saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 11.04.2014 24807/2014 Jens Peter Ringstad Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 27.05.2014 Fylkestinget 16.06.2014 Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi - vedtak. Bakgrunn Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi skal vere eit grunnlag for det samla arbeidet med kulturminnevern i Møre og Romsdal, i fylkeskommunen, i kommunane, for Fylkesmannen og andre sentrale aktørar i sitt planarbeid. Den regionale planlegginga er heimla i plan- og bygningslova og er eit samla system for offentleg planlegging i fylket under folkevalt styre og kontroll. Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi er ein av dei prioriterte planane i Regional planstrategi 2012-2016, sak T-7/12. Planarbeidet starta opp med eit planprogram som blei lagt ut til høyring av fylkesutvalet i sak U-112/12. Planprogrammet blei endeleg fastsett i sak U-168/12. Forslag til plan blei vedtatt lagt til høyring og offentleg ettersyn av fylkesutvalet i sak U-1/14. Høyringsperioden har vore 27.januar 3.april 2014. Det har kome inn 46 høyringsinnspel. Hovudfokus i planen Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi har fokus på tema der fylkeskommunen, kommunane, statlege og frivillige aktørar på regionalt nivå har verkemiddel til å gjere noko med. Ein har også forslag til forbetringar i samarbeidet og samhandlinga med sentrale statlege instansar. Hovudmål og resultatmål i planen bygg på føringar i St.meld 16 (2004-2005) Leve med kulturminner og Meld St. 35 (2012-2013) Framtid med fotfeste og er ordna i følgjande tema: Klimaendringar Miljøvenleg ressursutnytting Tap av kulturminne Verdsarv Kulturminne og kulturmiljø frå nyare tid av nasjonal verdi Automatisk freda kulturminne Kulturminne og kulturmiljø av regional verdi
Alle automatisk freda kulturminne har nasjonal verdi og har eit formelt vern med heimel i kulturminnelova. Ein finn det derfor ikkje føremålstenleg å liste opp alle dei ca. 5800 kjende automatisk freda minna i listene over kulturminne og kulturmiljø i vedlegg 1 til planen, men kun eit utval på 293 automatisk freda kulturminne og kulturmiljø er teke med. Av dei er 22 bygningar, 52 mellomalderkyrkjestader og 219 andre automatisk freda kulturminne og kulturmiljø som enten er skilta og tilrettelagt for publikum, eller som er godt egna til slik tilrettelegging gjennom mellom anna programma BERG og BARK frå Riksantikvaren. I listene med oversikt over kulturminne og kulturmiljø i vedlegg 1 er det teke med 92 kulturminne og kulturmiljø som er vedtaksfreda og har nasjonal verdi. Det er også teke med 22 kyrkjer som er verna (frå perioden 1650-1850), 38 kyrkjer (frå perioden etter 1850) som er listeførte med nasjonal verdi og 26 kulturminne og kulturmiljø frå nyare tid som er med i landsverneplanar og dermed har nasjonal verdi. Det blir også gitt innspel til Riksantikvaren sitt arbeid med fredingsstrategien som skal resultere i ei supplering av fredingslista slik at det betre kan spegle nasjonen si kulturhistorie. Vi foreslår 38 ulike kulturminne og kulturmiljø samt Den Trondhjemske postvei som går gjennom åtte kommunar i fylket. Alle desse objekta frå nyare tid er vurdert til å ha nasjonal verdi. Eit viktig fokus har vore å gjere kulturminnevernet på regionalt nivå meir føreseieleg og løfte fram ei gruppe kulturminne og kulturmiljø som har regional verdi og dermed er meir verdifulle for regionen enn andre. Listene (i vedlegg 1) i forslaget inneheld 695 ulike kulturminne og kulturmiljø av regional verdi. Av desse er det 594 som ikkje har formelt vern i dag. Dei 101 som har formelt vern er i hovudsak regulert til bevaring etter plan- og bygningslova. Om høyringsinnspela. Det har kome inn 46 høyringsinnspel til planforslaget. Vedlegg 1, Samandrag av høyringsinnspel er eit samandrag av alle høyringsuttalane med fylkesrådmannen sine vurderingar. Vedlegg 2, Samla oversikt over framlegg til endringar etter høyring gir ei samla oversikt over fylkesrådmannen sine framlegg til endringar i planforslaget. Alle høyringsuttalane er gjort tilgjengelege på www.mrfylke.no/regionalplan. Det er mange positive og gode tilbakemeldingar på planforslaget og fleire av høyringsinnspela understrekar og støttar opp om dei prioriteringane som ligg føre i forslaget. Nokre høyringsinstansar foreslår justeringar og tillegg, nokre etterlyser tema som ikkje er med og nokre er kritiske til prosessen. Høyringsfråsegnene fordelar seg slik på ulike grupper: Offentlege instansar/ nasjonale : 8 Offentlege instansar/ regionale : 4 Offentlege instansar/ kommunane :13 Organisasjonar/ nasjonale : 2 Organisasjonar/ regionale : 4 Organisasjonar/ lokale : 4 Privatpersonar/ generelle tema : 2 Privatpersonar/ lokale tema : 9
I dei 46 høyringsfråsegnene er det kome innspel om følgjande tema: 31 gir positiv støtte til planforslaget 20 av fråsegnene har ønskje om å ta med fleire objekt i planforslaget 2 har ønskje om å ta ut objekt frå planforslaget 8 fråsegner inneheld tiltak og utfordringar som må takast opp i handlingsprogram 6 fråsegner gir supplerande opplysningar om objekt i planforslaget 4 har ingen kommentar til planforslaget 3 gir støtte til tiltaket om at staten bør dekke større del av utgiftene til registrering av automatisk freda kulturminne 3 understreker prinsippet vern gjennom bruk som viktig for kulturminnevernet 2 etterlyser immaterielle kulturminne som tema 2 etterlyser fartøyvern 1 etterlyser rullande kulturminne som tema 1 etterlyser retningsliner for vern av gravminne 1 etterlyser ordning for ivaretaking av utskifta bygningsdelar 2 etterlyser ein grundigare dialog i planprosessen Vurdering av høyringsinnspela. Ta inn og ut objekt. Forslaga om å ta inn og ut objekt har blitt vurdert av prosjektgruppe og referansegruppe og listene har blitt justerte i tråd med det resultatet gruppene har kome fram til. 36 nye kulturminne og kulturmiljø er tekne inn i planforslaget. Tingvoll sitt ønskje om å ta ut Sellgren veveri er imøtekomme på grunnlag av informasjon frå kommunen. Fylkesrådmannen har ikkje funne grunnlag for å etterkome Rauma kommune sitt ønskje om å ta ut objekt frå forslaget. Det gjeld Raumabanen, Riisen på Åndalsnes, Soggegrenda, Realskolebygget på Åndalsnes og Veblungsnes. Må takast opp i handlingsprogram. Åtte høyringsfråsegner inneheld tiltak og utfordringar som må takast opp i oppfølgjande handlingsprogram. Dette gjeld tema som mellom anna supplering av listene for objekt som ein har for lite kjennskap til og kunnskap om, objekt som er varsla det vil kome innspel om og som vil trenge vurdering og tema som verdifulle kulturlandskap og ei eksempelsamling av eldre driftsbygningar som kan avspegle den historiske utviklinga over lengre tid. Fleire kulturmiljø som til eksempel Raumabanen treng ein gjennomgang av kva som skal inngå i det verna kulturmiljøet og korleis ein kan legge til rette for framtidig bruk. Eit nærare samarbeid med ei frivillige organisasjonane i kulturminnevernet må utviklast. Tilkomst for funksjonshemma til kulturminne er også eit tema som må utgreiast nærare (sjå eige punkt om funksjonshemma sine interesser). Supplerande opplysningar. I den grad vi finn rom for det på vårt skjema/lista blir tilleggsopplysningane om foreslåtte kulturminne og kulturmiljø tekne inn i planforslaget. Immaterielle kulturminne. Utover det som er teke med om tradisjonelt handverk, finn ikkje fylkesrådmannen grunnlag for å omhandle immaterielt kulturvern i dette planforslaget. Temaet bør bli tema i ein eigen plan.
Fartøyvern. Møre og Romsdal fylkeskommune har ein eigen fartøyvernplan. Det kan vere aktuelt å rullere denne planen i framtida. Rullande kulturminne. Temaet omfattar køyretøy som veteranbilar (rutebilar, privatbilar o.l.) og tog m.m. Dette er ein kategori kulturminne som har lett for å falle mellom to stolar når det gjeld formelt vern og økonomiske verkemiddel. Det gjeld også nasjonalt. Her bør det utformast ein nasjonal politikk for ivaretaking av slike kulturminne som også fylkeskommunane kan slutte seg til. Gravminne. Temaet er nemnt i planforslaget, men kan med fordel utdjupast nærare. Mellom anna er det viktig å gi informasjon om kven som har ansvar for verneverdige gravminne og kva som er fylkeskommunen si rolle. Fylkesrådmannen foreslår at dette blir teke inn i vedlegg 2, juridiske verkemiddel. Fuksjonshemma sine interesser. Det er råd for likestilling for funksjonshemma i Ørsta som tek opp temaet. Dersom ein skulle imøtekome heile innspelet, burde det ha kome i samband med høyring av planprogrammet. I noverande situasjon vil fylkesrådmannen rå til at regjeringa sin handlingsplan for universell utforming 2014-2018 som er under utarbeiding blir lagt til grunn i samband med oppfølgjande handlingsprogram for kulturminnefeltet. Ivaretaking av utskifta bygningsdelar. Jon Bojer Godal er oppteken av ivaretaking av utskifta bygningsdelar særleg frå freda hus. Han hevdar at det ligg mykje viktig dokumentasjon i slike bygningsdelar og at dei må registrerast og oppbevarast på høveleg stad. Fylkesrådmannen er samd i at dette er ei viktig sak som ikkje har funne ei god løysing. Ei todeling kan her vere aktuelt der noko blir lagra lokalt, medan dei mest verdifulle bygningsdelane kjem i eit bygningsdelarkiv. Dette er også ei nasjonal oppgåve som Riksantikvaren bør involverast i. Ein grundigare dialog. Den mest kritiske fråsegna kjem frå Romsdal regionråd (ROR) som uttalar at prosessen ikkje har vore tilfredsstillande når det gjeld involvering av kommunar, organisasjonar og eigarar av kulturminne. Prosessen har i stor grad preg av topdown, ved at fylkeskommunen foreslår ei rekke nye kulturminne utan innspel frå kommunane og lokalsamfunna og utan forankring i lokale kulturminneplanar. Rettsverknaden av planen er utydeleg og dermed lite føreseieleg og planen gjer i alt for liten grad greie for økonomiske og andre formelle og praktiske konsekvensar av at objekt blir tatt inn i kulturminneplanen hevdar ROR. Vestnes kommune har teke inn dei same punkta i sitt vedtak til fråsegn til planforslaget. Begge instansane ber fylkeskommunen om ein grundigare dialog med kommunar og grunneigarar før planen blir vedteken. Vestnes kommune ber Møre og Romsdal fylkeskommune om å utsette behandlinga av planen. Fylkesrådmannen meiner det har vore eit grundig arbeid når det gjeld medverknad og prosess og vil tilrå at planen vert handsama. Resultatmåla. Nokre innspel omhandlar resultatmål i planen. Dette går på støtte i hovudsak til forslaget til resultatmål for hovudmål 3 under 5.6 Automatisk freda kulturminne i hovudplanheftet om auka midlar frå staten til registrering av automatisk freda kulturminne. Innspelet frå Nesset kommune om definisjon på registrering av
vanleg normal storleik blir teken inn i teksten til resultatmålet. Høyringsinnspela gir også støtte til forslaget om auka midlar til istandsetjing av kulturminne. Dette blir teke til orientering. Forslag til vedtak: Fylkestinget vedtek Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef Vedlegg 1 Planomtale - Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi 2 Fråsegner - Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi 3 Samla oversikt over framlegg til endringar etter høyring