www.vtnf.no Årsmelding 2009
Vest- Telemark Næringsforum (VTNF) er eit næringspolitisk organ og ein møteplass for å fremje kompetanse og nettverksbygging mellom medlemmene. Medlemsgrunnlaget er private enkeltmannstiltak, verksemder/selskap, rådgjevingsmiljø, høgskulen, bankar og organisasjonar i Vest- Telemark. Vest- Telemark Næringsforum er organisert som ei foreining med eige styre. I meldingsåret 2009 har styret hatt følgjande samansetting: Gunnar Eilefstjønn, Styreleiar, (Seljord Sparebank, Seljord) Andreas Lund (Sparebanken Sør, Kviteseid) Christin Norman (Dalen Hotel, Tokke) Johan Straand (Quality Straand Hotell, Vrådal) Arild Bondal, (Bondal AS, Fyresdal) Morten Olav Dyrud, (Dyrud Elektro, Seljord) Anne Lise V. Sandok (Ivistoga, Vinje) Hans Olav Kilen (Scana Mar- El, Dalen) Styret har handsama 29 saker i til saman 5 styremøter. I tillegg har enkeltpersonar eller delar av styret vore engasjert i ei rekkje enkeltsaker. Uro i finansmarkeda krisa er ikkje over men arbeidsmarknaden stabiliserar seg 2009 vart også prega av finansuro slik vi såg i 2008. 2009 vart likevel eit år der situasjonen normalisera seg ein del, sjølv om mange fekk merke krisa også dette året. For ein del er heller ikkje krisa over. For enkelte eksportreta verksemder er situasjonen framleis spent. Desse har opplevd sviktande marknader og nedgang i prisar. Særleg verksemder med lange leveringshorisontar mot ein internasjonal marknad er utsett. Her er det faktorar som kronekurs og internasjonal etterspurnad som virkar inn. Her vil ein utover i 2010 vere avhengig av at situasjonen tar seg opp. Reiselivsnæringa, som er svært viktig for Vest- Telemark, har også hatt eit år med betydeleg lågare etterspurnad, men ser ei stabilisering. For den utanlandske marknaden er både kronekurs og ei auka arbeidsløyse i Europa med på å prege besøkstala. For innanlandsmarknaden er særleg strammare tider i bedriftsmarknaden med på å redusere omfanget innan kurs/konferanse. Den innanlandske privatmarknaden viser imedan god bedring. For mange næringar har situasjonen stabilisera seg godt, og etterspurnaden er bra. Arbeidsmarknaden har stabilisera seg, noko ein særleg har sett på premiteringstala for regionen. Innan handel, bygg, og ei rekkje tenesteytande næringar er marknaden og utsiktene gode. Næringslivet i Vest- Telemark er prega av relativt stabile verksemder. Til trass for at det er få nyetableringar er det samstundes relativt sett får konkursar. Vest- Telemark har ei rekkje flotte utviklingsdyktige verksemder, og det skapar framtidstru dersom ein kan få rette rammevilkår for utviklinga vidare. 2
Medlemssituasjon VTNF representerar nær 40 prosent av arbeidsplassane i privat sektor Sidan oppstart har medlemsstalet auka jamt. I desember 2009 vedtok styre å fremje ein aktivitetskampanje for å auke medlemstalet. Denne har i hovudsak blitt gjenomført i starten av 2010. Figuren under visar medlemssituasjonen fordelt på kommunar i Vest- Telemark. Talet på medlemsverksemder har passert 100 og nærmar seg 110. Verksemdene har til saman ca 1480 tilsette i sine verksemder, som tilsvarar snaut 40 % av dei tilsette i privat sektor i Vest- Telemark. Etter litt over 3 års virketid er VTNF nøgd med å representere ein såpass stor del av næringslivet i regionen. Målet er likevel vidare vekst. Dess fleire som står saman for styrke og samarbeid i VTNF, dess større gjennomslag og påverknadskraft bør foreininga kunne ha. Strategiske utviklingsprosjekt - Utvikling av Vest- Telemark som ein sterk region er viktig for Næringslivet Mykje av arbeidet VTNF er involvert i handlar om å styrkje samarbeidet mellom kommunane i Vest- Telemark, og bidra til at regionen blir sterk. Dei fleste verksemdene er lite opptatt av kommunegrenser. Det betyr meir at rammevilkåra er gode og at regionen framstår som 3
attraktiv i høve til marknad og arbeidskraft. I så måte har det vore viktig med ei regional satsing på ein felles næringsplan. I 2009 har regionen sett i gang eit arbeid med å rullere den strategiske næringsplanen for Vest- Telemark. Den førre planen frå 2007 har virka ei stund. Ein del av tiltaka i planen har bli gjennomført, men fleire har også blitt redusert eller ikkje gjennomført på grunn av manglande finansiering. Rett før årsskiftet vart det sett ned ei ny gruppe som skulle arbeide med næringsplanen. I denne gruppa er for fyrste gong alle næringssjefane frå kommunane representert, saman med VTNF og VTNU. Gruppa leiast av regionsordføraren. VTNF er overtydd om at ei sterk forankring i kommunane er positivt. Næringslivet har ved fleire høve peika på behovet for eit tettare samarbeid i næringsrådgjevinga. Som deltakar i gruppa vil vi sørgje for at planen tar omsyn til næringslivets behov. Pågåande prosjekt i regi av VTNF Rekrutteringsprosjekt Rekrutteringsprosjektet for Vest- Telemark var og er ein av hovudsatsingane i gjeldande strategisk næringsplan for regionen. Bakgrunnen for tiltaket var situasjonen i arbeidsmarknaden i 2006/2007. Ei rekkje verksemder såg tilgang på kompetent arbeidskraft som ein av dei største utfordringane for eigen utvikling, lønnsemd og vekst. Prosjektet tok sikte på ulike tiltak med tilrettelegging for å bistå rekruttering av kompetent arbeidskraft. Prosjektet har hatt to grunnleggande element: NAV sitt arbeidsmarknadsnettverk skal ha ei sentral rolle, og arbeidet skal ha hovudfokus på å synleggjere Vest- Telemark som ein felles arbeidsmarknad. Prosjektets arbeid og strategiar har i stor grad blitt prega av ei finanskrise som førte til ei radikal endring i behovet for arbeidskraft. Det er lite som tydar på at det langsiktige behovet for kvalifisert arbeidskraft vil endre seg, men i prosjektets tidsrom frå 2007 2010 har dette hatt stor innverknad. Frå ein situasjon der alle verksemdene trengte fleire folk, fekk ein raskt ein situasjon med kraftig marknadsnedgang og vekst i tal på arbeidslause og permitteringar. For prosjektet har dette medført noko dreiing av fokus. Ikkje minst har dette kome som eit resultat av endra fokus i NAV. Den løpande rekrutteringsdelen av prosjektet har blitt mindre, samstundes som ein har fokusert langt meir på utviklinga av Vest- Telemark som ein felles arbeidsmarknad. Dette i dialog med aktørane i både offentleg og privat sektor. Etter snart 2 år med krisetider går utviklinga no i positiv retning. Tal for arbeidsløyse har stabilisert seg. Aktivitetsnivået for ein del av verksemdene i regionen har halde seg god heile perioden. Ein er framleis usikker på utviklinga for meir konkurranseutsett eksportretta næringar, men ei rekkje verksemder kjem no attende med behov for meir arbeidskraft. For den gjenståande prosjektperioden (til september 2010) vil prosjektet fokusere på å gjennomføre viktige utviklingstiltak knytt til marknadsføring og oppbygging av Vest- Telemark som arbeidsmarknad. Ein vil også ha fokus på det løpande marknadsarbeidet som skjer 4
primært gjennom NAV. Interessa for utanlandsk rekruttering er aukande og handterast primært gjennom samarbeidet med NAV Eures. Av viktige utviklingstiltak er realiseringa av fellesportalen telejobb.no det største og viktigaste. Denne skal lanserast i samband med Vest- Telemarktreffet i april 2010. Perspektivet etter prosjektets slutt er fleire. Vi konstaterar at arbeidet med utvikling av ein felles arbeidsmarknad for Vest- Telemark vil vere ein hovudutfordring i åra framover. Generelt er tilgangen på attraktive arbeidsplassar eit vesentleg punkt for å sikre busetting og tilflytting. Ved å synleggjere ein samla arbeidsmarknad, både for offentleg og privat sektor, vil mangfald, moglegheitar og attraksjon auke. Dette, saman med den enorme utfordringa vi ser i høve til alderssamansettinga av arbeidsstokken, gir slik prosjektet ser det tre hovudutfordringar: - Store grupper trer ut av arbeidslivet dei kommande åra som resultat av alderssamansettinga. Dette vil skape stort behov for rekruttering frå ei aldersgruppe med langt færre yngre. - Skal ein evne å tiltrekke seg arbeidskraft til store behov som pleie/omsorg, skule og helse, må det parallelt vere ein attraktiv arbeidsmarknad i privat sektor. Kompetansearbeidsplassar vil vere svært viktig. - Skal ein lukkast med å utvikle arbeidsmarknaden og attraksjonskrafta må ein synleggjere mangfaldet i heile regionen. Dette vil vere den viktigaste faktoren for å sikre busetting. VTNF vil jobbe for at ein framleis kan ha ei stor satsing på rekruttering av arbeidskraft og marknadsføring av Vest- Telemark som ein feles bu- og arbeidsmarknad. Fagnettverk Knoppskyting frå eksisterande verksemder er ein av dei viktigaste måtane å skape ny næringsverksemd på. Det har vore viktig for VTNF å fokusere på kor viktige eksisterande næringsliv er for å skape ny vekst. Prosjektet har hatt ei rekkje aktivitetar i 2009. Ein har mellom anna lagt til rette for fagsamlingar for å skape kunnskap om virkemiddelorningar. Det er sett i gang eit arbeid for å lage eit tettare nettverk for reiselivsnæringa. Ein har gjennom arbeidet med Vest- Telemark konferansen sett fokus på vekst i eksisterade verksemder og prosjektet har vore involvert i eit forprosjekt knytt til mogleg samarbeid kring innkjøp. Det er identifisert ei rekkje mindre næringsklynger i regionen, og prosjektet vil inn mot avslutning i 2010 utarbeide fleire møteplassar slik at desse kan utvikle seg. VTNF er gjennom deltaking i SIVIT (Samhandlingsforum for verdiskaping i Telemark) del av eit større nettverk som legg grunnlag for vidare nettverksatsing i Vest- Telemark. VTNF er overtydd om at utvikling gjennom formaliserte bedriftsnettverk vil vere ein viktig startegi for å utvikle lønsame og attraktive verksemder i Vest- Telemark i tida framover. 5
Bedriftsstyre med kompetanse Prosjektet har ikkje hatt krustilbod innan styrekompetanse i 2009, men vil arrangere ein avsluttande runde i 2010, før kandidatbasen leggast ut. Informasjon- og organisasjon Heimesida www.vtnf.no, har vore i aktiv bruk i 2009, og er den viktigaste informasjonskanalen frå VTNF. I 2009 vart det publisera 45 nyhetssaker på heimesidene. Kvar nyhetspublisering følgjast opp med eit nyhetsbrev som går til over 200 motakarar. VTNF merkar stadig større merksemd rundt aktiviteten og vil halde fram med ei offensiv informasjonsverksemd. Ein har i løpet av 2009 også hatt god mediedekning, og gode oppslag om fleire viktige saker. Årsmøtet i VTNF samla nær 45 medlemsverksemder til møte i Vrådal. Tema var motivasjon i krisetider der mellom anna Per Anders Nordengen bidrog. Næringspolitikk 2009 eit valår I samband med stortingsvalet i 2009 vart det gjennomført fleire arrangement og bedriftsbesøk, der vi fekk politisk merksemd rundt vitkige saker for næringslivet. Av større arrangement arrangera VTNF i samarbeid med NHO Telemark eit ope valmøte i Seljord rett før valet. Her stilte alle stortingskandidatane for å diskutere tema som kommunestruktur og samferdsel. Nær 70 tilhøyrerar deltok. VTNF har gjennom 2009 også engasjera seg i ei rekkje andre viktige saker, der vi i korte trekk kan nemne: - Skulestruktur i Vidaregåande opplæring med særleg fokus på realfagstilboet ved Vest- Telemark Vidaregåande skule - Ny regional utviklingsstrategi for Telemark Berekraftige Telemark - Plan for nye fylkesvegar - Politistrukturen i Vest- Telemark - Rullering av strategisk næringsplan - Arbeidsgruppa for stamveg 41 Gjennom det næringspolitiske arbeidet er VTNF også representert i ei rekkje samanhengar: - VTNF er ofte møtande i Vest- Telemark Rådet, og har jamlege kontakt med enkeltkommunar, Fylke og Storting for å fremje næringslivets interesse. - Medlem av ulike fora som Næringslivets Transportutval (NHO Telemark), Samhandlingsforum for innovasjon og verdiskaping i Telemark, arbeidsgruppa for strategisk næringsplan i Vest Telemark, Arbeidsgruppa for RV 41, vara til Arbeidsgruppa for RV 36 og E 134, Styringsgruppa for Vest- Telemark konferansen, Arbeidsgruppa for politistruktur i Vest- Telemark etc. 6
Samferdsel Arbeidet med samferdselsspørsmål er den klart viktigaste næringspolitiske enkeltsaka VTNF jobbar med. I tett samarbeid med NHO Telemark, der VTNF har plass i NHO sitt transportutval, har ein i 2009 forsøkt å fremme næringslivets syn i vegspørsmål i ei rekkje fora, miljø og instansar. VTNF konstaterar at det ber frukter å sikre ein omforeint strategi for samferdselssatsingar i Telemark. Ved framlegg av Nasjonal Transportplan kom prosjektet Århus Gvammen inn som fullfinansiert prosjekt i fyrste del av planperioden. Dette sikrar oppstart av dette svært viktige prosjektet, så sant NTP blir finansiert over statsbudsjettet. Fokus framover blir å sikre slik finansiering. Gjennom 2009 har ein også jobba mykje med påvirkning i høve til at det øvrige riksvegnettet utanom stamvegane vert fylkesvegar frå 2010. Det inneber at Telemark Fylkeskommunen overtek eit stort ansvar for mykje av vegnettet i fylket. Saman med dei eksisterande fylkesvegane har vi no eit berekna etterslep på vegane i Telemark (utanom stamvegar) på 2,2 miliarder kroner. Dette er formidabelt! VTNF har prioritert og vil leggje vekt denne saka framover. Ei styrking av desse vegane som er viktig, både som korridorar mellom kommunane i Vest- Telemark og for vare- og persontransport ut av regionen. I samband med endring av status for riksvegane var VTNF også involvert i å få oppgradert statusen til RV 41, som går frå Kristiansand til Brunkeberg. Denne har no status som stamveg, noko vi trur er viktig for vidare satsing. VTNF ser at dei viktige grepa kring stamvegnettet går rett veg. Prioriteringane er på plass men det manglar framleis mykje i høve til finansiering og framdrift. Kamp for tilstrekkeleg løyvingar over statsbudsjettet dei nærmaste åra må få stor prioritet frå heile regionen. Årsresultat 2009 økonomi og finansiering VTNF er finansiert gjennom følgjande kjelder: - Medlemskontigent - Prosjektinntekter VTNF fekk ei rekkje tilskot ved oppstart. Desse midlane er no utløyst. Medlemskontigent er i 2009 117.750. Dette er ei auke på 5.000 og stammar frå auka medlemstal. Resultatrekneskapen viser eit samla positivt årsresultat (etter finansinntekter) på 47.746 kroner. I rekneskapet blir dette avsett til anna eigekapital. Ny eigekapital pr 31.12.2009 blir etter dette 606.790. Saman med budsjettert medlemskontigent samt inntektsgrunnlaget som ligg i foreiningas prosjektportefølge, er det føresetnad for vidare drift av VTNF i 2010. Prosjekta VTNF er engasjert i har tidshorisont ut 2010. Dette gir eit godt grunnlag for økonomien i 2010, men legg også føringar på korleis ein kan bruke tida i foreininga. Det er derfor heile tida ei utfordring å finne inntektskjelder som i kraft av prosjekt eller tiltak er med på å oppfylle VTNF sitt formål. Strategisk jobbing med langsiktig finansiering vil vere eit prioritert arbeidsfelt også i tida framover. VTNF vil i løpet av våren 2010 fremje forslag til nye prosjekt som kan sikre vidare drift i VTNF. 7
Arbeidsmiljø VTNF har fast tilsett dagleg leiar i 100 % stilling. Foreininga disponerar kontor i Sparebanken Sør sine lokale i Fyresdal. Arbeidsmiljøet reknast som godt. VTNF jobbar også aktivt ovanfor sine medlemmer i høve til arbeidsmiljø/hms. Likestilling Kvinner og menn har like rettar i VTNF. Med kun ein person fast tilsett blir det tilfeldig om arbeidsstokken er mann eller kvinne. Styret i VTNF har i meldingsåret vore samansett av 6 menn og 2 kvinner. Ytre miljø VTNF har i lita eller ingen grad verksemd som påvirkar det ytre miljø utover vanleg energiforbruk knytt til reise og kontorhald. Framtidsutsikter Styret og dagleg leiar er godt nøgd med utviktinga i VTNF. I løpet av relativt kort tid er foreininga godt etablert og har blitt ein regional aktør. Næringslivet visar samfunnsansvar og engasjement ved å samarbeide om ei felles røst frå Vest- Telemark. Dette blir lagt merke til! I tida framover vil ein ytterlegare auke fokuset på medlemsengasjement og medlemsnytte. Verksemdene som engasjerar seg i VTNF må sjå at dette gjev resultat og har verdi. Styret håpar vi kan engasjere endå fleire i 2010, og saman bygge VTNF til eit sterkt fellesskap og talerøyr for næringslivet i Vest- Telemark. Vi vil med det oppfordre alle medlemmer til å engasjere seg. Bruk foreininga di, og prøv gjerne å engasjere andre. Fyresdal 17. mars 2010 Arild Bondal Styremedlem Christin Norman Styremedlem Anne Lise V. Sandok Styremedlem Olav A. Veum Dagleg leiar 8