SULA KOMMUNE Plan og byggenemnd for diverse bygg INNKALLING MØTE 04/15 Møtedato: 03.06.2015 Møtestad: Måseide skule Møtetid: Kl. 17:00 Eventuelt forfall skal meldast til servicetorget, tlf 70 19 91 00. Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen. Møtet er ope for publikum. Oppmøte på Måseide skule kl 17:00 Sula kommune 27.05.15 Magne A Sunde utvalsleiar
Sakliste Saksnr. Sakstittel Gradering 011/15 Godkjenning av møtebok nr. 03/15 012/15 Måseide barnehage - Tilbygg - Søknad om ekstraløyving
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Terje Havnegjerde Arkivsaksnr: 15/608 15/8809 Arkiv: Godkjenning av møtebok nr. 03/15 Utval: Møtedato: Saksnr.: Plan og byggenemnd for diverse bygg 03.06.2015 011/15 Rådmannen si innstilling: Møteprotokollen vert godkjent. Tittel Dok.ID Protokoll - Plan og byggenemnd for diverse bygg - 15.04.2015 238735 1
SULA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL 03/15 PLAN OG BYGGENEMND FOR DIVERSE BYGG Møtedato: 15.04.2015 Møtetid: Kl. 17:00-18:00 Møtestad: Sula rådhus, møterom i 1 etg Saksnr.: 009/15-010/15 Følgjande medlem møtte Nils Jarle Solevåg Trygve Holm Bertil Breivik Christian Birkeland Per Helge Rekdal Magne Anton Sunde June Skodje Skaar Parti AP AP FRP H KRF SUL V Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Ingen varamedlem møtte Sverre Østrem FRP Møteleiar: Magne Anton Sunde Frå administrasjonen: Einingsleiar Terje Havnegjerde Innkalling: Ingen merknad Sakliste: Sakene 009-010/15 Utlevert i møtet: <notater> Behandla saker: Saken 009-010/15 Orientering: Sp.mål/interpell.: Diverse: Underskrifter: June Skodje Skaar Magne Anton Sunde Per Helge Rekdal Terje Havnegjerde referent
Saksliste Saksnr. Sakstittel Gradering 009/15 Godkjenning av møtebok nr. 02/15 010/15 Nytt bukollektiv for personar med demens - bestilling av detaljprosjektering og konkuransegrunnlag for anbodsinnbydelse Side 2
009/15: Godkjenning av møtebok nr. 02/15 Rådmannen si innstilling: Møteprotokollen vert godkjent. Behandling i Plan og byggenemnd for diverse bygg 15.04.2015 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt. BN- 009/15 Vedtak: Møteprotokollen vert godkjent. 010/15: Nytt bukollektiv for personar med demens - bestilling av detaljprosjektering og konkuransegrunnlag for anbodsinnbydelse Rådmannen si innstilling: På bakgrunn av rapporten Forprosjekt med kalkyle av 26.02.2015 vedtek Plan og byggenemnd for diverse bygg at det blir utarbeidd detaljprosjektering og nødvendig dokumentgrunnlag for anbodskonkurransen når det gjeld Bukollektiv og dagsenter for demente. Behandling i Plan og byggenemnd for diverse bygg 15.04.2015 Det vart frå Bertil Breivik (FRP) fremma forslag om å utsette saka. Det vart røysta over utsettingsforslaget. Utsettingsforslaget fell mot 1 stemme. Rådmann si innstilling til saka vart deretter vedtatt mot 1 stemme. BN- 010/15 Vedtak: På bakgrunn av rapporten Forprosjekt med kalkyle av 26.02.2015 vedtek Plan og byggenemnd for diverse bygg at det blir utarbeidd detaljprosjektering og nødvendig dokumentgrunnlag for anbodskonkurransen når det gjeld Bukollektiv og dagsenter for demente. Side 3
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Terje Havnegjerde Arkiv: K1-614, K2 - A10, GBNR - 73/66, GBNR - 73/144 Arkivsaksnr: 13/179 15/8810 Måseide barnehage - Tilbygg - Søknad om ekstraløyving Utval: Møtedato: Saksnr.: Plan og byggenemnd for diverse bygg 03.06.2015 012/15 Formannskapet Kommunestyret Rådmannen si innstilling: Sula kommunestyre vedtar ei tilleggsløyving på kr 480.000 til sluttføring av byggeprosjekt Tilbygg-Måseide barnehage. Dette fører til følgjande budsjettendring: Prosjekt I 5029 + 600.000,- Låneopptak - 480.000,- Mva-kompensasjon - 120.000,- Løyvinga skal dekkast opp med låneopptak med maksimal avdragstid etter rekneskapsforskriftene. Tittel Dok.ID Måseide barnehage, tilbygg - Ny anbodsrunde 242093 Bakgrunn for saka: Byggeprosjekt Tilbygg-Måseide barnehage vart på bakgrunn av kommunestyrevedtak K- 043/14 starta opp. Her godkjente Sula kommunestyre ei samla økonomisk ramme for prosjektet på inntil kr 9.860.000. Byggearbeidet starta opp 30.11.2014; og pga konkurs til hovudentreprenør vart arbeidet innstilt 21.01.2015. Ein konkurs har fleire ringverknader. For Sula kommune har det i dette tilfelle ført til økonomiske og framdriftsmessige konsekvensar. Prosjektet er blitt meir kostbart, og framdrifta er forskjøve med ca 6 mnd. Det er behov for ei tilleggsløyving; og ny oppstart vil ev ikkje skje før etter sommarferien. Saksopplysningar: I etterkant av konkursen til hovudentreprenør Lade Bygg as, har Sula kommune, saman med garantist og bustyrar blitt einige om eit sluttoppgjer. Eit restbeløp for utført arbeid er utbetalt til konkursboet; og garantien som Ørskog sparebank har stilt blir utbetalt i sin heilhet til Sula kommune. 1
Vurdering: Konkursen har påført Sula kommune ekstra utgifter. Eit enkelt oppsett på desse utgiftene er: K-sak 043/14 - løyve 9.860.000 Påløpte kostnader pr 21.04.15 3.901.972 Restbeløp 5.958.028 Garantisum som blir utbetalt 587.618 Til disposisjon pr 21.04.15 6.545.646 Kostnad, ny hovedentreprise 5.569.108 Kostnad, tekniske entrepriser. Rest 1.180.528 For lite 203.990 Konsulenthonorar, nytt anbod mm 306.900 Finanskostnad ekstra byggetid 90.000 Behov for ekstraløyving 600.890 Hovudårsaken til behov for ekstraløyvinga er: 1. Høg entreprisekostnad på det nye anbodet i forhold til opprinneleg anbod (kom berre inn eitt anbod) 2. Konsulenthonorar i samband med statusrapport og utarbeiding av nytt anbodsgrunnlag 3. Noko meir finanskostnad pga lengre byggetid Dersom prosjektet blir tilført den ekstra løyvinga på 600.000,- kan arbeidet takast opp att. 2