Detaljert handlingsplan 2014

Like dokumenter
2.1 Hovudprinsipp for satsinga Basert på erfaringane skal programmet ha følgjande hovudprinsipp:

PROSJEKTPLAN. Program for lokalsamfunnsutvikling i Hordaland - BULYST HORDALAND

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

AKTIVE KOMMUNAR ATTRAKTIVE LOKALSAMFUNN

Orientering om LivOGLyst og LUK Best i landet på lokal vekstkraft

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle

7 år med LivOGLyst, eit lokalsamfunnsprogram som skal vare!

8 år med LivOGLyst, eit lokalsamfunnsprogram som skal vare!

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

INTERNASJONAL STRATEGI

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Prosjektskisse Versjon 3. Arbeidspakke 5

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

Program for lokalsamfunnsutvikling i Hordaland. Velkomen til avsparkskonferanse på Osterøy januar 2013

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Strategi Forord

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

Trafikksikker kommune, Hordaland. Prosjektplan

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Oppstartsamling for. Instedalen krins og Nye Bremanger

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Frivilligpolitisk plattform

STRATEGISK PLAN

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

Landbruksmelding for Hordaland

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

NØKKELDATA ANSVAR OG LEIING MÅL OG OPPDRAG MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR OVERORDNA MÅL OG FORVENTA EFFEKT BAKGRUNN, UTFORDRINGAR OG FØRESETNADER

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

FLORA KOMMUNE Sentrumsplanen. Prosjektbeskriving. Folk i sentrum.

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Avtale om partnarskap

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Elev- og lærlingombod i HFK

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Revidering av programområder for Kulturelt utviklingsprogram 2014

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

PLP - PROSJEKTPLAN GRØN VARME I TELEMARK

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

20 JAN2012 DET KONGELEGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. i henhold til adresseliste (28

Styrings og administrasjonsutgifter RFF Vestlandet 2015

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Forsking i kommunal sektor - kva gjer vi? Regionalt forskingsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes og seniorrådgivar Randi Lotsberg.

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

SAK 51/17 FILM; FJORD, FJELL OG VIDDE

STRATEGI 2022 NORSK SENTER FOR UTVEKSLINGSSAMARBEID

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

Kommunestruktur Prosjektplan for sonderingsfasen

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

RALLARVEGRÅD - UTNEMNING AV REPRESENTANT

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD

Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Revisjon av mandat og samansetnad av Regionalt næringsforum

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Transkript:

Detaljert handlingsplan 2014 Innhald 1. Bakgrunn og grunngjeving... 2 2. LivOGLyst-programmet... 2 2.1 Hovudprinsipp for satsinga... 2 2.2 Effektmål... 4 2.3 Resultatmål... 4 2.4 Suksessfaktorar... 4 3. Iverksetting av programmet... 5 3.1 Tiltak... 5 3.2 Utlysing- og utveljingsprosess... 5 3.3 Kategoriar av LivOGLyst-prosjekt... 5 3.4 Prosjektomfang og prinsipp for korleis nytta verkemiddel... 6 3.5 Kompetansetiltak som satsingsområde... 6 3.6 Felles nettportal kom-an.no... 7 3.7 Samarbeid med høgskule og universitet... 7 4. Prosjektorganisasjon og roller... 7 4.1 Eigarar... 7 4.2 Prosjektansvarleg (PA)... 7 4.3 Prosjektleiar (PL)... 8 4.4 Styret... 8 4.5 Arbeidsgruppa... 9 5. LivOGLyst 2014... 10 5.1 Budsjett og finansiering... 10 5.2 Tildelingar... 11 5.3 Kompetansetiltak... 11 5.4 Søknadsprosess for LivOGLyst 2014 for prosjekt med opptak frå 2015... 12 5.5 Årshjul... 12 Oppdragsgjevar for LUK satsinga er ein partnarskap mellom Innovasjon Noreg Hordaland (IN), Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksasvdelinga (FMLA) og Hordaland fylkeskommune (HFK), ved dei tre direktørane. Nina Broch Mathisen, direktør, IN Ole Bakkebø, landbruksdirektør, FM Bård Sandal, fylkesdirektør Regional utvikling, HFK som representantar for Regional Næringsforum Øvste ansvarleg for LivOGLyst-programmet: Mette Nora Sætre, næringssjef, HFK Prosjektleiar: Operativ arbeidsgruppe: Kari Patricia Kleppe, regionalavdelinga, Hordaland fylkeskommune May Britt Otterlei, Innovasjon Noreg Hordaland Kari Patricia Kleppe, regionalavdelinga, Hordaland fylkeskommune Ragna Flotve, landbruksavdelinga, Fylkesmannen i Hordaland 1

1. Bakgrunn og grunngjeving Landbruksavdelinga v/fylkesmannen i Hordaland, Innovasjon Norge Hordaland og Hordaland fylkeskommune utgjer ein partnarskap som samarbeider for å stimulere lokalt entreprenørskap og mobilisering i lokalsamfunn på ein systematisk og vedvarande måte. LivOGLyst er eit program for lokal samfunnsutvikling i Hordaland som er tufta på heilskaplege og inkluderande utviklingsprosessar. Desse er basert på fleire år med røynsler i lokalsamfunns-, bygdeutviklings- og entreprenørarbeid, faglege utgreiingar og eit samrådsmøte med fleire aktørar i Hordaland i februar 2006 1. LivOGLyst skal vere ei langsiktig satsing 2. Målet er å halda fram med programmet slik at læringsprosessen vert vidareført, og at lokalsamfunn, bygder og bydelar får eit oversiktleg tilbod utover ulike prosjektperiodar. Programmet skal vere med å realisera det prioriterte innsatsområdet Livskraftige lokalsamfunn som er uttrykt i Regionalt utviklingsprogram. Handlingsplan for næringsutvikling og lokal samfunnsutvikling i Hordaland. Programmet legg opp til eit tett samarbeid mellom Fylkesmannen i Hordaland, Innovasjon Norge Hordaland og Hordaland fylkeskommune. LivOGLyst eit skreddarsydd program tilpassa brukarar i utvikling LivOGLyst har sidan start i januar 2008 etablert eit vel fungerande system for opptak av prosjekt: gradert tildeling av utviklingsmidlar skreddarsydde kompetansetiltak i samarbeid med aktuelle prosjekt og tilhøyrande kommunar rådgjevingsteneste frå partnarskapen gjennom ei operativ LivOGLyst-arbeidsgruppe partnarskapen er representert på alle organisatoriske nivå i programrealiseringa LivOGLyst representerer eit omfattande nettverk som legg til rette for konkrete møteplassar gjennom ein årleg syklus for alle interesserte prosjektdeltakarar. LivOGLyst har utvikla profil og logo som er tilgjengeleg på internett gjennom portalen www.kom-an.no. Dei einskilde LivOGLyst-prosjekta får tilbod om gratis nettside og opplæring på portalen med føremål eigenprofilering og deltaking i nettverk. det er utvikla eit anvendeleg og omfattande kurstilbod i regi av LivOGLyst. Tilbodet vert ytterlegare utvikla og strukturert innanfor LUK-satsinga. Saman med Disktrikssenteret og partnarskapane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har ein utvikla og arrangert Vestlandsk Vidsyn som ein årleg konferanse om lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet. Frå 2014 er Rogaland fylkeskommune med som partnar og vertskap for årets konferanse. LivOGLyst fylgjer kalenderåret. 2. LivOGLyst-programmet 2.1 Hovudprinsipp for satsinga Basert på erfaringane skal programmet ha følgjande hovudprinsipp: Felles plattform og metodikk som utgangspunkt Satsinga er basert på semje partnarane mellom om ein felles metodikk for korleis arbeida for og med skaping av attraktive lokalsamfunn. Kompetanseheving vert eit utgangspunkt for korleis få til sosiale mobiliseringsprosessar. Utvikling frå grasrotnivå, medverknad og ansvarleggjering av lokale aktørar i prosjektutviklinga er viktige basiskonsept for korleis fremja eit reelt eigarskap til programmet blant dei medverkande. Samstundes skal programmet 1 Rokkan-notat 14/2005 Perspektiv på bygdeutvikling, faglege utgreiingar og prosjekt som til dømes Trivselgrenda og Bærekraftig næringsutvikling i lokalsamfunnet i Hordaland, Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane. 2 Rokkan-notatet har peikt på prosjekttyranniet 2

syta for god kontakt og inngrep med eksisterande strukturar som fyrstelinetenesta i kommunar, regionråd og den regionale partnarskapen. Programmet skal medverka til å gjera lokalsamfunns- og bygdeutviklingsfeltet oversiktleg, motverka fragmentering, vera inkluderande og rekrutterande og skapa høve for å få eit mangfald av utviklingsaktørar i dialog med kvarandre. Langsiktig og tilrekneleg satsing på ei kopling mellom entreprenørskap og sosiale mobiliseringsprosessar LivOGLyst skal stimulera til vidareutvikling og fornying. Det skal takast likeverdig omsyn til entreprenørskap med føremål å styrkja lokalt næringsliv, tenesteyting og skapa nye arbeidsplassar, som til tiltak for sosiale mobiliseringsprosessar for å skapa; meir trivsel, bulyst, identitetsskaping og sosial integrasjon. I utveljing av deltakande prosjekt er det sentralt at dei medverkande evnar å sjå samanheng mellom 1) korleis entreprenørskap og nye arbeidsplassar påverkar og heng saman med lokale mobiliseringsprosessar 2) korleis mobilisering, trivselstiltak, satsing på attraktivt bumiljø, identitetsskaping, sosial inkludering og god tenesteyting er blant føresetnadane for entreprenørskap og etableringa av nye arbeidsplassar. Dei som vert tatt opp i programmet, må meistra å identifisera dette samspelet. Dei skal planleggja, organisera og setja prosjekta ut i verda i samsvar med dette. Styringsgruppa kan ta initiativ ovanfor kommunar der ein ser programmet som eigna til å løyse særskilte utfordringar Styringsgruppa kan vedta større løyvingar til prosjekt når den ser det formålstenleg Identitetsskaping og omdømebygging basert på breie, lokale prosessar Eit livskraftig Hordaland er tufta på at by så vel som bygd står fram som attraktive utviklingsarena for eit mangfald av innbyggjarar og vitjarar. Lokal eigenart er i kontinuerleg endring og må i aukande grad skapast og kommuniserast positivt i samspel med andre. For å gjera lokalsamfunna attraktive for kvinner og menn, unge og gamle, migrantar, etablerte og nytilflyttarar, må det mellom anna satsast på omdømebygging og identitetsskaping basert på breie, inkluderande identitetsskapande prosessar. Omdømebygging, identitetsskaping og historieforteljing er også sentralt i produksjonen og marknadsføringa av t.d. tilleggsproduksjon i landbruket, geoturisme, opplevingsbaserte tilbod og i skapinga og marknadsføring av stader som attraktive å bu og leva i. Grasrotengasjement og initiativ for utvikling i eige lokalsamfunn, i samspel med andre lokalsamfunn og prosjekt Nettverksdanning med føremål om erfaringsutveksling, samhandling og kompetanseheving i skjeringspunktet mellom utviklingsaktørar lokalt, på fylkesnivå og nasjonalt/internasjonalt Satsinga på livskraftige lokalsamfunn føreset god kommunikasjon i vid forstand. LivOGLystprogrammet er tufta på nettverksskaping der målet er reell? utveksling av røynsler på ein slik måte at kompetanse vert generert og akkumulert i samarbeid med andre. Det skal vera rom for mangfald av perspektiv og idear på arrangement og konferansar i programmet sin regi. LivOGLyst-arrangement vert lagt til ulike stader i Hordaland, slik at alle som arrangerer kan få profilera seg. Gjennom LivOGLyst vil det regionale nivået verte meir synlege for prosjekta og arbeide for å stå fram med ei dør inn til det regionale virkemiddel- og kompetanseapparatet. Ungdom, kvinner og migrantar er viktige aktørar i arbeidet 3

Kommunane og deira fyrstelineteneste må delta aktivt Satsa både i distrikt og bymiljø, større bygdemiljø og kommuneprosjekt skal prioriterast på lik line med mindre samfunn Kompetanseløft for prosjekta Dei involverte regionale utviklingsaktørane forvaltar kompetanse som kjem prosjekta til gode og deltar med kompetanselyft og anna hjelp i prosessen med prosjektutvikling på ulike område. På nettverksamlingane vert det lagt opp til workshop kring utvalte tema. I LivOGLyst-programmet inngår det ein kompetanseplan som er skreddarsydd for prosjekta og er basert på deira ønskje. Føremålet er hjelp til sjølvhjelp innanfor viktige område av prosjektutviklinga. 2.2 Effektmål Systematisk og vedvarande mobilisering av lokal utviklings- og attraksjonskraft gjennom den regionale partnarskapen for å: 1. Gjere fylket meir attraktivt ved å sikre gode lokalsamfunn 2. Auka trivsel, bulyst, sosial integrasjon, identitetsskaping og sosiale mobiliseringsprosessar som er forankra lokalt i Hordaland 3. Styrka lokalt næringsliv 4. Styrka framvekst av entreprenørskap og innovative prosessar 5. Styrka lokal og kommunal kompetanse innan prosjektutvikling og spesifikke handlingsområde og sikre at denne vert verande i lokalsamfunna 2.3 Resultatmål 1. Lokalt prosjektarbeid i løpet av ein treårsperiode. Kvart prosjekt i lokalsamfunna skal i ein brei prosess utvikle ein lokal handlingsplan 2. Kompetanseutvikling gjennom kursverksemd, seminar og konferansar som fremjar prosjektutvikling lokalt og regionalt 3. Utvikle samarbeid og nettverk mellom og med regionale, nasjonale og internasjonale utviklingsaktørar. Kopling til erfaringar og kunnskapsmiljø. 4. Auke talet på arbeidsplassar i lokalmiljø 6. Medieomtale / synleggjering 2.4 Suksessfaktorar Felles evne og vilje til å få til ting blir avgjerande for å lukkast. Både kommunen og lokalsamfunnet må vere motivert for og budd på endringsprosessar. Breie prosessar lokalt i utvikling av handlingsplan, slik at det ikkje blir klubb-utvikling Opplæring i prosjektorganisering for dei lokale aktørane. Dekking av reiseutgifter og godtgjering av tapt arbeidsinntekt på samlingar utanfor lokalsamfunnet slik at dei lokale aktørane kan delta i nettverket. Raske synlege resultat. Ei aktiv førstelineteneste 4

3. Iverksetting av programmet 3.1 Tiltak Å gje økonomisk stønad og rettleiing og tilby aktivitetar, kompetansetiltak og nettverk til utvalte lokalsamfunnsprosjekt. Å tilby proaktivt regionalt samarbeid, mellom anna gjennom ei operativ arbeidsgruppe som er oppsøkjande tilbydarar i prosjektutviklingsprosessane. Å formidle tilbod om formell kompetanse i utviklingsarbeid i lokalsamfunn og stimulera til livslang læring gjennom ei rekkje nettverksaktivitetar med lang tidshorisont og med geografisk og tematisk spreiing. Dette er mellom anna basert på eit modulsystem av tilbod med forskjellig høve for oppfølging og kompetansehevingstiltak for medlemar i LivOGLystnettverket. Programmet legg til rette for workshops, foredrag og kurs som er skreddarsydd etter prosjekta sine ønskje og innspel. Å gje tilbod om nettverksdeltaking til alle lokalsamfunns- og bygdeutviklingsaktørar i Hordaland, mellom anna gjennom felles nettportalsatsing og felles konferansar. Samarbeid med universitet, høgskular og førstelinetenesta i kommunar og regionråd om fagleg påfyll og kompetanseutveksling. Programmet skal innehalde inspirasjon, påfyll og opplæring for lokale eldsjeler, kommunepolitikarar, administrasjon frivillige organisasjonar og næringsliv, offentlege aktørar og forskingsmiljø. 3.2 Utlysing- og utveljingsprosess Det er felles utlysing av prosjektdeltaking til lokal utvikling på hausten kvart år Kvart år vert det opptak av nye prosjekt som får finansiell stønad og oppfølging Styret vedtar tal på prosjekt og kva for status dei har på basis av eksisterande budsjettråmer I samband med søknadsrunde vert det gjennomført ein prekvalifiseringsprosess der det vert sendt inn prosjektskisser. Arbeidsgruppa gjennomfører ei første grovsiling av aktuelle kandidatar. Val av prosjekt som får økonomisk stønad, vert utført på basis av ei fyrste evaluering og ei vidareutvikling av eit utval av desse søknadane, med ny frist for innlevering. Etter avslutta stønadsperiode kan prosjekta og kommunerepresentantar framleis vere med i fylkesnettverket som assosierte medlem. 3.3 Kategoriar av LivOGLyst-prosjekt Alle søkjarar og etablerte prosjekt får tilbod om å delta i LivOGLyst, men på ulikt grunnlag og med ulike rettar ut i frå innstilling i arbeidsgruppa og formelt vedtak og signering av fylkesdirektør Regional utvikling LivOGLyst-hovudprosjekt (treårig) minimum treårig tilknyting høgaste prioritet på oppfølging og kompetansetilbod vert tildelt verkemiddel over ein treårig periode LivOGLyst-utviklingsprosjekt (eittårig) vert tildelt verkemiddel over eitt år får høve til oppfølging, kompetansetiltak og hjelp til gjennomføring av utviklingsprosessane lokalt i noko meir avgrensa omfang enn hovudprosjekt Assosierte LivOGLyst-prosjekt, med høve for nettverks- og arrangementsdeltaking Assosierte med støtte frå kr 20000 til kr 50000 eller assosierte utan prosjektstønad. 5

prosjekta kan søkja styringsgruppa om refusjon av einskilde utgiftar i samband med eiga møteverksemd og utvikling av nettverksaktivitetar prosjekta kan koma med ønskje om oppfølging og kompetansetiltak med tanke på prosjektutvikling prosjekt kan koma med innspel på etablering av særskilte modular eller innspel til tema for workshop og konferansar dersom fleire assosierte prosjekt går saman om å organisera seminar eller liknande, og desse kjem nettverket til gode, kan dei søkja om stønad til dette kan verte tildelt stimuleringsmidlar, avhengig av søknad og budsjett LivOGLyst-nettverkmedlemar, interessentar og potensielle søkjarar kan delta i ulike nettverksaktivitetar. Programmet vil femna om mange ulike aktivitetar og er såleis eigna for medverknad ut frå ulike føresetnadar og interesseområde hjå partane einskildaktørar kan be arbeidsgruppa om oppfølging ved ulike sider ved eiga prosjektutvikling 3.4 Prosjektomfang og prinsipp for korleis nytta verkemiddel LUK-styret tek avgjerd om omfanget av prosjekt og dei verkemiddel som vert delt til LivOGLyst-hovudprosjekt og LivOGLyst-utviklingsprosjekt innanfor dei budsjettråmer vedteke av prosjekteigarane. Maks 50 % av midlane til prosjekta kan gå til honorar og/eller kompensasjon for tapt arbeidsinntekt. Dei resterande midlane skal gå til stimuleringstiltak, småinvesteringar, nettverksaktivitetar, kompetansetiltak og mobiliseringstiltak. Dei aktuelle kommunane må medverke med minst kr 30.000 årleg til hovudprosjekta. Kommunane m/fyrstelinetenesta skal også delta aktivt i høve til lokalsamfunnssatsinga utover pengeløyvinga. Det er mogeleg å søkje midlar utanom programmet til å delfinansiere større prosjekt/tiltak som kjem opp i den lokale prosessen. Med utgangspunkt i ein kort handlingsplan får kvart hovudprosjekt dei to neste åra nye tildelingar i tillegg til bidrag frå kommunen. 3.5 Kompetansetiltak som satsingsområde I samband med planlegging og gjennomføring av prosjeka, er det trong for ulik kvalifiserte innspel frå profesjonelle fagfolk for å bringa prosjekta vidare, og for å lyfta tingingskompetansen til prosjektdeltakarane. Erfaringane hittil er at prosjektdeltakarar ønskjer fagleg påfyll på ulike satsingsområde for betre å ta i vare sosiale mobiliseringsprosessar og utvikling av entreprenørskap. Programmet satsar på å etablera ulike kompetansetiltak når ønskje om dette kjem klårt til uttrykk frå prosjekta si side og under føresetnad om at det finst økonomisk handlingsrom. Det vert differensiert mellom: Felles kompetanseplan for prosjekta Det er utvikla felles kompetansetiltak på felt som vedkjem fleirtalet av prosjekt. Desse er særskilt retta mot hovud- og utviklingsprosjekta, men andre kan også søkja om å delta. Tiltak vert arrangert som nettverkssamlingar, kurs og/eller workshops. Særskilte felles satsingsområde for 2014, er følgjande: Prosjektleiing, mobiliseringsprosessar og coach Omdøme- og identitetsbygging som brei prosess Kurs i rolla som vert for eige lokalsamfunn Nettdesign og sjølvpresentasjon på nett/lage eigen heimeside. Struktur og innhald skal tilpassast behov og ønskje. 6

Kompetansetiltak for einskilde prosjekt Einskilde prosjekt kan søkja om å få dekka eit særskilt kompetansetiltak for eige behov, utanom felles årleg kompetanseplan. Arbeidsgruppa tek i mot innspel på ønskje om tiltak og styringsgruppa set dei økonomiske råmene for dette tilbodet. LivOGLyst hovudprosjekt har fyrsteprioritet i å nytta desse tilboda. Søknadane skal grunngjevast, og tiltaka skal vera svært sentralt for prosjektutviklinga vidare. Ekspertane som eventuelt vert leigde inn til å hjelpa prosjekta skal primært operera som coach og mentor. Dei kan vera offentleg tilsette eller sjølvstendig næringsdrivande. Dei skal ikkje fremja eigne forretningsinteresser i samband med tiltaket. 3.6 Felles nettportal kom-an.no kom-an.no er ein brukarvenleg nettportal for entreprenørskap og lokalsamfunnsutviklig. LivOGLystprosjekta får høve til å utvikla eigne nettsider med rettleiing frå nettdesignar. Nettportalen er eit kommunikasjonsfremjande tiltaka som har positive ringverknadar for LivOGLyst-prosjekta. 3.7 Samarbeid med høgskule og universitet LivOGLyst er i dialog med det tverrfaglige UIB-programmet Region og regionalisering om eit fagleg samarbeid. Gjennom LUK-programmet har LivOGLyst eit samarbeid med Høgskulen for Landbruk og Bygdenæringar om eit poenggjevande kurs i samfunnsentreprenørskap. 4. Prosjektorganisasjon og roller I samband med LUK-satsinga er styrene for kom-an.no, Kommuneprosjektet og LivOGLyst slått saman til eit styre. 4.1 Eigarar Programmet er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge Hordaland. Hordaland fylkeskommune er vertsorganisasjon for gjennomføringa av programmet og arbeidsgjevar for prosjektleiar. Det er ein føresetnad at gjennomføringa skal skje i tett samarbeid mellom dei fire partnarane. Til eigarmøte stiller regionaldirektør Bård Sandal, landbruksdirektør Ole Bakkebø og direktør Nina Broch Mathisen for Innovasjon Norge Hordaland. 4.2 Prosjektansvarleg (PA) Prosjektansvarleg er fylkesdirektør Regional utvikling Bård Sandal, Hordaland fylkeskommune. Prosjektansvarleg kallar inn til eigarmøte. Møta skal fungera som avgjerdspunkt. PA skal: Ha det samla økonomiske ansvaret. Sjå til at programmet vert utvikla i samsvar med målsettinga. Ha det overordna kvalitetssikringsansvaret. Syta for klåre rammer og arbeidstilhøve for prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar. Tilrå engasjement av eventuelle nye medarbeidarar. Ta avgjerd om eventuelle nye samarbeidspartnarar som skal vera med. Vera hovudansvarleg for innhald og utforming. 7

Stå ansvarleg for ekstern informasjon om prosjektet. 4.3 Prosjektleiar (PL) Prosjektleiar er knytt til Hordaland fylkeskommune si næringsavdeling. Prosjektleiar har det utøvande ansvaret for prosjektet og skal: Innanfor ramma av prosjektet planleggje, leia og sjå til gjennomføringa av prosjektet. Utarbeide framdriftsplan og milepælar for prosjektet. Styre aktivitetane i prosjektet, inkludert konferansar, seminar og kurs i tett samarbeid med Fylkesmannen og Innovasjon Norge. Syta for at PA har kvalitetssikra underlag ved eigarmøte og styremøte. Fremja forslag til PA om eventuelt engasjement av medarbeidarar. Syta for dialog med samarbeidspartar og medverke til å skapa gode samarbeidsrelasjonar i prosjektet. Utarbeida status-, fagrapportar og økonomisk rapportering. Prosjektleiar skal i samarbeid med arbeidsgruppa jobbe oppsøkjande og pro-aktivt på lag med dei utvalte prosjekta. Prosjektleiar medverkar i prosessane med nettverksbygging, tilrettelegging av kunnskaps- og innovasjonsfokus gjennom den årlege tiltaksplanen som har fokus på kompetanselyft, samarbeid med høgskule om traineeutplasseringar og liknande. Prosjektleiar rapporterer til PA. Prosjektleiar koordinerer Arbeidsgruppa, som er eit proaktivt og oppsøkjande prosjektteam. 4.4 Styret Styret i LUK er breitt samansett av aktørar frå den regionale partnarskapen, KS, kommunane, regionråd, samt høgskule/universitet og innvandrarorganisasjon. Styreleiar er næringssjef i Hordaland fylkeskommune Mette Nora Sætre. Ho har som hovudoppgåve: Å leia styremøte Utarbeide valprosedyre ved årleg uttak av nye prosjekt Vera samtalepart for prosjektleiar og representera PA på styremøte. Styret er på ei side eit fagleg råd med stor grad av fagleg innverknad på prosjektet, og på andre sida eit forvaltningsorgan med mynde til å ta avgjersler. Styringsgruppa har hovudansvar for utveljing av nye prosjekt og organisering av LivOGLyst. Styret skal vedta slike i samråd med det mandat og det ansvar som eigarmøte løyver. Styringsgruppa skal: Ha som ansvar å godkjenne budsjett og rekneskap. Styret vedtar budsjettfordeling mellom ulike postar Foreta årleg utveljing av nye hovudprosjekt og utviklingsprosjekt Godkjenne /vedta mindre justeringar i prosjektplanen for LivOGLyst Godkjenner/vedtek årleg aktivitetsplan Større/vesentlege endringar i budsjettråmene og/eller i prosjektplanen for LivOGLyst vert førelagt eigargruppa for godkjenning Styret freistar å kanalisera hovudprosjekt inn i andre eksisterande stønads- og verkemiddelordningar når prosjektrealiseringa tilseier det. Styret kan melde inn og gje oppmoding om tildeling av midlar frå Regionalt Utviklingsprogram for prosjekt som i særskilt grad lukkast. Skal medverke med kompetanse og sikre framdrift i prosjektet og sikre heilskapen rundt satsinga. Skal vere pådrivar for å jobbe meir effektivt i det breie nettverket. 8

Skal medverka fagleg og gje råd i saker som PA og prosjektleiar legg fram. Skal følgja opp dei sakene som handsamast i Styringsgruppa. Skal medverka til inkluderande samarbeid og nettverk mellom partnarane og andre medarbeidarar. Skal støtte prosjekteigarane, prosjektleiar og andre medarbeidarar i prosjektet. 4.5 Arbeidsgruppa Det er etablert ei proaktiv arbeidsgruppe som driv oppsøkjande arbeid og hjelper prosessane i lokalsamfunna. Arbeidsgruppa består av tilsette ved dei tre regionale utviklingsaktørane HFK, FMLA og IN. Gruppa sine medlem er Kari Patricia Kleppe, May Britt Otterlei og Ragna Flotve. Arbeidsgruppa er ansvarleg for å gjennomføra prosessen med prekvalifisering og innstilling til vedtak av nye prosjekt innanfor dei råmene som styret sett Arbeidsgruppa gjennomfører nettverksprogram og konferansar i regi av programmet. Arbeidsgruppa gjennomfører halvtårsvitjingar i prosjekta og deltar i andre prosjektsamanhengar og arrangement. Arbeidsgruppa får delegert mynde til å operasjonalisera eksperthjelp-ordninga og andre teneste- og kompetanseretta ordningar innanfor dei råmene som styret sett. 9

5. LivOGLyst 2014 5.1 Budsjett og finansiering Tentativt budsjett for 2014 med programkostnad og finansieringsplan. Program kostnader 2014 Eksterne kostnader 2014 Kostnadsart 1 Drift inkl. løn HFK 410 000 2 Lønskostnader FMLA 350 000 3 Lønskostnader IN 350 000 4 Reiser, arbeidsgruppa 85 000 5 Medieomtale telefon/profilering 80 000 6 Ekspertkorps til prosjekta 50 000 7 Kompetansetiltak for prosjekta 220 000 8 Konferansar og heildagsmøte 200 000 9 Avspark LivOGLyst 55 000 10 Vestlandske vidsyn arr. i Rogaland 2014 0 11 3 nye treårige prosjekt opptatt i 2014 300 000 12 2 eittårige 140 000 13 Midlar til vellukka prosjekt 240 000 14 Stimuleringsmidlar 3 x 40 000 120 000 Treårige opptatt i 2012 og 2011 600 000 Sum 2 500 000 700 000 TOTAL SUM 3 200 000 Finansiering 2014 Program Ekstern Finansieringskjelde finansiering finansiering 1 Fylkesmannen i Hordaland 350 000 350 000 2 Innovasjon Norge 100 000 350 000 3 Hordaland fylkeskommune 1 536 000 4 Regionalt Utviklingsprogram 514 000 Sum 2 500 000 700 000 TOTAL SUM 3 200 000 3 Hordaland fylkeskommune: 1 386 000 Styrka satsing på LOL frå LUK 150 000 1 536 000 10

5.2 Tildelingar Hovud- og utviklingsprosjekt 2014 3 hovudprosjekt som kvar vert tildelt 100 000 kr 2 utviklingsprosjekt som kvar vert tildelt 70 000 kr Tildeling til hovudprosjekt med opptak i 2012 og 2013 3 hovudprosjekt med opptak i 2012 som kvar vert tildelt 100 000 kr 3 hovudprosjekt med opptak i 2013 som kvar vert tildelt 100 000 kr Stimuleringsmidlar Denne posten er på 120 000 kr. Midlane vert gitt til prosjekt som i søknadsrunden ikkje når opp som hovud- eller utviklingsprosjekt, men kor prosjektet er av ein slik karakter at stimuleringsmidlane kan vere med å utvikle prosjektet til eit framtidig LivOGLyst-prosjekt. Særskilt vellukka prosjekt Denne posten er på 240 000 kr. Arbeidsgruppa sendar ein e-post til aktuelle prosjekt (treårige og eittårige) med informasjon og eit skjema for kva førespurnaden om tildeling av midlar skal innehalde. Pengane skal gå til slike tiltak: 1. Ferdigstilling av prosessar 2. Igangsetting av nye tiltak 3. Styrking av allereie etablerte tiltak 4. Andre gode saker Det skal særleg leggast vekt på: Utvikle næringsverksemd Utløyse nye tiltak Styrka ei etablert satsing Vellukka prosjekt Styringsgruppa tek avgjerd om eventuell avkorting av prosjektmidlar og kan vedta større løyvingar til prosjekt når det er føremålstenleg. 5.3 Kompetansetiltak Fellestiltak for prosjekta Design i stadutvikling. Identitetsskaping- omdømebygging-design-marknadsføring- ein heilskap. Tiltaket er øyremerka for treårige prosjekt og tildelast ved søknad. Kurs i rolla som vert for eige lokalsamfunn Coachingkurs Arbeidsgruppa kan medverke til tiltak for einskilde prosjekt innan følgjande område: juridisk bistand i samband med ulike sider ved prosjektutvikling merkevarebygging og design, marknadsføring, prosessar som har med identitetsbygging å gjera restaurantdrift, matlaging tilleggsproduksjon i landbruket reiselivssatsing landskapsarkitekt hjelp til å skrive forretningsplanar oppfølging av forteljing og formidling 11

kulturelt mangfald og integrasjon i praksis kulturproduksjonskurs- kurs i å arrangere festivalar og større arrangement Prosjekta melder inn behov og det vert ordna med individuelt tilpassa avtale. 5.4 Søknadsprosess for LivOGLyst 2014 for prosjekt med opptak frå 2015 Utlysing og invitasjon til LivOGLyst-konferansen ved brev til kommunane, oppslag på www.kom-an.no, partnarane sine heimesider og annonse i utvalte aviser, innan 3. september 2014 Søknad prekvalifisering: 23. oktober 2014 Søknadsfrist for prekvalifiserte prosjekt: 13. november 2014 Vedtak i styringsgruppa om handlingsplan 2015 og rammer for tildeling til prosjekt: 5. desember 2014 5.5 Årshjul Tidspunkt Kva Stad 14. - 15. februar Avsparkkonferanse LivOGLyst 2014 Austevoll Mars Medio mars Veke 12 og 15 Vårsemesteret Web-kurs LivOGLyst-sider på kom-an.no Coachingkurs Arbeidsgruppa vitjar prosjekt Hovudsakleg nye prosjekt, prioritere eittårige Design i stadutvikling Veke 35 og 36 Arbeidsgruppa vitjar prosjekt Hovudsakleg eldre prosjekt 13. -14. september LivOGLyst-buss/båt Felles vitjing i prosjekt 17. og 18. september Vestlandsk Vidsyn Konferanse om nyskapande kommunar og lokalsamfunn på Vestlandet. 2. oktober LivOGLyst-konferansen Informasjon om LivOGLyst og søknad 2014 23. oktober Søknadsfrist prekvalifisering LivOGLyst 2015 Starten av november Kurs i rolle som vert for lokalsamfunn Rogaland, Solastranda. Bergen 13. november Søknadsfrist LivOGLyst 2015 For prekvalifiserte prosjekt Innan medio desember Styret: Handsaming av ny prosjekt LivOGLyst 2015 12