor skal stillinga vera? Med ei 20% stilling og 10 års ansiennitet på den tilsette, er me avhengige av rundt 20 tusen kroner i innsamla midlar i året (auksjon el. likn), om me ikkje skal skjera ned på andre postar. Ei 30% stilling vil gje ei auke på om lag 50 tusen i året. Men i år vart det samla inn underkant av 50 tusen, og me har 98 tusen på fond til trusopplæring. Kva innhald skal stillinga ha? I sak 37 vart det peika på at ein kanskje heller bør satsa på å byggja relasjonar om tysdagane enn å bruka ressursane på ein eigen klubb om fredagane. I tillegg treng ein folk til leirar og trusopplæringsdagar. Vedtak: Stillinga som ungdomsarbeidar skal lysast ut som 20 30% stilling slik at han kan tilpassast lønsutgiftene og arbeidsoppgåvene for den som vert tilsett. Det skal lysast i Samningen og hengjast opp plakatar på NLA, i Norkirken og på ulike bibelskular. Me skal også senda plakatar til nabosokna våre. Det vert delegert til arbeidsutvalet å omarbeida instruksen for stillinga, og arbeida med utlysing og tilsetjing. Sak 39/16 SR GRATIS FØLGJE FOR FUNKSJONSHEMMA TIL ARR. I KYRKJENE Fakta Kyrkjerådet har hatt spørsmål om «ledsagerbevis-ordninga» oppe til drøfting etter oppmoding frå ein organisasjon for funksjonshemma. Det dreiar seg om å gje fri tilgang til dei som er med ein funksjonshemma på arrangement med inngangsbillett. Følgjesveinen skal vera utrusta med eit følgjeprov (ledsagerbevis) Kyrkjerådet seier at dette er eit spørsmål alle sokneråd må avgjera lokalt, men oppmodar til å gjera vedtak om fri tilgang for dei med følgjeprov. Vurderingar Dette er ei ordning som me i kyrkja sjølvsagt bør ha. Det som kan vera lurt, er at alle som leiger kyrkja til arrangement vert gjort merksame på ordninga. Det kan vera ein del av avtala som vert gjort ved utlån av kyrkjene. Vedtak Det skal vera fri tilgang til alle kulturarrangement i kyrkja, for dei som er med som hjelpar for ein funksjonshemma. Følgjesveinen skal ha følgjeprov (ledsagerbevis). Dei som lånar kyrkja til arrangement med inngangsbillett, skal verta gjort merksame på at det er ein slik praksis i kyrkjene i Samnanger. Vedtaket var einstemmig og som framlegget.
Sak 40/16 SR KYRKJELYDSPLANLEGGING HAUSTEN 2016 Gudstenesteliste for hausten Vedlegg 40 A Gudstenesteliste Presten sine frihelger: 18. sept. misjonsfest NMS, 16. okt. gudsteneste v. Einar Ekerhovd, 23. okt. i staden for gt. : barnekoret har 40-årsjubileumskonsert saman med Bjarte Leithaug 13. nov. Lovsongskveld m tema. (Hilde Aarvik saman med ei gruppe, har ansvar for desse) Plan for trusopplæring Vedlegg 40 B Årsoversikt Trusopplæring Soknerådet: Denne vart sett på, saman med trusopplærings-medarbeidarane. Soknerådet ber trusopplæringsnemnda om å arbeida vidare med omarbeiding av dei tiltaka som har vore vanskelege å få til. Møte om «Jungs typeindex» 6. okt. for sokneråd og tilsette v. Agenda1, Svein Høysæter. Deltakarane skal på førehand gjera ein test på nett, der dei svarar på ulike spørsmål. Pris for testen: 250 kr. pr. stk. Vedlegg 40C Typeindex utlevert på møte Soknerådet: Soknerådet og tilsette skal få tilbod om å vera med. Dette vert betalt av kyrkjestyret sin kurskonto. Ca.10 frivillige medarbeidarar skal også få tilbod om å vera med. Det vert betalt av soknerådet sin kurskonto. (Evt. m. tilskot frå fond.) Hilde lagar invitasjon med utgangspunkt i vedlegg 40, og kontoret sender ut. Temasamlingar Fokus på disippelskap og misjonal tenking. Agenda1-gruppa har arbeidd med dette, dei skulle leggja fram ein plan til dette møtet iflg. sak 32. Dei har ikkje hatt noko møte enno, så soknerådet får drøfta dette. Datoar 12. sept. og 10. okt. 13. nov. -Lovsongskveld med tema. Soknerådet: Tips til talarar for lovsongskveldane og evt. kroer: Marit Andresen Røen, (David spør) Øystein Kalvenes, John Malvin, Niels Petur Fagraberg. Temakveldar:, Johannes M. Tysse (David spør om 12 sept.), Olav Vikse (Britt spør om 10. okt evt. 12. sept.) Anlaug Røen Hauge, Svein Høysæter. Talarane kan sjølv definera tema innanfor området disippelskap og misjonal tenking. Foreldrekurs oppstart i sept. 3 kveldar før jul. og to etter. Omtale på kyrkjesida og lysing i Samningen. Oppslag på helsestasjon og barnehagar. Korprosjekt med songar av Bjørn Eidsvåg. Øvingar onsdagar i sept. konsert 30. sept. Medarbeidarsamlingar. Me har kyrkjelydshelg i februar, og kyrkjelydsfest i april slik det vert no. Er det ok? Ein haustfest i staden, og årsmøte utan fest i april? Kva med den oppstartssamlinga for alle medarbeidarane i trusopplæringa, som trusopplæringsplanen seier at me skal ha? Tema grenseoverskridande åtferd skal opp på eit slikt møte, har soknerådet sagt. Soknerådet: Me kan ha kyrkjelydshelg i februar og ein haustfest. Årsmøtet vert då utan fest, etter ei gudsteneste i mars/april. Møtet med medarbeidarane kan vera ved oppstart av det nye året, i januar. Hausten er for travel. Torsd. 12. eller fre.13. Me kan spørja Eilif Haaland (David spør), evt. Rasmus Lassen om å snakka om dette temaet. Grenseoverskridande åtferd må også vera tema på konfirmantførebuing. Eilif Haaland kan spørjast om å vera gjest her også.
Smågrupper Soknerådet har vedteke at det skal arbeidast meir med dette innspel? Soknerådet: Det skal setjast notis i Samningen om smågrupper. Det skal også koma som info under gudstenestene. Det skal arbeidast med dette temaet på kyrkjelydshelga i februar. Sak 41/16 SR KYRKJELYDSPLANLEGGING VÅREN 2017 Utsett Kyrkjelydshelg 10. 12. februar Temakveldar 10. jan, 6. febr, 13. mars, 8.mai. (Datoar frå Agenda1-møte) Årsmøte i byrjinga av april. Lutherjubileet. Reformasjonsbussen som køyrer gjennom Europa, kjem til Bergen 4. mars. Det vert eit stort arrangement der 3-7 mars. Sjå vedlegg. Invitasjon for kor til å ta del i Luthernatt, salmesjokk, tårnopplevingar, Luther Flashmob, salmestafett med trøorgel og mykje anna. Presentasjon frå Bispedømet vil verta vist på møtet. Kantor seier at dette er i vinterferien, og at me difor ikkje kan ta del med kor. Han ynskjer heller å laga til eit korprosjekt med Luther-salmar om hausten. Kva meiner soknerådet? 31.10, dagen for Luther sitt oppslag av tesene, vert ein markeringsdag for heile landet. Vedlegg 41 Lutherjubileum