GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET MØTEBOK Møtedato: 11.09.2014 Møtetid: Kl. 09:30 15:45 Møtestad: Nordfjord Hotell - Nordfjordeid Saksnr.: 093/14-094/14 Desse medlemmene møtte: Anders Ryssdal Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen Sjur Atle Austrheim Parti Sp Ap Sp H SD Krf V Uavhengig Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Kristin Sandal Sp Kari Jordanger Sp Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Anders Ryssdal Frå adm. møtte: - Rådmann Jan Kåre Fure - Organisasjonssjef Geir Liavåg Strand under sak 93/14 - Kultursjef Jan-Kjetil Øygard under sak 93/14 Utlevert i møtet: Orientering: Anniken Rygg orienterte frå siste styremøte i Nordfjord Hamn IKS Sp.mål/interpell.: - Bør rådmannen, saman med rådmannen på Eid, sende inn krav til vegvesenet om 20-minuttsavgangar på Anda-Lote? - Kva er status for prosjektet «Pilot Reed»? Synfaring: Diverse: - På sak 93/14 møtte også Hege Lothe frå SV - Kommunestyremøtet den 29. september blir flytta til torsdag 25. september, kl 08:30 Underskrifter: Anders Ryssdal Side 1
SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 093/14 Fellesmøte for formannskapa i Nordfjord-kommunane - oppstart av arbeidet med kommunereforma 094/14 Kjøp av bustader til prioriterte grupper - oppfølging av kommunestyresak 11/14 Side 2
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 11.09.2014 093/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 002 Arkivsaknr.: 14/821-13 Fellesmøte for formannskapa i Nordfjord-kommunane - oppstart av arbeidet med kommunereforma Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 220620 - Kommunane må leie prosessen (frå KS si nettside) 223720 Kommunereforma - ei kort orientering frå departementet 223721 Kort oversikt over prosess og verkemiddel i kommunereforma 227035 Oppstart av kommunereforma - kva skjer lokalt og sentralt 229702 Endeleg sakliste til fellesmøtet på Eid 11. september 2014 229405 Invitasjon til å ta del i reformprosessen Bakgrunn for saka: Etter ønskje og innspel frå Nordfjordrådet, blir det eit fellesmøte om kommunereforma for alle formannskapa i Nordfjord på Eid den 11. september 2014. Fylkesmannen blir med på møtet, som må sjåast på som ein oppstart for Nordfjord-kommunane sitt arbeid med reforma. Dagsorden for møtet går fram av vedlegget «Felles formannskapsmøte i Nordfjord timeplan for møtet». Rådmannen har knytt til saka dei dokumenta som hittil er kome frå regjeringa og KS. --- Sjølv om dette ikkje blir eit ordinært formannskapsmøte, har rådmannen valt å lage ei «sakliste» til møte, med påfølgjande møtebok. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 11.09.2014 FORMANNSKAPET 093/14 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 3
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 11.09.2014 094/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: F17 Arkivsaknr.: 14/946-14 Kjøp av bustader til prioriterte grupper - oppfølging av kommunestyresak 11/14 Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: På møte den 24. mars i år gjorde kommunestyret slikt vedtak (mot fire røyster): 1. Kommunestyret vedtek finansieringsplanen for 2014 med låneopptak på 5.000.000 og bruk av 3.000.000 frå investeringsfondet for å kjøpe 4 nye 3-roms husvære som eit utgangspunkt. Rådmannen kjem tilbake til formannskapet med justert finansieringsplan med grunnlag i sal av kommunale husvære 2. Kommunestyret vedtek at rådmannen får fullmakt til å gjennomføre kjøpa innanfor brutto finansieringsramma 3. Kommunestyret føreset at det vert marknadspris som grunnlag for husleige 4. Nye bustadbehov i 2015 og 2016 vert å vurdere i komande økonomiplanar for desse åra. Bakgrunnen for vedtaket er kommunen sitt behov for bustader til utleige for prioriterte grupper. Innleiingsvis i saka skreiv rådmannen: Gloppen kommune har behov for å skaffe seg fleire større kommunale bustader til utleige for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Sal av framleigde bustadar til flyktningar har ført til eit behov for å handle raskt, og kommunen har få eigna kommunale bustader til denne målgruppa. For å kunne følgje opp kommunestyret sitt vedtak om å ta imot flyktningar, samt kommunen sitt generelle ansvar for å hjelpe til med å skaffe bustader til vanskelegstilte, må kommunen ha fleire eigna kommunale bustader tilgjengeleg. Av ulike årsaker har det ikkje lukkast å få kjøpe nye bustader så langt i 2014, og utsiktene til å greie dette i år, er små. Først og fremst skuldast dette at den private marknaden ikkje har vore klare med tilbod som oppfyller dei krav vi har sett. Vi har hatt ute annonse om kjøp av ferdig prosjekterte eller allereie oppførde bustader på Sandane, og har gjort avtale med ein utbyggar. Desse bustadene vil likevel ikkje vere klare før hausten 2015. I denne saka ber rådmannen om formannskapet si godkjenning av ei utvida tolking av kommunestyret sitt vedtak. Side 4
Saksutgreiing: I gjeldande økonomiplan er det for 2014 lagt til grunn at kommunen skal ta imot 20 nye flyktningar, utanom tilflytting av familiar til personar som alt bur her. Dette målet er langt frå nådd, og årsaka er mangel på bustader. I skrivande stund har vi berre busett ein ny flyktning i år, pluss fem på «familie-kvoten». Dette har sjølvsagt konsekvensar både på utgifts- og på inntektssida i rekneskapen, og på den kapasiteten vi har for mottak av nye flyktningar. Sjølv om vi ikkje har lukkast i målsetninga om å kjøpe nye bustader så langt i 2014, er det på marknaden i Gloppen jamt og trutt brukte bustader til sals. Unntaksvis blir eigedomar som er godt eigna til «vårt føremål» lagde ut. I slike tilfelle ønskjer rådmannen å få løyve til å vere med i bodrunden. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Dei økonomiske sidene av saka er delvis omtala i k-sak 11/14. Det er relativt gode statlege tilskotsordningar gjennom Husbanken til kjøp av bustader til prioriterte grupper opp til 40 %. Resten av kostnaden med kjøp, må dekkast som føresett i k-sak 11/14, med lån og eigenkapital frå sal av bustader og kommunale tomter. Viss det blir aktuelt å kjøpe bustader på den måten som rådmannen her ber om, vil rådmannen kome tilbake til formannskapet med ei eiga finansieringssak for kjøpet. Rådmannen si vurdering: Sjølv om rådmannen meiner kommunen ikkje bør «kjøpe brukt» som hovudregel, kan vi likevel kome fram i situasjonar der dette er den beste løysinga. Skal vi på nokon måte kome i nærleiken av målsetninga om mottak av nye flyktningar i 2014, her inkludert tilflytting som følgjer av at dei som bur her får ta imot familien sin, ser ikkje rådmannen andre alternativ enn unntaksvis å vere med også på «bruktmarknaden». Rådmannen ber om formannskapet si godkjenning på dette, slik at kommunen kan vere med å gje bod på aktuelle bustader som det vil vere føremålstenleg å kjøpe. Det er sjølvsagt at alle tiltak elles skjer innanfor den ramma som kommunestyret har sett. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Formannskapet viser til kommunestyret sitt vedtak i sak 11/14, og godkjenner at rådmannen unntaksvis også kan kjøpe brukte bustader som er eigna til det føremålet kommunestyresak 11/14 omtalar. Formannskapet ber rådmannen melde tilbake om eventuelle kjøp, og legge fram finansieringssak for kvart enkelt tilfelle. 11.09.2014 FORMANNSKAPET 094/14 VEDTAK: Formannskapet viser til kommunestyret sitt vedtak i sak 11/14, og godkjenner at rådmannen unntaksvis også kan kjøpe brukte bustader som er eigna til det føremålet kommunestyresak 11/14 omtalar. Side 5
Formannskapet ber rådmannen melde tilbake om eventuelle kjøp, og legge fram finansieringssak for kvart enkelt tilfelle. Vedtaket var samrøystes. Side 6