Innhold i Kraftverk 25



Like dokumenter
Innhold i Kraftverk 23

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.


LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Innhold i Kraftverk 22

Jon Fosse. For seint. Libretto

mmm...med SMAK på timeplanen

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Brødsbrytelsen - Nattverden

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn


Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Valdres vidaregåande skule

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.


Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Kvinne 30, Berit eksempler på globale skårer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Månadsbrev for Rosa september 2014

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Brannsår, rus eller friheit?

I N N H O L D. Forord

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Refleksjon og skriving

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Brukarrettleiing E-post lesar

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Informasjon til elevane

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Med tre spesialitetar i kofferten

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Lisa besøker pappa i fengsel

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Terry og Sammy har satt seg ved bordet. Terry leser i menyen mens Sammy bare stråler mot ham. TERRY... Jeg beklager det der i går.

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Metodiske verktøy ved kursleiing

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

IKT-kompetanse for øvingsskular

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Brukarrettleiing. epolitiker

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Om å høyre meir enn dei fleste

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Transkript:

Innhold i Kraftverk 25 Totalt 27 bidrag fra 12 skrivere: 21 dikt, 2 prosatekter og 4 aforismer KRISTIN BERGAN: 2 dikt Livet ber om godbiter... Stjerneklart ute... ELSE KARIN CORNELIUSSEN: 2 dikt Fall til ro... Sanning ALF KJETIL FLATØY: 1 dikt Den knekte trone ÅSE FLATØY: 1 dikt (debutant) Menneskebarn BODIL HANSEN: 4 dikt Den vesle bekken... I draumen... Det er berre bjørka... Dansen i draumlause... GUNHILD HOFSTAD: 2 dikt Innleggelseskake, lett Runddans ROLF JOHNSEN: 4 aforismer Det kan være et slit... Det er noe godt... Enkelte putter... Det er lettere å spørre... HARALD JUUL: 2 dikt Draumen om Hagelin LISE J. LIBAK: 1 dikt Grått farger grått ANNE GRETHE LØSET: 1 prosatekst og 3 dikt Reminisens Du har frose... Berre litt av ansiktet... Du må behandlast... Forord Systemsirkulasjon av redaktør Fanny Holmin Essay Skrivelysta av forfatter Rune Belsvik Rune Belsvik (f. 1956) debuterte i 1979 med "Ingen drittunge lenger". Belsvik skriver både for barn og voksne, også dramatikk. Bøkene om "Dustefjerten" har gledet mange og gjort Belsvik godt kjent. Ungdomsboka "Ein naken gut" fikk Brageprisen i 2000. Belsvik bor i Kristiansand. Utgiver Bergen Kommune seksjon for kunst og kultur Redaktør Fanny Holmin Fanny Holmin (f. 1969) er poet og scenekunstner. Hun debuterte som lyriker i 1997, og bor i Bergen. Hun er produsent og utøver i egne sceneproduksjoner, og samarbeider med musikere, videokunstnere og dansere. Redaksjon Henning Bergsvåg, Mariann Dalen Husveg, Torfinn Langelid, Randi Magnussen, Gunnar Staalesen Formgivning Ian Holcroft, Fuggi Baggi Design. Bergen ISSN: 1502-9883 Kraftverk Mer informasjon finner du her http://www.kraftverkprosjekt.com/litteratur UNNLAUG OPPEDAL MESSAOUDI: 1 dikt Utanfor EINAR SAGEN: 1 prosatekst og 2 dikt Nattverden Mål og meining Marknaden har ikkje ansikt...

Systemsirkulasjon Noko må gjerast. Eg har visst det lenge, og venta lenge på denne dagen då noko endeleg blir gjort. Det er verktøyskrinet denne gongen. Det er som om verktøya har tatt fullstendig overhand over alt her, dei har flote heilt ut. Eg har hatt så mykje å reparere og endre på siste tida. Alle verktøya ligg strøydde rundt, det er farleg, eg kan jo trakke på dei og skade meg. Endåtil inni dynetrekket finn eg lause skruar. Her ser ikkje ut. Eg vil ikkje ha det slik lenger. Eg treng ikkje denne tonga lenger. Eg har slutta å knipe. Eg kan kvitte meg med henne. Men kan eg vere heilt sikker? Kva viss eg skulle kome til å trenge henne igjen ein annan gong, kva viss det kjem ein dag i framtida då eg er nøydd til å knipe til igjen? Eg treng i alle fall ikkje slike mengder med hyssing. Det blir berre surr og eg har tenkt å slutte å surre så mykje rundt. Dessutan har eg som mål å slutte å knyte. Eg treng verken fleire flokar eller lause trådar eller snubleløkker på overraskande stader. Eg nøstar hyssingstumpane saman. Dei er så fine alle saman, når dei ligg pent bunta i hop oppå bordet på rekke. Bruk meg, bruk meg! Ropar den grønspraglete skoreima. Nei, ta heller meg! Kvin den mørkblå vevde med glans i. Jammen eg då? Sutrar den rosa silketråden. Meg likte du jo så godt før? Du treng oss nok ein vakker dag. Vi skal vere lydige og ryddige, ta vare på oss! Eg gir etter. Dei skal få lov å bli. Så lenge dei oppfører seg. Eller, så lenge eg oppfører meg. Og ikkje vasar dei saman i vås utover kvar kvadratmeter rundt meg lenger, men brukar ein og ein når dei trengs, og legg dei fint på plass etterpå. Men hammaren brukar eg sjeldan. Eg er ikkje lenger tilhengar av å slå ting så hardt fast. Det kan vere både fint og fleksibelt med litt slark, kanskje gledeleg overraskande, no når eg nesten har slutta å vere redd for lause og usikre tankar som ikkje prøver å late som om dei er bombesikre. Skrujarnet vil eg behalde. Eg kan jo framleis skru meg til. Kan vere godt å ha noko til å hjelpe seg ut av knipa med då. Jenke seg ut av gjengane og dei fastlåste spora. Og sandpapiret fascinerer meg. At eg kan bruke noko som er så rutt til å gjere noko anna glatt og slett og mjukt. Logisk sett skulle ein tru at ein trengde noko mjukt for å lage mjuke ting. Men det er ikkje alltid slik. I blant treng eg stikkande sandpapir for å mjuke ned det kvasse og skarpe. Av dei alle er sylen den mest skumle. Samtidig er han så nyttig. Han passar liksom til ein ting, jobben sin. Å stikke hol der det trengs. Der verken må kome ut for eksempel, eller der eg treng eit kikhol. Det skumle med han er tanken; på at han kan bli brukt på feil stad. Det er ein sjanse som må takast. For utan sylen, er eg sjanselaus mot byllen. Men vateren og meteren skal bort. Det einaste dei finn ut av er at visse ting ikkje stemmer. Og det veit eg jo frå før av. Dei slår fast det skeive og det ufullkomne tørt og kontant, utan å ha eit einaste konkret forslag om endring. Så kva skal eg med dei. Skulle eg nokon gong bli i tvil om noko er skeivt eller rett, så må jo det vere eit teikn på framsteg. At eg ikkje ser forskjell, meiner eg. Då er det vel heilt i orden om ting er slik som dei er. Sånn. No ser her nokolunde ok ut. Det skal vere råd å ta over, ta seg fram, få oversikt eller innsyn. Eg kan trygt og vemodig takke av, og gå ut i foreldrepermisjon ved utgangen av april. Redaktørarbeidet har vore ei stor glede. Takk til skrivarane for alle tekstene redaksjonen og eg har fått lese og følgje på vegen fram mot publisering, eller runden tilbake til vidare vekst og endring. Velkommen til forfattar Rolf Enger som tar over som redaktør for Kraftverk i vår. Og ein stor takk til prosjektleiar Livelin Remme for all tillit og godt samarbeid. FANNY HOLMIN

Skrivelysta Det hender eg løftar blyanten, og at alt som kjem ut av meg er tårer. Ja, eg skriv med blyant. Eller ein svart eller blå tusjpenn. Så fører eg inn på PC etterpå. Men det hender altså at eg løftar pennen over det kvite arket, og så kjenner eg at eg ikkje vågar. Eller eg har ikkje noko å skriva. Eller redsla for at det eg skal skriva vil vera for dumt. Eg tenker at denne gongen vil eg bli avslørt. No vil det komma fram kor lite peiling eg eigentlig har på alle ting. Kor liten og dum eg er i verden. Kor håplaus eg er på botnen. Kor dårlig eg følgde med i timane. Kor mangelfull kunnskapen min er. Kor avhengig eg er av flaks og velvilje. Men så tenker eg at faen heller, her sitt eg jo og har tid og høve til å skriva, at eg treng pengane denne boka kan gi meg, at eg ikkje orkar å begynna som bussjåfør, at det å våga å skriva må vera noko av det tryggaste og enklaste i verden, når eg tenker på dei som verkelig slit med verkelige problem. Ikkje svelt eg. Ikkje er eg i krig. Ikkje sitt eg i fengsel. Ikkje er eg forfølgd. Eg sitt på ein av dei tryggaste stadane i verden, og alt eg treng å gjera er å dikta ei forteljing eller skriva om noko som har skjedd. Men så vågar eg ikkje. Nei. Eg løftar blyanten over det kvite arket. Eg hører lyden av ein gravemaskin ute. Lyden av trafikk og eit fly. Og eg tenker at ho som kjører gravemaskinen og dei som kjører bilane og passasjerane og mannskapet i flyet dei er med på noko betydelig. Dei er med i den viktige strømmen av hendingar og arbeid og samtalar i samfunnet, og her sitt eg, liksom har lurt meg unna alt, sitt beskytta i eit oppvarma rom, og alt eg har å gjera er å føra blyanten over arket slik at det står ei forteljing der, ei forteljing som ingen har bedd meg skriva, og som, viss ho kjem på trykk, kjem til å bli lest av nokre ganske få individ, ja det er alt eg har å gjera. Men så vågar eg ikkje. Eg får det ikkje til. Eg begynner å grina. Og det er så skamfullt å grina for så lite. Men eg reiser meg ikkje og går. Eg blir sittande med blyanten over det kvite arket, mens bølgjene av skam og redsle skyller over meg. Jo, forresten eg reiser meg og går på kjøkenet for å sjå om det er noko søtt i hjørneskapet. Ein sjokolade eller nokre gamle kjeks. Og så får kona auga på meg. Ho ser at eg ikkje har det godt. No har du halde på slik lenge nok, seier ho. Du må gå til legen og sjukmelda deg. Men eg vil ikkje forstyrra legen med mine små problem. Han har sjuke folk å ta seg av, og så skulle eg komma og forstyrra han fordi eg ikkje får til å skriva. Du skal gå til legen, seier kona mi. No har du gått slik i to månader. Du gjer ikkje noko anna enn å plaga deg sjølv. Så går eg til legen. Sitt på venterommet i lag med folk som verkelig er sjuke. Eg skjemst. Korfor skulle eg begynna å skriva? Var det det at eg ville forandra og redda verden? Var det i håp om å bli rik og berømt? I håp om å sleppa unna med så lett arbeid som mulig? Var det ikkje noko med at eg ville våga å tru på ei stemme eg følte eg hadde. At det var noko i meg som eg ønskte å lytta til og få fram. At det sto ein redd gut der inne som eg ville fortelja til. At det å vera i denne verden var så underlig og av og til så smertefullt at eg ville leita fram ei ærlig forteljing som kunne nøra opp om motet til å leva i samsvar med mine eigne sansar. Ja, eit forsøk på å tru det eg såg og hørte. Eit forsøk på å gi følelsane eit uttrykk. Og så skulle eg bli berømt for det? Og så skulle det endra verden? Å, eg visste ikkje. Eg kunne ikkje hugsa det. Men eg hadde ein gong fått skryt for skrivinga mi. Eg ville så gjerne ha meir skryt. At nokon syntest eg var god nok. Av og til meir enn god nok. Å, ja. Å, nei og nei. Det er ikkje lett for meg å fortelja legen kva som plagar meg. Å, nei, det er i grunn ingenting, men kona mi sa eg burde kanskje gå til deg og, ja, nei, det er jo berre det at eg får berre ikkje til å skriva, det blir berre grining og sånn og, nei, ja, eg får det berre ikkje til, sitt berre og sutrar og heng og er redd for å skriva noko som helst. Så gir legen meg ei gåve. Han gir meg skriveforbud. Eg skal ikkje berre sleppa å prøva, nei, eg får ikkje ein gong lov å prøva. Ikkje på ein månad. I tillegg blir eg sjukmeld. Han seier eg er utsliten. Så utsliten at eg treng kvile. Han seier eg bør gå turar til sjøen. Glo ut i bølgjene. Sjå opp mot stjernene. Tenka på kor lang verdas forteljing er, og kor kort del av den forteljinga eg er med i. Og komma tilbake om ein månad. Å, kor godt det er å ikkje skriva. Å sleppa taket i blyant og papir. Berre glo ut i lufta. Gå til sjøen og sjå på bølgjene. Berre sjå på dei. Eg treng ikkje telja dei og ikkje skildra dei. Berre la dei dura på. Å, men det er godt å glo opp i stjernehimmelen. Herregud kor deilig liten eg er, når eg står og ser på stjernene. Og kor lenge sidan er det det var dinosaurar på bakkane her? Kor mange år skal eg vera i denne verden? Det er så godt å sleppa. Å gi opp. Gi opp. Rett og slett gi heilt opp skrivinga. Så det andre får høve til å sleppa inn i livet mitt igjen. Verden. Sjøen. Himmelen. Kona mi. Katten. Men etter berre åtte dagar blir eg trygdemisbrukar. Eg kan ikkje for det. Men ei hemmelig, dunkel og gammal lyst rører seg i meg. Lysta til å juksa litt. Og så snik eg meg inn på skriverommet mitt. Lurer meg til å skriva nokre setningar. Ja, berre nokre få. Og så snart den vesle lysta er fornøgd, så stikk eg ut igjen. RUNE BELSVIK