Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Kommunestyre Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 30.10.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no. Varamedlemmar møter etter nærare innkalling. Møtet er ope for tilhøyrarar. Saksdokument er lagt ut til offentleg gjennomsyn på nettsida til kommunen. Nytt notat under Referat og meldingar: Utemiljø og trafikksikring Storebø skule. Sak nr Tittel Sakliste Utemiljø og trafikksikring Storebø skule 125/14 Kalve-skansen, overføring av fondsmidlar Storebø, 28.10.2014 Renate Møgster Klepsvik Leiar 1
Notat for oppfølging Til: Austevoll kommunestyre Frå : Rådmannen Vår ref. Arkivkode Dykkar ref. Dato 13/1751-2014013999/3965 13/1751 27.10.2014 Utemiljø og trafikksikring Storebø skule Utemiljø Opplæringslova 9a seier noko om elevane sitt skulemiljø. Elevar har rett til til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring, og det fysiske miljøet skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane. Skulen sine uteområde skal gi rom for mange og ulike aktivitetar, og vera ein trygg og utfordrande stad for leik og læring. For den nye skulen på Storebø skule sin del er prosessar omkring forbetring og utviding av leikeareal i gong. Uteområdet vil ha godt med plass til alle elevane som den nye skulen kan romma. Frå sentralt hald vert det ikkje stilt minstekrav til skulen sine uteareal. I Austevoll kommune har vi generelt gode fysiske utemiljø på skulane, og kommunen engasjerer seg aktivt i arbeidet med å utvikla og forbetra utemiljøet i samband med utvidinga på Storebø skule. Det er ei plangruppe med tilsette og utbyggjar i gong med å sjå på kva som mogeleg og ønskjeleg, og ein har planlagt for at landskapsarkitekt skal vera med i prosessen. Ideelt sett bør eit allsidig utemiljø by på variert terreng og vegetasjon, og alt frå akebakkar, klatretre og ballplassar til små gøymestader og lune krokar bør vera tilstade. Ein bør leggja til rette for at uteområdet kan nyttast som alternative læringsarenaer, og som stimulerer ulike
Austevoll kommune Side 2 av 3 sansar, kreativitet og fysisk aktivitet. Ein må utnytta tomten sitt særpreg og natur, og planleggja for ei universell utforming som gir tilgjenge for alle elevane. Det må vera fokus på gode siktlinjer for liten og stor, og leggja til rette for visuell og effektiv orientering kor ein lett kan orientera seg og finna fram ved fargebruk, skilting mm. Det er og mogleg å legge til rette for at dei minste kan ha eig eige uteområde. Rektor ved skulen har vist til konkrete moglegheiter i tidlegare saksutgreiing. Men oppsummert ser skulen og dei tilsette at arealet har eit godt potensiale for forbetring. Trafikk og sikkerheit Storebø er eit bygdesentrum i Austevoll, og det er vedteke ei sentrumsutvikling her. Per i dag går all trafikk som skal sør for Storebø sentrum gjennom det som nemnast som sentrum. Ved rehabilitering og utviding av skulen på Storebø er det nødvendig å gjera ei vurdering av dei trafikale forholda. Ved utviklinga av skulen på Storebø og med plass for eit høgare tal elevar som vert avhengig av offentleg eller privat transport er det difor naudsynt med høvelege haldeplassar og av- og påstigingsplassar. Austevoll kommune vil i tida framover arbeide i tett dialog med Statens vegvesen, der målet med trafikkspørsmålet er: - Å sikre trygg skuleveg- samt tilkome for elevar til/ frå skuletomta. Dette gjeld både gåande, syklande, avstiging frå skulebuss og elevar som vert køyrt med privat bil. Elevar med spesielle behov må også ivaretakast i dette arbeidet. Rådmannen vil legge fram resultatet frå Trafikk og sikkerheit for kommunetyre. Rådmannen tek sikte på at arbeidet med Trafikk og sikkerheit er på plass seinast ved skulestart 2016. Arkivsak: 2013001751-173
Austevoll kommune Side 3 av 3 Arkivsak: 2013001751-173
Saksframlegg Saksnr Utval Type Dato 125/14 Kommunestyre PS 30.10.2014 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Regina Vestrheim 14/1598 Kalve-skansen, overføring av fondsmidlar Tilråding frå rådmannen: Kommunestyret vedtek å overføre kr 125.000 frå fond til folkehelseprosjektet for å få sluttført påbegynt turveg frå Kalve til Skansen. Bakgrunn for saka: Kalve maskin har tatt fatt på arbeidet med og utbetre turvegen ut mot Skansen. Etter at investeringsmidlane på 250.000 kr er brukt opp gjenstår det 75 m. veg for å få sluttført prosjektet. Det er ynskjeleg å overføre fondsmidlar frå folkehelseprosjektet for å få fullført prosjektet no medan maskinene er ute i terrenget. Det er også eit poeng at Kalve Maskin må rydde spor etter maskinene i to omgonger dersom prosjektet må setjast på vent fram til neste år. Pris frå Kalve maskin for å få sluttført vegen og lagt rasteplassen er på kr 95.000 eks. mva. Med i denne prisen vil Kalve Maskin rydde gammalt materiale som ein tidlegare har brukt til landgangar over våte parti. Dei vil også montere skilt og kulturminnetavla som er laga i forbindelse med Vestlandsprosjektet. Vurdering: Midlane overførast frå fondskonto 2510.2056/folkehelseprosjektet til folkehelseprosjektet. Det er hensiktsmessig å få sluttført turvegen i ein eingong for å unngå at ein må inn i naturen med maskiner i fleire omgangar.