EIT INFORMASJONSMAGASIN FOR VANYLVEN - NR 2-2014 EIT INFORMASJONSMAGASIN FRÅ VANYLVEN KOMMUNE NR. 2-2009

Like dokumenter
NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

mmm...med SMAK på timeplanen

Til deg som bur i fosterheim år

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

OK, seier Hilde og låser.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Jon Fosse. For seint. Libretto

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Ute mat Korleis laga god mat UTE

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11


6. trinn. Veke 24 Navn:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsbrev for Rosa september 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for ROSA mars 2015

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Brukarrettleiing E-post lesar

Brannsår, rus eller friheit?

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe


Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Kva er økologisk matproduksjon?

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

«Ny Giv» med gjetarhund

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Alt det lyse og alt det mørke

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Kom skal vi klippe sauen

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Plassebakken Barnehage

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Brukarrettleiing. epolitiker

Informasjon til elevane

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

/

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

I N N H O L D. Forord

Månadsplan for Hare November

6-åringar på skuleveg

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Transkript:

1 EIT INFORMASJONSMAGASIN FOR VANYLVEN - NR 2-2014 EIT INFORMASJONSMAGASIN FRÅ VANYLVEN KOMMUNE NR. 2-2009 Stemningsrapport frå sjukeheimen side 10-11 Vanylvsakademiet side 12-15

FJ 2 Det er ikkje sikkert du er i Vanylven for fjella. Likevel er dei der. Tårnar 3 ELL seg mismodig opp av tåkeheimen ein tidleg junimorgon og får deg til å lure på om det aldri skal verte sommar, for du vil ha slike somrar som på austlandet, du vil ha tidlegmodna jordbær med mold på og lunkne Føresetnadane for eit godt forhold til kveldsbad som let deg sovne med smaken av salt i munnen - ikkje desse heimstaden startar tidleg. I ungdomsåra, der raske dukkertane i bitkaldt vatn som får føtene til å visne vekk. ein gjerne startar å stille spørsmål og krav, ligg den store utfordringa i å legge til rette for Men fjella er der. Anten dei digre, grå bautane som dei gode opplevingane. I Vanylven er vi så omkransar deg, passer på deg der du køyrer bil, eller freistar til heldige at vi har ungdom som får og vil vere erobring med toppar med irrgrøne kåper, tenker du at det er no her tilstade på ulike arena, trygge lokalsamfunn det må vere som frodigast, her er lamma kvitare og med meir med aktive lag og organisasjonar der krølla pels, her er lufta høgare og lettare å puste. Det vert eigentleg handlingsrommet for å kunne påverke er aldri trongt i desse dalane. Og brått kjem jammen sola og, det glimtar stort. kvitt av snø i ein fonn langt der oppe som aldri får nok til å smelte. Ja, i Vanylven er det mogleg å sjå snø heile året, dersom ein har slike lystar. For gode samfunn må dyrkast fram. Dei fleste som bur her, har vakse opp i umiddelbar nærleik til fjella. Gjennom fokus på hendingar, opplevingar Har erobra og gjenerobra dei, brukt dei til arbeid og nytte. Hatt dei som og kvardagshistorier vekst vonleg kjensla næraste leikekamerater og til glede og adspredelse. Nei, fjell er ikkje av trivsel og ro. I dette magasinet møter du berre leik. Men dei kan vere det også. Eller rekreasjon. Balsam for sjela. tilflyttarar med brennande engasjement, anten det gjeld kultur, ungdom eller samferdsel. Du Har du stått på ein fjelltopp og følt det som om verda er di i det siste? møter vanylvingar som gjerne vil formidle kvalitetane rundt oss som inspirerar dei. >> Sett deg gjerne ned med dette magasinet og vert litt betre kjent med oss. Har du gått glipp av dei tidlegare magasina? Gå inn på www.vanylven.no der har vi samla fleire gode historier. Ane Malene Søvik Nygård Dagleg leiar Vanylven Utvikling AS

4 5 Ut på tur, aldri sur - Skal vi stoppe og slå av ein prat? Det er ikkje eit spørsmål så mykje som ein påstand. Olrun har vist meg fjellet sitt, brakka si, ho har prata om kor god stemninga er blandt naboane i det vesle hytteområdet rundt Myrkevatnet på Rovde, og no trur eg ho allereie står på bremsen. For det er Åshild og Agnar Knardal som er ute og spaserer, dei har hatt hytte lenger enn ho ved Myrkevatnet. Dvergdachsen Stella på 4 månader gjespar stort i armene på Åshild, og Agnar røper med eit smil at alle dei tidlegare hundene deira har hatt same namn. Fjellfolk slår gjerne av ein prat. Eg har byrja å mistenke at fjellfolk er veldig sosiale. Dessutan er dei i godt humør. - Ein vert i godt humør av å vere i god form, meiner Olrun. Å få ting gjort er ikkje eit like stort tiltak om ein trimmar jevnleg. Ho veit kva ho snakkar om. Olrun er gardbrukar og må gå i fjøsen kvart på fem om morgonen dei dagane ho har tidlegvakt i barnehagen, der ho har 60% stilling. Tysdagkveldane er ho bibliotekar. Med tre born i skulealder og verv i idrettslaget og Fjellheimen Veglag er det lett å trekke konklusjonen at ho ikkje har for mykje fritid. Sjølv klagar ho ikkje. - Eg har ikkje så god tid, men eg prioriterer rett. Og eg prioriterer for borna mine også, slik at dei også skal bli glade i å gå på tur. For det er ikkje noko stress når familien er ute og vandrar. Det er mykje å sjå på og undersøkje på fjellet, anten ho går på Myrkevatnet eller på Brakka. Brakka er lita og firkanta, nesten kamuflert med fjellgrå farge der den står omkransa av lyng, innreidd med sofa og skrivebord, og med eit rombeforma vindauge som slepp inn lys. Nokre gongar tek Olrun med seg barnehageborna hit på tur, og synest det er ein fin base for utforsking i naturen. For to år sidan dukka sjansen opp til å få hytte på Myrkevatnet, eit ynda turmål i området, og Olrun greip den raskt. No skal hytta straks få eit strøk måling utvendig. Det er berre det at alt må bærast for eiga muskelkraft opp til Myrkevatnet, ein spasertur på omlag 40 minutter frå der ein set frå seg bilen. Det vil seie, robåten fekk Olrun frakta med helikopter i haust, samstundes med at ein av dei andre hyttenaboane hadde bestilt helikopterfrakt opp. - I forrige veke bar eg og jentene mine opp ein benk, fortel ho. - No prøvar eg å finne eit namn til hytta. Eg tek gjerne imot forslag, seier Olrun og smiler lurt. Toppfrelst - men ingen våghals Det var åra i Bergen som gjorde det. Ho gjekk sjelden på fjellet før - i ungdomstida var ho oppteken med musikk, spelte i band, i korps. I fjor haust kom ho attende til Fiskå etter sju års studier i byen mellom dei sju fjell. Plutseleg såg ho heimbygda i eit heilt nytt lys. - Eg var ikkje klar over kor mange fantastiske turar vi hadde i Vanylven! seier Anna, som meir enn gjerne går i lag med vener. - Det er det sosiale som appelerar mest til meg, seier ho. Med tida har ho vorte freista av vener til å prøve turar ho aldri har trudd ho skulle greie. Til dømes oppdaga ho gjennom arbeidskollega Veslemøy at Lisjeblæja (X m o h) i Syvde, som ser så vanskeleg ut sett frå bakkenivå, faktisk ikkje er det. - Det er ein av dei finaste turene eg har gått! Men eg hadde no aldri tort å gått der åleine. Eit anna mål er å gå opp på Høgenipa (X m o h), også i Syvde. Anna er ei målbevisst kvinne som gjerne kjem i mål med det ho set seg føre. Ho likar kjensla av å meistre ei utfordring, uansett kor lang tid det tek. - Eg er toppfrelst, men er ingen våghals. Det er ikkje adrenalinkicket ho higar etter. Ho går for å kome i betre form, og for å utfordre seg sjølv. Etterpå legg ho gjerne ut bilete frå turane på Instagram under namnet Hulentrollet. Det er nok målbevisstheita som har fått henne gjennom halvmaraton i Bergen på 21 km, og det som gjer at ho drøymer om maraton. Ein broten fot sette diverre ein midlertidig stoppar for maratonplanane i fjor sommar. No er Anna i gong med trim igjen, til dømes leier ho spinningtimane kvar torsdag på Fiskå, og tek seg gjerne ein joggetur etter jobben som kulturrådgjevar i kommunen. Heimefjellet Nupen (X m o h) er ein tur som tek omlag 1 time og eit kvarter. Men Anna tel ikkje minutt. I byrjinga brukte ho pulsklokke når ho gjekk på fjellet, men det vart ho berre stressa av. - Det viktigaste er å kome seg ut. Kva med dårleg vêr? - Nei, om vêret skulle stoppe ein, ville ein nesten aldri kunne gå ut. Naturopplevinga er ei anna god grunn til å gå på fjellet, synest Anna. - Eg får ofte aha-opplevingar av kor fin omgjevnadane eigentleg er!

6 7 Det skjer i Dyrkar naturen Det er bokstaveleg talt mannen med ljåen eg møter, då eg stoppar for å knipse bilete av eit fjell som glitrar som av gull etter å ha passert Rovde. Ein nesten overgrodd sti har freista til å sjå meir, og brått står han der - furet, vêrbitt, men med eit stort smil i det peparkakebrune andletet. Det er Hallstein Ljosa som har gått laus på markane med ljåen, og no visar veg opp på garden Ljoså medan han ergrar seg litt over at han ikkje skifta T-skjorta i morges slik kona sa. Den fortel at han ein gong var mjølkeprodusent. No dyrkar dei for eige bruk i staden - den frodige hagen kjem straks til å bugne av jordbær, bringebær, rips, plome og pære. Dei er sjølvsynte med kålrabi og poteter, og dreg opp fisk frå sjøen i ny og ne. Hallstein tørkar sveittedråpane frå panna, lener seg til ljåen ved siden av to lange hæser og skuar opp mot fjellet. Det heiter - ikkje overraskande - Ljoså. - Det betyr eigentleg «lys elv», seier han og peikar på elva som rasar nedfor skråninga nett der, i midten av den store åsen der sola skin. Der spadde faren til Hallstein sand i gamle dagar, og lagde ein demning som fekk elva til å spre seg endå meir då det trengtes. Han synest det er godt å bruke kroppen, anten det er i skogen, marka eller i fjellet. Då held han seg sprek, og kjenner korleis det står til med forma. - Nokre av dei finaste stundane mine har eg opplevd ute i naturen. Det har vorte nokre turar der, oppå Ljoså, 600-700 meter over havet. - Vel, eg hadde ein stor operasjon og lå nokre veker på sjukehus, seier han. Då mister ein fort musklar og kondisjon. Ein nydeleg kveld her forleden fann eg ut at eg skulle prøve meg på fjellet igjen, men eg måtte gje meg på det der oppe, ser du steinbrotet der? Der måtte eg berre snu. Og han veivar mot ein plass halvvegs opp, likevel imponerande høgt. 9-hols mellom fjord og fjell Vanylven Vanylven Golfklubb vart etablert i 1998 og har utarbeida ei flott 9-hols golfbane ved Eidsåvoll, med panoramautsikt ut Syvdsfjorden. Med par 68 og vel 3900 meter frå gul tee, byr bana på fleire utfordringar for alle. Gjestespelarar er velkomne til å spele på bana, greenfee er kr 150. For spelarar under 19 år, kr 50. Vanylven Golfklubb har eige klubbhus og drivingrange som er ope kvar dag i sommarhalvåret og har utleige av golfutstyr. Fast turnering kvar onsdag frå april til september. Hakallegarden Det gjev ei heilt eiga ro å ha nærkontakt med dyr, og på Hakallegarden kan du treffe kaninar, sauer og eksotiske dyr som knapt finst andre stadar i Noreg. På opplevingsgarden kan du sanse livet på landet. Heile året kan store og små leggje søndagsturen til den flotte Hakallestranda, bli betre kjent med dei firbeinte, ta ein matbit i den koselege kafèen, kjøpe brukskunst og silkemjuke alpakkaprodukt, og vandre i kunstgalleriet som blir til i fjøsen kvar sommar når dyra får beite ute. På varme sommardagar er turen kort mellom Hakallegarden og den innbydande langstrekte sandstranda på Sandviksanden. Her vert sommarkvelden fullkomen med solnedgangen i havgapet. Opningstider under sommaren: Kvar dag kl. 12-18. St. Jetmund kyrkje Middelalderkyrkja på Åheim er ein av stoppestadane i Kystpilegrimsleia fra Stavanger til Trondheim. Segnen fortel at den engelske helgenen St. Edmund grunnla den første kyrkja på Åheim. Han kom reisande frå Nordfjord og gjekk over Maurstadeidet. Kyrkja er i romansk stil, med runde bogar i vindauge og døropningar. Preikestolen er fra 1630 og alterbiletet frå hollandsk middelalder. Kyrkja vart seld på auksjon i 1724 og var i privat eige i 129 år. Kommunen løyste den ut i 1853.

8 9 Utsikten fjellkro - Når du kjem inn i Syvde, fyl du skiltet mot Sørdalen. Etterkvart kjem du til ei grind som du må opne. Kanhende møter du på ein flokk fjellgeiter også. Har du kome så langt, kan du i grunnen ikkje ta feil. Kva har ein bussjåfør, ein sjømann og ein forretningsmann til felles? Jau, Utsikten fjellkro. No er det ikkje turgåarar Kjell-Arne Myrvoll siktar til, sjølv om det ikkje er utenkeleg at ein møter slike også. Nei, det går både geiter og sauer fritt når ein kjem opp fjellsida fremst i Sørdalen, og spesielt turistane synest det er koseleg å høyre lyden av bjøller medan søndagsmiddagen vert fortært på Utsikten fjellkro. Det byrja som ein fleip for åtte år sidan. Tre syvdingar som har helde saman sidan skuleåra sat ein kveld og diskuterte alderdomen, om enn den verka aldri så langt borte. Det hadde vore fint med ein hobby å halde på med, noko som ville gjere pensjonisttilværet meiningsfullt. Faren til Per Almklov hadde tidlegare dreve ei fjellkro opp på Kilebrekka som no har stått til forfall i ti års tid. Ja, eigentleg hadde faren til Per dreve med temmeleg mykje, men meir om det seinare. Kjell-Arne Myrvoll, Per Almklov og Kurt Årseth la ein plan. Dei ville opne opp Utsikten igjen, og servere kortreist mat frå det den lokale naturen har å by på til gjestane. Dei ville bygge opp og ut fjellkroa, steg for steg, men likevel behalde det unike 70-talsprega interiøret. - Vi har halde oss til planen, seier Kjell-Arne og stryk stolt over ein bruskjølar frå tidenes morgon som går under kallenamnet «museumet». Det er no det skal nemnast at det ligg ein god historie bak nesten kvar einaste ting ein finn på Utsikten, og at det alltid er nokon der til å fortelja han. Til dømes huser peishylla ein diger samling utstoppa dyr frå norgesmeister i utstopping, Kjetil Svenkerud i Sykkylven. Har du ikkje sett det før, kan du ta både skogsmår, rype, rødrev og oter i nær augesyn. Fleire av dei, og i alle fall garantert den sistnemnte, endte sine dagar ein plass i Vanylven. - Vel, humrar bussjåføren litt sjenert, la oss berre seie det slik at den møtte trafikkdøden. Tradisjonen tru opnar dei dørane for sesongen St. Hans, med heimelaga rømmegraut og båltenning. Heilt til skulestart i august kan ein nyte søndagane på Utsikten, frå klokka 13 til 17. - Mange av dei som kjem hit, vil ha opplevinga av å køyre frå Syvde og hit over Øverberg og Kilebrekka, og så ned Syltedalen. Det gjev ein heilt fantastisk utsikt mot «Stadten», fortel Per. Og legg med glimt i auga ut om kvifor dei tyske bubilturistane må køyre tre runder. Turen er ein del av den europeiske Nordsjøløypa, og så absolutt verd å få med seg. Karane roser den gode vegstandarden, og alle turstiane som tek utgangspunkt i nærområdet er godt merka. Dei roser hytteeigarane som har behalde det tradisjonelle preget på hyttene sine som turistane likar så godt. Til og med grinda nede i Sørdalen og alle dei frittgåande dyra - kor irriterande geiter som står på biltak enn kan vere - er positivt for dei som kjem for å nyte området. Det er tydeleg at dei er kry av heimplassen sin, og vil dele den med fleire. Kanskje får ein også sjansen å nyte fjellørret frå eit lokalt vatn, eller gryte av hjort som er skoten like oppå fjellet. På Facebook kan ein følge med på den komande menyen, veke for veke. Det vert ikkje servert oppattvarma industrikjøtkaker på Utsikten, men heller heimelaga hjortekarbonader. Mårpølse av hjort med innslag av cognac etter lokal oppskrift, er også ein favoritt. Og det er når Kjell-Arne visar fram dei originale 70-talsgardinane i mosegrønt og eit åkle som bestemora til Per har laga, at faren til Per kjem på snakk igjen. Johan Almklov var i si tid med og starta Syvde Røde Kors, og hadde både landhandel, pensjonat og kinoen i Syvde. Han bygde også Utsikten fjellkro i 1969, som då vart drifta ved hjelp av ektepar som budde heile sommaren på fjellkroa, nesten som på ei seter. - Vi er også heilt avhengige av gode hjelparar, seier Kjell-Arne og Per over ein kaffikopp på verandaen oppover mot Øverdalen. Jegarar som leverar kortreist mat, og vener som hjelper med drifta. Denne dagen er kjøkenet fullt av effektive og dyktige kvinner som tryllar fram digre porsjonar heimekokt rømmegraut. - Er det ikkje vanskeleg å berekne matmengden når ein ikkje veit kor mange som kjem? Kjell-Arne og Per nikkar, og vedgår at det er den store utfordringa. - Har ein 60 liter med nydeleg hjortegryte, er det nesten like ille å løyve som å gå fri, seier Kjell-Arne. - Det er no eigentleg verre å gå fri, innskyt Per. Det er Kjell-Arne einig i. - Jau, men vi prøver no å ha litt i bakhand slik at folk ikkje treng å reise herifrå svoltne. Det neste som står for tur, er å bygge inne terrassen nedover med pleksiglas. Vêravhengige som dei er, vil dei sikre gjestane den flotte utsikta over bygda uansett temperatur og vindretning. Langsmed terrassen heng ein slinge med farga lyspærer. - Dei har alltid vore her, seier Kjell-Arne og legg til at når kveldane vert mørke, kan ein sjå lysa heilt nedenfrå bygda som eit landemerke.

10 11 Helse og omsorg på Fiskå Bli med inn for ein stemningsrapport I mars i år opna dørane på Fiskå for bebuarar frå heile kommunen, frå Rovde i nord til Åheim og Syltefjorden i sør. Nybygget består av tre etasjer med tre avdelinger kvar, samt fire omsorgsleilegheiter med heimesjukepleie. I tillegg har ein tre avlastningsleilegheiter. Det luktar nytt av trebord og skinnstolar og kanskje litt maling, omlag som nybygg flest. Lyset kjem inn gjennom dei store vindauga og badar dei breie korridorane i fine nyansar av ulike grunnfargar for kvar av dei tre etasjane. Innslag av børsta stål og frosta glas på skilta gir eit moderne inntrykk. Sjølv om neppe alle bilete har kome opp på veggane heilt endå, ser det allereie smakfullt ut. I trappa heng eit veggteppe i alle regnbogens fargar, ei gåve frå Vanylven Husflidslag. Ei av avdelingane er Sone sør, med ni bebuarar. Denne dagen er det sjukepleiarane Aud Nygård, Britt Berge og hjelpepleiar Monika Brudevoll som er på vakt. Dei er tydeleg nøgde med nye lokalar og betre plass. Det er framleis formiddag, og den daglege trimmen står på programmet. - Vi fokuserar på trening i kvardagen heile tida, at dei skal gjere mest mogleg sjølve. Og så må vi då sjå an dagsformen til kvar enkelt. Men vi tek oss tid til ei stund med fellestrim stort sett kvar dag. Finn du fram musikken, Britt, så skal eg seie frå til dei andre, seier Aud. Her og der i korridorane er det laga til sofakrokar med til dømes korgstolar med nye saueskinn i. På bordet finn ein bibelen, nokre smakfulle kubbelys og blomsterdekorasjoner. I fellesstova sit allereie to damer framfor fjernsynet, men snakker meir med kvarandre enn dei fyl med på skjermen. Etterkvart fyllast stova opp av fleire, rullatorar parkerast og ein slår av ein prat med kvarandre medan ein ventar på resten. - Stikker du av, Lydia? spør Britt ein forbipasserande. Trim er eit frivilleg tilbod, men personalet vil gjerne gjere det dei kan for å freiste til deltaking. Det gjer so godt å få opp blodsirkulasjonen og styrke musklane, og skulle ikkje det vere trekkplaster nok, så er i alle fall belønninga med skuldermassasje etterpå ein god grunn til å vere med. Britt blåser opp ballongar, noko som resulterer i litt sukking og stjålne blikk frå dei eldre. Det kan sjå ut til at opptil fleire skulle ynskje dei hadde ei nål eller to tilgjengeleg. Å sparke og slå ballongane mellom seg er visstnok det mest slitsomme med heile trimmen. Men når aktiviteten vel er i gong, er det inga klaging. Alle som ein tek i, med Britt som oppmuntrande instruktør, og jammen høyrer ein spredd latter også, når varmen kjem attende til trøytte kroppar. Nokre demonstrerer endåtil reale fotballtendensar når ballongane er i sving. - Skal vi ta eit lite minutt til, då? Og så er det premie etterpå - massasje! - Det gler vi oss til, seier Johanne forventningsfullt. Når det er tid for massasjen, trår alle dei tilsette til. Kroppskontakt gjer godt, og massasje av skuldre, armar og stive nakkar vert tydeleg sett pris på. I ein sofakrok i tredje etasje har Anna Støylen (90) og Ingvald Almklov (84) møtt opp for å fortelje litt om si oppleving av det nye helse- og omsorgssenteret. Dei bur på same avdeling, og Ingvald bur i lag med kona si, Oddrun Hjelle Almklov. Han har nett kome inn frå spasertur, og har ein frisk farge i ansiktet. I fjor braut han beinet på ein fjelltur i heimbygda, og då han hamna på sjukehus måtte kona inn på Åheimtun. - Ein skal jo sjå kvar ein set føtene, og ikkje opp «i lukta»! seier han med meir enn eit snev av sjølvironi i dei kvikke auga. - Men eg var i godt selskap med sonen min, skjønar du. Etter 59 års ekteskap skil ein ikkje lag frivillig, og Ingvald er veldig fornøgd med måten kommunen har løyst situasjonen på. Anna Støylen synest det er ei god stemning på bygget. Ho hadde gjerne hatt opp litt fleire bilete, men skryt elles uhemma av både personale og omgjevnadane. Ho hamna i rullestol etter eit slag for 11 år sidan, men er sprek i stemme og hovud. Det har vorte middagstid, og den gode lukta av potetball spreier seg. I Sone sør vert det etterspurt ekstra ball på tallerkenen. Det er vel truleg at både trim og massasje har vore med på å få opp appetitten.

12 Vanylvsakademiet for ungdom Sommardagene ligg framføre dei som ein rekke markjordbær på strå. Ein har tid, god tid. Spesielt har ein tid til nokre dagar med inspirasjon i hobbyen sin. MANDAG TRE-RETTARS Posjert egg servert med blansjert asparges i følge med hollandaise og sprøstekt skinke Urtesteikt ytrefilet av okse Appelsinkokte rødbeter og gulrot Heimelaga urtesmør Panna cotta servert med rabarbrasuppe TYSDAG TRE-RETTARS 13 13 Vanylven Utvikling AS har i samarbeid med Vanylven Ungdomsråd lagt opp til tre intense dagar med læring i foto og matlaging på Eidså/Syvde, frivilleg og gratis for alle på ungdomsskuletrinnet i kommunen. Profesjonelle fagfolk er hente inn, og formålet er å gi djupare kjennskap til ulike yrkesretningar. Dei håpte på å lære meir enn å steike speilegg. - Posjere er å koke eit egg utan skal, slik at eggekvita vart kokt, men eggeploma blautkokt, fortel Thomas Flusund. Han, Eline Norhagen og Dina Løseth går gjennom prosedyren for ein vellukka posjering. Det er om å ha eddik og salt i kokende vatn, lage ein virvel i kjelen og sleppe egget forsiktig nedi. Eddiken gjer at eggekvita binder seg til eggeploma, og ein får eit posjert egg. Dei er overraska over kor lett det eigentleg er å lage mat, særleg når ein veit om triksa. Kjøkenet på Myklebust ungdomsskule liknar mest ei maurtue. Kvite kokkehuer bevegar seg effektivt mellom kjøkenbenkane, og det er ikkje fritt for at ein vaskeklut eller to får vengar. Det er tid for å pakke og ta med all maten dei har laga idag. Tredje og siste kursdag kulminerar nemleg i ein kombinert opa fotoutstilling og kafé på Eidsåtun. Det er kokk Gjertrud Årvik frå Furebuda Mathus på Stadlandet som instruerer ungdommane. Med seg har ho hjelpar Ann Helen Honningsvåg. - Eg ynskjer å formidle gleda ved å lage mat, og at det er eit yrke med godt samhald. Når det gjeld matlaging er alle steg i prosessen like viktige frå å skrelle gulrøter til å vaske opp etterpå, seier ho. Kontinuitet er også noko ho vil fokusere på, og difor har dei brukt aspargesskrell til ei suppe dagen etter å ha hatt blansjert asparges. Gjertrud vil gjerne at dei skal lære å lage andre ting enn den tradisjonelle maten. Røstipoteter i staden for dei vanlege kokte, bakt laks i staden for stekt. Posjerte egg i staden for kokte. Skikkeleg saus frå grunnen, og heimelaga vaniljeis. Ho fortel om 12 lærevillege og dyktige elevar, som allereie første dagen lagde ein trerettars meny, og at til og med pastaen i lasagnen vart laga frå botn av. Ein har fått vite kor viktig ein jamn temperatur er når ein lagar mat. Tips til korleis ein skal lage mat utan oppskrift, og også korleis endre på ei oppskrift. - Det er no sommarferie, og vi har ikkje noko anna å gjere! seier Thomas. Han er godt over middels interessert i matlaging, og legg no ivrig ut om korleis ein kan koke grønsaker i appelsinjus for at dei skal få ekstra god smak. Eigentleg er han særleg interessert i å lage sunn mat, og baker gjerne sitt eige brød for at det skal verte grovare. Han har alltid fått lov til både å eksperimentere, mislykkast og rote på kjøkenet, og tenker at det har bidrege til interessen hans. - Men eg måtte rydde opp, då, legg han til. - Eg likte den sprøsteikte spekeskinka best, seier Eline Norhagen og rettar på kokkehua der ho står og kuttar opp smakebitar av den karamelliserte kvite sjokolademoussen. Ho hadde lyst til å lære tips og triks til litt meir avansert mat, og er ikkje framand for å steike ein entrecôte heime vel å merke dersom foreldra har stått for innkjøpa... Aspargessuppe m/ bacon Focaccia m/ ramsløksaioli Bakt laks servert med petit poise puré, sylta raudlauk, røstipotet og lime beurre blanc Karamellisert kvit sjokolademousse servert på nemesisbotn Bringebærpuré til saus ONSDAGS YNSKJER Heimelaga lasagne servert med flettaloff Snickerskake og vaniljeis m/ sjokoladebitar Når det gjeld matlaging er alle steg i prosessen like viktige frå å skrelle gulrøter til å vaske opp etterpå (Gjertrud Årvik)

14 15 Det er mørkt i salen, og 15 undommar fyl våkent med på storskjermen. - Kvar hen er fokus? Auga vil sjå på det som er i fokus i biletet, difor skal de tenke på å fokusere på auga når de fotograferer menneske. Fotograf Magne Sandnes har lang erfaring som reklamefotograf, og undervisar til dagleg på eit toårig fotostudie på Norges Kreative Høgskule i Bergen. - Det er ein spanandes tid for foto. Det å fotografere er ein mykje meir integrert del av kvardagen til folk enn det var før. Alle tek bilete og publiserar dei, og teknikken har vorte så bra. Det som skil ein fotograf frå andre, er evna til å tenke innhald. Det er det som er det viktige, kva biletet kommuniserar. Under kurset har ein gått gjennom både fargelære, komposisjon og teknikk. Men vel så viktig er bildekritkken. Å stå for bileta sine med autoritet, argumentere for dei og for vala sine, det er viktig. - Å ikkje berre seie at eit bilete er fint, men også å kunne definere kvifor, seier Magne. Han er overraska over kor dedikerte ungdommene i Vanylven er. - Her møter dei opp og stiller masse spørsmål, og er veldig interesserte i faget. Det er utruleg kjekt for meg som lærar, seier han, som kun er på heimebane for ei miniferie på Sandnes. - Har vi lov å gå ned til elva? - Ja, gå kar hen de vil, berre ikkje gjer noko ulovleg! Dagens oppgåve er delt ut, no skal alle ut og fotografere til temaet «kontrast». Nokre nølar litt meir enn andre, og får oppmuntrande råd av Magne. - Eg synest alltid det er greit å setje seg ned og tenke litt i forkant. Har de erfaring med idémyldring? Ute på fotballbana er Amalie Flister, David Skorge, Elisabeth Hovdevik og Bernhard Vik i gong med planlegging av motiv. Dei er frå Åheim, og har med seg eigne kameraer, som dei endeleg har vorte kjent med funksjonane til. I tillegg har dei byrja å reflektere over kva bileta deira fortel.

16 Vanylven - ein grunn til å smile, nr. 2-2014 Utgjevar: Vanylven Utvikling AS Ansv. redaktør: Ane Malene Søvik Nygård Redaktør, tekst og bilete: Anna-Ma Olsson - smile@vanylvenutvikling.no Bladbunad: Anna-Ma Olsson / Tor Inge Nygård Tips og idear om redaksjonelt innhald? Takontakt på: smile@vanylvenutvikling.no