MØTEBOK Organ Møtestad Hovudutval for plan og næring Sygna, Fylkeshuset Møtedato 02.06.2015 Kl. Kl 09:00 14:00 Faste medlemer til stades: Hilmar Høl Ap Jorunn Eide Kirketeig Ap Arve Helle Ap Karen Marie Hjelmeseter Sp Aleksander Øren Heen Sp Bjørn Hollevik H Rita Navarsete Frp Klaus Iversen V Olav Klungre Krf Forfall til møtet: Varamedlemer til stades: Til stades med møte- og talerett: Jan Heggheim/Stig Vattekar Sekretariat for møtet: Oddveig Hove Ingen merknader til innkalling og sakliste. Møtebok frå 09.04., 05.05. og 13.05.2015 vart godkjend utan merknader. Munnleg orientering: Det som skjer ute i Europa og korleis det påvirkar oss John L. Rogne frå Innovasjon Norge Verdiskapingsanalyse for petroleumsnæringa i Sogn og Fjordane -orientering ved Stein Kvalsund og Agnar Strømsøy frå Maritim Foreining Prosjektet Bu i Sunnfjord - orientering ved Anders Espeset og Niclas Jannone Breiband - søknader til Nkom - orientering ved Olav Skarsbø Nærøyfjorden verdsarvpark orientering ved Erling Oppheim og Leif Inge Udredal Orientering om Bis ved Audun Erik Sunde Komande hendingar og informasjonsutveksling
SAK 32/15 Regionale utviklingsmidlar 2015 - fordeling 2 Frå fylkesdirektøren låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkesrådmannen får fullmakt til å nytte restmidlar frå 2014 på kr. 1 070 000 av INU-FSF til tiltak i tråd med reiselivsplan 2010-2025. 2 Breim barnehage får avslag på søknad om økonomisk støtte til tiltak innan entreprenørskap. 3 Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev avslag på søknad om midlar til finansiering av Bergen Matfestival 2015. 4 Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar søknaden til prosjekt «GÅ 2015» med kr. 150 000. Løyvinga vert dekka med disponible INU-midlar avsett til reiseliv. 5 1. Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar restmidlar frå tidlegare prosjekt og avsette midlar i 2015 til regional medfinansiering av breibandprosjekt i 2015, totalt 1,5 millionar kroner. 2. Fylkesrådmannen får fullmakt til å fordele tilgjengelege breibandmidlar etter tal husstandar i søknadane 3. Hovudutval for plan og næring skal regelmessig informerast om status i breibandutbygginga i fylket. 6 Fylkesdirektøren får fullmakt til å setje nærare vilkår gjennom eigne tilskotsbrev. Fylkesdirektøren for plan og samfunn rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 7 Norsk Landbruksrådgjeving får kr. 29 166 i støtte til å utarbeide ei handbok for berekraftig utnytting av overskotsmasse. 8 Norsk Turistutvikling AS/Nasjonalt Campingnettverk får avslag på søknad om midlar til Teltets dag. 9 Natur og Ungdom får kr. 80 000 i tilskot til prosjektet «Aktiv ungdom for ein rein fjord». 10 Det vert løyvd kr. 200 000 til forskingsprosjektet «Fysisk aktivitet hjå barnehagebarn i Sogn og Fjordane». 11 Løyvinga til Norsk Landbruksrådgjeving vert finansiert ved bruk av midlar frå plan og samfunn sitt budsjett innan utviklingsarbeid klima, teneste 7163. Tilskot til Natur og Ungdom vert finansiert med budsjettmidlar frå utviklingsarbeid klima, teneste 7163, og løyvinga til forskingsprosjektet «Fysisk aktivitet hjå barnehagebarn i Sogn og Fjordane» vert finansiert gjennom plan og samfunn sitt budsjett innan folkehelseprogrammet, teneste 4802. 12 Fylkesdirektøren får fullmakt til å setje nærare vilkår gjennom eigne tilskotsbrev. Side 2 av 9
Endringsframlegg: Senterpartiet og Arbeidarpartiet sette fram slikt framlegg til nytt punkt 9: Natur og ungdom får avslag på sin søknad om prosjektet «Aktiv ungdom for ein rein fjord» Kristeleg Folkeparti sette fram slikt framlegg til nytt punkt 9. Natur og ungdom får kr. 50 000 i tilskot etter søknad om prosjektet «Aktiv ungdom for ein rein fjord» Senterpartiet og Arbeidarpartiet sette fram slikt framlegg til nytt punkt 3: Bergen matfestival får stønad på kroner 40 000,- Avrøysting: Det vart røysta punktvis. Punkta 1, 2, 4, 5 6, 7, 8, 10, 11 og 12 vart samrøystes vedtekne. Senterpartiet og Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 3 vart samrøystes vedteke. Kristeleg Folkeparti sitt framlegg til nytt punkt 9 fekk ei stemme, Olav Klungre, og fall. Hilmar Høl, Jorunn Eide Kirketeig, Arve Helle, Karen Marie Hjelmester, Aleksander Øren Heen, Rita Navarsete, Bjørn Hollevik og Klaus Iversen røysta mot. Senterpartiet og Arbeidarpartiet sitt framlegg til nytt punkt 9 fekk 7 røyster, Hilmar Høl, Jorunn Eide Kirketeig, Arve Helle, Karen Marie Hjelmester, Aleksander Øren Heen, Rita Navarsete Bjørn Hollevik, og vart vedteken. Olav Klungre og Klaus Iversen røysta mot. Dette gir følgjande Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkesrådmannen får fullmakt til å nytte restmidlar frå 2014 på kr. 1 070 000 av INU-FSF til tiltak i tråd med reiselivsplan 2010-2025. 2 Breim barnehage får avslag på søknad om økonomisk støtte til tiltak innan entreprenørskap. 3 Bergen matfestival får stønad på kroner 40 000,- 4 Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar søknaden til prosjekt «GÅ 2015» med kr. 150 000. Løyvinga vert dekka med disponible INU-midlar avsett til reiseliv. 5 1. Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar restmidlar frå tidlegare prosjekt og avsette midlar i 2015 til regional medfinansiering av breibandprosjekt i 2015, totalt 1,5 millionar kroner. 2. Fylkesrådmannen får fullmakt til å fordele tilgjengelege breibandmidlar etter tal husstandar i søknadane 3. Hovudutval for plan og næring skal regelmessig informerast om status i breibandutbygginga i fylket. 6 Fylkesdirektøren får fullmakt til å setje nærare vilkår gjennom eigne tilskotsbrev. 7 Norsk Landbruksrådgjeving får kr. 29 166 i støtte til å utarbeide ei handbok for berekraftig utnytting av overskotsmasse. 8 Norsk Turistutvikling AS/Nasjonalt Campingnettverk får avslag på søknad om midlar til Teltets dag. Side 3 av 9
9 Natur og ungdom får avslag på sin søknad om prosjektet «Aktiv ungdom for ein rein fjord» 10 Det vert løyvd kr. 200 000 til forskingsprosjektet «Fysisk aktivitet hjå barnehagebarn i Sogn og Fjordane». 11 Løyvinga til Norsk Landbruksrådgjeving vert finansiert ved bruk av midlar frå plan og samfunn sitt budsjett innan utviklingsarbeid klima, teneste 7163. Tilskot til Natur og Ungdom vert finansiert med budsjettmidlar frå utviklingsarbeid klima, teneste 7163, og løyvinga til forskingsprosjektet «Fysisk aktivitet hjå barnehagebarn i Sogn og Fjordane» vert finansiert gjennom plan og samfunn sitt budsjett innan folkehelseprogrammet, teneste 4802. 12 Fylkesdirektøren får fullmakt til å setje nærare vilkår gjennom eigne tilskotsbrev. SAK 33/15 Årsrapport 2014 for Sogn og Fjordane fylkeskommune Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: Årsrapport 2014 for Sogn og Fjordane fylkeskommune vert teken til orientering. SAK 34/15 Regionalt forskingsfond Vestlandet - årsrapport 2014 Hovudutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: Fylkestinget tek årsrapporten frå arbeidet med Regionalt forskingsfond Vestlandet i 2014 til vitande. Som saksordførar vert valt Jorunn Eide Kirketeig. SAK 35/15 Melding om kystskogbruket 2015 Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesrådmannen rår Hovudutval for plan og næring til å gje slik tilråding: Hovudutval for plan- og næring rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1. Sogn og Fjordane fylkeskommune sluttar seg til Melding om kystskogbruket 2015. 2. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil følgje opp Kystskogmeldinga i samarbeid med dei andre deltakande fylkeskommunane. 3. Sogn og Fjordane fylkeskommune er sjølv i ein omstillingsfase. Det vert difor teke atterhald i høve administrativ kapasitet og ev. tilgjengelege budsjettmidlar. Side 4 av 9
Avrøysting: Det vart røysta punktvis. Punkt 1 og 2 vart samrøystes vedtekne. Punkt 3 fekk 4 røyster og fall, Klaus Iversen, Olav Klungre, Bjørn Hollevik og Rita Navarsete. Hilmar Høl, Jorunn Eide Kirketeig, Arve Helle, Karen Marie Hjelmester og Aleksander Øren Heen røysta mot. Dette gir følgjande Hovudutval for plan- og næring rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1. Sogn og Fjordane fylkeskommune sluttar seg til Melding om kystskogbruket 2015. 2. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil følgje opp Kystskogmeldinga i samarbeid med dei andre deltakande fylkeskommunane. SAK 36/15 Regional plan for folkehelse 2015-2025 Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesrådmannen rår hovudutvalet for plan og næring til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: 1. Regional plan for folkehelse 2015 2025 vert vedteken slik han ligg føre, jf. vedlegg 1. Handlingsprogrammet for 2015 2018 vert vedteke slik det ligg føre. Dette programmet vert rullert årleg, parallelt med budsjettprosessen, som eit fireårig dokument. Endringsframlegg: Kristeleg Folkeparti sette fram slikt framlegg: Endringar i planen: a) Under pkt. 3, Satsingsområde: Endre pkt. 3 frå «Helsefremjande barnehagar og skular» til «Helsefremjande oppvekstmiljø i heim, barnehage og skule» b) Tillegg under pkt 3, Satsingsområde i planen, i 3. siste avsnitt s. 7. linje 2:.integrering i samfunnet, heimane, barnehagane,. c) Pkt 3.3, linje 2: Endre «mesteparten» til «mykje» d) Tillegg etter 1. avsnitt i pkt. 3.3: Det er svært viktig å få til godt samarbeid mellom barnehage, skule og heimane. e) Nytt kulepunkt under punkt 3.3, «Satsingsområdet skal fremje»: tiltak som fremjar stabile oppvekstforhold og trygge heimar Endringar i Handlingsprogrammet: Satsingsområde 3: Helsefremjande oppvekstmiljø i heim, barnehage og skule Utfordringar og behov: Tillegg: Legge til rette for stabile oppvekstvilkår Tillit og godt samarbeid mellom heimane og samfunnsinstitusjonar Strategiar: Nytt punkt B: Tilby god helsestasjonsverksemd med foreldrerettleiing og tilbod om samlivskurs Effekt: trygge foreldre færre samlivsbrot gje nettverk og inkludere Side 5 av 9
Dei neste punkta får då C,D, E osv. Avrøysting: Framlegget frå Kristeleg Folkeparti vart samrøystes vedtekne. Dette gir følgjande Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: 1 Regional plan for folkehelse 2015 2025 vert vedteken slik han ligg føre, jf. vedlegg 1. Handlingsprogrammet for 2015 2018 vert vedteke med desse endringane: Endringar i planen: f) Under pkt. 3, Satsingsområde: Endre pkt. 3 frå «Helsefremjande barnehagar og skular» til «Helsefremjande oppvekstmiljø i heim, barnehage og skule» g) Tillegg under pkt 3, Satsingsområde i planen, i 3. siste avsnitt s. 7. linje 2:.integrering i samfunnet, heimane, barnehagane,. h) Pkt 3.3, linje 2: Endre «mesteparten» til «mykje» i) Tillegg etter 1. avsnitt i pkt. 3.3: Det er svært viktig å få til godt samarbeid mellom barnehage, skule og heimane. j) Nytt kulepunkt under punkt 3.3, «Satsingsområdet skal fremje»: tiltak som fremjar stabile oppvekstforhold og trygge heimar Endringar i Handlingsprogrammet: Satsingsområde 3: Helsefremjande oppvekstmiljø i heim, barnehage og skule Utfordringar og behov: Tillegg: Legge til rette for stabile oppvekstvilkår Tillit og godt samarbeid mellom heimane og samfunnsinstitusjonar Strategiar: Nytt punkt B: Tilby god helsestasjonsverksemd med foreldrerettleiing og tilbod om samlivskurs Effekt: trygge foreldre færre samlivsbrot gje nettverk og inkludere Dei neste punkta får då C,D, E osv. 2 Dette programmet vert rullert årleg, parallelt med budsjettprosessen, som eit fireårig dokument. Protokoll tilførsel : Jorunn Eide Kirketeig AP vil vise til at eldreomsorg også er ein del av folkehelse og vil komme tilbake til det under handsaming i fylkestinget SAK 37/15 Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane Vedtak om å legge utkast til industristrategi ut på høyring Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Side 6 av 9
1. Sogn og Fjordane fylkeskommune legg utkast til industristrategi ut på høyring. Høyringsfristen vert sett til 28. august 2015 SAK 38/15 Økonomiplan 2016-19 Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: 1. Sogn og Fjordane fylkeskommune sin økonomiplan 2016-19 vert vedteken slik den går fram av fylkesrådmannen si saksframstilling. Dette gjev følgjande sektorrammer: Økonomiske rammer B-2016 B-2017 B-2018 B-2019 Fellesinntekter/-utgifter - netto -2 133,9-2 143,8-2 114,5-2 071,3 Sektorrammer Forvaltning 145,1 137,9 136,9 126,6 Opplæring 830,0 800,3 773,4 749,4 Tannhelsetenesta 81,1 78,6 73,1 73,1 Plan og næring 95,6 109,1 103,0 102,6 Kultur 64,0 61,3 61,3 61,3 Samferdsle 918,0 956,6 966,9 958,4 Sum sektorrammer 2 133,9 2 143,8 2 114,5 2 071,3 Desse rammene vert lagt til grunn for det vidare budsjett- og økonomiplanarbeidet. 2. Økonomiplan 2016-19 har form av eit endringsdokument i høve gjeldande budsjett 2015/ økonomiplan 2016 (17-18). Det inneber at berre endringar i høve nemnde budsjett/ økonomiplan er kommenterte. 3. Tilrådde tiltak og tilpassingar må om naudsynt utgreiast og konkretiserast som ein del av arbeidet med budsjett 2016. 4. Utgreiingar med seinare ferdigstillingsdato skal handsamast som ein del av budsjett/ økonomiplanprosessen som vert gjennomført i 2016. Avsette fondsmidlar (overført driftsresultat) innan tannhelse vert reservert omstillings-kostnader ved omlegging til ny struktur på sektoren. SAK 39/15 Tertialrapport 1/2015 fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: A. Det vert gjort slike endringar i driftsbudsjettet for 2015 1 Rammetilskotet vert auka med 4,753 mill. kr. 2 Utbytte vert auka med 19,800 mill. kr. Side 7 av 9
3 Konsesjonskraftinntektene vert auka med 2,300 mill. kr. 4 Auka lokale inntekter i punkt 2 og 3 vert avsett til bufferfond. 5 Driftsmidlar til investering vert auka med 0,400 mill. kr. 6 Sektorbudsjettet til forvaltning vert auka med 1,855 mill. kr Teneste 4200 Administrasjon vert auka med 1,300 mill.kr. Teneste 4205 Interne støtteeiningar vert auka med 0,155 mill.kr. Teneste 4201/4204/4801 personal vert auka med 0,400 mill.kr. 7 Sektorbudsjett til opplæring vert redusert med 12,327 mill. kr. Teneste 5100 Utgifter til lokale vert redusert med 0,710 mill.kr. Teneste 5151 Fellesutgifter for skulane vert auka med 0,900 mill. kr. Teneste 5201 Pedagogiske fellesutgifter vert redusert med 1,300 mill. kr. Teneste 5210 Utdanningsprogramma vert redusert med 10,000 mill. kr. Teneste 5211 Gratis læremiddel vert redusert med 0,900 mill. kr Teneste 5701 Opplæring i bedrift vert samla redusert med 0,317 mill. kr. 8 Sektorbudsjett til kultur vert auka med 1,288 mill. kr. Teneste 7710 Kunstformidling vert auka med 0,988 mill. kr. Teneste 7900 Andre kulturaktivitetar vert auka med 0,300 mill. kr. 9 Samla vert driftsbudsjettet saldert ved avsetjing til bufferfond med 13,537 mill. kr. B. Det vert gjort slike endringar i kapitalbudsjettet for 2015 1 Investeringsprogrammet for bygg og anlegg med tilhøyrande finansieringsplan vert endra i samsvar med vedlegg 1. 2 Investeringsprogrammet for fylkesvegar med tilhøyrande finansieringsplan vert endra i samsvar med vedlegg 2. 3 Salsinntekter frå kapitalrekneskapen 2014 på 2,532 mill. kr, som var avsett til kapitalfond, vert nytta til ekstraordinære avdrag. C. Andre område 1 Det vert vedteke eit nytt punkt 2.6.9 i budsjettreglementet slik: «Fylkesrådmannen får fullmakt til å gjere naudsynte transaksjonar, dvs. både bruk og avsetting av fond, på disposisjonsfondet 25699980 Intern fordeling. Avsette midlar på dette disposisjonsfondet kan nyttast på alle programområde/tenester» Punkta 2.6.9-2.6.11 i gjeldande budsjettreglement vert etter dette punkt 2.6.10-2.6.12 2 Rapportering på finansporteføljen i vedlegg 3 vert teken til vitande. 3 Rapportering på konsesjonskraftomsetjing i vedlegg 4 vert teken til vitande. SAK 40/15 Skriv og meldingar, Hovudutval for plan og næring 2. juni 2015 1: Svar - Søknad om tilskot/etableringsstøtte. 2: Førebels svar - Tiskot til nærings- og samfunnsutvikling - Prosjekt: Støtte til produksjonsutstyr 3: Svar - Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 - Ocean Talent Camp Vest 4: Tildelingsbrev turskiltprosjekt 2015 Side 8 av 9
SAK 41/15 Oppnemning av styremedlem til stiftinga Norsk Sjøfuglsenter Anders Ryssdal vart valt som til styremedlem til stiftinga Norsk Sjøfuglsenter for 2 år. SAK 42/15 Kartlegging av miljøløysingar i bygg 1. Hovudutvalet sluttar seg til at det vert nytta kr.250 000 til ei kartlegging av potensiale for utsleppsreduksjon og lokal næringsutvikling innanfor offentlege bygg-sektoren. 2. Midlane vert disponert innanfor eksisterande klimabudsjett, tenesteområde 7163. Side 9 av 9