Referat frå Nasjonalt Fagråd for tysk Til stades: Inghild Flaate Høyem (NTNU), Heinz-Peter Prell (UiO), Frode Lundemo (HiØ), Bjørnulf Hinderaker (NHH), Sissel Lægreid (UiB), Kjetil Berg Henjum (UiB). Referent: Guro Sandnes (UiB). Fråver: John Ole Askedal (UiO), Michael Schmidt (UiT), Ingvild Folkvord (NTNU), Ole Letnes (UiA), Nils Kristen Sandtrøen (studentrepr.), Unni Puntervold Perreira (UiS), Katrin Lunde (HiV). Stad: Bergen, Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9, seminarrom K Dato: 8. juni 2012 Tid: 10.00-15.00 Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste og melding av saker til Eventuelt. Saksliste godkjent. NTNU foreslår sak om nasjonal konferanse for tyskfaget under Eventuelt. Sak 2: Stemningsrapport frå institusjonane: Søknadstal, studentmiljø, stillingsutsikter, framtidsutsikter generelt Høgskolen i Østfold: 56 personar har søkt opptak til årsstudiet hausten 2012; 5 stk har søkt fordjuping, og 10 personar har søkt opptak til master (nettstudium). Eit fleirtal av studentane er nettstudentar. Frå og med neste år blir det ikkje campus-studium, med mindre ein har meir enn ti campus-studentar. Ni stillingar er knytt til tysk, men fleire av desse er knytt til andre oppgåver enn tysk. I tillegg er det 2-3 timelærarar. Av avlagte eksamenar på årsstudiet i tysk, var det haustsemesteret 2011 25 studentar; vårsemesteret 2012 20 studentar. Ein ser ein nedgang i kultur- og litteraturdisiplinen. På fordjupingsnivå var det hausten 2011 5-7 studentar; vår 2012 om lag det same. På masternivå (Masterstudium i fremmedspråk i skolen) er det 10-12 aktive studentar. Det blir forska på fagspråk, omsetjing, didaktikk, barne- og ungdomslitteratur og drama. NHH: Bjørnulf Hinderaker er den einaste tilsette på tysk ved NHH, og stillinga er på 50 %. NHH tilbyr éin grunnmodul. Vårsemesteret 2012 var det 16 studentar i TYS010. Påbyggingsmodulane TYS011 og TYS 012 har si ordinære undervisning i haustsemesteret, og berre unntaksvis kan det avleggast eksamen på vårsemesteret. Våren 2012 var det høvesvis to og éin student som avla eksamen i emna TYS011 og TYS012. Kvar av modulane er på 7,5 studiepoeng. På translatøreksamen var det to beståtte på tysk-norsk, og ingen på norsk-tysk. Fordi studiet blir tilbode etter tilbod/etterspurnad-prinsippet, har ein ikkje lenger kunne tilby eit eittårig studium. UiB: På 100-nivå var det 12-14 kandidatar vårsemesteret 2012; nettstudiet (100-nivå), var det 15-16 kandidatar. På fordjupingsnivå var det 10 aktive studentar. Ein ser ein nedgang i talet på studentar på fordjupingsnivå. Talet på masterstudentar har gått ned dei siste åra. Per dato er det 5-6 aktive studentar i alt. På intergrert lektorutdanning med master i tysk har det til no vore éin fullført master. 1
UiB har éin stipendiat i tysk litteratur, i tillegg vil det frå hausten av bli tilsett endå ein stipendiat i litteraturvitskap. 2-3 av undervisningspersonalet vil gå av i løpet av dei neste par åra. Ei ny stilling i litteratur, og ei stilling i språk vil bli utlyst. Søkartal på masternivå: 8-10. Tala er likevel svært usikre. Forskingsområde er litteratur, omsetjing, leksikografi. Mellom anna skal det arrangerast eit nordisk-baltisk germanisttreff 14.-16. juni 2012. Tysk er nemnt i handlingsplanen til UiB som satsingsområde. Eit forslag er å tilby kurs som kan interessere andre type studentar, til dømes medisinstudentar. NTNU: Det er 27 søkarar til årsstudium (1. prioritet) for haustopptaket 2012, 5 til bachelor, 1 til master. Studentmiljøet blant germanistane er godt, med ein del arrangement. Tyskseksjonen har per i dag 4,1 faste stillingar og 0,5 lektorstilling. Bernd Neumann går av med pensjon sommaren 2013, og Stefan Krankenhagen har sagt opp si stilling. Stillingssituasjonen er til vurdering hos fakultetet. Framtidsutsikter: Det er svært få masterstudentar, og for tida ingen PhD-studentar. Det er òg dårleg rekruttering til fordjupingsnivået. 25-30 studentar går opp til eksamen per emne i semesteret på basisnivå. UiO: Om lag 30 personar har søkt opptak til bachelorprogrammet. Det er dårlege tal for fordjuping. På årsstudiet har ein eit avgrensa tal på studieplassar (25). I tillegg har ein nokre «emnestudentar». På masternivå er det hovudsakleg Erasmus-studentar; Noreg framstår som attraktiv studiestad grunna små grupper og god fagleg rettleiing. 9 stk har søkt opptak til masterprogrammet (1. prioritet). UiO har fått éin ny stipendiat i tysk litteraturvitskap. I alt er talet på undervisningstalet seks nokre vil gå av i nær framtid, mellom anna to svært aktive forskarar. Ein konsekvens av dette blir òg at germansk vil forsvinne som fag ved UiO. Nederlandsk mister si vitskaplege stilling, men beheld ein lektor. Framtidsutsiktene ser ikkje så gode ut grunna lavare studenttal, og ein merkar ein noko tøffare tone frå leiinga. Forskingsområde er mellom anna syntaks, semantikk og kontrastiv grammatikk. Sak 3: Nominering av publiseringskanalar Ingvild Folkvord og Michael Schmidt foreslår å flytte tidsskrifta LiLi og Goethe-Jahrbuch høvesvis opp frå nivå 1 og ned frå nivå 2. Talet på tidsskriftpubliseringar er generelt gått ned. Ein del publiserer i festskrift, konferansebind, antologiar, osv. Tidsskrift er dyrt, og blir gjerne selt til bibliotek i «pakkar», som kostar forholdsvis mykje i året. Vedtak: Kjetil vil gi tilbakemelding til Ingvild og Michael og be om grunngiving. Forslag kan eventuelt sendast rundt på sirkulasjon i sommar. Sak 4: SAK-prosjektet: Orientering, diskusjon Oppretting av felles masteremne i tysk og fransk mellom UiO, UiB og NTNU er under planlegging. Kjersti Bale, Leiv Egil Breivik, Ingvild Folkvord og Charlotte Gärtner (administrativ koord.) har til no koordinert planlegginga av tysk- og franskemna. UiO har trekt seg ut av samarbeidet i tysk, og Leiv 2
Egil Breivik tar over som prosjektkoordinator. Undervisninga er meint å vere nettbasert, og lærestadene vil bytte på å få studiepoenga. Lærestadene har ulik tilnærming til SAK-prosjektet; NTNU hadde i regelen ikkje noko anna val enn å gå inn i eit samarbeid grunna lavt studenttal, medan leiinga ved UiO ikkje kjende seg like tvinga til å gå inn i eit samarbeid. Ein kan diskutere om SAK-prosjektet er for administrativt. Prosessen går tregt, og faglærarane blir ikkje informert i tilstrekkeleg grad. Det er ønskjeleg å involvere faglærarane i endå større grad. Sak 5: DAAD-lektorat i Noreg: Erfaringar/behov/mulegheiter Per i dag er det berre UiB som har DAAD-lektor i Noreg. UiB har svært gode erfaringar med DAADlektorata; lektorane som har vore ved UiB er svært dyktige og engasjerte. Det blir finansiert dels av DAAD, dels av fakultetet. Det gjer det òg til billig undervisningskraft for universitetet. DAAD er interesserte i fleire lektorat i Noreg, og fleire lærestader burde vurdere denne moglegheita. Ved UiO har det tidlegare vore vurdert, men prosessen har stoppa opp grunna skifte av instituttleiar. Det er ein viss skepsis til ordninga i leiinga, særleg m.o.t. arbeidsgivaransvar og fireårsregelen. Eit DAAD-lektorat kan òg nyttast til praktisk undervisning til dømes for næringslivet. Eit forslag er at Nasjonalt fagråd for tysk skriv eit brev til næringslivet med forslag om å bidra med støtte til oppretting av fleire slike stillingar. Sak 6: Nasjonalt fagråd for tysk i framtida: Generell diskusjon om bruken av fagrådet Det er tre år sidan førre fagrådsmøte. Eit mål bør vere å ha eit møte i året. Eit forslag er å ha eit felles fagråd for framandspråka, sidan ein har ein del interesser og problem til felles. Ulempa er at dei ulike språka likevel er så forskjellige at ein kan diskutere den faktiske nytten av eit felles fagråd. Uansett skal det ikkje erstatte dei fagspesifikke fagråda. Tilbakemelding: Det små språka skal vere likestilte, og ein skal oppretthalde fagspesifikke fagråd, men ein kan opprette eit felles «paraplyfagråd». Sak 7: Felles retningslinjer for sensur av masteroppgåver Det har blitt utarbeidd ein mal for sensur av masteroppgåver. Bakgrunnen er at ein har sett ei overvekt av karakterane A og B på masteroppgåver, og det er bakgrunnen for forslaget om å utarbeide felles retningslinjer. Malen baserer sensuren på poenggiving. Fagmiljøa ønskjer kriteriebasert vurdering, og meiner at vurdering som er normalfordelt vil vere urettferdig. Malane for normalfordeling med poengfordeling er utarbeidd for MNT-fag, og vil ikkje nødvendigvis passe like godt for språkfaga. Ei slik normalfordeling ville kanskje fungert på bachelornivå, men ikkje på masternivå. Sak 8: Masteroppgåver på 30 sp. vs. 60: Retningslinjer for vurdering Nokre institusjonar har 30 studiepoengs masteroppgåver. Ifølgje lova må masteroppgåva vere på minimum 30 studiepoeng. NTNU har noko erfaring med 30 studiepoengsoppgåver i geografi og 3
engelsk. Erfaringa er at det er vanskelegare å få karakteren A på ei 30 sp. oppgåve (til no har ingen fått A). Om det skal innførast fleire 30 sp.-oppgåver, må det i framtida bli øyremerkt PhD-stillingar til studentane som har skrive ei 30 sp.-oppgåve. Det må òg lempast på krava i oppgåvene, mellom anna til empiri. Saka må takast opp på ny. Sak 9: Skisse til opplegg for karakterundersøkingar i 2012-2016 Innanfor det nasjonale rådssystemet er det 15 sentrale rådsorgan, og til saman 52 karakterpanel. Nasjonalt fagråd for tysk skal utgjere eitt karakterpanel, som etter planen skal gjennomføre karakterundersøkingar kvart 5. år. Karakterundersøkinga skal gjelde for alle nivå. Humanistiske fag har frist 1.12.2016. Problemstillingane tek m.a. for seg karakterskala og vurdering av rettleiars plass i eksamenskommisjonen. Det er semje om at det er ønskjeleg at rettleiar kjem tilbake i kommisjonen for masteroppgåver, eller i det minste får uttalerett. Elles må skissa takast opp til vidare diskusjon. Sak 10: Tyskland som prioritert studieland for SiUs programutval for Erasmus. Orienteringssak. Tyskland skal marknadsførast som land å studere i, og det blir vurdert som viktig å oppmode norske studentar på alle fagområde til å reise på utveksling i Tyskland. Hovudmålet er å auke interessa for Tyskland, tysk kultur og språk, og få fleire til å lære seg tysk. Saka er enno i startfasen, og det er enno ingen dokument tilgjengelege. Sak 11: Høyring om forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) og om henvisning til Europeisk kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (EQF) (sjå vedlegg). Det har blitt sendt ut høyring om forskrift for NKR. Kvalifikasjonsrammeverket angir læringsutbyte for kvalifikasjonar frå utdanningar. Fagrådet har ingen innvendingar eller ytterlegare kommentarar til utkastet til forskrifta. Sak 12: Rekrutteringstiltak for tyskfaget (idédugnad) - Ein bør vende seg til skular og gjerne direkte til tysklærarar - Karrieredagar med foredrag (blir arrangert ved UiB) - NTNU, praksisorientert masterprogram (POM): inkluderer praksisplassar i bedrifter. Utdannar konsulentar for kultur, media, museum, internasjonale bedrifter. - Det er viktig å vise samfunnsrelevans! Og å vise relevans både for studentar og for bedriftene; bedriftene veit ofte ikkje kva kompetanse studentane sit på. - 50 000 kr i studielån blir omgjort til stipend dersom ein har master i framandspråk og tar PPU. Dette er det viktig å marknadsføre! (Og det trengst lærarar) 4
- Kanskje starte med tysk allereie i 5. klasse, og generelt meir undervisning i skulen og på universitetet. - Oppretting av innføringsemne kan tiltrekkje mange studentar som tyskstudiet elles er utilgjengeleg for. UiB satsar på å få starta opp innføringsemne i arabisk, tysk, italiensk, spansk og fransk hausten 2013. - Kanskje eit kontorfellesskap for studentar og tilsette? Det vil gi ei kjensle av tilhøyr. - Regjeringas Tysklandsstrategi skal opp til ny behandling. Her bør ein foreslå at dei er rause med stipendordningar for å oppmode studentar til å reise ut. - Nettstudium, med eit godt program med klar struktur og gode didaktiske verktøy. Sak 13: Eventuelt. NTNU foreslår å arrangere ein nasjonal konferanse for tysk med ein eintydig profil. Forslaget går ut på å presentere kvar studiestad, og det ein held på med på dei ulike studiestadane. NTNU vil ta ansvar for å oppfordre til innspel og eventuelt komme tilbake med invitasjon. Invitasjon skal så gå på omgang. I prinsippet skal det ikkje vere faglege foredrag, men ein kan presentere satsingsområde på forskingssida. Slik kan deltakarar knyte til seg forskingsnettverk. Ein kan òg diskutere om det også skal vere ope for studieadminstrasjon, og eventuelt masterstudentar. NTNU tar initiativ. Forslag til neste fagrådsmøte: fredag 7. juni 2013. 5