OPPLÆRINGSHEFTE FOR NYTILSETTE



Like dokumenter
OPPLÆRINGSHEFTE FOR NYANSATT VELKOMMEN SOM MEDARBEIDER VED MILDEHEIMEN SYKEHJEM

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Om vestibularisnevritt

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI


pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Del Hjertesykdommer

Om å høyre meir enn dei fleste

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Til deg som bur i fosterheim år

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

KVINNEKLINIKKEN OPERASJON I NARKOSE

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Del 2.9. Når noen dør

mmm...med SMAK på timeplanen

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

INTRODUKSJONSPROGRAM FOR NYANSATTE I BERGEN KOMMUNE

Velkommen til Arna Helseheim

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

God barndom = god helse i vaksen alder?

Korleis handtere vanskelige /trugande pasientar?

PROGRESJONSPLAN FOR HSYK101P

INTRODUKSJONSPROGRAM FOR NYANSATTE I BERGEN KOMMUNE

Fagdag 12.april-18 CASE. Gruppearbeid auditoriet

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

FATIGUE / UTMATTELSE VED REVMATISK SYKDOM. Hva kan det gjøre med hverdagen din?

KVINNEKLINIKKEN TIL deg som skal TIL operasjon av skjede/livmor

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Del 2. Personlig hygiene. Dette bør du alltid tenke på. 2.6 Hjelp til personlig hygiene. Mange trenger hjelp til personlig stell

Avspenning. Å leve med tungpust 5

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

1. Mål med samhandlingsreforma

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Med god informasjon i bagasjen

Del Diabetes mellitus

Diabetes mellitus. Hva er diabetes? Type 1 Diabetes. Del 3

- vestibularisnevritt - langvarig svimmelheit

PERSONALIA TID FOR SYKEHJEM. Navn på beboer: Diagnose: Andre diagnoser: Allergier eller intoleranse: Navn: Nærmeste pårørende: Relasjon: Adresse:

MODULBASERT TRENING FOR FØRSTEHJELPSPERSONELL MODUL: 8 AKUTTE MEDISINSKE TILSTANDER

ARBEIDSHEFTE FOR PRAKSIS I HELSEFAG

DEN AVKLARENDE SAMTALEN

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Oppgaver Oppgavetype Vurdering Status 1 Informasjon Dokument Automatisk poengsum Levert. 2 Oppgave 1 Skriveoppgave Manuell poengsum Levert

Opplæringsoppgåver for Telefonråd

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Psykologisk førstehjelp i skulen

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Velkommen til Arna Helseheim

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Foto: Veer Incorporated. Spørsmål om døden

Hjertet Sirkulasjonssystemet. Del Hjertesykdommer. Sirkulasjonssystemet består av Hjertet, blodet og blodårene

Avdeling for urologi

Informasjon til pasientar og pårørande

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Balanselaboratoriet BALANSELABORATORIET

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Samhandlingskonferanse 17. januar 2011

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Mottaksklinikk og grenseoppgang til kommunale øyeblikkelig hjelpsenger. Johannes Kolnes Prosjektleder

Blodtrykksfall hos eldre. Eva Herløsund Søgnen Kardiolog med geriatri kompetanse SESAM konferanse juni 2017

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Plassebakken Barnehage

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Transkript:

OPPLÆRINGSHEFTE FOR NYTILSETTE Velkomen som medarbeidar ved Osterøytunet sjukeheim. Osterøy kommune 1

Rutinar ved Osterøytunet Påkledning: Sjukeheimen har eigne arbeidskle (kvit-kle). Arbeidsklene skal tas på når ein kjem, og leggas til vask før ein forlèt sjukeheimen. Klene leggas med retta ut, i skittentøys-rommet i kjellaren. Ein må ha eiget skotøy som berre brukas på arbeid. Generelt om hygiene: For dei fleste pasientar er sjukeheimen deira heim. Det inneber at dei har møblar, plantar, bilete og eigedelar på sine rom. Korleis me føreheldt oss til hygiene har konsekvensar for infeksjonar hos pasientane. Pasientar har nedsett immunforsvar og pådreg seg betennelsar lettare enn normalt friske menneske. Dei kan og ha infeksjonar som kan smitte andre. Dersom helsepersonell slurver med handhygiene kan pasientar påførast infeksjonar. Kva gjer du? Smittevernlova (jfr. Forskrift om smittevern i helsetenesta, Smittevernlova av 17.06.2005 nr 610) pålegg deg å førebygge og redusere førekomsten av infeksjonar i sjukeheimen. På kvar avdeling er det ein hygienekontakt med særleg ansvar for smittevern. Du har plikt til å gjera deg kjend med rutinar for smittevern. Personlege forhold Hald huda rein. Hald håret reint og langt hår samla. Ha korte neglar utan neglelakk. Ta av ringer, armband og armbandsur. Ingen piercing. Ha reint og kort skjegg (viss du har skjegg ). Handhygiene Hanskar brukas for å beskytte pasienten mot smitte og for beskyttelse av personalet. Hanskar er til eingongsbruk. Hendene vaskas før og etter hanskebruk. Vanleg kontakt med pasienten krev ikkje hanskebruk. Vurder nødvendigheten av hanskebruken. Kva signaliserer ein når ein vaskar pasientens ansikt med hanskar på? Vinylhanskar skal brukast i dei tilfelle kor man handterer smittestoff, svært ureine objekt, eller der ein treng tettare hanskar som for eksempel vask nedantil, ved oppkast etc. 2

Ein skal alltid desinfisere / vaska hendene med det same etter at hanskane er tatt av. Dette fordi ureinheiter og bakteriar trekker gjennom hansken. I tillegg er det varmt og fuktig inne i hansken, noko som gjer at bakteriar trives og veks godt. RIKTIG HANDHYGIENE ER REIN OMSORG! Holdningar til sjukeheimspasientar Gode holdningar kva vil det seie? Når du som helsepersonell møter ein pasient, er det viktig å vise respekt for enkeltindividet. Det inneber at pasienten har rett til å bestemme over eiget liv (autonomi). Du har på denne måten eit fagleg ansvar for å respektere og ta vare på kvar einskild. Du er som pleier på besøk i pasientens heim, så vær audmjuk for pasientens situasjon (empati). Når du er hos pasienten, husk å: Bank på/ ring på før du går inn på rommet til pasienten. Hels på pasienten og presenter deg sjølv. Bruk eit forståeleg språk i samtale med pasienten. Informer pasienten om det du til ei kvar tid skal utføre. Dekk pasienten til i pleiesituasjonar for å unngå blottlegging. Ikkje bruk makt dersom pasienten motsett seg hjelp. Ha fokus på god relasjon til pasienten. Rapporter endringar du observerer hos pasienten, til den som har ansvar for avdelinga. 3

Rutinar og observasjonar av sjukeheimspasientar Ein kvar pasientrelasjon føreutsett at du har kunnskap slik at pasienten får tilpassa hjelp. Denne kunnskapen finn ein i CosDoc (elektronisk pasientjournal), og hos personalet på avdelinga. For å gje pasientane best mogleg pleie, treng du basis kunnskapar om kva som er normal tilstand hos menneske. Personleg hygiene Me har ulik oppfatning av kva som er god hygiene. Planlegg med pasienten dersom det let seg gjera. Følg det som står i pleieplanen. Planlegg kva du skal ha med deg for å utføra pleieoppgåvene. Set på alarmen på veggen på rommet («til stades») for å signalisere til kollegaer kor du er. Legg til rette for at pasienten sjølv kan bidra til å gjennomføre deler av pleia. Pasienten skal oppleva sjølvstendighet og mestring. Munn og tannstell Er ein del av det daglege stellet, og utførast morgon og kveld. Nokre pasientar kan oppleva munnen som veldig privat, og det er ikkje alltid at pasientar ønskjer hjelp til munn og tannstell. Det er likevel viktig at vi og tek i vare ein god munnhygiene, fordi manglande munnstell vil kunne gje dårleg smak i munnen, dårleg ande, samt sår og infeksjonar i munnhole og tenner, noko som og kan vera svært smertefullt (eks. tannverk). HUSK at korleis munnhygienen ivaretakast òg verkar inn på opplevinga av velvære, smak og matlyst. Og sosialt samvær med familie og andre menneske. Ernæring Alder og ulike sjukdommar kan føra til behov for spesielt tilpassa kosthold. Mange pasientar står på ulike diettar pga ulike sjukdomstilstandar: Fett-fattig kost. Diabetes kost. Moset mat. Lett kost. Redusert kalori-inntak. Salt-fattig kost. Proteinrik kost. Kaloririk kost. 4

Enkelte eldre menneske står i fare for å verta dehydrert. Dette kan få store konsekvensar for pasienten og kan unngåast ved å tilby drikke ofte. Ved behov førar vi drikkelistar. Ein persons behov for væske er om lag 2 liter per dag. Eit glas er 150 ml. Symptom på dehydrering er: Ståande hudfoldar, konsentrert urin, lite urin, dårleg matlyst og tørr munnhole. Bevisstheten Bevisstheten hos ein person er normal når ein er våken, har hukommelse og evne til å oppfatta og reagere på ytre stimuli. Vi deler bevisstheten inn i ulike gradar: Fullt våken. Sløv, men svarar på tiltale. Svarar tregt på tiltale. Reagerer på tiltale, men svarar ikkje. Reagerer berre på smerte. Reagerer ikkje på smerte. Respirasjon - Måten ein pustar på. Ein normal respirasjonsfrekvens er om lag 16 innpust per minutt. Respirasjonen skal være utan surkling og hosting. Mange ting kan påverke respirasjonen: Sitte-/ liggestilling. Feber. Hjarte-/ lungesjukdom. Smertar. Angst. Respirasjonen forandrar seg når livet går mot slutten. Da meinast dei siste dagar/ timar. Når pasienten ligg på dødsleiet kan ein observera at pusten stoppar opp med ujamne mellomrom og intervall, for så å begynne igjen. Pulsen Skal i kvile normalt være mellom 60-80 slag per minutt, men kan hos eldre menneske være opp mot 100 slag per minutt. Den skal være kraftig og regelmessig, men kan være uregelmessig og svak hos eldre. Den skal kunne telles på handleddet. Pulsen påverkas av hjerte-/ lungesjukdom, feber, smerte, angst og fysisk aktivitet. 5

Huda Er normalt varm og tørr. Men både akutte og kroniske sjukdomstilstandar kan påverka huda. Forandringar kan være: Kald. Bleik. Klam. Sveitt. Raudmosen. Blå hud på for eksempel lepper, negler, ører, nase skyldas dårleg oksygentilførsel. Dette kallast cyanose, og skal i utgangspunktet behandlast. Det kan være teikn på forverring av for eksempel hjerte lungelidelsar. Pasientar som ligg på dødsleiet kan ofte få såkalla marmorert hud (blå/lilla avteikningar, særleg på bein, rygg og armar). Armar og bein vert ofte kalde pga nedsett blodsirkulasjon. Dette er viktige observasjonar som er normale i denne situasjonen, men som skal rapporteras. Trykksår Er svært viktig å førebygga. Sjukeheimspasientar er ei utsatt gruppe for å få trykksår. Sår oppstår når huda ligg i klem eller under trykk for lenge, for eksempel ved bruk av rullestol eller langvarig sengeleie. Dei vanlegaste plassane er over beinframspring, der trykk frå underlaget møter bein. Mest utsatt er: Hofter Setet Hælar Anklar Skulderblad Albuar Kne Bakhovudet Ørar Trykksår kan oppstå svært raskt hos pasientar med nedsett allmenntilstand, blodsirkulasjon, sensibilitet (følelse) eller førlighet. Ein pasient som har lagt/ sitte i same stilling over tid kan få symptom på trykksår. Første faresignal er at huda vert raud på utsette punktar. Dette går som regel tilbake når pasienten vert snudd, og området trykkavlastas. Det er viktig å ikkje massera huda når den 6

er raud. Det finns mange hjelpemidlar i forhold til trykkavlastning, som spesialmadrassar og puter. Det er viktig å bruke hjelpemidlane rett, elles kan dei virke mot sin hensikt. Elles er det viktig at huda er rein, tørr og myk, for å førebygga trykksår. Ødem Er væskeansamling i kroppen, som oppstår som følgje av sjukdom/ nedsett funksjon i sirkulasjonssystemet (hjarte, blodårar og/ eller lymfesystem). Ødem i anklar er det mest vanlege hos sjukeheimspasientar. Slagpasientar har ofte ødem i lamma fot og arm. Det som er viktig i forhold til ødem, er å sjå forandringar frå det som er normalt for pasienten, og rapportere dette. Vektauke kan vera symptom på ødem. Det er derfor viktig å veie pasienten jamleg. Smerter Er ei subjektiv oppleving. Mange eldre er plaga med kroniske smerter. Hyppigheten av smerteplager hos eldre har variert frå 25-30% i nokon undersøkingar, og opp mot 73 80% i andre undersøkingar. Det er ingen grunn til å anta at eldre har ein høgare smerteterskel, og difor tåler smerte betre enn unge menneske. Å tru på pasientens plager er eit overordna prinsipp, uavhengig av alder. Mange demente greier ikkje å gjere greie for sine plager, og dette gjer det vanskeleg å vurdere smerten. Irritabilitet, uro, apati, vandring, aggressivitet eller vegring for mat kan være uttrykk for smerte. Dersom demente uttrykker at dei har smerte eller svarar ja på spørsmål om dette, skal det tas like alvorlig som for mentalt friske personar. Treg mage Når ein vert eldre skjer det ein del prosessar i kroppen, som fører til at fordøyelsen ikkje fungerer som før. Dette kan føre til plager for pasienten, derfor er det viktig å observera symptom på dette: Kor hyppig avføring, siving/ diare utan ordentlig tømming, oppblåst mage, nedsett matlyst, kvalme og generell utilpasshet. Det viktigaste vi kan gjera for å motverka obstipasjon er å oppfordre til fysisk aktivitet. Riktig ernæring er og med på å førebygga. 7

Ufrivillig avgang av urin og avføring (inkontinens) Er ein naturlig del av det å eldes. Inkontinens kan føra til ulike plager for pasienten. Disse plagene kan blant anna være: Lukt. Sår hud. Vegring for sosial kontakt. Ubehag. Regelmessige toalettbesøk kan førebygge plager som følgje av inkontinens. Psykisk tilstand Den psykiske tilstanden hos pasientane er ein viktig del av observasjonen i stellesituasjonen. Dette tidspunktet er gjerne ein av dei få stundar i løpet av dagen, kor pasienten har pleiarens fulle oppmerksamhet. Det er viktig å nytta seg av dette, og la pasienten få snakke om korleis han har det. Still gjerne spørsmål om korleis pasienten har det, sånn at han får ein reell moglegheit til å fortelje. Dødsfall (Mors) Det er ikkje forventa at pleieassistent skal være med på stell av døde. Men det vil kanskje være naturleg å sjå den døde. Når ein har døande pasientar i avdelinga, og deira pårørande, må ein være var for den sorg som er tilstade. For dei pårørande er det tungt å mista ein nær person. For å hjelpe til i denne situasjonen må personalet prøve å skapa stillhet i avdelinga, slik at det vert ro og verdighet rundt dødsfallet. 8

Vanlege sjukdomstilstandar hos eldre Eldre menneske som bur på sjukeheim, har ofte fleire diagnosar samtidig. Her er nokre av dei mest vanlege sjukdomane: Hjerneslag Noko av det mest vanlege er at pasienten mister tale-evna og evna til å utføra det ein ønskjer å gjera. Å miste tale-evna (afasi): Nokon pasientar kan delvis miste denne evna, og nokon kan miste evna til å svare korrekt - dei svarar ja når dei vil svara nei og omvendt. Å miste evna til å gjere det hjernen sei at ein skal gjera (apraxi): Både afasi og apraxi kan gjera pasienten svært hjelpelaus. Disse tilstandane kan virke inn på vår måte å sjå pasienten på. Pasienten kan være mentalt frisk, men oppfattas som dement på grunn av kommunikasjonsproblem. Ustabilt humør: Eit hjerneslag kan føre til ustabilitet i humøret. Mange pasientar kan gråte for ingen ting, eller dei gret når dei vil le. Den vanlegaste synlige konsekvensen etter hjerneslag er halvsidig lammelse, det som kallas hemiparese. Skade av høyre hjernehalvdel gir normalt neglekt (å oversjå den eine sida av eins eigne kropp) og vanskar med kroppsorientering. Symptoma kan observeras i dagleglivet ved for eksempel at pasienten berre kler på sin høgre side, berre et maten som ligg på høgre side av tallerkenen, ikkje les venstre side av ein tekst mm. Hjerneslag på høgre side av hjernen førar til lammelse av venstre side av kroppen og omvendt. Pasientar med hjerneslag kan ha ei hand som er lamma. Denne handa vil ofte være lukka, og bøygd inn og oppover. Det er difor viktig med god handhygiene for å hindre soppinfeksjon. Eit godt tiltak kan være å legge ein tørr bomullsduk i handa. Nokon av pasientane får svelgparese, dvs. at dei får ei lammelse av tunga. Svelgparese førar til at pasienten lett får maten i pusterøret. Dette gir også talevanskar, og må skiljast frå afasi. 9

Demens Aldersdemens er eit hjerneorganisk syndrom som er kjenneteikna ved at det er følelsesmessig og viljemessig svikt som er kronisk. Sjukdomen kan ikkje snues. Språkevne, læring, hukommelse og tenking er svekka. Ca 70 80% av dei eldre i sjukeheim har demens, og førekomsten stig med aukande alder. Samhandling med personar med demens: Ta den demente på alvor og aksepter han som han er. Fokuser på situasjonar og augeblikk som får den demente til å føle seg viktig og verdifull. La den demente være med på å påverka sin situasjon så mykje som mogleg. Husk at dei krav som stilles til den demente må passe den demente sitt funksjonsnivå. Husk at song og musikk vekker minner det gjer også duftar/ lukter. Ikkje start ein samtale med «hugsar du?». Ikkje still så mange spørsmål, fortel heller. Unngå spørsmål som når, kven, kva.. Det gjer ofte at den demente vert usikker. Den demente har problem med å hente fram hukommelsen. Han treng ofte ledetrådar for å komma på ting. Foto kan vera ein slik ledetråd. Let den demente få lov å bortforklare for å bevare sjølvbildet. Ikkje tving han til å innrømme sine hukommelsesvanskar. Ver oppmerksam på at den demente lett føler seg såret, krenka og avvist. Ver oppmerksam på at den demente kan trekke seg tilbake for og slippe å komme i situasjonar der han tapar ansikt. Ver oppmerksam på at det er lettare for ein person med demens å ha kontakt med ein person enn med fleire samtidig. Unngå støy som skapar unødvendig uro (TV, radio, fleire personar som snakkar samtidig og liknande). 10

Hjerte karlidingar Brystsmerter kan oppstå av ulike årsakar. Angina Pectoris er ein vanleg sjukdom blant eldre. Det er blodårene som forsyner hjartet som er forsnevra, og dette gjer pasienten smerter. Smertene omtalas ofte som hjartekrampe, tilsnøring, vondt i bryst og ut i venstre arm. Brystsmerter kan forårsakas av til dømes anstrengelse, kulde eller psykisk belastning. Pasienten brukar ofte medisin som utvidar blodårane (nitroglycerin) for å hjelpe mot dette. (NB. Dei same symptoma kan komma med hjarteinfarkt.) Det kan og hjelpe pasienten å få legge seg ned med heva overkropp, og å ha nokon inne hos seg mens anfallet varar. Hjertesvikt er ein tilstand der hjartet ikkje fungerer optimalt. Lunge og hjarte samarbeider, og svikt i hjartet kan føre til tungpust for pasienten. Pasientar med denne lidinga ser vi ofte med hovne bein (ødem). Riktig sitte og liggestilling for pasienten, og ein roleg åtferd er det viktigaste ein som pleiemedhjelpar kan gjera for å hjelpe pasienten. 11