Vinje kommune Rådmannen Arkiv saknr: 2016/1249 Løpenr.: 10927/2016 Arkivkode: Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Sakshandsamar: Sissel Jacobsen Bitustøyl Felles jordmorteneste i Vest-Telemark Bakgrunn: I samband med den politiske saka om felles jordmorvakt i 2012 lova ein å sjå vidare på: Storleik på stillingane til vakt og svangerskapskontrollar. Kommunar med mange fødande har like stor ressurs til svangerskapskontrollar som dei mindre kommunane. Samarbeid over kommunegrenser? Kan ein endre på vaktbelastninga? Sjå på turnusar der sume har meir vakt og andre har meir kontrollar? Felles kommunejordmor? Kva med ressursar til barselomsorga? Sak i styringsgruppa for samhandling Sak om felles jordmorteneste i Vest-Telemark har i vinter vore diskutert i Styringsgruppa for samhandling i Vest-Telemark ved fleire høve. Rådmennene har bede samhandlingskoordinator om ei sak til politisk handsaming. Stoda i dag: Kommunane i Vest-Telemark har alle eigne jordmorstillingar. Vinje, Tokke, Kviteseid og Seljord har alle 100 % stilling. Fyresdal har 65 % og Nissedal har 25 % stilling. Alle kommunane har avtale med Sykehuset Telemark HF (STHF) om jordmorberedskap. Fyresdal, Kviteseid, Tokke, Vinje og Seljord er med i vaktberedskapen i Seljord - der 60 % av stillingane går til beredskap. Nissedal har eigen avtale med STHF på grunn av annan reiseveg til sjukehuset. Det er store skilnader i tal på fødslar i kommunane (sjå tabell under ressursar). Nokre av jordmødrene har difor små ressursar til å ivareta svangerskapskontrollar, barselomsorg, kurs
for foreldre, samarbeid på helestasjonen, barselsbesøk m.m., mens andre har betre tid til sine oppgåver. Samla sett er det gode ressursar i Vest-Telemark. Det er stadig nye oppgåver for jordmødrer og helsestasjon i samband med krav om tidleg intervensjon i problemheimar, barseloppfølging og førebyggjande arbeid. Våren 2014 kom det nye retningsliner for god barselomsorg, der det ligg sterke føringar på at mødrer skal ha tilbod om besøk i heimen av jordmor 1-3 dagar etter heimkomst frå fødeavdelinga. Ved sjukdom, vakanse og feriar til jordmor er tenesta sårbar. Det har difor vore eit ynskje om å sjå på eit meir heilskapleg samarbeid, slik ein har i barnevernet sidan 1993. I periodar har kommunane vore utan jordmødrer, der dei andre kommunane har stilt opp for kvarandre. Ressursar Kommunane har i dag samla 285 % stilling til vaktberedskap og 205% stillingar i til kommunalt arbeid fordelt på ca.111 fødslar (tal frå 2015). Tabell 1: ressursar til kommunalt arbeide (utan vakt) i dag Vinje Tokke Seljord Kviteseid Nissedal Fyresdal Totalt 40% 40% 40% 40% 25% 20% 205% Fødselstala er i dei fleste Vest-Telemarkkommunane på veg ned, og samla sett er det romsleg med ressursar når ein samanliknar seg med kommunane elles i Telemark. Tabell 2: fødslar og jordmorressursar i Telemark (tal SSB) Kommune Fødslar i 2015 Jordmorressursar - kommunalt arbeid Ressurs pr. fødsel Porsgrunn 340 100 0,3 Kragerø 90 50 0,6 Skien m/siljan 539 310 0,6 Notodden 125 80 0,6 Hjartdal (samarb. Notodden) 13 10 0,8 Drangedal 27 25 0,9 Bamble 107 100 0,9 Nome 51 50 1,0 Vinje 37 40 1,1 Tinn 38 50 1,3 Seljord 26 40 1,5 Sauherad 31 50 1,6 Bø 59 70 1,8 Nissedal 10 25 2,5 Fyresdal 8 20 2,5 Kviteseid 15 40 2,6 Tokke 15 40 2,7 Vurdering: Vertskommunemodell Dersom ein organiserer jordmortenesta i ein vertskommunemodell, kan ein nytte ressursane etter behova i kommunane. Ferieavvikling, sjukdom og vakanse m.m. kan dekkast innanfor ein samla ressurs.
Det bør vere ei 20 % stilling som har leiaransvar og som er bindeledd til kommunane. Kontorstad ein dag i veka kan vera på jordmorvakta. Leiarressursen skal fordele jordmødrene etter behov, lage turnusar, vera kontaktperson mot sjukehus og økonomiansvarleg. Kven kommune som skal vera vertskommune, bør ein kunne diskutere ut i frå ynskje om å vera vertskommunen og med dei tilsette. Døme på organisering i vertskommune Alle jordmødrene blir tilsett i vertskommunen i ein jordmorbase, der ein fordelar ressursane etter talet på gravide. Gravide vil varierer både i tal og til ulik årstid. Vertskommunen skal vera arbeidsgjevar. Men ein kan leggje opp til at kvar jordmor kan vera knytt til ein kommune. Jordmor som høyrer til kommunen i dag, vil kunne ha den kommunen som sin primærkommune, men er tilsett i vertskommunen. Ut i frå behovsfordeling må jordmor ta ansvar for svangerskapskontrollar òg i andre kommunar. Ved vakansar er det vertskommunen som lyser ut stillinga. Vertskommunen bør også syte for at kommunane får noko ressurs til samarbeid med andre fagpersonar i kommunen. Jordmorvakta bør kunne nyttast meir i dag. Alle type kurs (bekkopp «bekkenløysing», amming, fødsel, foreldrerolle og barseltid) bør kunne gå føre seg på jordmorvakta, som er godt egna til dette. Sjukehuset Telemark kan også bidra her. Foreldreførebuande kurs bør ein halde 4-5 gonger i året, slik at alle får eit tilbod om dette. Vaktstillinga deltek òg i dette. Ved å nytte jordmorvakta til disse oppgåvene, vil det òg vera meir naturleg for barselkvinnene å bruke vakta meir til barselpoliklinikk. Vakta fungerer i dag som barselpoliklinikk på kveld- og helgetid, når helsestasjon er stengt. Ein kan ringe vakta og få råd om amming, smerter etter fødsel etc. og ved behov koma til klinikken. Jordmorvakta er blitt ein trygg og god teneste for dei gravide i Vest-Telemark. Men med ca. 111 fødslar (tal 2015) i året er det likevel mykje ressursar i bruk til vakt. Med nye retningsliner (barselbesøk innan 1-3 dagar) kan jordmorvakta kunne tilby barselbesøk til dei heimar som ligg innanfor vaktjordmor sin responstid på 30 minuttar. Dei aller fleste barselbesøk i Seljord og Kviteseid kan til dømes nås innanfor denne tida. Ein vil då kunne frigjere kommunale jordmorressursar. Heimar som ligg utanfor responstida, må ein syte for at får same tilbodet, men av jordmor som ikkje er på vakt. I revidert delavtale om jordmortenester mellom sjukehuset og kommunane i Telemark har ein lagt seg på eit nivå for barselbesøk til prioriterte grupper (klarert i Helsedirektoratet): 1. Rus 2. Psykiske problem 3. Vald 4. Kvinner/familiar der sjukehus ber heimkommunen om å følgje opp 5. Kvinner/familiar som jordmor/helsesyster/fastlege meiner bør følgjast opp Med nye retningsliner må sjukehuset òg ha stader å kontakte når mødrer reiser heim frå klinikken. Jordmorberedskapen (open 24/7) vil då kunne vera det eine telefonnummeret ein vender seg til.
Korleis ein endeleg skal organisere dette, vil sjølvsagt bli eit arbeid som må gjerast av ei gruppe representantar frå kommunane. Til dømes må ein rekne på ressursfordeling pr. gravid m.m. Økonomi pr. kommune Alle kommunane treng ein jordmorressurs, så ein økonomimodell bør basere seg på eit fast beløp og betaling pr. fødslar. Økonomimodellen som her er bruka, nyttar fødselstalet for 2015 og stillingsressursar på 205 % som i dag til kommunalt arbeid - og legg til ein 20 % stilling til leiing. Utrekninga er rekna ut frå ein tenkt løn på 500, der det ikkje har teke med driftskostnader (alle kommunane har det i dag), for å syne korleis ein fordeling kan sjå ut. 40 % delast likt mellom kommunane, 60 % delast deretter etter fødslar: 205 % stilling utgjer kr 1.025.000 (løn 500 ). Tabell 3: døme på økonomisk modell Tilsvarande stilling i Fødslar 2015 dag Fordeling 40 % likt og 60 % etter fødslar Seljord 26 200 000 212 387 Kviteseid 15 200 000 151 441 Nissedal 10 125 000 123 739 Fyresdal 8 100 000 112 658 Tokke 15 200 000 151 441 Vinje 37 200 000 273 333 Sykehuset Telemark HF ynskjer å ta det økonomisk ansvaret for å etablere ein 20 % leiarressurs, slik at dette ikkje vil bli belasta kommunane. Oppsummering Vest-Telemarkrådet hadde i vinter ein gjennomgang av tenester som ligg til rette for eit breiare samarbeid i Vest-Telemark. Ein av disse tenestene var jordmortenesta. Pr i dag er det små ressursar i kvar kommune, og ein er difor sårbar ved vakanse, sjukdom og feriar. Fødselstalet svingar i løpet av eit år og fødselstala gjeng ned i dei fleste av kommunane. Det kan til dømes vera mange gravide på våren i ein kommune og nesten ingen/ ingen på hausten. Jordmor kan difor ha ulikt arbeidspress i løpet av eit år. Nye oppgåver krev ressursar. Men ved å samle ressursane og nytte jordmorvakta meir, meiner ein at ressursane er store nok til å ivareta ei stabil teneste på ein god måte, i høve til både fødselstal og oppgåvene i kommunane.
Rådmannens framlegg til vedtak: 1. Vinje kommune ynskjer at ein i Vest-Telemark skal sjå nærare på eit jordmorsamarbeid i ein vertskommune. 2. Det blir sett ned ei arbeidsgruppe som legg fram ei konsekvensutgreiing på ein god modell. 3. Saka blir sendt til politisk handsaming i kommunane i løpet av 2016. Rådmannen, 20.05.16 Jan Myrekrok, rådmann /s/