Notat som vedlegg til K-sak 02/16 Driftssituasjonen i Pleie og omsorg I formannskapsmøte 1.04 sak 021/16 vart det gitt tilleggsinformasjon frå rådmannen og rådmannen fremja følgjande forslag til tillegg i vedtaket: «Til førstkomande kommunestyremøte 27.04. utarbeider rådmannen eit notat som gjer greie for kostnader/driftskonsekvensar ved å rehabilitera sjukeheimsplassar i staden for ombygging til omsorgsbustader trinn 2.» Med denne bakgrunn gjorde formannsskapet følgjande vedtak: «FOR-021/16 VEDTAK: Kommunestyret tek saka til orientering. Til førstkomande kommunestyremøte 27.04. utarbeider rådmannen eit notat som gjer greie for kostnader/driftskonsekvensar ved å rehabilitera sjukeheimsplassar i staden for ombygging til omsorgsbustader trinn 2.» Rådmannen utfører dette oppdraget ved å ta for seg følgjande punkt i dette notatet: Har vi mange eller få sjukeheimsplassar? Kven dreg nytte av desse plassane? Rehabilitering av dei 12 sjukeheimsplassane: Løysingar, kostnader, formalitetar og framdrift Drift av 12 sjukeheimsplassar i staden for 6 omsorgsbustader Har vi mange eller få sjukeheimsplassar? Kven dreg nytte av sjukeheimsplassane? Sjukeheimar i dag løyser generelt mange oppgåver: Bu- og behandlingstilbod for dei sjukaste og svakaste eldre Bu- og behandlingstilbod for personar med alderspsykiatriske lidingar, spesielt demens Avlastnings- og rehabiliteringsfunksjonar Tryggleiksplassar for eldre som bur heime Lindrande behandling ved livstrugande sjukdom (palliativ behandling) Etter ombygging av sjukeheimsplassar, trinn 1 (bortfall av fire sjukeheimsplassar) har vi i Fusa 41 sjukeheimsplassar, fordelt slik: 16 plassar for pasientar med demens 1 korttids- og rehabiliteringsplassar (to av dei i rehab.leilegheit tilknytt omsorgsbustadene ved FBBS) 12 langtidsplassar
Vi har dessutan ein plass som er ØH-seng (øyeblikkeleg hjelp mellomnivå mellom sjukehus og sjukeheim knytt til samhandlingsreforma). Denne plassen er ikkje ein ordinær sjukeheimsplass, og vi ser difor bort i frå han når vi tel opp tal sjukeheimsplassar. Dei 16 demensplassane vert prioritert til personar med demens som treng tilrettelagt miljø. Dei 1 korttidsplassane skal nyttast til kartleggings-, behandlings-, avlastnings- og rehabiliteringsopphald for heimebuande, og som rehabiliteringsopphald for pasientar som kjem frå sjukehus, eller som ikkje kan reise heim etter opphald i ØH-senga. Plassane vert også nytta for alvorleg sjuke som er i ein sluttfase av livet og som ikkje ønskjer å døy heime. Med det presset som har vore på langtidsplassar i 2015 og særleg frå 2016 har det ikkje vore mogleg å nytte korttidsplassane etter intensjonen. Dette går sterkt utover tilbodet som skulle vore. Dei 12 langtidsplassane er eigna for pasientar med omfattande hjelpebehov. Totalt utgjer dette 41 sjukeheimsplassar. Etter ombygging, trinn 1, har vi dessutan følgjande tal omsorgsbustader hovudsakleg disponert av eldre: 14 på Eikhovdaheimen, 12 på Helsetunet på Baldersheim og 15 ved FBBS i Eikelandsosen; totalt 41. Det er ikkje slik at omsorgsbustadene er øyremerka eldre. Jf. bustadsosial plan, som seier at bustadene kommunen har skal brukast fleksibelt. Den delen av ombygginga på FBBS som vi no revurderer, gjeld ombygging av dei 12 langtidsplassane til 6 omsorgsbustader. Spørsmålet er om ein skal byggja om desse plassane til omsorgsbustader eller rehabilitera bygningsmassen og behalda dei som sjukeheimsplassar. Kva er mest framtidsretta? Kva er dei økonomiske konsekvensane? Langtidsplassar i sjukeheim er for dei sjukaste og svakaste. Hovudsakleg gjeld dette eldre. Plassane har tilknytt tilsynslege, slik at pasientane har raskt tilgang til legetenester ved behov. Lægeforeningen skriv m.a. dette i sitt policynotat 9/2012: «Bygging av omsorgsboliger og sykehjem må baseres på kommunens faktiske behov og ikke økonomi». SINTEF Arkitektur og Byggteknikk har gitt ut heftet: «Omsorgboligen et ledd i en ny omsorgspolitikk for eldre?». I sluttkapitlet med tittelen «Hva fant vi ut?» heiter det m.a.: «De eldre har mange forskjellige behov, og ønsker mange forskjellige tilbud. Valgfrihet og fleksibilitet er kanskje derfor det viktigste målet for framtidens eldreomsorg». Helsetilsynet i Troms argumenterer i kronikken «Sykehjem eller omsorgsbolig?» for at ein må kunna tilby eit fleksibelt tilbod, dvs. både omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Vidare uttaler dei at: «De mest pleietrengende, slik som personer med alvorlig demenstilstand og/eller behov for omfattende sykepleie, må gis tilbud om sykehjemsplass». Kostradata pr. 1.12.2015 gjev utdjupande info om plassane, bruken av dei og grunnlag for å samanlikna oss med kostragruppa vår, gjennomsnittet i Hordaland og i landet utanom Oslo. Vi har i kostrarapporteringa operert med same tal sjukeheimsplassar som skildra etter trinn 1 av ombygginga, altså 41 plassar:
Fusa Kostragr. 2 Hordland Noreg eks Oslo Prioritering og dekningsgrader, Kostradata F1 konsern, 2015 Del bebuarar i bustad til pleie- og omsorgsføremål 80 år+ 45, 50,6 8,6 9,2 Del innbyggjarar 80 år + i bustad med heildøgns bemann. 4,8 5,1 2,4,9 Plassar i institusjon i % av innbyggjarar 80 år + 18,1 19,2 20,1 18,2 Del plassar i institusjon og heild.bemanna bustad i % av bef. 80+ 27 0 28 29 Del bebuarar på institusjon under 67 år 11,6 5,7 11,8 11,1 Del innbyggjarar 80 år + som er bebuarar på institusjon 14,5 1,7 14,4 1,1 Utdjupande tenesteindikatorar: Del plassar sett av til tidsavgrensa opphald, 18,4 22,5 19 Del plassar i skjerma eining for personar med demens 8,1 27,7 24,6 26,1 Del plassar sett av til rehabilitering/habilitering 26,2 8,5 6,6 7,9 Del brukarar i inst. m/omfattande bistandsbehov, tidsavgr. opphald 5,8 7, 42,4 4,8 45 % av bebuarane i omsorgsbustadene våre er eldre 80 år+. I høve til alle som er 80 år + i Fusa bur 4,8 % av dei i omsorgsbustad. Etter trinn 1 har vi litt lågare institusjonsdekning i høve til aldersgruppa 80 år + enn samanlikningsgruppene. Vi har plass til 27 % av befolkninga vår på 80 år+ i omsorgsbustad tilknytt heildøgnsbemanning eller sjukeheim dersom alle plassane vart brukt til denne aldersgruppa. Dette er litt mindre enn alle samanlikningsgrupper. Heile 11,6 % av dei som faktisk bur på institusjon er yngre personar (dette må vi i all hovudsak sjå i samanheng med korttidsopphald). I høve til alle som er 80 år+ i Fusa bur 14,5 % på institusjon. Om vi summerer dei som bur i bustad med heildøgns bemanning og i institusjon, bur 19, % av dei eldste i Fusa i desse buformene. Dette er litt høgare enn i samanlikningsgruppene. Ein svært stor del av talet på plassar i institusjon er sett av til tidsavgrensa opphald; heile %. Heile 8 % av plassane er sett av til skjerma demensplassar. Svært stor del av plassane er sett av til rehabiliteringsopphald (må sjåast i samanheng med tidsavgrensa opphald). Ein stor del, meir enn halvparten, av dei som er på korttidsopphald har omfattande bistandsbehov. I samband med Velferdsplanen utarbeidde Ressurssenter for Omsorgstenester (RO) ein rapport september 2009 som vart lagt som eit vedlegg til planen. RO brukte tilgjengelege kostradata, dvs. for 2008, og fann at Fusa hadde høg dekning av institusjonsplassar i høve til talet på eldre over 80 år, 22,2 % (kostra 2015: 18,1 %), medan tilsvarande tal for landet var 18,9 %. Vidare viste kostradata den gongen at 24,7 % av innbyggjarane i Fusa over 80 år budde i institusjon (kostra 2015: 14,5 %). Landsgjennomsnittet var i 2008 14,2 %. Del plassar i institusjon og heildøgnsbemanna bustad i % av befolkninga over 80 år var 8 % i Fusa i 2008 (kostra 2015: 27 %), medan landsgjennomsnittet var 28 %. - Vi ser at det har skjedd store endringar sidan RO-rapporten vart laga; m.a. med omgjering av aldersinstitusjonen Eikhovdaheimen til omsorgsbustader, men også med nedbygging av sjukeheimsplassar. Kostradataene for 2015 kan lesast som eit signal om at ein ikkje bør byggja ned fleire sjukeheimsplassar. Den faglege vurderinga er at ein treng å behalda desse plassane for å ivareta dei sengeliggjande og mest pleietrengjande eldre der. Elles kan det henda at ein må ta i bruk
korttidsplassar til langtidspasientar, noko som gjev utfordringar for rehabiliterings- og behandlingstilbodet, og fort skaper nye problem. Kostradataene seier noko om status i dag. SSB har laga prognosar for venta folketalsutvikling, som viser venta utvikling i tal eldre. Desse kan og nyttast til å seia noko om venta behov for institusjonsplassar. Venta folketalsutvikling henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB) sine statistikkar pr 1.1.2015 Framskriving basert på alternativ MMMM = middels nasjonal vekst. 2015 2016 2017 2018 2019 2020 202 200 2040 Folkemengd totalt 86 851 870 878 895 906 940 4 02 4 109 67-79 år 427 450 47 480 489 519 55 622 592 80 år + 227 224 20 229 228 228 254 1 425 Framskriving basert på alternativ HHMH = høg nasjonal vekst. 2015 2016 2017 2018 2019 2020 202 200 2040 Folkemengd totalt 844 866 901 92 952 974 4 070 4 299 4 654 67-79 år 429 452 477 485 491 525 565 641 621 80 år + 20 228 26 28 28 242 275 60 517 I 200 er det venta at talet på innbyggjarar i aldersgruppa 67-79 år i Fusa har auka med ca. 46-49 %, medan aldersgruppa over 80 år er venta å auka med ca. 8-57 %. Auken inneber 86 eller 10 fleire eldre over 80 år, alt etter om ein legg til grunn middels eller høg nasjonal vekst. Kostradataene viste at 14,5 % av innbyggjarane som er 80 år og eldre i Fusa bur i institusjon no. Dersom 14,5 % av den auka innbyggjarmengda over 80 år skal få tilbod om institusjonsplass i 200, trengst det ein stad mellom 12 og 19 nye sjukeheimsplassar utover dei 41 vi no har. I tillegg vil behovet for bustader med heildøgns omsorg auka. Rehabilitering av dei 12 sjukeheimsplassane: Løysingar, kostnader, formalitetar og framdrift Pasientane på Fusa bu- og behandlingssenter er samla sett meir hjelpe-/pleietrengande og sjukare enn den gongen FBBS sto ferdig for 0 år sidan. Det vert brukt fleire hjelpemiddel, noko som igjen krev mykje plass til både oppbevaring og handtering. Særleg er bada alt for små til å gje hjelp på ein god måte. FBBS treng vedlikehald/oppgradering, slik at mellom anna både pleie og reinhald vert betre, lettare og meir effektivt. Fusa bu- og behandlingssenter har i dag mange bygningstekniske feil og manglar som er frustrerande og tungvinte for personalet i ein elles hektisk og krevjande kvardag.
At arbeidstilhøva for dei tilsette er godt fysisk tilrettelagt er viktig for helsa deira. Det vil minske belastning og hindra skade. Det er elles behov for at det vert lagt til rette slik at det er lettare å hjelpa pasientane til å komma ut i frisk luft. Vedlagt saka ligg ei skisse til korleis Teknisk drift ser for seg at rehabilitering av nordfløyen kan skje. Her er alle dei 12 sjukeheimsplassane vidareført, og alle får nye bad i storleik og utforming lik dei som er bygd i dei nye omsorgsbustadene i trinn 1. Utfordringa med større bad er løyst ved at 6 nye bad er lagt på utsida av bygget. Eksisterande bad vert bygd om (to bad vert til eitt.) Det er også teikna inn ei litt utvida fellestove med ein liten uteplass. Med denne løysinga vert bada større enn i dag, bada får ei universell utforming, og vi kan få takskinner mellom seng og bad. Halvparten av sjukeheimsplassane vil også få nokre kvadratmeter større opphaldsrom. Desse planane må detaljprosjekterast, og vi må få godkjenning av Husbanken og Arbeidstilsynet. Det er vanskeleg å seia noko sikkert om økonomi på det stadiet i planlegginga vi er no. Nye bad i tilbygg og fleire rom med tekniske anlegg gjev ein auka kostnad. Det vil samtidig verta mindre rivearbeid og innvendig grunnarbeid. Noverande prosjekt (trinn 1 og 2) har ei ramme på 15 millionar kroner. Dette inkluderer eit tilskot på i underkant av kr 7 mill. og inneber dermed ei kommunal utgift på kr 8 mill. Vi reknar med at vi hittil har utført ca. halvparten av dette arbeidet, dvs.: Bygd 4 omsorgsbustader + rehabilitert 2 sjukeheimsplassar + ombygging kontor. Dvs. kr 7,5 mill. og,5 mill. i tilskot = kr 4 mill. i kommunale midlar. Eit endra prosjekt til 12 sjukeheimsplassar i nordfløyen vil auka kostnadene, pga. meir byggearbeid og prosjekteringskostnader. Vurderer dette til ca. kr 2,5 mill. Dvs. ei investering på ca. kr. 10 mill. i nordfløyen. Sjukeheimsplassar gjev høgare tilskot enn omsorgsbustader. Ved ei godkjent kostnadsramme på kr 10 mill. vil dette utløyse kr 5,5 mill. i tilskot. Samla investering for trinn 1 og 2 vert då kr 17,5 mill. Vi kan pårekna kr 9 mill. i tilskot frå Husbanken totalt = samla kommunal utgift vert då kr 8,5 mill. I høve til vedteken investeringsramme er dette ein auke i kommunal investering på ca. kr. 0,5 mill. Alle prisar er inkl. mva. og Fusa kommune vil få momsrefusjon i tillegg. Rådmannen presiserer at dette er ei grovkalkyle og at nye planar krev godkjenning i Husbanken. Vi har hatt dialog med entreprenørane i prosjektet, og alle er positivt innstilt på å få til ei smidig overgang til eit omarbeidd prosjekt. Det er send varsel om at Fusa kommune kan komma til å gjera endringar i prosjektet og at dette vil medføra mellombels stopp i arbeidet. Vi har fått ekspertise (COWI) til å vurdera tilhøvet til «Lov om offentlige anskaffelser» og til Norsk standard NS 8405 som er kontraktstandarden for dette arbeidet. Konklusjon er at endringsarbeidet ikkje er i konflikt med desse reglane. Vi har og vore i kontakt med Husbanken. Dei må ha eit konkret prosjekt før dei gjev lovnad om tilskot. Under føresetnad av at det ikkje går for lang tid å få dei nødvendige godkjenningar i Husbank/Arbeidstilsyn, vil arbeidet kunna fullførast innan utgangen av året.
Drift av 12 sjukeheimsplassar i staden for 6 omsorgsbustader I vedteken ramme til eining Pleie og omsorg er det midlar til å driva 7 sjukeheimsplassar, inkl. seng/plass for øyeblikkeleg hjelp. Formannskapssak 021/16 viser at eininga har eit stort overforbruk i første halvår pga. mangel på sjukeheimsplassar. Overforbruket ville vore stort sjølv om ein hadde hatt dei 12 rehabiliterte sjukeheimsplassane, men å samla desse pasientane på ein stad gjev høve til ei meir effektiv tenesteyting og høgare tryggleik og kvalitet i tenesteytinga. Å ha for få sjukeheimsplassar utløyser dyre løysingar. I vedteken økonomiplan er det lagt til grunn at trinn 2 skal få rammeverknader både for eining Teknisk drift og eining Pleie og omsorg. Netto innsparing pr. plass er rekna til ca. kr 55 000 når ein held bemanning utanom. Sortland kommune har i følgje notatet «Omgjøring av sykehjem til omsorgsbolig», publisert av Fylkesmannen i Nordland, gjort ei tilsvarande vurdering og kom til eit forsiktig anslag på kr 5 000. Det er usikkert om dette er 2005- eller 2009-kroner. Sett i samanheng med våre eigne overslag gjev det ein indikasjon på innsparingspotensialet. Endringar i rettsreglar, finansiering og trygdesystem kan føra til at venta innsparingar ikkje kjem som kalkulert. Regjeringa har nettopp komme med eit framlegg om at eldre får lovfesta rett til sjukeheim eller tilsvarande bustad. Helseminister Høie er sitert slik av NTB den 18.4.2016: «Med dette lovforslaget styrker vi rettsstillingen til dem som trenger sykehjemsplass». Det er delte meiningar om dette lovframlegget gjev nye rettar eller ikkje. Det har i prosessen vore vurdert kvar ein evt. kan bygge ut FBBS for å skaffa fleire sjukeheimsplassar i framtida. Det er svært lite areal att til vidare utbygging, og dersom ein skulle ha behov for fleire sjukeheimsplassar er løysinga kanskje å byggja ein ny etasje på delar av FBBS. Dersom ein vedtek å stoppa trinn 2 og heller gå for rehabilitering av dei 12 sjukeheimsplassane, må vi i økonomiplanen for 2017-2020 arbeida med korleis ein kan finansiera drift av desse plassane. Framlegg til vedtak (i tillegg til formannskapet sitt framlegg: «Kommunestyret tek saka til orientering») : Trinn 2 av utbygginga, med omgjering av 12 sjukeheimsplassar til 6 omsorgsbustader vert ikkje gjennomført. Dei 12 attståande sjukeheimsplassane vert rehabilitert som sjukeheimsplassar. Auke av investeringsramme og finansiering må innarbeidast i årsbudsjett 2016 i samband med tertialrapporten, evt. i eiga sak. Midlar til drift av dei seks ekstra plassane må vurderast i økonomiplanen for 2017-2020.