INNLEIING ØKONOMI. Karl Peder Mork leiar. Synnøve Marie Sætre skrivar. Kristofer Olai Ravn Stavseng nestleiar

Like dokumenter
SAK 1 OPNING. Framlegg til køyreplan: Fredag 21. mars. Laurdag 21. mars. Innsjekking og brødmat

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Innleiing ÅRSMELDING FOR NORSK MÅLUNGDOM

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAK 1 OPNING. Framlegg til køyreplan: Fredag 15. mars. Innsjekking på Litteraturhuset i Fredrikstad.

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

13. Sendetida på TV aukar

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Arbeidsprogram for Norsk Målungdom. «Vend vinden»

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Framlegg til lovbrigde LST: Framlegg frå landsstyret SST: Framlegg frå sentralstyret VST: Framlegg frå Vebjørn Sture Innstilling på lov- og tuftbrigde

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING FOR NORSK MÅLUNGDOM

Organ og verv i Norsk Målungdom

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Vel nynorsk for barnet ditt!

Organ og verv i Norsk Målungdom

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

3 Det målpolitiske grunnlaget tufta vert slege fast gjennom særskilt vedtak på landsmøtet.

ARBEIDSPLAN

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Kontrollutvalet i Suldal kommune

INNLEIING ØKONOMI. Synnøve Marie Sætre leiar. Kristofer Olai Ravn Stavseng nestleiar. Kirsti Lunde skrivar. Hans Rasmus Glomsrud sentralstyremedlem

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Møteprotokoll for møte i

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

14. Radio og TV. Liv Taule

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Samansette tekster og Sjanger og stil

Internasjonal vidaregåande skule

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

STYRINGSFØRESEGN FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Vedteken , sist endra )

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

Organ og verv i Norsk Målungdom

Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Nidaros Mållag. Årsmøte 30. mars 2016 kl Innkalling og sakspapir. Vel møtt på årsmøtet!

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Brukarrettleiing E-post lesar

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Frå novelle til teikneserie

Lønnsundersøkinga for 2014

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

17. Norskdomsrørsla. Kommentarar: tekstdel s. 121

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ÅRSMELDING FOR NORSK MÅLUNGDOM

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

2014/

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Med god informasjon i bagasjen

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Organ og verv i Norsk Målungdom

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Strategiplan for Apoteka Vest HF

12. Færre besøk ved norske kinoar

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

8. Museum og samlingar

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Transkript:

INNLEIING Norsk Målungdom (NMU) arbeider for at alle i Noreg skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, og å fremja nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Vi organiserer ungdom til å gå føre i dette arbeidet. NMU er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag. Sentralstyret og Skrivarstova held til på Lilletorget 1 i Oslo. Det har ikkje vore fysiske ulykker eller skadetilfelle i 2014. Sjukefråværet i 2014 var på 30 dagsverk. Det utgjer 6,91 prosent. Verksemda Norsk Målungdom korkje skadar eller ureinar det ytre miljøet. Norsk Målungdom praktiserer likestilling, og er mot diskriminering på grunnlag av språk, kjønn, seksualitet, etnisitet, livssyn eller funksjonshemming. Landsstyret vurderer det slik at det er grunnlag for å halde fram med vidare drift av organisasjonen. Landsstyret har sett opp årsrekneskapen for 2014 på grunnlag av dette, sjå avsnittet Økonomi. Ved utgangen av arbeidsåret 2014-2015 hadde Norsk Målungdom 20 lokallag. Ved årsslutt 2014 hadde Norsk Målungdom 1 294 betalande medlemer. Av desse var 983 under 26 år, sokalla teljande medlemer. Det totale talet på betalande medlemer har gått ned med 39 medlemer. Talet på teljande medlemer har gått ned med 70. Talet på lokallag har gått ned med to lag. 1 Arbeidet i perioden 2014-2015 har vore prega av meir synleggjering av det språklege mangfaldet i Noreg. Norsk Målungdom har gått ut med krav og oppmodingar til både offentlege og private om å bruke nynorsk, men ogso samisk i dei områda det har vore relevant. Organisasjonen har deltatt i det offentlege ordskiftet rund språket i Grunnlova, pressestøtta og NRK, i tillegg til munnleg språkmangfald i førehandsinnspelte meldingar. ØKONOMI Økonomien er trong, men stabil. Dei økonomiske rammene er uromslege. Det betyr ikkje at organisasjonens økonomi er ute av kontroll. Den daglege økonomistyringa har vore prega av struktur, kontroll og nøktern pengebruk samstundes som Sentralstyret har prioritert medlemsretta aktivitet, slik som tilskipingane, eller utetter informasjonsverksemd, slik som målferd og vitjingar hjå andre organisasjonar. Norsk Målungdom har framleis gjeld til staten med ei avtale om nedbetaling med Statens Innkrevingssentral som blei forhandla fram på ny i 2013. Avtala gjer at NMU må gå nærare 300 000 i overskot kvart år. Med denne nedbetalingsraten vil NMU vera gjeldsfri til sommaren 2015. Framleis stram økonomisk styring er ein føresetnad for drifta ogso etter at gjelda er gjort opp for. Dei neste arbeidsperiodane må vera via til å byggje eigenkapital slik at organisasjonen er rusta til målkamp og målungdomsarbeid i tida som kjem. Karl Peder Mork leiar Kristofer Olai Ravn Stavseng nestleiar Synnøve Marie Sætre skrivar Jorunn Simonsen Thingens sentralstyremedlem Fredrik Hope økonomiansvarleg 1 Medlemstala er ikkje gjennomgått av revisor. 1

ORGANISASJONEN Organ og tillitsvalde Landsstyret Landsstyret er det høgaste politiske organet i Norsk Målungdom mellom landsmøta, og har høve til å setja ned nemnder og utval, vedta fråsegner og gjera andre organisatoriske og politiske vedtak. Mange i Landsstyret har vore aktive i ulike nemnder. Det er Landsstyret som deler ut Dialektprisen. I perioden har Landsstyret hatt fem møte i Oslo. Leiaren sit i Landsstyret med nestleiaren som personleg vara. I perioden 2014-2015 har desse sete i Landsstyret: Fram til 14. juli: Vebjørn Sture (leiar) Personleg vara: Kristofer Olai Ravn Stavseng (nestleiar) Frå 14. juli: Karl Peder Mork (leiar) Personleg vara: Kristofer Olai Ravn Stavseng (nestleiar) Desse blei valde på Landsmøtet i Stavanger 2014: Ingeborg Storesund Nes Daniel Fridberg Moen Ingrid Hovstad Brage Haugbjørb Haugen Åsmund Mikalsen Kvifte Kirsti Lunde Sander Segbø Løvaas Magnus Løken Hans Rasmus Glomsrud Kine Svori André Jonassen Birte Larsgård Steinsvik Oslo Oslo Hordaland Hordaland Hordaland Oppland Hedmark Hedmark Østfold Sogn og Fjordane Rogaland Møre og Romsdal Varafolk: 1. Fredrik Vonheim Heimsæter Sogn og Fjordane 2. Amanda Tveit Lavalette Rogaland 3. Ronja-Katrin Knutsen Larsen Nordland 4. Odd Vegard Paulsen Hordaland 5. Vilde Torheim Skjerdal Sogn og Fjordane 6. Sara Hamre Sekkingstad Hordaland Landsstyret har vedtatt desse fråsegnene i perioden: Nynorsk i fotballverda Syn fram språkmangfaldet i Nordland og Troms! NAV - også på nynorsk? Språksamlingane må få ein heim Hurra for kvenske lærebøker! Lat stadnamnlova stå Har Thon Hotels sjekka ut nynorsken? Vaksne innvandrarar må få læra nynorsk 2

Sentralstyret Sentralstyret er den daglege administrative eininga i organisasjonen, og driv det daglege politiske arbeidet etter arbeidsprogrammet og innspel frå Landsstyret. I regelen har Sentralstyret møtst til møte kvar tysdag og dugnad kvar onsdag. Det meste av arbeidet blir likevel lagt ned utanfor møtetidene, både individuelt og i nemnder. Sentralstyret har hatt to tredagarssamlingar, ei i Torpa i juni og ei i Oslo i desember, for å planleggje arbeidet framover og for å skolere seg sjølv. Arbeidsfellesskapen har fungert godt i heile arbeidsperioden. I perioden 2014-2015 har desse sete i Sentralstyret: Fram til 14. juli: Leiar: Vebjørn Sture Rogaland Nestleiar: Kristofer Olai Ravn Stavseng Møre og Romsdal Skrivar: Eskil Syltøy Løland Hordaland Økonomiansvarleg: Karl Peder Mork Oslo Styremedlem: Synnøve Marie Sætre Møre og Romsdal 1. vara: Helene Urdland Karlsen Hordaland 2. vara: Janne Svarstad Nygård Sogn og Fjordane 3. vara: Kjell Åsmund Sunde Sogn og Fjordane Desse blei valde på Landsmøte i Stavanger 2014: Leiar: Karl Peder Mork Oslo Nestleiar: Kristofer Olai Ravn Stavseng Møre og Romsdal Skrivar: Synnøve Marie Sætre Møre og Romsdal Økonomiansvarleg: Fredrik Hope Sogn og Fjordane Styremedlem: Jorunn Simonsen Thingnes Sogn og Fjordane Styremeldem: Eskil Syltøy Løland Hordaland 1. vara: Maria Kristine Svendsen Oslo 2. vara: Helene Urdland Karlsen Hordaland 3. vara: Janne Svarstad Nygård Sogn og Fjordane Eskil Syltøy Lølnad trekte seg frå vervet i november 2014. Valnemda Valnemnda har til oppgåve å innstille på nye styre og representantar for Norsk Målungdom i Noregs Mållag. I perioden 2014-2015 har desse sete i Valnemda: Maria Kristine Svendsen (leiar) Inger-Lise Kvamme Aaland Magnus Lundteigen Mohus Oslo Møre og Romsdal Buskerud Varafolk: 1. Martine Rørstad Sand Møre og Romsdal 2. Helene Urdland Karlsen Hordaland Skrivarstova Skrivarstova har ansvaret for den daglege drifta av organisasjonen, og utfører administrative oppgåver knytt til målferd, medlemsregister, målgåveregister, dagleg økonomiarbeid og kontakt med medlemer og lokallag. Skrivarstova har vore sett saman av Vebjørn Sture (leiar) og Eskil Syltøy Løland (skrivar) i 100 % stilling fram til august. Da tok Karl Peder Mork (leiar) og Kristofer Olai Ravn Stavseng (nestleiar) over i 50 % stilling kvar, og Synnøve Marie Sætre (skrivar) i 100 % stilling. Delar av dei tilsette ved Skrivarstova streika 28. januar 2015 som ein del av den varsla storstreiken i samband med omlegginga av arbeidsmiljølova. 3

Nemnder og utval Ved sida av Sentralstyret sine arbeidsnemnder har Landsstyret sett ned nemnder og utval for organisasjonen i tråd med vedtaka frå Landsmøtet 2014. Norsk Målungdom har hatt følgjande nemnder og utval i arbeidsåret 2014-2015: Bladstyret Bladstyret har hatt ansvaret for å gi ut og skaffe innkomer til medlemsbladet Motmæle. I perioden 2014-2015 har desse sete i Bladstyret: Jorunn Simonsen Thingnes (bladstyrar) Hans Rasmus Glomsrud Synnøve Marie Sætre Vegard Storsul Opdahl Vilde Torheim Skjerdal Nettsideutvalet Nettsideutvalet skulle arbeide fram eit utkast og oppsett for nye heimesider. I perioden 2014-2015 har desse sete i Nettsideutvalet: Fredrik Hope (nemndsleiar) Birte Larsgård Steinsvik Maria Kristine Svendsen Sander Segbø Løvaas Åsmund Mikalsen Kvifte Nemnd for arbeidsprogrammet 2015-2016 Programnemnda har hatt ansvaret for å forme ut nytt arbeidsprogram for neste arbeidsperiode. I perioden 2014-2015 har desse sete i programnemnda: Synnøve Marie Sætre (nemndsleiar) Brage Haugbjørn Haugen Helene Urdland Karlsen Ingeborg Storesund Nes Magnus Løken Nemnd for revisjon av programmet «Noreg som fleirkulturelt samfunn» Arbeidsnemnda har hatt ansvaret for å komma med revideringsforslag til det politiske programmet, og å leggje dei fram for Landsmøtet i 2015. I perioden 2014-2015 har desse sete i arbeidsnemnda: Kristofer Olai Ravn Stavseng (nemndsleiar) André Jonassen Daniel Fridberg Moen Kine Svori Kirsti Lunde Skibladnerutvalet Landsmøtet 2014 bad Sentralstyret om å syte for at alle dei politiske programma og dokumenta var i tråd med 4

gjeldande rettskriving og konsekvente i normval. Sentralstyret gav utvalet namn etter lokallaget Skibladner Målungdom, som fremja saka for Landsmøtet. I perioden 2014-2015 har Vebjørn Sture sete i Skibladnerutvalet. Landsmøtet 2014 Landsmøtet i 2014 var på Kannik skole i Stavanger. Til saman hadde lokallaga valt 76 utsendingar. I salen møtte 62 utsendingar og observatørar, noko som gjorde landsmøtet til det største sidan tusenårskiftet. Landsmøtet vedtok nytt internasjonalt program og ein revisjon av programmet «Talemålet og nynorsken». Landsmøtet 2014 vedtok desse fråsegnene: - Eit litt større stykke Noreg - Hurra for Storfjord - eit fleirspråkleg føredøme! - Lovar godt for språka? - Norsk Målungdom krev nynorskversjon av Grunnlova Noregs Mållag Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og deler hus med moderorganisasjonen. Samarbeidet og sambuarskapet har vore godt. Etter lovene og samarbeidsavtalen mellom organisasjonane, har NMU rett på representantar i utvala Noregs Mållag set ned. Noregs Mållag har hatt følgjande utval der Norsk Målungdom har vore representert: Styret Representant: Karl Peder Mork 1. vara: Kristofer Olai Ravn Stavseng 2. vara: Synnøve Marie Sætre Landsrådet Representant: Fredrik Hope 1. vara: Åsmund Mikalsen Kvifte 2. vara: Kristofer Olai Ravn Stavseng Valnemnda Representant: Synnøve Marie Sætre 1. vara: Jorunn Simonsen Thingnes 2. vara: Ingrid Hovstad Organisasjonsnemnda Representant: LO-nemnda Representant: Fredrik Hope Karl Peder Mork Karl Peder Mork, Kristofer Olai Ravn Stavseng, Synnøve Marie Sætre, Eskil Syltøy Løland, Magnus Løken og Fredrik Vonheim Heimsæter deltok som utsendingar frå NMU på landsmøtet i Noregs Mållag. Vebjørn Sture møtte som dåverande leiar i NMU som utsending frå styret i Noregs Mållag. I tillegg sende studentmållaga i Oslo, Bergen, Stavanger og Nidaros utsendingar. 5

Samskipnaden Medlemsmassen I 2014 gjekk talet på teljande medlemer (betalande medlemer under 26 år med adresse i Noreg) ned til 983. Det er ein nedgang på 70 medlemer (-6,6 %) jamført med 2013. Det samla talet på betalande medlemer gjekk ned med 39 frå 1 333 i 2013 til 1 294 i 2014. Likevel har talet på betalande medlemer over 26 år gått opp frå 280 i 2013 til 312 i 2014. Medlemstal 1 400 1 200 1 000 800 600 Under 26 Over 26 400 200 0 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Teikning 1: Betalande medlemer siste ti år. Årsaka til nedgangen i medlemstalet er vanskeleg å forklare, men det har vore færre skolestartaksjonar enn tidlegare. Trass i dette har vi hatt ein ny rekordvervekapanje. Biletet er nok derfor noko samansett. I ein gjennomgang av organisasjonen ser vi at mykje av utfordringa er å få folk til å halde fram med å betala, sjølv om dei har vore betalande medlemer i ei årrekke. Gjennomsnittsalderen på medlemer går ogso opp, noko auka i betalande medlemer over 26 år er eit teikn på. 2014 2013 2012 2011 2010 Nyinnmelde u/26 355 394 439 383 342 Nyinnmelde totalt 384 412 453 403 353 Nyinnmelde u/26 % 92 85 97 95 97 Betalande totalt 190 343 350 230 205 Betalande % 49 83 77 57 58 Tabell 1: Nyinnmelde siste fire år. Arbeidsprogrammet sette som mål å ha 1 200 teljande medlemer ved utgangen av 2014. Det målet har ein altso ikkje nådd, og jamvel landa under tusenskiljet. Betalingsvilja til dei nyinnmelde har stupt etter to særs gode år med framgang. Vervekampanjen Norsk Målungdom hadde vervekampanje frå 25. august til 28. september. Kampanjen var ein kombinasjon av tevling mellom enkeltpersonar og lokallag. Det var ei eiga tevling mellom studentmållaga som starta høveleg til 6

studiestart 12. august. Samanlikna med tidlegare år var vervekampanjen i 2014 rekordstor, med heile 156 vervingar på fem veker. Det gir over fire personar per dag. Beste lokallag blei Firda Målungdom. Beste studentmållag blei Studentmållaget i Bergen. 200 Vervingar, betalande 150 100 Betalande Vervingar Teikning 2: Vervingar siste fire vervekampanjar. Lokallaga Som grunnlag for lokal aktivitet ligg lokallaga våre som alle organiserer medlemer lokalt. Ved utgangen av 2014 hadde Norsk Målungdom 20 lokallag. Av desse er 6 studentmållag. Det betyr at vi ikkje har nådd målet i arbeidsprogrammet om 26 lokallag. Tre av laga er nyskipa i 2014. To nye lag er skipa i 2015. Til samanlikning var det 23 lag i 2013. Det er alltid ei utfordring å halde oppe aktiviteten i lokallaga. Somme lag har mykje aktivitet fordelt jamt utover året, medan andre lag har færre aktivitetar. I 2014 var det få skolestartaksjonar, men alle studentmållaga var i aktivitet knytt til studiestart og vervekampanje. Sentrallekken har stilt seg til disposisjon for lokallaga, og somme lag har hatt vitjing av sentralstyrefolk utanom årsmøte. Lokallagshandboka har blitt nyskriven etter å ha lege uoppdatert i nokre år. Rutinane kring Frifond har blitt endra, noko som skapte litt forviklingar i perioden fordi ein endra på regelverka til rapporteringar og utbetalingar. Desse problema vil løyse seg i 2015. Norsk Målungdom har hatt desse lokallaga i arbeidsperioden: Akershus Ås studentmållag Hedmark Skibladner målungdom (Hamar). Laget skifta namn til Mjøsa målungdom i 2015. Hordaland Bergen målungdom Nordhordland målungdom Studentmållaget i Bergen Sunnhordland målungdom Sørfjorden målungdom 50 Møre og Romsdal NMU Ålesund og omland Molde målungdom Søre Sunnmøre målungdom 0 2011 2012 2013 2014 7

Oppland Fron målungdom Oslo Katta målungdom Målungdomen i Oslo Studentmållaget i Oslo Rogaland Kongsgård elevmållag (Stavanger) Studentmållaget i Stavanger Sogn og Fjordane Firda Målungdom (Sandane) Sør-Trøndelag Studentmållaget i Nidaros Troms Studentmållaget i Tromsø Østfold Østfold dialekt- og målungdom Tilskipingar Dei nasjonale tilskipingane er den viktigaste møteplassen for medlemene i organisasjonen. Gamle og nye medlemer treffest for å skolere seg, møte gamle vener på tvers av laga, knyte kontaktar og kveikjast til vidare arbeid i organisasjonen. I arbeidsperioden skipa Norsk Målungdom til sommarleir, haustkonferansen Mål og rett og vinterleir. Studentmållaget i Nidaros skipa til studentsamling. Tilskipingane får gode tilbakemeldingar frå deltakarane, og eksterne innleiarar set pris på å få komma. Den relative veksten i deltakartalet dei siste fire åra held fram, sjølv om årets deltakartal er noko lågare enn førre periode. Vi skal vera nøgde med at deltakartalet har stabilisert seg på godt over 30 i gjennomsnitt. Grafikken under viser deltakartala dei siste åra. Tilskipingar, deltakartal 45 40 35 30 25 20 15 10 5 0 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 Teikning 3: Deltakartal tilskipingar siste seks år. Sommarleir Haustkonferanse Vinterleir Gjennomsnitt 8

Sommarleir Sommarleiren 2014 fann stad 8.-13. juli i Åndalsnes. Programmet var av det tradisjonelle sommarleirslaget, med både fjelltur og melodikappleik. Mange av innleiarane var interne. Tillitsvalde i organisasjonen har stor fagleg breidde som kjem til nytte og er til inspirasjon for mange. Det var til saman 33 deltakarar på leir. Rauma var lett å komma seg til for dei austfrå, og dei fleste kom med tog frå og om Oslo i felles avreise. Likevel er mange stader på vestlandet krevjande reint logistisk, og som ein kan sjå på kor deltakarane kjem frå. Det er ein tendens, men ikkje alltid like lett å gjera noko med. Haustkonferansen «Mål og rett» Arbeidsprogrammet slo fast at organisasjonen skulle markere retten til lærebøker på eige hovudmål. Derfor valde tilskipingsnemnda å vie årets haustkonferanse til temaet «Mål og rett». Temaet kom til syne gjennom tema som språkrettar, språk og maktbalansar, mållova og andre språklover. Dessverre fekk vi ikkje til eit punkt om sjølve jubileet og lærebøkene, trass i nøye arbeid og mange førespurnader til dei som var målungdomar på 70-talet. Likevel er nemnda nøgd med innhaldet og markeringa av den kanskje viktigaste språkretten i skolen. Vinterleir NMU skipa til vinterleir 23.-25. januar på Eina, Vestre Toten. Til saman var det 39 deltakarar på leiren, og heile ni av dei hadde aldri vore med på ei nasjonal tilskiping før. Det er gode tal for organisasjonen. Leiren hadde eit program som femna om både praktiske aktivitetar og faglege innleiingar. Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore gode. Studentsamling Studentmållaget i Nidaros skipa til studentsamling 20.-22. februar i Trondheim. Programmet var sterkt med både interne og eksterne innleiarar. Deltakarane fekk både sosialt og fagleg utbyte av helgesamlinga. Studentsamlinga samla eit førtitals deltakarar. Verksemd utetter Reise- og møteverksemd Kvart år reiser sentralstyremedlemene og representerer NMU utetter. Lista under gir eit oversyn over kor NMU har vore representert. Dei tillitsvalde har halde innleiingar, kurs og innlegg ved dei møta som er oppførte viss ikkje noko anna kjem fram i lista. Møtedatoane til Landsstyret står ogso på lista. Norsk Målungdom har hatt denne reise- og møteverksemda i arbeidsperioden: 2014 April 03. Gardermoen Styremøte i Noregs Mållag 04.-06. Gardermoen Landsmøte i Noregs Mållag 25.-27. Oslo Landsstyremøte Mai 23. Bergen Omframt årsmøte i Studentmållaget i Bergen 23.-25. Meland Styremøte i Noregs Mållag 24. Frekhaug (Meland) Avduking av Ivar Aasen-bysta Juni 26. Ørsta Møte i Nynorsk Forum 26.-29. Ørsta Dei nynorske festspela 9

Juli 18.-20. Eid Malakoff rockefestival 23. Darbu (Eiker) Sommarleiren til Grøn Ungdom August 01. Hove (Arendal) Sommarleiren til Unge Venstre 14. Oslo Haustlanseringa til Samlaget 19./26. Oslo Møte i referansegruppa til LNU 23.-24. Oslo Styremøte i Noregs Mållag 29.-31. Oslo Landsstyremøte September 03. Oslo Møte i Bondeungdomslaget i Oslo 11. Oslo Halvårsmøte i Studentmållaget i Oslo 11. Vinstra Skipingsmøte i Fron Målungdom 17. Oslo Skoleringsmøte med Oslo Unge Venstre 18. Oslo Høyringsmøte i LNU om statsstøtte 19. Stavanger Landsmøte i KrFU 26. Oslo Opninga av Nynorskens hus 26.-28. Odda Haustseminaret til Noregs Mållag Oktober 01. Nordfjordeid Sesongopninga i Opera Nordfjord 03. Oslo Ungdomsseminaret til NSR-U 13. Oslo Møte med Nynorskutvalet i Rogaland Unge Venstre 17. Sandane Medlemsmøte i Firda Målungdom 18. Oslo Møte i Elevorganisasjonen 31.-02.11 Oslo Landsstyremøte November 07.-09 Oslo Skoleringshelg i Elevorganisasjonen 14. Oslo Styremøte i Noregs Mållag 11.-25. Rogaland og Hordaland Deltaking på Nynorskstafetten 15.-16. Oslo Landsrådsmøte i Noregs Mållag 27. Oslo Utdeling av Dialektprisen 2014 27. Tromsø Skipingsmøte i studentmållaget i Tromsø 2015 Januar 21. Oslo Møte med NRK 28. Oslo Årsmøte i Studentmållaget i Oslo 29. Odda Skipingsmøte i Sørfjorden Målungdom 31.-01.02 Oslo Styremøte i Noregs Mållag Februar 06.-08. Oslo Landsstyremøte 09. Molde Skipingsmøte i Molde målungdom 11. Ålesund Årsmøte i Norsk Målungdom Ålesund og Omland 11. Oslo Møte i Nynorsk Forum 11. Stavanger Årsmøte i Studentmållaget i Stavanger 20.-22. Trondheim Studentsamling 23. Oslo Medlemsmøte i Østfold dialekt- og målungdom 10

Mars 04. Sandane Årsmøte i Firda målungdom 07. Strandheim (Røyken) Årsmøte i Noereh 07. Oslo Landsmøte i Grøn Ungdom 13. Fredrikstad Styremøte i Noregs Mållag 13. Fredrikstad Leiarkurs i Noregs Mållag 14.-15. Fredrikstad Vårseminaret i Noregs Mållag Målferd Målferd er det viktigaste arbeidet NMU driv med. I mange år har organisasjonen reist på skolebesøk til barneungdoms- og vidaregåande skolar og formidla språkhaldningar og respekt for nynorsk, dialekt og språkleg mangfald. Det er sentralstyremedlemene som er ute på reise som både er enkeltturar og vekeslange reiser. Målfararane bur hos lokale målungdomar og målfolk, og reiseverksemda blir støtta økonomisk av skolane, fylkeskommunen eller andre lokale krefter. 14-15 13-14 12-13 11-12 10-11 09-10 Målferddagar 48 83 61 58 57 est. 50 Skolar totalt 43 76 53 42 50 49 Økter totalt 122 157 134 123 - - Elevar totalt ca. 3560 ca. 5 980 est. 4 300 - - - Sentrallekken har vore på reise i til saman 48 dagar, og snakka for om lag 3 560 elevar elevar fordelt på 122 økter. Vi har til saman vitja 43 skolar i ti fylke. Skolar i nynorskområda og randsonene har hatt prioritet, slik det stod i arbeidsprogrammet. I arbeidsprogrammet sette ein eit høgt mål på talet på målferdsdagar. Det kom tidleg fram i målferdsplanlegginga at vi ikkje kom til å nå målet, men målferd har likevel vore høgt prioritert. Noregs Mållag skipa til ein nynorskstafett etter mål frå 2013, kalla «ministafetten». Målet var at NMU skulle vera med og halde opplegg på skolane på vegen slik som førre år. Skrivarstova venta derfor med å planleggje målferd til mållaget hadde reiserutene klare. Arbeidet i mållaget kom dessverre seint i gong, og reisevekene blei endra på fleire gongar. Den utsette ventetida gjorde det vanskeleg for NMU å avgjera om vi framleis ville vera med på ministafetten. Det kan vera ein hovudgrunn til at målferdsreisinga på hausten var lågare enn kva som måtte til for å nå målet. Dessutan var arbeidsprogrammålet lagt med eit større sentralstyre i bakhovudet. Norsk Målungdom har vitja desse skolane på målferd i arbeidsperioden 2014-2015: Møre og Romsdal Måndalen skule, Åfarnes skule, Stordal skule, Fagerlia VGS, Ørsta VGS, Sunndal ungdomsskule, Surnadal VGS, Surnadal ungdomsskole, Batnfjord skole. Rogaland Orstad skule, Bore ungdomsskule, Skudenes ungdomsskole, Tysværvåg barne- og ungdomsskule (to dagar), Bokn skule, Skeisvang VGS (fem dagar). Akershus Sørumsand VGS. Klassar totalt - - 171 - - - Tabell 2: Målferdsstatistikk siste seks perioder. 11

Buskerud Åssiden VGS. Hordaland Odda VGS (to dagar), Amalie Skram VGS (to dagar), Osterøy VGS, Knarvik VGS (to dagar), Knarvik ungdomsskule, Meland ungdomsskule (2 dagar), Garnes VGS, Nordbygda skule, Sandnes skule, Kaland barne- og ungdomsskule, Årås ungdomsskule, Radøy ungdomsskule, Rimbareid ungdomsskule, Bømlo VGS, Stord ungdomsskule, Stord VGS. Telemark Vest-Telemark VGS avdeling Dalen. Troms Tromsdalen VGS (tre dagar). Oppland Valdres VGS. Oslo Hartvig Nissen VGS (to dagar). Sogn og Fjordane Eid VGS, Firda VGS, Sogndal VGS (to dagar). Informasjonskanalar og tilfang Med nokre unnatak har Norsk Målungdom vore i pressa kvar veke. Samanlikna med 2013 har talet på pressetreff i seg sjølv gått ned, men vi må hugse at 2013 var Språkåret, og ein fekk mange «gratis» oppslag i lag med Mållaget og nynorskstafetten. Vi har vore synlege i mange målsaker, men vi har profilert oss mest på saker om fleirspråkleg skilting, Twitter-bruk i politiet, kåringa av beste nynorske blogg og synleggjering av nynorsk og dialekt i NRK, Coop, Norled og NSB. Lenge har det vore eit mål å sleppe meir til i storbypressa. Medietala for 2014 viser ei lita auke i desse kjeldene. Sentrallekken har produsert færre lesarbrev, men har skrive fleire debattartiklar og kronikkar enn før. Talet på saker ved nyhendebyrå har halde seg oppe. Framleis er vi mest synlege i nynorske lokal- og regionalaviser. Av dei ti største kjeldene våre er seks slike. Det same gjeld dekninga i fylka dei fire nynorskfylka er dei fire øvste fylka i pressedekking. Til saman utgjer lokalpresse 60 % av alle presseoppslag. Fordelinga mellom nett og papir er ganske jamn, med ei lita overvekt av nettartiklar. 12

Pressetreff 500 400 300 200 Pressetreff Nyhendebyrå 100 0 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Teikning 4: Pressetreff siste ti år. Kontakten med dei politiske ungdomspartia har vore god, og vi fekk helse landsmøta til somme av dei. Vi fekk ikkje komma på like mange sommarleirar som tidlegare, men der vi var blei vi godt mottatt og vi heldt jamvel innleiing hjå Unge Venstre. Sett bort frå kontakten mellom sentrallekken vår og dei i partia, har vi denne arbeidsperioden vore meir i kontakt med lokal- og fylkeslag i andre organisajonar. Vi -har drive skolering i målsak, og hatt gode diskusjonar med både meningsfellar og -motstandarar. Kontakten med den samiske organisasjonen Noereh og den kvenske Kveeninuoret held fram. I 2014 helsa vi ogso Norske Samars Riksforbund Ungdom på deira seminar i samband med landsmøte i moderorganisasjonen deira. Arbeidet med å gjera standard medietekstar tilgjengelege for lokallaga har ikkje vore prioritert. På den andre sida har vi hatt tema i mediearbeid og -skolering oppe på fleire tilskipingar. Sjølv om ikkje sentrallekken har produsert standardtekstar, har lokallaga vore ute i pressa sjølve. Før vedtaket av nynorsk grunnlov kom på plass oppmoda Sentralstyret alle medlemer i organisasjonen til å sende inn brev til sine stortingsrepresentantar i form av standardtekstar. Norsk Målungdom driv den nynorske nettportalen nynorsk.no og har eigne heimesider på malungdom.no. Vi har vidareført praksisen med å samle alle tilskipingsnettstadane under malungdom-systemet. Sommarleiren har som tidlegare hatt direktedomene på sumarleir.no/sommarleir.no som peikar direkte på sommarleirnettsidene på malungdom.no. Sentralstyret har lagt ned bloggsystemet. Felles for nettsidene er sporadiske oppdateringar. Nynorsk.no har lege daudt i perioden, men malungdom.no har vore noko oppdatert som informasjonskanal. Landsstyret sette ned eit nettsideutval som har sett på bruken av nettstadene, og laga planar for innhaldet. I staden for å vera på eigne nettsider og blogg, har vi hatt meir aktivitet på sosiale medium. Dette gjeld ogso lokallaga som har langt meir aktivitet på Facebook enn på eigne nettstader, om dei har det. På Facebook har Norsk Målungdom både side og gruppe, som har vore brukt til å gi informasjon om tilskipingar og anna som skjer. Særleg under vervekampanjen var det mykje aktivitet frå medlemene. Vi har vore noko meir på Twitter (@Malungdommen) enn tidlegare. Ved sida av informasjon som uansett kjem på Facebook, i tillegg til å svara på ymse førespurnader, har sentrallekken vore flinkare til å leggje ut pressesaker, meiningar og anna som skjer. Det kan ha med å gjera at heile sentrallekken har fått tilgang til kontoen, og kan bruke den når ein til dømes er ute på målferd. Før sommarleiren 2014 fekk Norsk Målungdom seg profil på Instagram (@malungdom). Her har ogso heile sentrallekken tilgjenge, som gir gode inntrykk frå målungdomverda. Med eit større mangfald av sosiale medium er det alltid ei vurdering av kva informasjon ein legg ut kor. Sentralstyret har diskutert bruk av desse media ved fleire høve. 13

Arbeidsprogrammet la om bruken av nyhendebrevet. Frå å komma ut eit gitt tal gongar i året, har Skrivarstova heller sendt ut informasjon til medlemene når det er nytt å melde om. Dette gjer at ein i større grad kan målrette informasjonen, og sortere mottakarane på til dømes alder, bustad og lokallagstilhøyrsle. Medlemsbladet Motmæle har kome ut med fire nummer i perioden. Sidetalet har lege stabilt på 20 sider, og alt innhaldet er no i fargar. Frå 2014 har bladet vore trykt i nytt trykkeri, Sogn og Fjordane avistrykk, etter ei anbodsrunde hausten 2013. Vi er nøgde med det nye trykkeriet. Bladstyret har elles jobba meir målretta med å auke innkomene til bladet, noko dei har lykkast med. I tillegg har bladet gått gjennom nokre grafiske fornyingar. Vi sende ut flygeblad til tiandeklassingar på våren 2014. Praksisen vil bli endra i 2015 ved at vi vil sende flygeblada tidlegare enn før, slik at dei når fram før søknadsfristen til vidaregåande opplæring. Vi har ikkje hatt ressursar til å fornye flygeblada i organisasjonen, slik ein har ønskt. Sentralstyret har laga ein mellombels plan som må koordinerast med økonomi og arbeidskapasitet i neste arbeidsperiode. Førsteårsstudentar har fått informasjon om studentmållaga. Landsstyret vedtok ny grafisk profil for organisasjonen i november 2014. Det har vore ein lang prosess. Den grafiske profilen blir innført etter kvart, og er i dag synleg i det meste av det skriftlege arbeidet i organisasjonen. Etter kvart vil flygeblada ogso bli utstyrt med den nye profilen. Sentralstyret trykte nye t-skjorter i Hugnad- stilen frå 2013, denne gongen med eit nytt ord frå Ivar Aasens Norsk Ordbog. Skjorta blei kjøpt inn i samanheng med vervekampanjen, og båe skjortene er populære, og fungerer godt som både vervepremie og salstilfang. Arbeidet i utvala Bladstyret Det nye bladstyret tok over på forsommaren. Den grafiske utviklinga har heldt fram, og bladet kjem no ut i fargar. Baldet byta trykkeri etter ei anbodsrunde, og trykkjer no hjå Sogn og Fjordane avistrykk i Førde. Sidetalet har lege stabilt på 20 sider, og bladstyret har gjort ein framifrå jobb med å auke lysingssalet i bladet. Nettsideutvalet Nettsideutvalet hadde til oppgåve å forme ut nye nettsider for organisasjonen. Utvalet har gjort ferdig ein innhaldsstuktur og hovudtrekk i det grafiske oppsettet, og er soleis ferdig med arbeidet. Prosessen framover er å ferdigstille nettsidene. Her krevst det fagleg kompetanse. Nemnd for revisjon av programmet «Noreg som fleirkulturelt samfunn» Nemnda har arbeida fram ein revisjon av det politiske programmet «Noreg som fleirkulturelt samfunn». Landsstyret har behandla revisjonsframlegg på møte i november 2014 og februar 2015. Eit heilskapleg revisjonsframlegg blir lagt fram på landsmøtet i 2015. 14

DET POLITISKE ARBEIDET I 2014-2015 Landsmøtet i Stavanger 2014 vedtok nytt arbeidsprogram for Norsk Målungdom. Dei tre hovudprioriteringane var prega av framhald av tidlegare saker for organisasjonen, men med nye arbeidsoppgåver. I tillegg har det vore fleire saker som går på tvers av dei politiske og organisatoriske arbeidsoppgåvene til organisasjonen. Desse sakene blei sette som hovudprioriteringar i Arbeidsprogrammet 2014-2015: Meir synleg språkmangfald Språk i skolen Ny språklov Hovudprioriteringar Meir synleg språkmangfald «Norsk Målungdom skal jobbe for at det språklege mangfaldet vert synlegare i det offentlege rom». Eitt ord som har kjenneteikna 2014 har vore ordet språkmangfald, som tok sitt sete i arbeidsprogrammet og som skapte nye arbeidsoppgåver og -rutinar for organisasjonen. Med språkleg mangfald har ein ikkje berre meint nynorsk, men ogso samisk og kvensk, to språkminoritetar som har fått ei røyst gjennom målungdomen i fleire saker i arbeidsåret. Målet var å gjera språk meir synleg, og arbeidsprogrammet nemnde skilting og førehandsinnspelte meldingar som døme på stader ein til no har møtt stor grad av einspora språkval. I tillegg har ein opna for samarbeid med nærskylde organisasjonar på samisk og kvensk side. Arbeidsmålet om skilting på nynorsk speler mellom anna attende på Avinor-saka frå førre arbeidsperiode. I 2013 skaffa Avinor seg ny grafisk profil og skilta om flyplassane sine. I samanheng med det bad Språkrådet Avinor om å skilte til nynorsk dei flyplassane som etter Mållova skal vera det. Avinor sette seg på bakbeina, men skilta om lufthamna på Fagernes (Leirin) til nynorsk etter logostrid med Noregs Mållag og Nynorskstafetten. Før sommaren 2014 tok NMU opp dette temaet att, men Avinor var ikkje interessert i å diskutere saka meir, og det har vore nedprioritert frå målrørslas side. Likevel har ikkje lufthamnstriden vore borte takka vera studentmållaga i Bergen og Stavanger som kvar for seg har skipa klistremerkeaksjonar for nynorsk skilting på Flesland og Sola. Då ein tok inn samisk og kvensk som arbeidsområde i arbeidsprogrammet såg organisasjonen mot nord, og utfordringar i samband med fleirspråkleg skilting i forvaltingsområde for samisk språk og dei kommunane med kvenskspråklege innbyggarar. Som einaste reine språkorganisasjon tok Norsk Målungdom til orde for å få fortgang i arbeidet med å skilte om kommunegrensene til dei samiske språka kommunen forvaltar i tillegg til norsk, og kvensk. Fleire stader er det kome opp nye skilt, og Landsstyret og Sentralstyret har kommentert saksgangen på kommune- og fylkesnivå etter kvart som saka (og sakene) har utvikla seg. Fordi organisasjonen ikkje har nokon vedtatt politikk spesifikt på kvensk og samisk språk, har arbeidet vore koordinert av Sentralstyret og i samarbeid med sjølvstendige nærskylde ungdomsorganisasjonar og Sametingets ungdomspolitiske utval. Norsk Målungdom har dei siste åra fått eit godt forhold til desse. Samisk og kvensk organisasjonsnamn var ei sak som kom opp på NMU-landsmøte tidlegare år og har vore eit arbeid som kjem til vegs ende dette landsmøtet. Saka har hausta stor åtgaum i hovudsakleg samiske og kvenske, men ogso norske media, særleg etter at Studentmållaget i Bergen vedtok slike namn. Dette har gjort at ogso andre norske ungdomsorganisasjonar har fått parallelle namn på samisk. I tillegg til det skriftlege språkmangfaldet har organisasjonen fleire gongar vore ute og oppmoda til dialektbruk. Sakene har i hovudsak dreia seg om førehandsinnspelte meldingar, som ved til dømes flyselskapa Widerøe, SAS og Norwegian, og NSB. Ein har ogso arbeida med ferjespråket i Sogn og Fjordane der tryggleiksinformasjonen 15

blir lesen opp på bokmål. Ei anna ferjesak har vore å be fylkespolitikarane i det same fylket om å krevja nynorsk som arbeidsspråk på strekninga Lavik-Opedal når sambandet byter operatør frå Fjord1 til Norled. Den største saka hausten 2014 har vore saka mot dei nynorske politidistrikta Sunnmøre, Hordaland og Haugaland og Sunnhordland. Desse distrikta har i hovudsak brukt bokmål på Twitter sjølv om dei etter Mållova skal bruke nynorsk. Saka begynte som ei oppmodingssak til politiet på Sunnmøre, men utvikla seg raskt til ei sak som blei tatt opp i både regionale og nasjonale media. Politidistrikta blei klaga inn til Språkrådet. Hordaland politidistrikt blei klaga inn ogso i 2013, og Språkrådet har varsla å ta saka til departementet om ikkje stoda betra seg. Politidirektoratet gav politidistrikta munnkorg i starten av saka, men i brevs form har politidistrikta innsett lovbrota. Det er grunn til å tru at den store mediestraumen har vore med på å syne alvoret for tenestefolka. Krav om nynorsk på Twitter fører ogso til motstand mot Mållova i seg sjølv. Representantar for dei to regjeringspartia brukte saka til å kritisere Mållova. Det same gjeld Riksmålsforbundet, om enn ikkje i ålmenta. Overraskande nok var ikkje NMU alltid invitert til ordskifta kring Mållova jamvel om dei hadde utspring i Twittersaka, men organisasjonen har ikkje tapt noko på det anna enn taletid for eigne tillitsvalde. Med mykje blest rund Mållova må organisasjonen ogso i framtida vera budd på å skolere seg sjølv i lovarbeid. Den andre store lovsaka var omsettinga av Grunnlova frå 1903-dansk til bokmål og nynorsk. Etter lang tid har Noreg til slutt fått Grunnlova på nasjonen sine språk, men heller ikkje dette har vore sjølvsagt. Dei siste dagane før vedtaket 6. mai var nervepirrande og på eitt punkt var det komplett umogleg å spå utfallet korkje for stortingsfolk, målrørsle eller media. Både Norsk Målungdom og Noregs Mållag har stått på for vedtaket, og ein skal ogso nemne koordineringa gjennom Nynorsk Forum. Grunnlovsspråket var tema i media heilt frå årsskiftet 2013-2014. Til vedtak låg det ei parallellomsetting frå Graver-utvalet. Utvalet blei sett ned av Stortinget til å gjera omsettinga, og det var kompetent både i språk- og jussamanheng. I tillegg låg der eit framlegg frå Finn-Erik Vinje på bordet, basert på tidlegare nedstemte framlegg fremja av Framstegspartiet. Vinje-bokmålet har vore kritisert som språkleg utdatert, og Norsk Målungdom støtta seg til dei parallelle Graver-framlegga som var skrive slik at til og med innhaldet i kvar setning stemte på tvers av dei språklege utgåvene. Til slutt blei vedtaket Graver-nynorsk og Vinje-bokmål, eit resultat som har vore mykje diskutert ogso fagleg i jusskretsar, og røyster frå miljøet har sagt dei rår å bruke nynorskutgåva fordi den er ein moderne tekst reint språkleg. Stortinget var nesten samrøystes for nynorsk grunnlov, berre éi røyst var mot. Før vedtaket skreiv Sentralstyret framlegg til brev til stortingsrepresentantane, og oppmoda medlemene til å sende inn til sine. Norsk Målungdom blei sitert to gongar i grunnlovsordskiftet, og ein representant sa han hadde mottatt over 60 brev frå målungdomar i saka. Det viste ikkje minst oss sjølve at vi har fleire verkemiddel enn dei vi bruker til dagleg, som er gode å ha. Før sommaren skipa Sentralstyret til grunnlovsfest i Oslo, men måtte avlyse på grunn av vêret. Språk i skolen «Etter at den reviderte læreplanen for norskfaget blei vedtatt i 2013, skal Norsk Målungdom følgje innføringa av den (...) Norskstudentar må få sidemålsdidaktikk inn som obligatorisk del av utdanninga». Etter den store læreplansigeren i juni 2014, la ein læreplanarbeidet til sides. Norsk Målungdom kan rekne revisjonen av læreplanen som ein stor siger, so det er viktig å følgje med på innføringa av læreplanen. Saka har byta område sidan sommaren. Det er, og har vore, viktig å skolere seg sjølv og andre i sidemålssaker, og lære av siste læreplankamp. Arbeidet mot lærarutdanninga er ei sak der sentrallekken har søkt mot kompetansen i studentmållaga. Dette var tema under studentsamlinga i Trondheim i februar 2015. Arbeidet må halde fram internt slik at ein er betre rusta til ein eventuell omkamp ved neste revisjon. I staden for å vera ein nasjonal sak, slik læreplanen er, har sidemålsundervisning vore ei viktig lokal sak fleire stader i landet. Utpå hausten 2014 kom det til mykje snakk rundt kommunevalprogrammet til Oslo Arbeiderparti i Oslo-pressa. Arbeidsprogramnemnda gjekk inn for valfritt sidemål i innstillinga si, men mot éin dissens. 16

Dissensen og Sentralstyret har hatt mykje kontakt med mål om å få årsmøtet til å røyste mot nemndsinnstillinga. Samstundes var dette eit godt høve til å diskutere bøker på sidemål i andre fag enn norsk, noko ein av listetoppane var med på. Partiet snudde i saka, og strauk punktet om valfritt sidemål. Mot jul sende bystyret i Stavanger inn søknad om å ha forsøk med valfritt sidemål, grunna i Osloforsøket i 2007. Initiativet kom frå leiaren i FpU som sit i oppvekststyret i kommunen. Norsk Målungdom gjekk ut og åtvara mot forsøket, og har oppmoda om å ikkje godkjenne søknaden. I arbeidsperioden har det vore tilsvarande søknader frå Buskerud og Ås, men ingen av søknadene har blitt godkjente. Ei sak som dukka opp var forlaget Aschehoug som ikkje hadde nynorske utgåver av dømetentamenar til mattebokverket sitt. Saka blei tatt opp av Gloppen ungdomsskole i Nordfjord, der lærarane ønskte å bruke prøvene. Norsk Målungdom støtta skolen i saka, og råda Aschehoug til å bruke både bokmål og nynorsk. Sjølv om Aschehoug etter Mållova ikkje måtte produsere parallellutgåver, har forlaget no valt å omsetja dømeoppgåvene. Ny språklov Den raudgrøne regjeringa varsla ei språklov i tråd med oppmodinga om ei slik lov i stortingsmeldinga Mål og meining frå 2008. Eit utkast skulle komma våren 2013, men det skjedde ikkje. På hausten kom stortingsvalet og regjeringsskiftet, som truleg drap arbeidet frå departementet si side. Norsk Målungdom har ikkje vore dei einaste til å diskutere saka, ogso Noregs Mållag har vore pådrivar for ei språklov. Rett nok har ikkje NMU og Mållaget vore heilt samde om innhaldet i ei slik lov. Somme stortingsfolk har ogso ivra for å få opp att arbeidet med ei språklov, og på hausten kom det plutseleg rykte om at departementet faktisk dreiv eit slik arbeid. Ein fekk ikkje nokre dokument på dette arbeidet som mellom anna var med på å gjera det vanskeleg å få stadfesta desse rykta. Sjølv stortingsrepresentantane visste ikkje kven som hadde rett. Nærmare november kom ein fram til, både sentralt i NMU og i Mållaget, at regjeringspartia heller arbeidde med ei revisjon av Mållova. Det har ført til at ein har gått vekk frå sjølve språklovarbeidet og heller arbeidd med mållova. Slikt sett passa det bra med ei skolerande helg i Tønsberg. Sentrallekken har bestemt seg for å heller bruke ressursar på å skolere seg sjølve og deltakarane på tilskipingane i mållovsarbeid. Det har ogso gitt utslag i saker hausten 2014 der ein har brukt Mållova som argument. I samband med det gjekk organisasjonen ut mot dei nynorske politidistrikta og Twitter-bruken deira. Les meir om den saka under avsnittet Meir synleg språkmangfald. Etter å ha brukt Mållova som utgangspunkt, kom lova inn som tema i NRK Kulturnytt nesten ei heil veke, der mellom anna fredagspanelet diskuterte saka. Konklusjonen frå panelet var full støtte til NMU (sjølv om vi ikkje var nemnt ved namn) og framhald av Mållova slik ho er i dag. Andre saker Statsstøtta Ordninga for tilskot til nasjonale barne- og ungdomsorganisasjonar, for oss kalla statsstøtta, kom plutseleg på høyring før sommaren. I høyringsutkastet frå Fordelingsutvalet hadde ein kome med ei rekke framlegg som i praksis ville gi NMU mindre i tilskot. Norsk Målungdom sende inn høyringssvar i lag med paraplyorganisasjonen Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) i september. Før dette sat NMU i ei referansegruppe med representantar valde ut frå medlemsorganisasjonane. Vi hadde gjort godt førearbeid som gjorde at vi fekk snudd utvalet til å gå med på NMU sine innspel. I dei nye føresegnene til direktoratet publisert etter høyringsrunden, hadde NMU sine innspel vunne fram, og blitt vedtatte. 17

NRK-plakaten I samband med ei stortingsmelding om NRK, som skal komma i 2015, blei NRK-plakaten sendt ut på høyring. Norsk Målungdom leverte høyringssvar der ein bad om framhald av nynorskprosenten og prinsippa om bruk av dialekter, og at brukarar av samisk skal ha eit tilbod innanfor statskringkastaren. Skolemål Det har mellom anna vore skolemålsrøystingar i Skaun kommune i Sør-Trøndelag og Sandnes kommune i Rogaland i perioden. Før røystingane var NMU ute i lokalavisene med oppmodingar om å røyste for nynorsk. Båe skolekrinsane gjekk dessverre over til bokmål. For krinsen i Skaun er dette særleg ille, fordi dette var den siste nynorske skolekrinsen i Trøndelag. Retten til læremiddel på eige hovudmål 40 år Arbeidsprogrammet sa at organisasjonen skulle markere 40-årsjubileet til den lovfesta retten til lærebøker på eige hovudmål. Sentralstyret via haustkonferansen til temaet «Mål og rett» som var grunna i dette jubileet. Les meir om konferansen i eige avsnitt. Jubileet har dessverre ikkje vore so mykje oppe som tema som ein kanskje skulle ønske. Men i kjølvatnet var arbeidsmålet om å markere jubileet har organisasjonen vore flinkare på å ta opp lovverk knytta til språk i skoleringssamanheng. Elles har jubileet vore tema i to kronikkar; ein i Klassekampen om sommaren og ein i Bergens Tidende på nyåret 2015. Statsbudsjettet Den nye regjeringa la fram sitt framlegg til statsbudsjett i oktober 2014. Det blei snart tydleg at målrørsla var budsjettaparar. Tilskota til nynorsk media var kutta, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) var kasta ut av budsjettet, og med dei Pirion.no, Magasinett.no og Framtida.no. Både Det Norske Teatret og Noregs Mållag kunne sjå langt etter auka løyvingar, og knapt nok indeksreguleringar. Den samla støtta til «nynorske tiltak» gjekk soleis dramatisk ned. Nynorsk Forum hadde møte i Oslo same dagen som budsjettet blei lagt fram. Norsk Målungdom var ikkje til stades på møtet, og kunne uttala seg utanfor møteverksemda i forumet til ei rekke medium om budsjettet. Til slutt fekk LNK løyvingane tilbake. Denne gongen som fast post under kommunalbudsjettet, og ikkje kulturbudsjettet slik som tidlegare. Løyvingar til andre nynorske tiltak blei sikra. Privatskolelova Sentralstyret sende inn høyringssvar i samband med endringane i Privatskolelova i desember 2014. Sentrallekken var uroa for sentralisering til bokmålsskolar og færre nynorske kommunale og private skolar i distrikta. Dialektprisen Landsstyret delte ut dialektprisen for 2014 den 27. november. Prisen gjekk til samarbeidet mellom sportsredaksjonane i NRK og TV2 og det felles VM-studioet under verdsmeisterskapet i fotball. Leiaren stod for utdelinga, som var på Det Norske Teatret i Oslo. Statlege nettsider Både regjeringa og Stortinget fekk nye nettsider i arbeidsperioden 2014-2015. Desse sidene blei i sin heilskap utforma på bokmål, til massiv kritikk frå målrørsla. Regjeringa på si side lente seg på ei brevutveksling med Språkrådet, men i svarbrevet, som NMU fekk lesa, kjem Språkrådet fram til ein annan konklusjon enn det regjeringa påstod dei hadde skrive. Etter kvart kjem meir og meir innhald på nynorsk. Stortinget fekk nye nettsider i starten av 2015. Etter ein gjennomgang frå Noregs Mållag var berre 5 % av innhaldet på nynorsk. Som svar på kritikken sa administrasjonen at sidene framleis var under arbeid. 18

Stadnamnlova Landsstyret skreiv ei fråsegn i samband med endringane i Stadnamnlova. Konklusjonen var at bruksnamna må byggje på lokal uttale og norsk skrivemåte heller enn personleg smak og tilfeldige historiske skrivemåtar. Nynorsk i næringslivet Norsk Målungdom har ved fleire høve oppmoda lokalt næringsliv til å bruke nynorsk. Ei sak har vore Coop sitt oppkjøp av den norske delen av ICA-konsernet, som ogso driv Rimi- og Matkrokenbutikkane. I takt med at Konkurransetilsynet har vurdert saka, har NMU oppmoda dei aktuelle kjøpmennene i nynorskområda til å krevje nynorskversjonar av sentralt tilfang. Landsstyret vedtok ei fråsegn der dei oppmoda Skei hotell til å gå tilbake til nynorsk, etter at dei blei ein del av Thon-kjeda og fekk nettsider på bokmål. Hotellet meldte seinare at dei vil krevje nynorsk av Thon sentralt. I mars tok den sentrale leiinga i Thon-kjeda opp på møte korleis dei kan leggje til rette for nynorsk ved hotella sine. Etter saka i Sogn og Fjordane, melde Thon-hotellet i Fosnavåg at dei og ville vera på nynorsk. Dette kom etter arbeid frå dei lokale mållaga. Saka er ikkje ferdig for NMU sin del. Ei tilsvarande sak på Sunnmøre var Sunnmørsbadet på Herøy. Badet opnar i mars 2015, men hadde berre profilert seg på bokmål trass i at kommunen eig 52 % av lutane. I samarbeid med lokale krefter organisert ved Studentmållaget i Bergen gjekk Sunnmørsbadet over til nynorsk like etter at NMU fronta saka. Nynorsk ferjespråk Norsk Målungdom har fremja språksaka ved riksvegsambanda Anda-Lote og Lavik-Opedal. Sistnemnte fekk ny operatør, Norled, frå nyttår 2015, so dermed forsvann all nynorsk. Til å begynne med var reiarlaget negative til å byte ut tekstane, men har sagt seg viljuge til å bruke nynorsk dersom fylkeskommunen, som legg sambandet ut på anbod, spesifiserer nynorskbruk i utlysinga. NMU vil arbeide framover for at fylkeskommunane skal gjera nettopp dette. 19