Årsplan for Snøkrystallen småbarnehage Spor av kvardagsmagi. S i d e 1 18

Like dokumenter
Årsplan for barnehageåret

Årsplan for barnehageåret

Årsplan for barnehageåret

1 Snøkrystallen småbarnehage

Årsplan for barnehageåret

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Årsplan for barnehageåret

Hamar gårdsbarnehage 2016/2017

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

JANUAR Tema: vinter og snø

MÅNEDSPLAN FOR MAI 2015 HJØRNETANNA

I APRIL HAR VI: IKT:

APRIL MÅNEDSBREV. Barna synger ivrig på sanger om frosken og her er et vers som vi liker å høre på. Til verset har vi bilder på en flanellograftavle.

MAI 2018 HATTIFNATTENE

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Klepp kommune Tu skule

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

MAI I SVEIARVEIEN TILBAKEBLIKK PÅ APRIL

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 3: januar, februar og mars

VÅRPLAN FOR BJØRKA Rognbudalen barnehager. Bygg Rognbudalen

Årsplan Hamar gårdsbarnehage 2016/2017 Liljeblomsten

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Månedsbrev Bikuben april 2016

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Månedsbrev Bikuben april 2017

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

MÅNEDSPLAN MARS 2018.

Månedsbrev april 2015

MÅNEDSPLAN FOR SOLA MAI 2015

Årsplan 2011/2012 FURUKOLLEN FAMILIEBARNEHAGE

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

PERIODEPLAN 4 Avdeling: Spurv EVALUERING AV PERIODE 3: Januar - Mars 2017

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE,

MÅNEDSPLAN FOR MAI 2016 HJØRNETANNA

Trollnytt for januar og februar

Månedsbrev fra Sniff april 2017 Evaluering av mars

Månedsplan, april. Grøn gruppe

Måned Tema Innhold Dikt Mål Handlingsmål August Tilvenning: ta imot og bli kjent med de nye barna og familien deres

Månadsbrev for Rosa september 2014

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Periodeplan for revebarna februar og mars 2015.

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

HULDRENE MAI Tema: Dyr og planter i nærmiljøet. Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 04. Grupper på tvers 11.

Hamar gårdsbarnehage 2016/2017

Årsplan for Ringblomsten familiebarnehage 2017/2018

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

MÅ NEDSPLÅN FOR MÅI. Vi ser tilbake på april:

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2017

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

MÅNEDSPLAN FOR APRIL. MANDAG TIRSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 31.mars

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Tur: Tusselussene Tur: Tusselussene. Forming: Lille Petter edderkopp

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

HULDRENE JUNI Tema: Dyr og planter i nærmiljøet. Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 01. Grupper på tvers. 08. Sommerfest m/foreldre kl. 15.

Årsplan for

Språkstimulering i det fysiske miljøet

MÅNEDSPLAN FOR APRIL 2015 HJØRNETANNA

KONTRASTENES ÅRSTID PROSJEKTRAPPORT, BASE 2

BLÅBÆR SONE 1 APRIL 2015

Månedsbrev Bikuben februar 2017

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Månedsbrev Bikuben juni, juli og august 2016

Månedsbrev for Andedammen 2017

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

2015/2016. Ask barnehage Månedsbrev for avdeling Bølgen for april måned. Et barn. er laget av hundre. Barnet har. hundre språk.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Siden det ikke har vært like mye sol og fint vær i mai som vi hadde håpet på, så har vi benyttet sjansen til å bli bedre kjent med smartboarden vi

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

Velkommen til barnehageåret på avdeling Revehiet

07.00 BARNEHAGEN ÅPNER De voksne tar imot barna i garderoben RYDDETID Vi rydder avdelinga/uteområdet

MÅNEDSPLAN FOR MARS 2015 HJØRNETANNA

Månadsplan for Mars 2017 Nøtteliten

Tilbakeblikk på mars:

APRIL PÅ RUFFEN TILBAKEBLIKK PÅ MARS

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Oktober Slutt på sommeren av Einar Skjæraasen

MÅNEDSPLAN FOR JUNI 2015 HJØRNETANNA

4. Turdag Varmmat. 7. Språkgrupper. 5. Førskolegruppe Prosjekt- blomsterkasser. 3. Filosofisamling. Turdag Varmmat

Månedsbrev Bikuben februar 2017

Månedsbrev for Andedammen Dette har vi gjort i januar

DESEMBER Et tilbakeblikk på november, og planer for desember på Marihøna

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

AKTIVITETSPLAN FOR ULVEHIET (Tidligere Gaupehiet)

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Mai på Blomstertunet og Tyttebærhaugen

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Mai i SVEIARVEIEN. Ellers har vi vært opptatt av forberedelser til påske og barna har laget påskepynt og plantet karse, som de har fått med seg hjem.

Månedsbrev mai 2015 Andedammen

Periodeplan for ekornbarna juni 2017

Transkript:

Årsplan for Snøkrystallen småbarnehage 2016-2017 Spor av kvardagsmagi. S i d e 1 18

Årsplan for barnehageåret 2016-2017 Vi legg mykje arbeid i årsplanen vår. Den skal vise kven vi i Snøkrystallen er. Den skal vise kva vi står for, og korleis vi tenker. Den skal vise kva og korleis ein småbarnehage driv, der barnegruppa består av barn i alderen 0-3år. Vi er dei som får æra av å ha desse små unike snøkrystallane hos oss, medan foredra er på jobb. Vi får sjå alle endringane og den ekspolsive utviklinga barna har i løp av dei 2-3 åra barna går hos oss. Vår visjon er: «Vi er små og unike, som set og finn spor på vår veg», og denne grunntanken går igjen i måten vi møter barn og vaksne på ja, faktisk i alt vi gjer. Her i eittårsplanen finn du dei første planane vi legg for eit tema. I år har vi landa på orda: Kvardagsmagi som set spor. Vi har mange små i år, og med små tenker vi på dei minste som kjem til oss på rundt året. Et par store som skal bli tre år, etter nyåret ein gong. Vi gledar oss til eit litt annleis og likevel spennande tema. Gjennom årsplanen og treårsplanen håpar vi de skal bli kjend med tankane våre for å drive ein småbarnehage. Kvifor vi vel å ha ein liten barnehage, og korleis vi skal legge opp dei neste året. Vi håpar du vil vere med på å lage ein god barnehage for dei minste, ved å vere ein deltakande forelder. Følg med på kva vi gjer gjennom både heimeside og sosiale mediar, snakk med barnet ditt om kva som skjer i barnehagen. Sjå på bilder i lag og ta deg tid når du kan, til ein prat når du henter eller leverer. Kanskje vil snøkrystallen din vise deg noko? Kvardagsmagi, er dei små augeblikka vi gjerne gløymer. Dei som dukkar opp like fort som dei er vekk. Dei vi ikkje ser når vi les avisa eller sjekker mobiltelefonen for dei siste hendelsane ute i verda. Vi gledar oss til eit nytt år med nye familiar å bli kjent med. Velkomen skal du vere! Nordfjordeid 7. september 2016 Mari Henden Nilsen, pedagogisk leiar/ eigar og Karina Kjørstad, styrar/eigar. Visjonen vår: Vi er små og unike, som set og finn spor på vår veg. S i d e 2 18

Kontakt informasjon: Snøkrystallen småbarnehage Holane 12, 6770 Nordfjordeid Tlf. 473 95 464 www.snokrystallen.barnehage.no E-post: snokrystallen@gmail.com Barnehagen har side under nettsamfunnet Facebook. Opningstider Måndag-fredag 06.45-17.00. Vi vil ha hovudvekta av personalet frå 07.30-16.30. Det betyr at ein opnar berre tidlig om behovet er der, same gjeld ved stenging. Stengt Barnehagen er stengt mellom jul og nyttår og onsdag før skjærtorsdag. Fellesferie for Snøkrystallen, veke 29, 30 og 31 i 2017. Dette vart bestemt på barnehagemøte for foreldra den 06.september 2016 Planleggingsdagar: 15. august 2016. 10. oktober 2016. 23.desember. 2016 02. januar 2017. 26. mai 2017. Desse 5 dagane er sett av til kompetanse og kvalitetsheving for personalet. Personalet har kurs, tilrettelegging og planleggingsarbeid desse dagane. Barnehagen er stengt. Siste dag i barnehageåret 2016-2017 er 14. august 2017. Barnehageplassar Samansetning av barnegruppa vert gjort fortløpande gjennom året, med hovudopptak om våren, Snøkrystallen samarbeider med kommunen om opptaket. Ved oppstart av dette barnehageåret har vi i år og, ledige plassar for barn i alderen 0-3 år. Barnehagen har fleire ledige plassar for barnehageåret 2016-2017, treng du plass utover hausten må du berre ta kontakt. Forsikring Kvart barn er forsikra 24 timar i døgnet så lenge barnet har plass i Snøkrystallen småbarnehage. Avtalen er gjennom Private Barnehagers Landsforbund (PBL). Trafikktryggleik Eid kommune har i samarbeid med Trygg Trafikk, arbeidd mot å bli ein trafikksikker kommune. I Snøkrystallen lærer barna gradvis, etter utvikling og alder, korleis vi skal opptre i trafikken. Foreldrene får informasjonsskriv frå Helikopterbarna og Trygg Trafikk om trafikktryggleik i bil. Tryggleik ved henting og levering er fast tema på barnehagemøtet for foreldrene kvar haust. Barnehagen har rutiner for korleis vi ivaretar tryggleik i trafikken når vi er på tur til fots eller med bil. Samarbeidsutval Samarbeidsutvalet sine oppgåver er å vere rådgjevande, kontaktskapande og samordna organ. Utvalet skal arbeide for eit godt barnehagemiljø for barn, foreldre og personale. Ein skal arbeide for å fremme kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet. Samarbeidsutvalet skal fastsetje årsplanen i barnehagen. Representant i samarbeidsutvalet dette barnehageåret: Hilde Merete Heggen, Linda Hjelle og Karina Kjørstad. Mari H. Nilsen stiller som sekretær. Samarbeidsutvalet har møte kvart år. S i d e 3 18

Foreldrerådsrepresentant Hilde Merete Heggen vart valt til foreldrerepresentant for barnehageåret 2015-2016. Hilde Marie Midthjell er vara. Det vert kalla inn til foreldrerådsmøte, viss det dukkar opp saker som skal takast opp. Alle foreldra er medlem av foreldrerådet. Oppgåver for foreldrerådet er: Fremme felles interesser. vere med å skape eit godt barnehagemiljø. Styrke samarbeid mellom barnehage og foreldregruppa. Vi sender ut ein brukarundersøking i løpet av barnehageåret slik at vi kan få evaluert arbeidet vi gjer i barnehagen i samarbeid med foreldra. Personalet Alle som jobbar i barnehagen har teieplikt, ein har likevel opplysningsplikt ovanfor barnevernet når ein har mistanke om at barnet eller familien kan trenge tiltak frå barnevernet. Barnehagen vil så langt som råd gjere dette i samarbeid med familien. Personalet går vakter. Barnehagen kan kome til å ta imot skuleelevar og praksisplassar utover året. Førskulelærar: Cathrine Sølvberg, permisjon i ut barnehageåret. Bente Elise T. Hjelle er vikar. Assistent: Line Kathrine Dalsbø, permisjon i 2016. Else Bjørlo er vikar. Vikarar: Jannicke Kupen, Bente Elise, Thunem Hjelle, Marte Gilleshammer, Hilde Sesilie Beines, Silje Bakke, Else Bjørlo, Sigrid Bjørkedal Heimesida På heimesida vår finn du mykje informasjon og får innblikk i kvardagen vår her i barnehagen. Under har vi lista opp litt av informasjonen du kan finne der. www.snokrystallen.barnehage.no Tavla Opningstider og stenging Parkering og trafikktryggleik Klede Idear til matpakke Idear til festmat Bilde frå kvardagen Nyheiter Årsplan Treårsplan Månadsplanar Plan for samlivsbrot Vedtekter for Snøkrystallen Lov om barnehage Eigar/styrar: Karina Kjørstad Pedagogisk leiar: Mari Henden Nilsen Og mykje anna! Assistent: Linda Hjelle S i d e 4 18

Vi har delt inn året slik: Haust: «Endeleg mat», ei nynorsk peikebok med enkel tekst som handlar om Makkus, Kanin og Veslefanten. Dei lagar og et mat gjennom boka. Vi har mange bøker i same serien, med dei same figurane, som vi kan bruke i tillegg til denne boka. Tanken er å snakke om kvardagsting, mat er ein viktig del av kvardagen med dei minste. Då lagar vi mat, og lære meir om grønsakene og frukt som er i boka. Vi kan leike og bli kjent med figurane i boka. Vinter:. «Unni og Gunni målar er også ei nynorsk bok, med enkel teks og nokre merkelige pingvinar. Dei leikar seg med fargar, vi får sjå alt dei kan gjere med fargar og blanding av fargar. Målet blir nok å bli kjent med ulike fargar og alt det magiske vi kan gjere med fargane. Våren: Denne våren vert det ein song som vert temaet. «Gåtevisa», er ein kjent norsk barnesong, her slit vi litt med å jobbe med nynorsk, då versa er vanskelig å få til å flyte på nynorsk, men vi får bli kjent med mange spennande dyr og musikk, song og turar ute er målet denne våren. Sommar: Denne sommaren skal vi leike oss med ei kjent regle eller dikt. Lille trille skal flytte inn i barnehagen denne sommaren, den kan nok brukast både på bokmål og nynorsk og engelsk med om vi vil. Rim og rytme og leik blir nok målet denne sommaren. S i d e 5 18

Til dei minste er ofte det enkle det beste, korte songar, enkle aktivitetar, element som fenger merksemda som ein ting, ein lyd, bilde eller noko å kjenne på. Også brukar vi det mange gongar, men gjerne med ulike måtar å vise det på og med ulike media. Til to og treåringane kan vi bruke litt meir tid og la barna delta enda meir aktivt med å spørje og komme med idear og innspel i aktivitetane vi legg opp til. Vi har eit tema som kan la barn og vaksne i Snøkrystallen blomstre, med kvardagsmagien i fokus. La seg inspirere, grip augeblinken og vere kreative! Eit av fokusområda, i kvalitetsarbeidet vi har i lag med dei andre barnehagane, var «samling». Dei tankane vi laga rundt samlinga i Snøkrystallen, var ein arbeidsmåte som falt i smak både hos små og store. Igjennom arbeidet med fokusområder har vi jobba med «lesing i barnehagen», «språkstimulerande leik» og «språkutviklande kvardassamtaler» dette er område vi har funne gode arbeidsmåtar gjennom, og som vil vere viktige i vårt arbeid med temaet i år, og med barnegruppa. Fokusområde med «klare sjølv- av og påkledning» vert og nyttig i år, slik alle fokusområda dannar ein fin standar for kvalitet i vår og alle andre barnehagar i kommunen. Vi har jobba vi med «på tur med barnehagen» som fokusområde. Her lærte vi mykje, og gjorde gode erfaringar på små endringar, som kunne gjere turane våre endå betre. I år skal språk igjen vere tema, for fokusområdet i kommuna, «Dialogisk lesing». I fagboka «Barns språkutvikling, muntlig og skriftlig» av Anne Høigård 2013, side 79, står det: Bokstunder kan en begynne med allerede i barnets første leveår. I starten dreier det seg om å se bildene, og samtalen handler mest om å utpeke og sette navn på kjente ting i bildet. Det er viktig at den voksne er sensitiv overfor barnets innspill i boksamtalen og ikke bare tenker på å formidle teksten slik den står. Vi bruker gjerne betegnelsen dialogisk lesing om denne typen samvær omkring bøker. Vi gleder oss til arbeidet vidare ut over hausten, med «Kvardagsmagi som set spor», årstidene og våre små venner, alt som gjer oss til Snøkrystallen. S i d e 6 18

Eitt år i Snøkrystallen. Årstida som påverkar oss, og set spor. Tema: Kvardagsmagi som set spor! No kjem vi til planane, tankane og ideane vi har for dei ulike årstidene. Du vil få månedsplan med meir konkrete planar og aktivitetar, og personalet har eigen didaktisk plan for sjølve temaet, i dei ulike årstidene. Å ta vare på gledene i kvardagen, sjå kvart barn som unikt og fult av muligheter, blir sentralt dette året - som alltid. Likevel skal vi prøve å fange desse magiske augeblikka. For å prøve å vise deg, litt av magien i årstidene, vil du finne fleire utheva blå avsnitt utover i planen. Desse er henta fra ei magisk bildebok. Ei bildeboka som er ein voggesang gjennom alle årstidene. Boka er «Snart sover du» og er skrevet av Haddy Njie og illustrert av Lias Aisato. Boka kom ut i 2016. Årstidene i denne boka er skrevet så magisk billedlig, og illustasjonane er nydelige. Dei viser mykje av det vi tenker er fantastisk med årstidene som vekslar og gir oss nye gleder og utfordringar gjennom barnehageåret. Magi, motorikk, spor blir nok ord som går igjen i året som kjem. Vi gledar oss til å gå på sporjakt i lag med snøkrystallane. På leit etter haust, vinter, vår og sommar. Oppdage gledene i kvardagen, studere, lære og ikkje minst leike. Leike og samle spor av venner, opplevelsar, nye ord, motoriske erobringar og Eitt- og toåringar som utvikler seg. S i d e 7 18

Hausten - September, Oktober og November. I varmen sover høsten i et vintereplekart. Hun nynner, tryller sola ned, gjør natta myk og svart. Håret er en solnedgang der storm og stillhet bor. Klærne lukter eplesøtt, og pusten er som jord. Temabok: «Endelig Mat!» av Camilla Lundsten I år er eit år, med mange små på avdelinga vår. Ut frå barnegruppa har vi valt å jobbe med ei bildebok denne hausten. Bokserien om «Veslefanten, Makkus og Kanin» av Camilla Lundsten er ein serie som tar for seg enkle tema som mat, regn, sove, fest og å få søsken. I barnehagen har vi alle bøkene i serien, i år har vi valt å fordjupe oss i boka «Endelig mat». Personalet har laga konkretar til bøkene. Ein strikka Veslefant, Makkus og Kanin. Bøkene vert meir levande når vi kan leike oss gjennom handlinga i boka. Bøkene har eit fint uttrykk med klare fargar og mykje mønster og detaljar. Ein bonus med bøkene er at dei er utgitt på samlaget forlag og er på Nynorsk! Boka kan presanterast på ulike måtar gjennom forteljing, høgtlesing, leik og dramatisering. Handlinga er fin å prøve ut, Figurane i boka er svolten og vil lage seg mat. Grønsaker og frukt vert studert og til slutt lagar dei ei god grønsaksuppe. På hausten er det naturleg å nytte sesongens grønsaker å lage mat slik dei gjer i boka. Å bli kjent med grønsaker, smake, lukt og kjenne er fine magiske aktivitetar som lagar gode spor. S i d e 8 18

Hausten er for oss, ein viktig måte å vise barna livets gang, årstidene som skiftar og kva dei ulike årstidene har å by på. Finne gledene i dei ulike årstidene. Hausten har mange gode eigenskapar, frukt på tre, grønsaker ein kan hauste. Regn som er magisk å leike med. Klede som skal lærast å takast på. Den første frosten og alt det spennande med å sjå at rim smeltar på fingrane. Haustsongane kjem fram, vi går på turar og blir kjent i området rundt barnehagen. Biblioteket har mange spennande bøker som vi kan låne. I hagen kan alle vere med å jobbe, blomsterbed og lau som skal ryddast til vinteren. Hausten byr på mykje kvardagsmagi, i år skal vi prøve å fange desse augeblikka! Høsten drømmer om å riste tårer ned frå våte trær. Om rim i gresset, kantarell og bitre rognebær. Om glassklar luft og stille flukt, når fugler flyr mot sør. Om årets siste, svimle veps og ulltrøyer som klør. Snart skal høsten våken. Se der glir hun over byen og tenner liv i løvet mens hun svinger paraplyen! Tavla i haust: 15.august - var fyste planleggingsdag. 06. september - var barnehagemøte for Foreldra. Veke 40 - Brannøving. 10. oktober- Planleggingsdag. Barnehagen er stengt. Veke 42- Foreldresamtaler S i d e 9 18

Om hausten prøver vi å få til: Vi ser på haustteikn, og spora som hausten set på det rundt oss ute. Vi plukkar plommene på treet vårt. Vi samlar fine ting i skogen Vi ser etter blåbær i skogen Vi snakkar om klede, kva vi må ha på i forhold til været. Vi målar og lagar haustbilde, som vi dekorerer med inne. Vi lærar oss songar om hausten og bli kjent med bøker og regler om hausten. Dei eldste får gå på små turar i skogen og på biblioteket. Mot slutten av hausten lagar vi hemmelege ting, som ingen får sjå før dei sitt på julekvelden og opnar gåver frå sine små! S i d e 10 18

Vinter - Desember, januar, og februar. Om høsten søv vinter under brune, frosne blad. Hun smiler, vet hun snart skal skjule alt det sommar ga. Og du skal fange hvite fnugg med tunga. Kjenn, de smaker raggsokk, iskrystaller og et snev av perpperkaker. Desember er fyste vintermånaden, men hos oss er Desember noko heilt magisk. Vi pyntar og gjer barnehagen klar for ei tid vi prøver å fylle med ro, sansing og opplevingar som set spor. Vi brukar hausten til å lage hemmelege juleting. I desember bakar vi og tek livet med ro. Barnehagen er full av ting å sanse og oppleve både ute og inne. Vi les bøker om vinter og jul, julesongar og adventsongar der vi tenner lys er ein fin markering i adventsstundene våre desse desemberdagane. Desember i snøkrystallen er magi. S i d e 11 18

Temabok: Unni og Gunni målar Når vi kjem til januar tar vi til på temaboka som er «Unni og Gunni målar», ei bildeboka med flotte enkle teikningar i klare fargar. To morosame pingvin figurar meiner alt er kvitt og kjedleg i igloen sin. Dei vil måle og leitar fram målesaker. Her får vi vere med på å lage eit fargerikt liv, med dei to. Vi får sjå når dei blandar fargar frå berre nokre få fargar til alle regnbogens fargar. Vi gleda oss til å trylle med fargar både ute og inne i lag med barna. Boka kan lett presenterast på mange vis med både drama, lesing og samtaler. Leik med figurar, og fargar er og ein måte å ta innhaldet i boka med seg, ut til dei små. Det å få sjå magien i fargar som blandar seg og kjenne maling på fingrane og sjå spora den lagar på papiret er like fasinerande kvar gong for både små og dei store som observerer snøkrystallane våre i aksjon. Er vi heldige kjem det vinter med både snø og minusgrader som gjer at vi kan male både ute og inne og leike oss med fargar både i is og snø. Er vi heldige får vi både lage snømenn og snødyr som kan dekorerast med både gulrot og måling. Is kan lagast og bli til fargerike byggeklossar om temperaturen er med oss. Ønska er mange også for denne årstida, som kan glede oss med mange kvardagsmagi augeblikk. Som å smake på den første snøen. Oppdage lys og pynt i treet vårt i desember. Lage islykter i isbokser og ballonger. Kjenne på isklumpar som er glatte og iskalde. Leite etter istappar i skogen og prøve å gå i djup snø. Gleda av den første snømannen. Vi deler gjerne gruppa opp slik at nokre kan ha motorikk leik inne med puter, ribbevegg og musikk. Andre kan vere ute å måke, ake, sparke på sparketurar og leike i snø. Er været bra i februar kan vi fint være ute på ettermiddagen i sola. Så høgt oppe har vi glede av sola lenge. Det er godt i dei kalde vintermånadane og vårmånadane. Snøen får vi ofte tidleg og, til stor glede for små snøkrystallar. Inne er det tid for puslespel, leik med klossar eller teikne og lese bøker. Nå drømmer vinter om røde neser, snø som galt i fjor. Om lysløyper og gløgg og sine egne dype spor. Om isroser på vinduet og nek til meis og skjære. Å tenne adventslys og sette tunga fast i gjerdet. Snart skal vinter vakne, gjøre verden hvit og grå. Gløtte ned mot oss og hviske: «Varm hverandre, nå!» S i d e 12 18

HUSK: Viktig å ha varmt tøy i barnehagen. Både til å vere ute i og ekstra varmt tøy til å sove i ute. Små nok vottar og store nok sko. Husk å ta ut skosolen og måle, barnefoten veks fort og treng 12 mm såle fram om stortåa! Husk å merke nye klede før ein kjem etter juleferien! Barnehagen har solkrem, men det kan vere godt med solbriller. Lyset blir skarpt når vi har sol og snø ute! Vinter i barnehagen: Songar, historier, bøker om vinteren og jul. Snø og is byggeprosjekt. Sparketurar. Former ute og inne. Sola som kjem tilbake etter nyttår. Advents gudsteneste ein dag i desember. Felles gudsteneste for alle barnehagane i kommunen. Solfest. Ake, turne, skli i snø! Treet vårt blir pynta med lys og adventspynt, og får jobben som adventstre i desember! Tavla 01.12- Vi har opnar Desember barnehagen 23. desember- Planleggingsdag, Barnehagen stengt. Ca. 14. desember- Barnehagegudsteneste Ca. 19. desember- Grautfest/Nissefest 2. januar- Planleggingsdag. Barnehagen stengt. Ca. 16. januar- Solfest! S i d e 13 18

Vår! Mars, april og mai. I kulda sover våren under pledd av frosen jord. Han puster liv i dype røtter, frø og alt som gror. På taket glitrer skaresnø, men senga hans er lun. Et rede kledd av gåsunger og myke lerkedun. Temasong: Gåtevisa av Thorbjørn Egner. Vinter går over i vår og ein song vert temaet vårt denne våren. Nytt liv vaknar til, det spirer og gror, nye lam kjem til verden. Fugleungar og andre dyr får ungar no i denne tida. Då må vi sjølvsagt jobbe med ein klassiker av ein barnesong, Gåtevisa av Thorbjørn Egner. Den er noko vanskelig å endre på, så her får bokmål gjere jobben. Vi blir kjent med 4 vers og åtte gåter i songen. Med god rytme og rim lærer vi fort å gjette kva dyr vi syng om. Vi håpar og trur, at vi kan bli kjent med fleire av dei åtte dyra som er i songen. Hest, sau, gris, hane, ku, katt, mus og hane er alle dyr vi kan oppsøke i større og mindre grad i nærområdet vårt. Vi håpar på ein fin vår med mykje tid til å utforske våren ute og lære meir om dyra rundt oss. Våren har med seg mange tradisjonar og aktivitetar. Vi brukar tida så mykje vi kan ute. Nokre skal bli kjende i nye barnehagar. Andre skal ut på tur med nye utfordringar, både i skogen og elles i nærmiljøet av kommuna vår. Vi har vårfest i mai, der grunnlovsdagen får ekstra oppmerksomhet i form av fest, flagg og song og musikk. Vi plukkar blomstrar og ser på at lauet sprett. Vi får hagearbeid som alle kan vere med på. Ute må det kostast og ryddast. Vi må rake, plante og luke. Vi brukar å nytte S i d e 14 18

veret så godt vi kan, formingsaktivitetar kan fint gjerast ute, vi tek med oss bøker ut og slappar av i skyggen av treet vår og solseilet på varme dagar. Nå drømmer våren om maur og mark, som kryper frem frå skjul. Om knopper som skal briste, larven som blir sommerfugl. Om biens jakt frå blomst til blomst og flate sykkeldekk. Om bleke knær og klukkingen av is som blir til bekk. Snart skal våren vakne. Se, han strekker seg og springer i glad spagat, frå tak til, mens snøklokkene ringer! HUSK: Det er viktig å ha både varmt tøy, men og litt lettare klede utover våren. Når sola kjem for fult i barnehagen vår, blir det fort varmt i solveggen! Vi kjøper inn solkrem, men skyggehue/ solbriller kan vere godt å ha. Om våren prøver vi å få til: Påskelunsj for barna i barnehagen. Vi lagar påskepynt og pyntar til påske. Vi pyntar treet vårt med fine påske egg! Vi lærer 17. mai songar og vårsongar. Vi ser på vårteikn. Vi ryddar og gjer klart for våren ute. Plukkar rusk og rakar og kostar. Hoppar i søyler. Ser på snø og is som smeltar. Det blir spennande å sjå kva som skjer med treet vårt no om våren.etter vinter kommer vår. Aldri skal de snu. Om våren søv sommar. Og snart søv du. Tavla: 12. april-17. april Påskeferie. 17. april- 2. påskedag. 1. mai- offentlig høgtidsdag 17. mai- Grunnlovsdag 25.mai-Kristi himmelfartsdag 26. mai- Planleggingsdag, barnehagen stengt. S i d e 15 18

Sommar- Juni, juli og august Om våren sover sommar i en knopp, et fløyelshi. Og puta er et spindelvev med sommerskatter i. Der glitrer det av honningdråper, regn på gylne strå. Strandsand, drops av kvae og et bær med sukker på. Temaregle: Lille trille Så var den her, årstida dei aller fleste drøymer om. Sommaren. I Snøkrystallen veks dei til, meir tid blir brukt på å leike og gå på tur ute no. Nokre skal forberede seg på overgang til storbarnsavdeling, andre går frå å vere små snøkrystallar til store snøkrystallar. I samlingane ute og inne vil vi høyre regla om Lille trille. Egg, høner og naturlig nok kyllingar blir nok ein del av historia rundt Lille trille. Kva skjer når eit egg knuser? Kva kan vi bruke egg til? Kvar kjem egget frå? Blir det egg i fuglekassa vår i gruffaloskogen i år? Og blir det fugleungar der? Sommaren byr på mange fine aktivitetar, ute kan vi vere heile dagane. Små kryp som kan studerast dukkar opp over alt. I snøkrystallen har vi vore så heldige at skogen er 5 minutt frå oss, vårsetra kjem vi oss til i løp av ein halv time, og det utan bil. Sentrum er ein fin tur unna, og 3åringane går fint opp og ned på biblioteket. No på sommaren utnytter vi dette for fult. HUSK: Barnehagen har solkrem. Husk å ta med solhatt og solbriller på varme dagar. S i d e 16 18

Sommar drømmer om å blomstre under solas droningblikk. La marihøna fly-fly og telle myggestikk. Om varme kyss og svaberg, flis i foten, støvkorndans. Om tordenbrak og klesvask og en ensom blomsterkrans. Om sommaren prøver vi å få til: Sentrumsdag med henting ved hærmuseet. Tur til Hennebygda. Tur til vårsetra og utsikten. Sommarfest med stor sporutstilling ute og inne i heile barnehagen. Mange småturar i nærområdet. Vi får vaske leikane! Vi syng sommarsongar og andre songar. Dei som skal slutte, prøver vi å få til å besøke den nye barnehagen. Vi plukkar blomstrar, lærer namn. Tavla: 5. juni 2. pinsedag 16. juni- siste skuledag for grunnskulen 17. juli siste dag før ferien Veke 29, 30 og 31 er barnehagen sommarferiestengt, bestemt på foreldremøtet 6. september 2015 14. august- siste dag i barnehageåret. Vi avsluttar årsplanen med å takke for året som har gått, og ønske alle ein fin sommar. Takk for flotte og kjekke spor som sit igjen i minner, og avtrykk i barnehagen og hos oss vaksne! S i d e 17 18

Den morgenen Av Inger Hagerup Den morgenen MYGGEN våknet Og var gjort til en ELEFANT Ble den meget forbaruset Du STORE verden! Sa den, Her må det ha hendt noe i nattens løp. S i d e 1 18