ETISKE PRINSIPP FOR DOMMARÅTFERD Karl Arne Utgård, styreleiar i Domstoladministrasjonen Foredrag på årsmøtet i Den norske Dommerforening 1. oktober 2010 * * * Årsmøtet skal i dag behandle spørsmålet om å godkjenne utkastet til Etiske prinsipper for dommeradferd, som er utarbeidd i fellesskap av representantar for Den norske Dommerforening (DnD) 1, Teknas etatsforening for jordskifterettene 2 og Domstoladministrasjonen (DA) 3. Styra i Teknas etatsforening og DA har alt godkjent utkastet. Kva er etikk Om litt skal eg kome inn på utgreiinga frå det såkalla Aasland-utvalet 4. Men alt no skal eg låne litt frå utgreiinga når det gjeld kva etikk er for noko. Etikk blir gjerne definert som læra om moralen, og dei rådande etiske normene kan omtalast som allmennetikken. 5 Yrkesetikken gir rettleiing i dei spesielle situasjonane som utøvarane blir stilte overfor, og blir gjerne utvikla gjennom praksis og diskusjonar i fagmiljøa. Yrkesetikken er eit supplement til dei rettsreglane som gjeld for yrket. Når rettsreglane er mange og detaljerte, blir det mindre plass for yrkesetiske reglar i tillegg. I vårt land er krava til ein dommar nokså utførleg regulerte i lovverket, slik at det på mange punkt er mindre behov for yrkesetiske reglar i tillegg. 1 Styrets leiar lagdommar Nils Asbjørn Engstad, styrets nestleiar tingrettsdommar Nina Mår og høgsterettsdommar Ingse Stabel. 2 Styrets leiar jordskiftedommar Knut Klev. 3 Styreleiar Karl Arne Utgård (leiar for arbeidsgruppa), styremedlem jordskifteoverrettsleiar Magne Reiten og styremedlem advokat Elisabeth Stenwig. 4 Etiske regler for dommere utkast fra en arbeidsgruppe oppnevnt av domstoladministrasjonen, datert 6. juni 2007, omtala som Aasland-utvalet. 5 Aasland-utvalet side 16 1
Det er likevel slik at dommarar i alle samfunn vil stå overfor ein del grunnleggjande utfordringar, der lova ikkje gir noka sikker rettleiing, og der det då er nødvendig å søkje støtte i yrkesetikken. Arbeidet med Etiske regler for dommere Tilsynsutvalet tok i brev 20. desember 2004 opp med Domstoladministrasjonen spørsmålet om det burde kome etiske reglar for dommarar. Som ein følgje av dette, vart det 12. desember 2005 av styret i DA sett ned ei arbeidsgruppe som kom med framlegg til etisk regelverk for dommarar. Arbeidsgruppa leverte eit utkast 6. juni 2007, som både finst på nettet 6 og i trykt form. Høgsterettsdommar Gunnar Aasland var leiar for utvalet, som i tillegg til to andre dommarar frå dei alminnelege domstolane, også hadde ein jordskiftedommar, ein statsadvokat, ein advokat og eitt medlem frå Tilsynsutvalet ein psykolog som medlemmer. Etter domstollova 236 kan Tilsynsutvalet reagere i form av kritikk, eventuelt også åtvaring, overfor ein dommar som forsettleg eller aktlaust krenkjer dei pliktene stillinga inneber, eller som på andre måtar har handla i strid med god dommarskikk. Aasland-utvalet meinte at dersom det først låg føre disiplinærreglar, kunne det ikkje vere tale om å reagere med disiplinærtiltak utan at det låg føre ei overtreding av reglane. På den andre side skulle ikkje ei kvar krenking av reglane kunne føre til disiplinærtiltak. Utvalet meinte at dei dommaretiske reglane på same måte som dei for advokatar burde søkjast stadfesta ved kgl. res. og gitt same verknad som ei forskrift. 6 http://www.domstol.no/upload/da/da/aktuelt/etiske%20regler%20for%20dommere.pdf 2
Utkastet inneheldt også reguleringar som i stor grad var samanfallande med lovreglar. Det gjaldt hovudsakleg for prosessreglar, men utkastet hadde også ein god del reglar av arbeidsrettsleg karakter. Høyringsrunden Utkastet frå Aasland-utvalet vart så sendt på høyring. Det kom vektige innvendingar. Det gjaldt frå styret i DnD, frå førstelagmennene i fellesskap, frå mange tingrettar og også frå enkelte andre. Eg skal prøve å fange opp nokre av hovudpunkta i synsmåtane: Den rettslege karakteren av reglane Det vart gjort gjeldande at det er uheldig at etiske reglar blir gitt med verknad som forskrift. Omsynet til domstolane si frie og uavhengige stilling tilseier at etiske reglar må fastsetjast innanfor domstolane. Førstelagmennene peika på at eit regelverk av denne karakteren må ha god forankring i dommarkorpset for å få nødvendig legitimitet. Reglar eller retningslinjer Lovgivinga har omfattande og detaljert regulering av handlemåten for domstolar og dommarar. Målet for etisk regulering må vere å etablere generelle, overordna prinsipp for god dommarskikk. Det inneber at reguleringa må ha karakteren av rettslege standardar. Tema og detaljeringsgrad Val av prinsipp tilseier lågare detaljeringsgrad enn val av reglar som normsystem. Men i tillegg vart det vist til at utkastet inneheld attgiving av prosesslovgiving og også reglar av arbeidsrettsleg karakter. Dette kunne eksempelvis også føre til uklarheit med omsyn til om eit forhold som er gjenstand for anke også er gjenstand for disiplinærprøving. 3
Saksbehandlinga og den vidare prosessen Synsmåten frå fleire var at arbeidet hadde fått ein noko uheldig start, og at prosessen burde starta i dommarane sine eigne rekkjer. Det vart påpeika at det burde skje ein fullstendig gjennomgang, der dommarane kom inn frå starten av. Nytt utval Det var ut frå høyringsfråsegnene ganske klart at det ikkje kunne fastsetjast etiske reglar i samsvar med det Aasland-utvalet hadde kome med framlegg om. Det var ein dialog om det vidare arbeidet mellom DnD, Teknas etatsforening og DA. Løysinga vart eit nytt utval, der desse tre organisasjonane var inne med sentrale tillitsvalde. Ansvaret for forankring i organisasjonane låg då hos dei som møtte frå dei ulike partane. Det er mitt klare inntrykk at DnD har arbeidd aktivt for å forankre nye prinsipp i dommarstanden. Den kritikken som nok med ein viss rett vart målboren overfor denne sida av arbeidet i tilknyting til Aasland-utvalet, vonar eg såleis ikkje heftar ved det nye utkastet. Før eg går inn på nokre hovudprinsipp i det nye utkastet, vil eg seie litt om internasjonal forankring. Internasjonal forankring Eg trur det er rett å seie at det har vore ei markert utvikling av dommaretiske prinsipp dei siste tjue åra. Dei sentrale dokumenta i så måte er omtala av Aasland-utvalet. Eg skal berre nemne dei aller viktigaste. 4
The Bangalore Principles of judicial conduct 7 Desse prinsippa er utarbeidde i FN-regi, og vart vedtekne i Haag i 2002. Dommar Trond Dolva møtte frå norsk side. Undervegs i arbeidet gjekk ein over frå å tenkje seg etiske reglar til å utforme etiske prinsipp. I fortalen er det mellom anna sagt: [Prinsippene] har til hensikt å gi rettledning til dommere og gi domstolene et rammeverk for regulering av dommeradferd. De skal også medvirke til at medlemmer av den utøvende og lovgivende makt samt advokater og allmennheten generelt bedre kan forstå og støtte opp om domstolene. Prinsippa er delte opp ut frå dei verdiane dei skal vareta: - uavhengigheit - upartiskeheit - integritet - korrekt opptreden - likebehandling - fagleg dyktigheit CCJE 8 Opinion no. 3 On the Principles and Rules Governing Judges Professional Conduct, in particular Ethics, Incompatible Behaviour and Impartiality 9 Frå norsk side var dommar Lars Oftedahl Broch med i dette arbeidet. I punkt 48 er det understreka to fundamentale utgangspunkt : i) firstly, it should address basic principles of professional conduct. It should recognise the general impossibility of compiling complete lists of pre-determined activities which judges are forbidden from pursuing; the principles set out should serve as self-regulatory instruments for judges, i.e. general rules that guide their activities. Further, although there is both an 7 http://www.unodc.org/pdf/crime/corruption/judicial_group/bangalore_principles.pdf 8 Consultative Council of European Judges 9 http://www.coe.int/t/dghl/cooperation/ccje/textes/avis_en.asp 5
overlap and an interplay, principles of conduct should remain independent of the disciplinary rules applicable to judges in the sense that failure to observe one of such principles should not of itself constitute a disciplinary infringement or a civil or criminal offence; ii) secondly, principles of professional conduct should be drawn up by the judges themselves. They should be self-regulatory instruments generated by the judiciary itself, enabling the judicial authority to acquire legitimacy by operating within a framework of generally accepted ethical standards. Broad consultation should be organised,. ENCJ 10 Judicial Ethics, report 2009-2010 11 Dette er ein rapport som først er komen etter at det nye utkastet til etiske prinsipp var ferdig. Når eg likevel viser til rapporten, er det fordi han syner dei strøymingane som er i europeiske domstolar. Rapporten skisserer prinsipp for etikk, og er i stor mon på linje med dei to andre dokumenta eg har omtala. Lat meg også her ta med litt frå innhaldet. Fortalen om Judicial ethics: principles, values and qualities startar slik: The affirmation of principles of professional conduct for judges strengthens public confidence and allows a better understanding of the role of the judge in society Og drøftinga av verdiar, startar med spørsmålet: What do society and citizens expect of a judge? Deretter kjem desse verdiane: - uavhengigheit - integritet - upartiskheit - tilbakehaldenheit og diskresjon 10 European Network of Councils for the Judiciary 11 http://www.conseil-superieur-magistrature.fr/userfiles/file/recjdeontologiejuges2010.pdf 6
- grundig og arbeidssam - respekt og evna til å lytte - likebehandling - openheit Under punktet qualities er det stilt opp fleir verdiar. Eg går ikkje gjennom desse, men som de vil forstå er dette tankegangar som i stor grad er dei same som dei som ligg til grunn i utkastet til norske etiske prinsipp. Om dei norske etiske prinsippa Aasland-utvalet var vel kjend med mellom anna Bangalore-prinsippa og CCJE Opinion no. 3. Forskjellane i forhold til desse er nok først og fremst at Aasland-utvalet tok sikte på å lage reglar, ikkje prinsipp. Som alt nemnt var det eit sentralt siktemål for Aasland-utvalet at det skulle lagast reglar som skulle utgjere grunnlaget for disiplinærbehandling. Krenking av reglane skulle vere nødvendig men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for disiplinærbehandling. Sjølv om utgangspunktet for den nye arbeidsgruppa var eit anna, tok gruppa likevel i store trekk utgangspunkt i Aasland-utvalet sitt arbeid. Med støtte i høyringsfråsegner og nok også med eit sterkt blikk til korleis dette har vore gjort i grunnleggjande internasjonale dokument, vart det så gjort nokre grunnleggjande endringar. Grunnlaget for desse kan skisserast slik: Dei etiske normene er grunna på oppfatninga i dommarkorpset og vedtekne av dette Det er problematisk å tenkje seg at den utøvande makta skal gi forskrifter som regulerer dommarane sitt arbeid. Vel er det slik at lovgivar Stortinget har gitt mange reglar som i og for seg kunne tenkjast som etiske reglar, eksempelvis habilitetsreglar, men det er i vårt system noko anna at lovgivar regulerer enn at den utøvande makta gjer det. 7
Det er nok også litt teoretisk å tenkje seg at disiplinærreglar skulle kunne utformast slik at dei vart fullstendige. Motsett: det ville etter mitt syn ikkje gi god rettleiing for publikum om det likevel var slik at brot på jamvel detaljerte reglar, ikkje skulle føre til sanksjonar. Det er tale om prinsipp, ikkje reglar. Dei etiske prinsippa har fått eit vesentleg anna føremål enn det som tidlegare var tanken. I fortalen til utkastet til dei etiske prinsippa står det: De etiske prinsippene for dommeratferd har som formål å fremme at dommerne opptrer på en måte som skaper tillit til domstolen og deres avgjørelser. Prinsippene skal også tjene til opplysning om hva som er god dommerskikk. Prinsippa inneheld ikkje prosessreglar Eg går ikkje nærare inn på dette, i det eg trur det er brei semje om at prosessreglar ikkje høyrer med i etiske reglar. Dersom det er gjentaking av det som står i lova, er det likevel ikkje grunn til å ha dei med. Og det vil vere feil å ha etiske reglar som kompletterer lova, som må reknast å innebere ei avveging av dei omsyna som er relevante. Det er heller ikkje så enkelt å sjå korleis ein del av dei prosessuelle reglane hos Aasland-utvalet skulle kunne handhevast som del av ei disiplinærbehandling. Domstollova har til dømes utførlege reglar om habilitet. Det er ikkje lett å tenkje seg at etiske reglar som går ut over det lova fastset, og der brot skulle kunne medføre disiplinærtiltak. Lova må her reknast å gi ei fullstendig avklaring av dei rettslege pliktene. Og til det kjem at avgjerd om habilitet er gjenstand for overprøving ved anke, noko som er ytterlegare ein grunn til at etiske reglar ikkje bør ha føresegner om slike spørsmål. 8
Prinsippa inneheld ikkje arbeidsrettslege reglar, eller reglar som gjeld tilhøva på arbeidsplassen elles Dette er reglar eller prinsipp som får kome fram på annan måte, ved lover og forskrifter, eller ved avtalar mellom partane i arbeidslivet. Dei konkrete prinsippa Årsmøtet har fått lagt fram for seg utkast til etiske prinsipp til godkjenning. Det vil føre for langt å gå gjennom dette. Den nærare detaljerte gjennomgangen er då også ei sak for styret i forhold til behandlinga her på årsmøtet. Lat meg berre seie at det naturlegvis er gjenstand for eit skjønn kva prinsipp som skal vere med i dei etiske prinsippa og kva ikkje. Her har det nye utvalet sett på Aasland-utkastet, og i svært stor grad teke med det som var med der, men altså i form av prinsipp. Normer i form av etiske eller moralske handlingsnormer er stort sett førte vidare. Arbeidsgruppa har likevel drøfta også innhaldet i desse handlingsnormene, og det er gjort enkelte endringar. *** Eg ser fram til drøftingane her på årsmøtet. 9