Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går?



Like dokumenter
Mobbing på mindre og større skular

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til deg som bur i fosterheim år

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Minnebok. Minnebok NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Hvorfor begynner folk å snuse, og hvorfor klarer de ikke å slutte?

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?


Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Årets nysgjerrigper 2010

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

6. trinn. Veke 24 Navn:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Hei alle sjøstjerneforeldre

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Brukarrettleiing E-post lesar

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Vintervèr i Eksingedalen

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg


Informasjonshefte Tuv barnehage

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg


Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Informasjon til elevane

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Årets nysgjerrigper 2009

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Månadsplan for Hare November

Rådgjevarkonferanse 2009

Jon Fosse. For seint. Libretto

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Kva er økologisk matproduksjon?

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Søking til skuleåret

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Plassebakken Barnehage

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

mmm...med SMAK på timeplanen

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

«Ny Giv» med gjetarhund

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Brannsår, rus eller friheit?

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Rådgjevarkonferanse 2010

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Årets nysgjerrigper 2009

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Brukarrettleiing. epolitiker

Plassebakken Barnehage

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Plan for Liabygda SFO

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Transkript:

Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går? Innlevert av 5.trinn ved Austebygd skule (Radøy, Hordaland) Årets nysgjerrigper 2014

Eg har verdens beste jobb. Eg er nemlig kontaktlærar for ein superinspirerande gjeng med 5.klassinger på Austebygd skule! Austebygd skule er ein fådelt skule der 1.-2.trinn går saman, 3.-4.trinn går saman, 6.-7.trinn går saman, og 5.trinn går aleine. Dette gjer ekstra gode muligheiter for å jobba "kreativt" med 5.trinn. I år er dei 8 elevar, 4 gutar og 4 jenter. Dei er engasjerte, snille, rause, glade, kloke og kjekke å vera saman med. Og det beste av alt; dei er med på stort sett alt av påfunn ein lærar kan komma på! Då eg kom med forslaget om at me kunne setta i gang eit Nysgjerrigperprosjekt, var dei klare med ein gong. Dei myldra fram ei rekkje gode forslag til problemstillingar. Det handla om alt frå "Kor mange gonger seier me eit bestemt ord i løpet av ei veke?" via "Kvifor får ikkje barn køyra bil?" til "Kva er den viktigaste lova i grunnlova?". Til slutt landa dei på problemstillinga "Kvifor går skulegrensene på Radøy der dei går?", ei oppgåve eg ikkje trur dei fleste 5.klassingar ville kasta seg ut i utan vidare. Bakgrunnen for problemstillinga var at Maren eigentleg høyrer til ein annan skule på Radøy, og når me såg på kart kunne me sjå at det var fleire av elevane som var nærare andre skular enn vår. Det måtte vera nokon bestemte grenser for kor elevane skulle gå på skule. Dette ville me finna ut meir om. Me kikka meir på kart, og dei hadde ei rekkje hypotesar klare for kva som måtte vera årsaken til dette. Dei hadde og mange gode forslag til korleis me kunne finna ut av det. Alt låg klart for ei skikkeleg forskning på området. Elevane har stått på; dei har tatt utfordringane på strak arm. Det å ringa til kommunen for å avtala eit møte kan vera skremmande, også for vaksne folk. Dei har skrive spørsmål, tatt bilete, lagt inn bilete og scanna dokument, skrive søknadar med utgangspunkt i ei oppskrift på formelle brev, skrive rapportinnlegg, blogginnlegg og presentasjonar. Dei har studert kart. Dei har snakka med pressen som om dei aldri har gjort noko anna. Mot slutten blei det tungt. Slik som det blir for alle som skal levera store oppgåver. Men dei holdt ut, og har ikkje klaga seg. Dei har gjort det som måtte gjerast sjølv om det var kjedeleg 2

eller det var noko anna dei helst ville ha jobba med. Eg er så stolt av desse elevane. Det ligg ein masse arbeid og arbeidsvilje bak dette dokumentet. Eg håpar at du som skal lesa denne rapporten kan ta del i den forskningsgleda me opplevde med dette nysgjerrigper-arbeidet. Tusen takk til Helge Vallestad, Torunn Tolleshaug Hovden og Vigdis Villanger for god hjelp og svar på intervju. Takk til Veronica og Laila for køyrehjelp og kakao. Skrive av Linn Merethe Myrtveit, stolt kontaktlærar for 5.trinn på Austebygd skule: Joar, Maren, Mathilde, Markus, Mihaela, Sander, Sigurd og Sunniva! Ansvarlig veileder: Linn Merethe Myrtveit Antall deltagere (elever): 8 Innlevert dato: 11.04.2014 Deltagere: Sunniva B., Sigurd S., Maren B., Mihaela N., Sander L., Markus R., Mathilde M., Joar S. 3

Dette lurer jeg på Korfor går skulegrensene der dei går? Hvorfor er det slik Før me begynte.. Kvifor må me ha skulegrenser? Kven har bestemt det, og kortid? Kvifor går dei akkurat der dei går? Legg en plan Kart Kart og bøker Me må få fatt i reglene! Bruka internett Intervjua nokon på kommunen Spørsmål til intervju med kommunen Intervju med foreldre Reise til skulegrensene og observera Plan for reise Undersøka reisetid Ut å hente opplysninger Å avtale eit møte med kommunen. Søknad om støtte! Å søke på internett Reisa til Manger Utskrift av intervju Dette fikk me vita av kommunen Kommunestyrepapirer Reise til kommunegrensene Intervju med Laila, Maren si mor Biblioteket Intervju med rektor NH-kart Avstander mellom skulegrensene og skulane Forskjeller og likheter mellom skulegrenser, gamle krinsgrenser og gamle kommunegrenser Reisetid Reisetid med buss 4

Er det noko på grensene som gjer at grensene går akkurat der? Dette har jeg funnet ut Kven har bestemt skulegrensene, og kortid? Kvifor går grensene der dei går? Kvifor går skulegrensene på Radøy der dei går? Fortell til andre Delta i Årets nysgjerrigper! Rapporten Månedssamling Radøy kommune sine nettsider Aviser Blogginnlegg 5

Dette lurer jeg på Korfor går skulegrensene der dei går? Me lurer på kor skulegrensene på Radøy går, og korfor dei går der dei gjer. Nokre av elevane i klassen bur nærare ein av dei andre skulane på Radøy enn vår. Korfor går dei på vår skule då? 6

Hvorfor er det slik Før me begynte.. såg me på kart over Radøy og fann ut kor elevane som bur mellom to skular bur. Me snakka om kvifor me trur grensene går der dei går, og kvifor elevane går på den skulen dei går. Me snakka om at av og til velger foreldra eller familien saman at ein elev skal gå på ein annan skule enn den som er nærast. Me såg at ein av elevane bur nærare ein annan skule, men kom fram til at det ville vore vanskeleg å komma seg til den andre skulen då det ikkje er bussforbindelse dit. Men kan alle velga kva skule dei vil gå på sjølv? Nei og ja, seier lærar-linn. Dette fins det reglar for. Desse reglane kan me finna ut meir om. Kvifor må me ha skulegrenser? Me trur det er for at ikkje alle elevane skal gå på ein skule. Då hadde det blitt for mange, og ikkje vore plass til dei! Difor må dei delast mellom skulane. Kven har bestemt det, og kortid? Hypotesar: Skulegrensene blei bestemt når skulane kom. Det er politikarane/kommunen som har bestemt det. Det er foreldra som har bestemt det. Kvifor går dei akkurat der dei går? Hypotesar: Dei følger kommunegrensene og dei gamle kommunegrensene frå før Radøy blei ein kommune. Dei følger eigedomsgrenser. Det er noko som lagar ei naturleg grense der, som eit fjell, ei elv eller ein skog. 7

Alle går på den næraste skulen i lengde. Alle går på den næraste skulen i reisetid. 8

Legg en plan for undersøkelsen Kart Me treng eit kart over Radøy med skulegrenser. Dette må me få hjå kommunen. Kart og bøker Me vil høyra med kommunen om dei har eit kart med skulegrensene på. Kanskje også eit kart med gamle kommunegrenser og krinsgrenser? Då kan me måla og sjå på kartet, og skriva om det me ser. Me kan høra på biblioteket om dei har bøker om skulegrensene. Me må få fatt i reglene! Me kan spørja rektor og inspektøren på Austebygd skule om dei har reglane. Me kan og leita på Radøy kommune sine nettsider. Bruka internett Me kan leita etter informasjon på nettet. Intervjua nokon på kommunen Me må finna ut kven me skal snakka med. Me må planlegga kva me skal sei. Så må me ringa å avtala eit møte. Me må planlegga reisa, korleis me skal komma oss dit. Det er lurt å søka om støtte til reisa. Me kan søka til rektor. Me må gjennomføra reisa og intervjuet. Me vil ta opp lyd og ta bilete. Då er det lettare å få med alt dei seier, så kan me skriva det ned i fred og ro etterpå. Spørsmål til intervju med kommunen 1. Korfor går skulegrensene der dei går? Har dei nokon merker? 2. Finst det eit kart? Me vil helst ha eit med dei nye skulegrensene og eit med dei gamle kommunegrensene. 3. Kven bestemte skulegrensene? 4. Kortid bestemte dei skulegrensene? 5. Er det skulegrenser fordi at alle ikkje skal gå på samme skule? 6. Må man gå på ein skule der det går buss til? 9

Intervju med foreldre Me har tenkt å intervjue mora til Maren, Laila. Maren går på ein annan skule enn den ho hører til. Spørsmåla me skal spørra om er desse: 1. Kvifor valgte du at Maren skulle gå på Austebygd istadenfor Manger? 2. Måtte du søke om det? 3. Fekk du eit ja med ein gong eller måtte du klage? 4. Kva skuler har du gått på? Reise til skulegrensene og observera Først treng me eit kart over skulegrensene, sånn at me veit kor me skal reisa. Me må planlegga reisa. Kan me gå? Sykla? Kanskje me kan avtala med nokon av foreldra å hjelpa oss å kjøra. Plan for reise No har me planlagt å reisa til skulegrensene for å observera. Me har sett på Google Maps og Nordhordlandskart at det kanskje går ei elv på alle grensene? Me vil reisa til grensene mellom Austebygd og Hordabø på Mjøs, Austebygd og Manger i Haukåsen og Austebygd og Sæbø med Snekkevika. Me reiser med bil. Mor til Joar hjelper oss å køyra. Me vil ta bilete og skriva ned observasjonane våre. Undersøka reisetid Kan me sjekka bussruter eller ta tida sjølv for å finna ut kor lang tid det tar å reisa frå skulegrensene til skulane? 10

Ut for å hente opplysninger Å avtale eit møte med kommunen. Me hadde lyst til å avtale eit møte med kommunen. Då kunne me spørja etter kart og intervjua nokon om det me lurte på. Sunniva ringte til kommunen. Ho fekk snakka med ein som heite Helge V. Han kunne svara på spørsmåla våre. Sunniva avtalte at 5.trinn skulle vera der 08:40 25. mars. Søknad om støtte! Sunniva og Maren skreiv ein søknad om penger til bussreise for å komme til kommunen og intervjue dei om skulegrensene. Søknaden var til Torunn T. H. (rektor) og me spurde om penger til reisa. (Sjå vedlegg) Me fekk svaret: "Det er heilt OK at 5.klasse kan ta skulebussen til/frå Manger for å finna svaret på spm. om skulegrensene. Skulen vil dekka skyssutgiftene! Lykke til! M.v.h Torunn T. H." Å søke på internett Markus og Joar søkte på Radøy sine nettsider. Då fann dei nokre reglar for kva skule ein skal gå på: Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen dei hører til. Du kan søkje om å få bornet ditt inn ved ein annen skule. Det er opp til kommunane å avgjere dette. Skulen/Kommunen vil sende brev til føresette med born som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor ein skal møte og til kva tidspunkt. http://www.radoy.kommune.no/skuletilknyting.299428.97tbe297.tct.html Dette betyr at alle kan søkja om å gå på den skulen dei vil. 11

Reisa til Manger Heile klassen tok skulebussen til Manger. Joar var fotograf, og Markus og Sunniva hadde ansvar for å stilla spørsmål. På Manger var me på møte med Helge V. Han jobbar på kommunehuset og er oppvekstrådgjevar i Radøy kommune. Der fikk me vita kor skulegrensene går, det går blant anna ein på Kjeset og ein i Haukåsen. Han viste oss korleis me bruker Nordhordlandskart, og me fekk ein eigen tilgong til å sjå skulegrenser, krinsgrenser og gamle kommunegrenser. Me fikk vita kva skole me måtte ha gått på dersom vår blei lagt ned: Mathilde måtte ha gått på Hordabø. Sunniva måtte ha gått på Hordabø. Mihaela måtte ha gått på Hordabø. Sander måtte ha gått på Hordabø. Markus måtte ha gått på Hordabø 12

Joar måtte ha gått på Austrheim/Hordabø. Maren måtte ha gått på Manger. Sigurd måtte ha gått på Hordabø. Men no går alle på Austebygd, HELDIGVIS! Me spurte ein del spørsmål. (Sjå vedlegg med heile intervjuet) Utskrift av intervju Linn delte opptaket av intervjuet i mindre biter. Så sendte ho ein liten bit til kvar på It s Learning, og så var det lekse å skrive av denne. Dette fikk me vita av kommunen Me fekk vita at det var kommunestyret som bestemte skulegrensene i 2000. Me fekk vita kva ein grunnkrins er. Me fekk vita at det ikkje er noko merke der skulegrensene går. Me fekk vita at det ikkje går skulegrenser der det bur folk, for å unngå at folk blir sinte og at born som bur nær kvarandre og leiker kvar ettermiddag må gå på kvar sin skule. Me fekk og vita at det er Skyss som har ansvaret for skuleskyssen, og ein får dekka skuleskyss til den næraste skulen, men kun dersom det er meir enn 4 kilometer til skulen. Kommunestyrepapirer Når me traff Helge Vallestad, fekk me kopi av sakspapirer for når skulegrensene ble vedtatt. Det kom ein ny opplæringslov den 01.08.99. Då måtte kommunestyret bestemma kor skulegrensene skulle gå. 8-1 Skolen. "Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til, Kommunen kan gje forskrifter om kva for skule dei ulike områda soknar til.. Etter søknad kan eleven takast inn på annan skule enn den eleven soknar til." Det blei sendt ut et forslag om at grensene skulle gå der dei hadde gått. Dette blei sendt til høyring til blant anna samarbeidsutvala på skulene. Og det blei til slutt bestemt at grensene skulle gå der dei hadde gått før. "Radøy kommune vedtek følgjande forskrift for kretsgrenser: 13

1. Dagens kretsgrenser vert gjeldane kretsgrenser i Radøy kommune. 2. Hovudutval for oppvekst og omsorg avgjer søknader om å gå på annan skule." Reise til kommunegrensene Me reiste tidleg på dagen 1.april. Halvparten av oss reiste til Kjeset,som er på grensa mellom Austebygd og Sæbø. Der såg me ikkje så mykje, men det var ganske opent og litt bløtt, men me kunne ikkje se nokon elv. Grensa låg nede i en dal. Det var ingen som budde akkurat der, men det var ikkje meir enn eit halvt minutt å køyra for å komme til et område med ein del hus. Den andre gruppa reiste til grensa mellom Austebygd og Hordabø. Den ligg i Bømarkane. Der var det langt til nærmaste hus! Det gjekk ei elv på begge sider av veien. Det var mykje trær det, men dei delte seg med elva slik at ein kunne sjå langt i begge retningar der grensa går. Me reiste alle sammen til den siste grensa, mellom Austebygd og Manger. Der var det heller ingen hus rundt. Her fann me også ei elv, og me såg at elva delte skogen sånn at ein kunne sjå gjennom den langs grensa. Grensa låg nede i en dal, og det var ganske bløtt der. Me såg eit gjerde der. Me såg ein elv ved skulegrensa mellom Austebygd og Manger. 14

Med skulegrensa mellom Austebygd og Manger var det opent og lite trær. Her står Maren og Sander på kvar sin side av grensa mellom Hordabø og Austebygd. Vi fant og ein elv ved grensa mellom Austebygd og Hordabø. 15

Bilete frå grensa mellom Sæbø og Austebygd. Her såg me ikkje så mykje, men det låg nede i ein dal. Intervju med Laila, Maren si mor Me ville intervjua Maren si mor om korfor Maren går på Austebygd. 1. Kor gjekk du på skule? Eg gjekk på Sætre/Hella. 2. Måtte du søka om Maren kunne gå på Austebygd? Ja. 3. Måtte du klaga? Nei. 4. Kvifor ville du at Maren skulle gå på Austebygd? Det vart ein omvei å køyra til Manger for at eg jobbar på Hordabø. Biblioteket Me var på biblioteket, og Linn sjekka med bibliotekaren om dei hadde nokre bøker om skulegrenser. Det hadde dei ikkje, det var mest litteratur om skulen i gamle dager. Intervju med rektor Joar førebudde eit intervju med rektor Torunn T.H. for å høyre om ho visste noko meir om skulegrenser og reglar. Sigurd var med som fotograf. JS: kva er reglane for kva skule me skal gå på? TH: det går nokon krinsgrenser mellom skulane og vist dei ikkje har spesielle ønsker går dei på den skulen som er nermast. Rektor svarar på spørsmål 16

JS: korleis veit de kven som skal gå på denne skulen? TH: for det første det er barnehage her og dei som er 6 år i barnehagen veit eg at skal begynne her. For det andre kan det gå søsken på den samme skulen. Og for det tredje får eg eit brev frå Helge V. på kommunen og han ser i folkeregisteret. JS: kor fann du reglane for skulegrensene? TH: Eg har lært det av andre! NH-kart Helge V viste oss korleis me kunne bruka Nordhordlandskart. Han viste oss at me kan finna kommunegrensane på Radøy. Du kan sjå på dei nye skulegrensane på Radøy og gamle skulegrenser og krinsgrensar. På Nordhordlandskart kan du zooma og sjå på hus. Nordhordlandskart.avinet.no Avstander mellom skulegrensene og skulane Joar og Maren har brukt Nordhordlandskart for å måla avstanden mellom skulane og skulegrensene. Dette fann dei ut: 4,34 km frå Austebygd til skulegrensa mot Hordabø. 1,64 km frå Hordabø skule til skulegrensa mot Austebygd. 1,46 km til Austebygd frå skulegrensa mot Manger. 4,15 km frå Manger til skulegrensa mot Austebygd. 3,54 km frå Austebygd til skulegrensa mot Sæbø. 3,35 km frå Sæbø til skulegrensa mot Austebygd. Dette er målt i rette linjer. Forskjeller og likheter mellom skulegrenser, gamle krinsgrenser og gamle kommunegrenser Det er litt likheter mellom skulekrinsar på Radøy no og kommunegrensar sånn som dei var før, men det er litt forskjell også. Det er ganske stor forskjell mellom skulekrinsar på Radøy no og grunnkrinsar på Radøy. Det er nemlig 28 grunnkrinsar og det er berre 4 skulekrinsar. Dei nye skulegrensane følgjer nokon av de gamle krinsgrensane heile vegen. 17

Dei gamle kommunegrensene på Radøy (Det er 50 år sidan Hordabø kommune, Sæbø kommune, Manger kommune, Lindås kommune, Austrheim, kommune slo seg saman til Radøy kommune) 18

Skulegrensene på Radøy 19

Krinsgrenser på Radøy Reisetid Me prøvde å køyra bil frå skulegrensa og til skulen for å måla reisetida. Dette gjorde me frå skulegrensa mellom Austebygd og Hordabø. Me fann ut at: Det var 3.21 minutt frå skulegrensatil skulen på Bø. Det var 6.50 minutt frå skulegrensa til skulen på Austebygd. Reisetid med buss Sander har sjekka bussrutene for å sjå kor lang reisetid det er frå skulegrensene til skulane. Frå Kjeset (grense mellom Austebygd og Sæbø) til Ystebø (Austebygd) reisetid 8 min. Frå Kjeset til Sæbø skule reisetid 27 min. Frå Bømarka (mellom Austebygd og Hordabø) til Ystebø reisetid 15 min men du må venta 47 min. Frå Bømarka til Bøvågen (Hordabø) reisetid 3 min. den siste grensa finn me ikkje. Det er ikkje busstopp der, og det går ikkje buss forbi. Er det noko på grensene som gjer at grensene går akkurat der? 20

Mihaela brukte NH-kart og såg etter kva som var der grensene gjekk. Ho såg at mange av grensene gjekk på samme plass som eigedomsgrenser, og ein del av dei gjekk i elver, i våte område/myr og i fjorder. 21

Dette har jeg funnet ut Kven har bestemt skulegrensene, og kortid? Hypotesene våre var: at grensene blei bestemt når skulane kom. at det var politikarane/kommunen som hadde bestemt det, eller at det var foreldra som hadde bestemt det. Me har komme fram til at foreldra og samarbeidsutvala på skulane fekk vera med å bestemma grensene. Det var kommunestyret som bestemte grensene i 2000. Hypotesen om at grensene kom når skulane kom, var ikkje riktig. Kvifor går grensene der dei går? Hypotesane våre var: at grensene følgjer kommunegrenser og gamle kommunegrenser at dei følgjer eigedomsgrenser at det er noko i naturen som gjer at det går ei naturleg grense der, som ei elv, eit fjell o.l. at alle går på den næraste skulen i lengde at alle går på den næraste skulen i reisetid Me har komme fram til at grensene delvis følgjer gamle kommunegrenser, det har me sett på kart. at grensene delvis følgjer eigedomsgrenser, det har me og sett på kart. mange stader er det naturlege grenser. Me såg det på grensa mot Hordabø og på grensa mot Manger. Me har og sett det på kartet. Hypotesen vår om at alle går på den næraste skulen i lengde, er feil. Det har me sett på kart. Hypotesen vår om at alle går på den næraste skulen i reisetid, er også feil. Me har sett det i bussruter og me har målt med bil. Kvifor går skulegrensene på Radøy der dei går? Me har komme fram til grensene går der det ikkje er hus. Kommunen trenger grensene for å vita kor mange elever det er på kvar skule. Me har grenser for at ikkje alle skal gå på samme skule. Når dei har laga grensene har dei tatt utgangspunkt i gamle krinsgrenser. Det går elvar i mykje av skulegrensene. Dersom ein ikkje har spesielle ønsker, går ein på den skulen ein høyrer til. Om ein ynskjer å gå på ein annan skule, kan ein søka til kommunen om det. 22

Fortell til andre Delta i Årets nysgjerrigper! Me vil delta i Årets nysgjerrigper. Me har fordelt arbeidet med både rapportskriving og oppgåver. Alt har vert veldig gøy og me har kost oss mykje! Me har hatt eigne passord så me kan logga inn sjølve. Rapporten Me har tenkt å sende inn denne rapporten til Radøy kommune sitt bibliotek og vårt eget skulebibliotek, og i tillegg til kommunen og servicetorget. Månedssamling Me hadde månedsamling. Månedsamling er ei samling der klassane viser litt om kva me har gjort på den måneden,det kan vera litt sketsjar, humor, presentasjonar osv. Sigurd og Sander viste Powerpoint om kva Nysgjerrigper er. Mathilde og Markus viste bilder frå turane og forklarte kva me hadde gjort. Maren og Sunniva hadde ei dramatisering av intervjuet med Helge V. Mihaela og Joar forklarte og viste Powerpoint om hypotesar, planar og alt anna me har gjort osv. Maren og Sunniva dramatiserer intervju med Helge V. 23

Sigurd og Sander fortel om kva nysgjerrigper er. Radøy kommune sine nettsider Linn har sendt inn litt om det me har jobba med til Radøy kommune sine nettsider. Det ligg som nyheiter på framsida ei stund, og så ligg det lagra under Austebygd skule seinare. Radøy kommune- Austebygd skule Aviser Linn sendte ein e-post til Strilen og Norhordland og inviterte dei her til 5.klasse. Og dei ville gjerne komme! Strilen kom på torsdag 3/4 og intervjua oss og tok bilde. Nordhordland kom på fredag 4/4. Ho kom på månadsamlingen vår og ho og intervjua oss og tok bilde. Saken vår kom i Strilen tysdag 8/4. Og me kom i Norhordaland på onsdag 9/4. Lenkje til Strilen sine nettsider Lenke til Norhordland Blogginnlegg Me har laga eit blogginnlegg om Nysgjerrigperprosjektet vårt og lagt det ut på bloggen vår. Me har ein blogg som forelde kan sjå. Me har passord på bloggen, så me har lagd ein kopi av den og lagt den i vedlegg. Bloggen lager me på skulen. 24

Vedlegg Vedlegg på Internett Søknad om støtte http://www.nysgjerrigpermetoden.no/vedlegg/2271_20140321103458.odt Heile intervjuet frå Manger-kommunen http://www.nysgjerrigpermetoden.no/vedlegg/2271_20140408151754.odt Sakspapir kommunen skulegrenser http://www.nysgjerrigpermetoden.no/vedlegg/2271_20140409101834.pdf Blogginnlegg http://www.nysgjerrigpermetoden.no/vedlegg/2271_20140409150206.odt nordhordland avisartikkel http://www.nysgjerrigpermetoden.no/vedlegg/2271_20140411085559.pdf strilen avisartikkel http://www.nysgjerrigpermetoden.no/vedlegg/2271_20140411085902.pdf 25