STATUS FOR STRATEGIAR OG TILTAK. FYLKESDELPLAN FOR BIBLIOTEKA I HORDALAND VÅREN Vedlegg

Like dokumenter
konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

FYLKESDELPLAN FOR BIBLIOTEKA I HORDALAND

Høyringsuttale Bibliotekreform 2014

Biblioteklandskap i endring (Ref # )

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken for skuleåret

Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland Høyringsutkast

STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND

ULVIK HERAD SAKSPAPIR

Plan for utvikling av bibliotektilbodet for barn og unge i Hordaland Hordaland fylkeskommune 1997 ISBN

02. MAI ,Oo S 2. Seljord kommune. Kuhur Seljord. Kultur- og kyrkjedepartementet Pb Dep, 0030 OSLO

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Folkebibliotek i Hordaland. Bibliotekstatistikken 2013 Folkebiblioteka i Hordaland

Nytte og hygge (Ref #1075)

Strategi for kompetanseutvikling i folkebibliotek og skulebibliotek i Hordaland

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Sterk, spenstig og klar (Ref #aac8cee3)

Fordeling av støtte til biblioteksprosjekt. Modellbibliotek i Hordaland i 2016

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Saksframlegg. Kompetanseutvikling i biblioteka i Sogn og Fjordane

Skulebruksplan Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune prognosar Vedlegg 4

Bibliofil til vgs i Møre og Romsdal

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

Fylkesmannen i Hordaland

Bibliotekstatistikk for 2017

STRATEGISK PLAN FOR BIBLIOTEK I VIDAREGÅANDE SKOLAR I HORDALAND

Program for skulebibliotekutvikling kva skjer?

NHOs NæringsNM: Er Hordaland best på næringsutvikling? NHO-Hordaland årskonferanse 18.april 2013

Breiband til. alle i Hordaland

Innspel til Nasjonal bibliotekstrategi frå fylkesbiblioteksjefkollegiet

Gol bibliotek i Hallingmo kunnskaps- og kulturpark (Ref #1043)

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Regional plan for bibliotek til offentleg høyring og ettersyn

Folkebiblioteka i Hordaland Status og utfordringar

Overordna avtale om samhandling mellom det kommunale barnevernet og det statlege barnevernet i Region Vest

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Frivilligpolitisk plattform

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Servicetorgsjefen. Hoyringsuttale - " Bibliotekreform 2014" Kultur- og kyrkjedepartementet. Pb Dep 0030 Oslo

Debatt og opplevelser på tvers (Ref #b6a4857c)

Fordeling av støtte til bibliotekprosjekt. Modellbibliotek i Hordaland 2017

Avtale om partnarskap

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

utvikling av bibliotek i vidaregåande Bibliotekmøte Ellen Kristin Molvær

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Digitaliseringsfylket Hordaland

Oversyn prosjektsøknader - søknader ført på sak 2015 / Nummer på søknad ført under sak 2015/16043 står oppført saman med tekst

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Nye strukturar og vegen vidare

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Om Fylkesprognoser.no

Kulturrekneskap for Hordaland 2008 April 2009

Fjell kommune si personaloppfølging

Strategi for utvikling av skulebibliotek i vidaregåande skule Status pr 2019.

Korleis kan fylkeskommunen og kommunane i Hordaland samskape betre?

Kviteseid kommune 02. MAI 2007 Ø(,, (5 3- JAS. Sektor for service og utvikling MELDING OM VEDTAK. Kunu

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Statusrapport for prosjektet Biblioteklandskap i endring. Oppdatert og utvida versjon, desember 2011

Felles formannskapsmøte Flora og Vågsøy

23. APR FLORA KOMMUNE. Kultur- Saksgang : Motedato : Saksnr.: Kultur- og oppvekstutvalet /07

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Om Hordaland fylke FYLKESROS HORDALAND

REGIONALPLAN FOR BIBLIOTEK I ROGALAND : HØYRINGSUTTALE

Me snakkast! (Ref #74746d47)

Debattgledarar (Ref #b9f95e39)

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristine Breivik SAKA GJELD: Mellombels særavtale om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald for Vaksdal kommune

Fordeling av midlar til modellbibliotek i Hordaland 2019

Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/621 12/6208 C60 RIF

Overrca avtale samhandling mellom det kommunale barnevernet i omrle Fonna cget statlege barne i Region Vest

KRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Universitetet i Bergen Kollegiesekretariatet Bergen, 12. april 2007 Sak nr. 07/1687/008

- print preview

Prosjekt Leselunden (Ref #1074)

Det er ei avveging av kva som er regionalt og nasjonalt ansvar. Kompetansebygging er viktig for dei nye oppgåvene.

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Dykkar referanse: Vår referanse: Dato: / 151/ VH 22. mai 2007

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Strategi Forord

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Elev- og lærlingombod i HFK

Kommunedelplan for oppvekst

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Den kulturelle spaserstokken - tildelingar 2016

Varehandelstatistikk til bruk i utvikling av senterstruktur- og kjøpesenterpolitikk i Hordaland AUD-rapport nr

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

Kompetanseutvikling i bibliotek Spørjeundersøking i Hordaland Folkebiblioteka- Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Årsmelding 2009 Fylkesbiblioteket

Eksempel på fylkeskommunen sitt kunnskapsarbeid med folkehelse

DIGITALT OG LOKALT. Ein modell for digital tilgang og lokal forvaltning av lokalhistorisk materiale. Kommunane i Sunnhordland

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Anleggsutvikling i Hordaland. Kjell Gitton Håland nestleiar i Utval for kultur, idrett og regional utvikling

Transkript:

Målområde 1: Struktur og organisering Mål: Hordalandsbiblioteket skal etablerast som eit samarbeid mellom alle biblioteka i fylket. Strategi 1.1: mellom alle offentlege bibliotek om logistikk Mål: Hordalandsbiblioteket skal ha felles retningsliner knytt til effektivisering av lånesamarbeid og andre brukarretta tenester Tiltak 1.1.1 spartnarar Vedlegg Transportordning Biblioteka skal samarbeide om betre logistikk og meir effektiv utnytting av dei samla bibliotekressursane til mindre kostnad. Transportordninga er fjernlånssamarbeid mellom folkebibliotek i Hordaland og universitets- og høgskolebiblioteka i Bergen med kopling til biblioteka i resten av landet. Ordninga var våren 2011 ute på anbod og vil frå hausten 2011 omfatte 30 kommunar, bli meir effektiv og gjere det enklare for biblioteka i distriktet å låne av kvarandre. Gjennomført. Ordninga fungerer godt og deltakarane er svært nøgde. Effektivisering hausten 2011 har ført til auka deltaking 30 kommunale folkebibliotek, Universitetsbiblioteket og Høgskolebiblioteka i Bergen, Biblioteket ved NHH og Lærarakademiet Framdrift 2006/7-2011 Tiltak 1.1.2 Innføring av nasjonalt lånekort Bibliotekbrukarar kan nytte same kort i alle bibliotek i landet. Tenesta blir drifta av systemleverandørane, mens det kvart biblioteket kjøper inn lånekorta og legg lånarane inn i eit felles register. Alle elevar i vgs. i Hordaland får dette lånekortet i samband med utlån av lærebøker. Gjennomført. Lånekorta blei innført i vidaregåande skule frå hausten 2007. Felles lånereglement er under arbeid i dei regionale biblioteksamarbeida. spartnarar Alle biblioteka i fylket Tiltak 1.1.3 Felles søk i bibliotekkatalogane Som ein del av arbeidet med utviklinga av lånesamarbeid mellom biblioteka i Hordaland er det laga eit felles søk i bibliotekkatalogane via protokollen z39.50. Søket nyttast til fjernlån og oversyn over ressursane i Hordaland. Universitets- og høgskulebiblioteka sine katalogar ligg også inne i biblioteksøkportalen. Gjennomført. Systemet er ikkje optimalt, men det fungerer godt nok inntil det kjem på plass eit nytt system i fylkeskommunen våren 2012. spartnarar Alle biblioteka i fylket Framdrift 2007 Tiltak 1.1.4 om innkjøp Tidlegare har fylkesbiblioteket si samling vore samlokalisert med Bergen off. bibliotek. Frå juli 2007 har folkebiblioteka i fylket kjøpt inn materiale gjennom ei ordning med distribuert mediekjøp. Ordninga blir regulert gjennom retningsliner og skal ivareta folkebiblioteka sine behov for meir spesialisert materiale. Etter evaluering i januar 2008, blei ordninga lansert på nytt. Nyorganiseringa fekk ei positiv evaluering i 2011. I 2011 er kr 450.000 fordelt på 29 kommunar etter søknad. Gjennomført spartnarar Alle folkebiblioteka i fylket Framdrift 2007 2010 Tiltak 1.1.5 Tilgang til elektroniske dokument Side 1 av 10

Det er ei stor utfordring å gjere informasjonsressursane i biblioteka i Hordaland tilgjengeleg for alle. Elektroniske dokument er ei særskilt utfordring på grunn av opphavsrettslege og kommersielle problemstillingar. Utfordringar i høve til utlån av E-bøker på bibliotek har i siste del av planperioden blitt aktuelt. Det blir arbeidd med nasjonale løysingar på dette. Avventar nasjonale tiltak. Nasjonale aktørar Strategi 1.2: Etablere forpliktande samarbeidsavtalar mellom folkebibliotek Mål: Forpliktande samarbeid mellom folkebiblioteka i fylket skal etablerast gjennom ulike samarbeidsmodellar, ut frå lokale tilpassingar og føresetnader. Tiltak 1.2.1 1.2.2 1.2.3 Kartlegge og invitere folkebiblioteka til ulike samarbeidsmodellar Stimulere og ta initiativ til samarbeid mellom folkebiblioteka Stimulere interkommunal bibliotekplanlegging I Hordaland er følgjande kommunar involvert i regionale biblioteksamarbeid: 1. Nordhordlandsbiblioteka. Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy har ein samarbeidsavtale frå 1992 og er det eldste biblioteksamarbeidet i landet. Regionrådet gav støtte til ein felles utviklingsplan for tidsrommet 2006-2010. 2. Sunnhordlandbiblioteka: Stord og Fitjar starta samarbeid i 2002. Seinare kom Bømlo, Kvinnherad, Tysnes, Sveio og Etne med. Austevoll slutta seg til i 2010. Prosjektet fekk midlar frå ABMU til utgreiing av vertskommunemodellen, men konkluderte med at ein vil ha eit likeverdig samarbeid. savtalar mellom kommunane har vore oppe i kommunestyra. Felles nettstad blei lansert i januar 2011. 3. Fjell, Sund og Øygarden starta i 2003, og Askøy kom med i 2010. Kommunane har felles nettstad som blei opna i mars 2005 og blei relansert i 2010. Det er no sett i gang ein prosess for å utvikle samarbeidet vidare. 4. Hardangerbiblioteka: Odda, Ullensvang, Granvin, Ulvik, Kvam og Jondal. Granvin og Ulvik herad fekk hausten 2008 felles biblioteksjef. Utvikling av samarbeidet har til tider vore vanskeleg pga. mangel på personale, men er tatt opp att våren 2011. Regionrådet støtter prosjektet i 2011. Felles nettstad blir lansert hausten 2011. 5. Fusa, Samnanger og Vaksdal. etablert i 2010 for å realisere eit konkret prosjekt med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Kommunane har vedtatt ein intensjonsavtale om biblioteksamarbeid. har brukt mykje personalressursar på arbeid med biblioteksamarbeid og oppretting av nettstader. I tillegg er det gitt støtte til prosjektleiar og fleire ulike prosjekt og tiltak i planperioden. Gjennomført. Tre kommunar er ikkje involvert i biblioteksamarbeid (Bergen, Os og Voss) spartnarar Alle biblioteka i fylket Framdrift 2006-2010 Strategi 1.3: Utvikle gode skulebibliotek Mål: Strategisk handlingsplan for skulebiblioteka i vidaregåande skular i Hordaland skal gjennomførast i samarbeid med Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen. Kvaliteten på biblioteka i grunnskulen skal bli betre Tiltak 1.3.1 Gjennomføre strategisk handlingsplan for skulebiblioteka i vidaregåande skule Strategisk handlingsplan for skulebibliotek i vidaregåande skular i Hordaland, 2005-2010 blei vedteken i Fylkestinget i juni 2004. Ny plan for perioden 2011-2015 blei vedtatt på fylkestinget i desember 2010. Visjonen er at ein med eleven i sentrum skal ha skolebibliotek som er aktive og integrerte medspillarar Side 2 av 10

for å nå skolen sine overordna mål. Planen har strategiar med mål om betre bemanning, utvikling av tenestene og satsing på fleire gode modellar. Gjennomført, avløyst av ny plan i samarbeid med Opplæringsavdelinga Opplæringsavdelinga, dei 46 vidaregåande skulane i Hordaland. Framdrift 2005-2011 Tiltak 1.3.2 Etablere samarbeidsløysingar mellom folkebibliotek og bibliotek i vidaregåande skule Berre få skular har kort veg til folkebiblioteket, mens det i einskilde kommunar kan vere aktuelt å få til eit samarbeid mellom folke- og skulebiblioteket for å auke kvalitet begge stader. Gjennomført. Etablering av eit kombinasjonsbibliotek mellom Etne folkebibliotek og Etne vidaregåande skule i samband med påbygging av kulturhuset i Etne. Opning hausten 2011. Hordaland fylkeskommune, Etne kommune, Etne vidaregåande skule, Opplæringsavdelinga Framdrift 2007-2011 Tiltak 1.3.3 Etablere samarbeidsløysingar mellom folkebibliotek og bibliotek i grunnskulen For betre ressursutnytting, bør utvikling av skulebibliotek i mindre kommunar koplast til folkebiblioteket. Erfaringar frå Nordhordland viser at nært og forpliktande samarbeid har gitt auka fagleg kvalitet og betre skulebibliotektenester. Fylket har gitt prosjektstøtte og støtte til kompetanseutvikling. Gjennomført, kommunane Kommunane Tiltak 1.3.4 Vere aktive deltakarar i nasjonale og lokale lesekampanjar Gi rom for lesing Inkludert tiltak 3.5.4: Kurs i leseutvikling for skule- og folkebibliotek Gi rom for lesing (2003-2007) var ein nasjonal strategi og tiltaksplan for å stimulere elevar til leselyst og lesekunnskap. Fylket fekk midlar til å gi elevar og lærarar ulike tilbod gjennom denne ordninga. Hovudvekta var utvikling av kurs i nyare litteratur for lærarar i ungdoms- og vidaregåande skular og bibliotekarar. Dei hadde stor oppslutning våren 2007. Rapporten peiker på at skuleog folkebibliotek må bli enno sterkare aktørar i leseopplæringa. Restmidlane blei brukt til ein turné med poesiformidling og til kompetanseheving i 2008. Gjennomført. Fylkesmannen, kursregionane, Den kulturelle skolesekken, Utanningsforbundet og Kunnskapsløftet. Framdrift 2004-2008 Tiltak 1.3.5 Opprette faglege fora og nettverk for skulebibliotekarar Å sikre bibliotekfagleg oppfølging og støtte for skulebibliotekarane gjennom sentrale tenester, leiing og kompetanseutvikling. Å byggje på og dele fagkompetanse og erfaringar gjennom organisering av faglege nettverk. Gjennomført. Det er tilsett skolebibliotekkoordinator i 100% stilling, systemansvaret for biblioteksystemet er sentralisert, og det er oppretta faglege nettverk og ressursgruppe. Opplæringsavdelinga, It-seksjonen, skulane Framdrift 2005-2008 Tiltak 1.3.6 Utarbeide brukaropplæringsprogram Heile utdanningsløpet må sjåast i samanheng slik at elevar allereie frå grunnskulen får bibliotekopplæring. har saman med Høgskulen i Bergen deltatt i prosjektet tet Den informasjonskompetente lærar, som har Side 3 av 10

fokusert på informasjonskompetanse og utvikling av grunnskulebibliotek. Gjennomført, men det må utviklast nasjonale strategiar og kampanjar., nasjonale initiativ Framdrift 2009-2011 Strategi 1.4: Utvikle mobile bibliotektenester Mål: Mobile bibliotektenester må framstå som fullverdige bibliotekavdelingar i dei mindre lokalsamfunna, eller ha eit skreddarsydd tilbod til definerte målgrupper. Tiltak 1.4.1 Koordinering og planlegging av bibliotekbusstilbod 1.4.2 Tilskot til nye bibliotekbussar Fleire bibliotekbussar i Hordaland treng utskifting og nokre har også ledig kapasitet. Dersom mobile tenester skal ha ein plass i biblioteklandskapet må nye bussar tilby eit moderne bibliotektilbod tilpassa brukarane sine behov. Dei må vere effektive bibliotek med Internettoppkopling, kulturtilbod og eit brett utval medium. Fylkeskommunen kan inkludere tilskot til nye bibliotekbussar i kulturbyggstøtta. Igangsett. Dekkje kostnader til vising av bokbussen i Lindås i Fusa og Kvinnherad. Stipend til bokbussfestivalen i Åbo i 2011. Framdrift 2011 Tiltak 1.4.3 Tilskot til drift av bibliotekbussar Utvikling av mobil bibliotekverksemd må vere ein integrert del av ei heilskapleg planlegging, mens den einskilde kommunen eller samarbeidande bibliotek må ha ansvar for drifta. Nordland fylkeskommune har ein vellukka modell der kommunane har ansvar for drift, medan fylkeskommunen gir driftstilskot. Dette sikrar utvikling og stabilitet. Ikkje grunnlag for å setje dette igang Målområde 2: Kompetanse Mål: Alle innbyggjarar i Hordaland skal møte bibliotekpersonale med brei og oppdatert kompetanse. Strategi 2.1: Utarbeide kompetanseutviklingsprogram Mål: Kompetansebehov skal kartleggjast og definerast i relasjon til nasjonale og regionalpolitiske mål. Det skal utviklast opplæringsaktivitetar tilpassa kompetansebehovet i fylket. Tiltak 2.1.1 Kartlegge kompetansebehovet i Hordalandsbiblioteket Med kunnskap om kompetansebehovet, kan fylkesbiblioteket tilby riktig opplæring til overkomeleg pris i rimeleg nærleik til alle bibliotektilsette i fylket. Gjennomført. Kartlegging gjennomført i 2010. Strategi for kompetanseutvikling i folkebibliotek og skulebibliotek i Hordaland 2011-2015 blei vedtatt i Fylkesutvalet 23. juni 2011. Høgskulen i Oslo, journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag, Stabseining for analyse, utgreiing og dokumentasjon. Framdrift 2009-2015 Tiltak 2.1.2 Gjennomføre etter- og vidareutdanning av tilsette i biblioteka med vekt på pedagogisk og digital kompetanse Kompetanseutvikling og utvikling av biblioteka er parallelle løp, som har gjensidig positiv effekt. Fylkesbiblioteka er dei største kompetanseeverandørane på bibliotekområdet i landet og gjennomføring av forskjellige typar kurs og konferansar for ulike målgrupper er ei prioritert oppgåve i fylkesbiblioteket. Det blir også drive mykje individuell opplæring - særleg innan IKT. Gjennomført. Kompetansestrategien syner kva område som skal prioriterast fram til 2015 og det skal utarbeidast årlege handlingsplanar Side 4 av 10

Ulike utdaningsinstitusjonar og fagfolk. Tiltak 2.1.3 Auke skulebibliotekansvarlege (lærarar) sin bibliotekkompetanse Svært få grunnskular i Hordaland har fagutdanna bibliotekpersonale, men lærarar som ansvarlege for biblioteka. har hatt fleire kurs med desse som målgruppe og deltatt i prosjektet Den informasjonskompetente lærar (jf 1.3.4.) og i utveljing av dei seks skulane i fylket som har kome med i det statlege Program for skulebibliotekutvikling i 2011. Gjennomført Kommunane, fylkesbiblioteket, Høgskulen i Bergen, Universitetet i Agder Kommunane Strategi 2.2: Etablere lærande nettverk basert på kunnskapsdeling, rettleiing og kunnskapsbasert praksis Mål: Biblioteka i Hordaland skal kommunisere fritt og dele kunnskap og erfaring til beste for alle brukarar. Tiltak 2.2.1 Stimulere bibliotekarar til å ta kurs i kunnskapsbasert praksis og opprette nettverksgrupper Oppretting av grupper med deltakarar på tvers av bibliotektype og forvaltningsnivå i fylket, som kan møtast både fysisk og elektronisk. Gjennomført. Eit dagseminar i januar 2008, viste stor interesse for tema, det vil bli implementert i dei regionale biblioteksamarbeida. Folkebiblioteka Framdrift 2008-2010 Tiltak 2.2.2 Opprette regionale nettverksgrupper innan aktuelle område Kunnskap og erfaringar i biblioteka skal formidlast og utnyttast effektivt i fylket ved oppretting av ulike nettverksgrupper. Gjennomført. Det er i februar 2009 starta ei nettverksgruppe som skal arbeide vidare med fleirkulturelle bibliotektenester. Dei regionale biblioteksamarbeida har dannar faggrupper innan ulike område. Alle biblioteka i fylket Framdrift 2009-2010 Strategi 2.3: Stimulere utviklingsarbeid i kommunane Mål: Midlar frå stat og fylke skal bidra tilgjennomføring av regionale bibliotekprosjekt Tiltak 2.3.1 Etablere ordning med regional støtte til bibliotekprosjekt Prosjektmidlar er eit viktig verkemiddel for å stimulere til utvikling i folkebiblioteksektoren. Det blir kvart år utlyst nasjonale midlar til større nyskapande prosjekt, men det har mangla regionale midlar som kan stimulere til utvikling av biblioteka i eit regionalt perspektiv. I planperioden har det blitt utlyst midlar til prosjekt i Hordaland. Rask og kontinuerleg sakshandsaming har tilført biblioteka relativt små summar som har gitt gode resultat. Det er også gitt støtte til studieturar og deltaking på kurs og konferansar for bibliotektilsette i fylket. Gjennomført ABM-utvikling Framdrift 2009-2010 Målområde 3: Innhald og tenester Mål: Biblioteka skal tilby universelt tilgjengelege tenester og eit breitt spekter av innhald og medieformer. Tenestene skal tilpassast ulike brukargrupper ut frå regionale, lokale og institusjonelle Side 5 av 10

prioriteringar. Strategi 3.1: Styrkje biblioteka som bidragsytarar til digital kompetanse Mål:. Biblioteka skal styrkjast som møteplassar for opplæring i og bruk av digitalt innhald og digitale verktøy. Tiltak 3.1.1 3.1.2 3.1.3 Stimulere til opplæring i bruk av digitale verktøy for ulike brukargrupper Vidareutvikle biblioteka som møteplassar for digital deltaking og samhandling e med skule, foreiningar og andre om å setje fokus på trygg bruk av Internett Biblioteka er ein viktig arena for å auke innbyggjarane sin digitale kompetanse. Eldre og dei som står utanfor arbeidslivet, er særleg viktige målgrupper. For at Internett skal brukast trygt, er det også viktig å arbeide for digital dømmekraft blant barn, unge og foreldre. Ikkje igangsett Strategi 3.2: Tilby enkel tilgang til digitale bibliotektenester Mål: Det skal utviklast universelt tilgjengelege biblioteknettstader med høg kvalitet, som gir brukarane enkel tilgang til nettbaserte bibliotektenester og digitale innhaldsressursar. Tiltak 3.2.1 Etablere universelt tilgjengelege biblioteknettstader for kvar kommune eller region Tilgangen til digitalisert innhald og nettbaserte tenester for alle brukarar aukar. Utfordringa er å gi enkel tilgang, slik at brukarane opplever det digitale og fysiske biblioteket som eit heilskapleg tilbod. Kvar enkelt kommune har ikkje så store ressursar til innhaldsproduksjon. Ved å legge til rette for samarbeidsnettstader, deling og god digital formidling vil brukarane vere sikra tilgang og gode tenester på nett uansett kvar dei bur. Det skal utviklast gode, lokale biblioteknettstader ved hjelp av eit brukarvenleg, billeg og godt publiseringsverktøy med design og innhaldsmal spesielt for bibliotek. Verktøyet skal vere basert på open kjeldekode og vil gjere dei digitale bibliotektenestene universelt tilgjengelege for brukarane. Gjennomført. Mal/programvare er etablert. Felles nettstad for Sunnhordland, Biblioteka i Vest (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden) er opna. Nettstad for Hardangerbiblioteka blir lansert i 2011. Kommunane Framdrift 2008-2011 Tiltak 3.2.2 Utvikle og oppdatere nettbaserte bibliotektenester for ulike målgrupper i samarbeid mellom fag- og folkebibliotek Ved integrasjon av sjølvbetente tenester og lokale og nasjonale tilbod, får brukarane tilgang til døgnopne bibliotek og kan nyttiggjere seg alle tilgjengelege ressursar. Gjennom sterk brukardeltaking på nettstaden kan innbyggjarane vere med på å utvikle tenestene sjølve. Igangsett på nasjonalt nivå. Ved gjennomføring av ein nasjonal bibliotekstrategi kombinert med gode lokale nettstader (sjå 3.2.1), vil folkebiblioteka kunne tilby gode digitale tilbod. Nasjonalbiblioteket Tiltak 3.2.3 Etablere Den digitale bokbåtklubben Engasjement og brukardeltaking har vore målet for oppretting av Bokbåtklubben for barn. Medlemsbladet har blitt sendt ut til ca 1500 barn i grunnskulen i Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Frå haustturen 2008, blei bokbåtbladet erstatta av ein nettstad, der det er bokpresentasjonar, konkurransar og blogg frå turen undervegs. Gjennomført Side 6 av 10

Fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane Framdrift 2008 Tiltak 3.2.4 Utvikle nye tenester basert på sosial teknologi Gjennom sterk brukardeltaking på nettstaden kan innbyggjarane vere med på å utvikle tenestene sjølve. Biblioteka må bli kjende med sosial teknologi før ein kan ta i bruk slike tenester. Gjennomført. I november 2007 blei opplæringsprogrammet Digital og Sosial (Web 2.0) avslutta. Frå 2004 har deltakarar frå heile landet vore med på konferansar og verkstader om korleis vi kan forme og tilby bibliotekressursar på nettet i framtida. Opplæring i kva bibliotektilsette bør kunne om sosial teknologi (23 ting) blei gjennomført i 2008. Sosial teknologi er implementert i dei nye nettsidene til biblioteka. Biblioteklaboratoriet, fylkesbiblioteket i Buskerud mfl. Strategi 3.3: Styrkje biblioteka som fleirkulturelle institusjonar Mål: Biblioteka i Hordaland skal vere bidragsytarar til inkludering, integrering og kulturelt mangfald gjennom prosjekt og kompetansehevingstiltak. All tenesteutvikling skal ha eit fleirkulturelt perspektiv Tiltak 3.3.1 3.3.2 3.3.3 Prosjekt Vidsyn : Velkommen inn - grunnpakke for mottak av nye nordmenn på biblioteket Nye impulsar profilering av det fleirkulturelle Noreg Fellesskap biblioteket som fysisk og virtuell møteplass Prosjekt Vidsyn har gått ut på å styrkje biblioteka som fleirkulturelle institusjonar. I prosjektet er det utvikla verktøy for å forenkle arbeidet med denne typen tenester i biblioteka. Det er gjennomført kompetansehevingstiltak og oppretta et nettverk som skal arbeide vidare med fleirkulturelle bibliotektenester i fylket. Gjennomført. ABM-utvikling, Fjell og Lindås folkeboksamling Framdrift 2008-2009 Strategi 3.4: Universell utforming og fysisk tilrettelegging Mål: Det skal arbeidast for eit fysisk miljø i tråd med retningslinjene for universell utforming Tiltak 3.3.1 Kartlegging av biblioteklokale, innreiing og nettsider Utarbeide tidsplanar for utbetringar av bygningar, innreiing og nettsider Vere med på forsøk med elektronisk val i bibliotek Deltaking for alle, fylkesdelplan for universell utforming 2006-2010, har med tiltak om utprøving av digital røysting i folkebibliotek. I samband med dette har folkebiblioteka i Hordaland blitt spurt om status for universell utforming. Bibliotekleiarane har gitt ei kort vurdering av kor tilgjengelege dei meiner at biblioteka er. Ei prosjektgruppe i fylkeskommunen valde Stord, Fjell og Kvam til detaljert kartlegging, Kartleggingsrapportane er publisert på fylkesbiblioteket si nettside. Gjennomført. Strategi- og næringsavdelinga, kommunane Framdrift 2008 Strategi 3.5: Vidareutvikle kultur- og litteraturformidlinga i biblioteka ved å fremje leselyst og lesedugleik Mål: Biblioteka i Hordaland skal drive aktiv litteraturformidling av høg kvalitet, til flest mogleg. Tiltak 3.5.1 Auke tilbodet av litteraturprogram i Den kulturelle skolesekken Side 7 av 10

Den kulturelle skolesekken treng meir litteratur i sekken. Målet er å få til eit godt samarbeid mellom bibliotek, DKS, kommunekontaktar, skulestyresmakter, Norsk forfattarsentrum, forfattarorganisasjonar, bokhandlar og fagfolk ved høgskular og universitet. samarbeider med DKS og forfattarsentrum om litteraturproduksjonar, og er med på planlegging av dei litterære produksjonane i DKS i Hordaland. Gjennomført, men det er ønskjeleg å trekkje folkebiblioteka meir inn i arbeidet, Den kulturelle skulesekken (DKS) Kommunane Tiltak 3.5.2 Halde samlingar for bokpratarar, slik at dei kan vidareutvikle seg og danne nettverk Folkebiblioteka har personale som arbeider med bokprat og formidlingsteknikk. Dei ønskjer å møte andre bokpratarar for å diskutere og utvikle seg som formidlarar. Gjennomført. Fleire kurs og smalingar er arrangert Bok til alle Tiltak 3.5.3 Marknadsføre Bok til alle-bibliotek, leseombod og få fleire folkebibliotek til å bli med Biblioteka bør ha eit tilbod til lesesvake. 1) Organisasjonen Leser søker bok har sett i gang ordninga Bok til allebibliotek. Tiltaket gir biblioteka eit lite økonomisk tilskot til å kjøpe inn og marknadsføre lettesbøker. Biblioteka opprettar kontaktar i helsevesenet, for å etablere ei ordning med leseombod, som er vaksne som les høgt for andre vaksne. Målgruppene er eldre, synshemma, psykisk utviklingshemma og andre. 11 folkebibliotek er med. 2) Idrett og lesing er eit tiltak initiert av Foreininga!Les. Ein set ut bokbagar i idrettshallar og formidlar bøker til idrettsungdom mellom 13-19 år ved hjelp av garderobebibliotekarar. Til no er eit bibliotek i Hordaland med. Gjennomført. Gradvis auke av tal på Bok til alle-bibliotek. Samlingar og kurs for leseombod (personar som les høgt for andre) har blitt arrangert. I Leseåret 2010 blei det sendt ut 4000 bøker til arbeidstakarar ved utvalde bedrifter. Leser søker bok, Foreininga!Les, Kommunane Tiltak 3.5.4 Kurs i leseutvikling for skule- og folkebibliotek. Slått saman med tiltak 1.3.4 Tiltak 3.5.5 Utvikle utdanningsprogram i formidling Det er sett i verk eit nasjonalt program for litteraturformidling. Det er behov for både sentrale og regionale tiltak. Eit av måla er å få betre fram i lyset norske bøker som blir sendt til folkebiblioteka via innkjøpsordninga til Norsk kulturfond. Ei god bok treng god formidling for å få eit aktivt liv. Gjennomført. Kurs for bokpratarar. Kurs med formidlinga av nye skjønnlitterære vaksenbøker i tillegg til det årlege kurset Årets bøker for barn og unge. ABM-utvikling Tiltak 3.5.6 Vurdere å lage ein plan for lesing i Hordaland Lesing er ein grunnleggande kunnskap for anna læring, personleg utvikling og for deltaking i samfunnet. Rogaland fylkeskommune vedtok i 2005 ein eigen strategiplan for lesing. Dette kan og vere relevant for Hordaland. Ikkje igangsett på grunn av manglande ressursar. Side 8 av 10

Strategi 3.6: Styrke biblioteka som bidragsytar til auka livskvalitet i lokalsamfunna Mål:. Folkebiblioteka skal gi tilbod til nye brukargrupper og fleire skal oppleve det som meiningsfylt å gå på biblioteket Tiltak 3.6.1 Medverke til utvikling av gode biblioteklokale Folkebiblioteket skal vere ein attraktiv og inspirerande møteplass og kulturarena i lokalsamfunna. Satsing på gode biblioteklokale er ei god investering. Støtte til biblioteklokale bør inngå i tilskotet til lokale kulturbygg. Igangsett. Rådgjeving i konkrete saker, men det trengs ein meir systematisk gjennomgang og utarbeiding av ein tiltaksplan. Buskerud fylkesbibliotek har ein god modell for korleis dette kan gjerast. Kommunane Tiltak 3.6.2 Produsere og publisere digitale forteljingar på Eldreveven Eldreveven som nasjonal nettstad og kreativ møteplass, blei lansert 1. juni 2006. I 2007 fekk ein støtte frå ABM-utvikling til vidareutvikling av tilbodet. Veven er presentert på fleire konferansar og med artiklar i Seniornettavisa og Pensjonisten. Hausten 2007 fekk ein midlar frå Hauge-Tveitt08 til å utvikle digitale forteljingar og marknadsføring gjennom jubileet. Det blei også inngått eit samarbeid med Folkeakademiet Hordaland for å stimulere til fleire kreative skrive- og forteljarkurs for eldre i fylket. Forteljingane blei lansert i samband med jubileet i Norheimsund i juni 2008. Nettstaden blir oppdatert med nye tekstar, men det er ikkje ressursar til meir utvikling. Gjennomført Høgskulen i Bergen, Folkeakademiet Framdrift 2008 Tiltak 3.6.3 Stimulere til utprøving av ulike aktivitetar i biblioteket Tiltak 3.6.4 Tiltak 3.6.5 Med støtte frå fylket kan kommunane prøve ut ulike aktivitetar i biblioteket, jf. tiltak 2.3.1. Biblioteka treng også auka kompetanse på aktivitetar som kan skje i biblioteket, Gjennomført Lage eit seminar om litteratur, biografi og det å skrive frå eiga livshistorie Folkebiblioteka samlar og formidlar lokalhistorisk litteratur, om ulike tema knytt til stadar og personar. Ein kan setje søkelys på denne litteraturen, og prøve å stimulere fleire personar til å skrive om stad og om eige liv. Ikkje igangsett på grunn av manglande ressursar Bok på resept samarbeid med helsevesenet om innkjøp og formidling av fagbøker Som del av ei satsing på å nå spesielle grupper, ønskjer ein å få til ein auke i formidling i samarbeid med lag, foreiningar og aktuelle faggrupper. Ikkje igangsett på grunn av manglande ressursar Strategi 3.7: Styrke lokal identitet gjennom formidling av lokalhistorie i ABM-institusjonane Mål:. Brukarane skal få tilgang til rikdomen som ligg i kunnskaps- og opplevingskjelder, samstundes som kulturhistorisk materiale og dokument skal bevarast og sikrast for ettertida Tiltak 3.7.1 Utvikle felles inngang til søk i lokalhistoriske foto i Hordaland 3.7.2 Arbeide for felles inngang til lokalhistorisk materiale i Hordaland Sidan 2005 har fylkesbiblioteket vore involvert i prosjektet Digitalt og lokalt. Fylkesarkivet, fylkesbiblioteket og ei rekkje kommunar i Sunnhordland gjekk saman om å byggje opp ein regional modell for digital formidling og lokal Side 9 av 10

forvaltning av fotomateriale. I 2006 løyvde fylkeskommunen midlar til ei vidareutvikling og utviding av prosjektet. I Hordalandsbilder skulle fylkeskommunen gå saman med arkiv, bibliotek, musé, frivillige organisasjonar og kommunar i Hordaland for å gjere fylket sin fotografiske kulturarv lettare tilgjengeleg gjennom ein felles internettportal. I 2007 vart prosjektet ein del av ei større satsing på digitalt innhald og formidling på nett gjennom fylkeskomunen sitt prosjekt Nettbasert kulturformidling. Igangsett Fylkesarkivet i samarbeid med fylkesbiblioteket Fylkesarkivet, biblioteka i fylket Framdrift 2006 2007 Tiltak 3.7.3 Tiltak 3.7.4 Kartlegge lokalhistoriske samlingar i folkebiblioteka Dei fleste folkebiblioteka har ei lokalhistorisk samling. Det trengst ei kartlegging for å få oversyn og vurdere korleis desse kan bli meir tilgjengelege, og eventuelt arbeide for ei løysing som dei har i Sogn og Fjordane med Fjognedok. Ikkje igangsett på grunn av manglande ressursar Fylkesarkivet, biblioteka i fylket Gjennomføre eit kompetanseløft på nettbasert formidlingspedagogikk Tilsette i ABM-institusjonane i fylket bør få auka kompetanse på nettbasert formidling. Ikkje igangsett, men dette inngår i kurs og opplæring om bruk av sosiale medier og utvikling av nettsider. Strategi 3.8: Gjere tenestene kjende Mål:. Innbyggjarane i Hordaland skal kjenne til kva tenester biblioteka tilbyr Tiltak 3.8.1 Utvikle profileringsmateriell for det digitale og fysiske biblioteket Det innhaldsrike og varierte tenestetilbodet i eit moderne bibliotek er ikkje kjent for alle. Det er behov for sterkare synleggjering av biblioteka og kva dei kan tilby kvar enkelt innbyggjar. Alle bibliotektenester må marknadsførast på ein måte som når ut til målgruppene. Ved systematisk satsing på informasjon om tilboda i ulike kanalar, kan ein nå ut til ei brei målgruppe. Felles regionale nettsider er eit sentralt verkemiddel i denne samanhengen. Gjennomført. Sunnhordlandsbiblioteka har fått støtte til å utvikle ein designprofil og eit designprogram som skal nyttast i kommunikasjon med publikum på nettet og i skriftleg materiale., Sunnhordlandsbiblioteka. Tiltak 3.8.2 Marknadsføre bibliotek til grupper som i dag ikkje er brukarar, eller som bruker biblioteket lite 3.8.3 Marknadsføre Hordalandsbiblioteket (alle offentlege bibliotek) sine tenester Jf. ttiltak 3.8.1. Ikkje igangsett på grunn av manglande ressursar. Oppsummering Målområde Strategiar: Tiltak: Gjennomførte Igangsette Ikkje Nasjonal Totalt igangsette oppgåve 1. Struktur og organisering 4 12 2 1 1 16 2. Kompetanse 3 6 6 3. Innhald og tenester 8 15 2 11 1 29 Totalt: 15 33 4 12 2 51 Side 10 av 10