1 Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Kommunestyre Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 17.12.2015 Møtetid: 10:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no. Varamedlemmar møter etter nærare innkalling. Møtet er ope for tilhøyrarar. Saksdokument er lagt ut til offentleg gjennomsyn på nettsida til kommunen. Sak nr Tittel Sakliste 181/15 Søknad om sal av eigeprodusert brygg i eige verksemd - Bekkjarvik Gjestgiveri Storebø, 11.12.2015 Morten Storebø Ordførar 1
2 Saksframlegg Saksnr Utval Type Dato 181/15 Kommunestyre PS 17.12.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID John Tveit FA - U63 12/593 Søknad om sal av eigeprodusert brygg i eige verksemd - Bekkjarvik Gjestgiveri Tilråding frå rådmannen: 1. Austevoll kommunestyre gjev Bekkjarvik Gjestgiveri AS v/ørjan Johannessen utvida skjenkeløyve ved Bekkjarvik Gjestgiveri, til og å gjelda tilvirkning av øl i eksisterande kjøkkenanlegg. Ølproduksjonen må føregå på skjenkestaden og inngå som ein del av heilskapen i konseptet. 2. Eigenprodusert øl skal berre skjenkast til gjestar på skjenkestaden. Ølet skal ikkje omsetjast på anna måte. Alkohollova sine reglar for reklame for alkoholhaldig drikk gjeld og for eigenproduserte alkoholhaldige varer, jf. kap. 14 i forskrift til Alkoholloven. 3. Løyvet gjeld fram til utløp av gjeldande eksisterande skjenkeløyve for Bekkjarvik Gjestgiveri, og kan fornyast i samband med fornying av eksisterande løyve. 4. Innehavar av skjenkeløyve må sjølv helda rekneskap med kor mange liter øl som vert produsert og orientera kommunen om dette ved utrekninga av årlege skjenkeløyvegebyr. 5. Innehavar av skjeneløyve må sjølv ta kontakt med toll- og avgiftsetaten for eventuell registrering og særavgift. 6. Innehavar er sjølv ansvarleg for at gjelande myndigheitskrav og godkjenningar er på plass innan eigenprodusert øl vert selt. Til dømes godkjenning frå Mattilsynet. Vedlegg: søknad om skjenking.docx SV: Uttale til søknad om sal av eigeprodusert brygg i eige verksemd - Bekkjarvik Gjestgiveri v/ørjan Johannessen Bakgrunn for saka: Austevoll kommune har mottatt ein søknad om sal av eigenprodusert brygg i eigen verksemd frå Ørjan Johannessen og Bekkjarvik Gjestgiveri. Det er i praksis snakk om eit tilleggsløyve på toppen av dei rettigheitene Bekkjarvik Gjestgiveri allereie har.
3 Alkoholholding drikk, dvs. produksjon av drikk som inneholder meir enn 2,5 volumprosent alkohol, krevjar løyve. Om ein ønskjer å starte produksjon av alkoholholdig drikk må ein anten ha: - statleg tilvirkningsløyve - kommunalt salsløyve med rett til tilvirkning for sal i eigen verksemd - kommunalt skjenkeløyve med rett til tilvirkning for skjenking i eigen verksemd Ifølgje alkohollova 4-2 3. ledd kan kommunalt skjenkeløyve utvidast til og å omfatte tilverknad av alkoholhaldig drikk som ikkje er brennevin. Det følgjer av nemnde paragraf at det ikkje vert stilt ytterlegare krav til å inneha eit slik utvida løyve enn det som er gjeldande for skjenkeløyve. Den tilverkade alkoholhaldige drikken må imidlertid tilverkast på skjenkestaden og kan bare skjenkast ved staden som har det løyve som løyve er knytt til. I kommentar til alkohollova står det følgjande: Bakgrunn for ordninga er primært ønskje om å fremja det potensiale som ligg i kombinasjonen lokale tradisjonar og næringsutvikling generelt, og forholdet lokal mat, drikk og turisme særskilt. Det er eit vilkår at tilverknaden framstår som ein del av serveringsstedet sitt heilskapelegetilbod og karakter. I søknad framkjem det at ølproduksjon vil foregå på eiget kjøkken, nærare bestemt restaurantkjøkkenet på Galleriet. Galleriet er nabobygget til Gjestgiveriet si hovudbygning, og reknast som ein utviding av deira kjøkkenareal. Søknaden er sendt til uttale til ansvarleg kommunalsjef og til lensmann. Eventuell uttale vert lagt fram i kommunestyremøte 17. desember 2015. Vurdering: Rådmannen har vurdert søknaden, og tilrår å gi Bekkjarvik Gjestgiveri AS kommunalt skjenkeløyve med rett til tilvirkning for skjenking i eigen verksemd. Rådmannen er av den oppfatning at produksjon av øl ved Bekkjarvik Gjestgiveri kjem til å inngå som ein del av staden si heilskapelege karakter: Mat og drikke med lokalt tilsnitt, formidling av lokal natur og kultur, samt ulike kursaktivitetar knytt til mat og drikke. Vidareutvikling av konseptet og merkevarene Bekkjarvik Gjestgiveri og Ørjan Johannessen som igjen har positiv innverknad på merkevaren Austevoll. Lokalprodusert øl vert eit supplement av lokale varer, og kan bidra til positivt både i eit næringsperspektiv og i eit reiselivsperspektiv. Austevoll kommune skal ha varierte og attraktive møtestadar der både fastbuande og tilreisande kan få unike opplevingar gjennom mat, drikke og kulturelle aktivitetar.
4 10.12.2015 Ørjan Johannessen Bekkjarvik Gjestgiveri AS 5399 Bekkjarvik, postboks 33 Austevoll Kommune 5392 Storebø Søknad om skjenkeløyve med rett til tilverknad for skjenking i eige verksemd Bekkjarvik Gjestgiveri ønsker å søke om tillatelse til å skjenke egenprodusert øl i våre skjenkearealer. Selve produksjonen av denne ølen vil foregå på et eget kjøkken. Vi vil ta i bruk restaurantkjøkkenet på «Galleriet». Galleriet er nabobygget til selve Gjestgiveriet og er en utvidelse av vårt kjøkkenareal Vi har allerede vert i kontakt med Tollvesenet og Mattilsynet, for å forhøre oss om muligheten for dette. Her har vi fått muntlig klarsignal, da de regner dette som en del av vår restaurantdrift. Siden vi allerede er godkjent som serveringssted vil denne produksjonen kunne inngå i dette løyvet. Men forbehold om at vi unngår kryssforurensing, og holder riktige temperaturer for lagring, samt at vi benytter oss av riktig type desinfiserende midler. Her benytter Gjestgiveriet «Starsan». Vi ønsker at bryggingen av dette ølet skal være med å bygge videre på konseptet og merkevaren Bekkjarvik Gjestgiveri og Ørjan Johannessen. Det vil være et fint tillegg til våre labelviner. Samt tror vi det vil være et supert supplement til utvalget vil har av lokale varer. Og at dette kan bli et populært produkt blant våre gjester. Kanskje kan også salget av et slikt produkt være med på å lokke gjester til Bekkjarvik og Austevoll også utenfor høysesongen. Hjemmelagede og kortreiste produkter er noe vi ønsker å satse videre på! Mvh Ørjan Johannessen Bekkjarvik Gjestgiveri AS
5 Fra: Per Nordstrand [per.nordstrand@politiet.no] Sendt: 11. desember 2015 11:12 Til: John Tveit Emne: SV: Uttale til søknad om sal av eigeprodusert brygg i eige verksemd - Bekkjarvik Gjestgiveri v/ørjan Johannessen Hei. Lensmannen har ingen kommentarar til søkjaren. Når det gjeld kor vidt Bekkjarvik Gjestgiveri skal kunna bryggja og selja eige brygg/øl, er det for lensmannen ikkje så viktig kor drikken vert produsert, som måten skjenkinga foregår på. Bekkjarvik Gjestgiveri har vist seg å halda svært høg kvalitet på alle felt, og eg er viss på at det same vil vera gjeldande her. Det er allerede skjenkeløyve på staden, og eg ser ingen sterke moment som talar mot å gje eit løyve. Med helsing Per Nordstrand -lensmann Fra: John Tveit [<mailto:john.tveit@austevoll.kommune.no>] Sendt: 11. desember 2015 10:28 Til: Per Nordstrand Kopi: Astrid Fagerbakke Emne: Uttale til søknad om sal av eigeprodusert brygg i eige verksemd - Bekkjarvik Gjestgiveri v/ørjan Johannessen Lensmann Per Nordstrand, Austevoll kommune har mottatt ein søknad om sal av eigeprodusert brygg i eige verksemd frå Ørjan Johannessen og Bekkjarvik Gjestgiveri. Det er i praksis snakk om eit tilleggsløyve på toppen av dei rettigheitane Bekkjarvik Gjestgiveri allereie har. Servicekontoret i Austevoll kommune brukar å handsame denne type søknadar, for so å melde saka opp til politisk handsaming i formannskapet. Det vert og kravd uttale frå lensmannen og kommunalsjef. Grunna ønskje om å kunne tilby gjestar ved gjestgiveriet eigeprodusert brygg snarast mogeleg, som ei vidareutvikling av konseptet til Bekkjarvik Gjestgiveri og merkevaren Ørjan Johannessen, er det i dette tilfelle ønskeleg å handsame saka i kommunestyret 17. desember 2015. Administrasjon i Austevoll kommune og ordførar stillar seg positiv til denne søknaden. Har du mogelegheit til å kome med ein uttale til søknaden innan tysdag i neste veke? Den 15/12-2015? Sjå meir bakgrunnsinformasjon under. Frå Helsedirektoratet si nettside:
6 Alkoholholding drikk, dvs. produksjon av drikk som inneholder meir enn 2,5 volumprosent alkohol, krevjar løyve. Om ein ønskjer å starte produksjon av alkoholholdig drikk må ein anten ha: - statleg tilverknadsløyve - kommunalt salsløyve med rett til tilvernad for sal i eige verksemd - kommunalt skjenkeløyve med rett til tilverknad for skjenking i eige verksemd Ifølgje alkohollova 4-2 3. ledd kan kommunalt skjenkeløyve utvidast til og å omfatte tilverknad av alkoholhaldig drikk som ikkje er brennevin. Det følgjer av nemnde paragraf at det ikkje vert stilt ytterlegare krav til å inneha eit slik utvida løyve enn det som er gjeldande for skjenkeløyve. Den tilverkade alkoholhaldige drikken må imidlertid tilverkast på skjenkestaden og kan bare skjenkast ved staden som har det løyve som løyve er knytt til. I kommentar til alkohollova står det følgjande: Bakgrunn for ordninga er primært ønskje om å fremja det potensiale som ligg i kombinasjonen lokale tradisjonar og næringsutvikling generelt, og forholdet lokal mat, drikk og turisme særskilt. Det er eit vilkår at tilverknaden framstår som ein del av serveringsstedet sitt heilskapelegetilbod og karakter. Beste helsing John ohn Tveit J Kultur- og næringssjef E-post: john.tveit@austevoll.kommune.no <http://john.tveit@austevoll.kommune.no > Mobil: 980 28 771 Kontortelefon: 55 08 11 09 Eg gjer merksam på at dette ikkje er ei privat e-postadresse; både inngåande og utgåande e-post vert vurdert for journalføring i kommunen sitt sak- og arkivsystem.