Prosjektrapport frå gruppe 4a.



Like dokumenter
NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Faktaopplysningar Helse og omsorg per

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Pilehagen Eit småhustiltak. Innlegg

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

1. Mål med samhandlingsreforma

Forslag til forskrift

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Torsdag 23. Januar, Flora Samfunnshus

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta. Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

«Det muliges kunst» Kurs for pårørande ved rusproblematikk

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Team Hareid Trygg Heime

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Programmet Helse Førdes tilbod til psykisk sjuke pasientar ute i kommunane

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

Eksempel frå Stord kommune

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Vinje kommune. Forskrift om. tildeling av langtidsopphald ved Vinje sjukeheim. eller. tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenestar,

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

Saksnr Utval Møtedato

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Kvardagsrehabilitering i Vindafjord kommune «Aktiv i eige liv»

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Til deg som bur i fosterheim år

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

NOTAT om familiehuset

Tilpassa bustader erfaringar frå Karmøy. Innlegg Stavanger 4 april 2017

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

NAV Sula. Rusarbeid i Sula kommune

SLUTTRAPPORT. Tilbod til sikkerheitspasientar i Helse Førde

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

Partane sitt ansvar for helse- og omsorgsoppgåver og tiltak partane skal utføre

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Brukarutval. Kva er ein brukar i denne samanheng?

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

TENESTESTANDARD KORTTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Frå visjon til realitet November 2012

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Korleis me vart landets beste kommune på bustadsosialt arbeid

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

For å nå dette må tiltak, verkemedel og tenester organiserast slik at dei fremmer dette og motverkar segregering og stigmatisering.

Informasjon til pasientar og pårørande

Mestring og deltaking heile livet

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE

Akuttpsykiatriske situasjonar

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Utvalet for oppvekst og omsorg /11 HLV

Sluttrapport Forsøk med fleksible arbeidstidsordningar i Vestnes kommune.

Erfaringar frå kommunalt arbeid med LAR. Tiltakstenesta, Flora kommune Geir Kristiansen, psykiatrisk sjukepleiar

Erfaringar frå kommunalt arbeid med LAR. Flora kommune, tiltakstenesta Anne Merete Ødven

SLT- HANDLINGSPLAN. Mai 2012

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Lønnsundersøkinga for 2014

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Transkript:

Prosjektrapport frå gruppe 4a. 1. Forsterka bu- og tenestetilbod for menneske med psykiske lidingar og / eller som er avhengige av rusmiddel, som ikkje har eigen bustad, og som har behov for døgnbaserte tenester. I tilbodet skal og aktivitet / arbeid inngå. Gruppemedlemmer: - Ingvill Hauge frå Etne Kommune - Bodil Bojesen frå Sauda Kommune - Anne Gunn Rosseid frå Sauda kommune - Nina Mosbron frå Suldal Kommune - Arne Thomas Lundqvist frå Helse Fonna - Laila Thorsen frå NAV Vindafjord kommune 1

2. Samandrag Mandatet er å greie ut og beskrive alternative modellar for organisering av tenestetilbodet til personar med behov for langvarige og samansette tenester når det gjeld forsterka bu og tenestetilbod for menneske med psykiske lidingar og / eller som er avhengig av rusmiddel, som ikkje har eigen bustad, og som har behov for døgnbaserte tenester. I tilbodet inngår aktivitet / arbeid. Målgruppa er avgrensa til : Kvinner og menn, frå Etne, Sauda, Suldal og Vindafjord som er over 18 år, og som er psykisk sjuke. Det er ikkje krav om at dei skal være rusfrie. Dei kan ha ei uførutseieleg åtferd. Dei vil ha eit omfattande og varig behov for tenester etter helse og omsorgstjenestelova. Målgruppa har store og samansette behov, men det er ikkje mange i kvar kommune. Behovet for bustadar er rekna til å vere mellom 8 og 12.Slitasjen på personalet, og også på brukarane kan bli stor når den einskilde kommune ikkje greier å byggje opp eit fagleg og økonomisk forsvarleg tilbod når brukargruppa og faggruppene vert for små. Det vil verte dyrt å byggje opp døgntilbod for få brukarar. Ved å samla desse utfordringane i eit interkommunalt bufellesskap kan ein byggja opp kompetansen og gjera gruppa av tilsette meir robust til å stå i arbeidet over tid. Det vil i tillegg truleg vera med på å sikra stabiliteten i personalgruppa. Ein kan også tenkja seg at bufellesskapet kan framstå som eit kompetansesenter som kan gje råd og rettleiing til kommunane. Det vert og fleire til å dela på utgiftene. Det vert sett på som viktig at kommunane kan tilby ein varig bustad og heildøgns tenestar tl denne gruppa. Oppfølging i spesialisthelsetenesta vil primært være poliklinisk og ambulant på DPS nivå. I samarbeidet med Helse Fonna kan ein nytte telemedisinske løysingar, spesielt når det gjeld rettleiing og samarbeidsmøte. Med utgangspunkt i gjennomsnittlege kostnader pr. m2 i Rogaland i 2010 og 2011 vert prisen om lag 10,3 mill. kroner. Husbanken vil kunne gje 2 mill av desse i tilskott. Driftskostnadane om lag 1,4 millionar for kvar brukar Anbefalinga vert at ein går vidare med planane om å byggje eit bufellesskap og at det vert nedsett ei arbeidsgruppe til å utrede dette og at midlar til prosjektplanlegging vert innarbeida i budsjetta for 2014. Ulike løysingar: a. Bufellesskap med 8 bueiningar. (plassert slik at ein kan byggje på / byggje frittståande hus i nærleiken) b. Byggje bufellesskap og bustad til 12 personar c. Byggje små sjølvstendige hus med fellesareal og rom for personale i nærleiken. ( 8 eller 12) Aktivitetstilbod inngår i tiltaket eller at allereie eksisterande tiltak nyttast. 2

3. Bakgrunn Det er oppretta eit felles prosjekt mellom kommunane Etne, sauda, Suldal og Vindafjord med bakgrunn i Stortingsmelding 47 ( 2009) Samhandlingsreforma legg opp til endra rollar og nye oppgåver for kommunane innan helse og omsorgsområdet. Prosjektet skal utgreie og etablere tiltak for eit framtidig samarbeid innan desse områda, i tråd med intensjonane i reforma. Formålet med prosjektet er å gje gode og trygge tenester til innbyggjarane i kommunane våre. Det skal utviklast fagleg robuste tilbod til pasientar / brukarar, og utfordrande arbeidsplassar, på ein slik måte at ressursane vert maksimalt utnytta. 4. Mandat Å greie ut og beskrive alternative modellar for organisering av tenestetilbodet til personar med behov for langvarige og samansette tenester. Gruppe 4a skal gjere dette når det gjeld forsterka bu- og tenestetilbod for menneske med psykiske lidingar og / eller som er avhengig av rusmiddel, som ikkje har eigen bustad, og som har behov for døgnbaserte tenester. I tilbodet skal og aktivitet / arbeid inngå. Gruppa skal sjå på alternative forslag. 5. Nøkkeltal. Behov. I Brukarplan er alle dei som har eit kjent rusmisbruk og som samtidig har eit vedtak etter Helse og sosialtenestelova eller Lov om sosiale tenester i Nav. Rapportert av helse- og omsorgspersonell i kommunane. Bruker Plan 2012, ei kartlegging av brukarar innan psykiatri, rus, rus og psykiatri har data frå tre av kommunane våre, Etne, Sauda og Suldal. Del rusmisbrukarar eller personar med rus og psykiatri som er brukarar av tenester i % av innbyggjarar over 18 år: Etne 0,46 14 personar Sauda 1,46 55 personar Suldal 0,78 23 personar (Vindafjord har ikkje registrert siste året, men det vart rapportert 20 i 2011) Dei fleste er mellom 20 og 60 år og i alle kommunane er dei fleste er menn, men Sauda har ein større del kvinner enn dei ander to kommunane ( 43,6 % mot 13,0 % og 14,3 %) Funksjonsnivå er svak (raudt ) hjå 38 % av brukarane. I aldersgruppa mellom 18 og 24 år 3

fordeler det seg slik : Etne 14,3 %, Sauda 5,45% og Suldal 0%. Gjennomsnittsalderen på dei med dårleg funksjonsnivå ( raud skår) er 38 40 år. Bruker Plan har sett på samanhengen mellom rusing og andre funksjonsområde og finn at der er ein samanheng mellom rus, jo meir rus jo lågare ( raudare) skår på variablane økonomi, psykisk helse, fysisk helse, bustad, sosial kompetanse, nettverk og arbeid / aktivitet. Sterkast samanheng mellom rus og sosial kompetanse og arbeid / aktivitet. Når det gjeld bruken av omsorgstenester hjå brukarane så er det 11 i Etne, 3 i Sauda og 9 i Suldal som er registrert. Resultatet her kan avspegle organisering av hjelpa. Til dømes har Sauda ei rusteam som yt tenester, det kan være rapportert som anna enn omsorgsteneste. Suldal har og ein ruskonsulent som driv oppsøkjande verksemd. Ein manglar opplysningar frå den einskilde kommune, men frå kommunane på Haugalandet som er med i undersøkinga har me desse tala: Blant dei 1192 brukarane som er med i statistikken (15 kommunar) er det 40 % som har midlertidig bustad. 785 brukarar av 1192 har spesialisthelseteneste. På førespurnad ute i kommunane er det meldt om to personar i målgruppa frå Suldal, det same frå Sauda, ingen frå Etne og 10-12 personar frå Vindafjord, men her er overvekta på rusproblem. Dette er ei veksande gruppe i Vindafjord. For Etne, Sauda og Suldal er det viktig å vere med i eit samarbeid nettopp av de det er så få brukarar. Ein greier ikkje få til eit teneleg bufellesskap med 1 2 bebuarar. I helse Fonna sin plan for psykisk helsevern(s30) http://www.helsefonna.no/aktuelt/nyheter/sider/plan-for-psykisk-helsevern-vedtatt.aspx står det at gjennom opptrappingsplanen og samhandlingsreforma ynskjer ein å gå vekk frå store, sentrale sjukehusinstitusjonar med døgnbehandling og satse på ambulant, poliklinisk verksemd, der spesialisthelsetenesta samarbeider tett med kommunehelsetenesta. Dette vil auke etterspurnaden etter tenestar i kommunane. Etne kommune har pr. i dag ingen brukarar i den aktuelle målgruppa. Dette er ein situasjon som fort kan endra seg, og det vil derfor vera nyttig at også Etne er med i dette samarbeidet. Det er semje om å ikkje blanda de generelle utfordringane i forhold til busituasjon, men einmå likevel ta med noen moment. Vindafjord har utfordringar på bustadmarknaden, for alle grupper menneskje som ikkje eig eigen bustad. Grunna god verksemd i industrien, er prisane på den private marknaden pressa noko høgt. Dette fører til at dei som har minst eller dei med låge inntekter ikkje får leige på privatmarknaden. De er også ofte ustabile leigetakere i forhold til betaling og fell ut etter en stund, sjølv om dei skulle kome inn. Den andre faktoren for gruppa vår, når det gjeld den private marknaden, er at brukargruppa ikkje er ønska som leigetakarar. Dette fordi dei gjerne er kjente i kommunen, kjente på en slik måte at det er kjent hvilke utfordringer disse har. Utfordringar med rus og utfordringar med å 4

evne å bu sjølv. Kommunalt husvære blir deira einaste alternativ. Vindafjord har ingen rettleiar i kommunen for dei som treng det for å kunne bu for i eigen heim. Dei som eventuelt følger opp i heimen er ruskonsulentane og folk i pleie om brukerne har tjenester derfra. Vi har et knippe på ca 10 brukere som har psykiske lidelser og rusutfordringer. De fleste av disse er unge menn, også nokre få kvinner. De fleste av desse vil truleg kunne bu aleine etter kvart, etter opptrening/læring over tid. Nokon vil truleg måtte ha tilsyn i bustaden resten av sitt liv. Det vil være for lite oppfølging om kommunen skaffar rettleiar for oppfølging på dagtid. Desse brukarane har ikkje noko aktivitetstilbod på dagtid. Dei snur gjerne døgnet og er våkne på nattestid. Dei er ofte til sjenanse for naboer, grunna salg og kjøp av rus, døgnrytme og rot og hærverk av boligen dei bor i. Det er uvisst, men likevel lite sannsynlig at disse brukerne klarer å bo alene på en tilfredsstillende måte. Sjølv om Vindafjord har 10-12 med psykiske problem, rusproblem og vanskar med å skaffa bustad ser ein at dei fleste er i målgruppa for å kunne rehabiliterast til å kunne bu aleine, men at det er ei lita gruppe som truleg treng oppfølging heile livet. 6. Status i dag. Kommunane våre er ulikt organisert slik at tenestar til personar med rus og psykiatriproblematikk i varierande grad er integrert i andre tenestar. I Suldal har me ein stilling på NAV knytt til oppfølging av menneske med rusproblem. Denne arbeider tett saman med avdelinga for psykisk helse, og spesielt med ei stilling som miljøterapeut innan sysselsetting/ tilrettelegging for arbeidssøking. Psykisk helse har totalt 9,45 årsverk. Suldal har ingen bufellesskap eller kommunale institusjonar på dette fagområdet. I Etne får brukarar med rusproblem oppfølging frå helse og sosialtenesta. Ein har ikkje bufelleskap, og har heller ingen brukarar i den kategorien. Nokre har omsorgsbustad, andre leiger på den private marknaden og nokre eig eige husvære. Brukarane nyttar seg av dei same tenestene som andre brukarar; Dagsenter, oppfølging av psykiatrisk sjukepleiar, arbeid i verna bedrift, heimehjelp og miljøarbeidsteneste. Kompetanse i Sauda kommune. Psykisk helse Sauda har psykiatrisk sykepleiere/vernepleiere samt miljøarbeidere med videreutdannelse i psykisk helsearbeid. Til saman 4,76 årsverk. Der ytes hjelp til dei som bur heime frå kl.8.00-21.30 heile veka. I tillegg er der tilbod om samtaleterapi en til en på kontor av høgskoleutdanna personale med vidareutdanning. På dagtid frå måndag til fredag. Rusteamet er tilknytta NAV Sauda og de betjener for øyeblikket 15 brukere. Frå hausten avbestår teamet av tre hele årsverk med forskjellig faglig bakgrunn. 5

I Vindafjord er det Nav kontoret som har ansvaret for rusfeltet. Vindafjord har i dag 2 faste stillinger i 80% stilling som føl opp rusmisbrukarar, også et vikariat ut 2013 på 60%. Oppfølging i forhold til bustad, behandling og mot aktivitet når den tid kjem. Vindafjord har ingen bustadar som er tilpasset denne gruppa. Nav samarbeider tett med psykisk helse og politiet. Vindafjord har også nettopp etablert tiltaket «Inn på tunet» i kommunen. Dette er rettet mot brukarar som gjerne har vore i behandling eller/og som sliter med et rus problem. Vi vil anta at vårt behov i forhold til bustadar for denne gruppa vil være anslagsvis pluss/minus 10 bustadar. Vindafjord har mange som slit med å bu og flere som ikkje kan bu aleine. Desse kjem heller ikkje inn på den private bustadmarknaden. 7. 1 Funksjon Tiltaket skal sikre at rusavhengige med alvorlege psykiske lidingar og dobbeltdiagnosar skal få ein varig og stabil busituasjon. Med varig bustad meiner ein, ein stad kor ein kan bu utan tidsavgrensing. I bustaden skal ein få dei helse og omsorgstenestene ein har behov for. Dette i samsvar med NOU2011:15 Rom for alle, www.husbanken.no/bibliotek/bib_bologpolitikk/rom-for-alle/ kor dei legg til at ei slik satsing bør innebera kompetanseutvikling i kommunane, fleire bustadar og ei styrking av oppfølgjartenestene. 7.2 Målgruppe Målgruppe 1: Kvinner og menn over 18 år, med psykoseproblematikk og schizofrenidiagnosar som er utrygge, slit med angst og som treng å vere saman med andre. Det er ikkje krav om at dei skal være rusfrie. Dei kan ha ei uførutseieleg åtferd og vil truleg trengje omfattande tenester frå kommunen Målgruppe 2: Ren psykiatri. Mennesker med schizofreni og personlighetsforstyrrelser som har vore sjuke siden ungdommen og har ei kronisk liding. Desse har inga evne til å bu sjølvstendig. Det må ikkje vere rus inn i bilete. Målgruppe 3: Sinte unge menn Det er unge, oftast menn, som har falt ut av skule og arbeidsliv og som har rusproblem, ofte i lag med psykiske problem og åtferdsproblem. Dei vil og ofte ha trong for praktisk hjelp til dagleglivet sine aktivitetar. Dette gjer at dei ikkje slepp til i den ordinære utleigemarknaden for bustadar. Alle desse tre gruppene fell under vårt mandat. For å freiste å avgrense målgruppa og samstundes nå flest mogleg vel me å definera målgruppa slik: Kvinner og menn, frå Etne, Sauda, Suldal og Vindafjord som er over 18 år og som er psykisk sjuke. Det er ikkje krav til at dei skal vere rusfrie og dei kan ha ei utfordrande åtferd. Dei vil ha eit omfattande og varig behov for tenester frå kommunen. Med denne målgruppa vil me nå både dei i gruppe 1 og ein del av dei i gruppe 3. Det er heller ikkje noko bufellesskap / felles tiltak for denne gruppa i frå før. I Nasjonale 6

retningslinjer for utredning, behandling og oppfølging av personar med samtidig ruslidingar og psykiske lidingar ROP lidingar, står det at norske kommunar ikkje er lovpålagd å skaffe permanente bustadar, men at kommunen har plikt til å medverke til å skaffe bustad til personar som sjølv ikkje kan ta i vare sine interesser på bustadmarknaden. Erfaring tilseier at dei i vår målgruppe er blant dei som har store vanskar med å kome inn på bustadmarknaden. Dei sinte unge mennene som treng rehabilitering og opplæring vil då felle utanfor denne målgruppa til dette felles tiltaket. Spørsmålet ein stiller seg er om brukarane er viljuge til å flytte til ein annan kommune for å få dette tilbodet. Det er ikkje høve til å nytte tvang for å få nokon til å busetje seg her. Dette er meint å være eit trygt og verdig tilbod til dei som ein ikkje greier å gje gode nok tenester i eigen kommune. Takkar ein nei må ein greie seg med eit teneste tilbod som er vurdert til å være dårligare. I Fou-rapport nr.1/2012 http://www.regjeringen.no/nb/sok.html?quicksearch=fourapport+nr.1/2012&id=86008 Husrom utan hjerterom, kan bustad motverka marginaliseringsprosessar? står det mellom anna at det er vanskeleg å rehabiliterast om ein lokaliserast saman med personar som ynskjer å fortsetje rusbruken sin, og det er uheldig å blanda personar med legemiddelassistert behandling med personar som ikkje mottek denne forma for behandling. Ved å definere målgruppa som me gjer, vel me å legge vekt på eit tilbod om å bu, ADL trening (Trening i dagleglivet sine aktivitetar), og det som ligg i det å halda sitt eige hushald. Eit trygg og verdig tilvære. Rom for trygghet http://www.husbanken.no/bibliotek/bib_omsorgsboliger/rom-for-trygghet/ Tryggleik vart i Fourapporten trekt fram som eit viktig aspekt som heng saman at ein skal kunne halde unna ikkje ynskte gjester. I den samanheng vart det etterlyst døgnbemanning 7.3 Tildelingskriterier. Det må utarbeidast retningsliner for tildeling. 7.4 Beslutningsprosessen Heimkommunen gjer sakshandsaminga og finn då kven som er kvalifisert til eit slikt tilbod. 7.5 bemanningsplan. Bemanningsplan til 12 brukara 3 D-vakter: ca. 8 timar x 3 = 24 timar 3 A-vakter: ca. 7,75 timar x 3 = 23,25 timar 2 N-vakter: ca. 9 timar x 2 = 18 timar = 65,25 timar pr. døgn 65,25 t x 7 døgn = ca. 456,75 t/pr. veke i turnus. Dette utgjer 13 årsverk. I tillegg kjem leiar. 7

Bemanningsplan til 8 brukara 2 dag 8 timar x 2 = 16 timar 2 kveld 7,75 timar x 2 = 15,5 timar 2 natt 9 timar x 2 = 18 timar = 49,5 timar pr. døgn 49,5 t x 7 døgn = 346,5 t/pr. veke i turnus. Dette utgjær 9,8 årsverk. I tillegg kjem leiar Behovet for personell vil variera med behovet hjå den einskilde brukar og plasseringa av tiltaket. Vert plasseringa i nærleiken av heimetenesta eller sjukeheim kan det vere ein på natt kan samarbeide om den eine nattevakta. 7.6. Kompetanse I bufellesskapet treng ein sjukepleiar, vernepleiar og miljøterapeut. Nokre av desse bør ha tverrfagleg vidareutdanning innan rus og psykiatri som gjer ei innføring i rusførebygging, behandling og omsorgsfunksjonar innan rusfeltet. Ein vil og ha behov for miljøarbeidarar med vidareutdanning i psykiatrisk miljøarbeid. Miljøterapeuter er ei viktig gruppe. Aktivitør, musikar og andre med praktisk bakgrunn, som dermed kan være pådrivarar for aktivitet/arbeide i kvardagen. Der må vere tilgang til tenester frå Akutt ambulant team. (tenke da spes. på psykolog/psykiater) og Nav. Ut i frå erfaring veit ein at det er lettare å rekruttera og halda på fagfolk i gode fagmiljø. Der må være gode rutinar for samarbeidet med AAT team (akutt ambulant team) som består av fagfolk frå Haugaland DPS og dermed er eit anna linje tilbod. Dei bistår i akutte og vanskelige tilfelle, hvor det er behov for høgare kompetanse, akutt og når det må vurderast innlegging. 7. 7 Arealbehov Eit varig bustad kan vere mykje forskjellig alt frå eigen eigd eller leigd bustad til godt bemanna og samlokaliserte bustadar eller bufellesskap. I Husbanken sin rettleiar for omsorgsbustadar og sjukeheimar seies det at omsorgsbustadar som bukollektiv kan vere sosialt krevjande og passar ikkje alle. I same rapporten står det når det gjeld butilbod for personar med rus og psykiske lidingar at opp til 4-6 bustadar same stad tykkjest å gå bra, men med fleire enn dette oppstår det ofte konfliktar. Eigen inngang verkar til fungera godt. 8

Det vert anbefalt individuelle løysingar både når det gjeld bustad og oppfølging i bustad. Husvære bør vere frå 40 m2 og oppover. Når det gjeld butilbod for personar med psykiske lidingar tyder tilbakemeldingane frå kommunane at bufellesskap fungerar bra for mange. Fellesarealet bør ikkje være mindre enn 40 50 m2 og kan innehalda kjøken, stove og toalett. Erfaring viser at fellesareala nyttast meir når der er personale til stades. Fellesrom og rom for personale bør liggje nær kvarandre. Forskrift om arbeidsplassar og arbeidslokale (Arbeidstilsynet best. 529) set krav til dimensjonering av rom til personale etter kor mange arbeidstakarar som normalt skal bruke rommet og arbeidet sin art, men den seier ikkje noko konkret om arealbehovet. I tillegg er det krav til garderobe, vaskerom, toalett, rom til å ete i og kvileplass for gravide og ammande. 7.8 Samarbeid med brukergrupper og frivillige. Eksempel fra Sauda er tatt med for å vise hvordan en kan samarbeide med frivillige. Mental helse Sauda: Dette er en organisasjon som starta i 1985 og har 120 medlemmer. Stedet kalles møteplassen. 2 dager i uka er kommunale, dvs 2 personer ansatt av Sauda kommune, innhold i disse dagene er middag og samvær. De andre dagene i uka drives av brukere. Aktivitetene da er trening og hobbykvelder. Frivillighetssentralen i Sauda. Et eldre hus i sentrum, der det pr. i dag er bevilget 1 årsverk. Det er aktiviteter som turgruppe, snakk norsk gruppe, samtale gruppe, litt hagearbeid og følgetjeneste. Til disse aktivitetene er det 1-2 frivillige med hver gang. Suldal Suldal har mange frivillige, men ingen arbeider i forhold til rus/psykiatri. Der er ein lokalforening av Mental helse. Vindafjord I budsjettet for 2013 er det vedtatt en stilling til frivillighetskoordinator. Arbeidet med frivillighet er ikke satt i et system i kommunen, men det er god grunn til å tro at potensialet er stort. Dette arbeidet vil bli sett i sammenheng med folkehelsen. Også årets budsjett er innvilget en stilling som folkehelsekoordinator. Denne vil truleg bli besett før sommarferien. 9

Aktivitetstilbod er ein del av mandatet. Brukargruppa ventast, ut i frå krava til inntak, å ikkje ha så stor arbeidsevne. Aktiviten kan løysast med individuelle aktivitetsplanar kor ADL og det praktiske ved å halda eit hushald er ein del av aktiviteten i tillegg til td. Handleturar, skogsturar og fisketurar. Når ein bestemmer kor tiltaket skal liggje kan ein plassere det i rimeleg nærleik til eksisterande aktivitetstiltak slik at det evt. Kan det eksisterande tiltaket nyttast. Olav Ose Evensen, Nordlandssykehuset, Psykiatrisk innsatsteam, sa på Konferansen De vanskelige sakene i Bergen 2 3 mai i år, då han la fram ein studie av 13 brukarar i vår målgruppe, at mange av brukarane sa at den beste tida dei hadde hatt i livet var då dei gjekk på folkehøgskule. Evensen etterlyste fleire tilbod som likna på folkehøgskule tilbodet. 7.10 Pasientforløp Sett ut frå målgruppa er det sannsynlig at noen brukere kan ha behov for ytterligare oppfølging ved sida av kommunale tenester. Spesialisthelsetenesta kan bistå med rettleiing av personale ved bustaden og oppfølging/behandling av enkelte brukarar. Som tidligere nevnt er det et økt fokus på poliklinisk og ambulant oppfølging i spesialisthelsetjenesten, også for målgruppen til bofellesskapet. En må derfor regne med at oppfølgingen primært kommer at være poliklinisk og ambulant på DPS - nivå. Det kan være aktuelt at nokre av brukarane vert behandla under tvang ihht Psykisk helsevernloven. I disse tilfeller har spesialisthelsetjenesten et særlig ansvar for brukeren ifht regelmessige vurderinger samt medikamentoppfølging. Ved akutte tilfelle knytt til brukarar i bufellesskapet kan personalet rådføre seg med Akutt ambulant team (AAT) ved Haugaland DPS døgnet rundt. AAT kan bistå med veiledning og ev. vurdering av brukeren. Avhengig av problemstilling, kapasitet og bustaden sin geografiske beliggenhet kan brukaren vurderast ambulant i bustaden, alternativt kan brukaren reise til Haugesund. Hvis det foreligger behov for vurdering mtp etablering av Tvunget psykisk helsevern må brukaren iht Psykisk helsevernloven vurderes av lege som er uavhengig av Psykisk helsevern, d.v.s. fastlege eller legevaktslege. For brukarar som har behov for sammensette tenester bør det utarbeidast individuell plan / kriseplan slik at roller og forventninger er klart definerte for alle samarbeidsinstanser. 8. Telemedisin Telemedisin kan definerast som undersøking, behandling eller veiledning som vert utført med hjelp av tekniske systemer uavhengig av hvor pasient og fagperson befinner seg geografisk. Telemedisin kan være eit nyttig og resurs- og tidsbesparende hjelpemiddel både 10

for bufellesskapet og spesialisthelsetjenesten. For aktuell målgruppe er det sannsynligvis mest aktuelt å bruke telemedisinske løsninger for veiledning og samarbeidsmøter. Telemedisin er allerede i aktivt bruk i Helse fonna. Synergieffekten ved interkommunalt arbeide: Definisjon på synergieffekt er et uttrykk som brukes blant annet i økonomien og i politikken om den meireffekt som oppnås ved at to eller flere tiltak til sammen gir større eller bedre resultater enn summen av tiltakene hver for seg. Investering på ett felt kan gi innsparinger på et annet felt, og ofte vil satsingen på det sekundære tiltaket betale seg selv. Formålet med denne buforma er å gje klienten eit liv som gir mening og verdighet. Fire kommuner betyr flere betalarar. Alle utgifter deles. Ein bedre økonomi vil bety at det vil bli lettare å tilsetje og betale fagfolk og lettare at aktivere ACT team fra Helse Fonna og gjere faste avtaler med dei.. I forhold til bygningsmassen vil fire kunne dra bedre enn ein. De fysiske rammer vil kunne gjerast mer komfortable og hjelpemidler bedre oppdatert. Mulighet for romsligere kursbudsjett og bedre mulighet for hospitering (økonomi igjen) gir bedre faglighet. Større utvalg av fagpersoner med relevant kompetanse og dermed lettere at rekruttere rette folk. Bedre fagmiljø gir igjen bedre tjeneste og lettare å gjere bustaden attraktiv. Det både i forhold til rekruttering av tilsette og leigetakarar. Ved å byggje saman kan dette tiltaket bli ein en faglig base/ ressurssenter, som er i stand til at tilby hjelp hurtig og på lågaste moglege nivå. Dette i seg sjølv er ein forebyggende effekt ved at innleggelser kan unngås.( Tidlig intervensjon). Større klientgrunnlag. Interkommunale fag dager. Færre reiseutgifter. Lærer bedre i lag. Større nedslagsfelt og dermed større pasientgrunnlag gjør det lettere at samarbeide med Helse Fonna. Lettere for begge parter at ha flere samlet på et sted. Byggje opp ei faggruppe som kan nyttast av andre. Rettleiing til andre fagfolk/tjenesteområder. Samlingsplass for kompetanse. Mulighet for bedre bemanning. Flere på jobb samtidig øker tryggleik for både ansatte og beboere. Ofte riktig vegval når ressursar vert sett under press. 11

9 Økonomi Om fleire kommunar samarbeider om å etablera omsorgsbustadar og / eller sjukeheim, skal ein kommune søkje om tilskott og stå som ansvarleg ovanfor Husbanken. Det gis inntil 30 % av godkjende anleggskostnadar til omsorgsbustadar med fellesareal, avgrensa opp til kr. 840.000,-. I vårt mandat er det sagt at det i tilbodet skal inngå aktivitet / arbeid. Husbanken gir inntil 40 % av godkjende anleggskostnader til lokale for dagaktivitetstilbod, og til naudsynt fellesareal for å yte heildøgnstenester i eksisterande omsorgsbustadar. I Husbanken sin veiledar står det at det ikkje vert gitt tilskott til fellesareal for nye sjukeheimar og omsorgsbustadar. For 2013 gis tilskottet ut i frå ein anleggskostnad på maksimalt 2.8 mill. kroner per sjukeheimsplass eller omsorgsbustad. Det er eit krav at nye omsorgsbustadar og sjukeheimsplassar skal være innarbeida i kommunen sitt års budsjett eller fireårige økonomiplan før Husbanken kan gje tilsagn til prosjektet. http://www.husbanken.no/tilskudd/tilskudd-investeringstilskudd/veileder_2012 Den gjennomsnittlege km2 prisen på nye bustadar i Rogaland i 2010 og 2011 er kr. 27.708,- (ssb). Åtte bustadar kvar på 40 m2 er 320 m2. Dette kostar kr. 1.108.320,- pr. eining og kr. 8.866.560,-. I alt får ein 30 % av byggekostnadane, maks kr. 840.000,- pr. eining. 30% av 8 866 560 vert 2 659 968 kr. Det vert då kr. 6.206 592 som dei fire kommunane må dele på når det gjeld bu einingane. I tillegg kjem kostnaden til fellesareal. Minste fellesareal 50 m2 som vil koste kr. 1.385.400,-. Totalt 7 591 992 kr, når husbanktilskott er trekt frå. Desse tala byggjer på gjennomsnittleg km2 pris i Rogaland. Det er i % av dei reelle anleggskostnadane Husbanken betalar ut tilskott. I et tilsvarande tilbod på Karmøy, Østremtunet, er der 9 brukarar. Dei har 15,2 årsverk og greide seg med eit budsjett på 13 millionar kroner i året. Driftsutgiftene for kvar brukar vert då kr. 1.444.444,- For 8 brukarar kr. 11.555.556,- Alternative løysingar 1. Eit bufellesskap med 8 bu einingar som gir to plassar for kvar kommune. Dette kan byggjast i eit bygg som ein hestesko med fire sjølvstendige bu einingar i kvar side og fellesareal og rom for personale midt på. Eigen inngang til kvar bu eining. Her bør ein tenkje på om det er mogleg å byggje 4 einingar som frittståande hus i nærleiken om behovet aukar. ( vert anbefalt ved utagerande åtferd). Dette er nærast anbefalinga 4 6 bu einingar samla. 2. Ein byggjer eit bufellesskap for 12 personar delt i to avdelingar. 3. Tiltaket kan og byggjast som små sjølvstendige hus med fellesareal og rom for personale i nærleiken. ( 8 eller 12 småhus) 12

Det er etter det gruppa kjenner til ikkje bygningsmasse som eignar seg for dette føremålet i kommunane i dag. Ein kjenner heller ikkje til at der er tomteareal i kommunal eige som kan nyttast. Suldal har Bjødnateigen, som er ein tidlegare institusjon. Her kunne ein hatt bukollektiv, men husbanken åtvara mot ei slik løysing for denne gruppa. Det ligg utanføre mandatet til gruppa å sei noko om lokalisering av tiltaket, men Husbanken seier at: Omsorgstilbud fungerer best når de lokaliseres nær det lokale livet med samfunnsog servicefunksjoner. Husbanken anbefalar at det for konkrete prosjekt bør gjerast reie for avstandar og tilgjenge til service, kultur og andre funksjonar. Det er viktig å gå i dialog med naboane i forkant av realisering av prosjektet. 10 Konklusjon Gruppa anbefaler: At det vert bygd eit bufellesskap med bemanning for heildøgns tenester for menneske med psykiske lidingar og / eller som er avhengig av rusmiddel At det vert sett ned ei arbeidsgruppe for å utrede bufellesskapet. At kostnaden til prosjektplanlegging vert innarbeida i budsjetta for 2014. 13