Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr. 11 2015
Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med, Klima- og naturressursseksjonen, Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Ei liknande undersøking vart gjennomført hausten 2013. Der det er mogleg vert resultata frå årets undersøking samanlikna med resultata frå 2013. Eit av tiltaka i handlingsprogram 2015 til klimaplan for Hordaland er «Mobilitetsplan for Hordaland fylkeskommune. Pilot for sentraladministrasjonen og Skyss». Føremålet med ein mobilitetsplan er å få til meir klima- og miljøvenlege reiser til og frå arbeid og redusert og meir klima- og miljøvenleg reiseaktivitet i teneste. For å kunne føreslå relevante mål og tiltak i mobilitetsplanen treng prosjektgruppa informasjon om dagens reisevanar for dei tilsette i dei ulike avdelingane i fylkeskommunen. Dette er bakgrunnen for at undersøkinga vert gjennomført Datainnsamlinga er gjennomført elektronisk. Målgruppa for undersøkinga er tilsette i fylkeskommunen som har fylkesbygget eller Skyss sine lokalar som arbeidsstad. Totalt vart spørjeskjemaet sendt på e-post til 619 tilsette. 393 har delteke i undersøkinga. Dette gjev ein svarprosent på 63 %. I 2013 var det 51 % som deltok. 2
Bakgrunn 3
Bakgrunn 4
Bakgrunn 5
Bakgrunn 6
Bakgrunn Det er ei overvekt av kvinner som har delteke i undersøkinga. 58 % av dei som har svara er kvinner og 42 % er menn. Den største delen av dei som har svara på undersøkinga (32 %) er mellom 50 og 59 år. 25 % er mellom 40 og 49 år. Utdanningsnivået blant respondentane er høgt. Til saman 85 % av dei som har delteke i undersøkinga har høgare utdanning. Alle avdelingane i fylkesadministrasjonen er representerte i undersøkinga. Størst del (22 %) er tilsett i Samferdselsavdelinga/Skyss. Deretter følgjer Opplæringsavdelinga (19 %) og Organisasjonsavdelinga (18 %). På bakgrunnsvariablane er det lite som skil respondentane i år med dei som deltok i 2013. Unntaket er deltaking frå dei ulike avdelingane. Det er betrakteleg fleire av dei som har svara i år som jobbar på Samferdsel/Skyss. Samstundes er det færre frå Opplæringsavdelinga som har delteke i år, samanlikna med 2013. 7
Kor mange disponerer sykkel? 70 % disponerer sykkel privat. Det er ein noko større del menn som har tilgang til sykkel (76 %) enn kvinner (67%). Det er litt over 10 % fleire som har tilgang til sykkel i årets undersøking enn i 2013. Også i 2013 var det fleire menn enn kvinner som oppga at dei disponerte sykkel. 8
Reisevaner i vinterhalvåret 9
Reisevaner i vinterhalvåret 10
Reisevaner i vinterhalvåret I vinterhalvåret oppgir nesten halvparten (48 %) at deira hovudtransportmiddel til/frå jobb er buss, bane eller tog. Til saman 28 % har bil som hovudtransportmiddel (22 % er bilførarar og 6 % er passasjerar). Det er ein noko større del menn som er bilførarar (26 %) enn kvinner (19 %). På den andre sida er det fleire kvinner som er bilpassasjerar (8 %) enn menn (2 %). Den største delen av bilførarar finn vi i aldersgruppa 40-49 år (38 %). Om vinteren er det 8 % som oppgir at sykkel er hovudtransportmiddelet og 12 % går for det meste til og frå jobb. Det er fleire menn som syklar (12 %) enn kvinner (6 %). På den andre sida er det fleire kvinner som går (15 %) enn menn (9 %). Det er fleire av dei yngre tilsette (under 30 år) som går til/frå jobb (23%) enn i dei andre aldersgruppene Det er små skilnader på hovudtransportmiddel i vinterhalvåret når vi samanliknar resultata med dei frå undersøkinga i 2013. Når det gjeld andre transportmidlar i tillegg til hovudtransportmiddelet er det flest som kjører bil (53 %) eller går (28 %) Den største skilnaden mellom årets undersøking og den frå 2013 når det gjeld tilleggstransportmidlar i vinterhalvåret, er at det er fleire oppgir at dei kombinerer hovudtransportmiddelet med eit eller fleire andre. Særleg er det fleire som kombinerer hovudtransportmiddelet med bil enn det som var tilfelle i 2013. 11
Reisevaner i sommarhalvåret 12
Reisevaner i sommarhalvåret 13
Reisevaner i sommarhalvåret Reisevanane endrar seg lite i sommarhalvåret samanlikna med vinterhalvåret. I sommarhalvåret er det også buss/bane/tog som er det mest nytta hovudtransportmiddelet (43 %). Delen som har sykkel som hovudtransportmiddel går noko opp i sommarhalvåret (frå 8 % til 13 %. Det er små skilnader på hovudtransportmiddel i sommarhalvåret når vi samanliknar tala frå 2015 med tala frå 2013. 41 % nyttar buss i tillegg til hovudtransportmiddelet, 37 % kjører bil og 29 % går. I likskap med for tilleggstransportmiddel i vinterhalvåret, er den største skilnaden samanlikna med 2013 at det er ein større del som nyttar fleire transportmiddlar. 14
Biltype Heile 36 % av dei som kjører bil til/fra jobb kjører el-bil. 26 % har bensinbil og 33 % har dieselbil. 15
Parkeringsplass på fylkeshuset Av dei som har bil som hovudtransportmiddel, har 29 %, fast parkeringsplass i fylkeshuset. Delen med fast parkeringsplass på fylkeshuset er lågare enn i 2013 (44 %). Dette kan mellom anna ha samanheng med delen elbilar (desse parkerer gratis, men har ikkje fast plass). I tillegg er talet faste plassar redusert i perioden. Dei tilsette med fast parkeringsplass vart spurde om kva som skal til for at dei skal seie opp denne. Det tilhøve som går att i svara er betre kollektivtilbod. 16
Fasilitetar for el-bil 17
Fasilitetar for el-bil Blant dei som kjører el-bil svarar 63 % at dei vanlegvis parkerer på fylkesbygget. Elbilistane er svært godt nøgde med både lade- og parkeringsfasilitetane på fylkesbygget. Begge deler får 5,2 i snitt på ein skala frå 1 til 6. 18
Kvifor kjøre bil? 19
Kvifor kjøre bil? 20
Kvifor kjøre bil? At bil går raskare er den viktigaste årsaka til å køyre bil framfor å reise kollektivt eller gå/sykle. 34 % av dei som har bil som hovudtransportmiddel oppgir denne årsaka. I 2013 vart dette spørsmålet stilt på ein litt annan måte, men også den gangen var det flest som svara at årsaka er at bil er raskare (27 %). 14 % oppgir henting/levering av barn som viktigaste årsak og 12 % oppgir at det er fordi dei treng bilen i arbeidet (denne delen var høgare i 2013,24 %). 21 % svarar andre årsaker. Desse svara er i all hovudsak variasjonar/utdjupingar av dei oppgjevne alternativa, samt at nokre oppgir helsemessige årsakar. I tillegg til hovudårsak vart det spurd etter andre årsaker. Her er det 36 % som svarar at bil går raskare, 31 % oppgir for få kollektivavgangar og 28 % svarar at dei treng bilen i arbeidet. Det er også ein stor del som svarar at det er fordi dei må byte transportmiddel (21 %) og anna (25 %). 21
Har du forslag til tiltak arbeidsgjevar kan gjere for at DU skal bli motivert til å sykle til/frå jobb, eller eventuelt sykle meir til/frå jobb? Betre sykkelvegar Sponsing av utstyr Tilretteleggje for el-syklar (t.d. parkering) At fylkeskommunen stiller biler til disposisjon til tenestebruk Betre fasilitetar for sykkel/garderobe/oppbevaring Moglegheit for å legge inn reisetid/dusjtid i arbeidstida 22
Samkjøring 25 % av dei som kjører bil, samkjører allereie. Dette er ein auke samanlikna med 2013, då delen var 14 %. Til saman 44 % seier at samkjøring med kollega eller andre kan vere aktuelt, mens 30 % svarar at dette ikkje er aktuelt for dei. 23
Bruk av bil til tenestereise/yrkesreise 24
Bruk av bil til tenestereise/yrkesreise 25
Bruk av bil til tenestereise/yrkesreise Om lag halvparten av dei som har delteke i undersøkinga seier at det hender at dei kjører til jobb fordi dei treng bilen til tenestereise/yrkesreise (47%). Dette er om lag på nivå med 2013. På avdelingsnivå er det størst del blant dei tilsette ved Tannhelseavdelinga som oppgir at dei treng bil i arbeidet (77 %) Den største delen av dei som treng bilen i arbeidet (45 %) oppgir at dei kjører bil fordi dei treng den i arbeidet ein eller fleire gangar i året. 34 % svarar ein eller fleire gangar i månaden og 15 % svarar ein eller fleire gangar i veka. Delen som svarar at dei trenger bilen ein eller fleire gangar i veka er lågare enn i 2013 (25 %). 26
Sykkelparkering 27
Sykkelparkering 28
Sykkelparkering 94 % av dei som har sykkel som hovudtransportmiddel enten i vinter- eller sommarhalvåret oppgir at dei nyttar seg av sykkelparkeringa på fylkeshuset. Dette er ein liten auke samanlikna med 2013 då delen var 87 %. Dei som nyttar sykkelparkeringa er godt nøgde med denne. Til saman 58 % gjev karakteren 5 eller 6 på skalaen frå 1 til 6 der 6 er svært nøgd. Gjennomsnittet er 4,6. Dette er ein liten nedgang sidan 2013 då snittet var 4,9. 29
Tørkerom 30
Tørkerom 31
Tørkerom Alle som har delteke i undersøkinga var spurde om dei har nytta tørkerommet i andre etasje på fylkeshuset. Totalt 22 % oppgir at dei har nytta tørkerommet. Dette er ein auke frå 2013 då delen var berre 6 %. Om vi berre ser på dei som syklar, er det 29 % som svarar at dei nyttar seg av tørkerommet. Dette er ein nedgang frå 2013 då delen var 38 %. Misnøya med tørkerommet er stor. Heile 55 % svarar 1 på skalaen frå 1 til 6. Gjennomsnittet er 1,7. Dette er lågare enn i 2013 då snittet var 2,5. 32
Dusj/garderobeanlegget 33
Dusj/garderobeanlegget 34
Dusj/garderobeanlegget 15 % av alle som har delteke i undersøkinga nyttar seg av dusjgarderobeanlegget på fylkeshuset. Om vi berre ser på dei som syklar, er det 30 % som nyttar dusj/garderobeanlegget. Dei som nyttar anlegget er litt over middels nøgde med dette, gjennomsnittet er 3,6. Resultata på spørsmåla om dusj/garderobeanlegget er om lag på nivå med 2013. 35
Sykkelutlånsordninga 36
Sykkelutlånsordninga 37
Sykkelutlånsordninga 38
Sykkelutlånsordninga 39
Sykkelutlånsordninga 76 % oppgir at dei kjennar til sykkelutlånsordninga. Dette er ein betydeleg auke frå 2013 (53 %) Av dei som kjenner ordninga, er det til saman 22 % som har nytta seg av denne.19 % har lånt vanleg sykkel, 9 % har lånt elsykkel. Det vil seie at fleire av dei som har nytta ordninga, har lånt både vanleg og el-sykkei. 2013 var det 28 % som hadde nytta seg av ordninga (den gangen var det berre vanleg sykkel som var tilgjengeleg). Dei som har nytta sykkelutlånsordninga er godt nøgde. Gjennomsnittet er 5,4. Dette er høgare enn i 2013 då snittet var 4,6. Alle som har delteke i undersøkinga vart spurde om det hadde vore mogleg for dei å i større grad nytte sykkeltenesta i staden for bil når dei skal på møte utanfor fylkeshuset. 21 % svarar ja på dette spørsmålet. Dette er heilt på nivå med 2013. 40
Andre kommentarar til fasilitetane på fylkesbygget Utvide sykkelparkeringa Ruste opp tørkerom/garderobe Klårare skilje mellom dame og herregarderobe Ønskjer skap/oppbevaringsmoglegheiter (gjerne med lås) Utbetre glatt golv i parkeringshuset Betre vedlikehald av utlånssyklane Gjere solariet om til tørkerom/garderobe eller likande 41
www.hordaland.no/aud Kontakt: aud@hfk.no twitter.com/hfk_aud 42