Delrapport 5 Modell 5

Like dokumenter
Delrapport 7 Modell 7

Delrapport 2 Modell 2

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Modellar for organisering av vidaregåande opplæring

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

EIN HEILSKAPLEG SKULESTRUKTUR FOR VIDAREGÅANDE SKULE I SUNNFJORD

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Tal søkjarar med ungdomsrett til opplæring i skule

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Søkjarar med ungdomsrett til fylkeskommunale vidaregåande skular, første ønske Service og samferdsel Studiespesialisering

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

SKULESTRUKTUREN PÅ VOSS REFORDELING AV ELEVPLASSTAL OG UTDANNINGSPROGRAM

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

SKULEBRUKSPLAN FOR VIDAREGÅANDE OPPLÆRING I SOGN OG FJORDANE HØYRING FRÅ SAMARBEIDSFORUM I SUNNFJORD

Søkjarar med ungdomsrett til fylkeskommunale vidaregåande skular, første ønske.

Utdanningsprogramma. Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Medium og kommunikasjon Kunst, design og arkitektur

Tittel: Opplæringstilbodet for skuleåret

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Skulebruksplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Dialogmøte med kommunane i Sogn

Høringsbrev- ny yrkesfagleg struktur

10. trinn. Foreldremøte

Oversikt over ledige skuleplassar pr utdanningsprogram pr 2.august Lista vert ikkje oppdatert. Ta kontakt med den aktuelle skulen

8. trinn 2019/2020 Bryne ungdomsskule

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Justering av tilbodsstrukturen, skuleåret 2015/2016

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Oppfølging av skulebruksplanen Sak 78/15 Opplærings- og helseutvalet

Ølen vidaregåande skule

MØTE BOK. Sak 5/17 vart handsama først i møtet, deretter vart sakene handsama i kronologisk rekkefølgje.

Skuletilbodet

2. Kort omtale av utgreiinga (ev. sentrale utfordringar og dilemma i konsekvensvurderingane)

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta

Vågsøy kommune Sentraladministrasjonen

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

8. trinn 2017/2018 Bryne ungdomsskule

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Vedlegg 3. Notat - modellar for framtidig organisering av vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Oversikt over ledige skuleplassar per 26. juli 2019, per programområde. Lista vert ikkje oppdatert. Ta kontakt med den aktuelle skulen frå 12. august.

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Hovudutval for opplæring

Kopi til: Arkivnr.: 526. Vurdering av prognoseinntaket til dei vidaregåande skolane, skoleåret 2009/2010

Gjeldende per Ditt valg! Videregående opplæring

Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring til å gjere slikt vedtak:

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Nordfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Ditt valg! Idrettsfag Kunst, design og arkitektur Medier og kommunikasjon Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ny GIV Overgangsprosjektet

Ny søknad om oppretting av landslinetilbod for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

Dialogmøte Sogn. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

KRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN

PRIMÆRSØKJARAR (1. ØNSKE)

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Skolestrukturutredning 2013

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Om tall for gjennomføring i Skoleporten august 2016

Elevtalsframskriving

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Stimuleringstilskot til fag- og yrkesopplæringa

Inntak i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune - overordna prinsipp for inntak DP 1.5

8. trinn 2016/2017 Bryne ungdomsskule. Overgangen til ungdomsskulen Andre framandspråk Valfag Besøk på ungdomsskulen og foreldremøte i juni

KARTUTSNITT GEOGRAFISK SØKERMØNSTER

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58345/2013/A40 Jane Anita Aspen,

Samlokalisering av Kvam vidaregåande skule

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Transkript:

Vedlegg 5 Delrapport 5 Modell 5 Høyringsutkast 19. feb. 2013 www.sfj.no

S i d e i Innhald 1. Omtale av modell 5... 2 2. I kva grad når modell 5 målet om høg kvalitet på opplæringa?... 4 3. I kva grad når modell 5 måla om alle utdanningsprogram og eit breitt spekter av programfag i eige fylke, og om at elevane i størst mogeleg grad får oppfylt ønska sine om opplæringstilbod?... 5 4. I kva grad når modell 5 målet om samsvar med samfunnet sitt behov for kompetanse?... 6 5. I kva grad når modell 5 måla om at:... 7 det er lagt langsiktige planar for opplæringstilbodet for å fremje stabilitet og ein føreseieleg situasjon for tilsette, elevar og lokalsamfunnet... 7 vidaregåande opplæring er organisert på ein måte som fremjar robuste einingar og fagmiljø, slik at ein kan møte endringar i rammer og føresetnader utan å måtte endre strukturar i opplæringstilbodet... 7 6. I kva grad når modell 5 måla for økonomisk innsparing?... 8

S i d e 1 Innleiing Målet med delrapport 5 er todelt. Rapporten omtalar modell 5 meir detaljert enn i hovudrapporten. Rapporten gir òg ei oversikt over dei viktigaste konsekvensane av modellen. Delrapportane kan ikkje lesast uavhengig av hovudrapporten. Rammer og premissar omtala i kapittel 1 av hovudrapporten, og føresetnader for konsekvensutgreiingane omtala i kapittel 3, gjeld òg for delrapportane. Konsekvensar som er generelle eller uavhengige av val av modell for organisering, omtala i kapittel 5 i hovudrapporten, er ikkje omtala i delrapportane. I kapittel 1 er modellen omtala i meir detalj enn i hovudrapporten. I kapittel 2-6 er det gjort greie for i kva grad modellen når dei overordna måla for skulebruksplanen. Måla er omtala i kapittel 1.2 og kapittel 4 i hovudrapporten. Ein konsekvens av å organisere delrapportane på denne måten er at mykje av vurderingane frå hovudrapporten er gjentekne i delrapporten. Samstundes vonar fylkesrådmannen at delrapporten kan vere til hjelp med omsyn til å få ei oversikt og ei heilskapleg forståing av konsekvensane av kvar enkelt modell.

S i d e 2 1. Omtale av modell 5 Modell 5 er utarbeidd av fylkesrådmannen med grunnlag i planutvalet sine vedtak av 7. og 28. november 2012 (jf. kapittel 1.1 i hovuddokumentet). Fylkesrådmannen har så langt som mogeleg lagt til grunn kvar tilboda er lokaliserte i 2012/13, ledig undervisningsareal, fordeling mellom regionane, behov for kompetanse i arbeidslivet, samdriftsfordelar mellom utdanningsprogram og samarbeid med eksterne samarbeidspartar. Modell 5 er variant av modell 2 med hovudformål å gje tilbod i utdanningsprogram ved fleire skular enn i modell 1. Det gjeld: design og handverk helse- og oppvekstfag idrettsfag medium og kommunikasjon studiespesialisering restaurant- og matfag Hovudgrep, som i modell 2, er: Luster vidaregåande skule vert lagt ned Høyanger vidaregåande skule vert lagt ned Mo og Jølster vidaregåande skule avdeling Jølster vert lagt ned. Mo og Øyrane vert slått saman slik at Mo vert ei avdeling under Øyrane vidaregåande skule Dale vidaregåande skule vert lagt ned Stryn vidaregåande skule vert lagt ned Tabellen under syner skilnaden mellom modell 2 og modell 5: Restaurant- og matfag vert tilbydd ved Sogndal vidaregåande skule i tillegg til Øyrane og Måløy vidaregåande skular, og vert tilbod i alle tre regionane.

S i d e 3 Idrettsfag vert tilbydd ved Sogndal vidaregåande skule, og er ikkje lenger fylkesdekkjande tilbod ved Firda vidaregåande skule Medium og kommunikasjon vg1 og vg2 vert tilbydd ved Sogndal vidaregåande skule, og er ikkje lenger fylkesdekkjande tilbod ved Firda vidaregåande skule. Design og handverk vert tilbydd ved Øyrane vidaregåande skule, og er ikkje lenger fylkesdekkjande tilbod ved Eid vidaregåande skule. Studiespesialisering ved Årdal vidaregåande skule Helse- og oppvekstfag vert i Nordfjord tilbydd både ved Firda vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule. Dei andre utdanningsprogramma har same breidde som i modell 2 bygg- og anleggsteknikk ved fem skular elektrofag ved fem skular musikk, dans og drama ved ein skule naturbruk ved to skular service og samferdsel ved fire skular teknikk og industriell produksjon ved seks skular vg3 påbygging til generell studiekompetanse ved fire skular

S i d e 4 2. I kva grad når modell 5 målet om høg kvalitet på opplæringa? Kvalitet på opplæringa er omtala i kapittel 4.1 i hovudrapporten. I norsk samanheng er det lite forsking på samanhengen mellom skulestorleik og kvalitet. Det som finst av forsking er i all hovudsak knytt opp mot små bygdeskular på grunnskulenivå. Det er m.a.o. ikkje forskingsgrunnlag for å seie at skulestorleik har avgjerande innverknad på kvaliteten på opplæringa. Ein gjennomgang av kvalitetsområda som kan talfestast, gjennomføring og eksamensresultat, viser at det ikkje er systematiske samanhengar mellom skulestorleik og resultat i Sogn og Fjordane. 2.1 Fagmiljø I «God-betre-best!» heiter det: Generelt er det likevel slik at læraren har mest å seie for eleven sitt læringsutbytte. Å rekruttere lærarar med høg kompetanse både fagleg og pedagogisk, vil difor vere ei sentral utfordring i åra framover. Kompetansen til læraren er avgjerande for kvaliteten på opplæringa, jf. vedlegg 30. Det er fylkesrådmannen si vurdering at det vil vere vanskeleg å halde på fagkompetanse og å byggje solide fagmiljø utan at ein i større grad samlar utdanningsprogramma på færre skular. Dersom ein organiserer opplæringstilbodet som i dag vil ein i liten grad ha parallellar på programområda på mange av skulane. Som ein konsekvens risikerer ein at nokre utdanningsprogram/programområde ikkje vil verte sette i gang på enkelte skular i år med låge søkjartal. Det vil gi ein særs lite føreseieleg situasjon for elevar og tilsette. Det vil òg verte særs krevjande å halde på fagkompetansen dei åra utdanningsprogram/programområde ikkje vert lyste ut. Erfaring tilseier òg at desse fagmiljøa er utsette ved fråvær av lærarar, då det ofte er vanskeleg å få tak i kvalifiserte vikarar. Den samla konsekvensen av dette kan bli lågare kvalitet på opplæringa. Denne situasjonen vil kunne gjelde for utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag, restaurantog matfag, idrettsfag, medium og kommunikasjon, design og handverk og studiespesialiserande i modell 5. Det er allereie i dag ei utfordring med overtal som følgje av justeringar av opplæringstilbodet på dei mindre skulane. Utfordringa kjem til å auke utan ei samling av fagmiljøa. Samstundes vil fylkesrådmannen streke under at store skular i seg sjølv ikkje automatisk gir store fagmiljø. Dersom ein stor skule tilbyr breidde (mange små fagområde) i opplæringstilbodet, kan dette gi like store utfordringar med å bygge solide fagmiljø som på ein liten skule. Modell 5 vil berre i noko grad bidra til større fagmiljø enn skuleåret 2012/13. Det er ikkje forskingsgrunnlag for å seie at skulestorleik har avgjerande innverknad på kvaliteten på opplæringa. Det er ikkje systematiske samanhengar mellom skulestorleik og resultat i Sogn og Fjordane. Det vil vere vanskeleg å halde på fagkompetanse og å bygge solide fagmiljø utan å samle utdanningsprogramma på færre skular. Modell 5 vil berre i nokon grad bidra til større fagmiljø enn i dag.

S i d e 5 3. I kva grad når modell 5 måla om alle utdanningsprogram og eit breitt spekter av programfag i eige fylke, og om at elevane i størst mogeleg grad får oppfylt ønska sine om opplæringstilbod? Desse måla er drøfta i kapittel 4.2 i hovudrapporten. Framskriving av tal elevar som må bu på hybel Med bakgrunn i føresetnadene skisserte i kapittel 3.1 i hovudrapporten har fylkesrådmannen framskrive tal hybelbuarar for modell 5 og tidspunkta 2016 og 2020. Framskrivinga er omtala i kapittel 5.1.2 i hovudrapporten. Tabell: Framskriving av tal elevar som må bu på hybel Bortebuarar 2012/13 mod 5 Tal elevar 16/17 1111 1300-1370 Tal elevar 20/21 1240-1310 % elevar 16/17 26 % 33-35 % % elevar 20/21 33-35 % Det er ikkje mogeleg å vite sikkert om det er skilnad mellom modellane med omsyn til om elevane i størst mogeleg grad får oppfylt ønska sine om opplæringstilbod. I modell 5 vil det truleg bli 150-350 fleire elevar som må bu på hybel enn i dag. Modell 5 når målet om alle utdanningsprogram og eit breitt spekter av programfag i eige fylke.

S i d e 6 4. I kva grad når modell 5 målet om samsvar med samfunnet sitt behov for kompetanse? Målet er drøfta i kapittel 4.3 i hovudrapporten. Samfunnet sitt behov for kompetanse er omtala i kapittel 3.6. Truleg vil ingen av dei føreslegne modellane få store konsekvensar for rekrutteringa til fag- og yrkesopplæringa. I Sogn og Fjordane har ein mange fylkesdekkjande programområde i yrkesfaga. Det kan ikkje dokumenterast at dette har gått ut over rekrutteringa. Truleg vil modellane der det er føreslått å samle utdanningsprogram og programområde på færre skular ikkje gå ut over rekrutteringa. Sjølv om truleg ingen av dei føreslegne modellane vil få store konsekvensar for rekrutteringa til fag- og yrkesopplæringa, vil det kunne vere skilnader for enkeltfag/yrke. Endringar i økonomien kan endre behovet for kompetanse på kort sikt. Det er stor skilnad mellom små og store fagmiljø på dei vidaregåande skulane med omsyn til i kva grad tilbodet vil kunne tilpassast raske endringar i arbeidslivet. Store fagmiljø med breiast mogeleg fagkompetanse vil både vere mest fleksible og mest robuste med tanke på å gi handlingsrom for nye og endra tilbod, ut frå mellom anna behova i næringslivet. I tillegg vil det i dei små fagmiljøa, der fagkompetansen er knytt til berre to-tre fagpersonar, vere krevjande å tilby elevane heile breidda av programfag/lærefag i utdanningsprogrammet. Dette vil òg lettare føre til at skular rekrutterer til det vg2-tilbodet dei sjølve tilbyr. I modell 5 vil enkelte av fagmiljøa vere små. Modell 5 vil truleg bidra til nå målet om samsvar med samfunnet sitt behov for kompetanse.

S i d e 7 5. I kva grad når modell 5 måla om at: det er lagt langsiktige planar for opplæringstilbodet for å fremje stabilitet og ein føreseieleg situasjon for tilsette, elevar og lokalsamfunnet vidaregåande opplæring er organisert på ein måte som fremjar robuste einingar og fagmiljø, slik at ein kan møte endringar i rammer og føresetnader utan å måtte endre strukturar i opplæringstilbodet Desse måla er omtala i kapittel 4.4 i hovudrapporten. I drøftinga av fagmiljø i kapittel 4.1 i hovudrapporten går det fram at det i enkelte utdanningsprogram i modell 5 i liten grad vil vere parallellar på programområda på mange av skulane. Samstundes vil elevtalet gradvis synke i åra framover. Ein konsekvens av dette vert at ein vil forsterke dagens situasjon med eit vidaregåande opplæringstilbod som er lite fleksibelt. Når elevtalet vert redusert vil òg situasjonen bli mindre føreseieleg. Fagmiljøa vil difor vere små og lite robuste med omsyn til endringar i opplæringstilbodet, t.d. endra økonomiske rammer, endra behov i arbeidslivet, endra søkjarmønster til elevane, endra nasjonale føresetnader osb. For å oppnå stabilitet, robustheit og fleksibilitet er skulane avhengige av ein viss storleik også på fagmiljø. I modell 5 vil fylkeskommunen truleg nå målet om at vidaregåande opplæring er organisert på ein måte som fremjar robuste einingar og fagmiljø, slik at ein kan møte endringar i rammer og føresetnader utan å måtte endre strukturar i opplæringstilbodet. I modell 5 vil fylkeskommunen truleg nå målet om ein føreseieleg situasjon for tilsette, elevar og lokalsamfunnet.

S i d e 8 6. I kva grad når modell 5 måla for økonomisk innsparing? 6.1 Drift av vidaregåande skular Fylkesrådmannen har, med utgangspunkt i føresetnadene i kapittel 3.4 i hovudrapporten, stipulert følgjande innsparing i modell 5: Modell 5 Avvik i høve referansemodell (i mill kr) (- innsparing, + kostnadsauke) Tenesteområde 16/17 20/21 Pedagogisk leiing og drift av utdannningsprogramma -64,4-76,3 Utgifter til lokale (inkl. drift og vedlikehald av skulebygg) -12,5-15,3 Forvaltning og fellesutgifter -7,9-8,6 Sum -84,8-100,2 Tabellen viser samla innsparing i modell 5. Innsparinga i modell 5 i høve referansemodellen (skuleåret 2012/13) er basert på reduksjonen i elevplass- og gruppetalet og nedlegging av fem skular og er knytt til: leiing, undervisning, pedagogiske støttefunksjonar administrative- og tekniske støttefunksjonar, div. driftsmidlar drift, reinhald, vedlikehald og leige av lokale og energi bortfall av arbeidslivskontakt og miljøkoordinator som følgje av nedlegging av skular Redusert tilleggsressurs til undervisning ved at tal skular med få parallellar i studiespesialisering vert redusert; reduksjon frå åtte til to skular med tilleggsressurs samanlikna med 2012-2013. 1 6.2 Skuleskyss Samla omfang av skuleskyss vil auke i alle modellane. Skuleskyssen vert redusert nokre stader, men aukar meir andre stader pga nedlegging av skular. I tillegg er det årlege kostnader knytt til nyinvestering i bussmateriell. Denne kostnaden er sett til 0,3 mill. kr per buss. I modell 5 er kostnadene til båten Atløy Askvoll trekt ut. Denne båtruta har ein årleg kostnad på kr 0,2 mill. kr. Med utgangspunkt i utrekna kostnader vil det i modell 5 verte ei auke i årlege skysskostnader på 5,1 mill. kr. 6.3 Bygg og eigedomar Modell 5 er relativt lik modell 2 og 7, og inneber potensiale for sal av eigedommar i Luster, Høyanger, Jølster, Dale og Stryn, i tillegg til noko mindre areal i Årdal. Samla verditakst er om lag 135 mill. kr. Modellen vil medføre behov for nybygg ved Sogndal, Øyrane, Eid og Måløy vidaregåande skular til ein samla kostnad i storleiksorden 250 mill. kr. Det er behov for ombygging på Årdal, Flora og Måløy vidaregåande skular til ein samla kostnad i storleiksorden 4 mill. kr. I modellen er totalkostnader til rehabilitering ikkje medrekna på dei stadene der skular vert lagde ned og eigedommane planlag selde. 6.4 Kapitalkostnader Føresetnadene for utrekning av kapitalkostnader er omtala i kapittel 3.4 i hovudrapporten. 1 Nærare omtale i delrapport 8, kapittel 13.

S i d e 9 Årlege kapitalkostnader for modell 5 for åra 2014-2024, med og utan sal eller utleige av eigedomar, er vist i tabellen under: Tabell: Kapitalkostnader Kapitalkostnader (i mill. kr) Modell 5 16/17 20/21 Kapitalkostnader (utan sal av eigedomar) 19,3 25,5 Kapitalkostnader (med sal av eigedomar) 14,3 14,3 Kapitalkostnadene til fylkeskommunen vil auke med 25 mill. kr i modell 5 i 2020, dersom fylkeskommunen ikkje får seld eller leigd ut noko ledig areal. Kapitalkostnadene til fylkeskommunen vil auke med 14 mill. kr i modell 5 i 2020, dersom fylkeskommunen får seld ledige bygg til verditakst. 6.5 Samla vurdering av i kva grad modell 5 når måla for økonomisk innsparing I kapittel 1.5 i hovudrapporten er det lagt til grunn at skulebruksplanen skal synleggjere ei økonomisk innsparing i storleiksorden 47-62 mill. kr i perioden fram til 2016 og 72-97 mill. kr i perioden fram til 2024. Samla økonomiske konsekvensar (i mill. kr.) modell 5 Skuleår: 16/17 20/21 Drift av vidaregåande skular -47,0-100,2 Hordalandsavtalen -7,1-7,1 Skuleskyss 0,0 5,1 Kapitalkostnader (utan sal av eigedomar) 19,3 25,5 Kapitalkostnader (med sal av eigedomar) 14,3 14,3 Innsparingsbehov 47-62 72-97 SUM økonomisk endring (utan sal av eigedomar) -34,8-76,8 SUM økonomisk endring (med sal av eigedomar) -39,8-88,0 Tala for innsparing på drifta på dei vidaregåande skulane er for 2016/17 korrigert med bakgrunn i uvissa knytt til kor raskt det vil vere mogleg å realisere stipulert innsparing. Dette er nærare omtala i kapittel 4.5.1 i hovudrapporten. Utan sal av ledige eigedomar er innsparinga i modell 5 i 2016/17 stipulert til om lag 35 mill. kr og i 2020/21 om lag 77 mill. kr. Med sal av ledige eigedomar er innsparinga stipulert til om lag 40 mill. kr i 2016/17 og om lag 88 mill. kr i 2020/21. Modell 5 når målet for varig økonomisk innsparing både med og utan føresetnaden om sal av ledige eigedomar.

S i d e 10