NOU 2006:18 EIT KLIMAVENNLEG NORGE. FRÅSEGN

Like dokumenter
NOU 2006:18 Et klimavennlig Norge Lavutslippsutvalgets rapport

MILJØ OG KLIMAENDRING KONSEKVENSER FOR SAMFUNN OG TRANSPORT

Klimaplan for Hordaland Høyringsutkast

Stortingsmelding nr.34 ( ) Norsk klimapolitikk. Fredag 22. juni 2007

Klimagassutslepp i Time kommune. Status og grunnlag for evaluering av tiltak i. KDP Energi og klima

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Berekraftig eller berre kraftig mobilitet?

SØR-TRØNDELAG FYLKESKOMMUNE SAKSPROTOKOLL

Klimagassutslepp frå produksjon og forbruk

Miljøleiing 2012 Grønt leiarskap, Oslo 31. oktober. Klimakvotar. Framleis eit effektivt og truverdig verkty?

Høring av NOU 2006:18 Et klimavennlig Norge

Geologisk lagring av CO 2 som klimatiltak

Rammebetingelser og forventet utvikling av energiproduksjonen i Norge

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Dekarbonisering - Hvordan kan det skje? Jørgen Randers Professor Senter for klimastrategi Handelshøyskolen BI

HØRINGSUTTALELSE NOU 2006:18, ET KLIMAVENNLIG NORGE

Ø sosialdeparteme ntet

Bømlo kommunestyre handsama klimaplanen for Hordaland Fylkeskommune i møte Særutskrift av vedtaket og kopi av saksutgreiinga ligg ved.

PARTSBREV. Dykkar ref. Vår ref. Stad/Dato: 08/2487-4/K1-K00 - Natur- og miljøforvaltning - Felles Felles, K3-&30//RSK

FYLKESDELPLAN FOR KLIMA OG MILJØ

Miljørapport Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr Mai 2009

Korleis oppfylle Parisavtalen gjennom klimatilpassing og meir miljøvennlege løysingar

CO2-reduksjoner og virkemidler på norsk

Vedlegg: doc; doc

Energiøkonomiseringsperspektivet i ny pbl

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Regionale strategiar for Møre og Romsdal som petroleumsregion

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM KVALIFIKASJONSKRAV FOR PERSONALE I FOLKEBIBLIOTEK

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Gruppemøter. Stasjonær energibruk

Norge på veien mot lavutslippsamfunnet. Siri Sorteberg, Samling for kommuner i Buskerud, 16. april 2015

Ellen Hambro, SFT 13. Januar Norge må på klimakur. Statens forurensningstilsyn (SFT)

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

Teknas politikkdokument om Energi og klima UTKAST UTKAST UTKAST

Veien til et klimavennlig samfunn

Etne kommune SAKSUTGREIING

UTVIDING AV KILDEN SENTER, NORDÅS, BERGEN KOMMUNE - SAMTYKKE ETTER KJØPESENTERBESTEMMELSANE - FRÅSEGN

SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE BOMPENGAR (KØPRISING) I BERGEN

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

TILTAKSPLAN KOLLEKTIVTRAFIKKEN SIN INFRASTRUKTUR

1. Mål for klimagassutslepp: 22% reduksjon innan 2020, 30% red. innan 2030 (frå 1991) 30% reduksjon innan 2020 (frå 2007)

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Jondalstunnelen AS- Takstreduksjon

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Omklassifisering av eksisterande strekningar på E134 i samband med bygging av Stordalstunnelen i Etne kommune - ny høyring

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

LOs prioriteringer på energi og klima

Målsetninger, virkemidler og kostnader for å nå vårt miljømål. Hvem får regningen?

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Noreg som bærekraftig energinasjon

FRÅSEGN - NOU 2011:15 ROM FOR ALLE - EN SOSIAL BOLIGPOLITIKK FOR FREMTIDEN

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde.

Interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord KS sin haustkonferanse oktober 2017

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

SØKNADER FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE OM STATLEGE TILSKOTSMIDLAR FOR 2013 FOR AUKA TILGJENGE TIL KOLLEKTIVTRANSPORTEN

HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT OM REGIONALE BOMPENGESELSKAP

FRAMLEGG Oppstart av planarbeid og forslag til planprogram. Angelica Talley Avdelingsingeniør PLAN FOR KLIMA OG ENERGI I GISKE KOMMUNE

NOU 2006:18 Et klimavennlig Norge Lavutslippsutvalgets rapport

OPPFØLGING AV SYKKELSTRATEGI FOR BERGEN - HANDLINGSPLAN

Energisparing og meir fornybar kraft: løysing på klimaproblemet? Annegrete Bruvoll Forskingsleiar, Energi- og miljøøkonomi,forskingsavdelinga SSB

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

Miljørapport Hordaland fylkeskommune 2007

Forbod mot nydyrking av myr fråsegn.

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

MÅLA FOR NORSK SAMFERDSEL Kursdagane ved NTNU Samferdsel Statssekretær Steinulf Tungesvik (Sp), Trondheim 3. januar 2007

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Klimadag for fylkestinget Klima og miljø i Regional transportplan

10. mars Norge på klimakur. Ellen Hambro. Statens forurensningstilsyn (SFT)

Skodje kommune Teknisk avdeling

Næringslivets klimahandlingsplan. Norsk klimapolitikk tid for handling

ORIENTERING OM ARBEIDET MED KLIMAPLAN FOR HORDALAND

Elev- og lærlingombod i HFK

EUs grønne pakke. Nytt fornybardirektiv varedeklarasjon, støtteregime for fornybar produksjon måloppnåelse 2020

Energi og klimaplan for Sykkylven kommune Planprogram

Kommentarer til Miljødirektoratet: Tiltakskostnader for elbil

Klimatilpassing på regionalt nivå. Frå nasjonale og overnasjonale strategiar til praktisk handling i fylke, kommunar og næringsliv

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Ein grønare Nordfjordregion

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Policygruppe bransjekontakt. Terje Moe Gustavsen 19. februar 2010

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN "BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING"

Utval Saksnummer Møtedato Plan- og økonomikomiteen 082/ Time kommunestyre 040/

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200607510-2 Arkivnr. 741 Saksh. Mathisen, Gudrun, Ullaland, Anne-Gro Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 06.02.2007 21.02.2007-22.02.2007 NOU 2006:18 EIT KLIMAVENNLEG NORGE. FRÅSEGN SAMANDRAG Korleis kan Norge redusere klimagassutslepp med 50-80 prosent frå dagens nivå innan 2050? Lågutsleppsutvalet gjer framlegg om 15 i hovudsak teknologibaserte tiltak, retta mot utslepp frå transport, oppvarming, jordbruk og avfallsdeponi, prosessindustri, petroleumsverksemd og elektrisitetsproduskjon. Tiltaka går i liten grad på endringar i åtferd, og utvalet meiner det er politisk umogleg med ei radikal omlegging av norsk livsstil i meir klimavenleg retning. Fylkesrådmannen på si side vil peike på at det er ei utfordring for politikarar på alle nivå å skape forståing for korleis endra åtferd kan vere med og redusere utsleppa av klimagassar og skape eit klimavenleg Norge. FORSLAG TIL INNSTILLING 1 NOU 2006:18 viser at det er teknologisk mogleg å gjere Norge til eit meir klimavenleg samfunn. Fylkesutvalet forventar at Regjering og Storting straks følgjer opp utgreiinga og aktivt går inn for å tilretteleggje for meir klimavenlege samfunnsløysingar. 2 CO 2 - handtering for industri og kraftforsyning, samt elektrifisering av sokkelen har særleg relevans for Hordaland. Fylkesutvalet stør opp under Lågutsleppsutvalet sine tiltak på dette feltet. 3 Utgreiinga har lite fokus på miljøpotensialet for auka bruk av skinnegåande transport i og mellom storbyar. Fylkesutvalet meiner at satsing på høgfartstog må vurderast nærare. Vidare utbygging av bybane i Bergensregionen må få høg statleg prioritering. 4 Fylkesutvalet meiner det er viktig å sette fokus på korleis endra åtferd kan medverke til reduserte utslepp av klimagassar, og ber Regjeringa medverke til at dette blir tatt opp til brei debatt. Paul M. Nilsen Jan Per Styve Vedlegg: Samandrag av NOU 2006:18 Et klimavennlig Norge. Heile rapporten - sjå www.lavutslipp.no eller www.md.dep

FYLKESRÅDMANNEN, 09.01.2007: Miljøverndepartementet har sendt på høyring NOU 2006:18 Eit klimavennleg Norge, utarbeidd av Lågutsleppsutvalet. Utvalet har fått i mandat å analysere korleis Norge kan redusere klimagassutsleppa med 50-80 prosent frå dagens nivå innan 2050. Høyringsfrist er 27.02.2007. Kva utgreiinga inneheld kap. 3: Den globale klimautfordringa og konsekvensane for Norge: Kvifor bør Norge redusere klimagassutsleppa med 2/3 innan 2050? Kap. 4: Den nasjonale klimautfordringa: Kor store er Norge sine klimagassutslepp? Kap. 5: Utvalet si Referansebane : Kva skjer om Norge ikkje gjer noko spesielt? Kap. 6: Teknologiske løysingar og åtferdsendringar knytt til norske utsleppskjelder: Kva kan gjerast? Kap. 7: Utvalet si Lågutsleppsbane : Ei heilskapsløysing Kap. 8: Kva vil det koste å redusere Norge sine klimagassutslepp? Kap. 9: Økonomiske og administrative konsekvensar Kap 10: Konklusjonar og tilråingar Samandrag og tilråingar i utgreiinga Menneska har ei formidabel utfordring i å redusere dei globale utsleppa av klimagassar samstundes som ein sikrer nødvendig økonomisk og sosial utvikling i den tredje verda. FN sitt klimapanel konkluderer at det meste av oppvarminga dei siste 50 åra er menneskeskapte. Klimaendringane skapar problem i dag og i framtida, og problema vil auke. Norge står for om lag 2 promille av verdas klimagassutslepp. I 2005 var gjennomsnittleg utslepp pr. kvar norsk innbyggjar 12 tonn CO 2 -ekvivalentar. Gjennomsnittleg utslepp pr. person i heile verda var 4,8 tonn CO 2 -ekvivalentar (år 2000). FNs klimakonvensjon seier at den rike del av verda må redusere utsleppa sine raskare og meir radikalt enn fattigare land. Eit kutt i klimagassutslepp med to tredelar i den rike verda innan midten av århundret er nødvendige for å unngå skadelege klimaendringar. Lågutsleppsutvalet sin hovedkonklusjon er at det er nødvendig, mogleg og ikkje umogleg dyrt å redusere norske utslepp med to tredelar innen 2050. Norge bør etablere eit formelt mål om å redusere klimagassutsleppa frå norsk territorium med to tredelar innan 2050. Målet omfattar alle Kyoto-gassane og relaterer til utsleppsmålet i Kyoto-plikten. Målet vurderast på nytt i 2020. Utvalet har vurdert store kjelder til norske utslepp fram mot 2050. Norske klimagassutslepp har i dag 4 om lag like store kjelder: petroleumsverksemd, prosessindustri, transport og oppvarming-jordbrukavfall. Reduksjon kan realiserast ved eit sett tiltak eller kiler, dvs. ulike måtar å redusere utsleppa på. Ei utvikling eller bane som kan inntreffe utan ekstra tiltak, vert kalt Referansebana. I Referansebana vil samla utslepp fram til 2050 auke med 25%. Det vil framleis vere 4 jamstore kjelder: gasskraft, prosessindustri, transport og petroleumsverksemd-oppvarming-jordbruk-avfall. Ei ny bane med tiltak vert kalt Lågutsleppsbana. Tiltaka kan dels vere teknologiske, men også gjelde åtferd, der utsleppa vert redusert t.d. ved å redusere aktivitetsnivået (køyre mindre bil, seinke innetemperaturen, produsere mindre), eller ved strukturomleggingar (overgang frå veg til bane). Ei radikal omlegging av norsk livsstil i meir klimavennleg retning kan redusere framtidige utslepp mykje. Utvalet rår likevel ikkje til dette, mellom anna fordi dei meiner det vil vere ei umogleg politisk oppgåve. Utvalet tilrår nokon få, hovedsakleg teknologisk baserte tiltak med eit stort potensial for reduksjonar. Tiltaka kan vere vanskeleg å få gjennomført, og det er heilt nødvendig at det norske samfunnet får ei djup forståing for klimaproblemet og løysingane, slik at tiltaka kan bli iverksatt. Tiltaka bør vere få og store, basert på relativt kjent teknologi, politisk realiserbare, medverke til internasjonal teknologiutvikling, kostnadseffektive og robuste. Utvalets heilskapsløysing Dette er ei pakke med 15 store tiltak. Dei to første er føresetnader for resten av tiltaka. Dei er retta mot spesifiserte og store utsleppskjelder. 2

I tillegg må ein arbeide for ein global klimaprotokoll for ytterleg reduksjon, støtte arbeidet med kvotehandelssystem arbeide for å inkludere utslepp frå internasjonal luftfart og utanriks sjøfart i internasjonale avtalar om utsleppsreduksjon medverke til teknologiutvikling i nisjar der Norge har særlege føremoner. Kjelde til utslipp Tiltak Grunnleggjande tiltak 1 Iverksetje ein langsiktig nasjonal innsats for klimainformasjon - ein vedvarande Klimavettkampanje. God og sakleg faktainformasjon om klimaproblemet og kva som kan gjerast. 2 Satse på utvikling av klimavennlege teknologiar gjennom langsiktig og stabil støtte til Lågutsleppsutvalets teknologipakke med hovudvekt på teknologiar for CO 2 -fangst og -lagring, vindkraft (spesielt til havs), pellets- og reintbrennande omner, biodrivstoff, solceller, hydrogenteknologiar, varmepumper og lågutsleppsfartøy. Transport 3 Innfase låg- og nullutsleppskøyretøy - hybridbilar, lette dieselbilar, elbilar og brenselcellebilar. 4 Innfase CO 2 -nøytralt drivstoff - bioetanol, biodiesel, biogass og hydrogen. 5 Reduksjon av transportbehovet gjennom betre logistikk og byplanlegging. 6 Utvikling og innfasing av lågutsleppsfartøy. Oppvarming 7 Energieffektivisering i bygg gjennom strengare bygningsstandarder, miljømerking og støtteordningar. 8 Overgang til CO 2 -nøytral oppvarming ved auka bruk av biomasse, betre utnytting av solvarme, varmepumper, o.l. Jordbruk og avfallsdeponi energiformål. 9 Samle inn metangass frå gjødselkjellarar og avfallsdeponi, utnytje til Prosessindustri 10 Iverksetje CO 2 -fangst og -lagring frå industri med store punktutslepp. 11 Gjennomføre prosessbetringar i kraftkrevjande industri. Petroleumsverksemd 12 Elektrifisere sokkelen og auka del av anlegga på land. Elektrisitetsproduksjon 13 Byggje ut meir ny fornybar kraft gjennom utbygging av vind- og småkraft. 14 Iverksetje CO 2 -fangst og -lagring frå gass- og kullkraftverk. 15 Oppruste og effektivisere elnettet for å redusere tap i nettet og gi mindre kraftverk lettare tilgang. Nødvendige første skritt For å minimalisere kostnader må arbeidet starte tidleg. Nye teknologiske løysingar må fasast inn når bygg, infrastruktur og utstyr skal fornyast. Politiske signal må vere tydelege om at dagens utsleppsnivå er uakseptabelt - ved å sørge for at alle klimagassutslepp har ein reell kostnad (avgift, kvotepris), at økonomisk nedskriving av gamalt utsleppsintensivt utstyr akselererast og ved sterke incentiv til utvikling av meir klimavennlig teknologi. Følgjande tiltak må gjennomførast før 2009: Iverksette informasjonstiltak (Klimavettkampanjen). Støtte til «Lågutsleppsutvalets teknologipakke» og teknologisatsinga tilrådd av Forskingsrådets klimaforskingsutval. Vidareutvikle teknologiske nyvinningar. Realisere CO 2 -fangst og -lagring i alle gass- og kullkraftverk. Innfase låg- og nullutsleppskøyretøy. Auka satsing på CO 2 -nøytral fyring. Auka satsing på energieffektivisering. Etablere støtteordningar til utvikling av fornybare energikjelder til erstatning for ordninga med grøne sertifikat som ikkje vart realisert. Stimulere klimavennlege offentlege innkjøp. Departementa må utarbeide sektorvise tiltaksplanar og forslag til verkemidlar for å nå målet 3

Arbeide aktivt for at det europeiske kvotehandelssystemet og systemet under Kyoto-protokollen vert utvikla vidare og at fleire land og sektorar tar på seg bindande ansvar for utslepp. Fylkesrådmannen sine merknader til NOU 2006:18 Om Lågutsleppsutvalet sitt arbeid generelt Utvalet gir ein grundig gjennomgang av klimautfordringane, og kvifor Norge bør redusere utsleppa av klimagassar. I kap. 6 om kva som kan gjerast, peiker utvalet først på nokon bieffektar av av ulike type tiltak (s. 53): Når man innfører tiltak for å redusere klimagassutslipp, skjer selvfølgelig mer enn at utslippene går ned. Ekstra kostnader vil som regel påløpe og dermed påvirke vår levestandard. I noen tilfeller kan også utslippene i utlandet øke som følge av norske utslippreduksjoner. Videre er det slik, spesielt når det gjelder store tiltak, at de kan påvirke graden av teknologiutvikling i første omgang og deretter næringsutviklingen i landet på lengre sikt. Utslepp er uttrykt som eit produkt av aktivitetsnivå og utsleppsintensitet. Aktivitetsnivå er delt inn i konsum og produksjonsaktivitet retta mot eksport. Det gir 4 hovudgrupper av tiltak: 1. Redusert eksport frå Norge (redusert aktivitet i Norge). Utvalet meiner at dette neppe vil redusere globale utslepp. 2. Redusert konsum i Norge (redusert aktivitet i Norge). Utvalet meiner at globale utslepp vil bli marginalt redusert. 3. Redusert utsleppsintensitet i Norge. Utvalet meiner at teknologiutvikling i Norge på sikt vil føre til reduserte utslepp og ny næringsutvikling. 4. Norskfinansierte utsleppsreduksjonar i utlandet (redusert aktivitet og intensitet i utlandet). Utvalet meiner at det vil redusere globale, men ikkje norske utslepp. Utvalet meiner det er gode grunner for å velje teknologibaserte tiltak som kan redusere utsleppsintensiteten. Dei kan signalisere felles vilje og stimulere til tiltak som krev endra åtferd. Framlegga til tiltak, relevans i Hordaland Fylkesrådmannen meinar at framlegg til tiltak er fornuftige. Mange av dei er særleg relevante for Hordaland, som er eit stor kraftfylke. Utvikling av CO 2 -teknologi med tiltak for kraftproduksjon og industri (tiltak nr 2, 10 og 14) samt elektrifisering av sokkelen (tiltak nr 12) heng saman og er viktige for Hordaland, slik det mellom anna er skildra i tidlegare saker som energiverk Mongstad (FUV 245/05 og 89/06), gasskraftverk BKK (FUV 02/07) og framtidig kraftsituasjon for Hordaland (FUV 220/06). Stimulering til auka bruk av bioenergi og andre fornybare energikjelder (tiltak 8 og 13) er ein av strategiane i fylkesplan for Hordaland 2005-2008, og er også eit satsingsområde i Regionalt utviklingsprogram. Bruk av gass i transportsektoren som gassferjer og gassbusser har særleg effekt på reduksjon av utslepp av NOx og partiklar, men vil også gje noko reduksjon i utslepp av CO 2. For transport er CO 2 -effekten av gassbruk størst til sjøs, og lågutsleppsfarty på gass inngår i lista (tiltak 6). Tilgang på CO 2 -nøytralt drivstoff (tiltak 4) er lågt i Hordaland, sjølv om ein har lyspunkt som selskapet Milvenn som produserar biodiesel frå avfallsfett frå restauranter. Betre tilbod på biobasert drivstoff kan vere aktuet å sjå nære på i ei utgreiing fylkeskommunen vil sette i gang om tiltak som kan redusere klimautsleppa i Hordaland. Fylkesrådmannen tar sikte på å leggje fram ei sak til kulturog ressursutvalet og fylkesutvalet i mars om dette (jf. KRUT-sak 113/06 Hordaland bensin og dieselfri i 2020). Kva som ikkje vert fokusert Utgreiinga har lite fokus på skinnegåande transport i og mellom storbyregionane. Bybanen i Bergen vil gje reduserte utslepp i høve til alternativ som bil og busstransport. Framtidig utvikling av bybanen i Bergensregionen høver inn i tiltak 5, betre logistikk og byplanlegging. Dersom dette skal prioriterast, bør det inn i NTP for komande periode. 4

Flytransporten står for store utslepp pr passasjer, og motivasjon for å utgreiie høyhastighetstog mellom storbyane er mellom anna reduksjon i klimautslepp. Ein hadde difor forventa at dette hadde vore meir omtalt i utgreiinga, evt. også som eit separat tiltak under transport. Fylkesrådmannen har elles merka seg at Lågsleppsutvalet ikkje rår til ei radikal omlegging av norsk livsstil. Grunngjevinga er at dei meiner det er politisk umogleg. Utvalet problematiserer ikkje at Norge er eit av verdas rikaste land, og at nordmenn slepp ut meir klimagass enn dei fleste andre menneska i verda. Utvalet problematiserer ikkje om det er ein skilnad på livsstil og levestandard. Det er eit spørsmål om omlegging av livsstil er det same som reduksjon av levestandard. Livsstil er særleg knytt til utsleppskategoriane transport og oppvarming. Døme på transportretta tiltak som kan påverke livsstilen i Norge er: Restriksjonar på bruk av privatbil i storbyregionane. Dette vil krevje utbygging av skinnegåande transport i staden. Fleire storbyar i utlandet vurderer dette, primært pga trafikkkork. Restriksjonar på flyreiser innanlands. Dette vil krevje utbygging av skinnegåande tilbod i staden. T.d. Frankrike satsar systematisk på utbygging av høgfartsjernbane. Døme på tiltak som reduserer energibehov til oppvarming er: Redusert storleik på bustader i storbyregionane. Gjennomsnittleg areal på norske bustader har auka kraftig dei siste 40 åra. Redusert storleik på hytter. Gjennomsnittleg areal på norske hytter har auka kraftig dei siste 10 åra. Utan tvil er det ei lang rekkje små og store tiltak som ikkje er nemnt i utgreiinga, og som gjeld endra åtferd, og som samla sett kan gje store reduksjonar i utslepp av klimagassar. Det er ei utfordring for politikarar på alle nivå å skape forståing for kva konsekvensar livsstilen vår har for klimaet, og korleis endra åtferd kan redusere utsleppa av klimagassar. Det krev politisk kløkt å skape brei offentleg debatt og semje om kva vi kan gjere for å få eit klimavenleg Norge. Klimakvotar Ein klimakvote er ei løyve til å sleppe ut ein viss mengde klimagassar innanfor eit visst tidsrom. Kvotane kan utformast som utsleppssertifikat som gir innehavaren rett til å sleppe ut enten eit tonn CO 2, eller ein tilsvarande mengde av andre klimagassar. Kvotehandel gir eit land eller ei verksemd høve til å handle med rett til å sleppe ut klimagassar. Fleire frivillige organisasjonar har starta å selje klimakvotar for at bedrifter og enkeltpersonar skal kunne kompensere for eigne utslepp av CO 2 frå eigne flyreiser. Pengane frå salet går til miljøprosjekt i andre verdsdelar og i Aust-Europa. Fleire offentlege aktørar har valt å kjøpe CO 2 - kvotar som eit signal om engasjement. Døme er Lågutsleppsutvalet, Regjeringa og biskopen i Vest-Agder. Fleire kommunar og fylkeskommunar vurderer det same. Kvotekjøp redusere ikkje klimgassutsleppa i Norge, men er med på å redusere klimagassutsleppa globalt. På nettsida www.mittklima.no kan ein berekna kor mykje CO 2 ei flyreise slepp ut, og det er høve til å kjøpe ein klimabillett. Ei flyreise Bergen-Oslo er på 648 km. Ein Mitt klimabillett kostar 37 NOK og veg opp for utslepp av 193 kg CO 2. Minimumspris på klimabilletten er sett til 100 NOK; det kompenserer for 500 kg CO 2 - ekvivalentar. Totalprisen for ein klimabillett tur-retur Bergen-Oslo blir då på 100 NOK. Ei flyreise Bergen-Brussel er på 2092 km. Ein Mitt klima billett kostar 119 NOK og veg opp for utslepp av 622 kg CO 2. 5

Ut å fly... Fire personer flyr Oslo-Bangkok-Oslo, dvs. 30 400 km. På denne turen forbruker de fire personene 2 130 liter flybensin. En tommelfingerregel er at du forbruker 30 liter flybensin pr. flytime pr. flysete. Energimengden i 2 130 liter flybensin tilsvarer: Å kjøre 26.600 kilometer i en vanlig personbil nesten to års bilkjøring. Å kjøre 106.500 kilometer i en turbuss. Energi nok til å varme opp en 100 kvm leilighet i to år. Nok til at fire personer kan dusje hver dag i åtte år. Kjelde: Lågutsleppsutvalet, boks 4.3. 6

Kultur- og ressursutvalet 06.02.07 Stig Høgholm sette på vegne av FrP fram slikt forslag: Siste setning i pkt. 3 utgår. Filip Rygg sette på vegne av H,V,KrF,SV og P/U fram slikt forslag: Under pkt. 3, endre orda: må vurderast nærare til er nødvendig. Nytt pkt. 5: For Hordaland sin del vil fylkesutvalet ha ein målsetnad om 30% kutt i fylket sitt CO2 utslepp innan 2020. Røysting: Fylkesrådmannen sitt forslag til pkt. 1,2 og 4 vart samrøystes vedteke. Stig Høgholm sitt forslag til pkt. 3 fekk 3 røyster (FrP) og fall. Filip Rygg sitt forslag til pkt. 3 vart vedteke med 7 røyster (H,KrF,SV,P/U,V og A). Filip Rygg sitt forslag til pkt. 5 fekk 6 røyster (H,V,SV,KrF og P/U) og fall. INNSTILLING 1 NOU 2006:18 viser at det er teknologisk mogleg å gjere Norge til eit meir klimavenleg samfunn. Fylkesutvalet forventar at Regjering og Storting straks følgjer opp utgreiinga og aktivt går inn for å tilretteleggje for meir klimavenlege samfunnsløysingar. 2 CO 2 - handtering for industri og kraftforsyning, samt elektrifisering av sokkelen har særleg relevans for Hordaland. Fylkesutvalet stør opp under Lågutsleppsutvalet sine tiltak på dette feltet. 3 Utgreiinga har lite fokus på miljøpotensialet for auka bruk av skinnegåande transport i og mellom storbyar. Fylkesutvalet meiner at satsing på høgfartstog er nødvendig. Vidare utbygging av bybane i Bergensregionen må få høg statleg prioritering. 4 Fylkesutvalet meiner det er viktig å sette fokus på korleis endra åtferd kan medverke til reduserte utslepp av klimagassar, og ber Regjeringa medverke til at dette blir tatt opp til brei debatt. 7

Fylkesutvalet 21.02.07 Pål Kårbø sette fram slikt forslag på vegner av KrF og V: Nytt pkt. 5: For Hordaland sin del vil fylkesutvalet ha ein målsetnad om 30% kutt i fylket sitt CO2 utslepp innan 2020. Terje Søviknes sette fram slikt forslag: Siste setning i pkt. 3 utgår. Røysting Innstillinga pkt. 1, 2 og 4 vart samrøystes vedteken. Innstillinga pkt. 3 vart vedteken med 12 røyster mot 3 røyster (Frp) for Søviknes sitt forslag til pkt. 3. Kårbø sitt fellesforslag til pkt. 5 fekk 5 røyster (KrF, V, SV) og fall. VEDTAK 1 NOU 2006:18 viser at det er teknologisk mogleg å gjere Norge til eit meir klimavenleg samfunn. Fylkesutvalet forventar at Regjering og Storting straks følgjer opp utgreiinga og aktivt går inn for å tilretteleggje for meir klimavenlege samfunnsløysingar. 2 CO 2 - handtering for industri og kraftforsyning, samt elektrifisering av sokkelen har særleg relevans for Hordaland. Fylkesutvalet stør opp under Lågutsleppsutvalet sine tiltak på dette feltet. 3 Utgreiinga har lite fokus på miljøpotensialet for auka bruk av skinnegåande transport i og mellom storbyar. Fylkesutvalet meiner at satsing på høgfartstog er nødvendig. Vidare utbygging av bybane i Bergensregionen må få høg statleg prioritering. 4 Fylkesutvalet meiner det er viktig å sette fokus på korleis endra åtferd kan medverke til reduserte utslepp av klimagassar, og ber Regjeringa medverke til at dette blir tatt opp til brei debatt. 8