Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 Vedteke: 18.10.2014 i F-sak 163/14 Saks nr: 14/1065 Dato: 17.10.2014
Innhald 1. Innleiing... 2 2. Bakgrunn for planarbeidet... 2 3. Mål for planarbeidet... 4 4. Rammer for planarbeidet... 4 4.1 Nasjonale føringar... 4 4.2 Regionale føringar... 5 4.3 Avgrensing av planarbeidet... 5 5. Medverknad... 6 6. Organisering... 6 7. Framdriftsplan... 7 Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 - Redigert etter vedtak i F-sak 163-14 1
1. Innleiing Kommunedelplan for kulturminne er ein tematisk plan som skal bidra til å auke kunnskapen og engasjementet rundt kulturminne. Bakgrunn for og mål med planarbeidet er omtala i kapittel 2 og 3. Det er lagt opp til aktivitetar under planarbeidet som skal bidra til auka interesse rundt kulturminne. Medverknad er omtala i kapittel 5. Planen skal omfatte alle kulturminne i Eid kommune, men sidan dette er første gang den vert utarbeidd vil den likevel vere avgrensa, sjå kapittel 4.3. for nærare avgrensing av planarbeidet. Planen skal ha ein eigen handlingsdel som syner korleis arbeidet med kulturminne skal følgjast opp dei komande åra. Handlingsdelen skal reviderast årleg. Handlingsdelen kan innehalde tiltak som til dømes er retta mot formidling, registrering og forvaltning. Dei tiltaka som krev økonomisk oppfølging frå kommunen må inn i økonomiplanen for å bli gjennomført. Handlingsdelen vert kopla mot kommunen sin økonomiplan gjennom handlingsprogrammet som vert revidert årleg av kommunestyret. 2. Bakgrunn for planarbeidet Utarbeiding av ein ny kommunedelplan for kulturminne i Eid kommune, er forankra i kommunen sin planstrategi for 2012-2016. Arbeidet med kulturminne er følgt opp i kommuneplanen sin samfunnsdel, i form av tre strategiar under kommunen si rolle som forvaltar av felles verdiar: 1.12. Ta vare på det kulturhistoriske særpreget i Eidsgata og Tverrgata. 5.14. Verne om naturressursar, kulturminne og særpreg i naturen. 5.15. Verne om særpreget på setrane. Denne kommunedelplanen skal bidra til meir systematisk registrering, forvaltning og formidling av kulturminne. Eid kommune har fått tildelt noko midlar frå Riksantikvaren og Sogn og Fjordane fykeskommune for å gjennomføre både kulturminneregistrering og utarbeide ein kommunedelplan for kulturminne. Kulturminneregistreringa er i første omgang avgrensa til å omfatte Eidsgata og Tverrgata i kopling mot aktiviteten på eksersisplassen. Kulturminne er spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, medrekna lokalitetar der det knyt seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. Kulturminne er ein av fleire viktige identitetsberarar for eit lokalsamfunn, og bevaring av kulturminne har difor stor eigenverdi. Det er historia knytt til det levde liv som gjer desse spennande. Eit kulturminne kan til dømes vere gardstun, setrer, bygningar, steingardar og mykje meir. Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 - Redigert etter vedtak i F-sak 163-14 2
Kulturarv kan seiast å vere heile den historiske plattforma som samfunnet står på. Dette skapar grunnlag for identitet og rotfeste, samstundes som det skapar forståing av at eigne tradisjonar representerar noko verdifullt. Materielle kulturminne er faste og lause kulturminne, som til dømes bygningar, gravminne og båtar. I følgje kulturminnelova 4 er det viktigaste kriteriet for freding av materielle kulturminne alderskriteriet, med dette meinast det at kulturminnet skal vere frå tida før 1538. Immaterielle kulturminne kan til dømes vere tru, tradisjon og handverk. Altså kulturminne som lever vidare som kulturytringar i skriftleg form, som eventyr, historie, song og dans. Immaterielle kulturminne frå før år 1538 er automatisk freda. Kulturmiljø er ein konsentrasjon av fleire kulturminne samla på ein stad. Eidsgata og Tverrgata er døme på eit kulturmiljø i Eid kommune. Det er kulturminnelova som er førande for kva som vert definert som kulturminne i den offentlege forvaltninga. For den enkelte kan alt som minner om folks levde liv og virke, både i nær og fjern fortid, vere eit kulturminne. Sjølv om noko er klassifisert som kulturminne får det ikkje automatisk ein vernestatus. Vern og bevaring av kulturminne vert regulert gjennom kulturminnelova og plan- og bygningslova. Gjennom plan- og bygningslova har kommunen høve til å gi føringar for korleis kulturminne skal forvaltast. Kva inneber utarbeiding av denne planen? For samfunnet vil planen vere nyttig i form av å skaffe ei oversikt over det vi har. Dette skal betre grunnlaget for å formidle desse verdiane og utvikle næring basert på denne kulturarven. Både barnehagar, skular, lokale lag og næringsliv kan dra nytte av dette. Meir kunnskap om kulturminna våre kan vere grunnlag for undervisning, bruk av teknologi i formidling, utvikling av bøker og som grunnlag for utvikling av nye aktivitetar. For den enkelte eigar av eit kulturminne, skal denne planen gi ei oversikt over kva bevaringsordningar som finst og kor ein kan få tilgang på midlar, stønadsordningar, for å ta vare på kulturminna. Dersom kulturminnet har høg verdi, ynskjer ikkje kommunen at det skal fjernast. For Eid kommune skal planen vere eit nyttig verktøy for å vurdere verdien av ulike kulturminne i samband med til dømes planarbeid og byggesakshandsaming, slik at viktige kulturminne kan ivaretakast. Kommunen har høve til å legge inn bygningsvern etter plan- og bygningslova. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Riksantikvaren vil ha nytte av arbeidet som vert gjort med lokale kulturminneplanar, då dette vil danne grunnlag for vern av kulturminne med nasjonal og regional verdi etter kulturminnelova. Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 - Redigert etter vedtak i F-sak 163-14 3
3. Mål for planarbeidet Dette er første gong det vert utarbeidd ein eige kommunedelplan for kulturminne i Eid kommune, planarbeidet er difor avgrensa. Det som ikkje kjem med i dette arbeidet, vil vere tema for utviding av innhaldet i kommunedelplanen ved neste revisjon. Planprogrammet skal legge rammene for og synleggjere avgrensinga av dette planarbeidet. Vi ynskjer at arbeidet med kommunedelplan for kulturminne og tiltaka i etterkant, skal gi følgjande effekt: Auka kunnskap om kulturarven som grunnlag for lokal identitet, aktivitet og verdiskaping Når kommunedelplan for kulturminne er ferdig utarbeidd skal vi ha nådd følgjande mål: Oversikt over kulturminne Klare kriterium for vurdering av kulturminneverdi Oversikt over prioriterte kulturminne med bakgrunn i verdi Oversikt over stønadsordningar Prioritert oversikt over tiltak for vidare oppfølging innan kulturminnefeltet Gjennomført aktivitet som kan skape interesse og auke engasjementet rundt kulturminne 4. Rammer for planarbeidet Kommunedelplan for kulturminne vert utarbeidd i tråd med dei føringane som følgjer av plan- og bygningslova. Dette inneber mellom anna medverknad, offentleg ettersyn i minst seks veker, eigen handlingsdel og vedtak av plan i kommunestyret. 4.1 Nasjonale føringar Miljøverndepartementet publiserte i 2011 «Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging». Sentrale forventningar knytt til kommunal planlegging og kulturminne er:..planleggingen bygger på oppdatert og tilgjengelig kunnskap om kulturminneverdier. Nødvendig kartlegging og vurdering av disse verdiene inngår i planlegginga. Kommunene registrerer og verdisetter kulturminner og kulturmiljø som har lokal verdi og innarbeider disse i planer etter plan- og bygningsloven.... Nasjonale mål for kulturminneforvaltninga er å finne i St. melding nr. 16 (2004 2005): Leve med kulturminner, med justeringar i Prop. 1S (2010-2011): Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 - Redigert etter vedtak i F-sak 163-14 4
Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø skal ikkje overstige 0,5 prosent innan år 2020. For automatisk freda arkeologiske kulturminne skal det årlege tapet ikkje overstige 0,5 prosent innan 2020. Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020. Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Eit representativt utval automatisk freda arkeologiske kulturminne skal vere sikra innan 2020. I St. melding nr. 35 (2012 2013): Framtid med fotfeste, er det gjort greie for korleis ein skal nå desse måla innan 2020. 4.2 Regionale føringar Sogn og Fjordane fylkeskommune satsar på lokale kulturminneplanar gjennom eit eige prosjekt. Her samarbeider fylket med Riksantikvaren for å nå dei nasjonale målsettingane. I denne satsinga ynskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune å bidra med kompetanse, ressursar og økonomisk tilskot til planarbeid. Målet med denne satsinga er å styrkje kommunane i deira operative rolle på kulturminnefeltet. 4.3 Avgrensing av planarbeidet Kommunedelplanen for kulturminne omfattar heile Eid kommune innanfor temaet kulturminne. Planen vil bli utarbeidd på grunnlag av registrerte kulturminne i Eid kommune. Sjå under for oversikt over kjelder som vil bli nytta: SEFRAK (Sekretariatet for registreringer av faste kulturminne) er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne, basert på registreringar som vart gjennomført frå 1975 til 1999. I denne registreringa vart alle bygningar frå før 1900, kartfesta, oppmålt og fotografert. I Eid kommune er det over 2000 bygningar registrert, dette dannar eit viktig kunnskapsgrunnlag for denne planen. Riksantikvaren sin database; Askeladden. Her vil vi mellom anna få oversikt over alle kulturminne som er automatisk freda eller vedtaksfreda gjennom kulturminnelova. Vi oppmodar alle om å registrere sine kulturminne i databasen Kulturminnesøk. Dette er ein open database, som vil bli nytta som kunnskapsbank. Bruk gjerne Riksantikvaren sin rettleiar: Håndbok for lokal registrering. Tidlegare kulturhistoriske registreringar i Eid kommune. Riksantikvaren sitt register for byar og tettstader i Noreg som har nasjonal interesse (NB-registeret). Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 - Redigert etter vedtak i F-sak 163-14 5
Lokalhistoriske skrifter, fylkesleksikonet og kulturlandskapsrapportar. Følgjande tema vil bli ekstra vektlagt i denne omgang: Generell omtale av kjende kulturminne i Eid kommune Eidsgata og Tverrgata opp mot eksersisplassen Generelle vurderingskriterium for verdien av kulturminne Prioritering av tiltak for å ta vare på kulturminna Planen skal ende med ein handlingsdel som gjer greie for kva tiltak kommunen ynskjer å støtte opp om og vere ein del av, for å ta vare på kulturminne i framtida. Handlingsdelen kan innehalde tiltak i form av nye registreringar, føringar for forvaltning og til dømes tiltak som skal gjere det enklare for eigar å ta vare på kulturminne og som gjer det lettare for ulike aktørar å formidle kulturarven. 5. Medverknad I arbeidet med kommunedelplan for kulturminne skal aktivitetar som kan skape interesse og engasjement for kulturminne vektleggast. Det er utarbeidd ei brosjyre med informasjon om heile kulturarvprosjektet, som og inkluderer registreringar av kulturminne i førekant av planarbeidet. Kulturminnesøk er ein database der alle som ynskjer kan registrere sine eigne kulturminne, og dermed legge grunnlaget for planarbeidet. Registrering av kulturminne kan ein gjere saman med andre som ein sosial aktivitet. Det er viktig å ta kontakt med eigar av kulturminne som eit ledd i denne prosessen. Det vil bli gjennomført arbeidsverkstad med felles registrering i kulturminnesøk og utveksling av erfaringar undervegs i planprosessen. Framdrifta i planarbeidet kan følgjast gjennom oppdateringar på Eid kommune sine heimesider og facebooksider. Følg og med i Fjordabladet. 6. Organisering Det er kommunestyret som har mynde til å vedta planen etter plan- og bygningslova, jf. 11-15. Formannskapet har delegert mynde til å ta avgjerder fram til endeleg vedtak av plan. Plan- og utviklingsavdelinga har ansvar for å utarbeide kommunedelplan for kulturminne. Prosjektansvarleg har overordna ansvar for økonomi, framdrift og for vidare rapportering. Prosjektleiar har ansvar for den daglege framdrifta. Prosjektgruppa har ansvar for å delta i utforming av prosessen og planen. Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 - Redigert etter vedtak i F-sak 163-14 6
Sogn og Fjordane fylkeskommune vil bidra med kompetanse, ressursar og økonomiske tilskot til planarbeid. Riksantikvaren vil bidra med støtte til registrering av lokale kulturminne. Under er ei skisse over prosjektorganiseringa og kven som deltek. Prosjektansvarleg: Gerd Fløde Bjørlo Prosjektleiar: Cecilie Marie Åshamar Prosjektgruppa: Kristina Kostopoulos Siv Langøen Rotevatn Gyri Tollås Kjell Nøstdal Trygve Espe Bjørn Kåre Moen Viktige samarbeidspartnarar: Bygdelag Lag/organisasjonar Andre interesserte Fylkeskommunen Riksantikvaren 7. Framdriftsplan Framdriftsplanen gir ei grov oversikt over dei ulike fasane i planprosessen og når dei skal gjennomførast. Fasar i planarbeidet Fristar/framdrift Vedtak om offentleg ettersyn av framlegg til planprogram ved Juni 2014 formannskapet Offentleg ettersyn av framlegg til planprogram Juni August 2014 Vedtak av planprogram ved formannskapet August 2014 Utarbeiding av framlegg til kommunedelplan for kulturminne, September Desember 2014 inkludert medverknad Vedtak om offentleg ettersyn av framlegg til kommunedelplan for Januar 2015 kulturminne ved formannskapet Offentleg ettersyn av framlegg til kommunedelplan for kulturminne Januar Mars 2015 Vedtak av kommunedelplan for kulturminne ved kommunestyret April 2015 Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 - Redigert etter vedtak i F-sak 163-14 7