Rapport frå Arbeidsgruppe Kultur



Like dokumenter
Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Kulturavdelinga (Utval for Kultur og Levekår)

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Gol bibliotek i Hallingmo kunnskaps- og kulturpark (Ref #1043)

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Til deg som bur i fosterheim år

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Kommunedelplan for oppvekst

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Spørjeundersøking om sentrumsområde

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

FLEIRBRUKSHALL ROMPROGRAM

Leikanger folkebibliotek. nytt lokale

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

Utval Saksnummer Møtedato Plan- og økonomikomiteen 082/ Time kommunestyre 040/

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

KULTURSAL OG KINOSAL I VOLDA. SAMARBEIDSPROSJEKT MELLOM HVO/STATSBYGG OG VOLDA KOMMUNE.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Les for livet - del 2 (Ref # )

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Bibliotekstatistikk for 2016

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

10/60-14/N-211//AMS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

SØKNAD OM STØTTE TIL MUSIKALEN OLIVER

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Bibliotekstatistikk for 2017

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Kommunal planlegging behovsvurdering og medverknad gjev betre planar

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Informasjonshefte Tuv barnehage

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:30

Handlingsprogram og økonomiplan

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist


H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Time kulturskule. Visjon: Alle barn og unge har oppvekstvilkår som gir dei lyst på livet og evne til å meistra det.

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Ad Hoc utval - Skuleutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Plan for Liabygda SFO

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Velkommen til kulturskulen.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Spel for alle - "Kasino mobil" (Ref #c4ef53b5)

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

SAK 04/18 HANDLINGSPLAN 2018

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Kulturhuset «Dølen» Kultur og næring Prestneset

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Ål Venstre. Ål Venstre

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Transkript:

Rapport frå Arbeidsgruppe Kultur 12. januar 2009

1 Innleiing. Arbeidsgruppe Kultur har bestått av Kjetil Storebråten, fritidsleiar Gunhild Gåsvik, kulturskulerektor Hanne Brunborg, biblioteksjef (i perm.) Karin Bjørge, fung. biblioteksjef Jørn Riegels Vimpel, dagleg leiar Hallingdal Teaterverkstad Liv Rosén, avdelingsleiar Kultur og informasjon Arbeidsgruppa har hatt fem møte. På eit av møta var Pål Medhus frå firmaet Høve støtt og snakka om kultur og næring. Vi inviterte også kulturhusrådgjevar Rune Håndlykken til å delta i prosessen og koma med innspel og idear, men p.g.a. stort arbeidspress kunne han ikkje påta seg ei slik oppgåve. Fire medlemmer frå arbeidsgruppa har vore på studietur til Asker kulturhus og Kolben kultursenter i Oppegård kommune. Utgangspunkt for arbeidet i arbeidsgruppa har vore bestillinga frå prosjektleiarane i Hallingmoprosjektet og tilrådingar i forprosjektrapporten Hallingmoprosjektet et helt univers av muligheter. Arbeidsgruppa har konsentrert arbeidet sitt rundt desse funksjonane: Bibliotek Ungdomsklubb/ungdomsaktivitetar Kultursalar Utstillingsgalleri Kulturskule Fellesfunksjonar/-areal Arbeidsgruppa foreslår ikkje spesifikk plassering av dei enkelte funksjonane det må koma lenger ut i prosessen - men vil understreke at ein i den vidare planlegginga må legge til grunn at det skal skapast gode møteplassar på Hallingmo og at plasseringa av slike møteplassar er heilt avgjerande for at dei skal fungere. Dessutan er samlokalisering og sambruk av kulturtilbod og aktivitetslokale nøkkelen for å få til gode og arealeffektive løysingar. 2 Tendensar og nye utfordringar. 2.1 Kultur og næring. Det har dei siste åra vore langt større fokus på kva kulturnæringane betyr for økonomisk aktivitet og sysselsetjing. Ei utgreiing som Østlandsforskning har gjort viser at kulturnæringar innanfor språk og litteratur, visuell kunst, inkl. foto og reklame, kunsthandverk, teater, dans, musikk, arkitektur og design står for omtrent 3,5 % av Noregs bruttonasjonalprodukt og dei skapar verdiar for 33,6 milliardar kroner brutto kvart år. Regjeringa har m.a. lansert ei handlingsplan for kultur og næring der målet er å få meir næringsutvikling og kreative bedrifter over heile landet og å gjera lokalsamfunna meir attraktive enn i dag, spesielt for dei unge. 2

Vår vurdering er at det er viktig at Gol legg til rette for satsing på kultur i form av betre arenaer for produksjon og formidling, også som ein arbeidsskapande næring for unge profesjonelle kulturarbeidarar i regionen. 2.2 Ungdomskultur Kultursatsing blir sett på som ein stadig viktigare ungdomsstrategi i ei tid då sentraliseringstendensane ser ut til å vera sterkare enn på lenge. Behovet for møteplassar og forskjellige kulturtilbod og aktivetar er stort. Attraktive arenaer for kino, teater og konsertar i alle former samt gode moglegheiter for aktivitet og kulturproduksjon, er viktige element for at Gol skal vera attraktiv for ungdom. Dramalina ved Gol vidaregåande skule og Hallingdal teaterverkstad er sentrale ungdomstilbod og det må leggjast til rette for spennande arenaer for drama/teater. Det totale kulturtilbodet for ungdom på Gol er også viktig for rekruttering av elevar til vidaregåande skule og folkehøgskule. Fleire stader, t.d. Fagernes, har svært gode erfaringar med å satse på kultur- og aktivitetstiltak for aldersgruppa 16 20 år, som eit samarbeid mellom kommune, kulturliv og vidaregåande skule. Satsing på Hallingmo som møteplass med allsidige kultur- og aktivitetstilbod for aldersgruppa 13 20 år vil gjera Gol til ein meir attraktiv skulestad. Særleg viktig er det med tilbod til hybelbuarar, og å skape aktivitetar som engasjerar mange ungdommar i kreative prosessar. Slike tilbod vil styrke ein felles identitet og tilhøyrigheit til staden og regionen og kanskje føre til at dei vender tilbake etter nokre år ute. 2.3 Kulturarenaer Det har vore store endringar i det lokale og regionale kulturlivet dei seinare åra. Stikkord her er profesjonalisering, større tilbod og auka mobilitet i høve til fritids-/kulturaktivitetar. Publikum har fått heilt andre vanar og forbrukskrav på bakgrunn av tilbodet av konsertar, teater og andre kulturarrangement. Samtidig har det skjedd ei teknologisk utvikling som har påvirka krav og forventningar både hjå deltakarar, artistar og publikum. Det er stadig sterkare konkurranse om arbeidskraft med spesiell kompetanse. Det totale kultur- og fritidstilbodet kan vera ein avgjerande faktor når familiar vurderer jobbtilbod og etablering. Gol treng ein moderne kulturarena som imøtekjem krav og forventningar frå brukarane. Ein slik kulturarena skal både kunne ta imot profesjonelle utøvarar og artistar og stimulere dei frivillige kulturorganisasjonane til å gjennomføre prosjekt/oppsetjingar med høge krav til kvalitet. 2.4 Kultur og helse. Den helsemessige gevinsten ved deltaking i kulturaktivitetar er etter kvart vel dokumentert gjennom forsking. Gode opplevingar, musikk, god arkitektur og estetiske omgjevnader gir raskare rehabilitering av sjuke. Kultur stimulerer det friske i oss og det blir stadig klarare at aktivitet, positivt samvær med andre og stimulering av heile mennesket er avgjerande for å redusere auken i utgiftene til helse og omsorg. Ved å styrke kulturlivet oppnår ein å styrke det positive, som er med på å skape optimisme og engasjement i lokalsamfunnet. Nokre kommunar har vald å legge dagsenter for psykiatri til eit kultursenter. Andre brukar kulturarenaen til integrasjon og har utvikla samarbeid med kulturskule og vaksenopplæring for flyktningar, og har gode erfaringar med det. 3

Ein kulturarena på Hallingmo kan gi plass for ein møtestad og eit mangfald av aktivitetar og opplevingar både for seniorar og for grupper med spesielle behov. Det vil vera viktig å ha eit godt samarbeid mellom kultursektoren, helsesektoren, omsorgssektoren og Frivillighetssentralen om kultur og helse. 2.5 Møteplassen Å ha gode møteplassar ute og inne er sentralt i moderne tettstadutvikling. Eit reint arrangementshus som folk oppsøkjer berre når dei har kjøpt billett, kan ligge kvar som helst og fungerer ikkje som møtestad. For å få stort spontant besøk på bibliotek, i galleri og på ein serveringsstad, er det avgjerande at slike funksjonar ligg synlege og lett tilgjengelege og har samband til andre funksjonar. Det vil også vera driftsfordeler ved å samle fleire funksjonar i eitt anlegg: Sambruk av lokale til kurs, møterom, øvingsrom for skulane på dagtid og allmenne kulturføremål på kveldstid Felles trafikkareal og basisfunksjonar som toalett/garderobar, kafé vil også spare vesentleg areal og byggekostnader. God planløysing med felles skranke/resepsjon for fleire funksjonar (også idrettsaktivitetar i storhallen) gir effektiv og fleksibel drift Det bør også vera eit uteområde (torg) av høg kvalitet, både som innfallsport til kultur- og idrettsaktivitetar på Hallingmo og som arena for ting som kan skje ute. Eit kultursenter på Hallingmo må fungere inviterande, inspirerande og levande. Ein felles vandrehall mellom alle dei ulike brukarane og aktivitetane er viktig for å få til både tilfeldige og planlagte møteplassar. 3 Behovsanalyse. 3.1 Gol samfunnshus. Gol samfunnshus opna i 1968, og bestod den gong av diverse møterom i tillegg til kultursal i kombinasjon med idrettshall og skodespelar- og idrettsgarderobar. I fyrste etasje var det kontorarbeidsplassar for tilsette ved samfunnshuset. Idrettshall/kroppsøving: Idrettshallen har måla 45 x 22,5m, og kan omgjerast til tre forskjellige salar v.hj.a. mobile skiljeveggar. Gol ungdomsskule og Gol vidaregåande skule brukar salane til kroppsøving på dagtid. På kveldstid blir hallen/salane brukt til div. aktivitetar: o Barneidrett o Turn o Badminton o Trening for funksjonshemma o Volleyball o Langrenn, innandørstrening o Handball o Trening bedriftsidrettslag o Karate o Innandørstrening fotball 4

Midtsal/kultursal: Den midtre salen fungerer også som kultursal og har plass til ca. 500 personar. Scena er ei B- scene som tilfredsstiller Riksteatrets krav. Einaste faste aktiviteten i kultursalen er kino kvar fjortande dag. Iflg. retningslinene for bruk av samfunnshuset skal treningsaktivitetar vike for kulturarrangement. Konferansesal: Samfunnshuset har ein konferansesal på ca. 100 kvm med liten, oppbygd scene. Salen var opprinneleg musikkrom for Gol ungdomsskule. I dag blir salen brukt av Gol vidaregåande skule på dagtid, og ein ettermiddag/kveld i veka har kulturskulen danseundervisning der. Salen skal i teorien vere open på kveldstid for allmenn bruk, men i praksis skjer ikkje dette. Symjehall: Symjehallen blei bygd i 1968 og består av 25 meter-basseng (einaste i Hallingdal), garderobar og badstover. Symjehallen blei rehabilitert i 1999 og har gjennomgått enklare oppussing i åra etterpå, men har framleis det gamle ventilasjonsanlegget. Symjehallen er open for offentleg bading to kveldar i veka. Dei andre vekedagane blir bassenget brukt til symjetrening på ettermiddags-/kveldstid og av skulane på dagtid. Gol vidaregåande skule. I tillegg til å bruke idrettshallen til kroppsøving, leiger skulen i dag heile 3. etasje, som tidlegare bestod av møtelokale, t.b.f. dramalina. Skulen har også tatt i bruk konferansesalen, og to av kontorlokala i 1. etasje. Scena blir relativt mykje brukt av dramalina. Drift. Gol samfunnshus blei opprinneleg driven som eit andelslag av frivillige organisasjonar og kommunen. I 1999 overtok Gol kommune driftsansvaret og i dag blir huset drifta av Gol byggdrift KF. Gol vidaregåande skule dekker ein viss prosentdel av dei faste utgiftene. For dei leigeobjekta som er kome til i ettertid, betalar skulen husleige. Stadig fleire kulturaktivitetar har dei siste 10-20 åra flytta ut av samfunnshuset og huset har fått fleire konkurrentar i fritidsmarknaden o Fleire lag og organisasjonar har rusta opp eller bygd nye eigne hus, t.d. helselaget, ungdomslaget og idrettslaget o Gol vidaregåande skule leiger heile 3. etasje t.b.f. dans- og dramalina o Møteaktiviteten i huset har gått kraftig ned p.g.a. desse forholda og p.g.a. gratis lokale i kommunale bygg og bruk av gratis møterom mot kjøp av servering på hotell og serveringsstader o Private arrangement, offentlege festar og teaterframsyningar har det blitt færre av. o Fast kinodrift vart lagt ned i 1998. Sidan 2006 har kommunen hatt avtale med Bygdekinoen om filmframsyningar kvar 14. dag. o Idrettshallen har for liten kapasitet til å dekke alle behov for organisert og trening og uorganisert aktivitet o I og med at samfunnshuset er ein sambruksarena for idrett, kultur og skule, kan det lett oppstå brukarkonfliktar. Behov for nye kulturarenaer Det er behov for fleksible multifunksjonssalar som kan fungere både som ein formidlingsarena for profesjonelle kulturaktørar og som produksjonslokale for lokale 5

oppsetjingar.det må vere eit mål å gi det lokale kulturlivet gode vekstvilkår og at flest mogleg av innbyggjarane i Gol i ein eller annan form tek i bruk salane i skapande verksemd. For å tilrettelegge for fleksibel bruk og for at fleire ting kan skje parallelt, bør ein ha fleire salar av moderat storleik. Sal med B-scene(D=10+2 B=17xH=11m) og publikumskapasitet på ca. 250 personar. Ved ståkonsertar vil salen ha publikumskapasitet på ca. 500 personar. Salen skal fungere som konsert-/teater- og kinosal. Mobilt amfi. Sal og scene på same golvnivå. Mindre sal med ein publikumskapasitet på max. 100 personar. Skal kunne brukast til musikk, dans og drama, liten kinosal og som øvingsrom til lokale produksjonar. Storleiken på salen må minimum tilsvare storleiken på scena i den store salen. Mobilt amfi. Skodespelarfoaje der medverkande kan opphalde seg mellom sceneinnslaga Skodespelargarderobar i tråd med Riksteatrets krav Sceneverkstad for innlasting og produksjon av scenografi, vedlikehald og reparasjon av utstyr Lager for konferansebord, stolar, scenografi m. m. Maskinrom for kinomaskinar, lys, teknikk Film/lydstudio/nærradio/webtv med bandrigg og profesjonelt miksarutstyr Kontorareal for driftsansvarlege Kunstgalleri/Galleri Gol Rom for kunstutstillingar. Bør plasserast i tilknytning til andre funksjonar (bibliotek, vestibyle) slik at det ikkje er nødvendig med særskilte vakter når utstillinga er open og for å få ein stikk innom-effekt. Treng lagerrom til oppbevaring av utstillingsutstyr og må ha tilgang til publikumstoalett og kjøkkenfasilitetar Må også kunne brukast til andre arrangement, mini-konsertar, foredrag, kurs og møte Inngangsparti og vestibyle Så vidt mogleg bør inngangspartiet til kultursal og galleri vera felles med dei andre funksjonane på Hallingmo (storhall,symjehall, bibliotek, kulturskule. Jmf. servicebygg) med billettsal for kino, symjehall og arrangement. Vestibylen må utformast med ein primærbase for publikumsservice, gjerne knytta opp mot biblioteket. Det bør også kunne avviklast små uformelle forestillingar og konsertar i vestibylen. Kafé/restaurant Det er nødvendig med ein velfungerande og attraktiv serveringsstad skal Hallingmo utviklast til å bli den viktigaste møtestaden i Gol. Ein slik funksjon må planleggjast grundig av folk med spesialkompetanse på området og helst i samråd med den/dei som eventuelt skal drive tilbodet. 3.2 Gol bibliotek Gol bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek og er både folkebibliotek og skulebibliotek for Gol ungdomsskule og Gol vidaregåande skule. 6

Aktivitetar og brukarar i dag: o Aktive lånarar totalt i Hallingdal i perioden 1.6.08-1.6.08 = 6.045. Av desse var 1.405 aktive lånarar i Gol same periode. o Ca. 400 barn/ungdom (under 15/18) og 1.000 vaksne er registrerte lånarar. I tillegg kjem uregistrerte som berre brukar biblioteket utan å låne. o Samlinga inneheld ca 42.200 einingar, tilvekst siste 3 år ca 1.900 pr år. o Besøk: Stikkprøver viser ca 40.-60.000 besøk i året, inkl. skoleelevar på dagtid o Lån: Frå år 2000 til i dag har utlånet lege på ca 32.-34.000 einingar totalt. Det har vore ei klar dreiing frå bøker (og særleg lån av fagbøker) til anna materiale (lydbøker, filmar, musikk etc.). Særleg bekymringsfullt er det at utlånet av bøker til barn minkar, med tanke på negative leseundersøkingar og samanhengen med læring generelt. o Brukargrupper: Innbyggjarar i Gol, Hallingdal for øvrig, midlertidig busette (sesongarbeidarar, asylsøkjarar etc.), hyttefolk, turistar. I tillegg kjøper Gol ungdomsskule og Gol vidaregåande skule tenester av oss (skulebibliotek), med totalt ca 700 elevar og 100 tilsette. Bemanning Til saman 3,2 årsverk, fordelt slik: 1 Biblioteksjef (33% refundert av Gol ungdomsskule) = 0,67 årsv. Gol bibliotek 1,2 Bibliotekar (100% refundert av Gol vidaregåande skule) = 0,20 årsv. Gol bibliotek 1 fullmektig/sekretær (10% ref. av Buskerud fylkesbibl.) = 0,90 årsv. Gol bibliotek Til saman utgjer dette ein netto bemanning til folkebiblioteket på 1,77 årsverk. Statlege normer tilseier 1 årsverk pr 1.500 innbyggere, dvs 3 årsverk. Ål har ca 3,2 stillingar, Hemsedal ca 2 og Hol ca 2,1 på biblioteket (ikkje inkl. filialar). Desse 3,2 årsverka dekkjer ei opningstid på til saman 6 dagar i veka, fordelt slik: 27 timar til folkebiblioteket. 28 timar til skulane. Til saman 55 timar brutto, av dette felles tid skular/folkebibliotek 9 timar, dvs netto 46 timar pr veke Dagens areal: 408 kvm fordelt på 1. etg. (utlån, magasin, kontor, publ.toalett, kjøkken, vaskerom, lokalsamling, HC-toalett, heis) og 2.etg. (toalett/garderobe tilsette, bokbusskontor, magasin/spiserom, heis, gang). Av dette er ca 50 kvm utleigd til bokbusskontor (Buskerud fylke), men blir disponibelt for Gol bibliotek 01.07.2009. Begrensingar i dag: o Liten og uhensiktsmessig plass o Låg bemanning o Svakt tverrfagleg samarbeid o Begrensa opningstider o Få arrangement Behov Antatt utvikling av eksisterande brukergrupper: Føreset at biblioteket (saman med resten av bygga) blir meir synleg i gatebiletet, noko som vil gje auka innslag av besøkande. Draumen er eit mest mogeleg ope bibliotek, både fysisk og praktisk, der folk kan bevege seg saumlaust mellom ulike aktivitetar. Med rette teknologien kan ein sjå føre seg eit areal som opnar seg mot andre funksjonar (kafé, utstilling, grupperom etc) der behovet for kontroll av 7

lånematerialet er erstatta av alarmsystem, radiobrikker (RFID) og sjølvbetening. Personalet kan brukast til rettleiing og aktivitetar, og den store barriera (skranken) er erstatta av mindre beteningsstasjonar rundt i lokalet. Dersom vi får meir plass, gjer meir fleksibel bruk mogeleg og aukar personalressursar, så vil alle brukergrupper styrkast. Det bør likevel satsast mest på born og ungdom m.o.t. førebygging av lærevanskar og fokus på sosial aktivitet. Ei utbygging av skulesenter med barneskule, vaksenopplæring og kulturskule vil bli ein nasjonal unik og krevande kombinasjon dersom biblioteket skal yte bibliotektenester til alle. Bør søkje prosjektmidlar frå ABM-utvikling dersom det skal realiserast. Det bør takast høgde for at biblioteket kan vere ope for alle typar brukergrupper i heile brukstida, elles må det også bygningsmessig leggjast til rette for separat skuleinngang. Ein slik kjempekombinasjon vil bli eit etterspurd modellprosjekt i bibliotekmiljøet i Norden og må rekne med ein del besøkande på studietur. Nye tenester er til dømes spel, som snart blir definert som eit kulturutrykk på line med bøker, filmar og musikk. Dette får konsekvensar for tilbodet i biblioteket. Korleis tilrettelegge for framtidig aktivitet? Meir sjølvbetening og bruk av teknologi (RFID, automatar, alarm, nettverk), fokus på rettleing og fagleg aktivitet. Fleksible interiørløysingar og arkitektur som gjev fleire moglegheiter enn begrensingar. Sjå pkt 4 om lokalt prosjekt, kan bli eit samarbeidsprosjekt mellom næring, utdanning og kultur. Korleis byggje opp nye aktivitetar/miljø gjennom nye fasilitetar? Godt kafémiljø vil ha mykje å seie. Tilgang til utstillingsplass, grupperom etc. Meir aktivitet i og utanom biblioteket vil styrke møteplassfunksjonen og dermed tilknytinga til lokalsamfunnet. Kva slag nye aktivitetar er viktige i framtida? Aktivitetar som gir folk sjanse til sjølv å delta og skape. Må ha fokus på dei som alt bur her, og så kan tilbodet i tillegg famne dei som kjem til Gol for kortare eller lengre tid. 3.3 Ungdomsklubb/ungdomsaktivitetar Klubb1 er eit brukarstyrt aktivitetssenter for ungdom mellom 13-18 år. Klubben skal vera rusfritt område, og eit viktig virkemiddel for førebyggjande arbeid i Gol kommune. Målet er at klubben skal vera den viktigaste møteplassen for ungdom på Gol i fritida. Aktivitetane kan variere, og innhaldet blir skapt i samarbeid med brukarane. Aktivitetane skal skapa ei spennande, trygg og utfordrande fritid for ungdom. Klubben er brukarstyrt og styret blir vald etter demokratiske prinsipp. Opningstider: Tysdag kl. 18-22 Fredag kl. 19-23 I tillegg arrangerar klubben konsertar, utfluktar og aktivitetar utanom klubbens vanlege opningstid. Snittbesøket er ca. 31 kvar kveld. Bemanning: 50 % klubbleiar 20 % Klubbarbeidar 8

I dag er klubben samlokalisert med Breidok barnehage som driv naturbarnehage på dagtid fem dagar i veka. Nytt barnehagebygg skal stå klart våren 2009 og då opphøyrar sambruken med barnehagen. Behov Varierte og fleksible lokale Klubben vil gjerne kunne halda opent frå klokka 14.30 (etter skoletid), slik at ungdom som har behov for det kan ha ein stad å være etter skulen. Ikkje alle vil vera heime. Klubben ynskjer også å halde opent fleire dagar i veka. Det fins ikkje noko alkoholfritt tilbod på laurdagskvelden i dag. Dette er eit tilbod ein må vurdera å sette i gang for å halda ungdom borte frå rusmiljøet. Klubb1 ynskjer også at ein kan ha hybelkafé ein gong i veka med tilbod om rimeleg mat til dei som bur på hybel i Gol. (til ei kvar tid er det ca 80 til 100 studentar som bur på hybel på Gol) Ein annan ting som hadde vore positivt var om ungdommens helsestasjon også kunne halde til på Klubb1. Ein eigen mekkehangar knytt opp til klubben kunne vera eit tilbod til motorinteressert ungdom. Klubb1 har eit arealbehov på ca 360 m2 Nokre arealbehov kan sikkert bli oppfylt av andre funksjonar i Hallingmoprosjektet. (toalett, garderobe, rom for reinhaldar, personalgarderobe m.m) Det er viktig å få plass til typiske klubbaktivitetar så som biljard, airhockey, bordtennis, data, og diskotek. I tillegg må lokala innehalde scene, kafé, kontor, toalett, rom for reinhaldar, tørrlager m/plass til fryseskåp, personalgarderobe, rom for Playstation og andre dataspel, og eit roleg intimt rom til kos og prat i sofakroken. Lokala må ha universell utforming og vera tilrettelagt for handikappa. Ved å samlokalisera mange aktørar i Hallingmoprosjektet vil det bli mange synergieffektar. God utnytting av lokala er den mest innlysande gevinsten på dette. Ungdomsklubb i eit fleirbrukshus vil sette krav til eigen tilkomst slik at fellesareal ikkje blir opphaldsrom for klubbungdom utanom klubbkveldane. Eit klubblokale som ligg i nærleiken av skatepark og sandvolleyballbane hadde vore gunstig. Har klubbein inngang mot skateparken vil dette vera eit godt uteareal med mykje plass og god oversikt for personale og ungdommen sjølv. Ei friluftscene i tusenårsparken vil også vera lett tilgjengeleg for ungdommane. Moglege sambrukspartnarar i eit klubblokale vil kunne vera musikkverkstaden, kulturskulen, ungdomsskulen, Gol vidaregåande skule, film/lydstudio/nærradio/webtv o.a. Scena på klubben kan fungere som øvingsrom og ei småscene på intimkonsertar. Salen må romme ca 100 til 150 personar, og scena bør kunne avlåsast slik at musikkutstyr ikkje står framme alltid. Sidan interessene og aktivitetane spriker veldig i aldersgruppa 13 til 18 år, må det vurderast om det bør vera eit eige lokale for ungdom mellom 15 og 18 år som kan vera knytt opp mot kafédelen på klubben. Denne må ha eigen inngang og vera styrt av gruppa sjølv. Kafédelen må vera intim, og med plass til om lag 50 personar. Kjøkkenet må kunne servere mat av høg kvalitet, slik at ungdommane får god og ernæringsmessig sunn mat. Kjøkkenet må leggast opp som eit storhushaldningskjøkken med 9

god kapasitet på matlaging ogoppvask samt god benkeplass. Maten må serverast på porselen, og det bør vera godt og friskt drikkevatn tilgjengleg for alle. Maten må vera sunn, god og rimeleg. Det må vektleggast å få tilrettelagt aktivitetar for jenter både inne og ute. Det må vera gute- og jentetoalett samt handikaptoalett på klubben. Bygningsmessig må det nyttast slitesterke og solide materialar på alle flater, samt på alt inventar (ikkje IKEA) Bemanning og opningstider for ungdomsklubben må utvidast. Eigarskap: I eit nytt bygg er det viktig at ungdomen føler eigarskap og tilhøyrigheit, og at dei får halde på med sine ting utan å måtte ta omsyn til at dei spelar for høg musikk eller bråkar for mykje. Det er svært viktig med medverknad i utforming av lokala, særleg gjeld det fargeval, møblar og innreiingsdetaljar. Estetikk og miljømessige omsyn må vektleggjast i utforminga av ny klubb. Det må arbeidast for i størst mogleg grad å integrere menneske med fysiske og psykiske problem. Trafikksikkerheit og lett tilkomst er også viktig og god belysning av arealet på kveldstid. 3.4 Gol kulturskule Gol kulturskule held i dag til på Glitrehaug i dei gamle lokala til Glitrehaug skole, ein statleg grunnskule for elevar med samansette lærevanskar. Kulturskulen har undervisningslokale i kjellaren og i 2. etasje, medan SFO brukar 1. etasje. Huset blir i dag drifta av Gol byggdrift. Lokala er ikkje spesielt tilrettelagt for kulturskuledrift. Kulturskulens lokale blir i dag også brukt av musikkverkstaden, koret TAPAS og vokalgruppa Brelett. Det blir arrangert mindre konsertar/visningar i konsertsalen i kjellaren. Dagens lokale/romsituasjon Kjellaren: Musikkstudio Musikkverksted Korridor 4 lager Konsertsal Kjøkken 2. etasje: 4 øvingsrom Kjøkken Pauserom Korridor Instrumentlager Arbeidsrom Kott/kopi Kulturskulen brukar konferansesalen på Gol samfunnshus til danseundervisning. Tilbod/elevplassar Kulturskolen har ca 160 elevplasser 10

Gruppeundervisning: Individuell opplæring: Drama/teater Visuell kunst Dans Musikklære Gitar Sang Fiolin Keyboard Piano Hardingfele Kveding Torader/trekkspill Bemanning Kulturskulen har 9 tilsette fordelt på 3,85 årsverk 40% rektor 60% sang/kor 50% gitar/musikkstudio 100% piano/fiolin 12% visuell kunst 16% drama/teater 50% gitar, musikklære, samspel 18% hardingfele 8% kveding 30% piano/orgel Kjøp av tenester 25% dans (fra Ål kulturskule) 30% torader/trekkspel (fra Ål kulturskule) Sal av tenester: 10% dirigenttenester (Koret TAPAS) 20% piano (Hemsedal kulturskule) Utfordringar. o Kulturskulen har vaktmeistertenester berre på dagtid. Brukarar av musikkverkstaden ynskjer å bruke lokala til øving utanom opningstida på kulturskulen, men dette er vanskeleg i dag. Det er derfor ynskjeleg å knytte kulturskulen til andre lokale som har ope på kveldstid slik at musikkverkstaden kan brukast mest mogleg. o Kulturskulen har ikkje eigna lokale til dans, så undervisninga må foregå på Gol samfunnshus. Det er ynskjeleg å ha lokale i same bygningskompleks som annan opplæring ved kulturskulen for blant anna å forenkle samarbeidet mellom dei ulike disiplinane. o Glitrehaug ligg utanfor sentrum, og det er stor avstand til blant anna bibliotek og scene. Dette medfører bruk av ekstra tid og ressursar i samband med prosjekt og oppsetjingar. 11

Nye behov/tilbod: Kulturskulen og koret TAPAS vil jamnleg ha behov for å bruke storkjøkken i samband med øvingar, seminar, produksjonar. Det kan vera aktuelt å bruke kafe/restaurant i fellesareal, men ein føresetnad er at kjøkkenet kan brukast av tilsette i kulturskulen/foreldre i koret/elevar. Kulturskulen ønskjer å utvide tilbodet med - matkultur - musikkteknologi - kunst og handverk/tradisjonskunst. Det vil bli nødvendig med undervisningsrom/spesialrom til desse nye tilboda. 3.5 Gol vidaregåande skule Gol vidaregåande skule har i dag dramaundervisning, og det må leggast til rette for sambruk av lokala der dette er føremålstenleg. Det vil vera viktig med klare avtaler og retningsliner for bruk av lokala, slik at det ikkje blir brukarkonfliktar. 3.6 Andre tilbod/funksjonar som bør vurderast lagt til Hallingmo. Nye aktivitetar/brukergrupper Det må etablerast eit tett samarbeid med alle Hallingmo-institusjonar og andre. Lokalhistorie, lokal litteratur og kultur bør løftast fram og marknadsførast på ein betre måte enn i dag både med tanke på oppveksende generasjonar og besøkjande til bygda. Dette bør løftast fram som eit felles prosjekt for Hallingmo. T.d. bør hallingkost vere tilgjengeleg frå kaféen. Hallingdal Teaterverkstad (HTV) Tilbyr amatørteatergruppene i Hallingdal bistand frå profesjonell instruktør, rettleiing, utleige av kostymer og lysutstyr. Også skuleverket, næringsliv og privatpersonar nyttar tenestene til HTV. Ei lokalisering på Hallingmo vil gi betre utnytting av kostymelageret og lysutstyret, spesielt for Gol vgs og kulturskulen. HTV plassert på Hallingmo vil bidra til eit sterkare teaterfagleg miljø både i skulen og blant frivillige organsiasjonar, samt opne opp for nye brukarar og samarbeidsformer. Frivillighetssentralen Frivillighetssentralen tilbyr fleire aktivitetar for seniorar som evt. kan flyttast til Hallingmo: Fredagsdans, dataklubb, fleirkulturell kveld for kvinner. Lokalhistorisk arkiv Gol bygdearkiv ligg i dag i underetasjen på Gol kommunehus. Det har ei kjerne av frivillige som driv innsamling og registrering av ymse materiell, men er relativt lite besøkt. Ved å legge arkivet i tilknytning til biblioteket, vil det bli meir synleg og meir tilgjengeleg og det vil bli tilført fagkompetanse på registrering og oppbevaring. Dagsenter for psykisk helsevern Plassering på Hallingmo vil gi kort veg til bibliotek, storhall med treningsmoglegheiter, 12

andre kulturaktivitetar. Andre kommunar (Oppegård) som har plassert slikt dagsenter i kulturhus/-senter, får positive tilbakemeldingar frå brukarane. Det er legitimt å gå inn på eit kultursenter. Gol Reisemål AS/Turistkontor Gol Reisemål skal utføre vertskaps- og informasjonstenester på vegne av Gol kommune. Ved å flytte turistinformasjonen til Hallingmo, lokalisert i tilknytning til biblioteket, vil Gol få eit informasjonssenter med brei kompetanse innan fleire område. Funksjonane over inngår ikkje i romprogrammet. 4 Romprogram 4.1 Kultursalar og galleri. Funksjon Kvm Merkn. Vestibyle Inngår i fellesareal Publikumsgarderobar Inngår i fellesareal Publikumstoalett Inngår i fellesareal Utstillingsgalleri 120 Utstillingsrom + lagerrom. Må også kunne brukast til andre aktivitetar når det ikkje er utstillingar der. Kultursal m/b-scene 430 250 publikumsplassar á 0,9m (225m ). Scene m/sidescene 205m. Mobilt amfi. Viktig med god adkomst frå utsida(store dører inn, lett å trille inn utstyr, dvs ikkje trapper men ramper) Liten kultursal 205 80-100 publikumsplassar. Blackbox/intimscene for musikk, dans, drama. Øvingssal. God teknisk utrusting. Lite mobilt amfi. Liten kinosal. Må ligge i nærheiten av ungdomsklubben slik at salen kan brukast til arrangement i regi av Klubb1. Garderobar m/dusjar 60 4 enkeltgarderobar som kan slåast saman to og to ved større produksjonar Skodespelarfoaje 35 Opphaldsareal for artistar og teknikarar, Må ligge i nærheiten av scene og garderobar Sceneverkstad 60 Innlasting og produksjon av scenografi, vedlikehald og reparasjon av utstyr. Må ligge ved scena Lager 100 For konferansebord, stolar, scenografi m.m Teknikarrom 15 Maskinrom 20 Kinomaskinar, lys, teknikk. Må ligge bak i salen 13

4.2 Gol bibliotek For eit komplett og framtidsretta bibliotek som tar høgde for bestandsutvikling neste 20-25 år, er det behov for flg (netto areal): Funksjon Kvm. Merknader Utlånsavd. (inkl plass til utstill.) 445 Utlånsareal for vaksne, ungdom, barn, tidsskrift/aviser, musikk, andre media Oppslagsverk 20 Studieceller, leseplassar, grupper 60 Bør kunne brukast også når biblioteket er stengt Offentleg info 10 Lokalsamling Skranke 30 Kontor inkl fellesfunksjonar (5) 75 Magasin (ope) 50 10 Kan evnt. inngå i bygdearkivet Off.toalett + HC-toalett (dagens 15 Inngår i fellesareal Bøttekott/vaskerom/reinhaldslager 15 Inngår i fellesareal Personalgarderobe/toalett 15 Spiserom/kjøkken/stort møterom 30 Gruppe-/spesialrom (minst 3) 45 Kan kombinerast med kulturskulen Lager/rekvisitarom 30 Heis (dagens) 5 Inngår i fellesareal. Fortrinnsvis bør alt bibliotekareal på ei flate Teknisk rom (IT-utstyr, tavler, strøm, luftfukt., ventilasjon) Ytre + indre gang (inkl garderobeplass) 50. 15 Inngår i fellesareal 4.3 Ungdomsklubb Funksjon Black-box som kan brukast som diskotek og andre arr. for ungdom. Øvingssal for kor, orkester, band + avlastingssal for dei andre scenene. Kan brukast av Gol vidaregåande skule på dagtid. Kafé m/kjøkkenøy Tørrlager/fryselager Kontor 10-12 Kvm Merknader 100 Permanent lyd/lys/diskoanlegg. Bør plasserast i tilknytning til ungdomskafeen, men også slik at andre brukarar enkelt kan ha tilgang. 70 Kafébord og stolar med plass til 40 til 50 stk. Intim kafé som innbyr til samtale. Hybelkafé for hybelbuarar i Gol. Ettermiddagskafé med leksehjelp. Plass til data, biljard, airhockey, bordtennis o.a. Kjøkkenøy på ca. 8kvm med arbeidsplassar for 2-3 personar 6 Hyller og fryseskåp/boks 14

Medieverkstad 30 Film/Lydstudio/Nærradio/Webtv. Max 10 til 14 stk. i studio samstundes. Max 2 i mikse/redigeringsrom. Her kan det bli masse muligheiter for kreativ ungdom. Stillerom/intimsone 10 Max 6 til 10 stk samtidig. Gode sofaer, og eit kafébord, lydanlegg Rom for reinhaldar 5 Inngår i fellesareal Toalett 10 2 stk. a 5 m2 med 3 toalett, eit HCWC etter gjeldande krav Lager 10 Lager for instrument og ting ein ikkje brukar kvar dag i klubben. Helst nær black-box Personalrom/garderobe Helsestasjon for ungdom Nærmiljøanlegg (ute) Sjå pkt. 4.5 8 For 4-6 personar 8 I staden for at ungdommen kjem til helsestasjonen, kjem helsestasjonspersonellet dit ungdommen er. 4.4 Kulturskule. Funksjon Kvm Merknad Personalgarderobe/toalett 15 5-10 personar. Bør vera i tilknytning til kulturskolens undervisningslokaler Personal-/pauserom, kjøkken 30 5-10 personar. Bør vera i tilknytning til kulturskolens undervisningslokaler. Møterom 20 Kan inngå i fellesareal Kontor/arbeidsrom 15 5 personar. Bør være i tilknytning til kulturskolens undervisningslokaler Kontor (rektor) 10 1 person. Kan vera i tilknytning til andre kontor som ikkje er tilknytta kulturskulen Musikkstudio 20 5 personar. Eige musikkstudio. Berre tilgang for tilsette i musikkstudio/kulturskolen. Kabling til konsert-/teatersalen for musikkopptak av konsertar/forestillingar Musikkverkstad 30 Øvingsstad for rockeband o.a. Bandrigg: (gitarforsterkarar, bassamp, keyboard, trommer, PA. Lager 190 For lys, lyd, rekvisittar, kulisser, bord/stolar, instrument med mer Undervisningsrom 120 8 rom a 15 m2 Må vera tilrettelagt for musikkundervisning Lydisolerte lokaler Grupperom/øvingslokaler 80 4 rom a 20 m2 til gruppeundervisning. Evt. sambruk med biblioteket. Venterom 50 40-50 personar. Venterom for elevar som 15

skal på undervisning/kor. PCar/arbeidsbenkar der elevane kan gjere lekser. Kan bruke biblioteket dersom kulturskule og bibliotek ligg nær kvarandre. Dansesal 100 15-30 personer. Flytande golv - Barr Spegel - PA Garderober, elevane 20 30-80 personar Konsertsal 150 Til huskonsertar/visningar/øvingar.kan bruke liten kultursal. Kopi/materialer 10 Må vera i tilknytning til kulturskulens undervisningslokale Verkstad Undervisningsrom, visuell kunst Galleri IT-rom 40 Verkstad med nødvendig utstyr for arbeid med kulisser, kostymer og produskjonar. Kan inngå i fellesareal. 30 10 personar. Tilrettelagt for undervisning i visuell kunst Må vera i tilknytning til kulturskolens undervisningslokaler 20 Eige galleri for visning av arbeid innan visuell kunst. Kan bruke felles utstillingsgalleri 30 Tilrettelagt for undervisning i digital foto og musikkteknologi. Må vera i tilknytning til kulturskolens undervisningslokale. Kan evt. kombinerast med bibliotek/undervisningsrom Nødvendig utstyr til digital foto/musikkteknologi 4.5 Park og aktivitetsanlegg Parkanlegg/torg Utescene Uteservering Aktivitetsanlegg/nærmiljanlegg Bør omkranse Hallingmo og vera bindeleddet mellom Sentrumsvegen og kultur/idrett/skule. Skulpturpark? 100kvm Band og kor inntil 50 stk. Overbygd med tak, straum 2X 32AMP og 2X 63 AMP og tilkoplingmuligheiter for nettverk o.a. Bør ligge slik til at dette tilbodet kan drivast i tilknytning til kafé/restaurant inne Aktivitetsanlegg for ungdom med m.a. skatepark, sandvolleybane, klatrevegg o.l. 16

4.6 Samandrag areal Funksjon Fellesfunksjonar Kultursalar m/støtteareal Utstillingsgalleri Bibliotek Ungdomsklubb/-aktivitetar Kulturskule Kvm Merknader 500 Vestibyle m/publikumsmottak, garderobe/toalett, reinhaldssentral, kontor, kafé/restaurant 925 Kan brukast av Gol vidaregåande skule på dagtid 120 Bør ligge i tilknytning til bibliotek 775 Føreset sambruk av grupperom med kulturskulen 265 Kan ligge i eit fellesbygg, men bør ha eigen inngang 680 Føreset sambruk av kultursalar, verkstad, biblioteket som venteareal Arbeidsgruppa vil understreke at romprogrammet ikkje er så gjennomarbeidd at det kan leggjast til grunn for den endelege prosjekteringa. Eit endeleg romprogram må skje i dialog med arkitektar og konsulentar. Dei opplista fellesareala er eit forslag som er avhengig av ei samlokalisering av dei funksjonane vi foreslår. Å samle fleire tilbod i ein sentral kulturarena vil gi mange driftsfordeler: o Sambruk av lokale gir best utnytting av arealet o Rom med høg fleksibilitet gir effektiv arealutnytting og tilpassing til ulike behov. Det må vera god akustikk i alle aktivitetslokala og fellesrom, transport og tilkomst til alle rom med kulturaktivitetar må vera god og alle tekniske løysingar må ha høg standard. o Felles trafikkareal og basisfunksjonar som toalett/garderobar, kafé/restaurant vil også spare vesentleg areal og byggekostnader o Gjennomarbeidd planløysing med ein felles skranke/resepsjon for heile Hallingmo vil gi effektiv og fleksibel drift o Samlokalisering vil opne for eit spennande og kreativt samarbeid mellom ulike miljø og aktivitetsgrupper 17