Korleis sikra berekraftig flaumsikring på Voss? Synnøve Kvamme Leiar av Naturvernforbundet Hordaland
Eit tilbakeblikk: Kva er bakgrunnen for dagens situasjon? Busetnad for tett inntil vassdrag og elvedelta Endring av elvelaup og elvemunningar Øydelegging og nedbygging av naturlege dreneringssystem (m.a. elvesletter, myrar, våtmarksområde og skog) Auka nedbørsmengder Klimaendringane vil føra til endå meir nedbør = større og hyppigare flaumar
Med andre ord: Me har hamna i ein vanskeleg og sårbar situasjon på grunn av 1. Mangel på forståing/kunnskap om - konsekvensane av klimagassutslepp og global oppvarming - øydelegging av naturlege dreneringssystem - vassdrag som dynamiske økosystem 2. Trua på at me kan kontrollera og tukla med naturen utan konsekvensar
Flaumsikring kan ikkje baserast på vidare øydelegging av naturen, men må vera KUNNSKAPSBASERT BEREKRAFTIG FRAMTIDSRETTA
Kva kunnskap bør flaumsikringa bygga på?
Ei statusoppdatering: Kva utfordringar står me ovanfor?
TAP AV ARTSMANGFALD
Kor mange artar kan forsvinna før økosystem kollapsar? Skal me finna det ut?
Kva er situasjonen i Noreg?
Dei største trugsmåla mot artsmangfaldet i Noreg: Arealendring og øydelegging står for 87%!
Flaumsikring må derfor skje på ein forsvarleg måte som ikkje bidreg til vidare naturøydelegging. Berekraftig flaumsikring utelukkar kraftutbygging i Raundalselva.
1. Meir enn nok vasskraft er bygd ut i Noreg. To tredjedelar av dei største vassdraga våre er utbygd. I Hordaland er nesten 60% av vassdraga utbygd. Me eksporterer fleire TWh vasskraft årleg grunna overproduksjon.
2. Meir vasskraftutbygging undergrev energieffektiviseringstiltak Det største kraftverket i Noreg heiter energieffektivisering! Energieffektiviseringstiltak i bygg og industri kan frigje energi tilsvarande 40 Altakraftverk (26,5 TWH). Men overproduksjon av kraft pressar straumprisane ned og gjer slike tiltak ulønsame. X 40
3. Raundalselva er eit verdifullt, varig verna vassdrag
3. Raundalselva er eit verdifullt, varig verna vassdrag Norsk verneplan for vassdrag: «Norsk vassdragsnatur er mangfoldig og unik i europeisk sammenheng. Verneplan for vassdrag har som mål å ta vare på et representativt utvalg av norske vassdrag, først og fremst som et vern mot kraftutbygging.»
3. Raundalselva er eit verdifullt, varig verna vassdrag Vosso er det største vassdraget i Hordaland og eit av dei siste, store urørte vassdraga på Vestlandet. Raundalselva er verna på grunn av stort mangfald av plante- og dyreartar, spennande geologi og landskapsformar, store kulturminneverdiar og rikt friluftsliv.
4. Dagens system for kartlegging av naturverdiar i vassdrag er for dårleg NVE sin gjennomgang av naturkartlegging i samband med vasskraftsutbyggingssøknader, viste grove avvik i 14 av 20 vassdrag. Kraftselskapa sine innleigde miljøkonsulentar fann berre - 30 av 58 truga naturtypar, og berre éin av 14 «svært viktige lokalitetar - 13 av 166 raudlisteartar (truga artar) Også i Øystesevassdraget hadde kraftselskapa sine innleigde konsulentane berre funne 3 av 14 raudlisteartar.
Kva moglegheiter har me? Me må spela på lag med naturen: Tilbakeføring og restaurering av naturlege flaumdemparar må utgreiast grundigare Dersom det viser det er reelt at flaumtunell ikkje er til å koma utanom, må det mest mogleg skånsame alternativet veljast
Grunnlova 112 (revidert i 2014): "Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten. Borgerne har rett til kunnskap om naturmiljøets tilstand og om virkningene av planlagte og iverksatte inngrep i naturen, slik at de kan ivareta den rett de har etter foregående ledd. Statens myndigheter skal iverksette tiltak som gjennomfører disse grunnsetninger." (Vår understreking)
Respekter vernet av Raundalselva Utgrei berekraftige alternativ Voss har sjansen til å bli ein føregangskommune i berekraftig og framtidsretta flaumsikring!