VESTNES KOMMUNE Møteprotokoll Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset Dato: 23.09.2014 Tidspunkt: 16:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Elias Henriksen Medlem HELSK Markus Sele Leiar HELSK Sara Funie Karadash Medlem HELSK Michelle Connor Søreng Medlem HELSK Trond Ellingseter Medlem TOMSK Andreas Nygård Medlem TOMSK Fredrik Langstein Medlem TOMSK Håvard Lid Medlem TOMSK Emma Birgitte Skjønberg Tomren Nestleiar VGS Bendik Stenberg Medlem VGS Jenny Bakken Nestleiar VGS Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Ordførar SP Følgjande varamedlemmar møtte: Navn Møtte for Representerer Merknadar Fra administrasjonen møtte: Navn Stilling Tone Roaldsnes Administrasjonssjef Odd Jarle Talberg Koordinator
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 22/2014 PA 23/2014 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte PA 24/2014 Konstituering av Vestnes ungdomsråd 2014-2015 PA 25/2014 TV-Aksjonen 2014. Eventuelt ungdomsrådsengasjement PA 26/2014 Ungdomsrådet si yrkesmesse 1. oktober 2014 PA 27/2014 PA 28/2014 PA 29/2014 Kommuneplan 2015-2025. Samfunnsdelen. Økonomiplan 2015-2018. Orientering. Kommunereformorientering PA 22/2014 Godkjenning av innkalling Innkalling til møte vart samrøystes godkjent. PA 23/2014 Godkjenning av protokoll frå siste møte Protokollen frå sist møte vart samrøystes godkjent. PA 24/2014 Konstituering av Vestnes ungdomsråd 2014-2015 Innstilling Nødvendige val med tanke på konstituering av Vestnes ungdomsråd, skal gjennomførast i møtet, under denne saka, i tråd med vedtektene. (Sjå vedlegg.) Leiar: Markus Sele Nestleiarar: Jenny Bakken og Emma Tomren Sekretær: Michelle Connor Søreng
Vedtektene til Ungdomsrådet blir justert tilsvarande situasjonen pr. dags dato. Det vart lansert kandidatar, foretatt drøftingar og gjennomført val i møtet. Leiar: Markus Sele Nestleiarar: Jenny Bakken og Emma Tomren Sekretær: Michelle Connor Søreng Vedtektene til Ungdomsrådet blir justert tilsvarande situasjonen pr. dags dato. PA 25/2014 TV-Aksjonen 2014. Eventuelt ungdomsrådsengasjement Innstilling Eventuelt vedtak om ungdomsrådsengasjement må utarbeidast i møtet Representantane i Ungdomsrådet frå Helland og Tomrefjord vil spørje i 8., 9. og 10. klasse om nokon vil gå med bøsser søndag 19. oktober mellom kl. 16.00 og 18.00. (Ein kan godt gå to ilag). Namn og mobilnummer på personar blir sendt til odd.jarle.talberg@vestnes.kommune.no Saka vart drøfta med tanke på engasjement frå Ungdomsrådet. Representantane i Ungdomsrådet frå Helland og Tomrefjord vil spørje i 8., 9. og 10. klasse om nokon vil gå med bøsser søndag 19. oktober mellom kl. 16.00 og 18.00. (Ein kan godt gå to ilag). Namn og mobilnummer på personar blir sendt til odd.jarle.talberg@vestnes.kommune.no
PA 26/2014 Ungdomsrådet si yrkesmesse 1. oktober 2014 Innstilling Ungdomsrådet går gjennom saksprotokollar og evaluering av yrkesmessa dei siste åra og fordeler aktuelle oppgåver slik at også nye medlemmer blir involvert. Ungdomsrådet må sikre at nødvendige avtalar er gjort med Helland skule og Vestneshallen inkludert 9. klasse, med tanke på kiosksal og servering i hallen. Michelle sjekkar opp med Helland skule at aulaen ikkje er oppteken denne ettermiddagen slik at stolar kan settast utover og aulaen kan ordnast til kl. 14.30 når yrkesmessa startar. (Sjå invitasjonsbrevet). Odd Jarle snakkar med vaktmesteren, medan Markus, Michelle og Sara førebur seg på å hjelpe med å sette utover stolar (ca. kl. 13.00). Markus spør Trond Strandmann om å hjelpe til å få på plass og teste ut prosjektor, pc og mikrofonlyd til bruk i aulaen. Der skal alle VGS-skulane presentere seg kort før alle går til Vestneshallen og har sine standar der. Emma og Markus gjer avtale om kven som ønskjer velkomen til yrkesmessa (første programpunkt i aulaen) og gir ordet til den første skulen som skal presentere seg. (Vi kan føreslå rekkefølge slik det går fram av ferdig påmeldingsskjema. Odd Jarle sender dykk dette saman med påminning). Trond og Håvard møter saman med Odd Jarle tirsdagskvelden den 30.09.2014 for å sette opp bord og stolar og legge ut straumledningar til standane. 9. Klasse ved Helland skule har teke på seg ansvaret for kiosk under messa. NB: Alle i Ungdomsrådet er med og ryddar opp etter endt yrkesmesse (ca. kl. 16.30 17.00). Det vart orientert om at påmeldinga er bra til yrkesmessa, der alle 10. klassingane i kommunen er invitert saman med føresette i hallen siste delen av dagen. Behov for engasjement og hjelp frå dei einskilde ungdomsrådsmedlemmane vart gjennomgått. Michelle sjekkar opp med Helland skule at aulaen ikkje er oppteken denne ettermiddagen slik at stolar kan settast utover og aulaen kan ordnast til kl. 14.30 når yrkesmessa startar. (Sjå invitasjonsbrevet). Odd Jarle snakkar med vaktmesteren, medan Markus, Michelle og Sara førebur seg på å hjelpe med å sette utover stolar (ca. kl. 13.00). Markus spør Trond Strandmann om å hjelpe til å få på plass og teste ut prosjektor, pc og mikrofonlyd til bruk i aulaen. Der skal alle VGS-skulane presentere seg kort før alle går til Vestneshallen og har sine standar der. Emma og Markus gjer avtale om kven som ønskjer velkomen til yrkesmessa (første programpunkt i aulaen) og gir ordet til den første skulen som skal presentere seg. (Vi kan føreslå rekkefølge slik det går fram av ferdig påmeldingsskjema. Odd Jarle sender dykk dette saman med påminning).
Trond og Håvard møter saman med Odd Jarle tirsdagskvelden den 30.09.2014 for å sette opp bord og stolar og legge ut straumledningar til standane. 9. Klasse ved Helland skule har teke på seg ansvaret for kiosk under messa. NB: Alle i Ungdomsrådet er med og ryddar opp etter endt yrkesmesse (ca. kl. 16.30 17.00). PA 27/2014 Kommuneplan 2015-2025. Samfunnsdelen. Administrasjonssjefen si innstilling Framlegg til kommuneplan samfunnsdelen - vert lagt fram for drøfting i ungdomsrådet. Ungdomsrådet tek saka førebels til vitande. Tone Roaldsnes orienterte og knytta også denne saka til kommunereformprosessen som er i gang. Ho oppmoda elles Ungdomsrådet til å lese desse 12 sidene når dei får tid, og at Ungdomsrådet vurderer og kome med innspel innan fristen 29. oktober. Ungdomsrådet tek saka førebels til vitande. PA 28/2014 Økonomiplan 2015-2018. Orientering. Administrasjonssjefen si innstilling Ungdomsrådet tek saka til førebels orientering
Ungdomsrådet tek saka førebels til vitande. Tone Roaldsnes orienterte litt om denne omfattande saka som viser detaljane i dei kommunale tenestene. Innstillinga frå Administrasjonssjefen vart samrøystes vedteken. PA 29/2014 Kommunereformorientering Administrasjonssjefen si innstilling Ungdomsrådet tek saka førebels til orientering Ungdomsrådet tek saka førebels til orientering Tone Roaldsnes orienterte om saka og kommunereformprosessen som no er i gang. Ho fortalde at Ungdomsrådet må engasjere seg og søkje og følgje med så godt som råd i tida framover. Ho orienterte og viste til informasjon på regjeringa sin nettstad om temaet. www.kommunereformen.no Innstillinga frå Administrasjonssjefen vart samrøystes vedteken.