SGC Geofare AS v/ Einar Alsaker Rådgjevar geologi Villabyen 6984 Stongfjorden Tlf.: 982 25 951 E-post: Einar@SGCas.no Organisasjonsnr.: 998 899 834 MVA Landskapsarkitekt Hanne Karin Tollan Postboks 585 9171 Longyearbyen Vurdering av flaumfare langs delar av Hatledalselva i Dale, Fjaler kommune; Oppsummering Vår ref.: Dykkar ref.: Dato: 2016-11-107 Hanne Karin Tollan 05.12.2016 Innleiing: SGC Geofare AS er engasjert av landskapsarkitekt Hanne Karin Tollan til å utføre ei vurdering av flaumfaren langs delar Hatledalselva i Dale, i samband med reguleringsplan for Steien på gbnr. 64/167 i Fjaler kommune. Feltarbeid vart utførd på staden fredag 2/12-16 av Einar Alsaker og Alice Vie frå SGC Geofare AS. Tomta til Handelsbygg Holding AS på Steien, grensar i sør og sørvest mot Hatledalselva, mot vest går grensa langs tilkomstvegen mot Dale vidaregåande, og mot nordaust grensar tomta mot fylkesvei 57 (Figur 1). Dette skrivet vil gje ei oppsummering av foreløpige resultat frå vårt arbeide, som er ein del av ein rapport på flaumfarevurderinga i området. I tillegg til skrivet, vil vi utarbeide kart med flaumfaresoner for 20-, 50-, og 200-årsflaumar. Dette kartet vil bli ettersendt til kommune når det er klart innan ca. to veker, og før den endelege rapporten er heilt klar. Rapporten vil i tillegg innehalde detaljerte vurderingar av framtidig klima og generelle vurderingar for geofarar i området. 1
Figur 1: Kartet viser planområdet ved Steien på gbnr 64/167; BF1 og BKB1. Den delen av Hatledalselva som SGC har vurdert med omsyn til flaumfare er markert med blå farge på kartet. (Kjelde; Detaljregulering for Steien, Fjaler kommune). Observasjonar: Under synfaringa vurderte vi elva si form med omsyn kor langs elveløpet den kraftigaste erosjonen pågår. Vi såg då etter erosjonsmerker i terrenget, samt området langs elva der det kan vere fare for at elva flaumar ut forbi det definerte elveløpet. I tillegg definerte vi 8 elveprofilar på tvers av elveløpet, langs heile elva si lengde innan det aktuelle området. Desse profila vil legge eit grunnlag for modelleringa av flaumfaren i området. Langs elveløpet på sørsida av elva, såg vi nokre spor etter erosjon langs elvekanten. Vi såg ingen tydeleg spor etter erosjon på nordaustsida av elveløpet (Figur 2). Kanten av elveløpet i området frå fossen i aust og langs området parallelt med bygningsmassen til Dale Vidaregåande skule, var det ein høg bakkekant, der den igjen var støtta av ein mur som varierte i høgde frå ca. 2 m opp til om lag 3,5 m (Figur 3). Muren hindra erosjon frå elva. I dei områda vi såg spor etter erosjonen var der ikkje mur (Figur 4 og Figur 5). Lengst vest i det undersøkte området var elvekanten berre om lag 1 m høg, og usikra. Her såg vi spor etter ein flaum som indikerte at vasstanden i elva har stått høgre enn om lag 1,10 m over eit tilnærma normalnivå (Figur 5, Bilde B). Det vil då sei at elva i dette område må ha flauma innover tomta mellom tilkomstvegen til skulen, og sjølve skulen (sjå Figur 2). På nordsida av Hatledalselva er heile tomta dekka av ei planert steinfylling som dekkar heile tomta i elva si lengde, frå området nær fossen i aust og til avgrensinga i vest (Figur 2). Fyllinga er planert slik at den definerer to ulike høgde, der den er høgs i det austlege området. 2
Langs elva er kanten på fyllinga om lag 2 m på det lavaste og omlag 5 m høg på det høgste området (Figur 6). Foten av fyllinga ligg frå ca. 3,5 til ca. 6 m frå elvekanten langs det undersøkte området. Fyllinga vil hindre ein eventuell flaum frå å breie seg utover eit større areal, på nordsida av elva. Figur 2: Kartet viser områder langs elvekanten mot sørvest der vi har påvist spor etter erosjon (raude strekar og raude ringar). Blå ring viser eit område der det er ein reell fare for flaum frå elva. Her er elvekanten berre om lag ein meter høg over tilnærma normal vasstand, medan vi såg spor etter erosjon på om lag 1,5 m. 3
Figur 3: Bilda viser murane langs sørsida av Hatledalselva. Bilde A viser den austlege delen av muren framfor eit av bygga til Dale Vidaregåande skule. Her ser vi overgangen mellom lausmassar av morene og muren. Bilde B viser muren som har ei høgd på om lag 3 m. Bilde C viser den vestlege delen av same mur. Bilda D og E viser betongmuren i den vestlege delen av den undersøkte elva. Muren her er om lag 2 m høg. Figur 4: Bilda viser spor etter erosjon langs begge siden av elveløpet, lengts aust i den undersøkte delen av området. Bilda A, B og C viser sørsida av elva, lengst aust i området. Her såg vi tydelege spor etter erosjon som ligg 90 cm over elvebotnen (heiltrukken raud linje), medan spor etter ein eldre erosjon låg noko høgre, ca. 160 cm frå elvebotnen (stipla raud linje). Bilde E viser spor etter ein eldre erosjonskant ca. 2,10 m over elvebotnen. Bilde E viser restar etter eit høgt vassnivå på elva, om lag 1,75 m over elvebotnen. 4
Figur 5: Bilde A viser erosjon på sørsida av elva mellom dei to murane langs bygningane til Dale Vidaregåande. Erosjonskanten her som er vist med raud heiltrukken strek, ligg omlag 1 til 1,20 m over elvenivå. Bilde B er på sørsida av elva lengst vest i det undersøkte området. Høgda frå elva og opp til erosjonskanten her vart målt til 1,10 m. I dette området er òg fare for at elva kan flaume innover flata som ligg lavare enn det målte punktet. Figur 6: Bilde viser lavaste målte punkt på eksisterande fylling på tomta, som er om lag 2,0 m. Minste avstand frå fyllingsfoten og fram til elvekanten er om lag 3,5 m. 5
Profil over elveløpet viser at elvekanten langs nordsida, er 2 til 2,5 m høgre enn djupaste delane av elva. Langs elveløpet står det ein gammal mur som definerer elveløpet langs tomteområdet. Den er om lag 1,5 til 2,0 m høg, men er ikkje tilstades lengst vest i området. Muren ligg mellom elva og den nemnde sletta mot foten av fyllinga. På sørsida er murane og elvekantane høgre enn ca. 3 m. Det med unntak av det nemnde området i den vestlege delen av det undersøkte området. Vi såg ikkje tydelege spor som viste at elva har stått noko særleg høgre enn ca. 2 m. Dei spora vi såg på nordsida av elva (Figur 4E og Figur 4D) kan vere spor etter ein flaum som ikkje kan vere meir enn eit til to år gammal. Elveløpet er mellom 6 og 3,5 m breitt. Sedimenta i elvebotnen er dominert av steinar frå om lag 10 cm langs lengste akse, opp til steinar større enn 60 cm. Grovaste fraksjonane vi kunne sjå langs elvebotnen var grov grus. Det viser at energien i vassføringa i Hatledalselva er høg og at kornfraksjonar finare enn grov grus vert transportert forbi det aktuelle området og vestover mot dei flatare partia mot Dalselva. Generelt vil vi sei at faren for flaum på nordsida av Hatldedalselva er svært liten, og at ein 200-årsflaum ikkje vil kunne breie seg innover tomteområdet, forutsett at høgda på steinfyllinga ikkje vert redusert. Den pågåande modelleringa av området, samt flaumfarekarta vil stadfeste dette. På sørsida av elva er det ein reell flaumfare lengst vest i det undersøkte området. Her vil den pågåande modelleringa vise i kor stort omfang ein 20-, 50- og 200-årsflaum vil breie seg i det området. I rapporten som vil verte utarbeidd vil vi komme med forslag om nødvendige sikringstiltak for å hindre flaum i dette området. Erosjonsfaren langs elveløpet er lite omfattande, med unntak av dei områda vi har vist til langs elvekanten på sørsida av Hatledalselva. Murane som allereie står der, vurderer vil til å vere dimensjonert slik at framtidige flaumar i elva ikkje vil erodere seg inn mot bygningsmassen tilhøyrande Dale Vidaregåande skule. I dei områda der vi påviste erosjon var det ikkje sett opp murar som kan stoppe vidare den erosjonen langs elveløpet. Her vil vi òg beskrive sikringstiltak for å forhindre vidare erosjon. Vi konkluderer med at den største faren for flaum og erosjon er på sørsida av elva. På nordsida av elva er det ikkje fare for flaum, samt at faren for erosjon er svært liten. Likevel kan det vere at sikringa langs elvekanten bør reviderast, slik at fare for erosjon i periodar med høg vassføring vert heilt eliminert. I den nordaustelege delen av tomteområdet observerte vi ei gjennomføring under fylkesvei 57 med ein antatt rørdimensjon på 320 mm (Figur 7). Røret endar over eit steinsett bekkeløp, 1,0-1,5 m djup, med ei breidd på ca. 2,0 m. Denne enda i ein dam som ikkje hadde noko utløp. Vatnet her drenerer gjennom heile fyllinga, og renn ut i Hatledalselva i to små bekkar i sørvestlege del av tomta. Her må det lagast ein plan for drenering av vatnet gjennom rør med stor nok dimensjon. SGC vil utarbeide eit forslag for til drenering over tomta i den pågåande rapporten. 6
Figur 7: Bilda viser gjennomføringa under fylkesveg 57 (bilde B) med ein anslått rørdimensjon på 320 mm. Nedanfor er del laga eit steinsett bekkeløp med dimensjon på ca. 1,0 til q,5 m djup, og ei breidd på ca. 2,0 m. Nedst endar denne i ein dam (bilde D) som ikkje har eit vidare utløp gjennom tomta. Vatnet her drenerer gjennom fyllinga og ut i Hatledalselva. 7
Tiltak: SGC vil vidare lage eit flaumfare kart for det aktuelle området. Modelleringa basert på våre innsamla data, samt framtidige klima data vil vise kor stor utbreiing ein 20-50- og 200-årsflaum vil få i området. Modelleringa med tilhøyrande kart og beskriving vil vere klart innan kort tid. I rapporten som er den endelege leveransen i prosjektet, vil vi òg lage forslag på sikringstiltak, både mot erosjon og flaum for det undersøkte området. Konklusjon: For den aktuelle tomta på Steien er det liten til ingen flaumfare. Det på grunn av at eksisterande fylling på tomta, med ein høg fyllingsfot ligg ned mot Hatledalselva i heile lengda. Denne forhindrar at vatn frå elva i ekstreme flaumperiodar (200-årsflaum) vil kunne gå forbi og innover tomteområdet. Om modelleringa viser at det er naudsynt med tiltak for å hindre erosjon og andre skadar langs elveløpet, vil det bli detaljert beskrive i rapporten som er under utarbeiding for området. Rapporten vil innehalde forslag til drenering gjennom fyllinga, der det vert teken omsyn til maksimal vasshøgde under flaumperiodar. Med venleg helsing Einar Alsaker 8