Lønningen gnr. 110 Bergen kommune KULTURHISTORISKE REGISTRERINGAR REGULERINGSPLAN FLESLAND NÆRINGSPARK RAPPORT 51 2011
1. Samandrag I samband med reguleringsplan for Flesland næringsområde, gnr. 110 mfl., bnr. 1 mfl. I Ytrebygda bydel, Bergen kommune har Kultur- og idrettsavdelinga ved Hordaland fylkeskommune gjennomført ei arkeologisk registrering med siktemål å kartleggje kulturminneinteressene i planområdet. Registreringa vart utført i perioden 24. 31. mai 2011 av arkeologane Solveig Roti Dahl, Sloveig Lohne Rongve og Tore Slinning. Samla vart det nytta 10 dagsverk i felt. Etterarbeid og rapportskriving er utført av Tore Slinning. Planområdet på 167 mål vart gått i gjennom med overflatesøk, og det vart i løpet av undersøkinga grave 10 prøvestikk. Eit trekollag i eit av prøvestikka let til å kunne knytast til ein mogleg aktivitetsplass/tuft i den sørvestre delen av planområdet. Det vart då gjort ei utvida undersøking med ei prøverute på 1 x 1 meter. Området er skrint og kuppert og utanom aktivitetsområdet kunne det ikkje påvisast fleire automatisk freda kulturminne innafor planområdet. Figur 1. Lokalisering av planområdet på Flesland i Bergen kommune.
2. Bakgrunn Bakgrunnen for undersøkinga er reguleringsplan for Flesland næringsområde (saksnr. 201101612), kor 167 mål av gnr. 110 mfl., bnr. 1 mfl. er tenkt nytta til bygging av hotell, kontor og anna næringsverksemd, samt ein idrettshall, tilkomstvegar og parkering. Det var frå før ikkje kjend automatisk freda kulturminne eller verneverdige bygningar i planområdet, og den arkeologiske registreringa vart gjennomførd i perioden 24. 31.mai. 2011. 3. Kulturminne og kulturmiljø nokre sentrale omgrep Kulturminne er konkrete spor etter menneske som levde før oss. Dei omfattar òg stader det er knytt historiske hendingar, tru eller tradisjonar til, jf. Kulturminneloven 2, 1. ledd. Kulturminne kan til dømes vere hus, gravhaugar, tufter, båtar og vegar. Desse kan vere frå tidlegare tider eller frå vår eiga tid. Med kulturmiljø er meint eit område der kulturminne er ein del av ein større heilskap eller samanheng. Kulturmiljø kan til dømes vere ein bydel, eit gardstun med landskapet ikring, eit fiskevær eller eit industriområde med fabrikkar og bustader, jf. Kulturminneloven 2, 2. ledd. Eit stort tal med verdifulle kulturminne er freda. Gjennom Kulturminneloven er kulturminne frå oldtid og mellomalder (inntil år 1537), ståande bygningar eldre enn 1650 og samiske kulturminne eldre enn 100 år automatisk freda. Lova inneheld òg eigne lovføresegner om vern av skipsfunn. Kulturminneloven 4 inneheld ei liste av ulike typar kulturminne som er automatisk freda. I kulturminneforvaltninga vert det også ofte skilt mellom automatisk freda kulturminne, også kalla forminne og nyare tids kulturminne. Arkeologiske perioder Ukalibrert BP Kalibrert BC / AD Eldre Tidligmesolitikum TM 10 000 9000 BP 9200 8100 BC steinalder Mellommesolitikum MM 9000 7500 BP 8100 6400 BC Senmesolitikum SM 7500 5200 BP 6400 4000 BC Yngre Tidligneolitikum TN 5200 4700 BP 4000 3300 BC steinalder Mellomneolitikum, periode A MNA 4700 4100 BP 3300 2600 BC Mellomneolitikum, periode B MNB 4100 3800 BP 2600 2300 BC Senneolitikum SN 3800 3500 BP 2300 1800 BC Bronsealder Eldre jernalder Eldre bronsealder EBA 3500 2900 BP 1800 1200 BC Yngre bronsealder YBA 3000 2440 BP 1200 500 BC Keltertid 2440 2010 BP 500 0 BC Romertid 2010 1680 BP 0 400 AD Folkevandringstid 1680 1500 BP 400 570 AD Yngre Merovingertid 1500 1210 BP 570 800 AD jernalder Vikingtid 1210 970 BP 800 1030 AD Middelalder Tidlig middelalder Høymiddelalder Senmiddelalder 1030 1150 AD 1150 1350 AD 1350 1537 AD Figur 2. Arkeologiske periodar.
Dei aller fleste av dei automatisk freda kulturminna er enno ikkje registrert. Det er ulike årsaker til dette. Mest vanleg er at dei ligg under dagens markoverflate, og ikkje er synlege. Det kan og skuldast at ein aldri har leita etter kulturminne i desse områda, eller at kulturminna er så overgrodd at dei ikkje lenger er synlege. Så lenge kartfesting og registrering av automatisk freda kulturminne aldri vil bli fullstendig, er ein i offentleg forvalting og arealplanlegging avhengig av den informasjonen og dei data kulturminnevernet får fram gjennom registreringsarbeidet. Ved planlegging av offentlege og større private tiltak pliktar den ansvarlege å undersøke om tiltaket vil virke inn på automatisk freda kulturminne, jf. Kulturminneloven 9. Kulturminne frå nyare tid (yngre enn 1537) har meir eller mindre stor verneverdi, men er med unntak av ståande bygningar eldre enn 1650 i utgangspunktet ikkje automatisk freda. Dei kan verte freda etter 15 i Kulturminneloven eller verte regulerte til vern med heimel i Plan- og bygningsloven. I Sefrak-registeret er kulturminne frå før 1900 (hovudsakleg ståande bygningar) registrert. I nokre områder er òg kulturminne frå etter 1900 Sefrak-registrert. 4. Området Flesland næringsområde er planlagt ved Ljosarhaugane som ligg rett aust for flyplassen mellom Lilandsveien og Lønningsveien, og vert avgrensa mot sør av lagerbygningar og idrettsanlegg ved Hesthaugen på Lønningsflaten. Landskapet fortonar seg i dag som eit attgrodd, kupert utmarksområde med planta gran, blandingsskog og mindre myrdrag. Figur 3. Flyfoto over planområdet..
Figur 4. Kart over planområdet.
5. Tidlegare registreringar og funn i området Det var frå før ikkje kjend automatisk freda kulturminne innafor det aktuelle planområdet. Som ein kan sjå på kartet nedanfor frå Riksantikvaren sin kulturminnedatabase Askeladden er det heller ikkje registrert kulturminne i kloss inntil planområdet, men lengre sør mot Espeland har ein funne eldstadar og spor etter jordbruksaktivitet heilt attende til slutten av steinalder. Dei andre forminna er gravrøyser som ligg ut mot sjøen. Figur 5. Kart over registrerte kulturminne ved Flesland. Det raude feltet markerar planområdet. 6. Metode Sidan førhistoriske spor etter menneske ofte ikkje er synleg på markoverflaten, vil registreringsmetode vanlegvis innebere graving manuelt med spade, prøvestikking eller ved hjelp av gravemaskin, maskinell flateavdekking. I område kor ein reknar med funn av synlege kulturminne vert det søkt i overflata. Ofte vert fleire metodar nytta på ei og same registrering. Kva metode som er vald avheng av topografi, høgd over havet og kva type kulturminne ein reknar med å kunne påvise. Prøvestikking er den mest nytta metoden for å påvise kulturminne frå steinbrukande tid, men kan også nyttast til å påvise yngre kulturminne. Ved bruk av denne metoden sonderar ein fyrst med eit jordborr etter lausmassar. Ved påvising av lausmassar grev ein så prøvestikk med spade. Prøvestikka er om lag 40 x 40 cm. Den oppgravne massen under torva vert vassålda i såld med 4 millimeter maskevidde. Slik vil funn av reiskap og avslag etter reiskapsproduksjon vere lett å finne. Maskinell flateavdekking er ein arkeologisk registreringsmetode ofte nytta til å påvise automatisk freda kulturminne i dyrka mark. Metoden går ut på at ein fjernar jordlag med gravemaskin ned til undergrunnen eller til uforstyrra lag med funn av forhistoriske spor. Når den overdekkande jordmassen blir fjerna av gravemaskina føl arkeologane maskina og reinsar
fram den avdekka flata for å påvise spor etter førhistorisk aktivitet. Slike spor er til dømes stolpehol og veggriller etter hus, ulike typar nedgravingar som graver, kokegroper og eldstadar, ardspor etter førhistorisk jordbruk eller restar av kulturlag eller dyrkingslag. Ved registreringa er det opna opp søkesjakter i ikring tre meters breidde og i varierande lengde. Ved overflateregistrering vert området som skal undersøkast synfare systematisk med tanke på synlege kulturminne. Synlege kulturminne kan vere gravminne, hustufter, helleristningar, bergmalingar, steingjerder, geilar, jakt- og fangstanlegg, kolgroper, vegar og vegfar, hellerar, runesteinar jernvinne, steinbrot, bygdeborgar. Landskapet har endra seg mykje sidan førhistorisk tid; enten ved at tidlegare tidars busetjingsområde har gått ut av bruk og grodd att, ved moderne påverking eller ved landheving. Det er utarbeidd kurver over eldre strandlinjer for Hordaland (Lohne 2006; sjå også Rommundset 2005 og Vasskog 2006).Dette kan vere ein god reiskap til å forstå landskapsendringar over tid. Strandlinekurver er også ein metode ein nyttar for å datere steinalderlokalitetar innanfor ei gjeve ramme. Ei strandlinjekurve for det gjeldane området er vist på figuren under. Strandforskyvningskurve for UTM 285172 Ø, 6697667 N 45 40 35 30 25 20 Høyde 15 10 5 11000 10000 9000 8000 7000 6000 5000 4000 3000 2000 1000 0 0 Tid (ukal 14C år BP) Figur 6. Strandforskyvingskurve for Bildøy, Fjell kommune. På bakgrunn av kunnskap om tidlegare kjende kulturminne i området, terrenget og nærleik til sjøen, kunne ein især venta å finne spor frå steinalder i planområdet. Ved registreringa vart det prøvestukke og søkt i overflata etter synlege kulturminne.
7. Undersøkinga Registreringa gjekk føre seg i perioden 24. 31. mai 2011 av arkeologane Solveig Roti Dahl, Sloveig Lohne Rongve og Tore Slinning. I undersøkinga vart søk i overflaten og prøvestikk nytta som metode. Planområdet er relativt stort på 167 mål, men har skrinn overdekking og det vart grave vel 10 prøvestikk. Ni av prøvestikka var utan funn eller indikasjonar på førhistorisk bruk av området. I eit av prøvestikka vart det påvist eit trekol haldig lag. Laget kunne ut i frå terrenget vera del av ei tuft, utvidinga av prøvestikket til kvadratmeter rute gav ikkje sikre indikasjonar på anlegget. Det vart tatt ut dateringsprøve frå ein ein konsentrasjon av trekol, i felt tolka som ein mogleg eldstad Figur 7. Kart over Ljosarhaugane der grøn punktlinje markerer funnstaden til tufta.
7.1 Automatisk freda kulturminne Askeladden id. nr. 157505 - Aktivitetsområde Lokalitet 1 Skildring av lokaliteten: Lokaliteten ligg i den sørvestre delen av planområdet i attgrodd utmark med open bjørkeskog. Dette har tidlegare vore småkupert beitemark, og er no tilvakse med gras, bregne og lyng. Sonderingar viste spreitt trekol over store delar av ei flata i terrenget. Eit prøvestikk sentralt på flata viste eit markert trekol haldig lag. Det vart vidare grave ut ei prøverute på 1 x 1 meter for om mogeleg å kunne dokumentere attverande strukturar. Figur 8. Flata med tufta i forgrunnen. Mot NA.
Figur 9. Planskisse av anlegg tolka som mogleg tuft i målestokk 1:100
Figur 10 Flyfoto av området med lokaliteten målt inn med GPS grøn prikka linje
Figur 11. øvst planfoto av prøveruta tatt mot nordaust, steinar lagt på rekkje kan vise til ein eldstad då det påviste trekol haldige laget og har ein relasjon til steinane med omsyn til tjukne. Nedst foto av profil som viser trekolet og steinane inn mot skogsjorda.
8. Datering I samband med undersøkinga var det tatt ut prøvemateriale frå anlegget tolka som mogleg eldstad. Undersøkinga gav ingen gode haldepunkt for både anleggstype eller datering slik at fylkeskommunen prioriterte å få ei tidfesting av anlegget før me kunne konkludere om endeleg status. Datering frå eldstaden gav då ei tidfesting til 1890 +/- 30 BP noko som tidfester aktiviteten til omkring år hundre etter kristus. Figur 12 skjema for dateringsresultat av trekolprøve.
9. Utvida dokumentasjon For å kunne underbygge dateringa meir vart det gjort ei utvida registrering i samband med anlegget. Undersøkninga Hensikta med registreringa var å dokumentere eit påvist anlegg som kunne tolkast å vera ei tuft, var ei tuft. I samråd med Universitetsmuseet i Bergen grov fylkeskommunen ei 1 x 4 meter sjakt igjennom det som kunne vera ein veggvoll. Dette for å få ein profil frå innsida av tufta og ut. Sjakta blei grave igjennom anlegget. Sjakta vart lagt vel 70 cm nordaust for prøveruta frå 2011 for slik å påvise eventuelle tilstøytande anlegg til eldstaden. I tillegg vart det grave 6 prøvestikk i området rundt strukturen. Figur 13. Graving av 1 x 4 m sjakta igjennom strukturen. Her med arkeolog Stefan Bakke. Bildet er tatt imot aust. Undersøkninga viste at det som kunne vera ein konstruert veggvoll i røynda var ein bergrygg dekka av torv. Dokumentasjon av sjakta viste at det påviste trekol laget då held seg til ei side av bergryggen. Anlegget er slik ikkje ei tuft med jamt over konstruerte veggvollar, men ein stad der ein har ntytta seg av naturgjevne avgrensingar. Prøvestikka i området rundt viste at berre to av dei hadde eit kullhaldig lag, mens de andre fira var funnlause. Kullaget er tolka til å vara det sama som vart påvist i den fyrste registreringa.
Figur 14. Bilde av profilen i 1 x 4 m sjakta. Tatt imot nordaust-aust, som er langsida av sjakta. Figur 15. Teikning av sama profilen, i ein 1:10 målestokk.
Figur 16. Sjakta i plan. Tatt imot sydaust. Figur 17. Sjakta i plan. Tatt imot nordvest.
10. Konklusjon Undersøkingane på staden viser at her er tydleg aktivitetsspor i eit gitt tidsrom i eldre jernalder. Undersøkinga har påvist eit trekolhaldig lag som er avgrensa i terrenget. Utstrekninga av det trekolhaldige laget samsvare mykje med ei naturleg hylle i terrenget. Undersøkinga er slik ikkje ei konstruert tuft, men moglegvis ein opphald eller leirstad. Undersøkinga viste ikkje spor etter stolpar eller andre nedgravingar, men det utelet ikkje at slike finnest. Litteratur Lohne, Ø. 2006. Sea Curve vl Teoretisk berekning av strandforskyvningskurver i Hordaland frå UTM-koordinater (excel-ark). Rommundset, A. 2005. Strandforskyvning og isavsmelting i mindtre Hardanger. Masteroppgave, Geologisk institutt, Universitetet i Bergen. Vasskog, K. 2006. Holosen strandforskyvning på sørlige Bømlo. Masteroppgave, Geologisk institutt, Universitetet i Bergen.
157505 - Ljosarhaugen Lokaliteten ligg i sørvendt terreng i dag bjørkeskog og lyng vegetasjon, truleg eldre utmarksbeite, her er skrint jordekke. På ei hylle i terrenget som dannar ei større flate vart det ved prøvestikking påvist trekol. Det vart i samband med ei større prøverute påvist ein struktur som tolkast som eldstad. Datering i frå denne gav ei datering til ca år 100 ekr. Lokaliteten vart så undersøkt med omsynt til å vera eventuell tuft, men her synest vera berg og jordfast stein som dannar avgrensinga av det trekolhaldige laget. Vår toplking av lokaliteten er då at dette er ein mellombels leir - opphaldsplass i eldre jernalder utan synlege husstrukturar. Klassifisering Kategori: Arkeologisk minne Art: Bosetning-aktivitetsområde Opprinnelig funksjon: Bolig, bosetning Nåværende funksjon: - Stedfesting Fylke: Hordaland Kommune: Bergen Gårdsnavn: Lønningen Eiendomsopplysninger Oppretting og ansvar Registrert: Jostein Aksdal - 29.06.2012 Inntastet: Jostein Aksdal - 29.06.2012 Ansvarlig organisasjon: Hordaland fylkeskommune Vernestatus Vernetype: Automatisk fredet Tilhørende enkeltminner ID Navn Kategori Vernetype Registrert 157505-1 Ljosarhaug Arkeologisk minne Automatisk fredet 29.06.2012
Kultur- og idrettsavdelinga Agnes Mowinckels gt 5 Postboks 7900 N-5020 BERGEN Telefon: 55 23 90 00 www.hordaland.no