FLORA OMS.SENTER TILBYGG KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 1

Like dokumenter
FLORA OMS.SENTER TILBYGG GENERELLE BESTEMMELSAR Side 1

Rivingsarbeid Gjernes og Palmafossen skular,

Nytt Båre- og reiskapshus ved Granvin Kyrkje.

KVINNHERAD KOMMUNE. Konkurranse med forhandling for oppføring av Brannstasjon Rosendal. Bok

Prosjekt Søre Bømlo Omsorgstun Prekvalifisering til konkurranse med forhandling Totalentreprise

Kunststoffdekke for friidrett

KONKURRANSEGRUNNLAG SULDAL KOMMUNE. Førespurnad tilbod. X år Rammeavtale (pluss x år opsjon) <skriv inn kva det gjelder>

HØGEHAUG BO- OG BEHANDLINGS- SENTER

Edland BHG ombygging kjøkken etc EDLAND BARNEHAGE PROSJEKTBESKRIVELSE

FJALER KOMMUNE TILBODSGRUNNLAG FLEKKE SKULE Nytt ventilasjonsanlegg

SULDAL KOMMUNE; VINJAR SKULE : OPEN KONKURRANSE OM MØBEL-/ INVENTARLEVERANSE TILBODSGRUNNLAG

Kjøp eller leige av elektronisk sak- og arkivsystem

KONKURRANSEBESTEMMINGAR

Ombygging Eid Industrihus

Innkjøp av rådgjevingstenester. Sivilingeniør Tobias Dahle

Solund kommune SANDVIK - SKARNAGEL. Tilbodsinstruks. Kommunal veg frå Sandvik til Skarnagel Oppdragsnr.:

FITJAR KOMMUNE FØRESPURNAD VINTERVEDLIKEHALD KOMMUNALE VEGAR INNHALD 1. INNLEIING SIDE 2 2. OMFANG SIDE 2 3. DOKUMENTOVERSYN SIDE 2

KVINNHERAD KOMMUNE ENTEPRISE FOR OPPFØRING AV UTSKIFTING AV TAKKONSTRUKSJON VED SYMJEBASSENG UNDARHEIM SKULE. Bok 0

Bok 0 Generelle bestemmelser LEVANGER KOMMUNE. Midlertidig barnehager MIDLERTIDIG BARNEHAGER - MODULER

Luster kommune VVA- ANLEGG. Galdetoppen industriområde. Vedlegg D Vederlag Oppdragsnr.:

KONKURRANSEGRUNNLAG. Levering og lagring av strøsand. Tilbudsfrist: Kl Eigenerklæring om helse, miljø og tryggleik.

Årdal vidaregåande skule Generell del

Konkurransegrunnlag for Kjøp av ny renovasjonsbil. Oppdragsgjevar: Årdal kommune Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

Vedlegg B; Orientering, framdrift og vederlag

STATENS NATUROPPSYN. Konkurransegrunnlag: «Prosjekt- og arbeidsleiing av stirestaurering i Jostedalsbreen nasjonalpark»

Jølster kommune som tiltakshavar ønskjer anbod på inventar og utstyr basert på denne beskrivelsen og vedlagte teikningar.

Vedlegg 1 TILBODSDOKUMENT

SHA-plan for Prosjekt: Skifting og oppgradering av ventilasjonsanlegg ved Sund kommunehus Gjennomføring 2015:

OMLEGGING TAK EIDFJORD UNGDOMSHUS, SOLVANG.

Konkurransegrunnlag. for kjøp av. teneste med skjøtsel av kulturlandskap i Stølsheimen landskapsvernområde

Sosial dumping, retningsliner for Seljord kommune

Volda kommune. Bygging av ny veg, Skulebakken på Lauvstad

ANBODSINNBYDING. Voss kommune

Ytelsebeskrivelse Mars. 2017

Anbodsinnbyding. Voss Kommune (KUNDEN) Kjøp av bedriftshelseteneste

SANDE KOMMUNE. Konkurransegrunnlag Del I. Anbodskonkurranse med forhandlingar. Vintervedlikehald. Kunngjort i DOFFIN-basen Kunngjering

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato: PRISFORESPØRSEL PÅ KOSTING/ FEIING AV VEGER OG PLASSER

Konkurransegrunnlag. Barnebo barnehage Skifte av golvbelegg. Aukra kommune. (prosjektnummer)

Overordna analyse for Balestrand kommune

Helse Møre og Romsdal. M-2001 Rehabilitering Lundavang m.m. - Rammeavtale entreprenør TILBUDSSKJEMA. Vedlegg til konkurransebestemmelsene

Dette dokumentet (Bok 0) inneheld ei orientering om prosjektet, spesielle krav, samt rigg- og driftsvilkår.

BJUGN KOMMUNE. VA Myran. Generell del og HMS-egenerklæring. BJUGN KOMMUNE Anlegg og drift Anbudsgrunnlag VA Myran 2015

ANBODSINNBYDING. Voss kommune på vegne av kommunane:

KONKURRANSEGRUNNLAG. Samnanger kommune. Konkurranse med forhandlingar om levering av bedriftshelsetenester. Avtaleperiode:

Invitasjon til tilbodskonkurranse. Konkurransegrunnlag for: Leige av maskiner, transport og kjøp av massar for perioden med opsjon for 2020.

SULA KOMMUNE. Ark.: 046, L00, &41. Stilling: Rådgjevar Faks

EKSEMPEL - ANLEGGSBIDRAGSAVTALE. mellom. Utbyggar skal bygge ut området..som er regulert i utbyggingsavtale datert...

PLAN FOR SIKKERHET, HELSE OG ARBEIDSMILJØ

KONKURRANSEGRUNNLAG BEDRIFTSHELSETENESTER

ANBODSINNBYDING. Voss kommune

for kjøp av teneste med steinmuring i Nærøyfjorden landskapsvernområde

PROSJEKT NR , TINGHUSET I TROMSØ. BOK 0 Orientering og spesielle krav

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

ANBODSINNBYDING INVENTAR OG UTSTYR TIL GAUPNE BARNEHAGE, LUSTER KOMMUNE

Prosjektering Beheim 2, Hafslo

Bindal kommune Fv.801 Gang- og sykkelveg Terråk-Fallbekkvatnet.

Avtale med byggherrens representant etter byggherreforskriften om å ivareta byggherrens HMS-ansvar

KONKURRANSEGRUNNLAG Totalentreprise Landvik skole Riving og nybygg

Leverandør.. tilbyr å utføre kontraktarbeid iht. konkurransegrunnlaget for fast sum. Kr. Kr.

KONKURRANSE for kjøp under NOK eks. mva., jf. forskrift del I

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

INNBYDELSE TIL KONKURRANSE

Hammerfest kommune. Hammerfest avløpsrenseanlegg. E03: Bygg Renseanlegg. Tilbudsforespørsel. - DEL B - Anbudsskjema

INNHOLD PROSJEKTFORUTSETNINGER

STATENS NATUROPPSYN. Konkurransegrunnlag: «Restaurering av stien over Kamperhamrane i Jostedalsbreen nasjonalpark»

OMSORGSBUSTADER I SKOGSSKIFTET, SUND KOMMUNE HORDALAND SUND EIGEDOMSUTVIKLING KF

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

ANBOD. for. Eid kommune

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

Instruks til tilbydar

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

MIDLERTIDIG SKOLEBYGG VASSHAUG. Salangen kommune KONKURRANSEGRUNNLAG FOR TOTALENTREPRISE. Salangen Kommune Sentraladministrasjonen

Konkurransegrunnlag. for kjøp av. teneste med istandsetting av buføresti i Hanekamdalen i Stølsheimen. Landskapsvernområde

KONKURRANSEGRUNNLAG BYGGHERRESTYRT DELENTREPRISE

DEL II: ORIENTERING OM PROSJEKTET

Konkurransegrunnlag. Snøbrøyting av kommunale vegar og plassar i Førde kommune. - Rode 2 Karstad -

Hareid kommune. Tilbodsinvitasjon. Prosjektering av rundkøyring Holstad

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

KONKURRANSEGRUNNLAG. Open anbodskonkurranse etter del I og III i forskrifta for anskaffing av. Opparbeiding av bustadfelt Skartveitmarka 2

Jølster kommune Drift og kommunalteknikk 6843 Skei i Jølster

BYGGEPROGRAM. Rådhuset Utbedring varmeanlegg

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

AURLAND KOMMUNE ANBODSGRUNNLAG - KONSULENTOPPDRAG FOR GJENNOMGANG AV PLEIE OG OMSORG

KONKURRANSEGRUNNLAG. Sak 15/341 Nytt toalettanlegg ved Mundheim. Tilbodsfrist: kl. 15:00

Aukra kommune Teknikk, eigedom og brann

BONDEN I BYGGEFASEN -SUKSESSKRITERIER

Funksjonsskildring. Hatledalen bustadfelt Trinn 2. Fjaler kommune

Horten kommune Telefon: Kommunalområde teknisk. SFO Lillås ANBUDSINNBYDELSE / ANBUDSSKJEMA

KONKURRANSEGRUNNLAG DETALJPLAN FOR BUSTADOMRÅDE SULDAL KOMMUNE

STRØMMEN BARNEHAGE TOTALENTREPRISE KONKURRANSEGRUNNLAG. DEL 2-2 Sammendragsskjema

Leverandør.. tilbyr å utføre kontraktarbeid iht. konkurransegrunnlaget for fast sum. Kr. Kr.

Alta kommune Kommunale bygg TILBUDSINNBYDELSE FOR: SENTRUM BARNEHAGE NY ADKOMST OG PARKERING. PROSJEKT NR: Alta

Rammeavtale. Om levering av entreprenørtenester. mellom Lindås kommune og. [Lindås kommune sin representant]

PROSJEKT: VENTILASJON OG NY TAKTEKKING KVÅLE SKULE OVERORDNA PLAN FOR HELSE MILJØ SIKKERHEIT (SHA)

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

YTELSESBESKRIVELSE GENERELLE YTELSER DEN GAMLE KAFÉ

Korleis sikre at du som byggherre får best mogeleg kvalitet til lågast mogeleg pris? Bjørn Steinar Skarbø, Rådgjevar, Landbruk Nordvest

Levanger kommune. Sjøgata 42 A. Tilbudsunderlag bok

VOLDSDALEN MENIGHETSHUS FUNKSJONSBESKRIVELSE BYGNINGSMESSIGE ARBEIDER

Transkript:

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 1 B.01 INNLEIING I samband med tilbygg og noe ombygging ved Flora oms.senter ynskjer Flora kommune å innhenta anbod på byggearbeida i form av: Totalentreprise Arbeida vil bli kontrahert etter åpen konkurranse, gjennomført i samsvar med regelverket om offentlege anskaffelsar, etter m.a. "Forskrift om offentlige anskaffelser" Denne boka "Generell bok" er ein del av anbodsgrunnlaget. "Kap.B.00 Generelle bestemmelsar" inneheld anbods- og kontraktsføresegner, generell orientering om prosjektet og "Rigg og drift" beskrivelsen. Når det gjeld "Rigg og drift" er det her berre medteke den skriftlege utgreiinga om kva som skal vera med og kva slags krav som vert stilt. Det er ikkje beskreve massar og mengdar i beskrivelsen, då det er forutsatt at totalentreprenør reknar ut naudsynte massar, mengder og løysingar for ei komplett prosjektering og bygging. Det er i anbodsgrunnlaget nytta nemninga anbod / anbydar. Dette har same tyding som tilbod / tilbydar.

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 2 B.02 ADRESSELISTE: Funksjon Firma, navn, adresse tlf tfx E-post Byggherre og PL Flora kommune 95 75 40 51 -- -- -- -- vidar.vardal@ v/ Vidar Vårdal flora.komune.no Strandgata 43 6900 Florø Arkitekt Arkitektfirma Jon Vikøren as 57 69 89 55 57 69 89 59 kjell@arkjv.no v/ Kjell Vikestad 6893 Vik i Sogn

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 3 B.03 ORIENTERING OM PROSJEKTET / BYGGET GENERELT Tilbudet frå totalentreprenør skal gjelde både prosjektering og bygging av tilbygg ved Florø oms.senter. Det skal og inkludere noko ombygging i eksisterande bygg, samt tekniske anlegg for tilbygget og tilkobling og tilpassing til eksisterande anlegg i eksisterande bygg. Ved Florø oms.senter skal det byggast eit tilbygg i hovudsak for å brukast som vandringsareal for demente beboarar. Tilbygget skal og nyttast i forskjellige sosiale sammenhengar som til dømes konsertar, utstilling, sammenkomstar, juletilstelningar, m.m. Frå tilbygget er det tenkt store glassfasadar og godt tilkomst til uteareal, og taket skal nyttast som takterasse. Det skal og vera med opparbeiding av uteareal med nytt gjerde, hekk, beplanting, utemøblar og belysning m.m. Dei tekniske installasjonane i forbinelse med EL-fag og VVS fag skal knyttast opp til eksisterande anlegg. D.v.s. at vannboren varme i tilbygget skal knyttast til eksisterande anlegg, og det samme gjeld, straum, nettverk, SD-anlegg PROSJEKTNAVN: BYGGHERRE: BRUKAR: FLORØ OMS.SENTER TILBYGG Flora kommune Flora kommune BYGGEOMRÅDE Flora sentrum RIGGOMRÅDE Sjå kap. C.01 - "Rigg og drift". FRAMDRIFT Byggearbeidet skal starta 19. august 2013 og vera avslutta 1. juli 2014. STORLEIK BTA tilbygg ca. 170m2 Opparbeiding nytt uteareal ca. 500m2 Noko mindre ombygging i eksisterande bygg. TOMT / UTOMHUSARBEID Tomta er allerede i dag opparbeidet for oms.senteret. For tilbygget skal arealet omarbeidast og tilpassast ny situasjon og endra ynskjer. Det skal opparbeidast asfaltert gangsti og tilkomst, gressplen, gjerde med hekk mot eksisterande gangveg, vegetasjon, terasse på grunn og utemøblar. GRUNN OG FUNDAMENT RiB, RiV og RiE BÆRESYSTEM RiB YTTERVEGGER

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 4 Yttervegger i tilbygget er tenkt som ein kombinasjon av murvegger (leca el. tilsvarande) og stendervegg med ståande kebony furu utvendig. Stendervegger skal byggast opp frå innside med kledning, 50mm isolert utlekting for tekniske føringar, diff.sperre, 200mm isolert stenderverk, vindsperre, utlekting for trekledning. INNERVEGGER Innervegger vert stort sett 98mm stenderverk, isolert med 100mm mineralull, med kledning av fibergips og ståande spilepanel som akustisk vegg. Nye innvendige dører vert tredører med laminat overflate. DEKKER / ETASJESKILLER / HIMLINGAR På golv vert det lagt skiferheller i hovedrom og belegg i dei to nye gangane. Himlingar vert akustisk spilehimling i hovedrom og gipshimling i gangane. YTTERTAK Yttertak vert betongdekke (porebetong), med trykkfast og ubrennbar isolasjon (Rockwool) over med fall til innvendig taknedløp. Yttertak skal nyttast som takterasse, og det skal nyttast robust folietekking med mekanisk beskyttelse over for gangtrafikk og plassering av utemøbler. SANITÆRANLEGG Ikkje aktuelt VENTILASJONSANLEGG RiV SPRINKLERANLEGG Ikkje aktuelt EL. FORSYNING RiE STERKSTRAUM RiE SVAKSTRAUMANLEGG / TELEKOMMUNIKASJON RiE

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 5 B.04 ORIENTERING OM ENTREPRISANE / ANBODA Prosjektet har fylgjande entrepriseinndeling: TOTALENTREPRISE

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 6 GODKJENNINGAR / KOMPETANSE Fylgjande tiltaksprofil gjeld for byggearbeida i prosjekteringsfasen og i byggefasen. Anbydar skal gi pris for alle fagoråder som er lista opp. Anbydar må dokumentera at dei tilfredsstiller dei kompetansekrav som er stilt innanfor kvar av dei klassane som er aktuelle. Dokumentasjon på dette skal leggast ved anboda ved innlevering. TILTAKSKL. FAGOMRÅDE... Ansvarleg prosjekterande 2 Ansvarleg søker 2 Arkitektonisk utforming detaljprosjekt 2 Brannteknisk prosjektering detaljprosjekt 2 Bygningsfysikk arkitektfag detaljprosjekt 2 Bygningsfysikk RiB fag detaljprosjekt 2 Konstruksjonssikkerhet detaljprosjekt 2 Ventilasjon detaljprosjekt 2 Riving og miljøsannering Ansvarleg utførande 2 Grunn- og terrengarbeider 2 Betongkonstruksjoner 2 Mur-, puss- og flisarbeid 2 Tømmerarbeid 2 Taktekkerarbeid 2 Malar- og golvleggingsarbeid 2 Branntetting 2 Luftbehandlingsanlegg 2 SD-anlegg 2 Nød- og markeringslys 2 Brannalarmanlegg

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 7 B.05 ANBODSFØRESEGNER Det vert teke atterhald om byggherren sitt endelege vedtak om finansiering av anlegget. ANBODSFORM Generelt gjeld regelverket for offentlege anskaffelsar, herunder "Forskrift om offentlige anskaffelser". Reglane i forskrifta si del II, anskaffelser under EØS-terskelverdiane vert nytta her. Kontraktsføresegnene inngår som forpliktande del av anbodsføresegnene. Totalentreprenør er fullt ut ansvarleg for det komplette arbeid. Dette gjeld både fagleg og økonomisk. Anbodsføresegnene gjeld også i relevant samanheng ved kontraktsoppretting som kontraktsvilkår. ANBODSGRUNNLAGET Anbodsgrunnlaget med beskrivelsar og teikningar er grunnlaget for anbodet. Der det er vist til teikningar i beskrivelsesteksten, eller der det går fram at teikningane er naudsynt for å kunna prisa, omfattar anbodet dei arbeid som er vist på teikninga, sjølv om desse arbeida ikkje er beskrive. Generelle tekstar i beskrivelsen og generell bok gir tilleggsinformasjon om arbeida, som entreprenørane skal utføra og ta omsyn til. Desse må takast omsyn til når anbydar skal prissetja og utføra/levera dei ulike arbeida/leveransane. Eventuelle priskonsekvensar av generelle tekster / bestemmelsar må leggast inn i prisane på dei postane som anbydar finn relevante, sjølv om tilleggsopplysningane i tekstane ikkje er nevnt særskilt i kvar einskild post. Einskilde generelle tekstar kan gjelda for fleire postar. Dersom anbydar er i tvil om kva beskrivelsespostane eller dei generelle bestemmelsane omfattar må anbydar ta kontakt med arkitekt/rådgjevar før prissetjing. UTFYLLING AV ANBODET Samanstillinga av hovedpostane skal utfyllast og underteiknast. Det skal fyllast inn prisar for ALLE hovudkapitla i prissamandraget. Dersom einskilde postar ikkje er utfylte, går ein ut ifrå at prisane for desse er medteke under andre postar. Hvis så ikkje er tilfelle, må det meldast frå skriftleg om dette i fylgjeskrivet til anbodet. Prisane (einings-og rundsum prisar - RS.) skal omfatte: a) Alle materialar. b) Arbeidsløn med evt. utgifter til reiser, gangtid, kost, losji, trygdekasse, feriepenger og løn til formenn. c) All transport. d) Hald og vedlikehald av alle reiskapar, maskiner, verktøy og stillas. e) Alle målingar som er turvande for utførelse av avrekning samt hald av instrument og arbeidshjelp til målingane. f) Pumping og bortleiing av vatn. g) Etterarbeid, flikk, t.d. sårflikking, fjerning av grader og bandjern i betong. h) Regelmessig og endeleg opprydding etter dei einskilde arbeid, og fjerning/deponering av alt avfall inkl. avfallsgebyr / deponeringsgebyr o.l. i) Provisorisk anlegg for elektrisitet. j) Administrasjon og forteneste. Vedr. punkt d, h, i og j, gjeld desse i den grad dei ikkje er dekka under postane i kap.01 - RIGG OG DRIFT. Det er høve til å gi tilbod på alternative løysingar i tillegg til dei løysingar som er beskrive i anbodsgrunnlaget.

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 8 MASSEBEREKNING Totalentreprenøs skal med grunnlag i teikningar og besrkivelse ha ansvar for berekning av naudsynte mengder for sitt tilbod. Det skal vera med alle mengder som går fram av teikningar og beskrivelse, og totalentreprenør har ikkje rett på tillegg for manglande eller for lite mengder i sitt tilbod. ATTERHALD OG TILLEGGSOPPLYSNINGAR Alle atterhald skal gå fram av eige fylgjeskriv vedlagt anbodet. Atterhald som berre er ført i beskrivelsen, vil ikkje bli teke omsyn til. Av fylgjebrevet skal det også framgå kva konsekvensar atterhalda har for framdrift og pris. Atterhald som ikkje er prisa, vil kunna bli prisa av byggherren for at byggherren skal kunna samanlikna anboda. Dersom entreprenøren finn at noko er uklåre, må dette noterast i fylgjeskrivet. Entreprenøren vil ikkje seinare kunne krevje tillegg på grunn av uklåre punkt i beskrivelsen. Spørsmål om mogelege uklåre punkt i beskrivelsen eller på teikningar skal rettast skriftleg til byggherre eller arkitekt innan 10 dager før anbodsfristen går ut. Svar på slike spørsmål vil da bli sendt skriftleg til alle tilbydarar innan 7 dagar før anbodsfrist. Generelle trykte anbodsvilkår som leverandør eller den enkelte anbydar har fått trykt, og som blir lagt ved anbodet, vil ikkje bli teke omsyn til dersom dei strir mot føresegnene i denne beskrivelsen. SUPPLERING AV ANBODSGRUNNLAGET Innan anbodsfristen har byggherren rett til å foreta rettingar, suppleringar og endringar av anbodsgrunnlaget. Desse vert sendt til alle anbydarar. Her gjeld bestemmelsane i "Forskrift om offentlege anskaffelser" 8-2. SYNFARING PÅ BYGGEPLASSEN Det er ein føresetnad at hovud- og underentreprenørar har vore på tomta og gjort seg kjend med alle forhold som kan ha innverknad på arbeidet, slik som til dømes kablar, røyr etc. i grunnen, transporttilhøve til arbeidsområdet, massar, telefon, tilgang på vatn og straum, forhold i og ved eksisterande bygg osv. Ein forutset og at anbydar kjenner offentlege forskrifter og evt. kommunale bestemmelsar som kan ha innverknad på arbeida. ANBODSSYNFARING: Det vil bli arrangert felles anbodssynfaring, dersom dette er av interresse for anbydarane, og dersom det melder seg deltakarar. Anbodssynfaring vert i tilfelle: 04.06.2013 Dei som er interessert i å delta på anbodssynfaring skal seinast 03.06.2013 kl. 1200 oppgje navn og firma. Påmeldinga skal skje til Arkitektfirma Jon Vikøren as v/ Kjell Vikestad. LISTE OVER UNDERENTREPRENØRAR Anbydar skal i anbudssamanstillinga oppgi navn på dei prosjekterande og på underentreprenørar han ynskjer å nytta. AVVISING AV ANBOD Anbod kan avvisast i samsvar med reglane i "Forskrift om offentlige anskaffelser". Dersom eit anbod har så låg pris at det står i klårt misforhold til det som skal leverast, og anbydaren ikkje kan oppgi gode nok grunnar til dette, kan byggherren forkasta anbodet. KRAV TIL KVALIFIKASJONER / KVALIFIKASJONSKRITERIER Anbydar må oppfylla fylgjande krav til kvalifikasjoner: Anbydar må ha det økonomiske, finansielle og tekniske grunnlaget som er naudsynt for å kunna oppfylla

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 9 kontrakten, inkludert erfaring frå liknande oppdrag. Anbydar må dokumentera ein tilfredsstillande organisasjon for denne typen oppdrag og ha tilfredsstillande kompetanse og erfaring når det gjeld utføring av aktuelle arbeid og administrasjon av byggeplass. Anbydar må, seinast ved anbodsinnlevering levera fylgjande dokumentasjon: 01 Attest for registrering i foretaksregisteret. 02 Skatteattest. (For norske leverandører) Dvs. attest frå kemner / kommunekasserar for skatt / arbeidsgjevaravgift der anbydaren har sitt hovudkontor i samsvar med "Forskrift om offentlige anskaffelser" 8-7. 03 Attest frå skattefogden for meirverdiavgift i vedkomande fylke (For norske leverandører) i samsvar med "Forskrift om offentlige anskaffelser" 8-7. 04 Dokumentasjon på at anbydar, prosjekterande dei og underentreprenører han vil nytta har naudsynte godkjenningar i samsvar med prosjektet sin tiltaksprofil. 05 Liste over prosjekt som anbydar har administrert / utført dei siste 5 år, som har ein tilsvarande art og vanskegrad, saman med attester over tilfredsstillande utføring av dei viktigaste arbeida. Attestane skal oppgi arbeida sin verdi, tid og stad for utføringa. 06 HMS-erklæring i samsvar med "Forskrift om offentlige anskaffelser" 8-8. 07 Foretaket sitt årsrekneskap for dei 3 siste år. 08 Erklæring frå foretaket om tilknytning til offentleg godkjente lærlingordningar som gjeld ved kontraktsgjennomføring Attester må ikkje vera eldre enn 6 månader. Totalentreprenør må før kontraktinngåing levera Skatteattest, mva-attest og HMS-eigenerklæring for alle prosjekterande og dei underentreprenørane han ynskjer å nytta i prosjektet. TILDELINGSKRITERIER Byggherren vil velga det anbodet som etter ei heilskapsvurdering vert sett på som det mest økonomisk fordelaktige anbodet. I vurderinga vil fylgjande kriterier bli lagt til grunn: Totalentreprernør : 01 Totalkostnader for byggherren (vekting: 80%) 02 Kvalitet. (vekting: 10%) Anbydar sin evne til å gjennomføra oppdraget m.a. med omsyn til anbydaren sin plan for gjennomføring i samsvar med krava i anbodsgrunnlaget, organisering, bemanning, kvalitetsikringssystem. ( sjå utfyllande informasjon i punkt om kvalitetsikring / prosjektgjennomføring nedanfor ) 03 Gjennomføringstid. (vekting: 10%) VAL AV ANBOD/ TILBAKEMELDING FRÅ BYGGHERREN Anbodsopninga vert lukka. Det vert difor ikkje høve for anbydarane til å delta på anbodsopninga. Byggherren har rett å velgja det anbodet han sjølv vil, eventuelt å forkasta alle innanfor reglane i forskrift for offentlege anskaffelsar. Det vil bli ført anbodsprotokoll frå anbodsopninga. Ikkje aksepterte anbod vil ikkje bli returnerte. Byggherren si avgjerd om kva anbod som er valgt vil bli skriftleg meddelt samtidig til alle anbydarar i rimeleg tid før kontrakt vert inngått. Kontrakt reknast som inngått når kontrakten er underteikna av begge partar.

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 10 KVALITETSIKRING / PROSJEKTGJENNOMFØRING Totalentrepenøren skal dokumentera / beskriva det systemet for kvalitetsikring / prosjektgjennomføring som vert nytta i bedrifta og ved gjennomføring av oppdrag. Denne dokumentasjonen / beskrivelsen skal m.a. vera firmaet si kvalitetsikringshandbok ( dokument som beskriv det kvalitetsikringssystemet som er etablert ) eller systembeskriving med eksempel på dei skjema, sjekklister etc. som vert nytta. Dette skal fylgja med som eige vedlegg til anbodet. Innhaldet i vedlagte dokumentasjon vil bli vurdert i forhold til tildelingskriteria, jfr. punktet "tildelingskriterier", punkt 02. Fylgjande skal dokumenterast / beskrivast: - FIRMAET SI MÅLSETTING OG POLITIKK - OPPBYGGING OG ORGANISERING AV BEDRIFTA: - Bedriftsnavn - adresse / lokalisering, telefon / fax, føretaksnummer, reg.nr. for mva., Arbeidsgjevarnr., - etableringsår - eigar - bankforbindelse, forsikringsselskap - tal på tilsette i dei ymse fag og arbeidsfelt, - autorisasjonar, sertifikater, andre spesielle godkjenningar - spisskompetanse / teknologi som kan koma prosjektet til nytte - PROSJEKTGJENNOMFØRING: - Nøkkelpersonell som firmaet tenker å nytta i prosjektet. CV skal leggast ved - Oversyn over ressursar som er bunde til andre prosjekt, samt tilgjengelege ressurser til dette prosjektet. - Plan for prosjektorganisasjon, samarbeidspartnarar, samarbeidsformer, arbeidsfellesskap o.l. - Generell informasjon om plan for prosjektgjennomføring og overordna kvalitetsikringsplan for prosjektet - Prosjektstyringssystemer / kvalitetsplan som ein vil nytta for prosjektgjennomføringa ( økonomisk styring, planer, oppfylgjing, rapportering osv.) med teksempel på dei skjema som vert nytta til planar, rutinar, stillingsbeskrivelsar, sjekklister, kontrollsetlar m.m.) - System for kvalitetssikring av Helse, Miljø og Sikkerheit, i samsvar med "Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter ( Internkontrollforskrifta ) - REFERANSAR: I tillegg til referanseliste som nevnt i punktet "krav til kvalifikasjoner / kvalifikasjonskriterier, punkt 05. ber ein om noko meir utfyllande informasjon om 3 relevante prosjekt av tilsvarande art og vanskegrad, med beskrivelse av entrepriseform, storleik, byggeår, anbydar si rolle i prosjektet, byggetid, attest frå byggherre som dokumenterer i kva grad arbeida er fagmessig godt utført og fullført. kort beskriving av byggeprosessen og referanseperson hjå byggherren med kontakttelefon. Dette som grunnlag for vurdering av punkt 02 - kvalitet i tildelingskriteria.

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 11 B.06 KONTRAKTFØRESEGNER Som alminnelege kontraktføresegner gjeld NS 8407:2011. Som spesielle føresegner gjeld fylgjande endringar av og tillegg til NS 8407:2011: PKT. 2 "KONTRAKTSDOKUMENTER" Fylgjande dokument inngår i kontrakten: (erstattar oppstillinga i punkt 3.1.:) 1. Avtaledokument (kontrakt). 2. Framdriftsplan. 3. Kap. 00 - Generell del i beskrivande masseberekning. 4. Beskrivelse 5. Teikningar i fylgje teikningsliste. 6. Norsk Standard 8407:2011, med dei endringar som framgår av kapittel 00 - Generell del i beskrivelse. 7. Øvrige Norske Standardar som er gjort gjeldande for totalentreprisen. 8. Entreprenøren sitt anbod. PKT. 7 "SIKKERHETSSTILLELSE" Pkt. 7.3 - "Byggherrens sikkerhetsstillelse" går ut. PKT. 40.3 "DAGMULKT" Byggherren kan gjera dagmulkta gjeldande utan føregåande varsel og er ikkje forplikta til å varsle garantist eller garantiselskap. Dagmulkt er unnateke reglar om meirverdiavgift. PKT.34.2 "FASTSETTELSE AV VEDERLAG" Prisane i anbodet skal stå fast til bygget er overlevert. Anbydar skal i tillegg gi eit fastpristilbod på forventa tillegg for løns- og prisstigning i byggetida fram til overtaking / avslutta sluttoppgjer. PKT. 31 "ENDRINGER" (Tillegg/presisering til punkt 31:) Ved endringar i utføringar og tilleggsarbeid, skal rekvisisjon og prisavtale føreliggja skriftleg før arbeid vert satt i gang. Krav frå entreprenøren på ikkje kvitterte timelister (folk og maskiner) og materiallister, vil ikkje bli betalt av byggherren. Entreprenøren har ei vekes frist til å gi tilbakemelding om priskonsekvens på rekvisisjon om endring (endringsmelding) han får frå byggherre. Dersom det ikkje er tilstrekkelig med ei veke, må entreprenør be om fristforlenging. Utgifter til meirarbeid som vert påført byggherre ved handsaming av urettmessige krav, ynskjer frå entreprenør om alternative utføringar, feil o.l. frå entreprenør, kan byggherre krevja trekt frå kontraktsummen, ved sluttoppgjeret. PKT. 37 "OVERTAGELSE" (Tillegg til punkt 32:) Hovudentreprenør pliktar å innhenta ferdig utkvitterte kontrollerklæringar/samsvarserklæringar frå alle involverte firma i byggefasen slik at ansvarleg søkar har desse i hende innan 1 veke etter overtaking for søknad om ferdigattest. Dersom FDV-dokumentasjon / sluttdokumentasjon ikkje er levert og godkjent til seinast på overtakingsforretninga, så inneber denne mangelen at kontraktsarbeida ikkje vil bli overteke.

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 12 PKT. 39 "SLUTTOPPGJØR" (Tillegg til punkt 39:) Ved sluttoppgjer tek byggherren atterhald om retten til å halde attende ein representativ sum til dekking av arbeid som ved overtakingsforretning er protokollert som ikkje utført eller mangelfult utført. Summen blir først utbetalt når restarbeidet eller manglar er tilfredstillande utført.

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 13 B.07 FORHOLD PÅ BYGGEPLASSEN Her gjeld Norsk Standard 8407.2011 med fylgjande tillegg/ presiseringar: BYGGELEIING Totalentreprenør skal ha byggeplassadministrasjon og framdriftsansvar for sideentreprenørar. Entreprenøren kan ikkje motsetja seg at det arbeider andre entreprenørar parallelt på bygget. Han har plikt til å etterkoma pålegg frå byggeleiaren vedk. organisering av dei einskilde arbeidsoperasjonane på byggeplassen. Ved alle uklåre punkt o.l., som krev avklaring frå prosjekteringsgruppa, skal entreprenøren retta sine spørsmål til BYGGELEIAR, som igjen tek den naudsynte kontakt med dei prosjekterande. ARBEIDSLEIING PÅ BYGGEPLASSEN Byggherren stiller krav om at totalentreprenør skal ha 1 teknisk kyndig leiar på byggeplassen når byggearbeidet er kome i full drift. (Krav til kompetanse er min. 3 år relevant teknisk utdanning og relevant yrkeserfaring med byggeplassleiing). Byggeplassleiaren skal kunne kommunisera godt på norsk. Leiaren skal ha den daglege leiinga av byggearbeidet, og styring av underentreprenørane. Byggeplassleiaren skal vera på byggeplassen i heile byggeperioden inntil samtlege entreprisar tilhøyrande hovudentreprisen er ferdig avslutta. KONTROLL PÅ BYGGEPLASSEN Totalentrepenørane skal utarbeida forskriftsmessige kontrollplanar for utførelsesfasen, for dei ulike fag. Totalentrepenøren skal ivareta ein samordningsfunksjon, og skal syta for at kontrollplanar vert utarbeidd.og at dei saman med annan dokumentasjon ( som ansvarsoppgåver, avfallsplan, miljøsaneringsbeskrivelse o.l ) i samsvar med "forskrift om saksbehandling og kontroll i byggesaker" vert klar innan søknad om igangsettingsløyve og ferdigmelding vert innsendt. Entreprenøren har plikt til å varsla byggeleiaren før viktige konstruksjonar blir støypt, vidare om tidspunkt for støyping der det skal takast betongprøvar, før lukking av holrom med t.d. himlingar o.l.,før evt. innkledning av berande konstruksjonar, isolasjon og tekniske installasjonar, og før igjenfylling av grøfter etc. BYGGEMØTE Totalentreprenør har plikt til å møte på byggemøte etter innkalling. Som eit gjennomsnitt må det reknast med eit byggemøte pr. månad, men til sine tider kan møta bli haldne oftare / sjeldnare. Totalentreprenør held og referarer frå byggeplassmøter kvar eller annankvar veke dersom det syner seg naudsynt. Byggeleiar vert innkalla til byggeplassmøta. ALTERNATIVE BESKRIVELSESPOSTAR Der det er beskrive alternative utførelsar / leveransar i eigne postar, skal entreprenør klarera med byggherren i god tid før bestilling om det er hovudposten eller den alternative posten som skal gjelda. ARBEIDSVILKÅR FOR TILSETTE Arbeidsløn og arbeidsvilkår for tilsette hjå alle entreprenørar som er involvert i prosjektet skal vera i samsvar med bestemmelsar gjeve i ILO-konvensjon 94. Totaleprenør skal kunne dokumentera arbeidstid og lønsutbetaling til sine tilsette som utfører oppdraget, dersom byggherren ber om det. SØKNADSDOKUMENT Totalentreprenør skal også i sitt tilbud ha med oppgaven som ansvarleg søkar, og har ansvar for all

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 14 dokumentasjon for søknader vert skaffa til veie, og i godt tid i forhold til aktuelle søknader som søknad om igangsetting, ferdigattest o.l.

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 15 B.08 HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK. GENERELT Her gjeld Norsk Standard 8407.2011 med fylgjande tillegg/ presiseringar: Totalentreprenøren er ansvarleg for alle arbeid og tiltak som er naudsynte for å tilfredsstille krava i: - Arbeidsmiljølova - Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter ( Internkontrollforskrifta ) - Forskrift om Sikkerhet, helse og arbeidsmiljø på bygge- og anleggsplasser ( byggherreforskrifta ) Entreprenøren er også ansvarleg for å oppfylle øvrige krav i lover og forskrifter vedrørande arbeidsmiljø og arbeidarvern. Ein viser også til bestemmelsane i rammeplan for HMT. Alle kostnader forbunde med dette skal vera inkludert i prisen i anbodet. Totalentreprenøren skal vera hovudbedrift i henhold til Arbeidsmiljølova 15, og vera hovudverneombod for byggeplassen. Seinast ei veke før byggestart skal entreprenørane sende den lovfesta "FORHÅNDSMELDING AV MIDLERTIDIG ELLER SKIFTENDE ARBEIDSPLASS" (Arbeidsmiljølova 6 og Forskrift om sikkerhet, helse og arbeidsmiljø på bygge- og anleggsplasser 10.) Melding skal gjevast på Arbeidstilsynet sitt skjema. Totalentreprenøren skal koordinera og informera om vernearbeidet for eventuelle underentreprenørar / leverandørar. Referat frå vernemøte skal oversendast byggherren. Totalentreprenør skal laga eller syta for at det vert laga avfallsplan med evt. miljøsaneringsbeskrivelse i samsvar med gjeldande regelverk, som skal sendast til ansvarleg søkar i forkant av innsending av søknad om igangsetjingsløyve. VEDR. BYGGHERREFORSKRIFTA Totalentreprenøren skal vera byggherren sin koordinator vedr. HMT under gjennomføringa, m.a. i samsvar med byggherreforskrifta paragraf 13-15. Hovudentreprenøren skal vidareutvikla rammeplan for HMT / punkt B.08 i generell bok som er utarbeidd av arkitekt/byggherre, til komplett plan for tryggleik, helse og arbeidsmiljø omfattande alle fagområde. Bestemmelsane i rammeplanen skal leggast til grunn for entreprenøren sin endelege HMT-plan. Planen skal gi informasjon om dei forhold som har betydning for HMT i samband med gjennomføringa av prosjektet, og skal oversendast Arbeidstilsynet før byggearbeida startar. REINT BYGG For å ivareta eit godt inneklima under byggeprosessen og i det ferdige bygg, må entreprenøren planlegge eit kontinuerleg reinhald. Målet er å sikre eit forsvarleg arbeidsmiljø på byggeplassen, samstundes som ein unngår deponi av byggestøv i det ferdige bygget. Det er også viktig at ein unngår miljøbelastningar i den del av bygget som er i drift. Byggreinhald skal utførast etter RENT BYGG-metoden slik det er beskrive i RENT BYGG-håndboken (utgjeve av RIF og Norsk ventilasjon og energiteknisk forening). Ein forutset at samtlege entreprenørar har naudsynt kjennskap til omgrep og målsettingar slik dei kjem fram i handboka. A) Inndeling av byggeplassen i soner med ulik status: For å lukkast med "reint bygg" - prosedyrar er det avgjerande at prosessen blir planlagt. Byggeplassen blir til ei kvar tid delt inn i sonar med definerte stadier og krav til prosedyrar.

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 16 Bygget skal minimum delast i rein og urein del / periode og i råbyggfase, tetthusfase og innreiingsfase. Reint bygg prosedyre gjeld alle delar av byggeplassen og alle fasar, med spesifikke krav tilpassa del og fase. Det må takast spesielt omsyn ved ombyggingsarbeid inne i eksisterande bygg. Ombyggingsområda skal fysisk skiljast frå område i drift med midlertidige bygningskonstruksjonar som hindrar transport av støv. Trafikk til og frå ombyggingsområde skal aldri gå gjennom den del av bygget som er i drift. B) Generelle krav. - Byggeplassen skal til ei kvar tid holdast ryddig og rein. - Materialar skal lagrast slik at dei ikkje blir utsette for fukt eller andre påkjenningar som forringar dei. - Arbeidet skal leggjast opp med tanke på å redusera kapp og spill mest mogleg. - Retur-rett av overskotsmateriale skal avtalast med leverandørar der det er mogleg. - Kjeldesortering skal gjennomførast så langt råd for alt avfall / spill. Avfall skal rett i container. Aktuelle fraksjonar skal avtalast med byggherren. For alle fraksjonar der det er tilrettelagt av renovasjonsselskap eller retur-ordningar hjå produsent / leverandør eller attvinningsselskap, gjeld krav om attvinning. - Støvproduserande aktivitetar skal i størst mogleg grad skje i eigna lokale med spesialavtrekk, eller med avtrekk påmontert utstyret. Støv frå slike avtrekk skal samlast i oppsamlingsutstyr som hindrar støvspreiing både innomhus og utomhus. - Støvsugarar skal enten vera av typen sentralstøvsugar med syklon for oppsamling av støv, eller det skal nyttast støvsugarar med filter godkjent for asbestsanering. - Transportvegar inn i bygget skal leggjast slik at ein unngår at søle og skit blir trekt inn i bygget. - Feiekost skal ikkje nyttast i reinhaldsarbeidet. - Det skal gjennomførast rutinemessig rydding og reinhald i heile byggeperioden. C) Krav til kvalitet på rydding og reinhald. Byggreinhald.Råbyggfasen: - Byggeplassen skal haldast ryddig. Overskotsmateriale, kapp ol. skal straks i kontainer. - Ved rivingsarbeid i eksisterande bygg skal rivingsrestar fraktast ut av bygget med ein gong, og det skal etablerast reinhaldsrutine. Eventuelle sjakter, ventilar, kanalar ol. skal forseglast, og det skal etablerast mellombels skilje mot område i drift. - I nybygg skal reinhald gjennomførast etter behov. - For overgang til tettbyggfasen, skal bygget reingjerast / støvsugast. Tetthusfasen: - Reinhaldsrutiner skal etablerast og gjennomførast. Bygget skal haldast fritt for søppel, smuss og støv. - Kanalar ol. skal haldast forsegla. - Før overgang til innreiingsfasen skal bygget reingjerast med støvsuging, vasking og støvturking. Innreiingsfasen: - Reinhaldsrutinar skal etablerast og gjennomførast med sikte på å halda bygget ryddig og reint til ei kvar tid. - Emballasje skal berre bringast inn i bygget i den grad det er naudsynt, og emballasje og anna avfall skal bringast til containerane med ein gong. - Før overlevering skal full byggreingjering gjennomførast. Kontroll:

KAPITTEL B.00 GENERELLE BESTEMMELSAR Side B.00. 17 - Byggherren vil gjennom heile byggeperioden kontrollera at reint bygg prosedyrane blir gjennomført, og pålegge evt. forbetringar. Etter avslutta byggreingjering skal bygget vera reint og fritt for støv, både på synlege flater og i kanalar og holrom. - Hovudentreprenør skal varsla byggeleiar ved arbeidsoperasjonar som har betydning for høve til kontrollering av byggreinhaldet, t.d. ved lukking av bygningskonstruksjonar og holrom med kledning, innkassing,himlingar o.l. Ansvarsfordeling: - Den einskilde entreprenør er ansvarleg for rydding etter eigne arbeid og for å gjennomføra eigne arbeid på ein måte som er i samsvar med krava som er stilt til reint bygg. Hovudentreprenøren skal syta for utstyr til reinhald (støvsugarar ol.), og har ansvar for planlegging og gjennomføring av reinhaldsrutinar, samt all hovudreingjering, inkl. avsluttande byggreingjering. TEKNISK GODKJENNING AV MATERIALER / DOKUMENTASJON Erfaring syner at materialane som vert brukte på byggeplassen står for vesentlege delar av dei negative miljøpåverknadene, både på arbeidarane under oppføring og på brukarane i driftsfasen. Derfor skal det for alle materiale, maling, lakk, olje, lim, fugemasse, fugeskum, kledningsplater, golvbelegg, fliser, klinker, avrettingsmasse, tilsettings-stoff, lydabsorbentar, himlingsplater, fast inventar og anna som vert nytta i bygget, framleggast dokumentasjon i god tid før det aktuelle materiale blir planlagt tilført byggeplassen. Fylgjande dokumentasjon skal framleggast; dersom ikkje anna blir avtalt undervegs: Produktblad som oppgir: 1) Avgass i byggeperioden og i bruksperioden, samt evt. naudsynte tiltak for vern av helse, tryggleik og miljø. 2) Avgiving av fiber / støv både i byggeperioden og i driftsperioden, samt evt. naudsynte tiltak for vern av helse, tryggleik og miljø. 3) Bruksavgrensningar i byggefasen og i bruksfasen. 4) Funksjonsdata. 5) Tilrådde pleie-, rense-, og vedlikehaldsmetodar og midlar, samt tilsvarande data for desse midla. Produkt utan dokumentasjon må ikkje tilførast byggeplassen utan etter byggherren si godkjenning. Totalentreprenør skal levera dokumentasjon av leverte produkt og handsamingar til bruk for byggherren sin FDV i driftsfasen. Dokumentasjonen skal leverast som 2 papirsett og eitt sett digitalt i pdf-format.